Soga um Olav Trygveson

Fra heimskringla.no
Gå til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif
Norsk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Olav Trygveson


1. Aastrid heitte den kona som Trygve Olavsson hadde vori gift med; ho var dotter hans Eirik Bjodaskalle, som budde paa Oprostad[1] og var ein megtug mann. Men daa Trygve var fallin, flydde Aastrid undan og reiste løynleg med den lausøyren som ho kunde faa med seg. Fosterfar hennar, som heitte Torolv Luseskjegg, fylgde ho og skildest aldri fraa ho; og andre menn, som ho kunde lita paa, fór og høyrde etter, um de spurdest noko til uvenine hennar og kor dei var. Aastrid gjekk med barn etter kong Trygve; ho lét flytja seg ut i eit vatn og løynde seg der paa ein holme med nokre faa menn. Der fødde ho eit barn, og de var ein gut, og daa dei auste vatn paa han, vart han kalla Olav etter farfar sin. Der løynde ho seg um sumaren. Men daa nætane vart myrke og dagen tok til aa kortast, og de vart kaldt i vêre, so gav Aastrid seg paa vegen med Torolv og nokre faa menn, og var ikkje meir ned i bygdine enn naar dei gøymde seg der um nætane, og gav seg ikkje i lag med nokon. Ein dag ut paa kvelden kom dei fram til Eirik paa Oprostad, far hennar Aastrid. Dei fór løynleg. Aastrid sende bod til garden, til aa segja de aat Eirik, og han lét fylgja deim til ei utbygning og lét setja paa borde aat deim av den beste maten. Men daa Aastrid hadde vori der ei liti stund, fór fylgje hennar burt, og ho vart etter med tvo tenest-gjentur og son sin, Olav, og Torolv Luseskjegg og Torgils, son hans, som var 6 vetrar gamal, og var der um vetteren.


2. Daa Trygve Olavsson var drepin, fór Harald Graafeld og Gudrød, bror hans, til dei gardane som Trygve hadde aatt; men daa var Aastrid burte, og dei fekk ikkje spurlag paa ho. De orde kom attfor deim, at ho gjekk nok med barn etter kong Trygve; um hausten fór dei nord i lande, som fyrr er fortalt. Men daa dei raaka paa Gunnhild, mor si, sagde dei korleis alt hadde gjengi til med de som hadde hendt paa ferdi deira. Ho spurde grant etter, kor Aastrid var, og dei fortalde de dei hadde høyrt gjeti. Men for di sønine hennar Gunnhild laag i ufred med Haakon jarl denne same hausten, og likeins vetteren etter, som fyrr er fortalt, so vart de ingi leiting av etter Aastrid og son hennar den vetteren.


3. Vaaren etter sende Gunnhild spæjarar til Upplandi og alt ned til Viki, som skulde spæja etter, korleis de hadde seg med ho Aastrid. Men daa sendemennane kom attende, kunde dei fortelja Gunnhild, at ikkje rettare dei visste, laut Aastrid vera hjaa far sin, Eirik, og sagde at de var von um, at ho der fødde upp son sin, som ho hadde med kong Trygve. Daa sende Gunnhild strakst sendemenn og budde deim godt til med vaapn og hestar, og dei hadde 30 mann, og til førar hadde dei ein megtug mann, som var ven med Gunnhild og heitte Haakon; ho bad deim fara til Oprostad til Eirik og hava med seg son til kong Trygve og føra han til Gunnhild. Sendemennane fór daa sin veg dit. Men daa dei var berre eit lite stykke fraa Oprostad, vart venine hans Eirik vare ferdi deira, og sende bod til han um kvelden um at sendemennane kom. Men strakst um natti gjorde Eirik Aastrid reidug til aa fara av, og gav ho godt fylgje og sende ho aust til Svitjod til venen sin, Haakon den gamle, som var ein megtug mann. De var mykje att av natti, daa dei fór; i kveldingi kom dei til ei bygd som heiter Skaun[2], og saag ein stor gard der og gjekk inn og bad um husvære til natti; dei sagde ikkje kven dei var, og hadde laake klæde. Bonden paa garden heitte Bjørn Eiterkveisa; han var rik, men ein atal mann. og han jaga deim av. Um kvelden fór dei til ein annan gard eit lite stykke ifraa, som heitte Vitskar[3]; bonden der heitte Torstein; og han gav deim hus og stelte godt for deim um natti, og dei sov der og hadde de godt.


4. Haakon og mennane hennar Gunnhild kom til Oprostad tidleg um morgonen og spurde etter Aastrid og son hennar. Eirik segjer at ho ikkje er der. Haakon og hine saag vel etter paa garden og var lengi der um dagen og fekk nysn um ferdi hennar Aastrid. Daa reid dei same leidi og kom seint paa kvelden til Bjørn Eiterkveisa i Skaun og fekk hus der. Daa spør Haakon Bjørn, um han kunde segja han noko um ho Aastrid. Han segjer at de kom nokre folk der um dagen og bad um husvære: «men eg jaga deim av, og dei hev vel fengi husvære her einkvar staden i grendi.» Ein av arbeidsmennane hans Torstein kom or skogen um kvelden og kom til Bjørn, av di vegen hans laag so fram, og daa vart han var, at de var framandfolk der, og kva dei vilde, og sagde de til Torstein bonde. Men daa de var att tridjeparten av natti, vekte Torstein upp gjestine sine og bad deim fara av, og tala morskt til deim. Men daa dei var komne ut or garden paa vegen, so fortalde Torstein deim at sendemennane hennar Gunnhild var hjaa Bjørn og fór og leita etter deim. Dei bad han um hjelp, og han gav deim ein fylgjesmann med og noko niste, og denne fylgde deim fram i skogen til eit vatn, og der var de ein røyrvaksin holme. Dei kunde vada ut til holmen og gøymde seg i røyri. Tidleg paa dagen reid Haakon fraa Bjørn ut i bygdi, og kor han kom, spurde han etter Aastrid. Og daa han kom til Torstein, spurde han um dei var komne dit. Han sagde at de hadde vori nokre folk der, men imot dagen fór dei aust til skogen. Haakon bad Torstein fylgja seg, daa han kjende vegen og gøymslune. Torstein fór med deim. Men daa han kom til skogen, viste han deim tvert ifraa der som Aastrid og hine var. Dei fór heile dagen og leita, og fann deim inginstad. Sidan snudde dei attende og sagde til Gunnhild korleis de hadde gjengi. Aastrid og fylgje hennar fór sin veg og kom til Svitjod til Haakon den gamle; der var Aastrid og son hennar, Olav, i lang tid og hadde de godt.


5. Gunnhild kongemor spurde at Aastrid og Olav, son hennar, var i Sviavelde; daa sende ho Haakon paa nytt lag med eit godt fylgje aust til sviakongen Eirik med gode gaavur og venlege ord. Sendemennane vart vel mot-tekne og fekk god fagning der. Sidan bar Haakon fram ærendi si for kongen, og segjer at Gunnhild bad kongen um aa hjelpa han, so han kunde faa med seg Olav Trygveson til Norig; Gunnhild vilde fostra han, sagde han. Kongen gav han folk med, og dei reid til Haakon den gamle, og Haakon baud Olav vera med seg med mange venlege ord. Haakon den gamle svara venleg og sagde at mor hans fekk raada for de, um han skulde fara; men Aastrid vilde ikkje for alt i verdi, at guten skulde fara. Daa fór sendemennane burt, og fortalde kong Eirik korleis de hadde seg. Sidan laga sendemennane seg heim-att, og bad kongen endaa ein gong um aa gjeva seg hjelp til aa faa guten burt med seg, anten Haakon den gamle vilde eller ikkje. Kongen gav deim fylgje paa vegen att, og sendemennane kom til Haakon den gamle, og kravde daa paa nytt lag at guten skulde fara med deim. Men daa dei ikkje strakst fekk noko svar paa dette, so lyste dei store ord, og gjorde seg vonde og kom med trugsmaal. Daa flaug de fram ein træl, som heitte Burste, og vilde leggja til Haakon, og de var so vidt dei kom undan og slapp aa faa juling av trælen; sidan fór dei heim til Norig og fortalde Gunnhild um ferdi si, og at dei hadde set OlavTrygveson.


6. Aastrid hadde ein bror som heitte Sigurd, son hans Eirik Bjodaskalle; daa hadde han vori lengi burte fraa lande aust i Gardarike hjaa kong Valdemar[4] og var i stor ære der. Aastrid fekk hug til aa fara dit til Sigurd, bror sin, og Haakon den gamle gav ho godt fylgje og alt de ho turvte, og ho fór med nokre kaupmenn. Daa hadde ho vori 2 aar hjaa Haakon den gamle, og Olav var 3 vetrar gamal. Men daa dei styrde austetter ut i sjøen, kom de vikingar fraa Estland paa deim, og dei tok baade folk og gods og drap sume, men sume skifte dei millom seg som trælar. Der vart Olav skild fraa mor si, og ein mann fraa Estland, som heitte Klerkon, tok honom og Torolv og Torgils. Klerkon totte at Torolv var for gamal til aa vera træl, og trudde ikkje de var noko tak i han, og drap han, men gutane hadde han med seg og selde deim til ein mann som heitte Klerk, og fekk ein skikkeleg god bukk for deim. De var endaa ein mann til som kaupte Olav, og gav ei god kufte eller kappe for han; han heitte Reas, og kona hans heitte Rekon, og son deira Rekone. Der var Olav lengi og hadde de godt, og bonden heldt mykje av han. Olav var 6 vetrar i Estland i denne utlægd[5].


7. Sigurd Eiriksson kom til Estland i ei ærend for kong Valdemar i Holmgard og skulde henta skatt aat kongen der i lande. Sigurd reiste paa stormanns-vis med mvkje folk og gods. Paa torge saag han ein utifraa væn gut, og skyna at de maatte vera ein utlending, og spurde han um hans namn og ætt. Han sagde at han heitte Olav, og at Trygve Olavsson var far hans, og at mor hans heitte Aastrid, dotter hans Eirik Bjodaskalle. Daa kjendest Sigurd ved at guten var systerson hans. Daa spurde Sigurd guten, korleis han var komin der, og Olav fortalde alt de som hadde hendt med han. Sigurd bad han fylgja seg til bonden Reas, og daa han kom dit, kaupte han baae gutane Olav og Torgils og hadde med seg til Holmgard; han lét ingin-ting koma ut um ætti hans Olav, men heldt han godt.


8. Olav Trygveson stod ein dag paa torge, og de var fullt av folk. Der kjende han att Klerkon, som hadde drepi fosterfar hans, Torolv Luseskjegg. Olav hadde ei liti øks i handi, og den sette han i hovude paa Klerkon, so ho stod i heilen paa han, og lagde strakst til aa springa heim der han budde, og fortalde de til Sigurd, frenden sin; men Sigurd fekk Olav strakst burt til der dronningi budde, og fortalde de som hadde hendt; ho heitte Allogia, og Sigurd bad ho hjelpa guten. Ho saag paa guten og sagde at dei maatte ikkje drepa slik ein væn gut, og bad deim kalla til seg full væpna folk. I Holmgard var de so fredlyst, at de var lov, at dei skulde drepa kvar mann som drap udømd mann. Difor styrmde heile flokken til, etter deira skikk og lov, og leita etter guten, kor de hadde vorti av han. Dei fortalde daa at han var i garden til dronningi, og at de stod ein fullvæpna her der. Dette vart fortalt kongen, og han gjekk til med sitt folk, og vilde ikkje at dei skulde slaast; og fyrst fekk han tilsagt han grid[6] og sidan gjort forlik. Kongen dømde han til bøtar, og dronningi greidde deim. Sidan var Olav hjaa dronningi, og ho var fælt glad i han. De var lov i Gardarike, at ikkje kongeborne menn fekk vera der, utan kongen vilde. Daa sagde Sigurd til dronningi, kva ætt Olav var komin av, og kvifor han var komin dit, at han kunde ikkje vera i sitt eigi land for ufred, og han bad ho tala med kongen um dette. Ho so gjorde og bad han hjelpa denne kongssonen, so tung lagnad som han hadde havt, og ho tala so lengi for kongen, til han gav sitt ja-minne. Han tok daa Olav til seg og heldt han drusteleg, som de høvde ein kongsson. Olav var 9 vetrar, daa han kom til Gardarike, og var der hjaa kong Valdemar i 9 vetrar til. Olav var den vænaste og største og sterkaste av alle og den største itrotts-mannen av alle nordmenn som ein hev høyrt gjeti.


9. Haakon jarl Sigurdsson var hjaa danakongen Harald Gormsson vetteren etter han hadde flytt fraa Norig for Gunnhildsønine. Haakon jarl var so fortenkt og ottefull um vetteren, at han lagde seg i sengi og var mykje vakin um nætane, og aat og drakk ikkje meir enn at han heldt seg ved helsa. Daa sende han nokre av mennane sine løynleg nord til Trondheim til venine sine, og gav deim den raadi, at dei skulde drepa kong Erling, um dei kunde koma til, og sagde at han skulde koma attende til rike sitt, naar sumaren kom. Same vetteren drap trøndine Erling, som fyrr er fortalt. Haakon og Gullharald var gode venir, og Harald fortalde Haakon, kva han hadde tenkt seg til; Harald sagde at no vilde han gjeva seg til der i lande og ikkje vera lenger paa herskip; han spurde Haakon, um han tenkte at kong Harald vilde skifta rike med han, um so var, at han kravde de. «Eg tenkjer de,» segjer Haakon, «at danakongen ikkje vil meinka deg noko som du hev rett til; men dette fær du best greide paa, naar du talar med kongen sjølv. Du fær venteleg ikkje rike, soframt du ikkje krev de.» Strakst etter denne samrøda tala Gullharald med kong Harald, og mange stormenn, som var venir med deim baae tvo, var til staes, og daa kravde Gullharald av kongen, at han skulde skifta rike halvt med han, slik som han var fødd og borin til der i Danavelde. Ved dette krave vart kong Harald vond, og sagde at ingin maun kravde slikt av kong Gorm, far hans, at han skulde vera halvkonge i Danmark, og ikkje av hans far, Hordaknut, heller, eller av Sigurd orm i auga, eller Ragnar Lodbrok, og han skapte seg so galin, at de var raadlaust aa tala med han.


