Skule jarl

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrøn Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Halvdan Koht (1873 - 1965).
Skule jarl

Foredrag i Vitskapsselskapet i Kristiania 16. februar 1923


Av Halvdan Koht



Historisk Tidsskrift
Utgitt av Den norske historiske forening
Kristiania
1924




Henrik Ibsen har brent inn i oss eit bilete av Skule jarl som vi seint kann gløyme. I "Kongsemnerne" stig han fram for oss med sterke, djupgravne drag: sjelesjuk, jaga og pint av ovund, herja av tvil på seg sjølv og sin eigen rett i live, med hovding-trongen i seg og prydd med mange ypparlege hovding-evner, men evnelaus just i det som skulde lyfte han upp til sann førarskap, utan kraft til å føde den store tanken som kveiker nytt ljos i folkehugen, — ein mann som var esla til noko stort, men som blir liten fordi tanken hans stendigt berre krinsar um han sjølv og hans eiga makt, ikkje um det som makta hans skulde tene, — ein mann som på fyrehand er merkt til nederlag imot det truskyldige, truande genie Håkon Håkonsson.

Men denne Skule i "Kongsemneme" er ingen ting anna enn fri dikting. Han er skapt av Ibsen ut ifrå sjelestrid i han sjølv; han har fått den gripande livssanninga si frå trong og tvil og pine hjå diktaren sin. Han har ytarleg lite med den Skule som historia syner oss. Vi må heilt rive oss laus ifrå diktbilete, um vi skal få tak på den sanne Skule jarl. Etter skildringa hjå Ibsen har skodespelarane funne det naturleg, mest sjølvsagt, at dei skulde spele Skule svarthært og svartdæmd, upptært av sjelesott. Men soga fortel oss med reine ord, at han var ljos og retttskoren i andlet og hadde Ijosbrunt, uvanleg fagert hår; klår var han i augo, mild og blid i umgjenge, — slett ikkje eit bilete på ein mann som drogs med myrke tankar, men ei lyst og glede for alle som ténte han.

Vi kjenner han best ifrå den store soga um Håkon Håkonsson. Men denne soga er slett ikkje serleg velviljug mot han. Tvert imot, — i tevlinga og striden mellom kongen og jarlen gjev ho alltid kongen rett, jarlen urett. Sogeskrivaren, islendingen Sturla Tordsson, har sett i hop soga i umbode til son til kong Håkon, kong Magnus Lagabøte, og allstad er det Håkon som står fremst, — det er han som soga skal feste minne um. Men det merkelege har hendt at sogeskrivaren gjev oss eit mykje rikare bilete av Skule enn av Håkon.

Gjengivelse av del av relieff på en gravplate funnet i Erkebispegården i Trondheim i 1972 som på grunn av hertugkronen antas å ha dekket graven til Skule Bårdsson. Commons.

Sturla Tordsson høyrer no ikkje til dei store sjeleskildrarane i den gamle norrøne bokheimen; han kann ikkje på noko vis mæle seg med den store farbror sin, Snorre. Likevel er det underleg kor bleik og fatig kong Håkon blir i soga hans. Vi fær høyre eit par gode barnehistorier som birkebein-hirda har gøymt på, og som syner oss ein kvik, lettnæm gut med evne til å finne eit fyndigt ord i rette stunda. Men denne evna finn vi aldri att hjå den vaksne kong Håkon; forteljinga um han blir so turr og kald. I heile den lange boka si fær ikkje Sturla gjort han stort meir levande for oss, enn den franske munken Matthæus Parisiensis fær teikna han i den eine lina: "est enim vir discretus et modestus atque bene literatus", — "han er ein vetug og smålåten kar og godt boklærd". Vi kann skilje ein mann med ærleg og beinkøyrd rettsvilje, med roleg umtanke i all si ferd, men ein mann utan djervlyndt sjølvstende. Han freistar herme etter kong Sverre so godt han kann, og han lyder etter rådgjevarane sine med altfor åpen hug. Men fiendane hans kann finne på å gje han utnamne Håkon Svevn, og han eig ingen ting i seg av det som kann fange og fenge; han blir ikkje levande i soge-tradisjonen, han lokkar ikkje fram den biletskapande evna hjå sogeskrivaren sin, han fær ikkje noko sterk-skore andlet — fyrr Henrik Ibsen legg inn i han noko av sine eigne største draumar og syner.

Reint annleis med Skule jarl. Sturla Tordsson er ikkje kar for å støype i hop alle dei einskilde draga til eit stort og fast bilete. Og likevel blir Skule meir levande for oss enn nokon annan mann i soga um kong Håkon. Folkeminne har gøymt på so mange sermerkte ting um han, so han veks upp for oss i liner og former so klåre som elles berre dei ypparste i bilet-rekka frå sogetida. Um soga freistar dekke yver det, so må ho då hjelpe til å stadfeste det som gamle aktstykke vitnar, — at ymse av dei tiltaka som skulde sette stordoms-merke på riksstyringa til Håkon, dei hadde sanne upphave sitt hjå Skule. Til nærare ein kjem inn på han, til sterkare kjenner ein kor det strålar og gneistrar av han. Her er ein mann som i sanning har ei djerv ånd, ein mann med vågemod og ansvarsmod, ein raust kar som viljugt gjev av både åndsrikdom og av gods og gull. Han er ein mann som store tankar og planar fløymer upp i; han kjenner seg fødd til hovding, han eig ein brennande vilje til makt, og han vyrder ingen ting som står i vegen for han. Og nett i fårlegaste striden er han gladast; då skjemtar han lystigt, då lyser det av ånda hans. Han er ein menneske-vinnar som få kan stå seg for, just for di det lever so mykje stort i han.

Det er eit einskilt lovspursmål som det er naudsynt å få på det reine, um ein vil skjønne Skule jarl og døme rett um framferda hans. Det er spursmåle um han åtte noko slag rett til kongedøme i Noreg. Og la det være sagt med ein gong, at då kong Inge Bårdsson døydde i åre 1217, då var Skule den som etter lova stod nærast til arven etter han.

