Forskjell mellom versjoner av «Kong Sigurd på Jorsal-ferd»

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m
Linje 8: Linje 8:
 
|-
 
|-
 
|}
 
|}
 +
  
 
[[Fil:Halvdan Koht - Oslo Museum.jpg|thumb|220px|Halvdan Koht (1873 - 1965).]]
 
[[Fil:Halvdan Koht - Oslo Museum.jpg|thumb|220px|Halvdan Koht (1873 - 1965).]]
 
  
 
<center><big>'''Kong Sigurd på Jorsal-ferd'''</big>
 
<center><big>'''Kong Sigurd på Jorsal-ferd'''</big>

Revisjonen fra 22. jan. 2021 kl. 18:02

Velg språk Norrøn Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Halvdan Koht (1873 - 1965).
Kong Sigurd på Jorsal-ferd


Av Haldvan Koht



Historisk Tidsskrift
Utgitt av Den norske historiske forening
Kristiania
1924





1. Når fór han ut?


Heimskringla segjer at kong Sigurd tok i veg på den namngjetne Jorsal-ferda si "fire vintrar etter kong Magnus var fallen", — det blir då hausten 1107. Same års-rekninga har Ågrip. Men Morkinskinna og Fagrskinna segjer at utferda var tri vintrar etter Magnus var død, og det blir då hausten 1106. Theodricus sét utferda til sjuande åre etter Jerusalem var fria ut or det "persiske" velde, soleis like eins til åre 1106.

No veit vi at Sigurd nådde fram til Palestina sumaren 1110, — det har vi vitnemål frå samtida um (Fulcher av Chartres). P. A. Munch segjer so, at etter alle sogune skulde Sigurd ha vore tri år på vegen, og at difor er årstale 1107 det rette. Men sogune reknar slett ikkje soleis; dei er samstelte um at han i det heile var burte frå Noreg i tri år[1] og etter den rekninga måtte han være heimkomen alt i 1110 eller 1109. Korkje det eine eller det andre av desse to årstala kann være rett, og på ein eller annan kant må det være eit mistak i den tidrekninga sogune fylgjer: anten har dei sett utferda for tidleg, eller so har dei rekna burtevera for stutt.

Fyrste vinteren Sigurd var ute, låg han i England, — det vitnar både skalden Einar Skuleson og den engelske historieskrivaren William av Malmesbury. I England fekk han "fred" hjå kong Henry I, og Morkinskinna fortel um koss den engelske kongen søkte venskap med den norske.

Um vi torde gå ut frå at Sigurd kom til England medan kong Henry heldt sig der i lande, so hadde vi her ei hjelp til å finne ut når utferda gjekk for seg. Nett no nyleg har ein engelsk granskar samla i hop og tilskipa alle upplysningar som fins um ferdene og tilhaldsstadene til Henry I (W. Farrer, An Outline Itinerary of King Henry the First, English Historical Review, Vol. 84, 1919), og det syner seg då at han var i Normandi frå sumaren 1106 til våren 1107, sidan i England til juli 1108, deretter i Normandi til sumaren 1109, då han reiste yver til England att. So seint som i 1109 kann Sigurd ikkje ha fare ut ifrå Noreg; for etter Einar Skuleson var han i minsto ein vinter i England og ein i Spania, fyrr han kom til Jorsalaland. Den einaste vinteren han då kann ha funne kong Henry i England, blir soleis 1107—1108.

Men i røynda høyrer vi ingen ting um at Sigurd i England helste på sjølve kongen, — det som Morkinskinna segjer um dette, er berre utpynting. Korkje William av Malmesbury eller noka anna engelsk kjelde frå samtida har minste teikn som tyder på at dei to kongane møttes, og det skulde vi då ha venta, um det hadde vorte noko møte av.