10. Gullharald lika seg daa endaa mindre enn fyrr, av di han hadde ikkje meir rike no enn fyrr, og kongen var vond paa han. Han kom daa til Haakon, venen sin, og klaga si naud for honom og bad han finna paa ei god raad, um de lét seg gjera, so han kunde faa rike, og sagde at han trudde de var likast aa vinna rike med magt og vaapn. Haakon bad han ikkje segja dette til nokon, so de spurdest, og sagde: «De stend um live ditt her, og du maa tenkja ved deg sjølv paa kor langt du kan vinna; til slike storverk trengst de at mannen er djerv og fast, og at han sparer korkje paa godt eller vondt, so de kan faa framgang, de som han hev teki paa med; men de er gali aa taka paa med noko stort og sidan leggja de ned med skam.» Gullharald svarar: «Soleis skal eg driva paa dette krave, at eg ikkje skal spara hendane mine til aa drepa kongen sjølv, soframt eg kan koma til, daa han negtar meg de rike som eg hev rett til aa faa.» Dette var enden paa samrøda. Kong Harald gjekk og til Haakon, og dei talast ved kvarandre; kongen fortalde jarlen um de krave paa rike, som Gullharald hadde gjort, og kva han hadde svara, og han sagde at han vilde ikkje paa nokon maate minka rike sitt. «Men vil Gullharald halda fast paa dette krave, so er de lite fyri for meg aa lata drepa han, av di eg trur han ille, soframt han ikkje vil halda upp med dette.» Jarlen svarar: «Eg trur at Harald hev teki so kvast i, at han ikkje vil gjeva de upp; og eg tenkjer de, at um han tek paa med ufred her i lande, vil han faa godt for folk, og mest for di far hans var so vensæl; og for Dykk er de reint uraad aa drepa frenden Dykkar, av di alle folk i so fall vil kalla han saklaus. Og ikkje kan eg segja heller eg raar deg til, at du gjer deg til mindre konge enn Gorm, far din, var; han auka rike sitt mykje og minka de ikkje paa nokon maate.» Daa segjer kongen: «Kva er de daa du raar til, Haakon, naar eg ikkje skal skifta rike og ikkje sjaa til aa verta kvitt denne illhugen heller?» «Me skal raakast um nokre dagar,» segjer Haakon jarl; «eg vil tenkja paa denne vanskelege saki fyrst, og so gjeva svar.» Dermed gjekk kongen og alle mennane hans burt.


11. No gjekk Haakon jarl og grunda og tenkte paa raad att, og lét berre nokre faa menn vera i huse med seg. Faa dagar etter kom Harald til jarlen, og dei kom i samtale, og kongen spør, um jarlen hadde tenkt paa de dei hadde tala um fyridagen. «Eg hev vakt baade natt og dag sidan,» segjer jarlen, «og de synest meg vera de likaste, at du hev og styrer heile de rike som du fekk etter far din, men du skal gjeva Harald, frenden, din, eit anna kongerike, so han kan koma til ære.» «Kva er de for eit rike,» segjer kongen, «som eg kan gjeva Harald til eigedom, naar eg skal hava Danmark ubytt?» Jarlen segjer: «De er Norig; dei kongane som er der er leide med heile landsfolke, og kvar mann vil deim vondt, som dei fortener.» Kongen segjer: «Norig er eit stort land, og folke er hardt og ikkje godt aa taka paa for ein utanlands-her. Soleis gjekk de oss, daa Haakon varde lande, me miste mykje folk, men ingin siger vart vunnin, og dess-forutan er Harald Eiriksson fosterson min, og eg hev kne-sett han.» Daa segjer jarlen: «De hev eg visst lengi, at De tidt hev hjelpt sønine hennar Gunnhild, men dei hev ikkje lønt Dykk med anna enn berre vondt; me skal vinna Norig mykje lettare enn um me slæst for de med heile danaheren. Send du bod paa Harald, fosterson din, og bjod han de, at han skal taka de land og len av deg som dei hadde fyrr her i Danmark, og stemn han til deg. Daa kan Gullharald paa ei liti stund vinna rike i Norig fraa kong Harald Graafeld.» Kongen segjer, at de vil folk kalla ei ugjerd, aa svika fosterson sin. «De trur eg danine vil segja,» svarar jarlen, «at du steller deg betre naar du drep ein norsk viking enn ein dansk brorson.» Dei tala daa um dette ei lang stund, til dess dei vart samde um de.


12. Gullharald kom til tals med Haakon jarl att, og jarlen fortalde han, at no hadde han drivi paa hans sak soleis, at no var de von um at eit kongerike laag til reide aat han i Norig; «daa skal me,» segjer han, «halda fast ved samlage vaart, og daa kan eg vera deg til stor hjelp i Norig.» Jarlen tala til Gullharald um dette, til dess han vart vel nøgd med de. Sidan talast dei tidt ved alle tri, kongen og jarlen og Gullharald. Sidan sende danakongen folk nord til Norig til Harald Graafeld. Dei hadde butt seg drusteleg til, og dei vart godt mot-tekne, daa dei kom til kong Harald. Dei fortalde at Haakon var i Danmark og var daudsjuk og mest fraa samlingi, og likeins fortalde dei at danakongen Harald baud Harald Graafeld, fosterson sin, koma til seg og taka mot dei veitslune der, som han og brørane hans fyrr hadde havt i Danmark, og bad Harald koma og møta seg i Jylland. Harald Graafeld bar denne saki fram for Gunnhild, mor si, og andre venir; men kvar hadde si meining um dette; sume syntest at de var ikkje trygt aa fara til Jylland, slike folk som der var komne ihop; men dei fleste eggja han til aa fara, av di de var so stor svult i Norig, at kongane knapt kunde føda folke sitt. Daa fekk den fjorden, der kongane tidast sat, namne Hardanger. I Danmark var daa aaringen paa ei vis, so dei tenkte at dei skulde faa de dei turvte der, soframt kong Harald fekk len og styring der. De vart avgjort, fyrr sendemennane drog burt, at kong Harald skulde koma til Danmark um sumaren til danakongen og taka mot de vilkaar som kong Harald baud.


13. Harald Graafeld fór um sumaren til Danmark og hadde 3 langskip, og de eine styrde Arinbjørn herse fraa Fjordane. Kong Harald siglde ut fraa Viki yvi til Limfjorden og lagde seg ved Hals[7]. De vart fortalt han, at danakongen vilde koma dit snart. Men daa Gullharald høyrde dette, so siglde han dit med 9 skip; denne heren hadde han alt butt[8] til aa fara i viking med. Haakon jarl hadde daa butt sitt folk med, og etla seg i viking, og hadde 12 skip, som var store alle ihop. Men daa Gullharald var farin, sagde Haakon jarl til kongen: «Eg tvilar for at me ror leidingen og fær leggja bøtar like fullt;[9] no vil Gullharald drepa Harald Graafeld og sidan taka kongedøme i Norig. Tenkjer du han vert deg tru, naar du gjev han so stor magt? Han sagde de til meg her i vetter, at han vilde drepa deg, um han kunde koma til. No skal eg vinna Norig under deg og drepa Gullharald, um du vil lova meg de, at eg lett kan verta forlikt med deg att for dette. Eg vil daa verta jarlen din, og gjera eiden min paa de, og med di hjelp vinna Norig under deg og sidan halda lande under ditt herredøme og svara deg skatt; og daa er du større konge enn far din, naar du raar for tvo folk.» Dette vart kongen og jarlen samde um, og Haakon fór med sitt folk og leita etter Gullharald.


14. Gullharald kom til Hals i Limfjorden og baud strakst Harald Graafeld slag. Men endaa Harald hadde mindre folk, gjekk han strakst i land og laga seg til aa slaast og fylkte heren sin. Men fyrr fylkingane gjekk ihop, eggja Harald Graafeld heren sin kvast og bad deim draga sverdi, og sprang strakst fram i fremste fylkingi og hogg til baae sidur. So segjer Glum Geireson i Graafeldardraapa:

Malm-hoggaren mælte
eit modigt ord, han som torde
vigvollen væta
vidt med blod av hermenn:
Harald baud sine hirdmenn
hardt sverdi aa svinga
i malmridi; mannelegt tyktest
for mennane konge-orde.

Der fall kong Harald Graafeld; so segjer Glum Geireson:

Den skips-kjære skjoldberar hæve
skulde i dauden liggja
burtgøymd paa den breide
barden av Limafjord.
Landsstyraren live
lét ved Hals paa sanden;
hjaa hovdingom ynde han aatte
som ordhag morde valda.

Dei fleste av mennane til kong Harald fall med han, og der fall Arinbjørn herse og. Daa hadde de gjengi 15 vetrar, fraa di Haakon Adalsteinsfostre fall, og 13 vetrar fraa di Sigurd Ladejarl fall. So segjer presten Are Torgilsson, at Haakon jarl raadde 13 vetrar for farsarven sin i Trondheim, fyrr Harald Graafeld fall; men dei 6 siste aari Harald Graafeld livde segjer Are at Gunnhildsønine og Haakon slost og skiftest til aa røma or lande.[10]


15. Haakon jarl og Gullharald møttest ei stund etter Harald Graafeld var fallin, og Haakon jarl lagde til slag med Gullharald. Haakon vann, men Harald vart fanga, og Haakon lét hengja han i ein galge. Sidan fór Haakon jarl til danakongen og vart lett forlikt med han for de han hadde drepi Gullharald, frenden hans. Sidan baud kong Harald ut ein her yvi heile rike sitt og siglde ut med 600 skip. I fylgje med honom var jarlen Haakon Sigurdsson og Harald Grenske, son til kong Gudrød, og mange andre stormenn som hadde flytt fraa odelen sin i Norig for Gunnhildsønine. Danakongen heldt nordetter til Viki med heren sin, og alt landsfolke gjekk under han. Daa han kom til Tunsberg, dreiv de mykje folk til han, og han sette Haakon jarl yvi alle deim som var komne til han i Norig, og gav han styringi yvi Rogaland og Hordaland, Sogn, Fjordane, Sunnmøre og Raumsdal og Nordmøre. Desse 7 fylke gav kong Harald Haakon jarl styringi yvi, paa same vilkaar som Harald Haarfagre gav sønine sine, so nær som at Haakon skulde eiga baade der og i Trondheim alle kongsgardane og all landskyld, og hava so mykje av kongs-godse som han turvte, naar de var her i lande. Kong Harald gav Harald Grenske Vingulmark, Vestfold og Agdir til Lidandesnes[11] og kongsnamn, og lét han hava rike der paa same vilkaar som i gotnol tid frendane hans hadde havt, og som Harald Haarfagre gav sønine sine. Harald Grenske var 18 vetrar daa, og vart sidan ein namngjetin mann. Dermed fór danakongen Harald heim med heile danaheren.


16. Haakon jarl fór med heren sin nordetter langs-med lande. Men daa Gunnhild og sønine hennar spurde desse tidendir, samla dei ein her og hadde vondt for folk. Dei fann daa paa same raadi no som fyrr, og siglde vest yvi have med de folk som vilde fylgja deim, og drog fyrst til Orknøyane og gav seg til der ei tid; der styrde no jarlane Lodve og Arnfinn, Ljot og Skule, sønine hans Torfinn Hausa-kljuv. Haakon jarl lagde daa heile lande under seg og sat den vetteren i Trondheim. Dette nemner Einar Skaalaglam i Vellekla:

Sjau fylke fekk jarlen
aat fotom seg lagt, den gjæve,
med silkeband sveipt um panna;
god snunad de var for lande.

Daa Haakon jarl fór nordetter langs-med lande um sumaren, og landsfolke gjekk under han, so baud han de yvi heile rike, at dei skulde halda hovi og blotingi ved lag, og so vart gjort. Dette er fortalt um i Vellekla:

Framvis folkestyrar
lét freda og setja i lag att
hov-land[12] aat heidne gudar
og heilagdomane alle.
Sunnan yvi sjøen
skjoldberaren førde
skipe heim til heider, –
honom gudane styre!
Og dei milde Æsir
atter sin hug vender
til bloti; framifraa fremde
han fær av slikt, den gjæve.
No gror jordi som jamnan
de gjorde fordom; atter
hugmild hovding læt folke
husi aat gudane byggja.
No ligg under jarlen
alt nordanfor Viki;
herredøme aat Haakon,
her-kjempa, vidt seg breider.

Den fyrste vetteren, som Haakon raadde for lande, gjekk sildi inn under heile lande, og hausten fyriaat hadde de vaksi korn, der dei hadde saatt; og um vaaren fekk folk seg saakorn, so dei fleste bøndane fekk aakrane sine tilsaadde, og de saag snart ut til godt aar.


17. Kong Ragnfrød, son hennar Gunnhild, og Gudrød, som og var son hennar Gunnhild, var daa dei einaste som var i live av sønine til Eirik og Gunnhild. So segjer Glum Geireson i Graafeldardraapa:

Voni mi um munir[13]
minka halvt, daa striden
live aat hovdingen herja;
Haralds avferd meg armar.
Mi botevon er, at baae
brørane hev meg lova
gode gaavur, og hirdi
grunnar paa deim sine vonir.

Ragnfrød drog ut um vaaren, daa han hadde vori ein vetter paa Orknøyane, og siglde aust til Norig og hadde ein vakker her og store skip. Daa han kom til Norig, spør han at Haakon jarl er i Trondheim. Daa siglde Ragnfrød nord um Stad og herja paa Sunnmøre. Sume folk gjekk under han, som de tidt gjeng, naar de fer herflokkar yvi lande, at dei, som er ute for de, leitar etter hjelp dersom kvar synest at de er mest von um aa faa. Daa Haakon jarl spurde at de var ufred sør paa Møre, raadde han seg til skip og lét skjera upp her-pil, og laga seg til, so fort han kunde, og heldt ut etter fjorden og hadde godt for aa faa folk. Ragnfrød og Haakon jarl møttest nordaleg paa Sunnmøre, og Haakon jarl lagde strakst til slag; han hadde meir folk og smærre skip. Slage vart hardt, og de gjekk tyngst for Haakon. Dei slost ved stamnane, som dei daa hadde for skikk. De var straum i sunde, og skipi dreiv alle ihop inn mot land. Jarlen lét hamla[14] inn mot land, der som han totte de var best aa koma upp. Men daa skipi skura paa grunn, gjekk jarlen og alt folke hans i land, og drog upp skipi, so fiendane deira ikkje skulde faa dregi deim ut att. Sidan fylkte jarlen paa vollen og eggja Ragnfrød til aa ganga upp. Ragnfrød og mennane hans lagde inn mot land, og dei skaut paa kvarandre ei lang rid, men Ragnfrød vilde ikkje ganga paa land, og med de skildest dei. Ragnfrød siglde sør um Stad med sitt folk, av di han var rædd at de kunde samla seg folk fraa lande til Haakon jarl. Men jarlen lagde ikkje tidare til slag, av di han totte de var for stor skilnad paa skipsbordi, og difor fór han um hausten nord til Trondheim og var der um vetteren. Men kong Ragnfrød hadde daa alt sunnanfor Stad, Firdafylke, Sogn, Hordaland og Rogaland. Han hadde mykje folk um vetteren, og daa vaaren kom, baud han ut leiding og fekk mykje folk. Han fór umkring i alle fylki og fekk seg folk og skip og andre ting som han turvte.