Dette er i strid med den vanlege læra, den som det sigrande partie skapte og dreiv fram til siger i historieskrivinga og, — at Skule reint ulovleg freista trenge Håkon Håkonsson ut or kongedøme. Men det kan ingen tvil være um kva lova fyreskreiv um arvgangen. Vi har ikkje det kongelege arvtale i lov som er uppskriven i so tidleg tid. Men samanlikning mellom den lova som Håkon Håkonsson sjølv fekk vedteke i 1260, og den lova som erkebisp Øystein og Erling Skakke freista få fastslege i 1163, gjev oss full visse for kva som var lov og rett i 1217. Lova var at næraste ervingen etter den kongen som døydde, var son hans, og hadde han ingen son, so skulde samfedre bror hans stige inn i arven.

Inge Bårdsson hadde aldri vore gift; men utafor ekteskap hadde han ein son som heitte Guttorm. I dei siste halvhundra åra hadde det likevel meir og meir arbeidd seg fram den tanken at slike uekte søner ikkje skulde ha erverett til kongedøme. Dei hadde ikkje erverett til gods og grunn, og kvifor skulde det gjelde andre reglar for kongedøme? Rike hadde titt havt stor skade av at alle lausbarna til ein konge kom og kravde kongsnamn og part i rike etter han; det skjepla riks-einskapen, og det kunde vekke krig i lande. Ein konge som Sigurd Munn, far til Sverre, hadde kome av dage då han var berre 22 år gamal; men det var i minsto fem søner og to døtrar som stod fram og kalla seg barna hans, so det var ikkje so urimeleg at Saxo Grammaticus kalla han for ein gra-galt, og det var arvkrava til desse sønene som heldt borgarkrigane i gang ein full manns-alder. Den katolske kyrkja, med erkebispen til førar, hadde streva med å få ende på all denne ufreden; ho heldt alltid uppe programme um fred i samfund og stat. Og i 1163 hadde erkebisp Øystein fått vedteke ed lov um at berre ein skulde være konge i lande, og berre ektefødde kongssøner skulde ha erverett. Kong Sverre kom og velte denne lova i koll. Men programme frå 1163 vann seg lenger og lenger fram imot ålmenn godkjenning. Sverre hadde sjølv teke upp grunnsetninga um at det ikkje skulde være meir enn ein konge i lande. Og berre to år etter han var død, i 1204, vart Inge Bårdsson teken til konge just for di han var ektefødd. Han var son til lendmannen Bård på Rein og Cecilia, ei dotter til Sigurd Munn; men han var korkje den elste eller den einaste dottersonen til Sigurd Munn, — han hadde ein eldre bror, Håkon Galen, son til Cecilia med ein svensk lagmann. Den gongen Cecilia rømde heim ifrå denne svenske mannen sin, hadde det lukkas for ho å få ekteskapen sin med han dømd ugild, so ho kunde få gifte seg uppatt med Bård på Rein, og dermed vart Håkon Galen rekna for uekte fødd. Det var erkebispen i Nidaros som i 1204 fekk Håkon Galen sett til sides for den yngre broren, og utvilsamt var det umsyne til ekte og uekte fødsel som avgjorde vale for erkebispen. Nokre år etterpå, i 1213, fekk erkebispen kong Inge til å gå med på ein avtale som vart tinglyst på Øyreting, um at berre ektefødd son skulde erve rike etter han. Og Guttorm, frillesonen, var dermed ute stengd. So var det då Skule, samfedre og ektefødd bror, som kom nærast etter.

No var ikkje Skule, soleis som kong Inge, son til kongsdottera Cecilia. Ho døydde berre eit par år etter ho hadde vorte gift med Bård på Rein, og so gifte Bård seg uppatt med Ragnfrid Erlingsdotter frå Kvie i Valdres; i denne ekteskapen var det at Skule Bårdsson vart fødd. Ein kunde då kanskje segje, at sidan Inge Bårdsson hadde vorte konge for mors-ætta si og ikkje for fars-ætta, so fyllte ikkje Skule det krave som lova sette, at ein rett konge skulde høyre til den gamle kongs-ætta, være ætta frå kongar. Men Skule fyllte dette kravet òg. Ættfaren for Reins-mennnene, Skule Kongsfostre, hadde vore gift med ei ektefødd systerdotter til Harald Hardråde og Olav den Heilage; gjenom kong Sigurd Su på Kingerike kunde Skule Bårdsson rekne ætta si tilbake til Harald Hårfagre. Skyldskapen hans med kongane vart noko langt ute: han var seksmenning til kong Sverre. Men han høyrde til ætta; han hadde lova med seg her òg.

Det innkaste som kunde bli gjort — og det som dei gamle birkebeinane i sanning gjorde — det var at Inge Bårdsson ikkje med retten skulde vore konge. Det hadde gått soleis for seg at same sumaren som Inge vart hylla på Øyreting i Nidaros, hadde det kome til verda sør i Vingulmork ein sonson til kong Sverre, Håkon Håkonsson. Hadde birkebeinane visst um dette gutebarne, so kann det være rimeleg nok at han hadde vorte teken til konge, so liten som han var. Det vart då eit ord som sidan kom til å gå, at Inge Bårdsson sat i fars-arven til Håkon Håkonsson, - og vi høyrer at ein gong sume av birkebeinane tenkte på å reise upprør mot kong Inge med Håkon til kongsemne. Men Inge fekk no likevel sitte i fred i kongedøme heilt til han døydde, so i røynda galdt han for lovleg konge i lande. Og det er fast regel i gamal tid at arven blir rekna ifrå siste kongen som har levd. Håkon Håkonsson kunde ikkje ha noko rett arvkrav, utan ein gjekk til bake til rettsvilkår som lande heldt på å vekse seg ut or. For Håkon var fødd utafor ekteskap.

Her var soleis rom for usemje um lova. Det var gamal og ny rett som stod imot einannan; Skule stod på den nye rettsgrunnen, Håkon på den gamle. At det var den rettstanken Skule var talsmannen for, som hadde framtida for seg, det gav Håkon sjølv det beste prove for, då han sidan, i 1260, fekk endeleg lovfest at ektefødde kongssøner skulde ha fyrste erveretten. Vi torer difor trygt segje at det var eit bakslag som i 1217 førde Håkon fram til konge døme i staden for Skule. Det lukkast so lett å drive dette kongs-vale igjenom, for di erkebispen, den sjølvsagde stridsmannen for den nye retten, var burte nord i Hålogaland den tid Inge Bårdsson døydde. Men for heile historia etterpå er det viktigt å hugse på at det var ikkje berre maktsyke som egga Skule til å gripe etter kongsnamne i 1217; han hadde eit fullgodt rettsgrunnlag å stå på, og rettskrave hans var i pakt med framtida, til vinning for freden i lande, for ein tryggare statsskipnad.