Det tryggaste å halde seg til, må utvilsamt være det som alle sogune er samstelte um, — at Sigurd var burte frå Noreg i tri år. Vi veit at han ikkje kunde kome heim att fyre 1111; vi veit ikkje um (etter Einar Skuleson) meir enn to vintrar som han var på ferda ut. Og ein samtidig krønikeskrivar i utlande, Albert av Aachen, stadfester dette, i di at han reint ut segjer at Sigurd var to år på vegen frå Noreg til Jorsalaland. Og i ei angelsaksisk årbok heiter det då og at han kom til England i 1108.

Etter dette bør ein sette utferds-åre til 1108[2]. Eg ser ingen ting i historia her heime som kjem i strid med slik ei tidfesting. Het tykkjes og høve betre med at Sigurd då fyrst var so mykje som 18 år gamal.


2. Kong Roger av Sicilia


Kong Sigurd og Kong Baldvine rir frå Jorsalaborg til elva Jordan. Illustrasjon av Gerhard Munthe i Heimskringla-utg. 1899.

Fagrskinna og Heimskringla (venteleg Morkinskinna og på det tapte blade) fortel at då kong Sigurd kom til Sicilia, var han ei tid gjest hjå hertug Roger der, og ein dag gav han hertogen kongsnamn, slikt som styrarane på Sicilia sidan bar.

Etter Fagrskinna gjekk denne merkelege hendinga for seg den åttande dagen i jola, den som vi kallar nyårsdagen; etter Heimskringla var det fyrst utpå våren. Men etter båe sogune var dette same åre som Sigurd nådde fram til Jorsalaland, og vi kann då tidfeste det til åre 1110.

Alle granskarar har set at det var ein vanske med denne meldinga. For vi veit med full visse at hertog Roger II av Sicilia var den fyrste som bar kongsnamn der på øya, og han lét seg krone til konge joledagen 1130. I fyrstninga på 1110 var han berre 14 år gamal. Han hadde vorte greive yver Sicilia i 1105; men mor hans, Adelaide, styrte for han i minsto til 1112, det åre då han vart riddar. Fyrst i 1127 fekk han hertog-tittel; det var då han fekk herredøme yver hertogdøme Apulia etter Vilhelm, son til syskenbarne hans, Roger Bursa. Vi har aktstykke nok som prover at noko kongsnamn var det ikkje tale um fyre 1130.

Likevel er det ingen tvil um at det er denne Roger II av Sicilia som sogune meiner vart gjort til konge av Sigurd Jorsalfare. Det lyser klårt fram av alt som blir sagt både um han og um ættfolke hans. Heimskringla har jamvel kjennskap til den sanne tida for kongskroninga til Roger; for når ho sidan skal nemne keisaren i Tyskland på den tida, den som Sigurd var og vitja på heim vegen, so nemner ho keisar Lothar, men Lothar vart ikkje keisar fyre 1125. På denne måten blir soge-meldinga reint umogleg.

P. A. Munch har freista berge ho likevel. Han segjer at den Roger som Sigurd gjorde til konge, må ha vore hertog Roger av Apulia, med tilnamne Bursa, syskenbarne til Roger II. Visseleg veit vi elles ikkje det minste um at denne Roger Bursa nokosinne bar kongsnamn; men Munch meiner, at sidan han døydde alt i februar 1111, so "kom hans Ophøjelse neppe engang til almindelig Kundskab", og son hans, Vilhelm, "der kun saare sjelden nævnes", kann godt i same løyndomen ha bore kongsnamn, heilt til krave på denne tittelen i 1127 gjekk yver til Roger II av Sicilia.

