Billeder fra Lindås

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Norsk.gif


Billedarkiv

Billeder fra Norge

Lindås
(Lindås kommune, Hordaland)



Seim

Håkonshaugen er eit historisk gravminne etter Håkon den Gode som var konge i Noreg frå omlag år 933 til år 960. Haugen var mykje øydelagd før han vart arkeologisk undersøkt i 1870 og i 1958. Håkonshaugen vart deretter oppbygd slik den er idag til eit historisk minnesmerke og opna av Kong Olav i 1961. Håkon den gode (920-960) vaks opp på Kongsgarden på Seim. Seinare vart han oppfostra i England hjå Kong Adalstein. Han var den første kongen i Noreg som freista innføra kristendomen. Han har også æra for lagtingsordninga og leidangen. Kong Håkon den Gode fekk banesår i slaget på Fitjar. Han døydde på Håkonshella, der han også hadde sett dagsens ljos. Mennene hans førde liket til Seim og haugla han på denne staden.

Koordinater til Kongshøyen på Seim


Bøkeskogen

Bøkeskogen ved Vollom er den einaste naturlege bøkeskogen på Vestlandet, attpå til den nordlegaste i verda i sitt slag. Det gjer Vollom naturreservat svært spesielt. Pollenanalyser har vist at det vaks bøk på denne staden allereie for meir enn 1000 år sidan. Skogen kan ha etablert seg naturleg, men det er meir truleg at den er planta av menneske. Bøkenøttene med frøa er nemleg så tunge og avstanden til næraste veksestad så stor at det er lite truleg at skogen har etablert seg her på eiga hand. At bøk har vakse og frødd seg på Vollom gjennom tusen år, kan ha samanheng med at det låg ein kongsgard på Seim den gongen bøkeskogen vart til.

Koordinater til Bøkeskogen på Lindås


Lygra

Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er eit informasjonssenter om kystlandskapet. Her kan du vandre på tilrettelagde stiar i eit historisk landskap slik det har vore på kysten i 5000 år. Lyngheiane er Europa sitt kulturlandskap mot Atlanterhavet, frå Potugal i sør til Lofoten i nord. I dag står denne særmerkte naturtypen i fare for å forsvinna. Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er oppretta for å ta vare på kysten sitt kulturlandskap og for å hegna om den kunnskapen og dei tradisjonane som knyt seg til bruken av dette landskapet. I dag held lyngheiene i Norge og Europa på å forsvinne, 90 % er alt borte på grunn av oppdyrking, forureining og tilgroing. På Lygra er lyngheiene verna gjennom aktiv gardsdrift.

Koordinater til Lyngheisenteret


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.