Norske trollvisor og norrøne sogor - Ormaalen unge

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif


Norske trollvisor og norrøne sogor

Ormaalen unge


av Knut Liestøl



I.


Den norrøne Hervarar-saga hev, som P. E. Müller viser (Sagabibliotek II, s. 566), fire hovudbolkar:


1. Striden paa Samsøy.
2. Hervor hentar Tyrving.
3. Heidrek og hans gaatestrid med Gest den blinde.
4. Hunnarslaget.


Kong Svafrlami får sverdet Tyrfing av dvergene, av Lorenz Frølich, 1906.

Av desse fire hovudbolkane hev dei tri fyrste vorte grunnlaget for folkevisor. Innhaldet av desse tri bolkane er i stuttmaal so (etter Hauksbok):


Kong Svafrlami nøydde tvo dvergar til aa smida eit godt sverd aat han. Det gjorde dei, men sa at sverdet skulde verta ein manns bane kvar gong det vart drege; det skulde verta gjort tri nidingsverk med det, og Svafrlami sjølv skulde faa sin bane av det. Sverdet vart kalla Tyrving (Tyrfingr). Svafrlami fall sidan i strid mot berserken Arngrim fraa Bolm. Arngrim hogg handi av kongen, Tyrving fall daa ned, Arngrim treiv det og hogg kongen banehogg. Arngrim førde burt med seg Eyfura, dotter til Svafrlami, og med henne hadde han tolv søner. Dei var alle ville berserkar, men Angantýr, den eldste, var størst og sterkast av alle. Han bela til Ingebjørg, dotter av kong Yngve i Uppsala; men samstundes bad ein av kongsmennene, Hjalmar hin hugumstore, um henne, og ho vilde heller hava han. Daa stemnde Angantýr medtevlaren sin til holmgang paa Samsøy. Angantýr gifte seg no med dotter til Bjartmar jarl, og paa den fastsette tidi for han med brørne sine til Samsøy. Dei drap alle mennene aat Hjalmar, men daa dei sidan møtte Hjalmar sjølv og fosterbror hans, Orvarodd, i holmgang, miste dei alle livet. Hjalmar og fekk banesaar. Angantýr hadde Tyrving i striden, og det vart lagt i haugen med han.

Dotter til Bjartmar jarl fødde ei dotter, som vart kalla Hervor. Ho vart stor og sterk og øvde seg i vaapnbruk. Ein gong daa ho var ute hjaa nokre trælar og gjorde dei ilt, sa ein av dei, at ho tenkte berre paa vondt, og han skulda henne for aa vera dotter av ein træl. Ho gjekk daa til Bjartmar og fekk greida paa fars-ætti si[1]. Ho klædde seg i mannsklæde, drog til Samsøy i lag med vikingar, gjekk i land og til gravhaugen aat Angantýr, og tvinga han med vaabøner til aa gjeva seg sverdet.

Sidan vart ho gift med Hovund og hadde med han tvo søner, Angantýr og Heidrek. Heidrek gjorde so mykje vondt, at faren laut landlysa han. Fyrr han drog burt, gav Hervor han sverdet Tyrving. Han vart glad og drog det or skeidi, men daa kom berserkgangen yver han, og han drap Angantýr, bror sin. Heidrek rømde no det fortaste han vann, og førde lenge eit urolegt og stridfyllt liv. Men so slutta han med all ufred, gav gode lover og vart ein venesæl hovding. Sju vise menn skulde døma folk imillom. Den som hadde gjort eit brotsverk, skulde anten faa sin dom av dei sju, eller og bjoda Heidrek gaator, som han ikkje kunde løysa. Ein megtug herse, Gest den blinde, hadde misfare seg mot Heidrek, men var ikkje huga paa anten aa taka dom eller bjoda gaator. So blota han til Odin, og Odin viste seg for han og lova aa ganga i hans stad til Heidrek. Odin tok paa seg hamen aat Gest og drog til kongen. Heidrek spurde kva vilkaar Gest vilde taka, og han sa at han helst vilde bjoda gaator. Gest kom no med ei mengd med gaator, men Heidrek løyste dei allesaman, til Gest spurde kva Odin mælte i øyra paa Balder fyrr han vart boren paa baalet. Daa skyna Heidrek kven det var han hadde aa gjera med. Han drog Tyrving og vilde hogga Gest i hel; men Gest berre skapte seg um til ein falk og flaug ut gjenom hallargluggen. Sverdet kom i velet paa falken, og difor hev falken stutt vele. Men no var Odin harm vorten, og same natti laut Heidrek lata liv. — Hendingane i siste luten av soga kjem ikkje denne etterrøkjingi ved.


Dei tri folkevisone som byggjer paa soga er:


1. Alv i Odderskjær (DgF. 19) = færøysk Hjalmar og Angantýr (Fær. kv. nr. 2) og svensk Kung Speleman (Arw. nr. 10). Visa er ikkje funni i Norig, men det er rimelegt at ho er komi derifraa likevel. (Sjaa Axel Olrik, Sakses oldhistorie II, s. 61, Danske folkeviser i udvalg I, s. 77; Karl Aubert i Afhandlinger viede Sophus Bugges minde, s. 23; cfr. Bugge i DgF. IV, s. 753, Sclnick, Svensk litt. hist. (1890), s. 117). Emnet er holmgangen paa Samsøy, og visa hev fleire avvik fraa soga. I denne samanhengen treng me berre merka oss at Hjalmar og Angantýr hev vorte brør i visa. Dette kann, som Grundtvig (DgF. III, s. 791) og C. Rosenberg (Nordboernes aandsliv II, s. 459) meiner, hava grunnlaget sitt i det Hervarar saga fortel um striden millom brørne Angantýr II og Heidrek og Angantýr III og Hlodr (dei tvo siste var sønene til Heidrek). Dette avviket fraa soga maa vera gamalt, for det hev ført med seg eit anna drag: faren, som er langt undan, høyrer koss sønene slæst, kjem til og tek hemn for den eine sonen paa den andre. Men upphavlegt kann det ikkje vera likevel. I den færøyske formi (C) segjer jomfrua:


18. "Hjalmar kappa vil eg á,
hann er mær so vænur at sja."


19. "Angantýr er so ljott eitt troll:
so er hans folk og ættin öll."


Dette finn ein att i dansk A 11, B 12. Men det fører med seg den meiningsløysa at av dei tvo brørne Angantýr og Hjalmar er den eine av troll-ætt og den andre ikkje. Motsetningi millom dei kjem fram elles og: daa dei gjeng i land, søkk Angantýr, liksom trolli, til knes i sanden, medan Hjalmar ikkje "merkti spor“ (færøysk C 9, 11). Slik motsegjing kann ikkje ha vore i visa fraa fyrsten.


2. Arngrims synir (Fær. kv., nr. 3) er berre funni paa Færøyane og me hev henne i fire variantar (CCF. 16 A—D). Innhaldet av A og B er so: Arngrim hev tolv søner og den fremste av dei er Angantýr. Han hev og ei dotter Hervik, som øver seg i vaapnbruk. Ein gong paa leikvollen spottar sveinane henne, og segjer at det var likare ho hemnde far sin enn aa gjera dei mein. So gjeng ho til mor si og fær vita koss faren er komen av dage: Han fall for Orvarodd sud i Isans lund. Ho tek med seg bror sin Hjalmar og dreg til Isans lund, der far hennar var hauglagd. Ho tvingar faren til aa gjeva seg sverdet Tyrving. So dreg ho til Orvarodd og byd han ut til strid; han fell for Tyrving. Ho sigler attende til Uppland, og Angantýr fær Tyrving av henne. — Angantýr vil bela til Ingebjørg, dotter av kongen i Uppsaland, og han fær Hjalmar med seg. Daa dei kjem fram, bed Angantýr kongen um aa faa dotter hans.