På meir enn ein måte var det eit bakslag som skapte avgjørsla på kongsvale i 1217. Det var dei gamle birkebeinane, dei som hadde stridd i hop med kong Sverre, som lyfte fram på nytt den gamle stridspolitikken sin. Det var ikkje berre dei gamaldags erverettsreglane dei vilde sette i kraft att. Dei var dessutan misnøgde med at kyrkja hadde vunne fram til so mykje makt i staten. Og dei kjende seg tilsidesette i statsstyringa til fyremun for folk av dei gamle stor-ættene.

Det var det største og i røynda det varigaste umskifte som birkebein-reisinga under kong Sverre hadde drege etter seg i den norske staten, at dei gamle lendmannsættene var undatrengde eller jamvel reint avøydde, og i staden var styringa lagd i henderne på nye menner, syslemenner og andre som fyrst og fremst var kongelege tenestemenner, som hadde makta si frå kongen, ikkje frå arv og gods i fylke sitt. Sverre hadde alt sjølv i den siste styringstida si teke so smått til å drage inn i tenesta si ymse av dei gamle stormanns-ættene. Men det var fyrst under Inge Bårdsson at denne utsonings-politikken meir og meir kom i sving. Han høyrde då sjølv til ei gamal lendmanns-ætt som personlege hemnknav hadde ført yver til birkebeinane, og no drog han fram att til makt folk av andre gamle ætter, — i Trondheimen slike som Ivar på Fløan inni Stjørdalen og Jon på Austrått ute på Ørlande, — Jon vart jamvel gift med syster til Inge, ei heilsyster til Skule. På Vestlande finn vi med i styringa og mellom dei næraste vennene til Skule dei store Sunnmørs-lendmennene, Gregorius på Blindheim og Pål på Giske, — lenger sør slik ein mann som Gaut Jonsson på Mæl i Hardang. Og med hjelp av erkebispen fekk jamvel kong Inge i stand, i 1208, eit forlik med baglane, soleis at dei fekk sitte med styringa på Austlande; det var stor-ætta karar som Filippus Simonsson, som hadde fars-ætta si på Jæren, mors-ætta si på Storeim i Nordfjord, — Ragnvald Hallkjellsson, brorson til Gregorius på Blindheim, — Arnbjørn Jonsson, bror til Gaut Jonsson på Mæl, og fleire andre.

Skule jarl var arvtakaren til denne utsoningspolitikken. Han hadde fått eit meir og meir framskote rom i styringa under kong Inge, og han hadde visseleg sin part av ansvare for at dei gamle lendmennene soleis kom til ære att. Ein kann, um ein vil, kalle dette for reaksjon; men det var visseleg naudsynt å ta upp slik ein politikk, um ein vilde vinne fred i lande, og Håkon Håkonsson og måtte etter kvart fylgje same politikken, — det var ein reaksjon som hadde framtida for seg.

Frå 1217 kann ein klårt sjå korleis Skule jarl djervt og sterkt førde utsonings-politikken til siger. Det hende same sumaren som Håkon var hylla til konge nordafjells og vestafjells, at baglekongen Filippus døydde aust i Vika. Då steig straks tanken upp hjå baglane um å ta seg ein ny konge og reise upprør; for etter den måten Håkon hadde vorte konge på, so var rettsgrunnlage rive unda einkongedøme, — vegen var på nytt åpen for allslags uekte kongssøner. Ingen ting hadde no vore lettare for Skule enn å nytte ut desse vilkåra og gjøre seg til hovding for upprøre. Men rikstanken, samlingstanken, var so levande i han, so han ikkje ein augneblink tenkte på slikt. Tvert imot, — han skunda seg alt han orka, samla ein flåte og tok den unge kongen med seg til Austlande. Det er berrsynt nok, endå soga um kong Håkon freistar dekke yver det, at det var Skule som her, med både makt og midling, fekk forlik i stand med baglehovdingane; det var han dei baud seg til å gå til hande, medan dei hadde mistru til dei gamle birkebeinane, og han bygde forlike på det grunnlage at dei fremste baglehovdingane skulde få både rom og rang i landsstyringa. Sidan forlike i 1208 hadde rike i røynda vore kløyvt i to, med di at baglekongen hadde fått styre sjølvstendigt på Austlande. Skule var det som fekk gjort ende på denne rikskløyvinga, just for di han hadde so storhjarta eit utsonings-program, og fordi han i rette stund kunde sette makt under dette programme sitt. Baglehovdingane gjekk no i tenesta til kong Håkon; dei vart rikstenarar jamt med birkebeinane. Større siger kunde rikstanken ikkje ha vunne.

Det var fyrst og fremst dei øvste baglebovdingane Skule såg mun i å drage yver til landskongen; sume av underhovdingane brydde han seg ikkje med å ta i kongeleg tenest, — sume av dei hadde og eit leitt ord på seg for valdsferd og ran. Men dei som soleis vart sett til sides, dei reiste no upprør for seg sjølv, og dei fekk tilheng mange stader kringum på Austlande, — flokken vart kalla "ribbungar" eller røvarar, og kongsemne deiras var ein Sigurd som kalla seg sonson til Magnus Erlingsson. Det vart Skule jarl som måtte føre striden imot desse upprørarane, og han sette all viljen sin inn i striden. Heile det djerve, uvørne pågangsmode hans lyser fram i den måten han tok Oslo-bispen Ndkolas Arneson på, då bispen ville legge seg på tverke for han. Skule vilde låne langskipe til bispen med i striden; men gamle Nikolas sa nei, og truga med å lyse bann yver dei som våga seg til å ta skipe til St. Hallvard. Skule svara kvast — og svare er heilt i ånda til kong Sverre —: "Det er kje lenge sidan at Sigurd ribbung tok to av skipa dine, og du song inga bannlysing yver han for det; difor tek vi uredd dette skipe. Men set du oss i bann for di vi tek det til vern for lande, endå du tålde det av dei som var i bann på fyrehand for illgjerningane sine, so skal både du og tenarane dine dyrt få betale for det banne!" Då gav bisp Nikolas seg og lét jarlen få skipe. Ikkje den heilage kyrkja dessmeir fekk stå i vegen der Skule vilde fram. Og han dreiv ribbungane so hardt på alle kantar so til slutt (i 1223) visste dei seg ikkje anna råd enn å be um forlik. Då synte Skule på nytt at ut sonings-tanken levde i hjarta hans; han lova Sigurd ribbung og alle mennene hans grid, um dei vilde gje seg i hans vald. Dei gjorde det og, og då gjekk det orde at dette var den fagraste sigeren jarlen hadde vunne, sidan han utan hærslag hadde gjort ende på so sterk ein flokk som ribbungane og fått sett fred yver heile Noreg.

