Billeder fra Vaksdal

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk.gif


Billedarkiv
Billeder fra Norge

Vaksdal
(Vaksdal kommune, Hordaland)


Skipshelleren

Skipshelleren er ein steinalderbuplass på Straume i Vaksdal kommune i Hordaland fylke. Her har ein funne spor etter menneske som har budd under helleren sidan isen frå siste istid trekte seg attende. Skipshelleren er ein 7000 år gamal steinalderbuplass med ei unik funnmengd av beinmateriale. Helleren har namnet sitt etter bruken i seinare hundreår som vinteropplagsplass for båtar. Kanhenda går denne tradisjonen bakover mot mellomalderen. Idag er dette ein av dei mest kjende steinalderbuplassane her i landet. I 1930/31 vare det her grave ut eit rikt buplassfunn. Steinreidskapane er få, men det som kom for dagen av beinreidskapar og avfallsrestar i helleren, plasserer funnet i første rekkje mellom vestnorske steinalderbuplassar. Dei eldste funna er daterte til omlag 5200 f. Kr. (kalibrert 14C-alder), og helleren har vore nytta til busetjing gjennom nærare 6000 år. Då folk første gong tok denne staden i bruk, låg hellergolvet berre nokre få meter over flomålet. Klimaet var varmare enn no. Fisken i fjorden og dyrelivet i den frodige eikeblandingsskogen skapte livsgrunnlaget, og den lune hellerveggen gav ly for fangstfolket.

Koordinater til Skipshelleren