Loketretta

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Loketretta


Æge, som med eit anna namn het Gyme, han hadde butt til gilde åt æsene, då han hadde fengi den store kjêlen som no er sagt. Til denna veitsla kom Odin og Frigg, kona hans. Tor kom ikkje, for han var i austerveg. Siv var der, kona til Tor. Brage og Idunn, kona hans. Ty var der, han var einhendt: då Fenres-ulven vart bunden, sleit han eine handi av han. Der var Njord og kona hans, Skade. Frøy og Frøya, Vidar, son til Odin. Loke var der. Og tenarane til Frøy, Byggve og Bøyla. Mange æser og alvar var der. Æge hadde tvo tenarar: Fimafeng og Elde. Der var ljosgull for eldsljos; ølet bar seg fram sjølvt; staden var stengt fredhelga.Tenarane til Æge fekk mykje lov for dei var so hage. Loke tolde ikkje høyre detta, so drap han Fimafeng. Då skok æsene skjoldane sine og ropa upp imot Loke og dreiv han til skogs, og so tok dei til å drikke. Loke snudde att og fann Elde utanfyre; Loke helsa honom:

Loke:
1.
"Seg meg, du Elde,
fyrr eit einaste
fet du gjeng fram,
kva her inne
til ølskjemet dei hev,
sigtiva-søner."

Elde kvad:
2.
"Um våpen dei talar
og vågale tak,
sigtiva-søner;
av æser og alvar,
som inne her er
ingen i ord er din ven."

Loke kvad:
3.
"Inn eg gjeng
i Æge si hall
og gjev på gildet gaum;
eg skal antrast
med åsa-sonom
og blande dei mjøden med mein."

Elde kvad:
4.
"Um du inn gjeng
i Æge si hall
og gjev på gildet gaum;
og du hædings-ord hiv
på holle gudar,
alt turkar dei av att på deg."

Loke kvad:
5.
"Veit du, Elde,
um i einvig me tvo
med hard-ord hoggast skal,
eg meisteren din
i motsvarom vert,
um du deg vågar for vidt."

Loke gjekk so inn i halli. Men då dei som fyrr var der, såg kven som inn var komen, tagna dei alle.

Loke kvad:
6.
"Tyrst eg hit
til halli no kom,
Lopt, langan veg
til æser å beda,
um dei unne vil meg
ein drykk av den mæte mjød.

7.
De tegjer so trått,
treiske gudar!
Maktar de ikkje å mæle?
Meg sess og sæte
de stelle i gilde
eller vettervegen meg vis."

Brage kvad:
8.
"Deg sess og sæte
stelle ved gilde
aldri gjer æser det;
vel dei det veit
kven vera her skal
i hævt gilde gjest."

Loke kvad:
9.
"Minnest du, Odin,
i upphavs tider
då blod me blanda saman.
Øl du smaka
aldri skulde,
utan det oss båe vart bodi."

Odin kvad:
10.
"Ris du, Vidar!
lat varge-far sitja
gjest ved gilde-bord,
so slengje-stev ikkje
sneide oss skal
her i Æges hall."

Då stod Vidar upp og skjenkte Loke; men fyrr han drakk, helsa han æsene:

11.
"Heil, æser!
Heile, åsynjur!
og alle høg-heilage gudar!
utan den eine
som innar der sit,
Brage, på benken sin."

Brage kvad:
12.
"Av eigni mi gjev eg
øyk og sverd deg,
og ein ring endå Brage bøter:
at du ikkje åsom
di ovund syner;
arge dei ikkje åt deg."

Loke kvad:
13.
"For slike slag du
snau plar vera
som øykjer og armringar;
av alle æser
som inne her er,
du er i vig varast
og skjerrast for skot."

Brage kvad:
14.
"Var eg utanfor,
Æges-halli
so nær deg som no:
hovudet ditt
eg i handi mi bar;
då læta du fekk for di lygn."

Loke kvad:
15.
"Du er ov-kar i sessen,
men aldri slaget meir,
Brage benkje-pryda!
Kom ut og slåst,
um sinna du er,
djerv mann drev seg 'kje lenge."

Idunn kvad:
16.
"Eg bed deg, Brage,
på borni du tenkje
og ynskjesøner alle,
med slengje-stev ikkje
du sneider Loke
her i Æges hall."

Loke kvad:
17.
"Teg du, Idunn"
ikkje eg veit
møy so manngal som du,
sidan dei ov-kvite
armar du lagde
um banemannen til bror din."

Idunn kvad:
18.
"Eg sneider 'kje Loke
lmed slengje-stev, eg,
her i Æges hall;
den ølglade Brage
berre eg stoggar,
de skal ikkje vreide slåst."

Gjevjon kvad:
19.
"Kvi skal her inne
de æser tvo
med såre ord stridast?
Loke veit 'kje
at leiken er Brage,
og alle uner med honom."