79.
Ti svaraði Hjalmar kappi,
fyri breiða borði gekk:
"kongur, gev mær döttur tina,
ið bæði er væn og tekk."


80.
Ti svaraði Hjálmar kappi,
fyri breiða borði situr:
"kongur, gev mær dóttur tina
ið bæði er væn og vitur."


81.
Leingi tagdi Uppsalands kongur,
hugsaði um tann vanda,
hvat hann vildi teim garpum svara,
fyri breiða borði standa.


82.
Tá svaraði Uppsalands kongur
bæði af ilsku og bræði:
"frúgvin skal ganga i höllina inn,
og sjálv fyri seg at svara."


83.
Frugvin var bæði studd og leidd,
hon inn i höllina gekk,
Hjálmar sat i hásæti,
hann ymsar litir fekk.


84.
Takk havi min sæli faðir,
ið mær ansvar gav,
Hjálmar kappa af Upplondum
hann kjósi eg mær.


85.
lkki vil eg eiga Angantýr,
hann er so leitt eitt tröll,
so er faðir, so er móðir,
so er slektin öll.


86.
Tað sær eg á tær Hjálmar kappi,
tú mant eignast sprund,
kom á holm og berst við meg
eina so litla stund.


87.
Ti svaraði Oddur ungi:
vær fáum eitt annad sinn,
eg skal fara mot Angantýr
og tú mot Arngríms synum.


Men Hjalmar vil sjølv gaa mot Angantýr, so Ingebjørg ikkje skal spyrja at han veik for Angantýr. Odd svarar at daa vel han seg sjølv dauden. Odd drep dei elleve brørne til Angantýr, og Angantýr sjølv sig til jordi. Daa bed Angantýr um drikke, men daa Hjalmar kjem med hornet, sting Angantýr til honom under hjelmen[2]. Hjalmar kløyvde daa Angantýr. Odd kom og fann Hjalmar sitjande naableik innmed ein stein. Hjalmar fortel korleis han vart sviken. Odd viser no Hjalmar at han stend heilt usaara i silkeskjurta. Hjalmar bed Odd flytja seg burt. Han drog ein ring av handi si, fyrr han døydde; den skulde Ingebjørg hava. Ho døydde av sorg.

Varianten C (Nolsøs uppskrift 1851) stend mykje nærare soga. Det er fyrst fortalt um Angantýrs beleferd, og det er ikkje nemnt noko um at bror hans, Hjalmar, er med. So er det fortalt um striden paa Samsøy, og korleis Angantýr svik Hjalmar. So er det fortalt at Angantýr hadde ei dotter Hervik. Ho gjeng til haugen aat far sin og fær sverdet Tyrving. Med det feller ho Orvarodd.

I C er det nemnt ein Asbjørn, som er hjaa kongen. Dette viser at C er paaverka av D. Denne siste varianten (a. Sandøyboki 1822, b. Joh. Klemmentssen) er ei uppattnya form, og stend som andre taatten i "Hjálmars kvæði", der fyrste taatten er heilt nydikta etter Suhms forteljing (sjaa Hammershaimb i Fær. kv., s. 16—17). Daa Angantýr bed um kongsdotteri, segjer kongen at Oddur ligg i strid og Asbjørn er sjuk, og han bed Angantýr bia. Men Angantýr vil hava svar med ein gong. Daa segjer kongen at den som vil verja dotter hans, skal faa henne, og Hjalmar byd seg til. Daa Hjalmar er fallen, grev Asbjørn seg livande ned (døyr av sorg og sut). Odd leidest ved livet og dreg burt. — Her er det ingen ting um at Hervik fær sverdet ut or haugen og med det hevner far sin. Men diktaren segjer:


68.
Hoyri havi eg af gotnlum sagt,
at Arngrimur dóttur hevði
hon skuldi Odd af lívi taka,
hevna sín bróður-deyða.


69.
Oddur skuldi af Arngrími
hövur af herðum lagt:
ti skuldi Hervik hans lívi týna,
um tað er sannheit sagt.


70.
Men tað er mær so væl bekent,
at Oddur i Ruslandi doyði:
men tað stóð ei fyri mímum eygum,
hvör ið hans livið legðdi.


Av dette ser ein at diktaren hev kjent den same segnformi som A og B. Det er daa den einaste egte og gamle; der C samsvarar betre med soga, er det tydeleg innverknad fraa den nye formi D. Me tek difor berre umsyn til AB.

Her viser seg daa fyrst det store avviket fraa soga at Hervik (= Hervor) er dotter av Arngrim og syster til Angantýr. Det vil med andre ord segja at visa talar berre um tvo ættleder, der soga talar um tri; ein ættled er burtkasta. Dinæst kjem forteljingi um gangen til gravhaugen fyre striden i Isans lund. Fylgja er at Angantýr maa faa sverdet av syster si og ikkje av far sin; systeri hev alt henta det or haugen fyrr Angantýr gjer beleferdi. Tilhøvi er her snudde upp ned: Hervor fekk sverdet av Angantýr, Hervik gjev det til honom. Dessutan maatte Orvarodd verta kløyvd i tvo: Orvaroddur og Oddur ungi; for Hervik hadde alt hemnt far sin paa Orvaroddur, fyrr striden stod i Isans lund; men der skulde Odd vera med og hjelpa Hjalmar.

I det heile heng visa overlag ringt i hop. Ho hev ein knekk paa midten, so ein fær mistanke um at i røyndi er det tvo visor som hev runne i hop til ei. Fyrst hev det vore ei vise um korleis Hervik fekk sverdet og med det hemner far sin. Dinæst hev det vore ei vise um korleis Angantýr og Hjalmar belar til Ingebjørg og strider um henne. Ein kann beintfram skilja Hammershaimbs tekst (A) i tvo: v 1-36 og v. 37-111 og faa tvo sjølvstendige greidt avrunda visor. I den fyrste hev me innleiding med leikvoll-motiv, sverdhenting, faderhemn og heimferd. Med det er i grunnen ei vise avslutta; ein ventar ikkje meir. Ormar-visa, som byggjer paa same emnet og som me snart skal tala um, hev i same rekkjefylgja: sverdhenting, faderhemn, heimferd, berre at der kjem det ein strid med ein rise millom sverdhenting og faderhemn. Skulde ein med nokon rett tala um at siste luten av Arngrims synir høyrde til same visa som den fyrste, so maatte i minsto hovudpersonen i fyrste luten, Hervik, vera med i den andre. Men det er ho ikkje, ho er ikkje nemnd eingong. Og andre luten tek til med eit typisk innleidingsvers til ei vise:


Angantýr situr i hásæti
talar við sínar dreingir:
hvar vitið tær min javnlika,
tað havi eg hugsað leingi.


Cfr. innleidingi til den norske Hemingsvisa. I dei færøyske visone finn ein atter og atter desse motivi: ein mann spør um nokon veit jamliken hans, fær soleis greide paa ei kongsdotter, dreg av stad og belar til henne. Sjaa Asmundur skeinkjari (CCF. 37), Åsmundur sterki (CCF. 38), Grimur å Bretlandi (CCF. 53). Det er tydelegt at det er forteljingi i Hervarar-saga som gjeng att. Oftast er namni umbytte, men i Åsmundur skeinkjari gjeng ferdi til Uppland og kongsdotteri heiter Ingibjorg. I Åsmundur sterki og Sjurbur af Nøriki (CCF. 89) finn me medtevlaren og. Dei same versi kjem ogso att fraa vise til vise.

