Ulv Raude

Fra heimskringla.no
Revisjon per 13. jan. 2013 kl. 15:49 av Jesper (diskusjon | bidrag) (Ulv Raude)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Per Sivle
Naturlyrikk og romantikk


Per Sivle


Skaldemaal


Bergen

Litlerés Boghandels Forlag

— Johs. Andersen —

1896


Ulv Raude


UIv Raude han heitte,

den djerve og sterke
Karen, som bar
Olav Trygvasons Merke.
           Og Skjegget og Haaret
           brann raudt som Blod,
           der fremst i Stamnen
           paa »Ormen« han stod.


Det var ved Svolder.
Og »Ormen« i Lengja
stakk framum dei hine,
daa Skipi dei tengja.
           »Ja,« meinte han Ulv,
           »naar det no kjem til Slag,
           det vert inkje beinspelt
           i Stamnen idag!«


»Nei, høyr!« sa Kong Olav,
»— det kan inkje dyljast,
at her er det Raude
og Ræddhug som fylgjast!«
           Daa svara han Ulv:
           »Gjer du Lika fyr deg,
           so visst som at eg
           det skal gjera fyr meg!«


Og Augo hans Olav
vart kvasse som Loge.
Han sigta paa Ulv
med ein Pil paa sin Boge.
           Daa mælte Ulv Raude:
           »Eg tykkjer som so,
           du helder treng skjota
           annanstad no!«


Og vert det, at Noreg
fyr Livet skal fikta,
og Nordmenn so endaa
paa Nordmenn stend sigta,
           daa skal det manande
           minnast i Nord,
           Ulv Raude sit hugheile

           Svolderdags-Ord.