Minneskrift om Mostertinget 1024 - Konge og kristen

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Minneskrift om Mostertinget 1024

Konge og kristen


av Peter Hognestad


Olav den hellige (Brunlanes kirke)

Olav Haraldsson er den norske kongen som me no i desse åri høgtidar 900 års minnet um. Denne kongen held me for å vera ein stor konge og ein stor mann.

Dei hev sagt at ein stor mann er den som med livsverket sitt er samfunds-skapande, soleis at hans kraft fær innverknad på mange. Og i den meining kann me trygt segja at kong Olav var ein stor mann.

Snorre segjer at uppgåva for Olavs kongedøme var fyrst å freda og frelsa landet frå trældom under utanlands-hovdingar, og sidan umvenda landsfolket til den rette trui og samstundes setja lov og landsrett. Vårt sjølvstendige Noreg og den norske folkekyrkja og eit folkeliv verna av lov og rett kann me enno segja hev røtene sine attende i Olavs verk for 900 år sidan. Då vil det kanskje ikkje høyrast urimeleg um me ikkje berre kallar Olav ein stor konge og ein stor mann, men vår største konge og vår største mann. Det er hans verk som hev vore mest samfunds-skapande og samfunds-umskapande i den norske soga.

Me kann og sjå av soga korleis Olav gav folk i samtidi ein tokke av at her var noko stort. Tenk på skaldane som samlast ikring han, tenk på Bjørn stallare som ikkje fekk fred i samvitet fyrr han hadde bede um tilgjeving, tenk på Arnljot Gjelline som her fann den store han hadde lengta etter. Ja, motstandaren Tore Hund, som viste kongen den fyrste sælebotstenesta etter dauden hans, vitnar um det same. Og sogeskrivaren Snorre kjenner seg tydeleg gripen av det store hjå kong Olav.

Når no Olav var ein stor mann og ein stor konge, korleis høver so det i hop med kristendomen hans? Vert det ein auke eller ein mink i kristendomen? Er det i det heile someleg for oss kristne å æra store menn ?

Det er dei som segjer at når kristendomen er for dei audmjuke og smålåtne, so er han berre for småfolk som tenkjer smått. Ja, sume segjer med Nietzsche at kristendomen er berre for trælar og trælevorne menneskje, og då aller minst for kongar og store menn.

I bibelen, både i det gamle og i det nye testamentet, finst det ord som kunde synast peika i den leidi. Profeten Jesaja segjer at "Herren skal koma yver alt det keike og kaute, yver alt det som ris i veret, so det skal verta lite og laagt". Maria møy segjer i lovsongen sin: "Han støyter hovdingar frå høgsæte og lyfter låge upp". So hev me Jesu ord: "Eg lovar deg, Fader, av di du hev løynt dette for lærde og kloke og openberra det for ulærde og barnslege". Og endeleg kann me nemna det apostelen Paulus skriv til korintarane: "Sjå då på dykkar kall, brør, at ikkje mange vise etter kjøtet vert kalla, ikkje mange mektige, ikkje mange høgætta; men det som er dårlegt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera dei vise til skammar, og det som er veikt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera det sterke til skammar. Og det som er lågt i verdi og vanvyrdt, det hev Gud valt seg ut, og det som er ingen ting, so han kunde gjera det til inkjes som er noko, so ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud".

Etter dette lyt me nok segja at store evnor og det som ein kann vinna med store evnor: kunnskap, rikdom, makt, kann vera og ofte er ei hindring for kristendomen. Me sjølvkjære menneskje med vår syndige art fær då noko å rosa oss av og trøysta oss til. Det kjem i staden for Gud og vert ein fårleg avgud.

Kristendomen hev sin visdom, sin rikdom, si makt, og alt dette er ikkje mindre enn det som verdi hev, men tvert imot so høgt som himmelen er yver jordi. Det kjem til oss frå Gud i Jesus Kristus. Skal eit syndigt menneskje taka imot dette, lyt det sjå skilen millom seg og Gud og få viljen til å verta inkje i seg sjølv, so Gud kann verta alt. Gud skaper, helst av inkje, og han skaper nye menneskje hjå dei som er inkje i seg sjølv.

Kven tek no lettast imot dette anten dei som er fødde store eller dei som er fødde småe? Me ser at barnet hev lettare for å taka imot Kristus enn den vaksne. Barnet kjenner seg umyndigt og ser spyrjande ikring seg. Den vaksne vert snarare sjølvklok og sluttar å spyrja. Me kann kanskje og segja at folk med medels evnor i det store og heile hev lettare for å kjenna at dei treng hjelp av andre og dermed og åndeleg hjelp til frelsa.

Men det er ikkje alltid so. Undermåls menneskje kann ogso vera sers sjølvkloke, og på den andre sida kann evnerike stundom vera dei mest barnslege og spyrjande og kjenna seg småe i eigne augo. Me skal leggja merke til at Paulus segjer "ikkje mange vise"; so er det då nokre vise og høgætta i Korint som hev vorte kristne. Når me ser rett på Jesu ord um "lærde og kloke", so vil ikkje han heller segja at evnerike folk er utestengde frå Guds rike.