Denne gissinga til P. A. Munch er sløg nok, men heilt utan grunnlag, og ho kjem i strid med alle dei upplysningane som granskinga seinare har bore fram. Eg viser serleg til den detaljerte utgreiinga um dei apulisk-sicilianske styrarane hjå Ferdinand Chalandon, Histoire de la domination Normande en Italie et en Sicilie, 2. band, Paris 1907. Her finn vi at Roger Bursa, hertog i Apulia frå 1085 etter far sin, Robert Guiscard, kalla seg sjølv hertog endå i aktstykke frå sumaren 1110, ja so seint som i februar 1111, nokre dagar fyrr han døydde; sjølve aktstykka fins prenta etter originalane i eit innbjodingsskrift frå universitete i Tiibingen 1899 (Normannische Herzogs- und Königsurkunden aus Unteritalien und Sicilien hg. von Lothar v. Heinemann, s. 18—20). Son til Roger, Vilhelm av Apulia, kalla seg like eins hertog heilt til han døydde i 1127, og i aktstykka nemner han seg "son til den ærefulle hertogen Roger". Gissinga til P. A. Munch må dermed falle burt.

Med grunnlag i gissinga si um "kong" Roger Bursa hadde Munch dikta ein heil liten historisk roman um koss Sigurd Jorsalfare med koma si greip inn i den italianske politikken, i striden mellom Roger og halvbror hans, Bohemund. For Munch gjekk ut ifrå at Sigurd ikkje kom til Sicilia, men til Apulia, — det er Apulia som ymse av sogune læt Sigurd nemne i mannjamninga med kong Øystein sidan[3]. Men sogune nyttar mykje namne Apulia (Pul) um heile det siciliansk-apuliske rike, det som var samla frå 1127; det ser vi serleg i 18de hundraåre, i soga um Håkon Håkonsson, og det svarar til bruk i tyske årbøker.

Skulde Sigurd ha vitja Roger Bursa, so måtte han ha kome med flåten sin til Salerno, mest so langt nord som Napoli; for der var det Roger Bursa heldt seg i fyrste halvåre 1110. Men det var ingen rimeleg veg for den som skulde til Jorsalaland. Var det derimot den unge greiven av Sicilia han kom til, so kunde han på den tida finne han i Messina, og dit måtte han helst legge vegen når han skulde austpå. Vi torer difor tru at Sigurd i sanning vitja den mannen som sidan vart den namngjetne kongen Roger II; det er berre historia um kongsnamne som er dikt.

Til forteljinga um kong Roger fester det seg elles eit anna spursmål og: kvar har dei kome inn i sogune frå, dei upplysningane som blir gjevne um ættfolke til Roger? — Eg kann dess verre ikkje gje svar på dette spursmåle; men det er verdt å peike på det lell.

Både Fagrskinna og Heimskringla fortel at kong Roger hadde sonen Vilhelm som vart konge etter han; men Vilhelm hadde berre tri døtrer (Heimskringla segjer beint ut: "ingen son"), og desse tri døtrene vart gift — den eine med keisar Henrik VI, den andre med hertogen av Cyprus, og den tridje med Margarit yverkussare. Denne ættetavla er ikkje rett. Kong Roger hadde nok ein son Vilhelm (konge 1154—1166); men denne Vilhelm hadde to søner; den eldste heitte Vilhelm, han òg, og var konge etter faren (til 1189); den yngste heitte Henrik og døydde tidleg (1172). Det var denne andre Vilhelm som var sonlaus, — ja reint barnlaus, so vidt eg har kunna finne. Og døtrene til Vilhelm 1 er det òg gale med. Eg har ikkje funne at det var noka dotter etter han, og i minsto den eine som sogune nemner, ho som vart gift med keisar Henrik VI, Constantia, ho var i røynda syster til Vilhelm, dotter til Roger. Koss det har seg med giftarmåla til dei to andre, har eg ikkje kunna få greie på.

Eg har leita mykje etter, um eg kunde finde att same mistake som i sogune andre stader, og eg har funne to årbøker som har kvar sitt av desse mistaka. Årbøkerne etter magister Albert av Stade (Annales Stadenses) segjer under år 1184, at den kong Vilhelm som døydde barnlaus, var son til kong Roger[4]. Og ei lita italiansk krønike gjer Constantia til ei dotter til kong Vilhelm[5]. Men dei norrøne sogune kann ikkje ha fått dei range uppgiftene frå noko av desse skriftene; i minsto årbøkerne frå Stade er skrivne ein god mun seinare enn sogune, i 1240- og 1250-åra, og den italianske krønika er visst og frå 13de hd.-åre.