Ein tilburd i kongshalli som den i "Arngrims synir'* er, liksom leikvoll-motivet, innleidingi til storhendingane i ei vise. Andre luten av "Arngrims synir" er daa etter innhaldet og so heilstøypt ei vise som ho vel kann vera.

Det er no inkje anna som knyter i hop dei tvo lutene av "Arngrims synir", enn at bror til Hervik, Hjalmar, er med i baae, og at Hervik gjev sverdet til Angantýr. — At Hjalmar ikkje høyrer heime i den siste luten, er berrsynt. Han er med paa ferdi, og daa Angantýr hev bore fram ærendet sitt, gjeng han og fram for bordet med same bøni (v. 79). Men so med ein gong kverv han burt! Før den Hjalmar kappi som i v. 80 "fyri breiða borði situr" og kjem med si bøn um det same, kann ikkje vera broren til Angantýr. Denne siste Hjalmar sit "i håsæti", og er ikkje i ætt med Angantýr; tvertimot segjer Odd i v. 87 til honom:


"eg skal fara mot Angantýr,
og tú mót Arngrims synum.“


Her maa det vera framandt tilfang, som hev blanda seg inn, og det er lett aa sjaa kvar det hev kome fraa. I v. 85 segjer kongsdotteri:


"Ikki vil eg eiga Angantýr,
hann er so leitt eitt troll,
so er faðir, so er móðir,
so er slektin öll.


Dette er same verset som me fyrr hev funne baade i den danske og den færøyske formi av " Hjalmar og Angantýr* (sjaa s. 112). I denne visa er Hjalmar og Angantýr brør og slæst um ei jomfru. I "Arngrims synir" hev brorskapen millom Hjalmar og Angantýr ikkje noko aa segja. Det er audsynt at han er kila inn, og han skaper stor ugreide. Han høver so ringt, at han slett ikkje kann verta utnytta: det vert ingen strid millom brørne, og Hjalmar baade kjem og gjeng utan at det set minste merke etter seg i visehendingane. "Arngnms synir" maa difor ha laant draget um brorskapen fraa "Hjålmar og Angantýr"; det ovannemnde verset hev daa fylgt med. Det er mogelegt at "Hjålmar og Angantýr" hev havt Orvarodd til hovudmann og botnar i soga um han. Soleis kann ein tyda seg at me hev tvo visor um same striden; dei gjeng ut fraa kvar si soge. At Hjalmar og Angantýr vart gjorde til brør, kunde lettare gaa fyre seg, naar dei sjølve ikkje var hovudmennene i visa. Karl Aubert hev fraa ein heilt annan synsstad set at Orvarodd maa ha vore hovudmannen i "Alv i Odderskjær" (= Hjalmar og Angantýr), og at heile visa berre er ein bolk av eit større kvæde um Orvarodd (Afh. viede Soph. Bugges minde, s. 23). Paa Færøyane hev dei tvo utformingane av same emnet møtt einannan, og det hev enda med at Hjalmar vart bror til Angantýr i baae visone.

Hjalmar høyrer ikkje heime i siste luten av "Arngrims synir"; men som Bugge hev vist i DgF. IV, s. 708, kann han ikkje ha høyrt heime i fyrste luten heller. I forteljingi um at Hjalmar fylgjer med Hervik til gravhaugen, finn Bugge ein "paafaldende afvigelse fra oldsagnet". "Men den færøske vise kan selv ikke dølge, at dette er et uægte træk: Hjalmar nævnes ikke i afsnit 1 blandt Arngrims-sønnerne; der høres intet om ham, da Hervik sejler afsted; han spiller ingen rolle ved faderens gravhøj og er ved Herviks møde med Orvaroddur ligesom ved hendes hjemrejse aldeles forsvunden." Bugge trur at Hjalmar hev kome inn ved ei mistyding av v. 30; der segjer Hervik:


Litið er mær um ellivu brøður,
hvar ið teir skifta fæ,
Hjálmar ein af goðum gripi
higar eg herði við mær.


"Udtrykket i 3dje linje synes her meget unaturligt. Naar man med dette vers sammenholder olddigtet, vækkes formodning om, at "Hjálmar“ her er kommen frem ved en forvanskning, og at der oprindelig har været tale om sværdet, som blev Hjálmars bane, saa at verset tidligere har lydt omtrent som saa:


Litið er mér um ellifu bræðr,
hvernig þeira skiftag fé,
ef Hjálmars einn af goðum gripum
bana ek hefða við mér.


Oprindelig er her da ment den dødes højlagte brødre, ikke Hervors brødre. Jfr. Hjalmars bani, Herv., s. I, v. 19. 22 (min udg.) og Angantýrs ord til datteren I, v. 29: fljótt gæfak þér... alt it góða þat er synir Arngrims at sik leifðu. Forvanskningen af v. 30 har givet anledning til at lade Arngrim i v. 29 spørge: hvar eru minír ellivu synir? og til at tilføie v. 24:


Fyrst steig Hervik jalsins dóttir
sínum fotum á land,
og so Hjálmar broðir hennar
undir hennar høgra hand.


Det andre som skaper ein reint ytre samanheng millom dei tvo lutene av visa, er at Hervik gjev sverdet Tyrving til bror sin, Angantýr. Men dette strider beintfram mot soga, der Hervor fær sverdet av far sin Angantýr. Bugge segjer at naar Hervik gjev Tyrving til Angantýr, bror sin, "saa formoder jeg deri et forvansket minde om, at hun giver sverdet Tyrving til sin søn Heidrik. Navnet Anganty og betegnelsen af ham som Herviks broder kan være kommet ind ved indflydelse af sagnet om den yngre Hervor, Heidriks datter, og hendes broder Anganty, der vandt Tyrving (mindre sandsynlig ved forvexling med Heidriks broder Anganty). I ethvert fald finde vi her antydning til, at visen oprindelig har besunget flere led af sagnet" (DgF. IV, s. 708). Dette er visst rett. I minsto maa den Angantýr, som fær sverdet fraa fyrsten ha vore ein annan enn den, som fell i striden med Hjalmar. Men samanblandingi hev ført med seg at Angantýr i dei fyrste versi av visa laut verta umbytt med Arngrimur.

Det er soleis fraa gamalt av ingen ting, som knyter i hop dei tvo lutene av visa. Kvar lut maa difor ha vore ei sjølvstendig vise eller snarare ein sjølvstendig taatt av eit større kvæde, som hev bygt paa Hervarar saga. Gjeng ein ut fraa ei sovori samanblanding, so løyser alle vanskar seg. Me slepp motsegjingane, skynar avviki fraa soga, og framum alt: me fær tvo visor, som kvar for seg er heilstøypte kunstverk.