18. Daa vaaren kom, baud Haakon jarl ut folk alt nordantil lande. Han hadde mykje folk fraa Haalogaland og Naumudal, so han hadde folk fraa alle sjøbygdine radt fraa Byrda[15] og til Stad. De samla seg ein her til han i Trøndelag med, og i Raumsdal. De er fortalt, at han hadde ein her fraa fire lands-lutir; 7 jarlar fylgde han, og alle desse hadde ein uhorveleg stor her. So er sagt i Vellekla:

Minnast de maa, at han som
for Møre verjemaal aatte,
den framdjerve, nordan lét fara
ei ferd av menn til Sogn.
Flokkar av hermenn fraa fire
folkland hovdingen samla;
med dette tiltak han tenkte
aa tena heile lande.
Og til skjoldting siglde
sjau landsherrar andre
med fræge føraren, han som
med føde slagfuglar gjøder.
Daa herane saman høvdest,
heile Norig dunde;
nøgdi de flaut fram-med nesi
av naakalde[16] mannekroppar.

Haakon jarl styrde sør um Stad med heile denne heren. Daa spurde han at kong Ragnfrød med sin her hadde fari inn i Sogn, og daa snudde han seg dit med heren sin, og der møttest han og Ragnfrød. Jarlen lagde til lands med skipi sine og hasla voll for kong Ragnfrød og tok ut de stelle han vilde slaast paa. So er sagt i Vellekla:

I andre odd-striden jarlen,
øgjeleg for vindar,
mot gramen seg vende, daa vart de
eit vidspurt mannefall.
Stridsmannen bad deim styra
stamnane inn aat lande
og heldt med sine herskip
aat hyrna av sitt fylke.

Der vart de eit ovende hardt slag; men Haakon jarl hadde mykje meir folk, og han vann. Dette var paa Tinganes[17], der som Sogn og Hordaland møtest. Kong Ragnfrød flydde til skipi sine, og av kongsheren fall de 3 hundrad mann[18]. Um dette stend de i Vellekla:

Dragsmaale hardt og drjugt var,
fyrr daadsterke hovding lagde
under kloi aat herfuglar hækne[19]
tri hundrad mannekroppar.
Fengdsæl[20] fylking-førar
fara derfraa kunde
havbuom yvi hovude;
hugnad han fann av dette.

Etter dette slage flydde kong Ragnfrød ut or Norig; men Haakon jarl freda lande og lét heile den store heren, som hadde fylgt han um sumaren, fara nord att, men han sjølv vart verande der um hausten, og likeins um vetteren.


19. Haakon jarl gifte seg med ei møy som heitte Tora, dotter til ein megtug mann, som heitte Skage Skofteson. Tora var ei overlag væn gjente. Dei hadde tvo sønir, som heitte Svein og Heming, og ei dotter, som heitte Bergljot, som sidan var gift med Einar Tambeskjelvar. Haakon jarl var overlag kvendekjær og hadde mange born; han hadde ei dotter som heitte Ragnhild; henne gifte han med Skofte Skageson, bror hennar Tora. Jarlen var so glad i Tora, at han heldt mykje meir av frendane hennar Tora enn av andre folk; men Skofte, maagen sin, vyrde han mest av alle ihop, og jarlen gav han store veitslur paa Møre. Kvar gong dei var i leiding, skulde Skofte leggja sitt skip næmast skipe til jarlen, og ingin skulde hava lov til aa leggja sitt skip millom deira skip.


20. De var ein sumar, at Haakon jarl hadde leiding ute, og Torleiv Spake styrde eit av skipi som var med. Der var Eirik og med, som daa var 10 eller 11 vetrar. Naar dei lagde i hamn um kveldane, vilde ikkje Eirik lata seg lita med anna, enn at dei lagde seg næmast jarleskipe. Men daa dei kom sør til Møre, kom Skofte, systermannen hans, dit med eit langskip og fullt mannskap. Daa dei rodde burt aat floten, so ropte Skofte, at Torleiv skulde røma hamni for han og leggja ut or lægje. Eirik svara radt og bad Skofte leggja seg i eit anna lægje. Dette høyrde Haakon jarl, at Eirik, son hans, totte at han var slik megtug mann, at han vilde ikkje gjeva etter for Skofte; jarlen ropte strakst og bad deim leggja ut or lægje, og segjer at elles skulde de ganga gali med deim, og dei skulde faa juling. Men daa Torleiv høyrde dette, ropte han til mennane sine og bad deim løysa landtoge, og dette gjorde dei. Skofte lagde seg daa i de lægje han var vand til aa hava næmast skipe til jarlen. Skofte skulde fortelja jarlen alle tidendir, naar dei var saman baae tvo, og jarlen fortalde Skofte dei tidendir som han høyrde fyrst, og difor vart han kalla Tidende-Skofte. Vetteren etter var Eirik hjaa Torleiv, fosterfar sin, men tidleg um vaaren fekk Eirik seg ein flokk menn, og Torleiv gav han ei femtan-tofta skute med full reide og tjeld og kost. Eirik heldt ut etter fjorden og so sør til Møre. Tidende-Skofte fór og med ei femtan-tofta skute med fullt mannskap millom gardane sine; men Eirik styrde imot han og lagde seg i slag. Der fall Skofte, men Eirik gav dei mennane fred, som endaa stod paa føtane. So segjer Øyolv Daadaskald i Bandadraapa:

Seint utpaa dagen stemnde
paa sjøkonge-skiom den unge
jarlesonen med jamstort
gjenge[21] mot utværs-hersen.
Med drag av døydande eggjar
der lét han Skotte fella;
ulvemettaren ofte
aate gav aat ramnom.

Sidan siglde Eirik sør langs-med lande og kom fram til Danmark og fór til kong Harald Gormsson og var der hjaa honom um vetteren. Men vaaren etter sende danakongen Eirik nord til Norig og gjorde han til jarl og gav han Vingulmark[22] og Raumarike til aa styra, sameleis som skattekongane fyrr hadde styrt der. So segjer Øyolv Daadaskald:

Folkestyraren var –
faa vetrar gamal
– – – –
– – – –,[23]
fyrr dei gullrike gauvar[24]
gav han land aa styra,
den unge hovdingen hæve
med herhjelm kvelvd yvi panna.

Sidan vart Eirik jarl ein stor hovding.


21. Olav Trygveson var all denne tidi i Gardarike, og vart utifraa æra av kongen der og elska av dronningi. Kong Valdemar sette han til hovding yvi den heren, som han sende ut til aa verja lande. Olav heldt nokre slag der, og han greidde godt herstyringi, og han heldt ein stor flokk hermenn sjølv og, paa sin eigin kostnad, av de som kongen gav han. Olav var gjevmild med mennane sine, og dette vart han vensæl av, men de gjekk daa, som de tidt kan henda, naar utlendingar kjem seg upp i høgdi og fær magt, og so stor ære at dei gjeng yvi innlendingane, at mange vart aabruige, av di kongen heldt so mykje av han, og dronningi likso mykje. Dei tala for kongen, at han skulde vara seg og ikkje gjera Olav for stor: «for slik ein mann er faarleg for deg, um han vil lata seg bruka til aa gjera Dykk eller rike Dykkar mein, so hæv kar og so vensæl som han er. Og ikkje veit me heller, kva han og dronningi svallar um stødt.» De var mykje skikk den tid med megtuge kongar, at dronningi skulde hava halve hirdi og halda ho paa sin eigin kostnad, og til dette skulde ho hava den skatt og skyld som ho turvte; soleis var de hjaa kong Valdemar og, at dronningi hadde likso stor hird som kongen, og dei kappast mykje um aa faa framifraa karar, og kvar vilde draga deim til seg. No gjekk de so, at kongen sette lit til de, som dei tala for han, og han vart noko faamælt og stuss imot Olav. Men daa Olav merka de, fortalde han de til dronningi, og sagde at han var huga paa aa fara til nordlandi, og sagde at frendane hans hadde havt rike der fyrr, og han totte de var rimelegt at han vilde koma seg lengst fram der. Dronningi bad farvel med han, og sagde at dei vilde halda han for ein gjæv mann, kor han var. Sidan laga Olav seg til aa fara og gjekk um bord og siglde ut i Øystresjøen. Daa han siglde vestetter, kom han til Borgundarholm[25] og gjekk i land der og herja; landsfolke gjekk ned og heldt slag med han, og Olav fekk siger og mykje herfang.


22. Medan Olav laag ved Borgundarholm, fekk dei kvast vêr og storm i sjøen, so dei kunde ikkje halda seg der, og siglde derfraa og sør under Vindland[26] og fekk god hamn der; der fór dei fredleg fram og gav seg til der ei stund. Kongen i Vindland heitte Burislav[27], og døtrane hans heitte Geira og Gunnhild og Aastrid. Geira, dotter til kongen, hadde styringi og rike der som Olav og hans menn kom i land; den mannen, som var mest med dronning Geira og styrde, heitte Diksin. Men daa dei hadde spurt, at ukjende folk, som fór aat paa stormannsvis, var komne til lande, og at dei fór med fred, so drog Diksin til deim med den ordsending fraa dronning Geira, at ho baud deim som var komne dit aa vera der um vetteren, av di de var lidi langt ut paa sumaren, og de var stygge-vér og store stormar. Men daa Diksin kom dit, so merka han snart, at de var ein grepa mann, baade i ætt og uppsyn, som styrde deim. Diksin sagde at dronningi baud deim venskap og husvære. Olav tok imot dette tilbode, og fór um vetteren til dronning Geira, og dei syntest oversleg godt um kvarandre, so Olav fridde til dronning Geira, og de vart avgjort, at Olav fekk dronning Geira same vetteren, og daa tok han styringi yvi rike med henne. Hallfred Vandrædaskald nemner dette i den draapa som han dikta um kong Olav:

Hovdingen sverdi harde
ved holmen med blod lét rjoda
og gladleg auster i Gardar –
kva godt for aa dylja dette?


23. Haakon jarl raadde for Norig og reidde ingin skatt, av di danakongen gav han alle skattane som kongen hadde til i Norig, for den umaken og kostnaden som jarlen hadde med aa verja lande mot sønine hennar Gunnhild.


24. Den tid var keisar Otta[28] i Saksland; han sende bod til danakongen Harald, at han og de landsfolke som han styrde skulde lata døypa seg og taka den rette trui; elles, sagde keisaren, vilde han fara mot han med ein her. Daa lét danakongen gjera landverjo reidug, og lét setja Danevirke godt i stand og bu herskipi sine. Daa sende kongen bod til Haakon jarl i Norig, at han skulde koma til han tidleg um vaaren med heile den heren som han kunde faa. Um vaaren baud Haakon jarl ut ein her fraa heile rike sitt og fekk mykje folk, og med desse siglde han til Danmark og møtte danakongen, som tok mot han med stor ære. De var mange andre hovdingar og med danakongen og hjelpte han, og han hadde ein uhorveleg stor her.


25. Olav Trygveson hadde vori i Vindland um vetteren, som fyrr er fortalt; han fór um vetteren til dei bygdine der i Vindland som hadde legi under dronning Geira, men som daa hadde dregi seg undan, og korkje lystra eller lagde skatt aat ho. Der herja Olav og drap mykje folk og brende for sume, og tok mykje gods, og lagde desse riki under seg, og dermed fór han attende til borgi si. Tidleg paa vaaren budde Olav skipi sine og siglde til havs. Han siglde upp under Skaane og gjekk i land der, og landsfolke samla seg ihop og heldt slag, men Olav vann og fekk mykje herfang. Sidan siglde han aust til Gotland og tok der eit handelsskip som høyrde til nokre jamtar. Dei varde seg godt; men enden vart, at Olav rudde skipe og drap mykje folk og tok alt godse. De tridje slage heldt han i Gotland, og der vann Olav og fekk mykje herfang. So segjer Hallfred Vandrædaskald:

Hov-grimme[29] hovding lét sidan
i herstrid jamtar falla,
og same vegen med vindar;
vand til de vart han tidleg.
Hard var herse-drottnen
hoggdjerv mot live aat gotar;
de er sagt meg, gramen sende
eit spjot-regn yvi Skaane.


26. Keisar Otta drog ihop ein stor her, og han hadde folk fraa Saksland og Frankland[30], Frisland og Vindland. Med honom fylgde kong Burislav med ein stor her, og Olav Trygveson, maagen hans, var og med i denne heren[31]. Keisaren hadde ein stor her av hestfolk, men endaa meir fotfolk, og ein stor her hadde han fraa Holtsetaland[32] og. Kong Harald sende Haakon jarl med den norske heren, som fylgde han, sør til Danevirke til aa verja lande der. Soleis stend de i Vellekla:

Heretter havhestar mange
hasta paa utferd nordan
under den aarvake tøymar
yvi sjøen til Danmark,
og Hordalands herre
– paa høge hovude øgishjelmen[33]
Dovre-drottnen, søkte
med danske hovdingar møte.
Og i vetters velde
vilde de myrke skoglands
rauste konge røyna
rikjaren, nordantil komin,
den gong daa den djerve
drakestyrar vart bodsend
fraa gramen um aa verja
Virke mot fiend-flokken.

Keisar Otta kjem med heren sin nord til Danevirke, men Haakon jarl varde borgveggen med heren sin. Danevirke er soleis laga, at de gjeng tvo fjordar inn i lande, ein paa kvar side av lande, men millom fjordbotnane hadde danine gjort ein stor borgvegg av stein og torv og timber, og gravi eit djupt og breidt dike utanfor og bygt eit kastell ved kvavt borg-led[34]. Daa vart de eit stort slag, som er nemnt i Vellekla:

Heller var de lite haglegt[35]
mot heren deira aa ganga,
endaa jarlen gjorde
hjelm-storm hard og gagnleg, –
daa med fylking av frisar,
av frankar og av vindar
storkongen kom stigande;
til striden sjø-kjempa eggja.

Haakon jarl sette fylkingar yvi alle borg-ledi, men mesteparten lét han fara langs med borgveggine og verja der som dei gjekk hardast paa. Der fall de mykje folk for keisaren, men dei kunde ikkje raa med borgi, og difor snudde keisaren og gjorde ikkje fleire stormlaup. Dette er og fortalt um i Vellekla:

Dyn de vart, daa dei djerve
dreiv ihop med skjoldom;
verjaren veik ikkje
i den ville odde-gnyen.
For honom som sjøhesten salar
saksane undan laut røma;
vel daa gramen varde
vollen mot fiend-flokken.