So har eg freista finne kvar sogune hadde kjennskapen sin til Margarit ifrå, — han med det merkelege embete "yverkussare" eller berre "kussare"[6] . Orde fins elles aldri i den norrøne bokheimen; men alt Thormod Torfæus gav rette tolkinga på det: yver-korsar[7]. Etter tilvisingane hjå Du Gange tykkjes det latinske orde cursarius, sjørøvar, ikkje kjent fyre 13de hd.-åre, og i alle tilfelle har eg aldri funne det brukt um denne Margarit. Han var admiral for flåten til kong Vilhelm II, og han vann stort gjetord i alle vesterlanda for striden sin mot tyrkane (1188). Etter Vilhelm II var død, var han framleis admiral hjå dei sicilianske herrane som freista verje lande sitt mot keisar Henrik VI; men dei måtte gje seg i 1194, og Margarit vart blinda og gjeld. Han freista likevel på ny krig i åre 1200, men vart då drepen av ein tenestedreng. I engelske årbøker blir han jamt berre kalla "admiralis"; berre ein gong hjå Roger av Hoveden, under åre 1200, blir han kalla "dux piratarum"[8]. I tyske årbøker kann han bli kalla "princeps piratarum"[9], "pyrata precipuus"[10] eller "potentissiraus piratarum"[11]. Ein kunde då helst tru at forteljinga um "yverkorsaren" hadde kome munnleg til soguskrivarane, — anten no Heimskringla her bygger på Fagrskinna, eller dei har same norrøne kjelda.

Ingen stad utafor sogune har eg funne eit ord um at Margarit var gift med ei dotter til kong Vilhelm.

Heimskringla har eit tillegg som ikkje fins i Fagrskinna, um at ei dotter til kong Roger var gift med den byzantinske keisaren Manuel (1143 —1180). Men det har eg ikkje set nemnt andre stader, og Snorre har visst her blanda i hop keisar Manuel med einkvan annan av dei byzantinske keisar-ættene.

Kunde det lukkes å ettervise kvar soguskrivarane har funne opplysningane sine um den sicilianske kongsætta, vilde det gje eit verdfullt tilskot til kunnskapen um kva for land Normennene i den tida hadde mest åndeleg samkvæme med. Og so sermerkte som dei få opplysningane er, skulde det vel være von um at ein annan granskar kunde være heppnare enn eg i dette stykke.


3. Jorsalaland.


I fyrste bande av "Samlinger til det Norske Folks Sprog og Historie" (s. 88 —109) har Rudolf Keyser prenta av dei viktigaste meldingane i europeiske kjelder um Jorsal-ferda til kong Sigurd, serleg um våpendådene hans i sjølve Jorsalaland. Keyser har ikkje gjeve desse meldingane det rette kjeldeverde, når han fyrst i andre rekka set utdrage or historieverke til Fulcher frå Chartres; for Fulcher er den einaste av alle historieskrivarane som er heilt samtidig med hendingane og dertil er for augvitne å rekne, — han fylgde ut med på fyrste krossferda i 1096 og vart værande i det Heilage Lande hjå kong Balduin, tok på å skrive i 1101 og heldt ved til han døydde i 1127. Fyrst no nyleg, frå 1913, har vi elles fått ei fullt vitskapleg utgåve av verke hans (ved H. Hagenmeyer), og teksten her vik ikkje so lite av ifrå den som Keyser hadde fyre seg, endå um det ikkje blir nokon nemnande skilnad på meininga.

