Norske trollvisor og norrøne sogor - Steinfinn Fefinnsson

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif


Norske trollvisor og norrøne sogor

Steinfinn Fefinnsson


av Knut Liestøl



I.


Visa Steinfinn Fefinnsson slik den er fremstilt i Norske folkeviser, utg. 1943. Illustrasjon: Gerhard Munthe (1849-1929).

Landstad gav ut tvo uppskrifter (A, B) av visa um Steinfinn Fefinnsson i sine "Norske Folkeviser" (nr. 4). Baae desse uppskriftene er truleg fraa 30- eller 40-aari. Dessutan hev Landstad i "Rettelser og Anmærkninger", s. 857, hermt 3 vers av ein tridje variant, og nokre variantar til einskilde vers hev han kome med i fotnotane til sjølve tekstene. Uppskrifti A er vel noko restituera; B er etter ein einskild kvedar. Seinare (i 50—60 aari) skreiv Bugge visa upp fleire gonger etter nokre av dei beste visekvedarane i Vest Telemarki.


C etter Hæge Aarmote, Mo.
D etter Ingjebjørg Sandvik, Mo.
E etter Jon Tarjeison Skaalen, Mo.
F etter Hermo Larsson Dalen, Mo.
G etterJorunn Bjønnemyr, Mo.
H etter Anne Lillegaard (?), Laardal.
I etter Steinar Knutsson Gibøen, Rauland.


Hans Ross skreiv óg upp etter Hermo Dalen baade i 1869 og 1874. Bugges uppskrift av Hermo Dalens version er prenta i "Norske folkevisur" utgjevne av Rikard Berge, nr. 3; uppskrifti aat Ross etter same kvedaren er prenta i "Norvegia" II, s. 64 ff.

Moltke Moe skreiv upp etter Hæge Bjønnemyr, dotter av Jorunn (i 1891). Den uppskrifti (J) er prenta (med variantar fraa Bugges uppskrift etter Jorunn) i "Norvegia" II, s. 284 ff.

Alle uppskriftene av visa er fraa det 19de hdr., og alle er fraa ei skarpt avgrensa landvidd i Vest-Telemarki. Landstads tekster er ikkje heimfeste, men dei og maa vera fraa Vest- eller Millom-Telemarki. Mest alle dei andre uppskriftene er daa, som ein ser, fraa Mo prestegjeld; berre tvo brot er funne utanfor, H og J. Til døme skal me her taka med Hermo Dalens version etter uppskrift av Ross:


1.
De va ein av komonmanne,
som kom so seint um kvelli:
"Bonden du laaner meg hus i naatt
ti turke mine felli(r?)“ -
— Ti hera vi ingjen dansen framføre —


2.
"Eg sko laane deg hus i naatt
ti turke dine felli(r?),
ha dit noko æventy
o seia meg um kvelli.“


3.
"Burte so æ mine systanne tvo,
eg kann ikki bære seia;
de æ meg fy sannheite sagt:
dei æ upp-aa Skomeheiar."


4.
"Kjend æ eg upp-aa Skomeheio
ikringum kvor den runni;
va eg so tamde mæ bogjen som du,
so ha’ eg dei silt longe funni."


5.
"Høyre du Steifinn Fefinnson
gakk du deg at Nipestein:
fy nora so fær du kvildinne,
fy sunna so fær du ei."


6.
"Høyre du Steifinn Fefinnson
gakk du deg at hestebaki,
so neggjar Soten skrymtinne,
se daa fær du Steifinn vakne."


7.
De va no Steifinn Fefinnson
gjekk seg at Nipestein,
fy nora so fekk ´en kvildinne,
fy sunna so fekk ´en ei.


8.
De va no Steifinn Fefinnson
gjekk seg at hestebaki;
so neggja Soten skrymtinne,
se daa fekk han Steifinn vakne.


9.
De va no gamle gyvremoiré,
ho ville paa steikjé blaase;
Steifinn han tenkte mæ sjave seg:
"no kjem e du væl ti maate!"


10.
Fram kom gamle gyvremoiré
ho ville paa steikjé skjera;
Steifinn tenkte mæ sjave seg:
"du biar fulli dera!"


11.
De va no Steifinn Fefinnson
utav haando skout,
skout han ti gamle gyvremoiré,
so grani ó ougo rout.


12.
"Kalt æ her upp-aa Skomeheiar,
vinden blæs av hari,
kvasse so æ desse jokletindanne,
fyk av fonno skari."


13.
De va no Steifinn Fefinnsonen,
lae paa pilé bjarte,
so skout ´n ti gamle gyvremoiré,
so odden den sto i hjarta.


14.
Fram kom adde smaatroddé',
dei tok daa ti aa fæle:
"Hot tru ok kos moiré felar,
mæ ho bankar so mæ hælo?"


15.
Fram kom adde smaatroddé,
gjore seg av eit gama:
"Hot tru okkos moiré felar,
ho fær ´ki kjeften sama?"


16.
De va no gamle gyvremoiré,
daa ho datt i hari:
"De hevner meg adde smaatroddé
alt ivi jupe dalar!“


17.
Fram kom adde smaatroddé,
dei kroup i kvor den runni;
Steifinn han hae ’ki mindre fy seg
hell femten i kvorjum skoti.


18.
De va no Steifinn Fefinnsonen,
tok han ti aa leiast:
"Hot tru her kom upp den klare sol,
her upp-aa dei Skomeheiar!"


19.
De va no Steifinn Fefinnsonen,
leiddest han aa skjote:
"Taki no den vene bruré,
som løype paa fimon foti!"


20.
So lengi sprang dei smaatroddé,
— dei ville den bruré taka —
ti dei bleiv i kampesteinar,
standande ner i dalar.


21.
So lengi sprang dei smaatroddé,
ti solé den skein i ougo,
daa bleiv dei i kampesteinar,
standande neri hougo.


22.
Aa de va no Steifinn Fefinnson
sveipte sitt hovu i skinn,
so gjekk han seg i bergi upp,
ti sine systar inn.


23.
"So myki hava de vuksi her
i denne maanas dag,
de kunna meg i dikkos ermanne bera
alt ivi dei jupe dalar?"


24.
" Vokstren hava me fengi,
aa styrkjen turve me adde,
men fann me rysens husketeine,
se daa si´ vokstren fadde."


25.
So fann dei rysens husketeine
aa stakk ´en i Steifinn´s serk,
so fekk ´en atte deires vokstr,
men alli so bleiv ´en sterk.


__________


Fleire av dei uprenta uppskriftene aat Bugge er rett gode (t. d. Ingebjørg Sandviks version). Alle uppskrifter samstavast i det store og heile, og denne sermerkte visa hev halde seg tolleg rein for samanblanding med andre visor. Det er helst siste luten um daa Steinfinn finn att systerne sine, som hev havt lett for aa falla burt; fleire av uppskriftene sluttar med striden med trolli. Dessutan er det noko vingl i fyrsten. I versionane aat Ingebjørg Sandvik, Jon Skaalen, Jorunn Bjønnemyr og Hæge Bjønnemyr er det Steinfinn som er gjesten, og verten gjev han raader til aa finna att systerne. I Landstads uppskrift A er gjesten ein framand som gjev Steinfinn raad um korleis han skal finna att systerne. Av dei andre versionane er det ikkje godt aa sjaa kven er vert og kven er gjest. Men i alle versionar er det Steinfinn som er bogeskyttaren; det er han som hev mist systerne sine og firm dei att. Her set me upp ei tavle yver alle versi i alle oppskriftene. Ved hjelp av dei prenta tekstene kann daa lesaren lett gjera seg upp ei meining um heile variantapparatet:


Illustrasjon til folkevisa om Steinfinn Fefinnsson. "Ved hjelp av dei prenta tekstene kann daa lesaren lett gjera seg upp ei meining um heile variantapparatet."