At "Arngrims synir" byggjer paa Hervarar saga er berrsynt; ingen hev drege det i tvil. Men forteljingi um koss Hervik hemner far sin hev ikkje noko tilsvarande i soga. Det kann likevel ikkje vera nydikta til visa; for Ormardiktingi hev det og. Denne diktingi hev, som me sidan skal sjaa, same grunnlaget som "Arngrims synir", og naar baae diktingane hev faderhemnen, maa han ha vore i det sams grunnlaget og. Det maa ha funnest i ei eller onnor form av Hervarar saga. Bugge er inne paa same tanken, endaa han trur at Ormar-diktingi hev si rot i "Arngrims synir". Han segjer: "Herviks faderhævn turde maaské, om end i forandret sagn- og sang-form, have bevaret et oprindeligt led i sagnkjæden; thi det er neppe rigtigt, at Hervor ingen daad udfører med Tyrving. Det stykke af sagaen, der fortæller om Hervors færd, da hun kommer fra gravhøjen, er kun bevaret i Hauksbok, som intet har at fortælle om hendes krigerfærd; det er tabt i codex regius, som dog, efter omfanget af det tabte at dømme, ikke synes at have haft mere at berette" (DgF. IV, s. 708). Samanhengen er vel den at faderhemnen hev funnest i Hervarar saga, men hev vorte skoten ut av ein saga-skrivar, som hev kjent Orvarodds saga. Av den kunde han sjaa at Odd ikkje fall for kvinnehand, men miste livet paa den maaten det var spaatt han: at hesten Fakse skulde verta banen hans. Me ser daa og at Hauksbok ved striden paa Samsøy i Hervarar saga beintfram viser til Orvarodds saga: "fara þeira skipti svá sem greinir í Ǫrvarodds sǫgu" (Bugges utg., s. 209). Nettupp det same hev gjenge fyre seg ein gong til. "Arngrims synir" hadde Herviks faderhemn. Men den uppattnya formi D hev kasta burt dette motivet. Og diktaren segjer sjølv kvifor: han visste at Odd let liv paa ein annan maate (sjaa s. 115).


3. Den tridje folkevisa, som beinvegs byggjer paa Hervarar saga, er Gåtu rima (Fær. kv., nr. 4). Ho er dikta yver bolken um Gest den blinde og Heidrek. Ho kjem ikkje denne etterrøkjingi ved, og er ikkje funni andre stader enn paa Færøyane.


II.


Motivet um at ein gjeng til gravhaugen aat far sin og hentar det gode sverdet han hev hjaa seg i haugen, finn ein ogso i den norske visa Ormaalen unge og i dei islendske Ormars rimur.

Den norske visa er fyrst utgjevi av Landstad i 1853. Sidan er det prenta eit brot av henne i "Fedraheimen“ 1879, nr. 35, og eit par gonger er det i det seinare gjeve restituera tekster. Restitutionen i "Norske folkevisor fraa millomalderen" saman med Landstads tekst gjev eit godt bilæte av heile tilfanget.

Uprenta finst ho i mange uppskrifter av Jørgen Moe, Sophus Bugge, Hans Ross, Moltke Moe og fleire. Alle uppskriftene er meir eller mindre uheile, fleire er berre einskilde vers; men dei samstavast godt alle saman og fyller einannan ut, so det er heilt uturvande for denne etterrøkjingi aa setja inn nokor yversynstavle. Hovudinnhaldet er so:


1. Fjalmøy-, (Fjalmei-, Fjalme-, Fjølmøy, Fjølmann-) risen kjem til kongsgården og krev kongsdotteri. Fær han ikkje henne, skal kongen møta paa leikvollen og strida mot honom. Ormaalen byd seg til aa strida mot risen.

2. Ormaalen gjeng til gravhaugen aat far sin og krev Byrtingen, det gode sverdet som faren hev i haugen. Han fær det.

3. Næste dagen møter Ormaalen risen paa leikvollen og feller han. Fleire versionar hev ein samtale millom risen og mor hans. Denne episoden kjem stundom fyre gangen til gravhaugen og stundom etter. Denne visa finst ogso i Danmark: Orm Ungersvend (DgF. 1 1) og i Sverike: Orm Ungersven (Arw. II, s. 445, DgF. IV, s. 720 ff.). Den danske og svenske formi samstavast godt med den norske, men hev ikkje samtalen millom risen og mor hans. Derimot hev dei danske uppskriftene ABCD, som gjeng heilt attende til det 16de hdr., ein fjorde bolk:

4. Daa Orm hev drepe risen, dreg han ut til Iseland og vil "hevne sin faders død". Han raakar Giord og Alle (Gierd og Arland), banemennene til faren og drep dei. So dreg han attende, og vert gift med kongsdotteri. Denne bolken maa ha vore med i den norske visa og; for i desse verslinone hjaa Landstad: "Og er du sonen af manni dei, som Djurin i haugi lagde" (v. 9, dvs. 8) er ikkje Djurin anna enn ei misvisande skriveform for Gjur inn; verslina vert daa "som Gjur inn i haugi lagde", og ho inneheld eit minne um draapet paa far aat Orm og namnet paa den eine banemannen. (Sjaa Bugge i DgF. II, s. 639).


Dei islendske Ormars rimur hev det same innhaldet som visone, bytt i 4 rimur:


1. Ring heitte ein konge yver Gautland. Han hadde ei einaste dotter Aasa, fager som soli og sers vel lærd. I kongsgården var den unge Ormar, son av Fraðmarr. Fraðmarr var fallen i strid, og ikkje so mykje som namnet paa banemannen hans var kjent. Ormar unge var framum alle jamaldringane sine. Ein dag kong Ring sat yver drikkebordet, kom det ruggande inn i halli ein uhorveleg stor rise, attan alner høg, med ei klubbe i handi. Hirdmennene sit forfælde og stirer paa han. Ingen helsar eller byd han til sætes. Daa set han seg ned paa benken, so han knasar tri av kongsmennene, og han aat og drakk, so ingen hadde sét maken. So helsa han paa kongen, og daa kongen spurde kven han var og kva ærend han for i, sa han: "Eg heiter Bjarkmar, og no er eg komen og vil gjeva deg valet millom tvo ting: anten aa gjeva meg dotter di eller gaa i holmgang med meg." Kongen lovar daa dotter si med baade land og lausøyre til den som vil gaa i hans stad og fella risen. Alle visste med seg at dei ikkje kunde mæla seg med risen i styrke, og difor tagde dei. Daa segjer risen at det er best dei gjer han til konge yver gautane. Men daa spring Ormar i sinne fram yver bordet: "Eg hev etla meg den vene møyi, og eg skal verja henne, men du skal liggja for hund og ramn." Risen vert rasande, men gøymer sinnet sitt til næste dagen, daa striden skal standa.

2. Um natti gjeng Ormar ut paa neset, der gravhaugen aat far hans er, ropar paa faren, og segjer at han vil tala med han. Han ropar tvo gonger, men det munar ingen ting. Daa tek han til aa truga og bruka vaabøner. Til slutt skjelv jordi, steinane rivnar og Ormar ser den avlidne faren standa framfyre seg med sverdet i handi. "Eg hev lege lenge i haugen, og ingi kjempe hev vore so djerv, at han vilde gjesta meg," segjer draugen. Ormar fortel no at han lyt faa sverdet or haugen, so han kann vinna seg ei brur. Draugen meiner at det maa finnast nye sverd nok, som Ormar kann bruka. Men Ormar svarar at um han ikkje fær sverdet, so bryt han haugen og tek det; han er ikkje rædd draugen. Daa segjer faren, at han vil segja sanningi: "det finst ikkje betre sverd ovan mold." Men han vil ikkje gjeva sonen sverdet, utan at han lovar aa hemna far sin. Banemennene var tvo farbrør til den Bjarkmar rise, som Ormar skal i kast med. Ormar fær so sverdet, som heiter Birtingr, og faren signar honom; han gjeng attende til kongsgården.

3. Tidleg næste morgon gjeng Ormar til holmen. Risen kjem med ei skræmeleg beljing og stig i jordi til knes. Ormar stend ferdig, og fyrr risen fær lyft klubba til slag, høgg han av baae læri paa risen, og soleis let han liv. Ormar dreg no attende til kongsgården og vert storfagna. Men han unner seg ingi kvild, fyrr han fær hemnt far sin. Han sigler av stad med ein stor flote og fær god bør. Han kjem til ei øy, og der ligg det ein krigsflote fyre. Tvo velduge brør, Gyrðr og Atli, er førarar. Desse brørne fær vita at det er Ormar, banemannen aat Bjarkmar, som er komen. Dei sender daa bod til Ormar med spursmaal um kva han vil gjeva dei i bot for Bjarkmar, brorson deira. Dersom han vil gjeva dei gods og gull og festarmøyi si, skal han faa draga burt i fred. Elles vil dei slaa han i hel og taka det altsaman. Men Ormar sender bod attende, at han snart vil vera hjaa dei og prøva styrke.

