Soga um Haakon jarl

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif
Soga um Haakon jarl
Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif
Haakon jarls saga


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Haakon jarl

[963-968]


1. Son hans Sigurd jarl, Haakon, var i innre Trondheim, daa han spurde denne tidendi. Strakst vart de eit stort herlaup i heile Trondheim, og kvart skip, som var brukande i strid, vart skuva paa vatne. Daa denne heren kom ihop, tok dei son hans Sigurd jarl, Haakon, til jarl og hovding yvi heren, og styrde ut etter Trondheimsfjorden med heile heren. Men daa Gunnhildsønine spurde dette, fór dei sør til Raumsdal og Sunnmøre; paa baae sidur hadde dei spæjarar ute. Sigurd jarl vart drepin tvo aar etter kong Haakon fall. Øyvind Skaldespillar segjer so i Haaløgja-tal:

Fraa Sigurd, han som
lét svanune hans Odin[1]
suga saari
af slegne mennar,
jord-styrande
gjævingar
live inne
paa Oglo rova.
Og den megtuge
milde hovding
urædd skulde
i elden raude
live lata,
daa landsstyrarar
son hans Ty[2]
trulaust sveik.

Haakon jarl fekk hjelp av frendane sine og heldt Trondheim i 3 aar, so Gunnhildsønine ingi innkomur fekk i Trondheim; han heldt mange slag med Gunnhildsønine, og de fall mykje folk for deim. Dette nemner Einar Skaalaglam i Vellekla, som han dikta um Haakon jarl:

Eid-faste odd-fløygjar[3] hadde
ute sin breide flote
i Gonduls uvér; gramen
seg gledde, drygde ikkje lengi.
Og her-drottnen havde[4]
hardhendt skjolden upp-fyri,
daa han stridshugen sterke
stagga hjaa kongane vilde.
Hugheilt han hogg og riste
hagle av pilir fraa bogar
av or skjolden; uspart
aat ulvane berga han live.
Mangt eit tak de turvtest
aa taka, fyrr enn jarlen
ervde landi auster[5]
som etla han gudane hadde

Med de same nemner Einar um korleis Haakon jarl hemnde far sin:

For hemnen han tok for far sin,
han som sjøhestar gjæter,
fram ber og lov; han lærde
ljomande sverd aa svinga.
Yvi hovud paa hersar
hylja vaapn-regne,
oddrid-vekkjaren auka
Odins fylgje munlegt.
Likeins mot liv aat holdar[6]
lét havhestens tøymar
veksa av sverd eit vér-él,
villt, med daudkald drivu.

Etter dette lagde venine deira seg imillom og freista paa aa faa deim forlikte, av di bøndane var leide av denne herjingi og ufreden innanlands; og de vart til de, som dei megtugaste mennane raadde deim til, at de vart forlik millom deim, soleis at Haakon jarl skulde hava same rike i Trondheim som Sigurd jarl, far hans, hadde, men kongane skulde hava same rike, som kong Haakon hadde havt fyri deim; dette vart daa avgjort, og dei lova kvarandre truskap. Daa vart de stor kjærleike paa Haakon jarl og Gunnhild, og takom-til freista dei paa med svik med kvarandre. Soleis gjekk 3 aar til, og daa sat Haakon jarl roleg i rike sitt.


2. Kong Harald sat for de meste i Hordaland og Rogaland, og sameleis dei fleste av brørane hans; tidt sat dei i Hardanger og. De var ein sumar, at de kom eit havskip[7] fraa Island, som nokre islendingar aatte; de var ladt med skinnkappur, og dei siglde til Hardanger, av di dei spurde at der var flest folk aa finna. Men daa folk kom og skulde handla med deim, so vilde ingin kaupa skinnkappune. Daa fer styremannen til kong Harald, av di han var kjend med honom fyrr, og segjer kor ille de hadde laga seg. Kongen sagde at han skulde koma til deim, og de gjorde han. Kong Harald var ein endefram og gladværug mann. Han var komin dit med ei skute og fullt mannskap, og saag paa varune deira og sagde til styremannen: «Vil du gjeva meg ein graafeld?» «Gjerne,» segjer styremannen, «um de so var fleire.» Daa tok kongen ein feld og hadde paa seg og gjekk ned i skuta. Men fyrr dei rodde burt, hadde kvar av mennane hans kaupt ein feld. Faa dagar etter kom de so mykje folk, som alle vilde kaupa ein feld, at ikkje helvti fekk, av deim som vilde hava. Sidan vart han kalla Harald Graafeld.