Sigurd ribbung var no ikkje kar for å halde ord; åre etter rømde han og reiste flokk på nytt. No vart det kong Håkon som tok på seg å slå ned upprøre, og her kann vi skimte ei usemje mellom kongen og jarlen. Håkons-soga freistar sette ein flekk på Skule, at han ikkje gjorde skyldnaden sin, og sjølvrådig har han tydeleg vore; men hovudsaka er at han vilde gjøre endå ein freistnad med å få ribbungane til å legge ned våpna i fred, medan Håkon nådelaust vilde drepe og herje. Skule yverlét då til Håkon å greie upprøre so godt han kunde; men til slutt måtte Håkon ta upp politikken til Skule og love ribbungane grid, — då vart det endeleg for ålvor fred i lande (i 1227). At Skule var ein hovudmann i denne fredsgjerda, det kann ein sjå av at den mannen som då var kongsemne for ribbungane, vart trulova med ei dotter til jarlen.

Skal ein tale um ein "kongstanke" i alt dette, so må det vel være den som Skule stendigt og planfast gjorde seg til talsmann for: å jamne ut dei gamle motsetningane mellom flokkane og binde heile lande i hop i fredleg samarbeid. Og denne kongstanken stal han ikkje ifrå Håkon, — det var Håkon som lærde tanken av han.

Den ting må i det heile være fullklår, — endå Håkons-soga dekker yver det og nyare historieskrivarar lite ansar på det, — at den mannen som har det fulle ansvare for riksstyringa i heile den fyrste tida Håkon Håkonsson var konge, det var Skule jarl. Han var den sanne riksstyraren. I 1217 var Håkon berre ein gut på snaue 13 år, Skule ein mogen mann på 28. Og kunde bakslags-partie hindre han i å få kongsnamn, so var dei nøydde til for det fyrste å la han få makta. Då Håkon skulde sverje kongs-eiden sin, då hadde jarlen, blir det sagt, "skipa eiden slik som han sjølv ville, og sett inn i han at kongen skulde halde alt som var avtala mellom han og jarlen. Kva det var som var avtala mellom dei, gjev soga ikkje fullgod greie på; det er mest eit slumpehøve at vi sidan fær høyre at hirdmennene, alle dei handgjengne mennene, svor truskaps-eid til Skule jarl likso vel som til kong Håkon. Dette vil segje at Skule hadde sjølvstendig styringsmakt jamt med kongen, og denne skipnaden vart ståande ved lag heilt fram til 1233, i fulle sekstan år. Det ser ut til at Håkon vart rekna for myndig frå 1221, då han var 17 år gamal; vinteren 1221—22 var den fyrste han fekk lov å bu for seg sjølv, — elles hadde han alltid mått fylgjes med Skule. Men endå lenge -etter den tid var då Skule jarl fullt ansvarleg riksstyrar.

Heile tida hadde han imot seg eit parti, eller ein kunde likso gjerne segje ein klikk, av gamle birkebeinar, og hovudmannen for dei var lagmannen i Gulatingslag, Dagfinn Bonde. Det synes tvillaust at heile den fyrste bolken av soga um Håkon Håkonsson mykje bygger på upplysningar frå denne Dagfinn, og kanskje det beint fram har funnes uppskrifter etter han. Men det bilete vi fær av han, er slett ikkje av dei som vekker berre samhug, endå han sjølv strevar for å sette dygdene sine i so godt eit ljos som han kann. Han vil gjerne vi skal tykkje han er endefram og grei og samstundes forlikleg i tilhøve til Skule jarl; når han talar, gjør han seg so inderleg rettvis som um han ikkje tenkte på anna enn å være ein sakleg domar; han rett legg seg ut um å syne kor samvetsfull han er. Men ein mann som støtt er so sjølvrettferdig, fær ein til slutt mistru til. Og so ser ein tydeleg at det var just Dagfinn Bonde som stendigt heldt på å legge ilt mellom Skule jarl og kong Håkon, sette mistankar mellom dei og freista tyde alt som Skule gjorde på det verste. Han gjorde nett som soga sjølv gjør: kom ikkje med åpne, djerve skuldingar, men la orda til rettes for vonde tankar. Det er ikkje berre ein mann som har ansvare for alle dei halvdregne orda og slimute ymtane som Håkons-soga bar um Skule jarl; det er kunst-arv, i sjølve sogeskrivinga, dette: ikkje nemne tanken reint ut, men få tilhøyraren til å skjønne bakmeininga. Men når Håkons-soga stendigt læt oss skimte so mykje ilt bak gjerningane til Simle, so er det ikkje berre sogeskrivaren som nyttar gamal kunstform, — det har si rot hjå slike ovundsmenner som Dagfinn Bonde. Det som kann tene til orsaking for han, det er at synsringen hans var so trong so han skjønte ingen ting av det vidtenkte i politikken til Skule. Men det er dette som sermerker motstande imot den storskorne trøndarhovdingen: det er smått i tanken og småleg i framferda, just som denne vestlandsbonden.

Dagfinn Bonde var eit av hovudvitna for at Håkon Håkonsson i sanning var kongsson, og det var han som hadde vore føraren i kongs-vale i 1217, — han hadde fare eins ærend frå Bergen til Nidaros for dette. Det måtte då kjennes hardt for han at Sknle likevel skulde stå fyre riksstyringa, og han gjorde alt han kunde for å drage makta yver til sin klikk. Då Skule straks tok til å tinge med baglane, då — heiter det i Håkons-soga — "kjærde venene til kongen dette for han, at det var mistenkeleg med slik for handling, å søke venskap der som det fyrr jamt hadde vore fiendskap". Men kongen vilde no ikkje høyre på dette.