Dessutan har vi sidan fått arabiske historieverk til hjelp. Det eiste av dei er frå fyrstninga av 13de hd.-åre; men det bygger på eldre arabiske oppskrifter, so det gjev sjølvstendige upplysningar, — det er sett i hop av Ibn al-Athir († 1283).

Dei norrøne sogune fortel for det meste merkeleg turt um Sigurd i Jorsalaland; dei segjer i grunnen ikkje stort meir enn det som står i kvæda til Einar Skuleson og Halldor Skvaldre. Det er berre i dei yngre handskriftene at segn og legende pyntar upp.

I hovudsaka er det då og fullt samsvar mellom sogune og kvæda på den eine sida, dei utalands meldingane på den andre. Det er berre sogune som fortel um at kong Sigurd fekk med seg heim ein spån av den heilage krossen; det kunde ein no ikkje vente heller at dei andre skulde bry seg noko um. Men båe partane fortel um koss Sigurd var med og vann Sidon frå heidningane.

Einar Skuleson, og då sjølvsagt sogune òg, segjer at då Sigurd kom til Jorsalaland, tok han hamn i Akrsborg eller Akkon. Fulcher av Chartres segjer at han kom til lands i Joppe. Albert av Aachen segjer at han fyrst kom til Ascalon, men so siglde nord til Joppe og gjekk i land der. P. A. Munch[12] meiner at Akkon i dei norrøne kjeldene kann være "fremkommet ved en feilagtig Opfatning af Ascalon". Men Akkon var for Normenner og Islendingar den hamnebyen i Jorsalaland dei kjente best, so dei gjekk naturleg ut ifrå at det var der Sigurd kom til lands liksom andre jorsalfarar (t. eks. Ragnvald jarl av Orknøyane i 1152). Meir kunster treng ein ikkje gjøre med den ting. I Askalon kunde det ikkje være tale um å gå på land; for der var heidningane herrar. Sogane og dei framande krønikene er einige um at Sigurd so i fylgje med kong Balduin drog upp til Jerusalem og so til Jordan. Frå mannjamninga mellom Sigurd og kong Øystein har vi det orde av Sigurd um Jordan-ferda hans: "Utpå elvebakken der er det eit kjerr, og der i kjerre slyngde eg ein knute som eg sa du, bror, skulde løyse, um du vilde vinne den løna eg sette for det." Dette er visseleg eit lån frå forteljinga um då Ragnvald Orknøy-jarl var på same staden i 1152, — ei forteljing som er stadfest med vers av Ragnvald sjølv og fylgjesmannen hans, Sigmund Ongul[13] . Sigmund kvad: "I dag vil eg binde ein knute for den vomfyllaren som no sit heime; vi har sanneleg ført menner i fåre." Ragnvald svara: "Denne knuten slynger vi denne lavransmessa i det tette holtet for skarven; trøytt kom eg til ein god stad." Dette er eit påfund som segna etterpå fann høveleg for mannjamninga mellom Sigurd og Øystein.

Etter Sigurd hadde vore i Jerusalem, var han med kong Balduin og hærtok Sidon eller Saida, — Sigurd låg med flåten sin på sjøsida, Balduin med sin hær på landsida. Um dette fortel Ibn al-Athir i årboka si (etter ei umsetning som professor A. Seippel har vore gjæv å gjøre for meg):


"So kom år 504 [d. e. 20. juli 1110 — 10. juni 1111]. I det åre, i månaden rabi’ al-akhir [17. okt—14. nov.] tok Frankane byen Saida på den syriske stranda. Det hadde seg soleis at det kom yver have 60 frankiske skip, budde med mannskap og forråd, til Syria med ein av kongane deiras som vilde gjøre ei pilgrimsferd til Jerusalem og, etter som han sa, stride imot muslimane. Balduiu, kongen i Jerusalem, slo seg i lag med dei, og dei vart samde um at dei vilde fare til muslim-landa. So tok dei då båe ut frå Jerualern, og 3dje dagen i rabi' al-akhir i same åre [19. okt.] slo dei seg ned tett innmed Saida og kringsette byen både på land- og sjøsida. Den egyptiske flåten låg fast attmed Tyrus og kunde ikkje kome Saida til hjelp.