Loke kvad:
20.
"Teg du, Gjevjon!
gjeta eg vil
honom som hugstal deg,
sveinen ljose
som sylgja deg gav,
og hugnad du honom lét få."

Odin kvad:
21.
"Vilt fær du, Loke,
og vitlaus er du,
når du Gjevjon argar åt deg.
All heimsens lagnad
ho veit fulla
sameleis som eg sjølv."

Loke kvad:
22.
"Teg du, Odin!
aldrig du kunde
skifte striden liklegt;
ofte til dei
du ikkje skulde,
til stakkarann, siger du gav."

Odin kvad:
23.
"Um eg til dei
eg ikkje skulde,
til stakkarann, siger gav,
du var åtte vetrar
under jordi,
mjølke-ku og kvende;
der born hev du bori;
kjerring-gjerd kallar eg slikt.

Loke kvad:
24.
"Seiding dei sagde
på Samsøy dreiv du,
trolla på volve-vis;
i trollkjering-hâm
yver heimen du fór
kjering-gjerd kallar eg slikt."

Frigg kvad:
25.
"Sogune dykkar
det segja eg skal,
dei føre dé ingen for øyro,
kva de æser tvo
i alders tid fór med;
best at gamalt er gløymt."

Loke kvad:
26.
"Tegje deg, Frigg,
du er Fjorgyns dotter,
og du stødt var ei mannkjær møy;
Ve og Vile
du, Vidres kone,
liggje lét i armen."

Frigg kvad:
27.
"Hadde eg her
i Æges-halli
ein son som Balder til svars:
du ikkje kom ut
frå åsa-søner,
utan sverd deg harmen svala."

Loke kvad:
28.
"Vil du det, Frigg,
eg kann fulla tala,
meir eg hev av meinsvall;
for det råder eg,
at aldri du Balder
ridande ser til salen."

Frøya kvad:
29.
"Vilt fèr du, Loke,
som på viddi ber
slike ljote leidur;
fulla er Frigg
framsynt, eg trur,
um fått ho sjølv segjer."

Loke kvad:
30.
"Teg du, Frøya!
trygt eg segjer
det vantar 'kje deg veilur;
kvar ås og kvar alv,
som inne her er,
sin hugnad hev havt hjå deg.

Frøya kvad:
31.
"Falsk er di tunge;
eg tenkjer ho ikkje
alltid vil gala deg godt;
arge er deg æser,
og åsynjur med,
harm vil du heim fara."

Loke kvad:
32.
"Teg du, Frøya!
trollkjering er du,
med svikråder er du sprengd;
med bror din i lag
blide gudar fann deg,
då fór du ikkje åt fint."

Njord kvad:
33.
"Lite det skil,
um leiken gjeng
med eigen mann eller andre;
men d'er fælt at slik ufysen
ås er med oss,
han som born hev bori."

Loke kvad:
34.
"Tegje deg, Njord!
dei tok deg austpå,
gisl vart du åt gudom;
kvendi hans Hyme
til kjerald deg brukte,
vel vart du våt i munn."

Njord kvad:
35.
"Eg hev like for det,
at eg langt var send,
gjeven gisl åt gudom,
då sonen eg avla
som ingen hatar,
og han tykkjest ov-kar hjå æser."

Loke kvad:
36.
"Stogge no, Njord!
stig ikkje for høgt,
eg vil ikkje lenger det løyne;
med syster di slik
ein son du fekk,
han var 'kje vildre å vone."

Ty kvad:
37.
"Frøy er hævast
av hovdingar alle
som i åsa-gardom er;
han møy ikkje grøter
eller nokon manns kone,
men løyser or lekkjur og hapt."

Loke kvad:
38.
"Tegje deg, Ty!
tenk på dette,
du bar aldri byrdi for tvo;
høgre handi di,
ho mun eg nemne,
som Fenre frå deg sleit."

Ty kvad:
39.
"Eg vantar handi,
men heideren du,
d'er sår saknad i båe!
ulven jamvel
illtrivst i band
og biar på ragna-rok."

Loke kvad:
40.
"Tegje deg, Tyr!
det timdest di kone,
til sonen ho fekk var eg far;
du aldri, stakkar,
aln hell pening
fekk til soning for skammi."

Frøy kvad:
41.
"Ulven eg ser
fyre å-ós liggje
til æva vår er all;
nær attåt honom,
um du no ikkje tegjer,
deg, bithund, bind me."

Loke kvad:
42.
"Med gull køpte du
Gymes dotter
og selde so ditt sverd;
når Muspells søner
yver Myrkskogen rid,
vesal verje du fær."

Byggve kvad:
43.
"Åtte eg ætt
som Ingunar-Frøy
og hadde so sæl ein sess,
som merg då mól eg
meinkråka sund,
og led eg lem på ho knasa."

Loke kvad:
44.
"Kva er det litle
og leikar med rova
og snakande snikjer?
Um øyro til Frøy
du alltid syng
og ved kverni du kvæser."