Etter denne striden fór Haakon jarl attende til skipi sine og etla seg til aa sigla nord att til Norig; men han fekk ikkje bør og vart liggjande ut-paa Limfjorden.


27. Keisar Otta snudde no med heren sin til Sle[36] og samla der ein flote og sette heren yvi fjorden til Jylland. Daa danakongen Harald Gormsson spurde dette, fór han imot han med heren sin, og de vart eit stort slag, og enden vart, at keisaren vann, men danakongen flydde undan til Limfjorden og drog ut paa Maarsøy[37]. Daa fór de sendemenn att og fram millom keisaren og kongen, og dei fekk sett grid og stemnelag, og keisar Otta og danakongen møttest paa Maarsøy. Daa preika bisp Poppo den heilage trui for kong Harald, og han bar gloande jarn i handi si, og synte kong Harald handi si ubrend.[38] Daa lét kong Harald døypa seg med heile danaheren. Medan kong Harald var paa Maarsøy, hadde han sendt bod til Haakon jarl, at han skulde koma og hjelpa han, og jarlen var nett komin til øyi, daa kongen hadde lati seg døypa. Daa sende kongen bod til jarlen, at han skulde koma til han, og daa dei møttest, nøydde kongen jarlen til aa lata døypa seg. Daa vart Haakon jarl døypt, med alle dei mennane som fylgde han, og kongen gav han prestar med seg og andre lærde menn[39], og segjer at jarlen skal lata døypa alt folke i Norig. Hermed skildest dei, og Haakon jarl drog ut til sjøen og venta paa vind. Men daa han fekk slik vind, at han trudde han kunde koma ut til havs med han, skaut han alle lærde menn upp paa land og siglde til havs. Men daa vinden gjekk um til sudvest og vest, siglde jarlen aust igjenom Øresund og herja paa baae sidur. Sidan siglde han aust under Skaane-sida og herja der, kor han kom i land. Men daa han kom aust til Gautaskjeri[40], lagde han til lands og gjorde eit stort blot. Daa kom de tvo ramnar fljugande og klunka høgt, og daa tottest jarlen vita at Odin hadde teki mot blote, og at de no vilde vera lagleg tid til aa slaast. Daa brende jarlen alle skipi sine og gjekk i land med heile heren sin og fór med herskjold alle stadir. Daa kom Ottar jarl, som raadde for Gautland, imot han, og dei heldt eit stort slag med kvarandre; der vann Haakon jarl, men Ottar jarl fall med ein stor lut av heren sin. Haakon jarl fór daa med herskjold alle stadir baade i Øystre-Gautland og Vester-Gautland, til dess han kom til Norig, og sidan fór han landvegen alt nord til Trondheim. Um dette er de fortalt i Vellekla:

Fiendeherens forfylgjar
til frettar[41] gjekk paa vollen
og fekk de svar, at dagen
dugde vel til herferd.
Tvo slagfuglar sterke
saag daa hovdingen fljuga;
her-kjempa til seg tenkte
aa tyna live aat gautar.
Strids-vekkjaren straadde
strandi med lik av fallne;
sin ættmann gav Æsine siger,
Odin fekk eiga valen.
Her-leik heldt no jarlen,
der fyri honom ingin
mann under malmklædd tekil[42]
magtast hadde aa herja.
Ingin upp fraa sjøen
enno so langt hev bori
gullslegne skjoldar; gjenom
alt Gautland vann han fara.
Greidt er, at gudane jarlens
gang framum kongar styrer;
sterke magtir, eg segjer,
styrkjer Haakons velde.


28. Keisar Otta fór attende til rike sitt i Saksland, og han og danakongen skildest venir. De er fortalt, at keisar Otta stod fadder til Svein, son til kong Harald, og at han gav han namne sitt, so han i daapen fekk namne Otta Svein. Kong Harald heldt kristindomen godt alt til sin døyande-dag. Kong Burislav drog til Vindland, og Olav, maagen hans, med. Dette slage nemner Hallfred Vandrædaskald i Olavs-draapa:

Paa brynju-klædde bjørkir[43]
borken han hogg i Danmark
han som sjøhesten sporar, –
sunnanfor Heidaby[44].


29. Daa Olav Trygveson hadde vori 3 vetrar i Vindland, vart Geira, kona hans, sjuk og døydde. Olav syrgde so mykje paa ho, at han lika seg ikkje i Vindland sidan. Difor raadde han seg til herskip og fór paa herferd att og herja, fyrst i Frisland og sidan i Saksland og alt til Flæmingjaland[45]. So segjer Hallfred Vandrædaskald:

Tidt i sunder saksar
son hans Trygve lét hogga,
slik at liki ljote[46]
laag til føde for ulven;
vensæle hovding vargar
vidt um gav aa drikka
or flengde barm de brune
blode av mange frisar.
Megtuge sjøkonge mange
mann hogg i hel paa Valkere[47];
kjøt av flæmingjar den fræge
til føde gav aat ramnom.


30. Sidan styrde Olav Trygveson til England og herja rundt umkring i lande; han siglde alt til Nordimbraland og herja der, og derfraa heldt han nord til Skotland og herja rundt umkring der; derfraa siglde han til Sudrøyane og heldt nokre slag. Sidan heldt han sør til Man og slost der og herja mange stadir umkring i Irland og. Etter dette styrde han til Bretland og herja vidt og breidt der, og likeins der som dei kallar Kumraland[48]. Derfraa siglde han vest til Valland og herja, og so siglde han austetter og etla seg til England. Daa kom han til nokre øyar, som heiter Syllingane[49], ute i have i vest for England. So segjer Hallfred Vandrædaskald:

Unge konge uspart
engelsmennane herja,
namnfræg spjotregns nørar
lét nordimbrar myrda.
Strids-glad ulvemettar
øydde live aat skotar,
sigersæl gulløydar sidan
sverdleik i Man framde.
Øyværingar og irar
almboge-beraren sende
i dauden; føraren frøkne[50]
frægdar-fus[51] var og hug-ram.
Kongen Bretlands-buar
barde[52] og kumrske mennar[53]
hogg ned; den heite hunger
hjaa hækne slagfuglar døyvdest.

Olav Trygveson var 4 aar paa denne herferdi, fraa di ban fór fraa Vindland og til dess han kom til Syllingane.


31. Daa Olav Trygveson laag i Syllingane, spurde han at de var ein spaamann der paa øyi, som sagde i fyrivegen ting som ikkje hadde hendt endaa, og mange totte at jamt slo til. Olav vart forvitin etter aa prøva spaadoms-gaava til denne mannen. Han sende den vænaste og største av mennane sine i dei finaste klædi, og bad han at han skulde segja han var kongen, av di at Olav hadde vorti kjend i alle land for aa vera vænare og gjævare og større enn alle andre menn. Men fraa di han fór fraa Gardarike hadde han ikkje meir att av namne sitt, enn at han kalla seg Ole og sagde han var fraa Gardarike. Men daa sendemannen kom til spaamannen og sagde at han var kongen, fekk han dette svare: «Ikkje er du kongen, men de raar eg deg til, at du er kongen din tru,» og meir sagde han ikkje til denne mannen. Sendemannen fór attende og fortalde dette til Olav, og han vart endaa meir huga paa aa raaka denne mannen, daa han høyrde dette svare, og han tvila ikkje meir paa, at han var spaamann. Daa fór Olav til han og tala med han, og spurde han, um han kunde segja han noko um korleis de vilde ganga, um han freista paa aa faa seg rike eller anna godt. Daa svara einbuen med heilag spaadoms-aand: «Du skal verta ein namngjetin konge; og namngjetne storverk skal du gjera; du skal føra mykje folk til tru og daap, og de skal vera til gagn baade for deg sjølv og mange andre; og at du ikkje skal tvila paa dette svare mitt, so kan du hava dette til merke: naar du kjem til skipi dine, vil du møta svik og mange uvenir, og de vil koma til slag, og du misser nokre av mennane dine og vert sjølv saara, so de stemd um live, og du vert borin um bord paa ein skjold, men av dette saare skal du verta lækt innan 7 nætar og strakst etter verta døypt.» Sidan fór Olav ned til skipi sine, og daa møtte han ufredsmenn, som vilde drepa honom og folke hans, og der gjekk de med deim som einbuen hadde sagt han, at Olav vart borin saara um bord og lækt paa 7 nætar. Daa tottest Olav vita at denne mannen hadde sagt sant, og at han var ein retteleg spaamann, kor han so hadde spaadoms-gaava si fraa. Daa fór Olav andre venda til denne mannen og tala mangt og mykje med han, og spurde grant etter, kor han hadde fengi slik visdom fraa, at han spaadde ting som ikkje hadde hendt endaa. Einbuen sagde, at den guden, som dei kristne hadde, lét han vita alt de som han hadde hug paa. Han fortalde daa Olav mange av Guds underlege gjerningar, og desse fyri-tolune gjorde so mykje, at Olav gjekk inn paa aa lata døypa seg, og soleis. vart Olav-døypt med heile fylgje sitt. Han var der ei lang stund og lærde den rette trui, og hadde med, seg derfraa prestar og andre lærde menn.


32. Um hausten siglde Olav fraa Syllingane til England og laag i ei hamn der, men fór med fred, av di England var kristi og han var kristin sjølv og. Paa den tid gjekk de eit tingbod yvi lande, at alle skulde koma til tings. Daa tinge var sett, kom de ei dronning, som heitte Gyda, syster hans Olav Kvaran[54], som var konge i Dublin i Irland. Ho hadde vori gift i England med ein megtug jarl, som no var daain, og ho styrde rike etter han. Men i rike hennar, var de ein mann, som heitte Alvine, som var ei stor kjempe og holmgangsmann; han hadde fritt til ho, men ho svara de, at ho vilde velja sjølv, kven ho vilde gifta seg med, av dei mennane som var i rike hennar, og difor var de tillystting, for di Gyda skulde velja seg ein mann. Alvine var komin dit og hadde paa seg dei beste klædi sine, og de var mange andre og der i fine klæde. Olav var og komin dit og hadde uvêrs-klædi sine paa og ein lodin frakk utanpaa, og stod eit stykke fraa hine med fylgje sitt. Gyda gjekk og saag paa kvar mann for seg, som ho totte saag ut til aa vera noko til kar. Men daa ho kom dit som Olav stod, og saag upp i andlite hans, spurde ho, kven han var. Han kalla seg Ole, «og eg er utlending her,» sagde han. Gyda sagde: «Vil du hava meg, so vil eg velja deg.» «Eg segjer ikkje nei til de,» segjer han. Han spurde etter namne paa denne kona og etter hennar ætt og stand. «Eg er kongsdotter fraa Irland,» segjer ho; «eg vart gift her i lande med den jarlen som styrde rike her; men no etter hans avferd hev eg styrt rike; de er nokre som hev fritt til meg, men ingin som eg vilde hava, og eg heiter Gyda.» De var ei ung og væn kone. Dei rødde sidan um dette og gjorde de av, og Olav feste Gyda. Alvine var ille nøgd med dette. Men de var skikk i England, at naar tvo trætta um noko skulde de verta avgjort ved holmgang, og Alvine baud Olav Trygveson holmgang um denne saki. Dei sette stemnelag med kvarandre til striden, og de skulde vera 12 mann paa kvar side. Daa dei møttest, segjer Olav til mennane sine, at dei skulde gjera liksom han gjorde. Han hadde ei stor øks, og daa Alvine vilde hogga til han med sverde, slo han sverde av handi paa han og gav Alvine sjølv de andre hogge, so han stupte, og so batt Olav han fast. Sameleis gjekk de alle mennane hans Alvine, at dei vart slegne og bundne og førde heim til herbyrge hans Olav. Sidan bad han Alvine fara ut or lande og aldri koma att, men Olav tok alt de han aatte. Daa fekk Olav Gyda, og var takom-til i England og takom-til i Irland.

Daa Olav var i Irland, var han ein gong paa ei herferd til sjøs. Daa dei turvte strandhogg, gjekk de nokre i land og dreiv ned mange naut til strandi. Daa kom de ein bonde og bad Olav gjeva seg dei kyrne som høyrde honom til. Olav bad han taka kyrne sine, um han kunde kjenna dekn, «men du maa ikkje hefta oss,» sagde han. Bonden hadde med seg ein stor buhund, som han viste inn i nauteflokken, og der var de mange hundrad naut, som dei dreiv ned. Hunden sprang umkring i alle nauteflokkane, og dreiv ut nett so mange naut som bonden sagde han hadde, og alle var dei merkte paa same maaten, og daa kunde dei skyna at hunden hadde kjent rett, og dei totte at dette var ein framifraa klok hund. Daa spurde Olav, um bonden vilde gjeva han hunden. «Gjerne de,» sagde bonden. Olav gav ban strakst ein gullring i staden og lov han venskap. Denne hunden heitte Vige, og de var den beste hunden som fanst, og Olav hadde han lengi sidan.


33. Danakongen Harald Gormsson spurde at Haakon jarl hadde gjevi upp kristindomen og herja rundt umkring i lande til danakongen. Daa baud danakongen Harald ut ein her og fór til Norig, og daa han kom til de rike som Haakon jarl hadde styringi yvi, herja han der og lagde i øyde alt lande, og kom med heren sin til nokre øyar, som heiter Solundir[55]. De stod ikkje meir enn 5 gardar ubrende i Sogn i Lærdal, men alle folk hadde seg undan til fjells og til skogs med alt de som dei kunde faa med. Etter dette etla danakongen seg til aa sigla med denne heren til Island og hemna den spott som alle islendingane hadde gjort han. De var sett i lovi paa Island, at dei skulde dikta ei nidvise um danakongen for kvart nes som var i lande. Dette kom seg av di, at eit skip, som aatte heime paa Island, forliste i Danmark, men danine tok alt godse og kalla de rak[56], og de var ein av gardsfutane til kongen, som heitte Birge, som var skuld i dette. De vart dikta nidvers um baae tvo, og dette er eit av deim:

Daa Harald reid paa havhest
i hamen aat Fakse[57] sunnan,
til voks daa vinda-myrdaren
vendest heil og haldin.
Og vidt fór lande-vetti
Vesal[58] Birge lyt reka
– mange nok maatte sjaa de –
i merra-ham kringum lande.