Frankane bygde eit tårn av tre, og gjorde det sterkt og fast; dei klædde det so det skulde stå seg imot eld og steinar, og so førte dei det fram. Då byfolke såg det, veikna dei i hugen; dei var redde det kunde gå dei like eins som Beirut-buane[14]. So sende dei kadien sin og nokre av dei beste mennene i byen til Frankane og bad kongen deiras um trygd. Og han gav dei trygd for liv og eigedom og for den hærflokken som var hjå dei; dei som vilde bli værande hjå dei, kunde bu der trygt, og dei som vilde fare burt, skulde han ikkje halde att.

So fór valien [byhovdingen] burt og like eins ein stor flokk av dei gjævaste mennene i byen; dei drog til Damaskus. Det var den 20de dagen i månaden gumada al-ula [5. desb.]. Men mykje folk vart værande i byen og leit på den trygda dei hadde fått. Kringsetninga hadde stått på i 47 dagar.

Balduin för til Jerusalem. Men då det leid um eit bel, kom han tilbake til Saida, og truga dei som hadde gjeve seg til i byen, til å legge ein skatt på 20 000 dinarar. Soleis arma han dei ut og tok alt dei åtte."


Dagen då Sidon gav seg, er her sett til 5te desember. I mest alle nyare historiske verk finn ein i staden den 19de desember, og dei viser då til meldinga hjå Fulcher av Chartres. Men dette er berre mistyding. Fulcher sluttar forteljinga um koss Sidon vart hærteke, med eit latinsk vers som lyder so:


Jam decies novies sol viserat Arcitenentem,
urbem Sidonii cum reddunt mense Decembri.


D.e.: sola hadde alt 19 gonger vitja bogeskytten, då dei gav yver Sidon i desember månad. Men etter tid rekninga hjå Beda kjem sola inn i stjernebilete bogeskytten den 17de november, og den 19de dagen etter dette blir då den 5te desember, — soleis just same dagen som Ibn al-Athir nemner[15]. Her er soleis det aller beste samsvar og inga motsegjing mellom den arabiske og den kristne kjelda.


4. Miklagards-segnene


Er dei norrøne sogune strengt historiske i forteljinga um sjølve Jorsal-ferda, der dei kunde bygge på skaldekvæde, so har segndiktinga tvinna seg so mykje rikare um heimferda til Sigurd. Forteljinga um gjestinga hans hjå keisaren i Konstantinopel er ei einaste samling med eventyr. Alt i hop går ut på å syne kor raust ein kar kong Sigurd var, — koss han synte keisaren at ein norsk konge var ingen fatigmann. Det er seks serskilde leder i denne skildringa:

1) Sigurd bia fyrst på sidevind, so han rett kunde få syne fram dei fine bordsette skipssegla sine for Miklegards-folke.

2) Han baud mennene sine trakke — eller ride — flott og vyrlaust inn yver dei fine klæda keisaren hadde late breie ut i gatene for han. Dette er i eit par yngre handskrifter lagt til Jerusalem.

3) Han let hesten sin sko med gull og miste den eine skoen på vegen; men ingen av mennene hans skulde so mykje som snu seg etter gullskoen.

4) Då keisaren sende rike gullgåver til han, lest han som han ikkje vyrde det stort, fyrr det vart reint på toppen.

5) Han valde heller at keisaren skulde koste leik for han på Hippodromen, enn ta imot seks skippund gull i gåve.

6) Då han skulde halde lag for keisaren, fekk dronninga stelt det so at det ingen ved fans å få kjøpt til brensel; men Sigurd kjøpte seg valneter i staden.

Den 2dre av desse forteljingane kjenner vi att frå mange norske folke-eventyr.