4. Næste morgonen gjeng baae herane i land paa øyi, og daa dei stend fylka til strid, kjenner brørne Birting i handi paa Ormar, og dei spør kvar han hev fenge det sverdet. "Det fekk eg av far min," segjer Ormar, "dei var elleve um han, daa han vart vegen. Det var eit nidingsverk, og det vil eg no hemna." So tok striden til. Brørne gjekk kvast fram, og mannefallet vart stort. Men mot Birting kann inkje staa seg. Baae brørne fell; den eine vert kløyvd paa langs og den andre paa tvert. Daa brørne hev falle, fær folki deira grid. Ormar tek so paa heimferdi med dei skattane han hev vunne. Kongen møter han paa strandi og fører han heim til halli. Der drikk dei brudlaup med stor glede. Ormar fekk riket daa kong Ring døydde. Sønene til Ormar, Saxe og Fraðmarr, var velduge kjempor. Fraðmarr fekk Birting etter far sin[3].


Som ein ser er den siste bolken um faderhemnen i rimur’ne knytt betre saman med det fyrre enn han er i den danske visa, med di at Fraðmarr set faderhemnen som eit vilkaar for at sonen skal faa sverdet.

Det er ikkje berre i hendingar det er fullt samsvar millom rimur´ne og visa, men i namni og.

Ormaalen unge er ei umlaging av Ormar enn ungi i rimu´ne. Ormar enn er samandrege til Ormaren; slike namneformer med den bundne artikelen til finn ein ofte i visone: Alven, Ulven, Tiarmannen osb. a hev vorte til aa i endingi ar, liksom sumar til sumaar, Gunnar til Gunnaar. Den siste r´en hev gjenge yver til l ved dissimilation. — Fjalmøy-risen (Fjalme-, Fjølmøy- osb.) er forvending av Bjar(k)marr. Gjord (Jur) og Alle svarar til Gyrðr og Atli i rimu´ne. "Ormars fader heder i rimerne Fraðmarr, samme navn er Fjoðmor eller, som jeg har hørt, Fljotmá, Fjotmor i den norske vise. Det er i dansk C blevet overført som Fromer paa den konge, om hvis datter der kærnpes" (Bugge i DgF. IV, s. 706). — Sverdet heiter Birtingr i rimu´ne, Byrtingjen (dansk: Berting, Bierting, Birting) i visa.

Visone og rimur´ne høyrer so nær saman, at dei maa byggja paa eit sams grunnlag. Etter all analogi maa daa det vera ei prosa-forteljing av det slaget som dei hev gøymt so mange av paa Island: ei eventyrsaga um strid med jøtnar og vikingar. Dei islendske rimur byggjer jamt paa sogor; det same gjer mange norske og færøyske visor. Derimot hev me ikkje noko døme paa at rimur er dikta yver folkevisor eller umvendt. Yvergang fraa prosa til poesi og fraa poesi til prosa hev me ei mengd døme paa, men yvergang fraa den eine til den andre av tvo so nærskylde diktformer som rimur og folkevisor, veit me ikkje um. Desse tvo diktslagi viste dei tvertimot til kvart sitt umkverve. Medan dei paa Island fekk mange folkevisor av ymist innhald fraa Norig og Danmark, var det millom dei ikkje ei einaste av dei visone det her er tale um: eventyrvisone, endaa det er heller mange av desse visone, og dei er nokre av dei beste og mest sermerkte i den norsk-færøyske vise-skatten; derimot finn ein paa Island ei heil rekkje eventyrlege rimur, som byggjer paa sogor. Og her i Ormar-diktingi peikar alle drag mot ei eventyr-saga: risen (berserken) som kjem til kongshalli, kjempa som kongen fær til aa strida for seg, striden med risen og det gode sverdet, ferdi til det framande landet for aa taka hemn — alt finn ein att i eventyr og eventyr-sogor. Fleire av desse eventyr-sogone er nydiktingar etter eldre fornaldarsogor; ein kann ofte visa korleis forfattaren hev laant drag her og der ifraa og nytta den eller den soga.

Er no det same tilfellet her?

Landstad tenkte seg at visa um Ormaalen var ein avleggjar av Tyrving-segni i Hervarar-saga, og han kom med fleire jamføringar, som skulde visa likskapen. I merknaden s. 99—101 fortel han det av Hervarar-saga, som han tenkjer seg hev noko med visa aa gjera, og segjer so: "Skalden har i vort kvad sammenfattet disse spredte begivenheder i en stor handling og med livlige og kraftige træk skildret berserkens (rysens) fordring paa kongedatteren, den unge kæmpes fremtrædelse til hendes forsvar, sværdets fremhentelse af gravhaugen i en farefuld stund og den paafølgende kamp. Fjølm- eller Fjalmøy-rysen er tydelig nok "Bolm-øe" berserken, men enten dermed er ment Arngrim eller Hjørvard, er uvist. I sidste tilfælde maa der med "Ungan Orm-Alen" være ment Hjalmar den hugstore. At sværdets fremdragelse af gravhaugen just under disse omstændigheder tillægges ham og ikke Hervor, tør man vel ansee for en ikke ilde anbragt licentia poetica. Dens navn er her Børting eller Byrting (oldn. birting, glands, dagskjær) istedetfor Tyrfing, og man kunde fristes til at troe, at hiint var det oprindelige og rette navn." — Alt lenge fyrr hadde Wilhelm Grimm (Altdänische Heldenlieder, s. 500) kome med den gissingi, at Orm ungersvend kunde vera den same som Sigurd orm i auga. — Daa Grundtvig gav ut den danske formi av visa i DgF. I (1853) skreiv han i innleidingi stutt og godt at "om denne vises stof kan jeg ikke meddele nogen oplysning". Grimms gissing finn han "fuldkommen urimelig". Daa han skreiv merknadene til same bandet, hadde han vorte kjend med Landstads meining, men fann likevel ingen grunn til aa brigda det han fyrr hadde sagt: at han ingi upplysning kunde gjeva um dette vise-emnet. Landstads hypotese var berre eit "underlig indfald", "fuldstændig greben ud af luften" (s. 427), og hans kritik av Landstads jamføringar synest aa vera reint drepande.

Men spursmaalet kom til aa sjaa onnorleis ut, daa Grundtvig i DgF. III (1862) kunde leggja fram Ormars rimur. Grundtvig saag at rimur’ne maatte kvila paa ei "prosaisk saga". Grunnlaget for soga att maatte vera "gamle sange, som dem, hvorpaa Halfs, Hervars og de andre gamle heroiske sagaer ere grundede. Hele fortællingen om Ormer bærer et rent gammelnordisk præg: her er kun faa personer og begivenheder, alle navne og forhold ere rent nordiske; her er intet spor til den i de senere æventyrsagaer saa kjendelige indflydelse af fremmede romaner." Men dei " heroiske oldkvad“, som umvegs laag til grunn for rimur’ne, dei laag beinvegs til grunn for folkevisa, og rimur’ne var soleis "i grunden længere ude i slægt med det oprindelige oldkvad end dettes umiddelbare affødning, den nordiske folkevise" (s. 777).