Kong Harald baud ein trollmann forskapa seg og fara til Island og freista kva han kunde fortelja han, og han fór i kval-ham. Daa han kom til lande, fór han vestetter nordan-umkring lande; han saag at alle fjell og bakkar var fulle av land-vette, sume store og sume smaa. Daa han kom utanfor Vaapnafjorden[59], fór han inn i fjorden og tenkte paa aa ganga i land. Men daa fór de ein stor drake ned fraa dalen, og mange ormar og paddur og fjorføslur fylgde med og bles eitr paa han; daa lagde han i vegen og vestetter lande, alt til dess han, kom utanfor Øyafjorden. Daa han fór inn etter denne fjorden, kom de farande imot han ein fugl, som var so stor, at vengjune naadde burt i fjelli paa baae sidur, og mange andre fuglar, baade store og smaa. Han fór burt derfraa og vestetter lande og sør til Breidafjorden, og stemnde inn der; der fór de ein stor gra-ukse imot han og vassa ut i sjøen og tok til aa belja so de var reine fælt, og mange land-vette fylgde med han. Han fór burt derfraa og sør um Røykjanes, og vilde ganga upp paa Vikarsskeid. Der kom de ein berg-rise imot han og hadde ein jarnstav i handi, og hovude hans var høgre enn fjelli, og mange andre jutular med han. Derfraa strauk han aust langs med lande, og daa var de ikkje anna, sagde han, enn sand og ulende og fælt med brim og brot utanfor, og have millom landi var so stort, at de var ikkje farande der for langskip, sagde han. Paa den tid budde Broddhelge i Vaapnafjorden, Øyolv Valgjerdsson i Øyafjorden, Tord Gjelle i Breidafjorden, og, Torodd gode i Olvus. Sidan snudde danakongen med heren sin sør-etter langs lande og siglde til Danmark; men Haakon jarl lét byggja heile lande att og lagde ingin skatt til danakongen sidan.


34. Svein, son til kong Harald, han som sidan vart kalla Tjugeskjegg[60], bad kong Harald, far sin, gjeva seg eit rike; men de gjekk no som fyrr, at kong Harald vilde ikkje tviskifta Danavelde, og vilde ikkje gjeva han noko rike. Daa fekk Svein seg herskip, og sagde at han vilde fara i viking; men daa heile heren hans var samla, og daa jomsvikingen Palnatoke var komin til hjelp, so heldt Svein til Sjælland og inn i Isefjord. Der laag kong Harald, far hans, fyriaat med skipi sine og budde seg nett til aa fara i leiding. Svein lagde til slag med han, og de vart ein hard strid. Men de dreiv so mykje folk til kong Harald, at Svein rauk for yvimagti og flydde. Der, fekk kong Harald so store saar, at de vart banen hans. Etter dette tok dei Svein til konge i Danmark. Sigvalde var den gong jarl yvi Jomsborg[61] i Vindland; han var son til kong Strut-Harald, som hadde styrt Skaane. Sigvalde hadde tvo brørar, som heitte Heming og Torkjel den høge. Bue Digre fraa Borgundarholm, og Sigurd, bror hans, var og hovdingar yvi jomsvikingane. Der var Vagn og, son til Aake og Torgunna og systerson til Bue og Sigurd. Sigvalde jarl hadde fanga kong Svein og havt han med til Jomsborg i Vindland og tvinga han til aa forlika seg med vindekongen Burislav, og Sigvalde jarl skulde vera skilsmann[62] –Sigvalde jarl var den gong gift med Aastrid, dotter til kong Burislav; – men i anna fall, sagde jarlen, vilde han gjeva kong Svein i handi paa vindane. Men daa kongen visste de, at dei vilde pina han i hel, samtykte han, at jarlen forlikte deim. Sigvalde jarl dømde soleis, at kong Svein skulde gifta seg med Gunnhild, dotter til Burislav, men kong Burislav skulde gifta seg med Tyre Haraldsdotter, syster til kong Svein; men baae tvo skulde faa hava rike sitt, og de skulde vera fred millom landi. Dermed fór kong Svein heim til Danmark med Gunnhild, kona si. Dei hadde tvo sønir, Harald og Knut den megtuge. I den tid truga danine mykje med aa fara med ein her til Norig imot Haakon jarl.


35. Kong Svein gjorde eit drustelegt gjestebod og baud til seg alle dei hovdingane som var i rike hans, daa han skulde halda ervedrykkje etter Harald, far sin. Strakst han hadde Strut-Harald i Skaane andast av, og Vesete paa Borgundarholm, far til Bue Digre og Sigurd. Daa sende kongen bod til jomsvikingane, at Sigvalde jarl og Bue og brørane deira skulde koma dit og halda ervedrykkje etter fedrane sine i de same gjestebode som kongen gjorde. Jomsvikingane kom til gjestebode med alle dei modigaste av menane sine. Dei hadde 40 skip fraa Vindland og 20 fraa Skaane. Der kom de ovende mykje folk ihop. Fyrste gjestebods-dagen, fyrr kong Svein steig i høgsæte til far sin, drakk han minneskaali hans og lova høgt og dyrt, at fyrr tri vetrar var gjengne, skulde han vera komin med heren sin til England og drepa kong Adalraad[63] eller jaga han ut or lande. Denne minneskaali skulde alle drikka, som var i ervedrykkja. Daa skjenkte dei i for hovdingane aat jomsvikingane, og dei bar stødt dei fullaste horn og den sterkaste drykk til deim. Men daa denne minneskaali var drukki, skulde alle folk drikka Krist-skaali. Daa bar dei dei største horn og den sterkaste drykk som fanst til jomsvikingane. Den tridje skaali var Mikjaals-skaali[64], og den drakk alle. Men etter dette drakk Sigvalde jarl far sins minneskaal og lova høgt og dyrt, at fyrr tri vetrar var gjengne, skulde han vera komin til Norig og drepa Haakon jarl elles jaga han ut or lande. Sidan lova Torkjel den høge, bror hans Sigvalde, at han skulde fylgja han til Norig og ikkje fly fraa slage, so lengi Sigvalde var etter og slost. Daa lova Bue Digre at han skulde fara til Norig med deim og ikkje fly fraa slaga for Haakon jarl. Daa lova Sigurd, bror hans, at han skulda fara til Norig, og ikkje fly so lengi mesteparten av jomsvikingane slost. Daa lova Vagn Aakeson at han skulde fara med deim dit, og ikkje koma attende fyrr han hadde drepi Torkjel Leira og gjengi i seng med Ingebjørg, dotter hans, forutan samtykkje av frendane hennar. Mange andre hovdingar lova ymse ting, og soleis drakk dei ervedrykkja den dagen. Men morgonen etter, daa jomsvikingane var fastande, totte dei at dei hadde vori munn-drjuge, og kom ihop og samraadde seg um korleis dei skulde stella seg med ferdi, og dei avtala at dei skulde bu seg til so fort dei kunde. Dei budde difor strakst skipi sine og herfolke. Men de kom snart ut gjet-orde um dette vidt umkring i landi.


36. Jarlen Eirik Haakonsson, som daa var paa Raumarike, fekk tidend um dette. Strakst drog han folk til seg og fór til Upplandi, og so nord yvi fjelle til Trondheim til Haakon jarl, far sin. Dette nemner Tord Kolbeinsson i Eiriksdraapa:

Sanneleg segnir store
sunnantil fór um kjempur
staal-klædde, vidt; daa venta
vaapnstrid gjæve bøndar.
Flote-føraren vita
fekk, at danine sør-paa
lét sine langskip draga
yvi lunnane ut paa sjøen.


37. Haakon jarl og Eirik jarl lét skjera upp her-pil i heile Trøndelag, og sende bod til Nordmøre og Sunnmøre og Raumsdal og nord til Naumudal og Haalogaland, og baud ut heile aalmenningen, baade folk og skip. Um dette stend de i Eiriksdraapa:

Skjoldberaren lét skjota
paa sjøen mange snekkjur
og likeins langskip og knarrar[65]
(lovkvædi veks for skaldom),
daa odd-eggjaren ov-drjug
utantil fór og vilde
freda lande aat far sin;
full-sett vart leidi med skjoldar.

Haakon jarl heldt strakst søretter til Møre og spæja og samla folk, men Eirik jarl samla heren og førde han nordantil.


38. Jomsvikingane styrde med heren sin til Limfjorden, og derfraa stakk dei i sjøen med 60 skip og kom til Agdir. Dei styrde strakst med heren nord til Rogaland og tok til aa herja, strakst dei kom til rike hans Haakon, og fór soleis med herskjold heile vegen nordetter langs med lande. De var ein mann, som heitte Geirmund, som siglde med ein lett farkost og nokre faa mann, og kom nord til Møre og raaka der Haakon jarl; han gjekk fram for borde og fortalde jarlen den tidendi, at de var komin ein her sør i lande fraa Danmark. Jarlen spurde, um han hadde vissa paa de. Geirmund lyfte upp den eine armen, som handi var avhoggi paa, og sagde, at de var merke paa at de var ein her i lande. Sidan spurde jarlen han grant ut um denne heren. Geirmund segjer at de var jomsvikingane, og at dei hadde drepi mykje folk og røva vidt og breidt. «Fort og kvast fer dei,» segjer han, «og eg ventar at de drygjer ikkje lengi fyrr dei kjem hit.» Sidan rodde jarlen umkring i alle fjordane, inn langs de eine lande og utetter de andre, og fór natt og dag og sende spæjarar landvegen yvi Eide[66], baade sør i Fjordane og nordetter, der som Eirik fór med heren. Um dette er nemnt i Eiriksdraapa:

Odd-vand[67] jarl, som aatte
ute paa sjøen langskip,
styrde dei høge stamnar
stolt Sigvalde til møtes.
I lomar[68] mange de ljoma,
men langtfraa ræddast dei dauden,
sjømennane, som sjøen
sleit med aarebjadi.

Eirik jarl fór søretter med heren, de foraste han kunde.


39. Sigvalde jarl styrde med heren sin nord um Stad, og lagde fyrst inn til Herøyane[69]. Naar vikingane raaka paa landsfolk, sagde desse aldri sanningi um kva jarlen tok seg til. Vikingane herja, kor dei kom. Dei lagde inn til Hod[70] og gjekk upp der og herja og dreiv baade folk og fe ned til skipi og drap alle vaapnføre menn. Men daa dei fór ned til skipi, kom de ein bonde gangande til deim tett ved flokken hans Bue. Bonden sagde: «De fer ikkje fram paa hermanns vis; De driv kyr og kalvar til strandi; de var betre fangst for dykk aa taka bjørnen som no er komin nær gildra.» «Kva segjer bonden,» segjer dei, «kan du segja oss noko um Haakon jarl?» Bonden sagde: «Jarlen fór i gaar inn i Hjørundarfjord[71], og daa hadde han eit eller tvo skip, slett ikkje fleire enn tri, og daa hadde han ikkje nysn um dykk.» Bue og hans folk lagde strakst til aa springa ned til skipi og slepte alt herfange. Bue sagde: «Lat oss nytta de, at me hev fengi spurlag paa jarlen, og vera sigeren næmast.» Daa dei kom um bord, rodde dei strakst ut. Sigvalde jarl ropte paa deim og spurde kva som var tids. Dei sagde at Haakon jarl varl der inn-i fjorden. Daa løyste jarlen floten, og dei rodde nord-etter langs øyi Hod og so inni um øyi.


40. Haakon jarl og Eirik jarl, son hans, laag i Hallkjelsvik[72], og der var heile heren deira samla. Dei hadde halvt-anna hundrad skip, og hadde spurt at jomsvikingane hadde lagt inn til Hod, og daa rodde jarlane nordetter og leita etter deim. Daa dei kom til ein stad som heiter Hjørungavaag[73], møttest dei, og paa baae sidur lagde dei skipi i rad til slag. Midt i heren var merke hans Sigvalde jarl, og midt imot de laga Haakon jarl seg til aa leggja aat. Sigvalde jarl hadde 20 skip, men Haakon jarl 60. I heren hans Haakon jarl var desse hovdingane: Tore Hjort fraa Haalogaland og Styrkaar fraa Gimsar[74]. I den eine armen av fylkingi var Bue Digre og Sigurd, bror hans, med 20 skip. Mot deim lagde jarlen Eirik Haakonsson seg med 60 skip, og med honom var hovdingane Gudbrand Kvite fraa Upplandi og Torkjel Leira fraa Viki. I den andre armen av fylkingi lagde Vagn Aakeson fram med 20 skip, og midt imot honom Svein Haakonsson, og med honom Skjegge fraa Upphaug[75] paa Yrjar og Rognvald fraa Ærvik paa Stad med 60 skip. Soleis er sagt i Eiriksdraapa:

Drusteleg drog i leiding,
dana-heren til møtes,
hav-skip; langs med lande
lengi siglt dei hadde.
Mange langskip ved møte
paa Møre jarlen rudde
under vikingom; vidt dreiv skròvi
med varme lik-haugar ladde.

Likeins segjer Øyvind i Haaløygja-tal:

Til fagnad minst
de møte var
for uvenom
aat Yngvefrøy
i morgonstundi,
daa mot øy-danir
landsstyrarar
langskip førde,
og sverd-alven
sunnan styrde
havhestane
mot heren deira.

Etter dette lagde dei floten ihop, og no byrja de eit fælande kvast slag, og de fall mange paa baae sidur, men mange fleire av heren hans Haakon, av di jomsvikingane slost baade manneleg og djervt og kvast og skaut radt igjenom skjoldane. Og so mange vaapn skaut dei mot Haakon jarl, at brynjo hans vart sundskoti, so ho ikkje var nyttande, og han kasta ho fraa seg. Dette nemner Tind Hallkjelsson:

Kosteleg kyrtil, som gullprydd
kvinne verka aat jarlen,
vart ikkje væn aa bera
i veksande sverde-gnistren, –
daa radir av ruggande herskip
rudde vart for mennar,
og hovdingen laut hiva
heilt sin ring-slitne jarnserk.
Der i-sund paa sanden
serken blés, ring-vovin;
etter dette enno
eiger jarlen merke.