So skuva Dagfinn den gamle kongs-kanslaren Ivar Bodde fram fyre seg. Skule hadde sendt brev på vegnene til kongen vest til Orknøy-jarlen, sjølvsagt um regjeringsskifte i Noreg, og der vest hadde det jamt vore vanskar med den norske styringa, so det kunde nok haste med å få godkjenning for det nye styre; av det som hende etterpå, kann ein skjønne at Skule må ha bede Orknøy-jarlen kome til Noreg og hylle kongen. Men korkje Dagfinn eller Ivar hadde fått set breve på fyrehand. So vart Ivar med til kongen og klaga på at ikkje kongen — den 13-års guten — hadde greie på det som Skule skreiv i namne hans, og dei fekk seg ein kongeleg order um at mennene som for med breve, skulde bli gripne. Då var ikkje Skule sein, men tok stuten i horna med faste hender. Han lét straks blåse i hop fullt hirdmøte, og der la han saka fram: han vilde ha styringa og ansvare, og han vilde ikkje tåle at nokon la seg imellom han og kongen. Ivar Budde freista hylle seg i ei kåpe av såra uskyld, — ein tykkjer mest ein kjenner att filister-talemåtane frå Konungsskuggsjå, det bokverke som han vel er truande til å være meisteren for. Men han var ynkeleg å sjå til då han soleis vart avdekt, og Skule tvinga han til å legge ned embete sitt og ha seg burt or hirda.

Men Dagfinn Bonde kunde han ikkje bli kvtlt; han var for sleip. Og so vart det då ei stendig mistenkeleggjøring, eit strev med å klemme brodden djupare og djupare inn i sjela til Håkon. Det som det galdt um å få kongen til å tru, det var at jarlen tok seg meir makt enn han hadde rett til, ja beint fram eigna til seg det som høyrde kongen til. Då Dagfinn ikkje kunde få inn all skatten på Vestlande til joleveitsla i 1220, medan Skule var aust i Vika på hærferd mot ribbungane, skulda han på at syslemennene vilde ikkje vyrde det som berre kongen baud. Og i 1222, då Håkon skulde stelle seg til vintersete i Bergen, medan Skule framleis stridde med ribbungane austpå, då sa dei kongelege rådgjevarane at Skule tøygde tridjeparten sin av rike groveleg langt, sidan han alt hadde kravd inn skatten heilt vest yver Agder, so kongen ingen ting fekk der.

Ikkje i noko tilfelle kann ein klårare prove korleis fiendane til Skule vende retten etter som det høvde for dei, enn i dette spursmåle nm kor langt tridjeparten av rike skulde bli rekna. Åre etter, då Skule skulde få sin tridjepart nordafjells og ikkje lenger sunnafjells, då meinte han han måtte få styringa og skattane so langt sør som til og med Sunnfjord. Men "kunnige menner" rekna då ut, at på den måten vilde han få tett innpå halvparten av skipreidene i lande, og dei vilde ikkje han skulde få lenger sør enn til Romsdalen. Rekninga var rett nok på si vis; det var 279 skipreider i lande, og nordafrå sør til Sunnfjord vart det heile 136, — Håkon vilde berre få 143 imot. Men då tok ein slett ikkje innsyn til alle dei fylka som ikkje var skift i skipreider, og det var fyrst og fremst heile Upplande. Skulde ein ha sett Upplande utafor den tid det var Skule som styrde der austpå, so burde han i røynda ha fått mykje meir til sin tridjepart enn lande til og med Agder; for då hadde han endå ikkje meir enn 63 av dei 279 skipreidene, — det vart ikkje ein tridjepart utan han fekk Rogaland óg med. Vi har her beint fram matematisk prov for kor misjamt motmennene tok det når det galdt Skule, — alt var godt nok når dei berre kunde kome han til livs. Og etter han so i 1223 hadde gått med på å nøgjes med lande so langt sør som til og med Sunnmøre, so han tilsaman fekk 121 skipreider mot 158 for Håkon umfram heile Upplande, då høyrer vi endå nokre år etter på, at mennene til Håkon slo på at Skule hadde nærare halvparten enn tridjeparten av rike.

Frå åre 1222 har vi dessutan eit aktstykke som ikkje vitnar um altfor fin framferd frå fiendane hans. Det var dette åre at Dagfinn Bonde for til Nidaros i lag med kongen, og der ferda dei ut eit brev som gav erkebisp Guttorm rett til å mynte ut pengar til liks med kongen. Det står beint fram i breve at den retten skulde erkebispane ha. so lenge dei "vilde være venner med kongedøme etter kanonisk og verdsleg lov", og Håkons-soga fortel um korleis erkebispen no lova Håkon venskap; han sa at når han fyrr hadde synt uvenskap mot kongen, so var det meir andre folk som hadde voldt det enn hans eigen illvilje. Ein torer nok tru at breve um myntretten har havt ein samanheng med denne nye venskapen.

Eit par år etter, då erkebisp Guttorm var død, og korsbrørne i Nidaros i lag med Skule jarl hadde valt ettermann for han, då høyrer vi um koss Håkons-mennene intrigerte bak ryggen til Skule, so dei fekk paven til å vigje ein erkebisp som dei meinte skulde stå på deiras side, — "ved Guds miskunn" fekk dei dette til, segjer Håkonssoga.

Soga fortel um korleis bispen av Stavanger alt i 1220 vart dregen yver til Håkons-partie. Håkon vart send heim til Bergen ei stund medan Skule måtte slåss med ribbungane austpå, og på vegen råka Håkon Stavanger-bispen. "Dei tala um mangt og mykje seg imellom", segjer soga, og det slutta med at bispen sa til kongen: "De har ikkje havt større uven i ein liten mann enn meg; men frå no skal ingen av oss bispane være trugnare mot Dokk enn eg." Vi torer vel tru at det ikkje var berre dei personlege eigenskapane til den 16-års kongen som soleis fekk bispen til å snu. Han fekk i minsto si løn: nokre år etterpå fekk Stavanger bispestol ei stor gåve av gods og inntekter av kong Håkon, og i gåvebreve står det at kongen tykkjer han har gjort noko for venskapen med dei som styrer denne bispestolen.

Soleis arbeidde Håkons-mennene på å drage maktgrunnlaga unda Skule jarl. Konge og jarl vart støtt sett upp imot einannan, og tvidrette mellom dei auka frå år til år. Men det er ein merkeleg ting som Håkons-soga fortel, at kvar gong dei møttes og fekk være i lag, då vart det god venskap mellom dei. Når dei var frå einannan, lukkas det jamt for andre folk å sette Håkon upp. Men kvar gong Skule sjølv kom, då måtte all mistrua kverve, all baktalinga tagne. Gjenom sjølve denne kjensgjerninga skimtar vi den makta og den glansen det har vore med han. I samvære kunde ingen stå seg for han; då vann han på jamvel den som freista gjøre seg hard.

