Billeder fra Ølen

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk.gif


Billedarkiv

Billeder fra Norge

Ølen
(Vindafjord kommune, Rogaland)


Kulturstien på Utbjoa

Utbjoa er ein av dei eldste og største gardane i Ølen. Namnet Bjoa tyder «det som er flatt». Garden ligg sentralt til på eit nes der fleire fjordar møtast. Den sentrale plasseringa er nok årsaka til at vi finn slik sjeldsynt konsentrasjon av fornminne på staden. Det eldste funnet som fortel at menneske har vore på staden er ei steinøks frå midten av yngre steinalder (ca. 4200-1800 f.Kr). Helleristningsfelta er frå bronsealderen (ca. 1800-500 f.Kr). Ubjoa har ikkje mindre enn fire helleristningsfelt. Motiva er få, og skipsfigurane dominerer. Elles finst det såkalla solkors, det er ringar med eit kors inni. Meir spesielt er motivet som førestiller ein fotsole. Gravrøysene er frå jernalderen (ca. 500 f.Kr-1000 e.Kr) medan båtstøa truleg er frå mellomalderen (ca. 1000-1500 e.Kr). Skålgropene femner alle tidsbolkane og kan vere laga ein gong mellom yngre steinalder og mellomalder. I dag er det fem gravrøyser langs kulturstien på Utbjoa. Tidlegare har det vore minst fire til. Søkka og skadane på gravminna skuldast plyndring som ligg hundre år attende i tid. Skal vi tru på meldingane frå dei som rota i røysene, vart det ikkje funne anna enn gravkistene som no ligg opne for ver og vind. Kistene, eller hellekistene, er laga av både tradisjonell tørrmur og lange heller. Sjølv om vi ikkje veit om funn frå desse fem røysene, så fortel kistene at vi truleg er i folkevandringstida i eldre jernalder, det vil seie perioden 400-550 e.Kr.

Koordinater til Kulturstien på Utbjoa