Billeder fra Jondal

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk.gif


Billedarkiv

Billeder fra Norge

Jondal
(Jondal kommune, Hardangerfjorden i Hordaland)



Helleristningene i Herand

Helleristningene i Herand består av rundt 150 jordbruksristninger på Bakko ved tettstedet Herand i Jondal kommune, ved Riksvei 550 til Utne. Helleristningsfeltet er antatt å være fra yngre bronsealder (1100 – 500 år fkr).

Fra informasjonsskiltet på stedet: I Kalhagen på Bakke er det registrert i alt 85 figurar som er rista inn i berget. Her er skip, ringar og geometriske figurar og - ulikt det ein elles brukar finna på vestnorske helleristningar - ei mengd menneske. Heile 23 menneskefigurar er funne på bergflatene her. Figurane har sitt opphav i den jordbrukskulturen som var rådande i Noreg i bronsealderen (1800 f.Kr. - 500 f.Kr.) og har truleg vore del av ein kultus for sol og grøderikdom. Bergbilete av denne typen vert gjerne kalla jordbruksristningar, og vi finn bilete med liknande motivgrupper spreidde over heile Europa. Kan hende vart rankar og tru formidla langs bronsealderens handelsvegar og sjøruter. Bergbileta handlar om bronsealdermenneska si tru og kunnskap, deira tankar og kjensler. Helleristningane er såleis ikkje berre avbildingar av liv og landskap i tidlegare tider, men og symbol med abstrakt kultisk innhald. Kan hende har dalsøkket her på Bakke, med varm god jord, vore ein heilag stad brukt til kultiske handlingar gjennom heile bronsealderen.

Koordinater til Helleristningene i Herand


Jondal

Akkjerhaugen i Jondal sentrum med flott utsikt, bronsealderrøys og minnebauta.

Koordinater til Akkjerhaugen


Årsand

Om lag 25 kilometer frå Jondal sentrum ligg Årsand. Der innmarka endar, om lag 250 meter nord for gardstunet, finn vi ein attraksjon som har fått karakteristikken «eitt av dei merkelegaste fornminna i heile Hordaland»: Ein utoverhengande bergvegg formar ein grunn heller som vert kalla Geithidleren. Her er det måla figurar på berget; hjulkrossar, sirklar, trekantar, firkantar, krossar og punkt, menneskefigurar, og det er og mønster som ikkje gjev meining for oss. Dei fleste fagfolk som har granska bergmålinga, meiner ho bør daterast til denne bronsealderen. Ifølgje kjelder som mellom andre Kulturhistorisk vegbok har det for kanskje så lenge som 3000 år sidan, vore ein heilagdom for gudsdyrking, tilbeding og kulthandlingar.

Koordinater til Geithidleren