Eg kann ikkje la være å segje det; i denne Skule som bar slik makt til å dåre og slå på ein gong, er det noko som minner meg um Lloyd George, "trollmannen" frå Wales. Skule òg trylte alt som han kom nær, og samstundes hadde han den elden i augo som kuva motstande i kne. Jamvel den gamle stribukken Arnbjørn Jonsson frå Hardang, som fyrst sette upp med djerve ord um at han ikkje vilde bøygje hals for den kvite hatten til Skule jarl, han tok til å mjukne i talen då Skule hadde velt harmen sin ut yver han. Og samstundes hadde Skule den friske smilen som avvæpna.

Han kunde læ og gjøne med fiendane sine. Då Dagfinn Bonde var burte, var det ein annan vestlending, Gaut Jonsson frå Mæl, bror til Arnbjørn, som mest fekk skylda for uvenskapen mellom kongen og jarlen, og so spurde ein dag Skule edda-meisteren Snorre Sturlason, um det var sant at Gaut var eit anna namn på Odin, som i gamle dagar egga kongane mot einannan. Snorre måtte sanne det, og han laga straks eit vers um dei to Gaukane. Men skjemten var endå morosamare enn Snorre fekk det fram i verse sitt; for Gaut Jonsson var einøygd han og, likso vel som Odin.

Det beste bilete av Skule har vi frå det store riksmøte i Bergen 1233, då Håkon var egga soieis upp imot jarlen so han vilde ha han avsett frå all styring. Håkons-soga segjer ein stad at Skule var ein utifrå målhag mann; men ho hermer aldri ein einaste tale av han. Berre denne eine gongen fær vi ein glimt av den måten han kunde tale på. På tinge stod dei upp, den eine etter den andre av Håkonsmennene, og klaga på jarlen med mange harde ord, at han var ulydig imot kongen. Dagfinn Bonde heldt seg tilbake og kom berre med fine talemåtar um fred og forlik; han lét lendmennene bere fram dei åpne klagemåla. Og Skule — han sat lenge berre og høyrde på. So endeleg tok han og til ords, og då tok han til med ei lita barneregle som alle kunde, — vi kjenner godt maken frå våre dagar. Han sa:


Ei vise kann eg:
ørna sat på stein.
Ei anna vise kann eg:
ørna sat på stein.
Alle som den eine:
ørna sat på steine


Ein kann tenke seg koss denne skjemten som elles vart nytta til å små-erte barna med, kom dumpande midt upp i alle dei sinte klagetalane. Her stod ein høgvaksen, roleg kar og berre log midt i flokken av småfolk som trådde etter å glefse i han. Måtte dei ikkje bli flate? Og då han hadde hermt barneregla, heldt han fram: "Soieis er det her i dag og; dei tek til å tale på kvar si vis, men dei sluttar alle på same måten, med å føre klage på meg." Dermed hadde han i grunnen avvæpna fiendane sine; dei vart ståande der berre som ein flokk illtenkte masekoppar. Etterpå kunde han ta fyre seg skuldingane deiras og vise dei tilbake ei for ei, og han slutta med at han kjende skyldnaden sin til å lyde kongen, men han hadde berre utakk til dei baktalarane som gjekk med vondt imellom han og kongen.

Hertug Skules gravstein Foto: Åge Hojem/NTNU Vitenskapsmuseet. Commons.

Ingen av dei visste noko å segje; berre Gunnar kongsfrende, ein mann som hadde kome upp av små kår, men som no stod bak kongen og gav han råd, — han sa: "Vi tykkjer ikkje du syner kongen skyldig lydnad, utan du legg av deg herrebunaden din og fell til fotar for kongen og gjev saka di yver i hans nåde." Men jarlen svara vanvyrsleg: "Eg hadde lært å tene hovdingar den tid du, Gunnar, gjorde arbeid av anna slag!" Og dermed slutta møte.

Men um jarlen synte seg som yvermannen i slike sa manstøytar, so fekk då fiendane hans viljen sin fram, i minsto eit godt stykke på veg. Frå no måtte Skule nøgjes med tridjeparten sin av rike; sjølve riksstyringa tok Håkon heilt i sine hender.

Men i dei åra Skule hadde sete for styre, hadde han grunnlagt ein ny politikk i Noreg. Han hadde ikkje berre ført lande fram imot indre fred og samling. Han hadde dessutan skapt ein ny norsk utarikspolitikk.

Det er slett ikkje nemnt i Håkons-soga, men vi veit um det frå aktstykke, - at straks sumaren 1217 sende Skule jarl ein sendemann til den engelske regjeringa (eg segjer ikkje kongen, for i England hadde dei og nett då fått seg ein barnekonge, Henry III). Skule hadde valt utsendingen sin med stor klokskap: det var abbeten i Lyse kloster, ein mann som både for den klosterskipnaden han høyrde til og for handels-formål jamt hadde vore på ferding i England. Og Skule vilde noko meir med han enn berre halde uppe det venskaplege sambande mellom England og Noreg. Det var handelspolitikk det galdt, og tingingane førde til den fyrste norske handelstraktaten. Soleis vart politisk venskap nytta ut for økonomiske formål, og handelsavtalen med England var det fyrste stege fram imot rettleg trygd for samfersla mellem Nordsjø-landa.

Um Skule hadde noko slikt i tankane på andre kantar, kann være meir uvisst, — England var no endå det utlande Noreg hadde mest handel med. Men han søkte i minsto tidleg — for fyrste gong i norsk historie — politisk venskap med keisaren av Tyskland. Håkons-soga nemner ikkje sendeferdene mellom Tyskland og Noreg fyrr under åre 1237; men ein kann prove av det som soga sjølv fortel, at dei må ha kome i gang tidleg i 1220-åra, seinast i 1224, soleis endå medan Skule var fremst i styringa her heime. Soga slær då og på at det var Skule, ikkje Håkon, som keisar Fredrik II var venner med, og vi veit av aktstykke at keisaren til slutt baud seg til å midle mellom Skule og Håkon. Men handelspolitisk frukt bar ikkje denne venskapen fyrr etter Skule var død, — då tok Håkon upp i tilhøve til Tyskland dei tankane Skule fyrst hadde sett ut i live i tilhøve til England.