3. Haakon jarl fór ein vetter til Upplandi og var i gjestebod, og laag med ei gjente, som var av laag ætt. Men daa de leid paa, vart gjenta med barn, og daa barne vart født, var de ein gut, og dei auste vatn paa han og kalla han Eirik. Mori tok guten med til Haakon jarl og sagde at han var faren. Jarlen lét guten fostra upp hjaa ein mann som heitte Torleiv den spake; han budde uppe i Medaldal[8] og var ein klok og rik mann og god ven med jarlen. Eirik vart snart ein emneleg gut, utifraa væn og tidleg stor og sterk; men jarlen brydde seg lite um han. Haakon jarl var og ovende væn, ikkje høgvaksin, men dugeleg sterk og ein stor itrottsmann og klok, og ein stor hermann.


4. De var ein haust, at Haakon jarl fór til Upplandi; men daa han kom ut paa Heidmarki, møtte han kong Trygve Olavsson og Gudrød Bjørnsson, og der kom Dale-Gudbrand og. Dei hadde stemnelag med kvarandre og sat lengi i einmæle, og dei vart sams um de, at dei skulde vera venir; og dermed skildest dei, og kvar fór heim til sitt rike. Dette spør Gunnhild og sønine hennar, og dei fær mistanke um, at dei hev tenkt paa aa taka lande fraa kongane, og dei tala tidt um dette seg imillom. Men daa vaaren kom, lyste kong Harald og kong Gudrød, bror hans, at dei um sumaren vilde fara i viking vest yvi have, eller i Austerveg, som dei var vande til. Dei drog folk til seg og skuva skipi paa vatne og laga seg til. Men daa dei drakk burtferds-øle sitt, so var de eit stort drykkjelag, og de vart tala mangt og mykje, medan dei drakk. Daa tok dei paa med mann-jamning, og dei tala um kongane sjølve, og de var ein som sagde, at kong Harald var den fyrste av brørane i alle maatar. Dette vart kong Gudrød fælt harm for, og segjer at han vil ikkje paa nokon maate vera mindre karen han enn Harald, og segjer at han er reidug til aa prøva paa. Daa vart dei radt sinna baae tvo, so dei baud kvarandre aa slaast og flaug til vaapn. Men dei som var vituge og mindre drukne, stagga deim og lagde seg imillom; dermed gjekk dei til skipi sine, men daa var de ikkje ventande, at dei kunde fara i lag. Difor siglde Gudrød aust langs med lande,men Harald stemnde ut til havs og sagde at han vilde sigla vest yvi have. Men daa han kom ut um øyane, stemnde han austetter utanskjers langs etter lande, men kong Gudrød siglde skipsleidi aust til Viki og so aust yvi Foldi[9]. Daa sende han bod til kong Trygve, at han skulda møte han, og at dei skulde fara baae tvo i Austerveg um sumaren og herja. Kong Trygve tok gjerne mot dette og var viljug, og daa han spurde at Gudrød hadde lite folk, fór han til han med ei skute. Dei møttest austanfor Sotanes ved Veggen[10]. Men daa dei kom ihop og skulde talast ved, flaug mennane til kong Gudrød til og drap kong Trygve og 12 mann, og han ligg der som dei no kallar Trygvarøyr[11].


5. Kong Harald siglde langt utanskjers og stemnde inn i Viki og kom um natti til Tunsberg; daa spurde han at kong Gudrød var i gjestebod eit lite stykke upp i lande. Kong Harald og hine fór dit upp og kom der um natti og kringsette huse. Kong Gudrød og mennane hans gjekk ut, og de vart ikkje lang motverju, fyrr kong Gudrød fall, og mykje folk med honom; daa fór kong Harald til kong Gudrød, bror sin, og dei lagde under seg heile Viki.