Heller ikkje no talar Grundtvig um nokon samanheng med Tyrving-segni, men i DgF. IV (1883) tok Sophus Bugge spursmaalet uppatt, og viste at det trass i all skilnad tvillaust maatte vera samanheng millom Ormaalen og Tyrvingsegni.

Bugge segjer: "Jeg ser i Ormar-visen en gjennem mellemled af Tyrving-digtningen udviklet senere digtning, som har optaget motiver og navne fra hin, men hvori disse er stillede i forhold, som er væsentlig forskjellige fra de oprindelige. I visen synes derhos optaget enkelte træk, som er hentede fra andre sagndigtninger eller uden traditionelt grundlag opfundne af visens digter" (s. 705). Tilburden med risen og Ormar i kongsgården hev fyrebilætet sitt i tilburden med Angantýr og Hjalmar. Risen svarar til Angantýr, men hev same namnet som verfar hans, Bjartmarr (Bjarkmarr, Bjarmarr). Ormar er komen i staden for Hjalmar; i soga etter Hauksbok er Ormar namnet paa fosterfar aat den yngre Hervor. Kong Ring i Gautland i rimur´ne svarar til kong Ingjald (Yngvi) i Svitjod i soga. Far til Ormar er Fraðmarr i rimur´ne (den norske visa: Fjodmor, Fljotmå, Fjotmor); dette namnet finst tvo gonger i soga etter cod. reg. I tilburden ved gravhaugen hev Ormar, som til daa hev svara til Hjalmar, kome i staden for Hervor. "Spiren til denne forandring af det gamle sagn finder jeg i den færøske vise (Arngr. s.), hvor Hervik (d. e. Hervor) ledsaget af sin broder Hjalmar kommer til sin døde faders gravhøj. Jeg maa ogsaa minde om, at Hervor i sagaen, da hun kommer til højen, er væbnet som mand: hun er høvding over vikinger, der kjende hende som Hervard (eller Hjorvard)“ (s. 706). Bugge trur at mor til Hervor hev vorte gift med Fraðmarr, etter at Angantýr var fallen; Hervor galdt so for dotter til Fraðmarr. "Da Ormar, som vi har set, er en sammensmeltning af Hjalmar og Hervor, kan vi nu skjønne, hvorledes han er bleven Frodmars søn“ (s. 706). — Samtalen millom risen og mor hans i den norske visa, tenkjer Bugge, kann botna i soga: "I sagaen drager Anganty og hans brødre fra den svenske konges gaard først hjem og siden til Bjarmar jarl. Jeg holder det for ikke usandsynligt, at risens sorgfulde ord til sin moder er en burlesk forvrængning af Angantýrs meddelelse om sine ildevarslende drømme. At risens moder Sluffa, som Landstad mener, er den omskapte Øyfura, tør jeg ikke paastaa; men det synes mig ikke urimeligt" (s. 706). Sverdnamnet Tyrving er umbytt med Byrting, Birting, som var lettare aa skyna (av bjartr). Gangen til gravhaugen etter eit sverd finn ein rett nok andre stader enn i Tyrving-diktingi; "men dels kan det fra Tyrving-sagnet være gaaet over i flere senere digtninger, saaledes vel i den færøske vise Risin i Holmgordum dels fremtræder det under temmelig afvigende forhold, som f. ex. i Svipdag-digtningen" (s. 706). I samtalen ved gravhaugen er der mange likskapar millom soga og rimur´ne (s. 706— 70).

Bugge dreg ogso fram fleire andre ting, som peikar paa samanheng millom Ormar-diktingi og Hervarar-saga, og den vitskaplege vinningi ved hans utgreiding ligg mest i det, at han til fullnads hev prova denne samanhengen. Men Bugge tek ogso upp spursmaalet um korleis dei heng i hop. Her ovanfor hev me vist at alle drag i Ormar-diktingi peikar attende mot ei eventyr-saga, og at etter all analogi skulde det liggja ei saga til grunn for rimur-formi. Bugge trur og at Ormar-visa "ikke er umiddelbart udgaaet fra Tyrvingdigtningen i sin gamle skikkelse"; men so ser han i "Ormar-visen en fri omdigining af en oprindeligere og langt fuldstændigere form end den os foreliggende form (Svabos optegnelse fra sid st i 18de hdr.) af den færøske vise Arngrims synir“.

Yvergangen fraa Arngrims synir til Ormar-visa skildrar han soleis: "Ormar-visens digter har i stærk trang til klarere motivering behandlet sin kilde, kvædet om Arngrimssønnerne, med frihed, for at faa tydeligere sammenhæng mellem begivenhederne og derved opnaa større poetisk virkning, hvilket og maa siges at være lykkedes ham. I den færøske vise er optrinnet mellem berserken og Hjalmar i kongshallen samt den paafølgende kamp yderst løst knyttet til det foregaaende. For at gjøre digtet mere til enhed, har Ormarvisens digter stillet optrinnet i kongshallen (efter indledende oplysninger om de handlende personer) først, og dertil naturlig knyttet motivet med sværdhentningen, ved at lade sværdet søges, for at kongsdatteren kan vindes. For at faa dette baand knyttet, maatte han gjøre den, som kjæmper med bersærken, og den, som faar sværdet af den døde, til samme person; spiren hertil fandt han, som før sagt, i den færøske vise, der ved forvanskning lader Hjalmar være med ved sin faders gravhøj. Paa grund af den forbindelse, hvori sværdhentningen er sat til kampen med bersærken, skydes afsnittet om denne kamp ind umiddelbart efter optrinnet ved gravhøjen. — Skulde nu episoden om faderhævnen ikke falde bort, saa maatte kongsdatterens fæstemand overleve kampen med bersærken; denne forandring af sagnformen forklares dog tilstrækkelig allerede af en almindelig retning i folkelig digtning, som viser sig deri, at det tragiske element mere og mere trænges tilbage. Naar sværdet ikke længer søgtes for faderhævnens skyld, maatte denne indledes ved et nyt motiv, og dette motiv er givet deri, at dødningen stiller hævnen som vilkaar for, at han vil bortgive sværdet til sin søn. Sejlfærden til det fjerne land kunde ikke vel, som i den færøske vise, fortælles forud for gangen til gravhøjen, naar kampen med berserken fulgte paa denne; det var naturligere at sætte sejlfærden i umiddelbar forbindelse med hævntoget." Bugge endar denne gløgge utgreidingi med aa segja: "Jeg antager at Ormar-digtningen fra først af har været affattet i enderimede strofer, ikke i det gamle, blot stavrimede folkelige versemaal. Den omstændighed, at digtningen paa Island er bevaret i rimer, kan, saavidt jeg skjønner, ikke modbevise dette. Digteren har hørt sin kilde, visen om Arngrimssønnerne, af en færing; om han selv har været en færing eller en islænding, vover jeg ikke at afgjøre; men ét af to synes at være tilfældet. Da de islandske rimer, som foreligge i hskrr. fra slutningen af 15de aarh., allerede har tabt adskillige motiver og navne, som er bevarede i norske, danske og svenske optegnelser af visen, saa kan denne vist ikke være forfattet senere end i 14de aarh.; dog ser jeg heller ingen grund til at gaa længer tilbage. Den færøske vise om Arngrims- sønnerne maa være ikke saa lidt ældre, og den tør vi da vist føre tilbage til det ijde aarhundred. Efter at være indvandret til Danmark (vel over Norge), har Ormar-visen sandsynlig faaet sit nye omkvæd: "Men skoven stander udi blomster" (s. 709).