Kanskje endå viktigare for framtida var den norderlendske fredspolitikken Skule gjorde upptake til. Det hadde vore soleis i dei siste hundra åra, med all den indre striden som hadde stått på i både Danmark, Sverike og Noreg, at støtt hadde upprørsflokkane kunna vente seg stønad og styrk frå eit av dei andre landa. Birkebeinane hadde reist seg med svensk hjelp, baglane med dansk; no sist hadde Sigurd ribbung kome ifrå Danmark. Riksstyringa i det eine lande tyktes jamt ha mest hug på å vekke ufred i dei andre. Det var dette Skule jarl vilde ha ende på. Våren 1223, med det same Sigurd ribbung hadde gjeve seg yver til han, siglde han i veg til Danmark og vilde finne kong Valdemar. Det var eit stort vonbrot for han, at då han kom fram, hadde just den ulukka hendt at ein tysk fiende hadde fanga den danske kongen, og Valdemar slapp ikkje fri fyrr til jola 1225. Men straks i 1226 hadde då Skule utsendingar i veg til den danske kongen, og då var spursmåle brennande; for då fekk ribbungane stønad i Sverike, og den svenske kongen, ein ung gut på 16 år, var syster son til kong Valdemar, so det galdt mykje um korleis danskekongen stelte seg. Denne gongen heller kom det ikkje noko ut av tiltake; ribbungane drap sendemennene til Skule på heimvegen. I 1227, då siste striden med ribbungane stod på, tok Skule på eiga hand i veg til Danmark; men då han møtte Håkon som kom ifrå den endelege sigeren yver upprøre, då snudde han for den gongen. Endeleg åre etter møttes han med kong Valdemar i Kjøpenhamn. Håkons-soga læst alltid være so uviss um kva det var Skule vilde med desse Danmarks-ferdene; ho tek på seg ei løyndomsfull mine, so ein gjerne kunde tru der var tale um landssvik, men segjer sjølvsagt ingen ting beint fram. No då Skule kom til Kjøpenhamn, tok kongen vel imot han, segjer soga, og dei tala um mange ting to-eine; då dei skildes, gav kongen jarlen store gåver og dessutan halve Halland til len. Soga vil tydeleg få oss til å tenke at Skule selde seg til Danmark. Ser ein på heile det politiske tilhøve mellom norderlanda på den tida og på det som fylgde etter, kann det likevel ingen tvil være um at det Skule gjorde, det var å avtale fred mellom landa, so ikkje det eine skulde hjelpe upprør i det andre, og halve Halland, grenselande mellom Danmark, Sverike og Noreg, var pante på freden, — der skulde Skule styre og halde vakt til alle kantar. Indre vilkår i Sverike hindra freden i å bli varig; men Håkon tok sidan upp same politikken, og den kom til å sette djupe merke i framtida for alle tri folka, — her er upphave til unionspolitikken. Vårt folk kom ikkje til å få berre glede av denne framvoksteren; men den fredstanken som han frå fyrsten grodde upp av, var i sanning storsynt politikk.

Skule gjekk ut på å trygge freden for Noreg på alle kantar, og han vilde nytte denne freden til å styrke rike. På den tida reiste det seg fårar for Noregs-velde i dei to ytste utkantane av rike, — lengst aust i Finmnarka og heilt vest i Sudrøyane. Der aust var det russisk handel som tøygde seg fram igjenom Bjarmeland og tok til å drage skinnhandelen på Finnmark yver til seg. Soleis som handels-vilkåra nett no heldt på å lage seg um i Aust-Europa, var det uråd å hindre nedgangen for den norske finnhandelen. Skule jarl freista på det; i åre 1222 vart to norske syslemenner sende med hærmakt aust til Bjarmeland, og dei kunde både herje og rane. Men sidan, segjer soga, har ingen mann fare frå Noreg til Bjarmeland. Der måtte Noreg vike.

Striden um Sudrøyane slutta like eins med tap for Noreg, — dei gleid etter kvart inn under Skotland. Her torer vi ikkje segje for visst at Skule var føraren i forsvarspolitikken. Men det var i åre 1230, soleis endå medan han stod fullt med i riksstyringa, at ein norsk flåte vart send dit vest til hjelp, og Skule sjølv gav tridjeparten av flåten, liksom han hadde tridjeparten av rike.

Men er det uvisst kor mykje av æra vi i dette tilfelle kann gje Skule, so er det fullvisst at det var han framfor alle andre som reiste tanken um å vide ut Noregs-velde med å legge Island under den norske krona. Det var i åre 1220 at han tok upp denne planen, og det var all ufreden på Island som gav tilstøyten, — ein ufred som skjepla den norske handelen pa øya. Skule vilde da straks sende norsk hærmakt dit yver og med ein gong tvinge islendingane til fred og til underkasting. Men den ævelege Dagfinn Bonde kom og la seg imellom, og fekk hindra ferda, i minsto vil Håkons-soga gje Dagfinn æra for dette. Men då Sturla Tordsson sat heime på Island og skreiv Sturlung-soga, då fortalde han saka noko annleis. Der fær vi høyre at det var islendske hovdingar i Noreg, og serleg Snorre Sturlason som då hadde vore to år hjå jarlen, som fekk han frå tanken um å nytte norsk hærmakt. I Håkons-soga ser det ut som um Snorre måtte gå til Dagfinn og be um hjelp mot planane til Skule. Men etter Sturlung-soga er det fullklårt at det var Skule og Snorre som gjorde allting upp seg imellom, og dette skin i røynda igjenom i Håkons-soga og, Sturla har ikkje greidd å løyne det reint burt. Snorre lova Skule at han skulde få islendingane til å gje seg fredleg under kongen og jarlen, og sjølv gjorde han seg til lendmann hjå dei båe to (Håkons-soga segjer berre hjå kongen). Men den politikken som soleis skulde bli freista, kom just ikkje til å bere like frukter. Det fins ingen ting som liknar meir på det "perpetuum mobile" bisp Nikolas talar um hjå Ibsen, enn den striden som kom um herredøme på Island. Der stod to, tri og fire parti mot einannan i stendig skifting, og kong Håkon i Noreg fekk snart den eine og snart den andre hovdingen til å love at dei skulde føre Island inn under velde hans. Men so fort då slik ein mann i kongeleg teneste hadde vunne makt på Island, brydde han seg ikkje um kongen meir, og so måtte kongen freiste med ein av eit anna parti. Til slutt vart kong Håkon nøydd til å ta upp den politikken som Skule straks frå fyrsten hadde vilt nytte, — å sende sine eigne folk til Island. Då endeleg vart det fred og samband. Ein kann segje at det var noko hardhendt framferd Skule tenkte på; men i hovudsaka såg han rett: soleis som det no gjekk, sleit Island seg upp i blodig partistrid, fyrr det vant ferdigt til å gje seg inn under ei regjering som heldt fred i lande.