Den 5te forteljinga har tydeleg samanheng med det som Knytlinga-soga fortel um den danske kongen Erik Eiegod: då han var hjå keisaren i 1103, valde han heller gulle enn leiken. Norraennene skal plent være gjævare enn Danskane, — det veit vi frå andre soge forteljingar òg.

Det er den 3dje og den 6te forteljinga som er mest sermerkt, — forteljingane um den tapte gullskoen og um valnot-brensle. Alt Thormod Torfæus[16] peikte på at valnot-segna fyrr var fest til hertog Robert I av Normandi († 1036). P. A. Munch la til[17], at "et lignende Træk gjenfindes i den bekjendte Fortælling om Fortunatus", og han viste dessutan[18] til at gullsko-segna fyrr var fortald um den toskanske markgreiven Bonifacius i åre 1038.

I røynda er det so at båe desse to forteljingane er fest til hertog Robert av Normandi. Torfæus og Munch viser til krøniker frå 14de og 15de hd.-åre. Men forteljingane fins alt hjå Robert Wace i heltedikte hans um Normannane frå 1160-åra[19], og derifrå er dei upptekne i ei krønike um Normandi. Dessutan fins dei båe to fortalde um Mangold av Werd i eit skrift frå 1120-åra av munken Berthold i Reichenau[20]. I båe tilfella skal hendingane ha gått for seg i Konstantinopel, og ein torer vel då tru at det er ei krossfarar-segn vi her har fyre oss.

Kvar einskild led i segna er likevel eldre enn krossferds-tida, og har vore fortald kvar for seg. Gullsko-segna har vi, som nemnt, alt ifrå 11te hd.-åro. Valnot-segna er fortald for seg sjølv um Ademar av Limoges frå 1120 på lag, og ho fins dessutan i dikte um Aimeri de Narbonne frå umlag 1220.

Til Noreg har vel ikkje segna kome fyrr etter båe ledene har vorte knytt i hop. For det er visseleg ei seinare utkløyving, når valnot-segna åleine ein gong bli fest til Harald Hardråde. Men det er likt til at segnene i Normandi, Schwaben og Noreg er sjølvstendige renningar frå sams rot, — so mykje skilnad er det på dei i einskilde drag[21].


5. Heimferda og mannjamninga.


Eg har alt nemnt det mistake som sogune gjer seg skyldige i, når dei læt Sigurd på heimferda helse på keisar Lothar i Schwaben (og Baiern), og eg trur mistake skriv seg ifrå at det var Lothar som var keisar den gongen Roger av Sicilia tok kongsnamn. I 1111 var Lothar endå berre hertog i Sachsen. Den einaste keisaren Sigurd kann ha gjesta, er Henrik V; men Henrik var i Roma våren 1111 (der vart han kront 18de april), og då han kom nord til Tyskland att utpå sumaren, heldt han seg for det fyrste i Speier i Pfalz (der heldt han riksmøte i august), — det var der han hadde ervelanda sine. Schwaben og Baiern hadde nok ein gong høyrt til ætta hans; men farfar hans, keisar Henrik III, hadde gjeve dei ifrå seg. No veit vi dessutan at Henrik V var i Italia endå sist i mai 1111 (han heldt kvitsunnhelga i Verona); men alt ved jonsokleite var kong Sigurd i Danmark, so det er snautt um det var mogleg for han å råke keisaren i Tyskland. Forteljinga i sogune (Heimskringla og Morkinskinna) synes då helst være berre skrøyt, — liksom forteljinga (i Morkinskinna) um koss Henry I av England tok imot Sigurd.

Det er greitt at då Sigurd var heimkomen sumaren 1111, tykte landsmennene hans at han hadde gjort ei utifrå gjæv ferd, og ærenamne Jorsalfare vart fest til han for alle tider. Men dette tilnamne kom til å avgjere sjølve den historiske domen um han i ettertida. Umfram ei lita krossferd til Småland, sat han heime og styrte lande i fred i mest tjuge år. Men um heile denne fredstida fortel ikkje sogune stort, — det var bror hans, Øystein, som vart den store fredskongen; Sigurd lever i sogune som hærkongen, — rådrik og streng, snar til å bruke våpna, glad i drust og dramb.