Ogso kristendomen talar um store og småe menn. Jesus segjer at døyparen Johannes var stor, og når læresveinane trættast um kven som er den største, so talar Jesus og um å vera stor, berre den stordomen hev eit anna innhald. Det er å vera tenar. Den som mest er tenar for andre, han er størst. Den stordomen kann dei gjerne kappast um. Men han vert sett i motsetning til den som fyrstane og dei store i verdi hev.

Kven kann no tena andre mest og nå lengst med tenesta? Det må vel vera den som Gud hev gjeve mest både av naturevnor og nådegåvor. Nådegåva tek ikkje dei medfødde evnone burt, men fyller deim med nytt innhald. Det er tenarviljen det serleg spørst um. Utan tenarvilje kjem jamvel dei største evnor til kort, og den evnerikaste mannen vert ingen stor mann. Men tenarvilje i sannaste meining fær berre den som tek imot Guds nåde i Kristus. Den nådegåva set kongekruna på alle dei medfødde evnor.

Når eg ser i bibelsoga og kyrkjesoga, kann eg ikkje segja anna enn at eg finn at Gud verkeleg hev valt seg ut store menn til sitt rike. Dei er fåe, det er sant, men so hev tenesta deira nått dess lenger. Di større evnor dei hev havt, di klarare hev Gud synt deim det offer som lyt gjerast, um Gud skal verta alt. Dei hev sagt dei sterkaste ord um kor ringt det er alt det som høyrer menneskjet til mot det som høyrer Gud til. Dei største hev vorte dei minste i seg sjølv.

Apostelen Paulus kann rekna upp mange menneskjelege fyremuner som han hev. Og me kann vel trygt segja at han både var ein stor tenkjar og ein lærd mann. Men nett han er det som segjer so sterke ord som at han held alt saman for skarn mot kunnskapen um Kristus Jesus. Apostelen Johannes som meir enn nokon annan talar um kjærleik, hadde sjølv kjent den store manns æresykja brenna i seg. Augustin og Luther var store menn ogso etter menneskjemål. Men kven hev meir enn dei vitna um kor inkjevetta menneskja må verta i seg sjølv?

Den som ser soleis på seg sjølv av di Gud vert so stor, han minkar ikkje i objektiv meining. Tvert imot, "i Guds og i hvermanns øine han vokser fra dag til dag". Han vert ikkje træl, men fri, han vert ikkje ein stakar, men sterk og modig. Den som tykkjer at han ikkje eig noko sjølv, men må låna alt av Gud, han vert nett den originale som set nye ting i verdi. Den søkte originalitet som plent vil gjeva av sitt eige, fører aldri til nyskaparverk. Men den usøkte originalitet som ikkje veit av seg sjølv, av di han tykkjest låna alt frå "origo omnium", upphavet til alt, den er verkeleg original og stor. Ikkje ein gong Jesus vil vera original, men segjer: "Eg talar so som Faderen hev sagt meg". Og um den Heilage Ande segjer Jesus at "han skal ikkje tala av seg sjølv, men han skal taka av mitt og forkynna dykk". Men kven er meir original og stor i sanning enn Jesus?

Kong Olav var fødd stor, og han var lenge stor i seg sjølv. Alt frå ungdomstidi er det fortalt sogor som syner kor stolt og stiv han var. Men den livsskulen Gud førde han inn i, gjekk ut på å gjera han mjuk og liten i seg sjølv. I si fyrste kongetid synte han enda mykje av den makti som Jesus segjer dei verdslege fyrstane brukar. Jamvel då det galdt å kristna landet, bruka han den makti.

Men lidingstidi i Gardarike fullenda kristningsverket i han sjølv. Guds vilje og Guds sak vart etter kvart det største av alt. "Han vilde heller gjeva kongedømet frå seg enn rettferdi", segjer Snorre. Det var på den vis at herren vart tenar. Kongen vart kristeleg konge som berre vilde tena Gud og tena folket. Den strenge herren vart mild og medynksam, so han jamvel tenkte på at ikkje folks åkrar skulde verta nedtrakka av herfolket. Til slutt gav han det dyraste av alt, livet. Han hadde fenge den store offerviljen. Og det er det største ein stor mann kann gjera: å døy for livsverket sitt, når dette verket samstundes er Guds verk.

Det er dette som gjer kong Olav kristeleg stor for oss. Han var konge og kristen, ein stor konge med kongstankar og kongsverk. Men han var og ein ærleg kristen som gjenom motgang og liding lærde å gjeva Gud æra og lata den høge kongeautoritet tena Gud. Difor kann me takka Gud både for dei medskapte evnor i Olav og det nye menneskje Gud fekk skapa i han.

Konge og kristen var Olav, og soleis hev han vorte tenar for det norske folket meir enn nokon annan. Me ærar og takkar han for det. Men når federne våre i den katolske tidi beintfram bad til den heilage kong Olav, ikkje berre bad um forbøn, men um hjelp, då trur eg Olav sjølv i himmelen er den fyrste til å visa dette frå seg og til Gud, soleis som han gjorde med Arnljot Gjelline. Han segjer som engelen sa til apostelen Johannes i Openberringi: "Sjå til at du ikkje gjer det! Eg er medtenar til deg og brørne dine, som hev Jesu vitnemål. Bed til Gud!" Soli Deo Gloria.