41. Jomsvikingane hadde større og meir høgborda skip, men paa baae sidur gjekk dei ovdjervt paa. Vagn Aakeson lagde so hardt fram imot skipe hans Svein Haakonsson, at Svein lét hamla undan og heldt paa og skulde fly. Daa kom Eirik jarl til og lagde seg fram i fylking imot Vagn. Daa lét Vagn siga tilbake, og daa laag skipi som dei laag i fyrstningi. Daa gjekk Eirik attende til sitt folk, og daa hadde dei hamla undan, men Bue hadde kappa togi og vilde forfylgja deim. Daa lagde Eirik jarl bord um bord med skipe hans Bue, og daa vart de ein kvass strid med hoggvaapn, og tvo eller tri av skipi hans Eirik lagde seg um de eine skipe hans Bue. Daa Vart de styggevér og ei haglskur so fæl, at eit haglkorn vog ein øyre[76]. Daa kappa Sigvalde togi og snudde skipe sitt og vilde fly. Vagn Aakeson ropte paa han og bad han ikkje fly. Sigvalde jarl ansa ikkje kva han sagde. Daa skaut Vagn eit spjot etter han og raaka honom som sat ved styre. Sigvalde jarl rodde burt med 35 skip, men 25 laag att. Daa lagde Haakon jarl skipe sitt paa den andre sida aat Bue, og daa var de ikkje glisi millom kvart hogg for menane hans Bue. Vigfus, son hans Vigaglum, tok upp eit kvass-nebba sted som laag paa tiljune, som ein mann hadde klinka hjalte sitt paa. Vigfus var ein ovsterk kar; han kasta stede med baae hendane og slo de i skallen paa Aaslak Holmskalle, so nebben gjekk ned i heilen. Paa Aaslak hadde de ikkje biti vaapn fyrr, men sjølv hadde han hoggi til baae sidur. Han var fosterfar hans Bue og stamnbuen hans. De var ein annan mann, som heitte Haavard Hoggande; han var endaa sterkare og ein ovdjerv kar. I denne striden gjekk mennane hans Eirik upp paa skipe hans Bue og atter-ut til lyftingi[77] mot Bue, Daa hogg Torstein Midlang til Bue tvert yvi nosi, og hogg sund naseskjermen, og de vart eit stort saar. Bue hogg til Torstein inn i sida, so mannen gjekk av paa midten. Daa tok Bue upp tvo kistur fulle av gull, og ropte høgt: «Yvi bord alle mennane hans Bue!» og kasta seg yvi bord med kistune, og daa sprang mange av mennane hans yvi bord, men sume fall paa skipe; for de var ikkje godt aa beda um fred. Daa rudde dei skipi hans Bue fraa stamn til stamn, og sidan de eine etter de andre. Sidan lagde Eirik jarl seg til skipe hans Vagn, og fekk hard motstand. Men sistpaa rudde dei skipi deira, og Vagn vart fanga med 29 mann, og dei vart bundne og førde paa land. Daa gjekk Torkjel Leira til deim og sagde: «De lova du høgt og dyrt, Vagn, aa drepa meg; men eg tykkjer no de er meir likt til at eg drep deg.» Dei sat paa ei laag alle ihop. Torkjel hadde ei stor øks i handi, og hogg til den som sat ytst paa laagi. Vagn og mennane hans var bundne soleis, at dei hadde snutt eit reip um føtane paa alle ihop, men hendane var lause. Daa sagde ein av deim: «Eg hev ei naal[78] i handi, og den skal eg stinga ned i jordi, um eg veit noko til meg sjølv, naar hovude er av.» Dei hogg hovude av han, og naali datt ut or handi paa han. De sat ein væn mann der, med fagert haar, som han sveipte fram yvi hovude sitt, og han rette fram halsen og sagde: «Blod ikkje ut haare!» Eit mann tok haare i handi og heldt fast. Torkjel svinga øks; men vikingen kipte hovude so hardt til seg, at han som held haare gav etter, og øksi fór ned paa baae hendane hans og hogg deim av, so øksi vart standande i jordi. Daa kom Eirik jarl til og spurde: «Kven er denne væne mannen?» «Dei kallar meg Sigurd,» segjer han, «og dei segjer at Bue er far min; endaa er ikkje alle jomsvikingane daude.» Eirik segjer: «Du er visst og sant son hans Bue. Vil du hava liv og fred?» segjer han. «De spørst, kven som byd,» segjer Sigurd. «Han byd,» segjer jarlen, «som hev magt til de, Eirik jarl.» «Daa vil eg,» segjer han, og vart løyst fraa reipe. Daa sagde Torkjel Leira: «Um du, jarl, vil at alle desse mennane skal hava liv og fred, so skal aldri Vagn Aakeson sleppa herfraa med live.» Daa flaug han fram, med øksi i vêre, men vikingen Skarde svinga seg i reipe, so han stupte ned for føtane hans Torkjel, og Torkjel datt flat yvi han. Daa tok Vagn øksi og lyfte ho og gav Torkjel banehogg. Daa sagde jarlen: «Vagn, vil du hava liv og fred?» «De vil eg,» segjer han, «um me fær de alle.» «Løys deim av reipe,» segjer jarlen, og de gjorde dei. 18 var drepne, men 12 fekk liv og fred.


42. Haakon jarl og mange andre menn sat paa eit tre; daa small de ein bogestreng paa skipe hans Bue, og pili raaka lendmannen Gissur fraa Valdres, som sat næmast jarlen og var fint klædd. Nokre gjekk ut paa skipe, og fann der Haavard Hoggande, som stod paa kne ved skipsborde, daa føtane var avhogne paa han, og han hadde ein boge i handi. Daa dei kom ut paa skipe, spurde Haavard: «Kven datt ned av laagi?» Dei sagde at han heitte Gissur. «Daa hadde eg mindre lukke enn eg vilde,» sagde han. «Stor nok var ulukka,» sagde dei, «men ikkje skal du gjera fleire,» og drap han. Sidan saag dei etter, der som dei fallne laag, og bar herfange ihop til skifting. De er fortalt, at dei rudde 25 skip for jomsvikingane. So segjer Tind Hallkjelsson:

Mot venen aat vindar førde
vaapnstrid lang, han som stiller
svolten paa skrikande ramnar,
og skjoldhundar[79] fór mot leggir, –
til dess egg-døyvaren evlde[80]
aa øyda av dei digre
farkostar fem og tjuge;
faare-verk var de for heren.

Sidan lét dei denne heren ganga kvar til sitt. Haakon jarl fór til Trondheim, og var ille nøgd med at Eirik hadde gjevi Vagn Aakeson liv og fred. De er ei segjande-segn, at Haakon jarl i dette slage blota Erling, son sin, til aa vinna, og daa kom haglskuri, og mannefalle vende seg mot jomsvikingane. Eirik jarl fór til Upplandi, og so aust til rike sitt, og Vagn Aakeson var med han. Daa gifte Eirik Ingebjørg, dotter hans Torkjel Leira, med Vagn, og gav han eit godt langskip med full reide og mannskap. Dei skildest gode venir, og Vagn fór heim sør til Danmark. Sidan vart han ein vidgjetin mann, og mange storfolk er komne fraa honom.


43. Harald Grenske var konge paa Vestfold, som fyrr er fortalt, og vart gift med Aasta, dotter hans Gudbrand Kula. Ein sumar, daa Harald Grenske var paa herferd i Austerveg og fekk seg gods, kom han til Svitjod. Daa var Olav Svenske konge der, som var son til kong Eirik den sigersæle og Sigrid, dotter hans Skoglar-Toste. Den gong var Sigrid enkje og hadde mange store gardar i Svitjod. Men daa ho spurde, at Harald Grenske, fosterbror hennar, var komin til lands eit lite stykke derifraa, sende ho bod til han og baud lian til gjestebod. Han lét ikkje dette koma i gløyme og reiste med eit stort fylgje, og vart godt mot-tekin. Kongen og dronningi sat i høgsæte og drakk ihop um kvelden baae tvo, og dei skjenkte alle mennane hans dugeleg og. Um kvelden, daa kongen gjekk og lagde seg, hadde dei reidt upp ei seng med pell[81] og glupe sengklæde. I dette huse var de faa folk berre. Men daa kongen var avklædd og komin i seng, so kom dronningi til han og skjenkte han sjølv og lokka han mykje til aa drikka, og var ovende blid. Kongen vart dugeleg drukkin, og ho med. Daa han sovna, gjekk dronningi likeins og lagde seg. Sigrid var ei klok kvinne og spaavis i mange ting. Morgonen etter vart de og dugeleg skjenkt, men de gjekk daa, som de jamt hender, naar folk vert oversleg drukne, at dei fleste agtar seg for aa drikka dagen etter. Men dronningi var lystug, og ho og kongen tala seg imillom. Ho sagde de, at ho heldt sin eigedom og de rike, som ho hadde i Svitjod, likso gjævt som hans kongedøme og rike i Norig. Ved dette svalle vart kongen stur og brydde seg lite um alt; han laga seg til aa fara og var hugsjuk, men dronningi var lystug og gav han store gaavur, daa han fór. Um hausten fór Harald attende til Norig og var heime um vetteren og var heller stur. Sumaren etter fór han i Austerveg med folke sitt og styrde til Svitjod. Han sende bod til dronning Sigrid, at han vilde tala ved ho. Ho reid ned til han, og dei talast ved, og han kom strakst fram med de, um ho vilde gifta seg med han. Ho sagde at de var berre fjas av han, og at han var so vel gift fyrr, at han kunde fullkomeleg godt berga seg. Harald segjer at Aasta var ei god og gjæv kone; «men ho er ikkje so høgbori som eg er.» Sigrid svarar: «De kan vel vera, at du er meir storætta enn ho; men eg trur de, at ho no gjeng med lukka til dykk baae tvo.[82]» Dei tala ikkje stort meir med kvarandre, og dronningi reid burt, og kong Harald var tung i hugen. Han laga seg til aa rida upp i lande og tala, med dronning Sigrid ein gong til. Mange av mennane hans talde han ifraa, men likevel fór han med eit stort fylgje og kom til den garden som dronningi styrde. Same kvelden kom de ein konge til, som. heitte Vissavald[83], austantil Gardarike, og vilde fri til ho. Baae kongane og alt folke deira fekk rom i ei stor og gomol stogu, og all bunaden var deretter; men de skorta ikkje paa drikke um kvelden, og de var so sterkt, at alle drakk seg av, og vakti baade ute og inne sovna. Daa lét dronning Sigrid taka paa deim um natti baade med eld og vaapn; der brann stogo og dei mennane som var inne, men dei som kom seg ut vart drepne. Sigrid sagde de, at soleis skulde ho gjera smaakongane leide av aa fara fraa andre land og fri til ho. Sidan vart ho kalla Sigrid Storraade.


44. Dette var vetteren etter jomsvikinge-slage i Hjørungavaag. Rane hadde vori etter um bord, daa Harald gjekk upp i lande, og hadde styringi yvi de folke som var etter. Men daa dei spurde at Harald var drepin, fór dei burt, de snaraste dei kunde, og attende til Norig og fortalde dette. Rane drog til Aasta og sagde ho korleis de hadde gjengi paa ferdi, og kva ærend Harald hadde, daa han reiste til dronning Sigrid. Aasta fór strakst til Upplandi, til far sin, daa ho hadde fengi vita dette, og han tok godt imot ho, men baae tvo var fælt harme for den raadi dei hadde lagt upp i Svitjod, og for di Harald hadde etla seg til aa reisa fraa ho. Aasta Gudbrandsdotter fødde eit gutebarn um sumaren, som dei auste vatn paa og kalla Olav. Rane auste vatn paa guten, og i fyrstningi vart han uppfødd der hjaa Gudbrand og Aasta, mor si.


45. Haakon jarl raadde for alle sjøbygdine i Norig og hadde styringi yvi 16 fylke. Men sidan Harald Haarfagre hadde skipa de soleis, at de skulde vera ein jarl i kvart fylke, so vart de lengi slik, og Haakon jarl hadde 16 jarlar under seg, som de er fortalt i Vellekla:

Kvar elles er de høyrt gjeti,
at ein jordbue raader
for jordi aat sekstan jarlar?
Jamt skulde folk de minnast.
Til alle heimsens endar
orde no seg breider
um den høge hovdings
heiders-riké storverk.

Medan Haakon jarl raadde for Norig, var de gode aaringar i lande og god fred innanlands millom bøndane. Bøndane heldt mykje av jarlen de meste av hans livetid; men daa de leid paa, hende de mykje med jarlen, at han laag i ulivnad med kvinnfolk; de vart so ille, at jarlen lét taka døtrane til megtuge menn og hadde heim til seg og laag ei viku eller tvo med deim, og so sende han deim heim, og av dette fekk han mykje uvenskap av skyldfolke til gjentune, og bøndane tok til aa murra ille, slik som trøndine vanleg gjer med alt de som ikkje er deim til lags.


46. Haakon jarl fekk ein nyss um at de skulde vera ein mann vestanfor have, som heitte Ole, som dei heldt for konge der. Men etter de nokre menn hadde fortalt, fekk jarlen ein mistanke um at de visst var ein av den norske kongsætti. De vart fortalt han, at dei sagde at Ole var ætta fraa Gardarike; men jarlen hadde spurt de, at Trygve Olavsson hadde havt ein son, som heitte Olav og var reist aust til Gardarike og var uppfødd der hjaa kong Valdemar. Jarlen hadde spurt so grant ut um denne mannen, og hadde ein mistanke um at de visst var den same som no var komin til vesterlandi. De var ein mann som heitte Tore Klakka og var ein god ven til Haakon jarl. Han var lengi i viking, og sume tidir fór han og handla, og var godt kjend vidt og breidt. Denne mannen sende Haakon jarl vest yvi have, og bad han fara til Dublin og handla, som mange hadde for skikk i den tid, og faa greide paa kven denne Ole var; men fekk han vissa paa de, at de var Olav Trygveson eller einkvar annan av den norske kongs-ætti, so skulde Tore leggja ei eller onnor svikraad mot han, um han kunde koma til.


