Hamdesmål
Hopp til navigering
Hopp til søk
Edda-Kvæde
Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |
---|---|---|---|---|---|---|
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► | ||||||
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)
På nynorsk ved
- 1.
- Inkje var det no,
- inkje i går,
- lange tider
- hev lidi sidan,
- då Gjukes dotter,
- Gudrun, eggja
- søner unge
- til Svanhild å hemne.
- 2.
- «Ei syster de hadde
- som Svanhild heitte.
- Jormunrek henne
- hivde på voll,
- kasta ho for hestom
- kvite og svarte,
- gråe gangtame
- gote-hestar.
- 3.
- Burt frå tjodkongar
- trengde de vert,
- einaste renning
- av ætt-greini mi.
- 4.
- Einsam eg stend
- som ei osp i skogen
- fatig på frendar
- som fura på kvister,
- vantande voner
- som ei vidje um haust
- av lauv-jarnet skadd
- ein solvarm dag.»
- 5.
- Hugdjerve guten,
- Hamde, då kvad:
- «Liti ære
- du leivde Hogne,
- då dei Sigurd
- or svevnen vekte,
- på lægjet du låg,
- men dei lo dei hine.
- 6.
- Og dei blå-kvite
- blæjune dine
- raude vart farga
- av blodet som rann.
- Sigurd slokna,
- du sat yver liket,
- gleda var gjengi,
- Gunnar so vilde.
- 7.
- Deg sjølv vart det verst
- det slaget mot Atle,
- då Erp du myrde
- og Eitil du drap.
- Sårbeitte sverd
- svinge ingen
- andre til tjon,
- so det tyner ein sjølv.»
- 8.
- Sorle sae,
- han var stødug og klok:
- «Inkje antrast
- eg med ho mor,
- men det vantar eit ord
- oss i millom,
- den bøni du bed oss
- ho berre veld gråt.
- 9.
- No græt du for brødrar
- og born so kjære,
- for nærskylde frendar,
- fallne i strid.
- Gråte skal Gudrun,
- gråte for oss tvo,
- som feigdi fylgjer
- til framand-landi. »
- 10.
- Fræge Gudrun
- ved grindi stod,
- mjo-fingra møy
- mælte til sonen:
- «Tegjande trygt
- kann de takast med alle.
- Då tvo mann eine
- kann ti hundrad gotar
- baste og binde
- i borgi den høge.»
[Det er no å segja um sønene til Gudrun at ho hadde fari so med herklædi deira at jarn ikkje beit på dei. Og ho bad at dei ikkje måtte skade seg med stein eller andre store ting, og sae at det vart dei til mein, um dei ikkje gjorde som ho hadde sagt].
- 11.
- Gutane grutte,
- då or garden dei reid.
- Storvyrdig svein
- på stræte dei fann :
- «Tru no brun-hott
- kann bjode oss hjelp?»
- 12.
- Svara halvbror
- han hjelpe skulde;
- «som ettre foten
- skal frende stydja,
- som andre handi di
- heng ved sida.»
- «Kva mun i foten
- som fylgjer etter?
- kva hjelp gjev handi
- som heng ved sida?»
- 13.
- Erp då sae,
- snøgg i målet,
- på fljote folen
- fór han sin veg:
- «Blautingar sjølv
- si braut lyt finne».
- «Lat ’kje laus-ungen
- laupe», vart svara.
- 14.
- Sverdi snøgge
- av slira dei drog;
- Hel til hugnad
- hoggi svirra.
- Si makt med ein tridjung
- minka dei då,
- når unge sveinen
- dei slo åt marki.
- 15.
- Kappune slong,
- sverdi klirra,
- fram so fór dei
- i fager-klædi.
- Drog då drengjer
- yver dogg-våte fjell
- på hunlendske hestar
- til hemn yver dråpsmenn.
- 16.
- Gota-land der låg
- med lidskjalvar store.
- Høgt uppå borgi
- stod Bikkes lydar.
- Der var salen til sudtjoder
- skipa med sessar
- og strålande bunad,
- med skinande skjoldar
- var skjeld-tilet klædt.
- 17.
- Fram fór dei vegjer
- som varsla so ilt,
- syster-sonen
- såg dei dingle
- i vindsvalt vargtre
- vestan bøen.
- Tranune taut,
- trygt var der ikkje.
- 18.
- I salen stuka
- sellar kåte;
- og gote-gutane
- gådde ingen,
- fyrr ljomande lur
- lyden varsla.
- 19.
- Inn vart det meldt
- til Jormunrek
- at hjelmbudde sveinar
- var sedde på vegen.
- «No rid dei til gards,
- råd lyt leggjast;
- drosi du drap
- hev druste frendar.»
- 20.
- Snudde han skjegg
- og skratta, kongen,
- briska seg upp,
- byrg og øren.
- Mot spegl-blanke skjold
- han skok brune lugg,
- gullstaupet let han
- seg leike i hand:
- 21.
- «Sælaste syn,
- um sjå eg kunde
- Hamde og Sorle
- i salane her
- basta og bende
- med boge-strengjer,
- gjukungar gjæve
- i galgen dingle.»
- 22.
- Skålene skrall,
- det stuka i hall,
- blodfossen gaus
- or gote-hausom.
- [Tvo mann eine
- tusund ei orka
- å baste og bende
- i borgi den høge.]
[Hamde hogg av Jormunrek båe hendene og Sorle båe føtene.]
- 23.
- HAMDE kvad:
- «Kong Jormunrek
- hev ynskt seg dette
- at me brødrane båe
- i borgi di var.
- Her ser du hender,
- her ser du føtene,
- Jormunrek, hivde
- i heite elden.»
- 24.
- Som bjørnen bura
- då brynje-kulten;
- troll-kunnige
- kongen bura:
- «Steine då sveinar,
- som skotfrie gjeng
- for eggjar og geirar,
- og jarn ikkje bit på!»
- 25.
- SORLE kvad:
- «Å, ille deg, bror,
- at du belgen opna;
- jamt or belgen din
- illråd det renn.
- Kva duger djervleik,
- når dårskap styrer?
- Mykje vantar
- ein vitlaus mann.»
- 26.
- HAMDE kvad:
- «Av vøre hovud,
- um Erp no levde,
- frøkne frenden
- me fellte på vegen,
- dyre drengen!
- Men diser meg eggja
- te drepa trugne
- trauste bror vår.
- 27.
- Ilt å øve
- ulve-verk
- og beste vener veide
- lik norne-hundar,
- som hungeren driv,
- alne i øyde-marki.
- 28.
- Sterkt me stridde,
- her stupte gotar;
- lik ørnar på grein
- stend me uppå ein lik-haug.
- Frægd hev me fengi,
- fèr so hel-veg;
- den mann ser ’kje natt,
- som norner hev merkt.»
[Då flaug det steinar imot dei frå alle leider. Og det vart dauden deira].
- 29.
- Sorle stupte
- ved sals-gavlen,
- og bakum huset
- Hamde slokna.
Dette kvædet er kalla Hamdes-mål det forne.