Etter dette maa Bugge tenkja seg framvoksteren slik:


Hervarar saga
Arngrims synir (eldre form)
Ormar-visa (eldre form)
Ormaalen
Orm ungersvend
Orm ungersvend
Ormars rimur


Bugges provføring lid av fleire veilor. Skal han i det heile kunna tenkja seg at Arngrims synir er millomleden millom Hervarar-saga og Ormardiktingi, so maa han, som han sjølv segjer, ganga ut fraa ei eldre form av Arngrims synir. Denne formi maa ha vore mykje meir umstendeleg enn den me no hev, og ha spana yver fleire bolkar av soga; elles kann ein ikkje tyda dei motiv og namn som Ormardiktingi hev, og som ein finn att i soga, men ikkje i Arngrims synir. Um ei sovori form hev funnest, veit me daa ikkje; men skulde ho ha vore til, maatte ho jamvel ha teke med namn paa folk, som hadde lite aa segja i soga t. d. Fraðmarr, Ormar, Bjarkmar. Det høver ikkje med folkevisa, som nettupp plar taka burt alle side-personar og side-hende. Men dersom ein gjeng ut fraa ei slik form, kann ein ikkje ved jamføringi nytta drag or den noverande formi, naar det er audsynt at desse dragi hev kila seg inn i seinare tid. Dette er tilfellet med det draget at Hjalmar er med Hervik til gravhaugen. Som me fyrr hev vist, stend det so grunnlaust i visa, at ein kann taka det burt utan i minste maate aa skipla gangen i visa. Bugge sjølv held det for uegte, og trur det hev kome upp ved ei mistyding. Men daa vert det vaagalt aa halda dette draget for "spiren" til det vigtuge brigdet at Ormar kjem inn i staden for Hervik, og at den som hentar sverdet vert den same som motmannen til risen. Dette brigdet fører med seg ein hovudskilnad millom Tyrvingdiktingi og Ormar-diktingi og maa alt vera gjort i 14de hdr. Um Bugge hadde rett, maatte ein tru at det lause og utanpaahengde draget um Hjalmar, bror til Hervik, hadde halde seg i visa i 400—500 aar. Dette er alt anna enn rimelegt; uppskriftene CD viser oss kor lett det kann falla burt. Framleides trur Bugge at diktaren av Ormar-visa hev sett tilburden i kongshalli fremst, medan han i grunnlaget "Arngrims synir" kom etter sverdhentingi og faderhemnen. Men i soga er det nettupp som i Ormar-diktingi at tilburden i kongshalli kjem fyrst. Det vert daa rimelegare aa tru, at det gamle hev halde seg, enn at det er gjort eit stig att og eit fram. Dette vert klaarare, naar ein jamfører rekkjefylgja av hovudbolkane i dei fem diktingane det her gjeld:


Herv. saga
Beleferdi til Uppsal
Samsøystriden
Sverdhenting
(Faderhemn)
Alv i Odderskjær
Beleferdi til Uppsal
Samsøystriden
-
-
Arng. synir
Beleferdi til Uppsaland
Strid i Ísans lund (Samsøy)
Sverdhenting
Faderhemn
Ormars rimur
Risen belar
Sverdhenting
Strid med risen
Faderhemn
Ormaalen
Risen belar
Sverdhenting
Strid med risen
Faderhemn


Det er berre striden med risen (berserken), som hev skift plass i Ormar-diktingi. Samsøy-striden i soga svarar nærast til striden med risen i Ormar-diktingi. Men i soga kjem Samsøy-striden fyre sverdhentingi, i Ormar-diktingi kjem sverdhentingi fyre striden med risen. Ormar-diktingi samsvarar her med andre diktingar, der kjempa fyrst fær seg eit godt sverd og so gjeng i strid (sjaa sidan um Sturlaugs saga).

Jamfører ein no skipnaden av innhaldet i Arngrims synir med Hervarar saga, so vil ein finna at i soga er rekkjefylgja av dei episodane det her gjeld: i, 2, 3, 4; i Arngrims synir er ho: 3, 4, 1, 2, dvs. i kvar einskild av dei tvo visone, som "Arngrims synir" er sett i hop av, kjem desse hendingane etter einannan plent som i soga. Berre at dei tvo visone hev hytt plass. Det som hev skapt det flokute i Arngrims synir, og som er grunnen til dei andre avviki fraa soga, er nettupp det, at den gamle skipnaden er fraaviken. Det er soleis liten tvil um at Arngrims synir hev paa lag heilt svara til soga. Men daa vert grunnen teken undan mest heile Bugges utgreiding. Rett nok finn ein ikkje faderhemnen i soga, derimot finn ein han i Arngrims synir og Ormardiktingi. Men som Bugge sjølv hev sét, er det rimelegt at soga hev havt dette draget. Til alt dette kjem at Ormars rimur i scenen ved gravhaugen hev større likskap med Hervarar saga enn med Arngrims synir. Ormars ord um at liket av risen skal liggja for hund og ramn, hev noko tilsvarande i Herv. s. i Hjalmars ord um seg sjølv (Bugges utg., s. 310) at liket hans skal liggja for ramn og ørn; derimot finst det ikkje noko slikt i Arngr. s. (sjaa Bugge DgF. IV, s. 706—7).

Bugges utgreiding um samhøvet millom Arngrims synir og Ormar-diktingi kann etter dette ikkje vera rett. Ho arbeider elles heile vegen med ting som kunde vera so, men ikkje med noko som maa vera so, og som me hev set, glepp i stor mun sjølve grunnlaget for henne. Den endskapen han kjem til um yvergang fraa folkevisor til rimur, er utan sidestykke. Me fær rimur som byggjer paa ei soge, men med tvo folkevisor, den eine bygd paa den andre, til millomleder! Og som me sidan skal sjaa, rekk korkje Hervarar saga eller Arngrims synir eller Ormar-visa til, naar ein skal tyda alle dragi i Ormars-rimur; me vert likevel viste til andre kjeldor. At Bugge hev kome til eit resultat, som ved nærare ettersyn hev vist seg aa staa so laust, kjem seg helst av at han ikkje hev granska samhøvet millom Ormar-visa og Ormars rimur.

Tilhøvi er so: Paa den eine sida stend Hervarar saga og Arngrims synir so nær einannan at visa maa vera avleidd av soga. Paa den andre sida stend Ormars rimur og visa um Ormaalen so nær einannan, at anten maa den eine diktingi vera avleidd av den andre, eller og maa dei hava eit sams grunnlag. Alt av det som fyrr er halde fram, vil ein skyna at det siste maa vera tilfellet. Ein kann tyda baade likskapar og avvik millom dei tvo diktingane um ein gjeng ut fraa eit sams grunnlag, men ikkje elles. Visone hev drag som ikkje finst i rimur´ne, og umvendt. Dersom visone var avleidde av rimur´ne, maatte rimur´ne staa nærare Hervarar saga, men, som Bugge segjer, rimur´ne "har tabt adskillige motiver og navne, som er bevarede i norske, danske og svenske optegnelser av visen." Heller ikkje kann ein segja, at Ormar-visa stend nærare Hervarar saga enn rimur´ne; og det maatte ein venta, um rimur´ne var avleidde av Ormarvisa. Etter dette kann daa samanhengen berre vera so:


Hervarar saga
Arngrims synir
X
X
Ormaalen (Orm ungersvend)
Ormars rimur


Den X som er sett upp i dette skemaet som det sams grunnlaget for Ormar-visa og Ormars rimur, maa etter det me fyrr hev set vera ei soge[4]. Me kann difor med utgangspunkt i den samanhengen med Tyrving-diktingi, som Bugge hev paavist, taka uppatt traaden i granskingi.

Grunnlaget for rimurne og visa, som me kann kalla Ormars saga hev havt samanheng med Hervarar saga. Men korleis hev denne samanhengen vore? Byggjer Ormars saga berre paa Hervarar saga, eller hev ho samstundes laant drag fraa andre sogor?