Samlar ein all den norske politikken i dei åra Skule jarl styrde lande, so ser ein ei sterk band og ein fast vilje i alle ting. Innalands er måle: utsoning og samarbeid mellom parti som har stått i våpen mot einannan. Utalands gjeld det fred og rettsskiping. Indre styrke og ytre fred skal gje rike makt til å halde uppe velde sitt på alle kantar og jamvel til å vide det ut, so alt folk av norsk sett lyder den norske kongen. Det er i sanning ein statsmann som styrer Noreg i desse åra. Vi har just ikkje so mange sanne statsmenner i den gamle historia vår; men sjølve kjensgjerningane provar at Skule jarl var ein av dei.

Og denne statsmannen blir ikkje burte for oss bakum papir og kontor. Han er eit levande menneske som set seg sjølv inn i politikken. Han er uredd og ofte uvøren; han skuvar til sides dei som står i vegen for han, han går framum kongen og rådgjevarane hans, og berre fylgjer si eiga line. Det står eit friskt ver um denne mannen so lenge han har fri veg fyre seg, og han stemner fram for full bør. Fiendar, ovundsmenner hadde han frå fyrste stund, og det vart heller fleire av dei etter kvart, just for di han ikkje tok umsyn og tok dei med på råd, men alltid berre gjekk fram etter sitt eige hovud. Han evdes ikkje med å syne dei vanvyrnaden sin, og dei kraup i krok når han gjekk inn på dei; mann imot mann stod han høgt yver dei alle, og den djerve, ljose låtten hans hogg lystigt inn i alle skorne løynråder. Han var hovdingen.

Likevel lukkas det til slutt å få klypt vengene hans. Mot sin eigen vilje gjev Håkons-soga eit sterkt og ufjelgt bilete av den smålege nidingsferda som år for år arbeidde med å sette flekk på han og grave grunnen unda venskapen hans med kongen. Meir og meir vart han trengd ut or riksstyringa. Frå 1283 stod han ikkje lenger jamt med kongen; andre menner fekk meir å segje.

Det kunde ikkje gå annleis enn at han kjende dette tungt. Det sat alltid ein brodd i han for di det ikkje var han som bar kongsnamne, han som då visste med seg sjølv at evna var hans. To gonger hadde han fått spursmåle teke uppatt etter sjølve kongs-vale i 1217. Han hadde fått kalla i hop riksmøte i 1218, og der hadde han fått erkebispen til å tvinge fram prov for at Håkon i sanning var kongsson, — kongsmora hadde mått bere jarnburd til stadfesting. Då so Håkon var myndig, vart det nytt riksmøte i 1223, og Skule bar fram arvkrave sitt etter lova. Men lagmanns-domen gjekk han imot, og kyrkja var vunnen yver på den andre sida. Han måtte slå seg til ro med avgjersla, og han kunde trøyste seg med at sjølve makta hadde han framleis. Kongen gifte seg med dotter hans, og ættmennene hans skulde då i minsto bli kongar.

Men då det so meir og meir vart sett bur kringum han, — då han ikkje lenger fekk nytte evnene sine, — då tok utålmode til å stige upp i han. Då tok han til å hate fiendane sine. Endå var han berre ein mann på nokre og fyrti år; han kjende seg full av livskraft og styrke. Han ville ha makt. Og han visste han hadde retten til det. Dei var som um lande skalv under spaninga mellom konge og jarl; lufta vart tung av otte. Kong Håkon freista stagge jarlen med å gje han hertugs-namn, — det hadde ingen fyrr bore i Noreg. Men kva hjelpte det, når han samstundes miste det sjølvstendige herredøme yver tridjeparten av rike? Frå no skulde han berre ha tridjeparten av inn tektene frå kvar sysle i lande. Han var i røynda ein avsett mann.

Då reiste han upprør, — det var i det åre han fyllte femti år, 1239. Han som med slik kraft og lukke hadde slege ned upprør og alle tiltak til rikssprengning, han vart no sjølv upprørar. Sjølvsagt har han drøymt um at har ikkje skulde sprenge rike, men vinne det heilt for seg sjølv. Han leit på evna si til å vinne folk. Men det er vel mogleg at sjølve den indre styrken i han hadde veikna i desse åra då han ikkje fekk falde seg ut; det ser ut som um han no spurde andre folk meir til råds enn fyrr, og som um han let dei andre ta avgjørsla for seg. Ein kjenner likevel att det uvørne pågangs-mode hans i den måten han tek kongsnamne på; han let sin eigen son med valdta det heilage Olavsskrine av høg-altaren i Kristkyrkja, då korsbrørne ikkje godviljugt vilde føre det ut til Øyreting.

Han fekk ikkje stort fylgje til upprøre sitt. Hans eiga livsgjerning vende seg imot han og vann på han. Den statstanken som han hadde stridd fram til siger, synte seg no so sterk so ikkje han sjølv kunde bryte han. Kongedøme var so grunnfest so alt upprør måtte være fåfengt. Innan eit halvt år var striden avgjord, og Skule fellt.

Håkons-soga gjev han det ettermæle, at hadde ikkje det siste ulukkes-åre kome yver han, so kunde det vore sagt at det aldri var fødd ein mann i Noreg som var gjævare kar enn han av dei som ikkje var av sjølve kongsætta. Utvilsamt rekk han upp yver dei fleste kongane og. Og det misgrepe han gjorde det siste leveåre sitt, bør ikkje få legge varig skugge yver livsverke hans. Ein må no endeleg slutte med å skrive livssoga hans som ei einaste livslang fyrebuing til kongssvik og upprør. Tvert imot — ein skal sanne at livsgjerninga hans var å skape nasjonal samling under edt sterkt kongedøme. Og når han likevel enda live sitt i upprør mot kongen, so var det ein forvåga og fortvila freistnad på å kome inn att i den gjerninga som fiendslege makter hadde sett han utafor. Ein gong må då historia gje han den oppreisninga han har krav på. For han er ein av dei som har lyft store tankar inn i norsk riksliv.