Utanum Vest Telemarki er visa berre funni i Sverike ein einaste gong. I Arv. Aug. Afzelius, Svenska folkets sago-häfder, I, s. 33, stend dette: "Wi willja anföra en af de manga Norska wisorna i detta ämne, emedan den sjunges så wäl i Swerige som Norrige. Den handlar om en snäll bågskytt wid namn Steffe, som uppsöker sina bergtagna systrar:"


Steffe bodde ner wid strand, när wid hafsens ände;
borta wa´ hans systrar tre, dem han wäl månd’ hämne,
Ty hon bar sorgen.
Steffe han for werlden kring, efter sina systrar alt Ieta:
"Gack du dig till Uraman, ty han månd’ allting weta!“
Ty hon bar sorgen.
"Wänta du hemma i månar, och wäl i månader twå,
och skäfta pil och broddar, både stora och små!
Gack du dig på Skommons hög! Der står en kämpe-sten,
mot Norden skall du lägga dig, så ser du åt Resa-hem."
Steffe gångar på Skommons hög, sent om Thorsdagsqwälle;
der blef han war de resarne tre: de höllo den qwällen gille.
Steffe spände bågen sin, så wäl den gangen han sköt,
sköt han till den förste Jätten, så pilen i hans öga rök.
Och upp då stånda de resarne twå, niga med ögon hwarann.
"Ho sköt wår broder till skada? Månde han ock få skam!"
Steffe spände bågen sin, så wäl sin hand han förde,
sköt han till den andra Jätten, så pilen wid hjertat rörde.
Den tredje wille ej töfwa mer, till fjellet wille han lacka;
Steffe spände bågan sin: och mig lyster först med dig snacka.
Steffe tänkte då wid sig, döde wore trollen stygge.
Då kom der ur berget ut stora flockar, som myggor.
Han tog ej mindre för sig, än twå; de för hwart skott månd´ falla.
Hade det warit flera än, hade icke bågen hållit.
Steffe han går i berget in, genom porten den höga,
sitta der hans systrar tre, i guld som brinnande låga.
Det war då hans yngsta syster, röd som en ros i blomma:
"Hade du dröjt en natt eller tre, för sent hade du wal kommit."
- Ty hon bar sorgen.


Det er lett aa sjaa at dette er same visa som den telemarkske. Namni paa hovudmannen, Steinfinn og Steffe, samsvarar. Like eins namni Skomehei og Skommons høg. Baade Steinfinn og Steffe leitar etter systerne sine, som er innkvervde i berget. Baae raakar dei ein mann, som raader dei til aa gjeva seg tid og bu seg godt med piler. Sidan skal dei gaa til Skomehei, Skommons høg, og leggja seg ved ein stein. Der ser dei jøtnane, og baae skyt tri skot paa dei[1]. Eitt skot raakar i augo, eitt i hjarta. Jøtnane undrast paa koss det hev seg med denne skjotingi, og baade Steinfinn og Steffe talar til trolli fyrr dei skyt. Daa dei hev skote dei store jøtnane, kjem det ein heil flokk troll, og dei skyt mange av dei. Sidan gjeng dei inn i berget og finn systerne. Som ein ser, er det ei heil rekkje med serlege likskapar, og det er utenkjelegt anna enn at det er ei og same visa.


II.


Liksom visa um Aasmund Frægdegjæva gjeng "Steinfinn Fefinnsson" um ei ferd til trollheimen med det fyremaalet aa berga kvinnor som trolli hev teke. Som me veit, finn ein dette emnet ofte att i fornaldarsogor, og det ligg daa nær aa leita etter stydjepunkt for granskingi av Steinfinn-visa i fornaldarsogone.

Det som sermerkjer Steinfinn-visa framum dei andre trollvisone, er at Steinfinn hev nokre makelaust gode piler, som gjer det mogelegt for han aa drepa trolli. I dei andre trollvisone — og i eventyri — drep dei trolli med eit sverd, ei klubbe, eller dei vinn paa dei i fangtak og bryt hals eller rygg av dei[2]. Soleis er det oftast i fornaldarsogone og.

Men det er ein krins av fornaldarsogor, der det nettupp er tale um slike framifraa piler, som vert nytta i striden mot trolli; det er sogone um Ravnista-mennene: Ketils saga hængs, Grims saga loðinkinna, Orvarodds saga, Ans saga bogsveigis.

Ketill hæng kjem til jøtunen Brune, som gjev han nokre gode piler. Med dei pilene drep han bror aat Brune, finnekongen Guse, og tek av honom tri piler, dei vidgjetne Gusisnautar. Desse pilene hev Ketill jamt hjaa seg sidan, m. a. ein gong han skyt paa eit trollkvende, som skaper seg um til kval og kastar seg i sjøen. — Grim Lodinkinni, son til Ketill hæng, hev mist festarmøyi si Lopthæna; ho hev vorte forskapt. Ein gong det var uaar, drog han heilt nord til Gandvik. Han raakar tvo trollkonor, skyt den eine med ein Gusisnaut, og fylgjer etter den andre til helleren, og det endar med at han drep baade henne og foreldri hennar. — Aan bogsveigir fær ein dverg til aa smida seg fem piler. Dei skulde vera so laga, at ein kunde høva med dei ein gong kva ein vilde. Desse pilene kjem sidan vel med for Aan.

Alle desse tri sogone er yngre enn den fjorde: Fortællingen om Orvar-Odd, den mest vidgjetne av Ravnista-mennene. Aans saga er etter maal og innhald ei av dei yngre fornaldarsogone. (Derimot maa segnene um Aan vera mykje eldre enn den soga me no hev; for alt Saxo kjenner Ano Sagittarius og pilene hans). Orvarodds saga er ei av dei eldste. Grims saga og Ketils saga maa ogso vera uppsette etter at Orvarodds saga hadde fenge form. Um tilhøvi her hev Heusler og Ranisch greidt ut i "Eddica Minora", s. LXX. Dei viser at den eldre Orvarodds saga ikkje kjenner Ketils saga og Grims saga, og segjer paa ein stad imot dei. Dette fører til den slutningi at Ketils saga og Grims saga ikkje var til daa den eldre Orvarodds saga vart uppskrivi. Men no stend det i alle tri sogone ei rekkje med forteljingar som er so like, at det maa vera paaverknad fraa ei side. Det kann ikkje vera tvil um at baae dei andre sogone hev laant namni Hjálmr og Stafnglámr og striden med dei 12 berserkane fraa Orvarodds saga. Men daa maa dei ha laant dei andre forteljingane og. Det er soleis mykje trulegt at Ketils saga og Grims saga (som elles er ihopsett av drag or fornaldarsogor og eit styvmor-eventyr) hev vorte uppsette etter at Orvarodds saga hadde vorte til. Sovidt ein kann sjaa, vart dei fyrst førde i pennen av han som skreiv den yngre Orvarodds saga. Kanskje vart dei uppdikta som eit slag innleiding til Orvarodds saga, liksom Gautreks saga hev vorte til som ei innleiding til Hrólfs saga Gautrekssonar. Desse resultati er vel i det store og heile rette. Finnur Jónsson og Mogk meiner og at Orvarodds saga er eldre enn dei tvo andre og ei av dei eldste av fornaldarsogone.


Ekskurs. Eit sers merkelegt døme paa koss eventyrdrag kann glida inn i fornaldarsogone, hev me i Ketill hængs saga; det gjeld jamvel eit liknande motiv som det Steinfinn-visa er bygd paa. Ketill fer nordpaa. Han lid skipbrot, men kjem seg i land "ok hitti gǫtu ór fjörunni ok fann bœ; þar stód maðr úti fyrir durum ok klauf skið, hann hét Bruni; sá tók við honum vel. (-) Þeir gengu síðan inn; þar váru fyrir tvær konur; Bruni spurði hvárt hann vill liggja hjá dóttur hans eðr einsamann; hon hét Hrafnhildr ok var harðla stór vexti, ok þó drengilig; svá er sagt at hon hafði alnarbreitt andlit; Ketill kvaðst hjå Hrafnhildi liggja vilja." Den fyrste tidi torer ikkje Brune sleppa Ketill fraa seg "fyrir vetrarriki ok ilium veðrum: "en Gusi finnakonungr liggr úti á mǫrkum". Daa Ketill skal fara burt, gjev Brune han nokre piler "ok brodd einn, ok bað hann hans neyta, ef hann þyrfti í nauðsyn sina". Det gjeng ikkje lang stundi fyrr Ketill raakar Guse, og fær fellt han med den broddpili som Brune gav han. So tok han Gusisnautar av Guse. "Ketill fór aptr til Bruna ok sagdi honum hvat í hafdi gørzt. Bruni kvað sér nú nærri hoggit, at bróðir hans var drepinn; Ketill kvadst nú hafa unnit undir hann konungdóminn; sidan fylgdi Bruni honum i bygdina ok skildust þær með miklum kærleikum" (kap. 3). — Det er lett aa sjaa at dette heng saman med forteljingi um Orvarodd og Jólfr i Orvarodds saga (sjaa s. 72). Forutan likskapen i hovuddraget: at baade Odd og Ketill kjem til ein framand og fær seg piler som sidan kjem dei til nytte, er det og ordrett samsvar i sume mindre ting; t. d. at baade Odd og Ketill kjem til ein gard: der Odd kom "stóð maðr úti ok klauf skið"; og like eins "stód maðr úti fyrir durum ok klauf skið", der Ketill kom. Sidan Orvarodds saga er eldst, maa her og forteljingi i Ketils saga vera laga etter den. I minsto kann ho ikkje ha vore knytt til Ketill hæng fraa fyrsten. Det er urimelegt at Ketill fyrst skulde faa nokre piler som var so gode, at han med dei kunde vinna paa den faarlege kong Guse, som sjølv hadde dei vidgjetne pilene, og so sidan, daa han hadde drepe Guse, taka hans piler; sidan høyrer ein berre gjete Gusisnautarne; dei pilene Ketill fekk av Brune er som dei aldri skulde ha vore til. Der maa i Ketils saga vera ei samanblanding av fleire forteljingar. Røkjer ein nærare etter, vil ein sjaa at forteljingi i Ketils saga hev mykje meir av eventyret ved seg. Det maa difor vera sideverknad fraa eit eller anna eventyret, som hev skapt ugreida i Ketils saga. Dette eventyret er "Fugl Dam", i ei form som maa ha stade nær den velkjende i Asbjørnsen og Moes samling (nr. 3):

