Billeder fra Kvam

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Norsk.gif


Billedarkiv
Billeder fra Norge

Kvam herad
(Kvam kommune, Hordaland)


Salthamaren i Vangdal

Fra informasjonsskiltet på stedet: «Salthamaren» har namnet sitt fordi det ein gong i tida vart brent salt her. Men dei var neppe saltbrennare dei fyrste som gav seg til her. På toppen av hamaren, yst på stupet, hogg ein flokk steinalderjegerar dyrebilete. Meir enn 1500 år seinare teikna bronsealderbønder skipsfigurar ved bergfoten. Begge desse «kunstverka» er mellom dei eldste i Hordaland og ein kan framleis sjå dei, innhogne i berget på Salthamaren. Ristningane på toppen av berget høyrer til hovedgruppa veideristningar. Ein meiner dei er frå steinalderen, og at dei kan vera 5000 år gamle eller meir. Her er fleire dyrefigurar, men berre to av dei er no fullstendige. Den eine tykkjest vera ein elg, den andre ein hjort. Figurane ved foten av hamaren er av eit heilt anna slag og høyrer til eit anna folk. Dette er jordbruksristningar frå bronsealderen. Dei er kring 3000 år gamle. Her skal vera 22 figurar i alt, mest skip. Av desse er 11 sikre og tydelege, medan 8 no berre er restar, der delar av kjølliner, relingsliner eller «mannskapsstrekar» kan skimtast. Vidare finst eit par enkle ringfigurar og ei einaste skålgrop. Det er heilt uvanleg i vårt land at eit og same berg har ristningar frå begge dei to hovudtradisjonane i «bergkunsten». I så måte er Salthamaren eit sjeldsynt unnatak.

Koordinater til Salthamaren