47. Etter dette fór Tore vest til Dublin i Irland, og fekk spurlag paa Ole, som var der hjaa verfar sin, Olav Kvaran[84]. Sidan kom Tore, som var ein ordhag[85] mann, seg i samtale med Ole. Daa dei hadde tala ei god stund med kvarandre, tok Ole til aa spyrja um nytt fraa Norig, fyrst um upplendings-kongane, og kven av deim som daa var i live, og um kva rike dei hadde. Han spurde um Haakon jarl og, korleis han var lika i lande. Tore svara: «Jarlen er so megtug mann, at ingin torer segja anna enn de han vil, og de kjem seg av di, at de ingin annan finst som ein kan halda seg til. Men sant aa segja veit eg, at mange gjæve menn, og likeins aalmugen, er soleis haatta, at dei hadde mest hug til de og var strakst ferdige, um de kom ein konge der til rike av ætti hans Harald Haarfagre; men me kjenner ingin som kunde vera høveleg, og mest for di at dei no hev røynt, at de nyttar lite aa slaast med Haakon jarl.» Men daa dei tidt hadde tala um dette, lét Olav Tore faa vita namne og ætti si, og spurde han til raads, um han trudde at bøndane vilde taka Olav til konge, um han kom til Norig. Tore mana paa han, at han skulde fara, og lét vel um honom og hævleiken hans. Daa tok Olav til aa faa hug paa aa fara til farsarven sin. Olav sigler daa austetter i lag med Tore, med 5 skip, fyrst til Sudrøyane, og sidan siglde han til Orknøyane. Jarlen Sigurd Lodveson laag nettupp med eit langskip i Aasmundarvaag[86] paa Rognvaldsøy[87] og tenkte aa fara yvi til Katanes. I de same kom Olav med sine folk vestantil inn til øyane og lagde seg i hamn der, for di Petlandsfjorden[88] var ikkje farande. Men daa kongen fekk vita at jarlen laag der, lét han jarlen kalla til seg og vilde tala med han. Daa jarlen kom og vilde røda med kongen, hadde dei ikkje tala lengi, fyrr kongen sagde at jarlen skulde lata døypa seg Og heile landsfolke sitt, eller so døy strakst paa flekken; og kongen sagde at han vilde fara med eld og oske yvi øyane og leggja lande i øyde, um folke ikkje tok imot kristindomen. Men soleis stelt som jarlen var, valde han de aa lata døypa seg, og soleis vart han døypt, med alt de folke som var der med jarlen. Sidan svor jarlen eiden sin til kongen og vart hans mann, og gav han son sin til gisl, som heitte Kvelp eller Hunde, og honom hadde Olav med seg til Norig. Dermed siglde Olav aust ut i have, og kom til lands inn-ved Mostr[89], og der gjekk han fyrst i land i Norig og lét syngja messe der i eit landtjeld. Sidan vart de bygt ei kyrkje paa denne same staden. Tore Klakka sagde til kongen, at de var ikkje onnor raad, enn at han ikkje lét de koma ut, kven han var, og ikkje lét nokor nysn ganga i fyrivegen, og at han fór de snøggaste han vann til jarlen, og ikkje lét han bu seg til. Dette gjorde kong Olav, og fór nordetter natt og dag, naar han hadde bør, og lét ikkje landsfolke faa vita um, kvart han fór. Daa han kom nord til Agdenes, spurde han at Haakon jarl var inne i fjorden, og likeins at han var uforlikt med bøndane. Men daa Tore høyrde dette, so gjekk de annarleis enn han hadde tenkt, av di at etter jomsvikinge-slage var alle mann i Norig gode venir med Haakon jarl i alle maatar, for den sigeren han hadde vunni, og for di han hadde berga heile lande for herjing; men no hadde de laga seg so meinsleg, at de var komin ein stor hovding i lande og bøndane var uforlikte med jarlen.


48. Haakon jarl var i gjestebod paa Medalhus i Gauldalen, men skipi hans laag ute ved Vigg[90]. De var ein megtug bonde som heitte Orm Lyrgja og budde paa Bynes[91]; han hadde ei kone som heitte Gudrun, dotter hans Bergtor paa Lundar[92]. Ho vart kalla Lundasol, og var utifraa væn. Jarlen sende trælane sine til Orm i den ærendi, at dei skulde hava Gudrun, kona hans Orm, med til jarlen. Trælane fortalde ærendi si; Orm bad deim fyrst faa seg kveldsmat. Men fyrr trælane hadde eti, var de komne mange menn fraa bygdi til Orm, som han hadde sendt bod paa. Daa sagde Orm at Gudrun slett ikkje skulde fara med trælane. Gudrun bad trælane segja de til jarlen, kt ho vilde ikkje koma til han, utan han sende Tora fraa Rimul[93] etter ho; de var ei megtug kone og ei av kjærastane til jarlen. Trælane sagde, at næste gongen skulde dei koma att soleis, at bonden og kona hans snart skulde trega paa dette, og baud vondt og strauk av. Men Orm lét her-pil fara umkring i bygdi til alle fire kantar, med paalegg um at alle skulde fara med vaapn imot Haakon jarl og drepa han; han sende bod til Halldor paa Skjerdingsstedja[94] med, og Halldor lét strakst her-pil ganga. Lite fyrr hadde jarlen teki kona til ein mann som heitte Brynjolv, og dette vart dei fælt harme for, og daa var de nære paa at de hadde samla seg ein her. Men daa denne bodstikka kom, vart de eit heilt upplaup, og mykje folk drog til Medalhus. Men jarlen fekk nysn um dette og fór burt fraa garden med folke sitt, til ein djup dal, som dei no kallar Jarlsdalen, og gøymde seg der. Dagen etter heldt jarlen godt auga med bondeheren. Bøndane stengde att alle vegine, og trudde helst at jarlen hadde fari til skipi sine. Son hans, som heitte Erlend og, var ein emneleg mann, styrde den gong skipi. Daa natti kom, lét jarlen folke sitt ganga fraa kvarandre, og bad deim fara skogleides ut til Orkedalen. «Ingin mann vil gjera dykk vondt, naar ikkje eg er nær. Send bod til Erlend at han sigler ut etter fjorden, so me raakast paa Møre. Eg skal nok faa gøymt meg for bøndane.» Etter dette fór jarlen av, og hadde med seg trælen sin, som heitte Kark. De laag is paa Gaul[95], og der skuva jarlen hesten sin ut-i og lagde kappa si etter, og so fór dei til ein heller, som sidan heiter Jarlshelleren, og der sovna dei. Men daa Kark vakna, fortalde han at han hadde drøymt, at ein svart og fæl mann kom imot helleren, og han var rædd for at han skulde ganga inn, og denne mannen fortalde han at Ulle var daud. Jarlen sagde at Erlend visst var drepin, Tormod Kark sovna andre gongen og bar seg ille i svevnen; men daa han vakna, fortalde han, at han hadde drøymt, at han saag same mannen koma ned att, og han bad at han skulde segja til jarlen, at no var alle sundi stengde. Kark fortalde draumen, til jarlen, og han trudde at slikt kunde varsla at han var feig. Dermed stod han upp, og dei gjekk til garden Rimul. Daa sende jarlen Kark til Tora, og bad ho koma ut til seg, so ingin merka de. Dette gjorde ho og tok godt imot jarlen. Han bad ho gøyma seg i nokre dagar, til bondeheren gjekk fraa kvarandre. «Her vil dei visst,» sagde ho, «leita etter deg paa garden min baade ute og inne, av di mange veit at eg gjerne vil hjelpa deg, alt de eg kan. De finst berre ein stad paa garden min, der eg ikkje kunde finna paa aa leita etter slik mann som du er, og de er eit svinebol.» Daa dei kom, dit, sagde jarlen: «Her skal me stella til aat oss; live skal me no fyrst berga.» Daa grov trælen ei stor greft der, og bar burt jordi, og sidan lagde han timber yvi. Tora fortalde jarlen at Olav Trygveson var komin inn i fjorden og hadde drepi Erlend, son hans. Sidan gjekk jarlen og Kark ned i grefti, men Tora lagde timber ovanpaa, og sopa mold og møk yvi og dreiv grisine yvi. Dette svinebole var under ein stor stein.


49. Olav Trygveson heldt inn i fjorden med 5 langskip, og der kom Erlend, son hans Haakon jarl, roande ut imot han med 3 skip. Men daa skipi nærma seg, tenkte Erlend at de kunde vera ufredsmenn, og snudde til lands. Men daa Olav saag langskipi koma ut etter fjorden og ro imot seg, tenkte han at de var Haakon jarl som fór der, og bad folke sitt ro etter deim, de hardaste dei kunde. Daa Erlend og mennane hans var komne nær lande, rodde dei paa grunn og flaug strakst yvi bord og søkte til lands. I de same kom skipi hans Olav farande. Olav saag at de laag ein fager mann og sumde, og tok styrvolen og kasta etter han, og hogge kom i hovude paa Erlend, son til jarlen, so hausen brotna radt til heilen, og der miste Erlend live sitt. Olav og mennane hans drap mykje folk der, men sume kom seg undan, og sume tok dei og gav fred, og spurde deim um nytt. Daa vart de fortalt Olav, at bøndane hadde jaga Haakon jarl av, og at han no rømde for deim, og at heile flokken hans hadde skilst aat. Sidan kom bøndane til Olav, og dei gleddest ved kvarandre og gjorde strakst samlag. Bøndane tok han til konge yvi seg, og alle vart samstelte um at dei skulde leita etter Haakon jarl og fara upp i Gauldalen, og dei totte de var rimelegast, at um jarlen var paa nokon av gardane, laut de vera paa Rimul, av di Tora var beste venen hans der i dalen. Dei fór dit og leita etter jarlen baade ute og inne, og fann han ikkje. Daa heldt Olav husting ute i garden, og steig upp paa den store steinen som stod attmed svinebole. Der tala Olav til folke, og i tala si sagde han de, at han vilde gjeva den mann baade gods og ære, som gjorde Haakon jarl mein. Denne tala høyrde jarlen og Kark, som hadde ljos med seg. Jarlen sagde: «Kvifor er du so bleik, men sume tidir svart som jord? Er de ikkje so, at du vil svika meg ?» «Nei,» segjer Kark. «Me vart fødde paa ei natt,» segjer jarlen; «de vert visst ikkje lengi millom dauden vaar heller.» Daa di kvelda, fór kong Olav burt. Men daa de vart natt, heldt jarlen seg vakin, men Kark sovna og bar geg ille. Daa vekte jarlen han og spurde kva han drøymde. Han sagde: «No var eg paa Lade, og kong Olav lagde ein gullring um halsen paa meg.» Jarlen svara: «Daa vil Olav leggja ein blodraud ring um halsen paa deg, um du raakar paa han; agte deg for de. Men av meg skal du njota godt liksom fyrr, og svik meg ikkje.» Sidan vakte dei baae tvo, nett som den eine vakte yvi hin. Men imot dagen sovna jarlen, og radt bar han seg ille, og de so hardt, at han skaut hælane og nakken under seg, liksom han vilde risa upp, og skreik høgt og fælslegt. Men Kark vart rædd og fælin og tok ein stor kniv av belte sitt og stakk han igjenom barken paa jarlen og skar han av. Dette vart banen hans Haakon jarl. Sidan skar Kark hovude av jarlen og flaug burt med, og kom dagen etter inn til Lade og hadde hovude til jarlen med til kong Olav, og fortalde daa de som hadde hendt med honom og Haakon jarl, daa dei fór umkring, som me no hev skrivi. Sidan lét kong Olav leida han burt og hogga hovude av han.


50. Etter dette fór kong Olav og ein stor flokk bøndar ut til Nidarholmen[96] og hadde med seg hovude til Haakon jarl og Kark. Denne holmen bruka dei i den tid til aa drepa tjuvar og illmenne paa, og de stod ein galge der, og dit lét han bera hovude til jarlen og Kark. Heile heren gjekk dit og sette i og skreik og kasta stein, og sagde at den eine skarven skulde fara same vegen som dei hine skarvane. Sidan sende dei folk upp i Gauldalen og henta bulen og drog han burt. So mykje fiendskap lagde trøndine til Haakon jarl, at ingin maatte kalla han annarleis enn «jarlen den ille», og so kalla dei han lengi etter. Men skal ein segja som sant er um Haakon jarl, so var han i mange maatar godt laga til aa vera hovding; fyrst for di han var av høg ætt, og so for di han var klok og hadde godt vit paa aa styra, og han var djerv i slag og hadde lukke til aa vinna og drepa fiendane sine. So segjer Torleiv Raudfeldarson:

Ikkje, Haakon, hev me høyrt,
under høge maane-stigen[97]
um jarl som gjævare enn du
gjekk i slage paa baara.
Nie stormenn sende du sterk
av stad til Odins hall;
yvi rike stort du raader,
ramnar med lik du mettar.

Framifraa romhendt var Haakon jarl, men den største ulukka fylgde slik hovding til døyande-dagen hans. Men at de gjekk so, kom seg mest av di, at daa var den tid komi, at blotingi og blotmennane skulde verta fordømde, men den heilage trui og rette sedir kom i staden.


51. Olav Trygveson vart tekin til konge paa eit ting for heile Trøndelag yvi alt lande, som Harald Haarfagre hadde havt. Daa reiste heile aalmugen seg og vilde ikkje anna høyra, enn at Olav Trygveson skulde vera konge. Olav fór daa yvi heile lande og lagde de under seg. Alt folke i Norig gjekk inn paa aa lystra honom; sameleis vart dei hovdingane paa Upplandi eller i Viki, som fyrr hadde havt land til len av danakongen, mennane til kong Olav og tok lande til len av honom. Soleis fór han umkring i lande den fyrste vetteren og sumaren etter. Jarlen Eirik Haakonsson og Svein, bror hans, og hine skyldfolki og venine deira rømde lande og fór aust til Sviavelde til kong Olav Svenske og vart godt mottekne der. So segjer Tord Kolbeinsson:

Jarl, du som vargar veider,[98]
venda mangt kan lagnaden!
Snart etter mennane sende
med svik Haakon i dauden.
Men rike, som den raadsterke
raust seg hadde vunni,
tenkjer eg Trygve-sonen
tok, daa han kom vestan.
Meir i hug aa hysa
hadde Eirik mot kongen
enn me upp vil hava;
anna var ikkje aa venta.
I sinne jarlen søkte
hjaa svenske kongen raadir;
vægja[99] vilde ingin,
vrange seg trøndine skapte.


52. De var ein mann fraa Viki som heitte Lodin; han var rik og av god ætt. Han fór tidt umkring og handla, og sume tidir var han paa herferd. De var ein sumar, at Lodin fór og handla med mange varur paa eit skip som han aatte aaleine. Han styrde til Estland og var paa marknad der um sumaren. Medan marknaden stod paa, førde dei mange slag varur dit, og mange trælar var de og til fals. Der fekk Lodin sjaa ei kone, som hadde vori seld som træl, og daa han saag betre paa ho, kjende han at de var Aastrid Eiriksdotter, som hadde vori gift med kong Trygve; men ho saag ikkje slik ut som sist han saag ho, for no var ho bleik og skrinnleitt og laakt klædd. Han gjekk burt til ho og spurde korleis de stod til med ho. Ho sagde: «De er tungt aa segja; eg er seld som træl, og no hev dei havt meg hit og vil selja meg att.» No bar dei kjensel paa kvarandre, og Aastrid kjende til han og bad han um han vilde kaupa ho og hava ho heim med seg til skyldfolke hennar. «Eg skal taka deg med til Norig,» sagde han, «paa de vilkaare, at du gifter deg med meg.» Men daa Aastrid var i stor naud, og ho visste at Lodin var ein storætta og hæv mann, so lova ho dette, so ho kunde verta utløyst. Sidan kaupte Lodin Aastrid og hadde ho heim med seg til Norig og fekk ho, med samtykkje av skyldfolke hennar. Borni deira var Torkjel Nevja, Ingerid og Ingegjerd. Med kong Trygve hadde Aastrid døtrane Ingebjørg og Aastrid. Sønine hans Eirik Bjodaskalle var Sigurd, Karlshovud, Jostein og Torkjel Dyrdil, og alle var dei gjæve og rike menn og hadde gardar aust i lande. Tvo brørar budde aust i Viki, som var rike og storætta menn; den eine heitte Torgeir og den andre Hyrning, og desse vart gifte med døtrane til Lodin og Aastrid, Ingerid og Ingegjerd.