6. Kong Gudrød Bjørnsson hadde fengi eit godt og høvelegt gifte. Han hadde ein son med kona si, som heitte Harald, som dei sende til uppfostring upp i Grenland[12] til lendmannen[13] Roe den kvite. Roe hadde ein son, som heitte Rane den vidfarne, og han og Harald var mest jamgamle og fosterbrørar. Daa Gudrød, far hans, var fallin, flydde Harald, som dei kalla Harald Grenske, fyrst til Upplandi, og Rane, fosterbror hans, og nokre faa menn fylgde han, og der var Harald ei tid hjaa frendane sine. Eirikssønine leita mykje etter dei mennane som hadde gjort deim noko imot, og mest etter deim som dei kunde venta ufred av. Frendane og venine hans Harald raadde han til, at han skulde fara ut or lande. Daa fór Harald Grenske aust til Svitjod og prøvde paa aa faa laga de so, at han kunde koma med deim som fór i herferd, og faa seg rikdom. Harald var ein hæv mann. De var ein mann i Svitjod som heitte Toste, som var ein med dei megtugaste og gjævaste i de lande, av deim som ikkje hadde noko fyrste-namn; han var ein stor hermann og var lengi i herferd og vart kalla Skoglar-Toste[14]. Harald Grenske kom i lag med honom og var med Toste um sumaren i viking, og alle folk totte um han. Vetteren etter var Harald hjaa Toste. Toste hadde ei dotter, som heitte Sigrid, som var ung og væn og stor paa de; ho vart sidan gift mea sviakongen Eirik den sigersæle, og son deira var Olav Svenske, som sidan vart konge i Svitjod. Eirik vart sjuk og døydde i Uppsalir 10 vetrar etter Styrbjørn fall.


7. Gunnhildsønine baud ut ein stor her fraa Viki og [968] fór nord etter lande og tok folk og skip fraa kvart fylke, og gjorde kunnugt, at dei vilde stemna nord til Trondheim med denne heren mot Haakon jarl. Denne tidendi spurde jarlen og samlar ein her og raar seg til skip. Men daa han spurde kor stor her Gunnhildsønine hadde, heldt han sør til Møre med heren sin og herja kor han kom, og drap mykje folk. Etter dette sende han trønde-heren og alle bøndane heim og fór med herskjold yvi Nordmøre og Sunnmøre og Raumsdal, og hadde folk alt sunnanfor Stad til aa spæja etter heren til Gunnhildsønine; og daa han spurde at dei var komne til Fjordane og venta paa vind til aa sigla nord um Stad, so siglde Haakon jarl søretter um Stad og utanskjers, so dei ikkje kunde sjaa segli hans fraa land; og so lét han de ganga utanskjers austetter lande og kom fram til Danmark, og siglde so i Austerveg og herja der um sumaren. Gunnhildsønine heldt nord til Trondheim med heren sin og var der ovende lengi og tok all skatt og skyld der. Men daa de leid ut paa sumaren, so vart Sigurd Sleva og Gudrød etter der, men Harald og hine brørane fór aust i lande med heile den leidings-heren som hadde fylgt deim um sumaren.


8. Haakon jarl fór um hausten til Helsingland og drog skipi sine paa land der, og sidan fór han landvegen um Helsingland og Jamteland, og so vest yvi Kjølen, og kom ned i Trondheim; strakst dreiv de folk til han, og han raadde seg til skip. Men daa Gunnhildsønine spurde de, gjekk dei um bord og heldt ut etter fjorden, men Haakon jarl fór ut til Lade og sat der um vetteren. Men Gunnhildsønine sat paa Møre, og dei gjorde yvifall paa kvarandre og drap folk for kvarandre. Haakon jarl heldt rike sitt i Trondheim og var oftast der um vetteren; men um sumaren fór han stundom aust til Helsingland og tok skipi sine der og fór til Austerveg og herja der um sumaren; men stundom sat han i Trondheim og hadde her ute, og daa heldt ikkje Gunnhildsønine seg nordanfor Stad.