Ein konge miste dei 12 døtterne sine. Ingen visste kvar det hadde vorte av dei, men dei maatte vera tekne av eitkvart trollskap. Ein konge langt burti landi hadde 12 søner. Dei drog ut paa leiting etter kongsdøtterne, og siglde i 7 aar mest. Daa vart det ein dag ein sterk storm og slikt eit vér, at dei aldri trudde dei skulde koma til lands meir, og allesaman laut arbeida, so dei fekk ikkje svevn paa au go so lenge uvéret varde. Daa det leid paa den tridje dagen, la uvéret seg, og det vart blikstilt med ein gong. Alle var dei no so trøytte av arbeidet og av det harde véret, at dei sovna straks. Men den yngste kongssonen hadde ikkje ro og kunde ikkje faa sova. Medan han gjekk att og fram paa dekket, kom skipet til ei øy. Der gjekk det ein hund og knistra og let. Kongssonen prøvde aa faa tak i han, men hunden veik undan; kongssonen fylgde etter, og fyrr han visste ordet av, var han komen inn i eit gildt slott. Daa vart hunden med ein gong til ei fager prinsesse, og i benken sat det ein mann so stor og fæl, at kongssonen vart reint skræmd. "Du treng ikkje aa vera rædd," sa mannen, "eg kjenner til erendet ditt; prinsessone er hjaa husbonden min. No hev de siglt i sju aar, men de kjem til aa sigla i sju aar til, fyrr de finn dei. Du kunde gjerne verta verande her," sa han, "og faa dotter mi; men du maa fyrst slaa han i hel, for han er ein streng herre mot oss; me er alle leide av han, og naar han er daud, vert eg konge i hans stad. Men prøv no um du kann svinga sverdet!“ Kongssonen tok eit gamalt rusta sverd som hekk paa veggen, men kunde ikkje rugga det; men daa han hadde teke ein slurk av ei flaske, vart han so sterk, at han kunde svinga det som ingen ting. Trollprinsen gav no kongssonen gode raader, og segjer han koss alt vil gaa. Kongssonen drap trollkongen, og daa han kom attende, visste trollprinsen ikkje alt det beste han vilde gjera han, for di han hadde hjelpt han til aa verta konge.

Likskapen er stor all igjenom. Baade kongssonen og Ketill er ute og sigler. I soga kjem det ein kval og liver Ketill mot uvéret, til han kjem aat den staden der Brune bur. Eventyret fortel at kongssonen kjem til ei øy; der ser han ein hund, som lokkar han til slottet aat trollprinsen. Hunden er den umskapte dotteri til trollprinsen, likesom kvalen (med manne-augo) visseleg er den umskapte Ravnhild, dotter til Brune. Brune byd Ketill at han maa sova hjaa dotter hans, og trollprinsen byd kongssonen dotter si til kona. Brune hev ein bror Guse, som er konge; trollprinsen hev ein "husbond" (bror? far?), som er konge. Brune gjev Ketill vaapn, som han nyttår i striden mot Guse finnekonge; trollprinsen gjev kongssonen vaapn, som han nyttår i striden mot trollkongen. So snøgt Guse er drepen, vert Brune konge i hans stad; so snøgt trollkongen er drepen, vert trollprinsen konge i staden. Etter at Ketill hev drepe Guse, vender han attende til Brune, venskapen millom deim vert den same som fyrr, og dei skildest "með miklum kærleikum"; det same er fortalt um kongssonen og trollprinsen.

Ketils saga hev laant mest heile forteljingi fraa eventyret; berre raama er teki or Orvarodds saga, og høver ikkje heilt til eventyret. Denne etterrøkjingi hev daa atter gjeve eit prov for at Orvarodds saga maa vera eldre enn Ketils saga, for heile forteljingi um koss kjempa fær pilene, er meir upphavleg i Orvarodds saga. Der er forteljingi heilstøypt, og eventyret hev endaa ikkje trengt seg inn.


Den fjorde av sogone um Ravnista-mennene, Áns saga bogsveigis, hev ikkje større aa segja i denne samanhengen. Ho hev nok draget um dei framifraa gode pilene, men det er ikkje knytt til forteljingi um ei ferd til Trollheimen og strid med jøtnar; sjølve hovudmotivet i Steiniinn-visa er det soleis ingen ting av i Aans saga. Det er berre dei tri andre sogone som hev baade draget um pilene og forteljingi um ei ferd til Trollheimen. Ser ein no nærare etter, vil ein finna at det er formingi i den eldste og største av desse tri sogone, Orvarodds saga, som hev mest likskap med Steinfinn-visa. Det Orvarodds saga fortel er so:

Daa Orvarodd skal til Bjarmaland, fær han 3 piler "Gusisnautar" av Grim Lodinkinni, far sin. "Þær vann ek af Gusi finnakonungi, en þær munu sjálfar fljúga aptr á streng, ok alt munu þær hitta, þat er þeim er at skotit." (S, s. 25). Odd kjem til Bjarmaland og derifraa til Risaland. I Risaland skyt Odd "skógarbjǫrn einn mikinn". "Síðan lætr Oddr troða belginn ok spelkja, svá at hann mátti skjóta fram ór munninum, þó at hann stœði fyrir aptan; hann lét ok leggja hellu í munninn, svá at þar mátti lifa eldr. Síðan lét hann setja þat á hamar, þann er til lands vissi, ok horfði bersi inn á meginland." (S, s. 41).

Sidan kjem det ei trollkone og vil taka paa Odd.


Oddr gengr nú fram á bergit, þar sem dýrit stóð; hann tendraði þá eld í munni dýrinu, en síðan skaut hann ǫru í gegnum dýrsbelginn ok at henni flagðkonunni. Hon heyrði hvininn ok sá þá ǫrina ok brá við lófa sínum, ok beit eigi á heldr en steini. Hon mælti: "Meira mun við þurfa," segir hon. Oddr leitar nú at Gusisnautum ok skýtr þeirri sem inni fyrri; hon bregðr við hendinni, en ǫrin fló í gegnum lófann ok aptr í augat ok út um hnakkann ok aptr á streng. Hon mælti: ":Þetta var mér úgreiði, en eigi skal áfram at siðr." Oddr skýtr nú i annat sinn Gusisnaut, ok ferr á sǫmu leid. Gneip mælti: "Nú mun verða aptr at snúa, ok væri fyrr sæmra." Nú snýr hon aptr, ok þykkir þeim hon eigi vánum úgreiðara fara, ok er hon nú blind báðum augum.


Odd fylgjer etter Gneip til helleren og drep far hennar med ei pil (Gusisnaut). Det er mange jøtnar til stades; dei veit ikkje kven det er som skyt, men fyk upp og det kjem til slagsmaal millom deim. Odd snur attende til skipi.

Odd vankar vide ikring. Ein gong lenge etter Bjarmalandsferdi kjem han til Ungarn, og um det som dinæst hende han fortel soga:


Oddr snýr nú á braut af Ungaralandi ok ferr nú mǫrg lǫnd ok stórar merkr. Hann kom fram um síðir á Húnalandi; þar fann hann í myrk einni mikilli lítinn bœ, ok þar fýsti Odd at taka hvild. Hann hafði þá váskufl einn mikinn ok síðan yfir klæðum sinum ok yrvamæli sinn á baki en boga i hendi. Sem Oddr snøri at þeim litla bæ, stod maðr úti ok klauf skíð; sá var lítill vexti ok grár fyrir hæru. Sá heilsar hinum komna ok spyrr at nafni; hann kvez heita Víðfǫrull, "eða hvat heitir þú, karl? "Ek heiti Jólfr," segir karl, "þú munt vilja vera hér í nótt." "Ja," segir Oddr. Þeir gengu þá inn ok til stofu.


Odd gjev bonden ein kniv um kvelden. Um morgonen daa Odd vaknar, er Jólfr burte. Men kona segjer at mannen hennar vilde at Odd skulde venta paa han. Middagsbil kjem Jólfr heim.