Byggve kvad:
45.
"Byggve eg heiter,
men brå meg kallar
gudar og gode menn;
av det er eg byrg,
at bjor dei drikk
alle Ropts søner saman."

Loke kvad:
46.
"Teg du, Byggve"
traudt du lærde
å byte mat millom menn;
or benk-halmen fram
dei fann deg ikkje,
då når her-menn hogdest."

Heimdall kvad:
47.
"Ør er du, Loke,
og ovdrukken heilt,
lat det no, Loke, vera!
for ovdrykken veld
for alle menn
at ikkje dei tøymer si tunge."

Loke kvad:
48.
"Teg du, Heimdall!
i tidi sitt upphav
ein ljot lagnad fekk du;
du lyt alltid stande
stiv i ryggen
og vera vaktmann for gudar."

Skade kvad:
49.
"Alt lett fell for, Loke!
men lengre du ikkje
skal leike med lausom hale;
gudane triv deg,
dei bind deg med tarmom
til kallege sonen, på sverd."

Loke kvad:
50.
"Um gudane triv meg,
og dei bind meg med tarmom
til kallege sonen, på sverd:
den fyrste og siste
var eg framme i striden
den gongen me Tjasse treiv."

Skade kvad:
51.
"Um den fyrste og siste
du var framme i striden
den gongen dé Tjasse treiv:
frå mine vangar
og vé det skal
kalde råder deg koma."

Loke kvad:
52.
"Du var meir linnmælt
mot Lauvøy-sonen
då du lét meg til lega di fylgje;
slikt må ein gjeta,
når ein gløgt skal nemne
våre laster og lyte."

Då gjekk Siv fram og skjenkte Loke mjød i eit horn og mælte:

53.
"Heil deg, Loke!
hornet du take,
fullt av forn mjød!
og av åsa-ætti
åleine henne
lytelaus du late."

Han tok hornet og drakk:

54.
"Åleine du vøre,
- um du det vøre -
vàr og kald mot karar;
ein eg veit då,
visst eg tykkjer,
som leika med Lorrides viv,
og det var den løynfule Loke."

Bøyla kvad:
55.
"Fjell skrell og smell,
på ferd er, meiner eg,
Lorride heiman hit;
stogge han skal
stakk i vår hall
og gryling mot gudar og menn."

Loke kvad:
56.
"Tegje deg, Bøyla!
Byggves sitt viv,
med svikråder er du sprengd;
aldri slikt utjo
kom til åsa-søner,
all er du, sugga, søylut."

Då kom Tor; han kvad:

57.
"Tegje deg, tvitoling!
trudhamaren min,
Mjolne, skal mælet ditt døyve:
eg herd-kletten slær
av halsen på deg,
og då mun livet ditt lide."

Loke kvad:
58.
"Sonen til Jord no
inn er komen,
kvi ståkar du soleis, Tor?
Mindre vågar du voni,
når du vargen møter
og han svelgjer Sigfader heil."

Tor kvad:
59.
"Tegje deg, tvitoling!
trudhamaren min,
Mjolne, skal mælet ditt døyve:
upp eg deg hiv
og burt i austerveg,
sidan ingen deg ser."

Loke kvad:
60.
"Austferder dine,
dei, storkjempa,
føre du ingen for øyra;
i hanske-kråi
du krøkte deg inn,
då tottest du 'kje Tor vera."

Tor kvad:
61.
"Tegje deg, tvitoling!
trudhamaren min,
Mjolne, skal mælet ditt døyve:
Rungnes bane
berja deg skal,
so det støkk i bein og bonur."

Loke kvad:
62.
"Leva eg etlar meg
langan alder
um du meg hamaren hotar;
seige tottest deg
Skrymes reimar,
og nista du ikkje nådde;
då svalt du mest heilt i hel."

Tor kvad:
63.
"Tegje deg, tvitoling!
trudhamaren min,
Mjolne, skal mælet ditt døyve:
Rungnes bane
beinast deg sender
nedum nå-grindi."

Loke kvad:
64.
"Kvad eg for æser,
kvad for åsa-søner
som det høvde min hug;
for deg åleine
eg ut vil gange,
eg veit du sparer ikkje slag.

65.
Øl laga du, Æge,
men aldri du skal
sidan gilde skipa;
yver all di eign,
som inne her er,
logar skal leike
og brenne deg på ditt bak!"

Etter detta løynde Loke seg i Frånanger-forssen i lakse-ham, der tok æsene han. Han vart bunden med tarmane til Nare, sonen sin; men Vale, son hans, vart til ein varg.Skade tok ein eitr-orm og feste upp-yver andletet til Loke; or den draup eitr. Sigyn, kona til Loke, sat der og heldt ei skål under eitret. Men når skåli var full, bar ho eitret ut. Imedan draup eitret på Loke. Då kipte han seg so hardt at all grunnen skalv; dette er no kalla jordskjelv.