9. Harald Graafeld fór ein sumar med heren sin nord til Bjarmeland og herja der og heldt eit stort slag med bjarmane paa Vinubakke[15]; der vann kong Harald og drap mykje folk og herja rundt umkring i lande og fekk ovende mykje gods. Dette nemner Glum Geireson:

Aust-paa yvimann aat drottnar
urædd sverde sitt svinga,
de bragande[16], nordanfor byen;
bjarmane der saag eg renna.
For hirdherren godt geir-vér[17]
de gavst paa denne ferdi
til aai Vina; orde
um unge kongsson gjekk vide.

Kong Sigurd Sleva kom til garden hans Klypp herse; han var son hans Tord Horda-Kaareson og var ein megtug og storætta mann. Klypp var ikkje heime daa, men Aalov, kona hans, tok godt imot kongen, og der vart eit godt gjestebod og eit stort drykkjelag. Aalov var dotter hans Aasbjørn og syster hans Jarnskjegge nordantil Yrjar. Bror hans Aasbjørn heitte Reidar, som var far til Styrkaar, som var far til Eindride, far hans Einar Tambeskjelvar. Kongen gjekk um natti til sengi hennar Aalov og laag der mot hennar vilje. Hausten etter fór kong Harald og Sigurd, bror hans, upp paa Voss og stemnde bøndane til tings. Paa tinge sette bøndane paa deim og vilde drepa deim; men dei kom seg undan og reiste av. Kong Harald fór til Hardanger, og kong Sigurd til Aalreksstad. Men daa Klypp herse spurde dette, samla han og frendane hans seg ihop og drog mot kongen; hovdingen for denne ferdi var Vemund Volubrjot. Daa dei kom til garden, gjekk dei paa kongen; Klypp stakk eit sverd igjenom han, og de vart banen hans, men Erling Gamle drap Klypp strakst paa flekken.


10. Kong Harald Graafeld og kong Gudrød, bror hans, drog ihop ein stor her austantil lande og heldt nord til Trondheim med denne heren. Men daa Haakon jarl spør dette, samlar han folk til seg og held sør til Møre og herjar der. Daa var Grjotgard, farbror hans, der og skulde verja lande aat Gunnhildsønine, og han baud ut ein her, som kongane hadde sendt bod til han um. Haakon jarl styrde imot han og lagde til slag; der fall Grjotgard og tvo jarlar med, og mange andre. Dette nemner Einar Skaalaglam:

Sine fiendar fekk han slegi,
føraren harde, med hjelm-storm;
av dette vart de vokster
paa vinen i halli aat Odin.[18]
At jarlsønir tri laut lata
live i sverde-ridi,
vaapndjerve alle, — de aukar
æra aat folke-venen.

Sidan siglde Haakon jarl ut til havs og utanskjers sør langs med lande; han kom fram sør i Danmark og fór til danakongen Harald Gormsson og vart godt mot-tekin der og var hjaa honom um vetteren. Hjaa danakongen var de ein annan mann, som heitte Harald, han var son hans Knut Gormsson og brorson til kong Harald; han var komin fraa viking og hadde herja lengi og fengi ovmykje lausøyre, og difor vart han kalla Gullharald. Han trudde sjølv at han hadde god rett til aa vera konge i Danmark.


11. Kong Harald Graafeld og brørane hans heldt nord til Trondheim med heren sin, og ingin sette seg imot deim; der tok dei skatt og skyld og alle kongelege innkomur og lét bøndane leggja store bøtar, av di kongane i lang tid hadde fengi litin skatt fraa Trondheim, daa Haakon jarl hadde seti der med mykje folk og havt ufred med kongane. Um hausten fór kong Harald sør i lande med dei fleste av deim som aatte heime der; men kong Erling sat etter der med sitt mannskap; han hadde endaa mange krav paa bøndane og fór ille med deim, men bøndane murra ille og vilde ikkje finna seg i skaden sin. Og um vetteren samla bøndane seg og fekk mykje folk, og so drog dei mot kong Erling, som var i gjestebod, og heldt slag med han, og der fall kong Erling og ein heil flokk menn.