Karl leggr á bord fyrir sik steinyrvar þrjár. Viðfǫrull seiliz til ok hyggr at; er þar vǫnduð mjǫk smíð á. Viðfǫrull mælti: "Áttu skeyti it goða, karl." "Já," segir hann, "væri sva vel, at þér þœtti, sem þú talar um, þá vil ek þér gefa." "Þetta er vel gefit, karl, en eigi veit ek, at ek þurfa at bera steinorvar eptir mér." Karl mælti: "Pat kann vera, Oddr! at þar dugi þessar ǫrvar, er eigi duga Gusisnautar." "Veiztu at ek heiti Oddr?" "Já," sagði karl." "Þá má vera," segir Oddr, "at þú vitir ok þat, er nú sagðir þú, ok skal at vísu þiggja orvar ok kunna þér mikla þǫkk fyrir." Oddr lætr þær nú í orvamæli sinn.


Sidan fylgjer Jólfr med Orvarodd til kongen i landet, Herraud. Der er Orvarodd um vetren. Kong Herraud skulde hava skatt fraa Bjálkaland; men kongen der, Alv, vilde ikkje leggja skatten. Baade kona hans, Gyda, og son hans, Vidgrip, var mykje trollkunnige. Kong Herraud hadde lova den fagre dotteri si, Silkisef, til den som kunde skattleggja landet att. Odd tek det paa seg og fær lov paa kongsdotteri.


Oddr helt þá herinum í Bjálkaland, en þeir feðgar fá njósn af; draga þeir þá lið saman, búaz til orrostu. Þeir senda menn til Odds ok hasla honum voll til bardagans. Eptir þat koma þeir þar hvárirtveggju. Álfr hafði lið miklu meira; tókz þar inn harðasti bardagi. Oddr var í ǫndverðri fylkingu sinni ok sá menn sína falla sem storð. Honum þótti orrosta sjá fara mjok undarliga, hann sá ok hvergi Álf bjálka né Víðgríp, son hans. Sá maðr var með Oddi, er Haki hét, hann var þjónustumaðr konungsdóttur, ok hafði hon fengit hann til fylgðar við Odd. Þat var mælt, at hann sæi jafnlangt nefi sér eða lengra. Oddr kallaði Haka til sín ok mælti: "Hverju gegnir, er menn mínir falla svá sem storð? ek sé eigi orrostu þessa svá hættliga." Haki segir: "Sér þú eigi, hvar þau fara þrjú saman, Gyða ok Alfr ok Víðgrípr, son þeirra?" "Já," segir Oddr "vist sé ek þau eigi." Haki mælir: "Sé þú undir hond mér þá. Oddr gørir nú svá ok þegar sá hann hvar þau fóru, ok fór Gyða fyrir ok veifði hondunum ok hafði blóðgar trefr, ok hvern er hon sló með, fell hverr dauðr niðr; alt þat er í nánd þeim fló, grjót eða ǫrvar eða ǫnnur vápn, þá brá hon við lófunum berum, ok beit aldri á. Beir Alfr ok Víðgrípr hjuggu til beggja handa, þau váru þá í miðri fylkingu. Oddr hann varð óðr við þetta ok hljóp frá Haka ok ætlaði at þeim, ok þegar þeir váru skildir, þá sá Oddr þau eigi. Oddr snøri þá aptr til Haka ok mælti: "Nú skaltu hlífa þér með skildi þínum, en ek mun leita at skeyti minu, ok svá gøra þeir. Oddr tekr nú Gusisnauta ok skýtr at Gyðu, hon heyrði hvininn ok brá við lófanum ok beit ei heldr en á hellu. Oddr skaut ǫllum Gusisnautum ok þar fellu allar í grǫs. Oddr mælti: "Fram komit mun nú þat sem Jólfr spáði, at farnir munu Gusisnautar, mun nú ráð at reyna steinǫrvar hans." Oddr tekr nú steinǫrina ok skýtr undir hond Haka ok at Gyðu. Hon heyrir hvininn ok bregðr við lófanum, ǫrin flýgr í gegnum lófann ok aptr í augat ok út um hnakkann. Oddr skýtr annarri, ok fór symu leið. Oddr skaut þá inni þriðju, ok kom sú á Gyðu miðja, ok þá fell hon þegar, ok er hon var dauð, þá sá Oddr þá feðga, en er Víðgrípr sá fall móður sinnar, þá hljóp hann fram ok barðiz alldjarfliga. Oddr hleypr þá móti honum, ok áttu þeir þá allharöa samkvámu, ok lauk með því, at Víðgrípr fell; Álfr bjálki flýði þá til borgarinnar. Var þá ok myrkt af nótt, ok skildi þá með þeim.


Sidan fór Odd til borgi og drap Alv med' "eikikylfa". So lagde han landet under seg, fór heimatt og vart gift med Silkisef.

Soleis er det fortalt i den eldste formingi me hev av Orvarodds saga, den som finst i det kongelege biblioteket i Stockholm, pergamenths. 7, 40 (S). Dette handskriftet er skrive paa Island i fyrstningi av 14de hdr. I seinare handskrifter er soga umarbeidd og interpolera fleire gonger. Forteljingi um striden med risane i Risaland er umlaga so, at tilburden med bjørnen hev vorte mistydd; i staden for at Odd og fosterbror hans, Aasmund, høyrer paa koss risane legg upp raader mot dei ein kveld berre, gjeng dei og høyrer paa dei tri kveldar, og fyrst den tridje kvelden fylgjer Odd etter til helleren. Det er lett aa sjaa at dette siste endefram er ei utviking av det fyrste. — Like eins er forteljingi um herferdi til Bjålkaland umarbeidd. Alv vert saara paa vigvollen, Gyda vert drepi andre dagen etter "í borgarhliðinu" med ein stein, ikkje med steinpilene. Sidan gjeng Odd ut paa vigvollen att og finn Alv, som hev lege der med ei pil i bringa og ei i kvart auga heilt fraa fyrre dagen. Odd tek so "eikikylfa" og slær han heilt ihel. Kanskje hev umarbeidaren tenkt som so, at det var det rimelegaste at Gyda, som var den mest trollkunnige, berga seg ut or den fyrste bardagen og soleis vart den siste og vandaste aa vinna paa. Um heile denne umarbeidingi gjev Boer nærare greide i innleidingi til Leiden-utgaava av Orvarodds saga.

Boer hev dessutan synt at heller ikkje S kann gjeva oss soga i sitt eldste skap. Han segjer:


Die steinpfeile, mit denen Oddr Gyða erlegt, sind nur eine wiederholung der Gusisnautar. Wie früher im riesenlande die gewöhnlichen pfeile vor Gneips und des riesen ausgestreckter hand niederfielen, so hier die Gusisnautar vor Gyöa; wie dort die Gusisnautar Gneip ins auge flogen und am halse wieder heraus, so hier die steingrvar. Die übereinstimmung ist wörtlich:


43—45: Hon heyrði hvininn
ok sá þá ǫrina ok brá við
lófa sínum, ok beit eigi á heldr
en steini...
Oddr leitar nú at Gusisnautum
ok skýtr þeiri sem inni fyrri;
hon bregðr við hendinni, en
ǫrin fló í gegnum lófann ok
aptr í augat ok út um hnakkann
ok aptr á streng.
1792—181: Hon heyrði
hvininn ok brá við lófanum,
ok beit ei heldr en á hellu...
Oddr tekr nú steinǫrina ok
skýtr undir hǫnd Haka ok at
Gyðu. Hon heyrir hvininn
ok bregðr við lófanum; ǫrin
flýgr í gegnum lófann ok aptr
í augat ok út um hnakkann.


Dass der verfasser sich selbst in solcher weise ausgeschrieben habe, ist kaum denkbar. Eher war es ein abschreiber, der an der geschichte im riesenlande gefallen fand und sie mit ånderen namen noch einmal erzahlte (Boer, Orv. saga, s. XXX).


Men, som Boer syner, so møter denne tanken store vanskar, for herferdi til Bjålkaland er so vel ihopvaksi med soga elles, at ein kann ikkje løysa henne ut or samanhengen. Det trulegaste er difor at det fraa fyrsten hev vore noko um ei herferd til Bjålkaland, men at dette sidan hev vorte uppskrøyvt med drag fraa ferdi til Bjarmaland, som alltid var den av Odds ferder som det gjekk mest gjetord av. Kanskje dei munnlærde forteljingane um Odd, som maa ha gjenge i seinare luten av millomalderen jamsides med den skrivne soga, hev verka paa dei seinare formingane av soga, so at forteljingane um ferdi til Bjarmaland og ferdi til Bjålkaland laante drag av einannan.