Denne motsetninga mellom Sigurd og Øystein har fått dramatisk form i den store "mannjamninga" som sogune fortel um; her er frå fyrste til siste setning den grove mannsstyrken mælt imot fredleg kongsgjerning, og det kann ikkje være tvil um at Sigurd blir den ringare kongen, um han so er betre kar.

Eg tvilar ikkje på at slike mannjamningar har høyrt til sellskapsskikken i dei dagane. Men eg trur ikkje vi kann bygge historisk dom på denne mannjamninga. Ho er her i røynda eit utslag av den serskilde kunstforma i sogune. Det er berrsynt nok for alle som les dei gamle sogune, at dei stendigt nyttar karaktér-motsetningar til å skape dramatisk liv i forteljinga. Eg tarv berre minne um dei to bror-para i Egils-soga, fyrst Skallagrim og Torolv, so Egil og Torolv. I soga um Olav den Heilage når bokmeisteren sterk kunstverknad i motsetninga mellom den norske og den svenske Olav. Og i soga urn Sigurd Jorsalfare og Øystein har denne kontrast-kunsta toppa seg til i det ordskifte der dei mæler seg imot einannan.

Men vi har likevel merke etter ein tradisjon som gjorde Sigurd til noko mykje meir enn berre Jorsalfare. Vi møter i Sverre-soga det stendige vitnemåle av kong Sverre sjølv, at bønderne helst vilde fylgje den som ættas ifrå kong Sigurd, — dei mintes styringstida til Sigurd som den beste tida i folkelive. Og Agrip her mer eit vers etter Sigurd:


Búendr þykkja mér baztir,
bygt land ok friðr standi.


Her skildrar Sigurd seg sjølv som fredskongen og bondekongen, — dæla dróttinn som skaldane nemner han. Jorsal-ferda var ei ungdoms-dåd; den vaksne mannen gleddes ved fredleg heimliv, og det han i sanning sette inn i norsk historie, det ligg på eit heilt anna umkverve enn i hærferd og skrøyt.

Fotnoter

  1. Berre Morkinskinna kann la seg tøygje til fire år, sjå G. Storm, Snorre Sturlassøns Historieskrivning s. 1902.
  2. Mykje på dei same grunnane har Gustav Storm sett upp same årstale, Monumenta historica Norvegiæ, s. 65.
  3. Sfr. Storm, Snorre Sturlassøns Hist., s. 1928
  4. MGH., SS. XVI 350, sfr. under år 1190 s. 351.
  5. Chronicon pontificum et imperatorum Amiatinum, Continuatio, 158.
  6. I Fagrsk. står det "keisari"; men det er sjølvsagt misskrift.
  7. Historia rerum Norvegicarum, III 451.
  8. Utgåva av Stubbs, IV 121.
  9. Annales Aquenses, MGH., SS. XVI 687 og XXIV 39.
  10. Annales Marbacenses, MGH., SS. XVII 166.
  11. Annales Stadenses, MGH., SS. XVI 352.
  12. NFH. II 582.
  13. Flat. II 487.
  14. Beirut var nyleg hærteke av kong Balduin.
  15. Sjå Fulcheri Carnotensis Historia-Hierosolymitana, hg. von 163
  16. Hist. rerum Norvegicarum III 458.
  17. NFH. II 590.
  18. S. 587.
  19. 3dje parten, v. 3067—3132.
  20. MGH., SS. XV 2, s. 768—770.
  21. Sjå den gode utgreiinga av Gaston Paris; Sur une épisode d’Aimeri de Xarbonne, i Romania IX, 1880, s. 515 —546.