Daa Gunnhildsønine raadde for Norig, vart de fæle uaar, og de vart verre og verre, di lenger dei styrde lande; men bøndane gav kongane skuldi for dette, og de kom mykje av di, at kongane var giruge og harde med bøndane. Paa slutten vart de so ille, at landsfolke mest alle stadir vanta baade korn og fisk. I Haalogaland var de so fæl svult og naud, at de mest ikkje voks korn der, men snøen laag midt paa sumaren i heile lande, og heile buskapen stod bundin inne midt paa sumaren. Soleis kvad Øyvind Skaldespillar, han kom ut og snøen dreiv:

Fælt de paa jordi fyk,
som finnar me inne nærer
buskapen, i fjose bundin,
med bjørke-brum midsumars leite.

Øyvind dikta ei draape um alle islendingar, og dei lønte han so, at kvar bonde gav han ein skattpening, som galdt tri sylvpeningar etter vegt, og kvit i brote[19]. Daa sylve kom fram paa Altinge, vart de avtala, at dei skulde faa smedar til aa reinska sylve; sidan gjorde dei eit kappe-spenne og greidde arbeidsløni av dette sylve, og daa vog spenne 50 merkar; de sende dei til Øyvind. Men Øyvind lét hogga spenne i sund og kaupte seg buskap for. Um vaaren kom de eit sildeberg sigande inn ved nokre utvær. Øyvind lét drengine og leiglendingane sine ganga um bord paa ein baat og rodde dit som sildi hadde sigi inn; han kvad:

Lat oss sør-etter løypa
lòg-soten[20] med aarom,
der spordfjora spaa-ternur[21]
spæjar etter noteveidni[22],
freista um dei er fale[23]
aa faa aat mine venir,
dei rotar som bylgje-svin røkne
rotar upp or sjøen.[24]

Og so reint hadde all lausøyren hans gjengi med til aa kaupa mat til huse, at han kaupte sildi med piline sine. Han kvad:

Spenne eg fekk av sylv,
sendt yvi hav fraa Island,
men burt eg laut de byta
for buskapen som i fjorden beiter.[25]
Verst eg totte de var
— slikt vonde tidir valdar —
daa snare boge-sild[26]
for smale sjø-pil[27] eg selde.


Notar:

  1. Ramnane.
  2. Kongar og hovdingar var ætta fraa gudane.
  3. Av fløygja, kasta, skjota; eidfast, fast til aa halda eiden sin.
  4. Av hevja, lyfta, «hæve» ; ulikt hadde (av hava).
  5. Med «landi auster», som gudane skulde hava etla aat Haakon jarl, ser de ut til helst er meint Trondheim (Trøndelag).
  6. Odelsbondar, storbondar.
  7. Stort skip.
  8. Meðaldalr, Meldalen i Orkedalen.
  9. Kristianiafjorden.
  10. Veggin, Wägga i Baahuslen.
  11. Steinrøysi hans Trygve, paa Tryggø (Trygvaøy) nordvest for Sotanes.
  12. Grenland var de som no er kalla nedre Telemarki og Bamle i Bratsberg amt.
  13. Lendmann (lendr maðr) er ein mann som hev fengi land eller innkomur av kongen paa visse vilkaar.
  14. Etter Skogul, valkyrjo.
  15. Vínubakki er elvebakken ved Dvina (Vína).
  16. Logande, blinkande.
  17. Geir, spjot.
  18. Odins vin er skaldskap.
  19. De vil segja: av reint sylv.
  20. «Sjøhesten», skipe (av lòg, væte, og sote, sot- eller svartbrun hest).
  21. Sjøfuglar som fylgjer sildi og varslar den; spordfjøra v. s. med fjørir til spord (her: stert, vele).
  22. Av veidn, fangst.
  23. Til fals.
  24. D. e. sildi, som «bylgje-svine» (skip eller baat) rotar upp; røkin, rask, mykje um seg.
  25. Sildi.
  26. Pili.
  27. Sildi.