III.


"Hjalmars avsked av Orvar Odd efter striden på Samsö". Maleri av Mårten Eskil Winge (1866). Nationalmuseum.

Det er ei rekkje audsynte likskapar millom Orvarodds saga og Steinfinn-visa. For det fyrste den store likskapen som ligg i sameiningi av dei tvo motivi: striden med jøtnar, og tri skot med nokre framifraa piler som kjempa hev fenge og som skaffar han siger. Dinæst er det ei rekkje serlege likskapar i utformingi av einskilddrag. Endeleg er det sume ting som Orvarodds saga og Steinfinn-visa hev sams med andre forteljingar um strid med jøtnar, og som difor ikkje i seg sjølv hev so mykje aa segja, men som saman med alt det andre vert nye prov for skyldskapen millom soga og visa. Ketils saga og Grims saga hev ogso baade dei framifraa pilene og striden med jøtnane, men millom dei og Steinfinn-visa er det ingi serlege likskapar som gjev oss rett til aa sjaa nokon annan skyldskap enn den som ligg i det, at Orvarodds saga hev laant drag til sogone um Ketill og Grim; desse tvo sogone er typiske døme paa "den sæd vanlige lyst i de middelalderlige "fornaldarsagaer", æventyrsagaer, til at gjentage med smaa-ændringer — de samme begivenheder under nye heltes navne" (Axel Olrik); dei er ogso døme paa den regelen at den siste ættleden, der ætti naar høgmaalet, er den kjernen som ættediktingi samlar seg um.

Liksom Odd fór "mǫrg lǫnd ok stórar merkr" (S) fyrr han kom til Jólfr, og "liggr úti lengi" (M), soleis er Steinfinn lenge paa leiting; "for werlden kring" som den svenske visa segjer, medan den norske tek uppatt for kvart verset: "De va Steinfinn Fefinnsson som ette sine systane leitar".

Liksom Odd kjem gangande i uvérs-kufta si fram til ein gard og bed bonden um hus, soleis bed Steinfinn bonden um hus for natti til aa turka sine felder. Odd hev ""ǫrvamæli sinn á baki enn boga i hendi"; Steinfinn maa og etter samanhengen hava boge med seg.

Odd trur at han er heilt ukjend, og kallar seg Víðfǫrull. Steinfinn er kalla komemann. Dette er det gamalnorske kómumaðr, ein som er komen, gjest (= "hinum komna" i Orvarodds saga), og ordet merkjer Steinfinn som den ukjende; ordet er i gamalnorsk helst nytta um den ukjende gjesten (t. d. um Odin som kjem ukjend til Olav Tryggvason, Flat. II, s. 134); um den ukjende gjesten er ogso ordet nytta i ny-islendske eventyr (ísl. þj. II, s. 409). No syner det seg i Orvarodds saga, at Jólfr vel veit kven den framande gjesten er, og i Steinfinn-visa er komemannen ikkje so heilt ukjend endaa; for bonden segjer:


" Va eg so tamd’e mæ bogjen som du,
eg ha dei longe silt funne...“


og syner soleis at han kjenner til kor dugande ein bogeskyttar Steinfinn er.

Til dei fyrste versi i Steinfinn-visa finst det parallelar i andre folkeviser, der det er liknande situationar. Den svenske Essbjørn Prude och Ormen Stark byrjar so:


Essbiørn Prudhe och Ormen starch
Dricka vijn i Hall.
Kom en goder gångekarl,
Seent om juleqvälle.
"Sitt i freedh Esbiørn Frwekiempe,
Öfver brede bord,
Will du låhna mig huss i natt,
Så åstu kiempe godh."
"Herberg vill iagh låhna
Gångekarl och digh.
Men veslu något röda guld,
Döth skal du vijsa migh."


I den norske visa "Tiarmann i Stokkholmen" kjem den ukjende Erland fyrst til ein bonde:


De va unge Erland
rister paa frosen fell:
"Høyre du de, du spake bonde,
du laaner meg hus i kvell."


Sidan kjem han ukjend til syster si:


De va unge Erland
rister paa frosen vott:
"Høyrer du de, du vene viv,
du laaner meg hus i nott!“
(Folkeviser fraa Millomalderen, s. 68).


I ei uppskrift av "Heming og gygri“ (Jørgen Moe, Samlede Skr. II, s. 175 heiter det:


Heming gik i bjerget til storgjøgren ind,
hun kared varmen med næserne sine:
"Aa kjære min moder du laaner mig hus
at tørke vaade fellerne mine."


Som ein ser hev ingen av desse parallel-versi nokon sers likskap med Orvarodds saga. Dei viser oss berre at i Steinfinn-visa er forteljingi i Orvarodds saga støypt i dei typiske folkevise-ordlagi[3].

Liksom Jólfr bed Odd venta til han kjem att andre dagen og so gjev honom nokre piler, soleis gjev verten Steinfinn raad um korleis han skal gjeva seg god tid, so han kann faa seg piler som duger i striden mot trolli:


Du teke deg inkji anna fyri
i virkevikunne tvaa,
hell du læt dei kvasse pilinn
i mjøllo slipe aa slaa.
(Landstad A, v. 5).


Uraman segjer i den svenske formi:


Wänta du hemma i månar, och wäl i månader två
och skäfta pil och broddar, både stora och små!


Liksom Odd sidan dreg til Bjålkaland og skal slaast med trollkvendet Gyda og mannen og sonen hennar og heile fylgjet deira, soleis dreg Steinfinn til Skomeheii og slæst med gyvremori (dei tri jøtnane) og alle smaatrolli, so han kann faa berga syster si.

Liksom Odd lyt sjaa under handi paa ein av mennene sine, um han skal kunna sjaa Gyda, soleis lyt Steinfinn liggja under "hestebarkji (eller "hestabakji" um han skal kunna sjaa "skrimslet"[4]. Baae stadene hev me døme paa ei gamall tru um at ein kann sjaa yvernaturlege ting, naar ein ser igjen om eit hol. Dette holet kann anten vera naturlegt eller kunstigt. Ein kann sjaa gjenom eit hol i eit tre ("Elfenloch"), gjenom eit hol i ei planke etter ein kvist som hev dotte ut, gjeniom lykleholet i ei kyrkjedør, gjenom skokleauga, under armkroken o.s b.; like eins er det naar ein ser seg sjølv yver høgre aksli (cfr. at Hæge Aarmotes version fortel um Steinfinn at han "skaut ivi hær“). Men oftast finn me det fortalt so i norske segner, at ein mann er ute og køyrer med hesten sin. Hesten vert stansa av yvernaturlege vette, og mannen kann ikkje faa auga paa dei, fyrr han hev set under hovudlaget eller bøygt øyro saman, so det vert eit hol millom dei, eller set gjenom beisleringen eller under taumane eller millom føtene paa hesten. Det er desse siste maatane som er dei forvitnelegaste i denne samanhengen, og me skal difor taka eit par døme.

Ein mann vilde rida framum ein bakke ved Brandsnes i Søre Aundal, men hesten braastansa for han. Mannen lyfte upp taumane og glaapte fram under dei. Han saag eitkvart, men vilde ikkje segja kva det var. — Ein mann fraa Skofteland reid framum same staden. Han hadde ein gut bakpaa. Daa dei kom til bakken stansa hesten. Mannen hadde høyrt at naar ein saag under føtene paa hesten, kunde ein sjaa kva som var i vegen. Han gjorde so, og saag daa ein skræmeleg skapnad som heldt hesten i taumane. Daa han hadde sett seg paa att, sette hesten av stad i tanande flog. — Gamle Bjørn Fyglestveit kunde lang tid ikkje koma fram gjenom Saurdalen med hesten utan at han vart stansa. Det var lenge han ikkje skyna korleis dette, kunde hava seg. Men daa han ein gong vart stansa som vanleg, saag han gjenom beisleringen og vart var ein fælsleg trollskapnad som heldt hesten (Storåker og Fuglestvedt, Folkesagn, s. 17 og 20; cfr. J. Kamp, Danske folkeminder, s. 188 um aa sjaa "under bugen" paa hestane).