Baae hovudmotivi i Ormar-diktingi finn ein att i Hervarar-saga:


1. Ein rise eller berserk kjem til kongshalli og krev dotter til kongen; ein av kongsmennene tek paa seg aa strida mot den framande og feller han.

2. Gangen til gravhaugen etter sverdet. (Desse tvo motivi stend utan indre samanheng i soga). Dessutan hev Ormar-diktingi laant fleire namn fraa Hervarar saga: namni paa hovudmennene Ormarr og Bjar(k)marr, Froðmarr, og vel ogso sverdnamnet Byrting, som ser ut til aa vera ei umlaging av Tyrving.


Hervarar saga er soleis hovudkjelda for Ormar-diktingi; men ein finn ogso samanheng med andre og yngre fornaldarsogor. Som Finnur Jonsson hev peika paa (Litt. hist. II, s. 797) "er sovorne namn som Ring, Gautland og Aasa vanlege i fornaldarsogone. Men likskapen vert so stor, at ein kann ikkje anna enn tenkja paa litterær samanheng, naar ein les dette i Egils saga ok Asmundar: "Hringr hét konungr; han réð fyrir Smålǫndum; Ingibjǫrg hét kona hans; hon var dottir Bjarkmars jarls af Gantlandi; þau åttu tvau bǫrn; Egil hét son þeirra, en Æsa dottir" (Fas. III, s. 382), og jamfører med innleidingi til Ormars rimur. Der er det fortalt at Ring heitte ein konge yver Gautland han hadde med dronningi si ei einaste dotter Aasa. Naar ein so samstundes hugsar paa at risen i rimurine heiter Bjarkmarr, so hev ein ikkje mindre enn fire namn som er sams, og baae stadene i innleidingi til ei forteljing. Men serleg maa ein gaa aat likskapen millom Ormar-diktingi og Sturlaugs saga starfsama (Fas. III, s. 592 ff.). Der er det ein Ring Jarl, som hev ei dotter Aasa; ho er ven som soli (det same er sagt um Aasa, dotter til kong Ring, i Ormars rimur). Ho vert fest til kong Harald, men kjempa Kol krappe kjem og krev henne av far hennar, og gjev honom vaiet millom aa lata han faa dotteri eller verta drepen. Kol byd dessutan kong Harald holmgang. Ein mann som kong Harald sender for seg mot Kol, vert drepen, og Harald lyt so faa Sturlaug av stad til aa strida mot den faarlege kjempa; men fyrst maa han lova Sturlaug Aasa til kone. Sturlaug fær eit godt sverd av Vefrøyja, fostermor til Aasa, og med det sverdet feller han Kol.

Sidan lyt Sturlaug slaast med Fra(ð)marr, bror aat Kol. Det gjeng som fyrre gongen: han fer til Vefrøyja og raadfører seg med henne, og det er mykje med dei same ordlagi at den nye holmgangen er fortald, men denne gongen etidar det med at Sturlaug og Fraðmarr vert fosterbroder. — Fraðmarr møter me att i Ketill hængs saga. Han kjem til Ketill og bed um dotter hans, og daa ho ikkje vil hava han, so byd han Ketill holmgang. Endaa det ikkje beit jarn paa Fraðmarr, so fær Ketill likevel drepe han med sverdet Dragvendill, som han hev teke av Guse finnekonge.

I visa um Ormaalen, men ikkje i rimurine, finst det draget at risen spør um Ormaalen hev Byrting:


"Høyre du, ungan Ormaalen
hot eg vi spyrje deg:
veit du noko um Byrtingjen,
du dyl han inkji fy meg!“
"Eg skò sverje eien ein,
aa eg skò sverje tvo:
inkji æ skarpan Byrtingjen
meiri paa denni jor.“


Dette hev visst stade i den soga, som ligg til grunn for visa; for det er eit drag, som er vanlegt i eventyr-sogone. Det finst t. d. tvo gonger i Sturlaugs saga starfsama. Kol krappe vil sjaa sverdet til Sturlaug, daa dei skal i strid, og Sturlaug syner han fyrst eitt sverd. Det er Kol ikkje rædd. Men so dreg Sturlaug sverdet Vefrøyjunaut, og daa Kol ser det, segjer han: "Hvaðan kom þér Véfreyjunautr ok eigi munda ek å holm við þik hafa gengit, hefða ek þat vitat" (Fas. III, s. 609). Det same segjer Fraðmarr, daa han er komen paa holm mot Sturlaug. — Ein merkeleg likskap med Ormaalen syner kap. 222 i Didriks saga. Der gjeng Sigurd svein og kong Didrik i holmgang, og Sigurd svein vil hava Didrik til aa sverja at han ikkje hev sverdet Mimung, nett som risen vil hava Ormaalen til aa sverja at han ikkje hev Byrting. Didrik sver at "eigi veit hann Mimungs odd fyrir ofan jǫrd“, nett liksom Ormar sver at "inkji æ skarpan Byrtingjen meiri paa denni jor“. Cfr. ogso Gunnlaugs saga ormstungu, kap. 7, og Floamanna saga, Fornsogur, s. 134.

Sidan baade rimur´ne og visa hev risen, maa den soga som ligg til grunn ogso ha havt han. Um ei kjempe som bergar ei kongsdotter fraa ein rise, fortel Saxo i dei norrøne sogone Grams saga (I, s. 26) og Haddings saga (I, s. 50). Elles plar det i fornaldarsogone vera ein berserk, som krev jomfrua. Men denne berserken er skildra sterk og vill som ein rise mest baade i sogone og i dei færøyske folkevisone (cfr. skildringi av Angantýr). Risen som belar, finn me att fleire gonger i folkevisone, t. d. i Raamund unge og det færøyske Jallgrims kvæði (Fær. kv., nr. 6); den fyrste av desse tvo visone byggjer paa ei fornaldarsaga, og den andre stend heile vegen eventyr-sogone nær.

Denne etterrøkjingi hev vist oss at Ormars saga maa vera ei nydikting, som er sett saman av drag fraa fleire fornaldarsogor, helst Hervarar saga og Sturlaugs saga. Aa lappa sogor saman paa den maaten er noko, som er sermerkt for den tidi daa den gamle norrøne litteraturen heldt paa aa bløma av. Det er ikkje gamall tradition desse sagaskrivarane auser or; det er litterære minningar dei liver paa. Det er difor det rimelegaste aa tru at det ikkje er munnlærde segner som uppsetjaren av Ormars saga hev bygt paa, men skrivne sogor. I same leidi peikar det at diktaren hev nytta so mange spreidde drag or sogone; noko er teke herifraa og noko derifraa; det er ingi heilstøypt forteljing, som med si poetiske magt hev kveikt diktaren upp til ei ny dikting. Dei namni som er laante, peikar og mot den skrivne soga; for dei er tekne fraa alle kantar og ofte fraa lite vigtuge personar i soga.

Fotnoter

  1. Tilburden med trælane, som gjer at ho gjeng til jarlen, stend i codex regius (Bugges utg., s. 311).
  2. Cfr. Gunnlaugs saga ormstungu, kap. 12.
  3. Innhaldet er meir umstendeleg attfortalt med mange citat i DgF. III, s. 775 ff.
  4. Det er vel ut fraa det aalmenne inntrykket av Ormars rimur at Mogk i Pauls Grundriss d. germ. Phil II 2 s. 727 set dei upp som døme paa rimur, "deren Stoff auf verlorenen gegangenen Fornaldarsogur Norðrlanda fusst und die uns daher diese indirekt ersetzen".