Steinfinn ligg "under sotehalsen", "under hestebarki" (-baki), "under folahalsi", og han ser vel anten gjenom beisleringen eller millom føtene. Og det er her som vanlegt at dyret er syne; det ser skrimslet og varslar Steinfinn, som so brukar raadi med aa sjaa gjenom holet og fær auga paa trollet han og. Det Orvarodds saga fortel um aa sjaa gjenom armekroken er bytt um med aa sjaa gjenom beisleringen eller under føtene, for di at Steinfinn ingen fylgjesvein hev, berre hesten hans er med. Men det er rimelegt at eit drag i Orvarodds saga fraa forteljingi um upphaldet i Risaland kann ha gjeve tilføret til avbrigdet i visa. Orvarodd skyt ein bjørn, flaar han og spilar belgen ut, so ein kann sjaa gjenom han endelangs. So set han belgen paa ein hamar, og daa trollkona kjem, skyt han "ǫru i gegnum dýrsbelginn ok at henni flagðkonunni". No hev fraasegnene um ferdi til Bjålkaland og ferdi til Risaland i stor mun runne saman, og det er kanskje nettupp dette um at Steinfinn ligg ved dyret og skyt paa trollkvendet, som hev gjort at den vanlege segni um mannen med hesten hev trengt seg inn i visa. - Liksom Odd skyt tri skot mot Gyda, soleis skyt Steinfinn tri skot mot gyvremori, eller, i den svenske formingi, eitt skot paa kvar av dei tri jøtnane. Det er ikkje godt aa vita um dei tri jøtnane berre er ei tiljamning etter dei tri pilene, eller um dei er eit minne um Gyda, Alv og Vidgrip.

Liksom Odd raakar i augo og so i hjarta paa Gyda, soleis raakar Steinfinn fyrst i augo og so i hjarta paa gyvremori.

Baade i Orvarodds saga og i Steinfinn-visa kjem motsetningi millom den heidne trollverdi og den kristne manneverdi tydeleg fram. Odd spottar æsene og bryt ned hovi. Steinfinn segjer til systerne sine:


Aa høyre de de mine systar tvo,
de teke ve kristeleg tru,
mæ eg gjenge meg upp paa land
aa fester meg stolte jomfru.
(Landstad, s. 857).


Systane gjenge ti kyrkja
taka ve den kristne tru,
Steinfinn reiser bergjo nor
aa hentar si unge brur.
(Landstad, A 23).


Av desse variantane ser me at liksom Odd vinn seg ei brur ved ferdi til Bjålkaland, soleis fer Steinfinn i "bergjo nor aa hentar si unge brur". Dette um den unge bruri kjem heilt uventa og ugrunna i visa. Ein ventar at kjempa hev løyst uppgaava, naar han hev berga systerne. Dette draget maa difor anten vera sett til etter andre visor eller sogor, der kjempa vinn seg ei brur or trollheimen, eller det er noko som hev kome med fraa Orvarodds saga[5], men som ikkje rett høver inn i det kunstverket visa er; det finst daa heller ikkje i dei fleste versionane.

Som me fyrr hev set, er forteljingi um Bjålkalands-ferdi i mykje laga etter forteljingi um Bjarmalands-ferdi, og dei tvo forteljingane hev visseleg blanda seg meir og meir i den munnlege traditionen, soleis at Bjålkalands-ferdi meir og meir vart umlaga etter forteljingar um ferder til trollheimane.

Det var i forteljingi um Bjålkalands-ferdi altfor mykje som minte um strid med jøtnar til at ho kunde halda seg i sitt gamle skap noko bil. Me ser i minsto at Steinfinn-visa hev gjort Bjålkalands-ferdi til ei ferd til trollheimen, og det var ikkje anna ventande. Men det er no uraad aa vita kor mykje av samanblandingi er gjort av diktaren og kor mykje var gjort fyrr. Det me no kann gjera, er aa peika ut dei dragi i Steinfinn-visa, som maa ha upphavet sitt i forteljingi um daa Odd var i Risaland.

Odd kjem til Risaland, liksom Steffe i den svenske formingi "ser åt Resa-hem". I Orvarodds saga talar risehovdingen til dei andre risane, og fær trollkvendet Gneip til aa draga ut mot Odd og fylgjet hans. Ho gjer det, men Odd skyt ei pil i kvart av augo hennar; sidan skyt han mor hennar óg. — I Steinfinn-visa (Landstad A, v. 11) talar gyvre-mori til Skomeskjessa og bed henne gaa ut og skjera ei steik aat henne; Skomeskjessa gjer som ho er bedi, men vert skoti. Sidan gjeng gyvremori sjølv ut, men det gjeng like eins med henne.

Liksom Gneip ikkje vyrder det fyrste skotet, som raakar henne i augo, soleis trur gyvremori at det berre er hardt snøfok daa Steinfinn raakar henne i auga med pili (det "fyk av fonno skari").

Odd høyrer korleis jøtnane talar um at Gneip er raama av piler, liksom dei tvo jøtnane i den svenske formi av Steinfinn-visa talar um kven det kann vera som hev skote den tridje, bror deira, og liksom smaatrolli i den norske visa undrast paa dei jokle-pilene, som er skotne under heidi slett (Ld. A, 18).

Liksom det i Orvarodds saga er ei mengd risar til stades daa mor til Gneip vert skoti, og det vert stort leven etterpaa, soleis kjem det i Steinfinn-visa ut ei mengd med troll og undrar seg yver korleis det hev seg med gyvremori. Denne forsamlingi av risar hev vorte til eit rise-gjestebod i den svenske visa, ("de höllo den qwällen gille") i likskap med andre risegilde i norrøn bokheim.


IV .


Orvarodds saga er grunnlaget for Steinfinn-visa. Det er likevel ymist i visa som ikkje let seg tyda ut fraa den norrøne soga, men som knyter seg til norske eventyr og segner eller til andre folkevisor. Smaatrolli møter me i fleire visor baade norske og færøyske. Venill fruva fer heimatt fraa Juskeheidi i ein baat, og ho ser smaatrolli:


Um so tala smaatrolli
paa neso der dei sat.


Unge Raamund er komen til berget:


So hoggje han Trugjen Ubli svein,
so han datt dau ti jor,
aa sea alle smaatrolli,
so skuva han baaten paa fjor.


Det smaatrolli segjer i Steinfinn-visa, finn me og att i visa um Heilag Olav og trolli:


Til tess svaraðu tey smáu tröll,
hildu sær at gaman:
Hvat man breka móður vári
hon fær ikki kjaflin saman.


Stor likskap med draget i Steinfinn-visa um det store trollet som vert skote og alle dei smaatrolli som kjem ut etterpaa, finn me i ei folkesegn hjaa Asbjørnsen (Huldreeventyr II, s. 262 f). Daa svartesmeden hadde drepe Lundemyrstrollet, saag han at det let seg upp sju gloande jarnportar i fjellet burtanfor fjorden, og ut av dei krudde det so mange smaatroll, at det kom veltande eit heilt stim, og alle bar dei seg ille og skreik: "No æ han bestefar dau, no æ han bestefar dau!" og so tok dei han millom seg og bar han inn gjenom den største av jarnportane.

At Steinfinn lokkar trolli til aa vera ute, er eit velkjent eventyrdrag. At trolli vert til stein i soli, finn me alt i den norrøne litteraturen: Rimgerd vert til stein i kvædet um Helge Hjorvardsson, Tor narrar Alvis til aa tala med seg til soli renn og han vert "daga uppe". (Cfr. Grettis saga, 1853, s. 152). I ny-islendske segner er det same fortalt um "nátt-tröll" (ísl. þj. I, s. 207 if.). I segni um "Hallgerður á Bláfelli" segjer ein til trollkona: "Líttu til austurs; þar riður maður á Ijósum hesti." Kerlíng gjörði svo; en þá Ijómaði dagur og varð kerlíng að steini" (Isl. þj. I, s. 159). — I den færøyske eventyr-visa um Gongu-Rolv segjer Rolv til risen:


Tá ið tú kemur mitt á leið,
tú lit teg upp í eystur,
har manstú tá drottning sjá,
hon gevur tœr fullgott treyst.
Risin leit í sólarmagn,
hann náddi ikki framm at ganga,
stendur í miðjum Islandshavi,
merkir stóran dranga.
(Fær. kv., s. 139, v. 91, 92).


I nokre norske eventyr kjem det same att. T. d. i Herreper (N. F. L, nr. 28). Katten hefter trollet med rødone sine. Med det same so rann soli: "Sjaa deg um, skal du sjaa den vene fagre jomfrua attum deg!" sa katten til trollet. So snudde trollet seg, so fekk det sjaa soli og so sprakk det." Sjaa ogso variantane til dette eventyret i 2. utgaava (1852), s. 430 if., og eventyri "Kjetta fyre jarngrindi" og "Guten med braudleiven" i Lølands eventyrbok, nr. 13 og 60. — Kiles er dette draget vidgjengt, sjaa Feilbergs Jyske ordbok under artikelen sol.

I v. 23—25 i teksti ovanfor finn me ein samtale millom Steinfinn og systrene hans etter han hev raaka dei att. Han undrast yver kor mykje dei hev vakse; dei kann bera han heimatt i ermane sine. Dei meiner at fann dei berre risens "husketein", so skulde "vokstren fadde". Dei fann husketeinen og lagde han i Steinfinns serk, "so fekk han att’e deires vokster, men alli so bleiv han sterk." Som ein vil sjaa av yvérsyns-tavla, hev Ingjebjørg Sandviks og Jon Skaalens versionar dei same versi (23 i Ingjebjørg Sandviks version er berre parallel-vers til 22 = 23 her ovanfor). I Hæge Bjønnemyrs version er det berre eitt vers att av denne episoden (= 24 ovanfor).

Landstad A hev desse versi:


"Snille æ de mine systane tvo
aa snilt so hava de vaksi.
heimatte lyte de bera meg
uppaa dikkons akslir."
"Vekstren hava me fengji,
men avlen vantar hon alle,
fann me jutulens husketein,
so snegt sille vekstren falle."
So fann dei jutulens husketein
dei stakk uti Steinfinns serk,
ha ’en havt vekstren fer alle dei
uti avlen va han dei sterk. (?)


I dei andre versionane vantar dette draget um at systerne til Steinfinn hev fenge slik kjempevokster, og det er greidt aa sjaa at kvedarane ikkje hev skyna det heilt. Det er tale um ein husketein, som gjev evna til aa veksa seg stor. Dette "husketein" er visseleg som Moltke Moe hev tenkt seg (Norvegia II, s. 68 og 287) eit gn. óskateinn, ynskjestav. Oskateinn vilde i Telemarki verta usketein; sml. "uskedaue", ynskjedaude, daude som ikkje vekkjer sorg, og "uskeleg", ynskjeleg. Osk (tysk Wunsch) hev havt sideformi *úsk, liksom det neittande ó (tysk un) hadde sideformi ú. Ein h i framljod vert ofte sett til i folkevisene; Hisland skifter med Island, Hasaliborgji med Asaliborgji o. m. sl. Kvedarane hev ikkje skyna ordet i den seinare tid, so det lett kunde verta forvendt, men meiningi med denne teinen ser ein so nokolunde av samanhengen. Endaa eg ikkje kann peika paa noko som er heilt parallelt med dette um husketeinen, so er det tydelegt eit eventyr- og fornaldarsaga-motiv. Troll og bergfolk i det heile plar hava ymse vedunderlege ting. Det er t. d. eit vanlegt eventyrdrag, at den guten som bergar jomfrua, fær seg ein drykk i berget, og daa vert han so sterk, at han lett kann svinga eit sverd som er so tungt, at han ikkje kunde leda det fyrr. Nærast ved Steinfinn-visa ligg ei forteljing i Sturlaugs saga starfsama, kap. 16. Sturlaug gjer ei ferd langt mot nord. Der "i Austrvik", raakar han eit jøtunkvende, og ho gjev honour ein atgeirr, som ein kann gjera so liten, at ein kann "nista honum í klæði sem dragnál". Seg sjølv kann ho gjera større eller mindre etter som ho vil ("nú þrútnar hon i vexti mjyk"), og det er noko som ein ofte finn fortalt um jøtunkvende. I Haddings saga hjaa Saxo segjer Harthgrepa: "Bry deg berre ikkje um at eg ser ut til aa vera uvanleg stor, for eg kann etter eige tykkje skapa meg baade høg og laag, tjukk og tunn, lang og breid. Snart kann eg gjera meg so høg, at eg rekk til himmels, snart sig eg atter saman og tek manneskap paa.“ Jøtunkvendi i islendske eventyr, i fornaldarsogor og norske folkevisor kann skapa seg um til fagre kvinnor. Evna til aa gjera seg store eller smaa hev ogso mange andre slag vette t. d. bytingar, djevelen, "die Trude" (Tirol), Frau Holle osb. (Sjaa Laistner, Ratsel der Sphinx II, s. 304 ff.).

Ogso um menneskje som kjem til jøtunverdi, er det fleire gonger fortalt at dei vert større og sterkare medan dei er der. I den islendske segni um Loppa og Jón Loþpufóstn stend det (ísl. þj. I, s. 192), at daa Jon hadde vore i helleren ei tid, var han so "þúngur orðinn að hann var óbæi hverjum hesti". Ein mann Gissur fór til skessan Þjóöbrók "og var hjá henni mánaðar tíma; þókti henni hann ofsmávaxinn til að eiga svo stórfeingiliga konu sem hun var, og togaði hann því mjög, svo hann var miklu hærri en áður (ísL þj. I, s. 192). — Cfr. ogso segnene Trunt (ísl. þj. 1, s. 193) og Málmeyarkonan (ísl. þj. I, s. 516). — I Sturlaugs. saga starfsama trivlar Véfreyja kring Sturlaug, og magti hans aukar mykje (Fas. Ill, s. 605). Jfr. Hauk Hábróks saga, der Heid trivlar paa Hauk og Vigard.

Som ein ser botnar draget um husketeinen i ei gamall tru, og det er visseleg upphavlegt i visa.

Til slutt stend det att aa umtala sjølve raama for Steinfinn-visa. - Steinfinn er eit namn som er rett vanlegt i millomalderen; me kjenner det fra a Island, Norig og Sverike; fraa Island alt so tidleg som 10de hdr. I Norig finn me Steinfinn-namnet fraa I2te til 17de hdr. I diplomi er der fraa dei ymse kantar av landet ei heil rekkje menn av namnet Steinfinn (fraa Gudbrandsdalen, Opplandi, Ryfylke, Bergen, Nordfjord, Orkedal). Namnet Fefinn møter me ikkje andre stader enn her i visa. Det tyder vel "den rike Finn"; ein kann jamføra med namnet Fé-Gylfi paa Malsta-steinen i Helsingland (etter upplysning av Sophus Bugge til Moltke Moe). No galdt finnane for aa vera sers rike, og dei hadde ord for aa vera gode bogeskyttarar; kanskje diktaren hev tenkt seg Steinfinn som son aat ein finn, og at han budde langt mot nord. I Volundskvædet held Volund, Egil og Slag finn til i Ulvdalane langt mot nord og er gode veidemenn. Men anten no diktaren hev tenkt seg at Steinfinn budde langt mot nord eller ei, so gjeld ferd i her ein stad langt mot nord: Skomeheidi, den myrke heimen der trolli held til, det som i andre visor er kalla jaamehei, juskehei, joklehei o.l.

Grunnen til at Steinfinn gjer ferdi, er at han vil leita etter systerne sine, som han hev mist og som trolli hev teke. Dette er eit eventyrdrag, som hev trengt seg inn baade her og i andre folkevisor. Eit eventyr som stend nær ved raama i Steinfinn-visa er det svenske "Ole Lur" (Runa 1844, s. 98), Ole hev mist dei tri systerne sine. Dei er bergtekne, og han dreg ut paa leiting etter dei. Han slæst med jøtnar og drep dei. Han fær tak i eit par vedunderlege handskar av "en gumma"; dei er so laga at naar han segjer: "Ta i!" vert han overlag sterk. Med dei handskane læser han seg inn i berget og friar systerne. — Det norske eventyret "Svarteliten" (Lølands eventyrbok, s. 199) fortel um ein gut, som leita etter syster si. Han hadde med seg ei bikkje, ein rev, ein ulv og ein bjørn. Dei kjem til gygregarden, drep gygri, leitar so i gygregarden og guten finn syster si. — Det same eventyret fortel Haukenæs: "Natur, folkeliv" etc. II, s. 233 (Askepotten og hans tjenere), berre at der er det "bergarisen" ikkje gygri som hev teke systeri. Eit uprenta eventyr i Jørgen Moes samlingar: "Om Askefisen som frelste søster sin" samstavast med "Svarteliten"[6]. Fraa eventyri hev draget um systeri som er burtstoli til trollheimane kome inn i visa um Gange Rolv (Fær. kv. nr. 16, Landstad, nr. 5, DgF. 41). Gange-Rolv leitar etter syster si, som er røva av trolli, finn henne att hjaa jøtunen Rosmar, og fær berga henne. — I visa um Villfar og Sylvklar (Landstad, nr. 55) leitar Villfar etter syster si og finn henne att hjaa havfrua.


V.


Steinfinn-visa er ei umdikting av ein bolk i Orvarodds saga med ei eventyr-raame og nytt namn paa hovudmannen. Ho byggjer paa ei form av Orvarodds saga der forteljingane um Bjarmalands-ferdi og um Bjålkalands-ferdi hev runne meir i hop enn dei hev gjort i den eldste forming! som me no hev av soga. Det kann heller ikkje ha vore nokor av dei yngre formene me no kjenner, men ei serskild norsk form. Men hev me no noko vitnemaal um at Orvarodds saga var kjend i Norig?

Alle granskarar er samde um, at Orvarodds saga byggjer paa norske segner. Boer trur at segnene hev vakse seg fram paa Haalogaland, Finnur Jónsson og Mogk trur at dei høyrer heime paa Jæren. Dette siste er visseleg det rette. Heile raama kring Orvarodds saga er knytt til Jæren (Dalane): der voks han upp, der fekk han sin bane, der er han hauglagd. Eit vers i soga nemner Oddr af Jaðri, og Saxo talar um Jathriæ regulus Oddo. Og framum alt: i Dalane hev segnene um Orvarodd livt heilt til vaar tid. Me møter dei fyrst hjaa Torfæus (Hist. Horv. I, s. 274). Hans Ross fann segni um "Odd og Fakse" i Heskjestad. Odd segjer til slutt: "Fakse, du blei rett min bane!"

I "Aftenposten" for 16. dec. 1872 les ein dette:


Et sagn fra Stavangerkanten


Fra Soggendal skrives til "Stvg. Amtd." at det i Soggendal hjemmehørende dampskib "Fiskeren" vil blive omdøbt til "Kong Odd". Vil nogen spørge, hedder det, hvem "Kong Odd" var for en, hvis navn opkaldes i dette dampskib, da fortæller sagnet og enkelte upaalidelige historier, at han var født ved Næsvaag her i prestegjeldet og boede som konge paa den nuværende gaard "Berglund" forhen "Berurjoðr" og har rimeligvis været en næskonge. Han skal have eiet en hest kaldet "Faxe", hvorom var spaaet at den skulde blive hans død eller bane. For at spaadommen ikke skulde opfyldes, lod han den skyde i hjel ved et kjærn paa Berglund, der den dag i dag kaldes Faxehjem. Efter den tid skal han have i flere aar faret om som viking paa søen og atter landet ved Næsvaag, derpaa gaaet op 1/8 mil til Berglund og ved Faxehjem have fundet hjerneskallen af den skudte hest. Idet han med føden sparkede den ud paa vandet, kom en giftig orm, som laa skjult i den ud, stak ham i foden, og dette blev hans bane. Han vilde ugjerne dø; men da der ingen redning var for ham, bad han, at man vilde begrave ham paa et sted, hvor han kunde høre hanegal, klokkeslag og søbrag. Det bekvemmeste sted dertil fandt man at være "Oddsfjeld", hvor der endnu sees oldtidsminder. Enhver reisende med dampskibet, der forbifarende har interesse af at mærke sig fjeldet, da er det et lidet, steilt til den aabne sø i den østre ende af de saakaldte Vaagene, østenfor gaarden Næsvaag, 1/4 mil vestenfor indløbet til Rægefjord. Fjeldet er ikke høiere end de andre smaa langs kysten; men paa dets top staar en liden varde. For flere aar siden blev en gravhøi paa toppen opgraven, den var omgiven af en stenhob, men saavidt vides fandtes intet videre. Der skal saaledes en konge ligge begraven.

I si bok "Fra Dalene" (s. 73^75) fortel Løwold segn i um Odd, og segjer at han hev gjenge etter "mundtlige traditioner" og. Han nemner at i 1844 vart haugen til Odd utgraven av pastor N. B. Aall.

Det er Sørlandet som hev gøymt minni um Orvarodd. Ved havstrandi i sudvest hev dei halde uppe segnene um han. Der hadde dei sans for gamall segn og dikting, og var ikkje so fatige paa folkeminne som mange hev trutt. Paa Lista var det vel at Vibeke Bild fekk kjennskap til sine norske visor. Til Spangereid hev segni um Aslaug Kraaka fest seg. Herredags-visa fraa Lista nemner baade Siuran Svend, Kappan Tor og Osmund Flagdekiempe, og hev ein strid med trolli, som minner um liknande strider i færøyvisor. Fraa visa um Rolv Gangar hev namni Bukkebjørn og Elvestein kome inn i ei bygdesegn um nokre gardar i Manndalen. — I Telemarki hev dei visseleg fraa gamalt kjent til segnene um Orvarodd. Braavallakvædet, som truleg er dikta i Telemarki, nemner Oddr Víöforli af Jaðri (Axel Olrik i Arkiv X, s. 250 f.). Og Telemarki hev æra av aa ha skapt noko nytt paa den gamle grunnen. Fraa Telemarki, og berre fraa Telemarki, kjenner me Steinfinn-visa. Der er det og ho er funni den andre visa, som paa ein eller annan maate heng saman med Orvarodds saga: "Kong Eirik og blakken". Denne visa fortel, liksom Orvarodds saga, at ei kvinne spaar helten at hesten der paa garden skal verta banemannen hans. Liksom i Orvarodds saga vil helten røma undan lagnaden sin med aa draga utanlands. Liksom i Orvarodds saga er han burte lenge og kjem so attende til heimstaden, men blakken vert likevel orsaki til dauden hans. Dei fleste avviki fraa soga som ein finn i visa, er ei fylgje av yvergangen til vise- form. Det er jamlaging med andre visor ("Harpens kraft") og innføring av vanlege episke flogvers og faste ordlag og vendingar.

I den forvitnelege utgreidingi um "Navnet "Alv i Odderskær" i folkevisen om holmgangen paa Samsø"( Afhandlinger viede prof. dr. Sophus Bugges minde, s. 20 ff.) kjem Karl Aubert til den endskapen "at denne vise har havt den norske sagnhelt Orvarodd eller Odd som midtpunkt". Han meiner at Alf i Odderskær er ei forvending av Oddr i Elfarsker, og trur at visa hev gjenge urn tvo hendingar i Odds liv: hans strid mot Ogmund Øytjovsbane i Elvarskjer og hans strid mot Arngrimssønene paa Samsøy. "Denne vise blir da nærmest at sidestille med endnu bevarede norske viser om sagnhelte som Aasmund Frægdegjeva, Kappen Iddugjen, Hermod unge, Raamund" den unge o.s.v."

"At man i Danmark bare har bevaret den del av visen, som fortæller om en kamp som har staat paa dansk jordbund og tilmed var saa vide berømt som holmgangen paa Samsø, er ikke andet end naturlig."

Det ser etter dette ut til at Orvarodds saga hev gjeve emnet til ikkje mindre enn tri visor. Ser me no desse visone og segnene um Odd under eitt, finn me at den norske traditionen spanar yver største luten av den gamle soga.

Fotnoter

  1. Dette med dei tri skoti hev vorte noko ugreidt i dei norske uppskriftene. Det er berre minne um tri-talet, t. d. Landstad, s. 857 "han la' paa trea streng".
  2. I Brúsajökils kvæði A 59—60 (Fær. Kv. I, s. 90) prøver Ormar med piler, men faafengt: han skyt paa katten, mor til Brúsajökil, men ho tek imot pilene med kjeften og bit dei av.
  3. Verten segjer til Steinfinn:
    Eg sille laane deg hus i nott
    aa turke dine felli,
    ha du noko æventy
    aa seia meg um kvelli.
    "Æventy" stend her i den gamle tydingi: livshending, forteljing um røynlege eller uppdikta hendingar. Dette hev ikkje noko tilsvarande i Orvarodds saga, men botnar visst i ein gamall skikk, som me kjenner fraa dei gamle normannane i Normandi, og som dei truleg hev teke med seg fraa Norig: kvar nykomen gjest skulde fortelja verten sin ei soge eller kveda han eit kvæde:
    Usage est en Normandie,
    que qui herbergjé est qu’il die,
    fable ou chanson a son hoste.
    (Fabliau du sacristain de Cluny, citera etter Annaler 1851, s. 142; cfr. Munch, Det norske folks hist. I 1, s. 682). Gísli Brynjúlfson fortel at dette er enno skikk uppe i landet paa Island (Annaler 1851, s. 142).
  4. Léon Pineau, Saxo Grammaticus, s. 40 f. jamfører verset:
    "Du legge deg under folahalsi
    aa ser deg ut so vie,
    nær folen neggjar som skrømtinne ser
    so maa du hasteleg rie..."
    - med den raadi som Gevar gjev Høder daa han skal fara til Miming og faa tak i det gode sverdet som han kann drepa Balder med: "lubet itaque, cervis jugalibus currum instruat, cujus celeritate eximio gelu rigentia iuga transcendat. Quo cum pervenerit, tabernaculum suum ita a sole aversum constituat, ut umbram specus, cui Mimingus assuevisset, excipiat, nec ipsum mutua tamen obumbratione contingat, ne Satyrum insolitæ obscuritatis jactus exitu deturbaret" (Muller, Saxo I, p. 114).
  5. Odd skal faa Silkisef til løn for ferdi til Bjålkaland.
  6. Ei sermerkt forming av det same eventyret finn ein hjaa E. T. Kristensen, Jyske Folkeminder V, nr. 36: "Bjærgmandens banemand".