53. Daa danakongen Harald Gormsson hadde teki ved kristindomen, sende han bod yvi heile rike sitt, at alt folke skulde lata døypa seg og umvenda seg til den rette trui. Han dreiv paa og bruka magt og refsing, naar de ikkje gjekk paa annan maate. Han sende tvo jarlar, som heitte . . . .[100], til Norig med mykje folk, og dei skulde beda deim taka ved kristindomen i Norig. Dette gjekk fyri seg i Viki, som kong Harald hadde herredøme yvi, og der var de mange av landsfolke som vart døypte. Men strakst Harald var slokna, fór Svein Tjugeskjegg, son hans, i herferd baade til Saksland og Frisland, og paa slutten til England. Men dei som hadde teki ved kristindomen i Norig, dei tok til aa blota paa nytt lag, liksom fyrr, og som dei gjorde nord i lande. Daa Olav Trygveson hadde vorti konge i Norig, tøvra han lengi um sumaren i Viki. Der kom de mange til han av skyldfolke hans, og sume som var verbrørane hans, og mange som hadde vori gode venir med far hans, og der tok dei oversleg kjærleg imot han. Daa kalla Olav til seg morbrørane sine og Lodin, stykfar sin, og verbrørane sine Torgeir og Hyrning, og vilde tala med deim. Daa bar han denne saki fram for deim, og tok de aalvorsleg og, at dei skulde taka i med han sjølve og hjelpa han alt dei orka, daa han vilde koma med kristindoms-bod yvi heile rike sitt, og han sagde at han skulde vinna aa kristna heile Norig, eller so døy. «Eg skal gjera dykk alle til store og megtuge menn, av di eg trur mest paa dykk, baade for frendskaps og maagskaps skuld.» Alle samtykte dette, at dei skulde gjera de som han bad um, og hjelpa han i alt de han vilde, og de same skulde alle dei som vilde lyda paa deim. Kong Olav kunngjorde strakst for aalmugen, at han vilde beda alt folke i rike sitt taka mot kristindomen. Dei var strakst dei fyrste til aa samtykkja dette bode, som hadde lova de fyrr, og dei var dei megtugaste og, av dei mennane som var til staes der, og alle hine gjorde sameleis som dei, og soleis vart alle mann døypt aust i Viki. Sidan fór kongen nord i Viki og baud alt folke taka ved kristindomen. Men dei som sagde imot refste han strengt; sume drap han, og sume lét han skamfara, Og sume jaga han ut or lande. Soleis vart de til de, at yvi heile de rike som kong Trygve, far hans, hadde styrt fyrr, og likeins de som Harald Grenske, frenden hans, hadde havt, gav heile folke seg under kristindomen, som Olav baud deim, og denne sumaren og vetteren etter vart heile Viki kristna.


54. Kong Olav fór tidleg um vaaren ut i Viki og hadde mykje folk, og so fór han nord[101] til Agdir; men kor han heldt ting med bøndane, baud han alt folke lata seg døypa, og folk gav seg under kristindomen, av di ingin av bøndane i rudde seg til aa setja upp imot kongen, og folke vart døypt, kor han fór. I Hordaland var de mange gjæve menn, som var komne av ætti hans Horda-Kaare. Han hadde 4 sønir; den eine var Torleiv Spake, og den andre var Ogmund, far hans Torolv Skjalg, som var far hans Erling paa Sole[102], den tridje var Tord, far hans Klypp herse, som drap Sigurd Sleva Gunnhildson, og den fjorde var Qlmod, som var far hans Aaskjel og godfar hans Aaslak Fitjaskalle[103]. Denne ætti var den gong den største og gjævaste paa Hordaland. Men daa desse frendane fekk vita um denne knipa, at kongen fór vestetter langs med lande med mykje folk og braut dei gamle lovine for folk, og at alle som lagde imot maatte, venta seg refsing og hard medferd, so sette desse frendane stemnelag seg imillom og skulde finna paa raad; for dei visste at kongen snart vilde koma paa deim, og dei vart samstelte um at dei skulde koma alle ihop til Gulating og vera mangmente og stemna kong Olav Trygveson til møte med seg der.


55. Kong Olav lyste til eit ting, strakst han kom til Rogaland, og daa tingbode kom til bøndane, samla dei seg og hadde mykje folk og var fullt væpna. Daa dei kom ihop, talast dei ved og samraadde seg med kvarandre, og dei tok ut tri menn, som var dei mest lettmælte i flokken deira, til aa svara kong Olav paa tinge og tala mot han og segja at dei vilde ikkje finna seg i lovløyse, um so kongen sjølv bad deim. Daa bøndane kom til tings, og tinge var sett, stod kong Olav upp og tala fyrst blidt til bøndane, men ein kunde merka paa tala hans, at han vilde dei skulde taka ved kristindomen, og han bad deim vænt um dette; men paa slutten sagde han de, at dei som sagde han imot og ikkje vilde gjera som han bad, kunde venta seg harm og refsing og hard medferd av han, so mykje han var god til. Daa han var ferdig med tala si, stod den av bøndane upp, som tala best for seg av alle ihop, og som dei fyrst hadde valt til aa svara kong Olav. Men daa han skulde til aa tala, fekk han slik leid hoste og kvæve, at han fekk ikkje orde fram, og sette seg ned. Daa stod den andre bonden upp, og vilde ikkje at ein ikkje skulde svara kongen, endaa de ikkje hadde gjengi vidare godt med hin. Men daa han tok til aa tala, var han so stam, at han fekk ikkje orde fram, og daa alle dei, som høyrde paa, tok til aa læ, sette bonden seg ned. Daa stod den tridje upp og vilde tala mot kong Olav. Men daa hantok til aa tala, var han so haas og raam[104], at ingin høyrde kva han sagde, og han sette seg ned. Daa var de ingin av bøndane til aa tala mot kongen, og daa dei ingin fekk til aa svara, so vart de ikkje noko av med aa setja upp mot kongen, og de vart til de, at alle samtykte de som han bad um. Alt tingfolke vart døypt, fyrr kongen skildest fraa deim.


56. Kong Olav drog med folke sitt til Gulating, av di bøndane hadde sendt bod til ham um at dei der vilde svara paa tala hans. Daa dei kom til tings, vilde kongen fyrst tala med landshovdingane, og daa alle ihop var komne til møte, kom kongen fram med ærendi si, og bad at dei skulde læta døypa seg, som han bad deim um. Daa segjer Olmod den gamle: «Me frendar hev tala um denne saki oss imillom, og alle vil me gjera sameleis. Soframt du konge tenkjer paa aa tvinga oss frendane til slikt, og vil brjota lovi vaar og trælka oss paa nokor vis, so vil me standa imot deg alt de me orkar, og daa fær den vinna som sigeren er lagi. Men vil du konge gjera oss frendane noko til viljes, so kan du laga de so vel, at me alle fylgjer deg og vert dine tenarar i alle maatar.» Kongen segjer: «Kva vil De eg skal gjera, so me kan verta forlikte paa de beste.» Daa svarar Olmod: «De fyrste er, um du vil gifta Aastrid, syster di, med Erling Skjalgson, frenden vaar, som me held for de beste mannsemne i Norig.» Kong Olav segjer, at han totte de var von um at dette var eit godt giftarmaal, og sagde at Erling var av god ætt og saag ut til aa vera ein ovkar; «men likevel,» segjer han, «skal Aastrid sjølv svara paa dette.» Sidan tala kongen um dette med syster si. «Lite godt hev eg av de,» segjer ho, «at eg er kongsdotter og kongssyster, naar eg skal gifta meg med ein mann som ikkje hev noko heiders-namn; eg vil heller bida nokre aar paa eit anna giftarmaal.» Og dei rødde ikkje meir um dette denne venda.


57. Kong Olav lét taka ein hauk, som Aastrid hadde, og lét ribba av alle fjørine og sende han til ho. Daa sagde Aastrid: «No er bror min vond.» Sidan stod ho upp og gjekk til kongen, som tok godt imot ho. Daa sagde Aastrid at ho vilde at kongen skulde raada for giftarmaale hennar som han sjølv vilde. «Eg tenkte de,» segjer kongen, «at eg hadde magt til aa gjera kven eg vil til jarl her i lande.» Kongen lét kalla Olmod og Erling og alle frendane deira til ei samtale, og der rødde dei um friingi, og enden vart, at Aastrid vart trulova med Erling. Sidan lét kongen setja tinge og baud bøndane kristindomen. Daa var Erling og Olmod og alle frendane deira maalsmenn for kongen i denne saki, og daa ingin mann trudde seg til aa leggja imot, vart alt folke døypt og kristna.


58. Erling Skjalgsson heldt brudlaupe sitt um sumaren, og de var mykje folk der. Der var kong Olav med, og han baud seg til aa gjeva Erling jarledøme. Erling svarar soleis: «Hersar hev frendane mine vori, og eg vil ikkje hava høgre namn enn dei; men de vil eg taka mot, konge, at De læt meg vera den største som ber hersenamn her i lande.» Dette sagde kongen ja til, og daa dei skildest, gav kong Olav Erling, verbror sin, lande nordantil Sognsjøen[105] og aust til Lidandesnes, paa same vilkaar som Harald Haarfagre hadde gjevi sønine sine, som me fyrr hev fortalt.


59. Same hausten stemnde kong Olav bøndane til tings fraa 4 fylke nord paa Stad paa Dragseid[106]; der skulde de koma folk fraa Sogn og Fjordane og Sunnmøre og Raumsdal. Kong Olav fór dit med mykje folk, som han hadde havt med seg austantil lande, og dei som var komne til han i Hordaland og Rogaland. Daa kong Olav kom til tinge der, baud han deim kristindomen der som andre stadir, og for di kongen hadde ein stor herstyrke der, vart dei skræmde. Paa slutten av tala si baud kongen deim tvo vilkaar, anten at dei skulde taka mot kristindomen og lata seg døypa, eller i anna fall at dei skulde halda slag med han. Men daa bøndane saag at de sar ikkje raad for deim aa slaast med kongen, so vart de avgjort, at alt folke skulde lata seg kristna. Etter dette fór kong Olav med heren sin til Nordmøre og kristna dette fylke. Sidan siglde han inn til Lade og lét riva ned hove og lét taka alt godse; og all stasen ut or hove og fraa avgudane. Han tok fraa døri ein stor gullring, som Haakon jarl hadde lati gjera, og sidan lét kong Olav brenna upp hove. Men daa bøndane vart vare dette, sende dei her-pil umkring i alle fylki og baud ut ein her og etla seg mot kongen. Daa siglde kong Olav med sitt folk ut etter fjorden og heldt sidan nordetter langs med lande, og var meint paa aa fara nord til Haalogaland og kristna der. Men daa han kom nord til Bjarnaurar[107], spurde han fraa Haalogaland, at dei hadde ein her ute og etla seg til aa verja lande mot kongen. Hovdingane for denne heren var Haarek fraa Tjotta[108], Tore Hjort fraa Vaagar[109] og Øyvind Kinnriva. Daa kong Olav høyrde dette, snudde han og siglde sør-etter langs med lande. Men daa han kom sør til Stad, fór han meir i mak, og kom fyrst paa vetteren alt aust til Viki.


60. Dronning Sigrid i Svitjod, som dei kalla Storraade, sat heime paa gardane sine. Denne vetteren fór de menn millom kong Olav og dronning Sigrid, og kong Olav fridde til dronning Sigrid. De saag ut for at ho ikkje hadde noko imot de, og dette vart daa heilt-upp avgjort. Daa sende kong Olav til dronning Sigrid den store gullringen som han hadde teki fraa hovs-døri paa Lade, og som dei heldt for aa vera ein stor eignalut. De skulde vera eit stemnelag i denne saki vaaren etter ved Elvi[110] ved land-skile. Men daa alle folk skrepte slik av denne ringen, som kong Olav hadde Sigrid, var de tvo brørar hjaa dronningi, som var gullsmedane hennar, og dei tok ringen i hendane og vog han og kviskra noko seg imillom, og daa lét dronningi kalla deim til seg og spurde kva dei spotta ringen for. Dei vilde ikkje segja de, men ho sagde at dei endeleg skulde lata ho faa vita kva dei hadde funni ut. Dei sagde daa, at de var fusk med ringen. Sidan lét ho brjota sund ringen, og daa fann dei kopar inn-i. Daa vart dronningi vond og sagde at Olav visst kunde juksa ho i meir enn dette berre. Same vetteren fór kong Olav upp til Ringerike og kristna folke der. Aasta Gudbrandsdotter gifte seg, strakst etter Harald Grenske var fallin, med ein mann som heitte Sigurd Syr og var konge paa Ringerike. Sigurd var son hans Halvdan og soneson hans Sigurd Rise, som var son hans Harald Haarfagre. Aasta hadde hjaa seg Olav, son til henne og Harald Grenske, og han vart uppfødd i barndomen sin hjaa Sigurd Syr, stykfar sin. Daa kong Olav Tiygveson kom til Ringerike og baud deim kristindomen, lét Sigurd Syr og Aasta, kona hans, og Olav, son hennar, døypa seg, og Olav Trygveson stod fadder til Olav Haraldsson, som den gong var 3 vetrar gamal.[111] Dermed fór kong Olav ut til Viki att og var der um vetteren. Dette var den tridje vetteren han var konge i Norig.


61. Tidleg um vaaren fór kong Olav aust til Konghelle[112] til stemnelage med dronning Sigrid, og daa dei møttest, rødde dei um denne saki, som dei um vetteren hadde tala frampaa um, at dei skulde gifta seg med kvarandre, og de saag ut som de skulde laga seg. Daa sagde kong Olav at Sigrid skulde lata seg døypa og taka den rette trui. Ho svarar de: «Eg vil ikkje ganga fraa den trui som eg hev havt fyrr, og frendane mine fyri meg; og eg vil ikkje segja noko um de heller, at du trur paa den gud som du likar.» Daa vart kong Olav sinna og sette braatt i: «Kva skulde eg med deg, din rava heidning!» og slo ho i andlite med hanska si, som han hadde i handi. I de same stod han upp, og so gjorde ho med. Daa sagde Sigrid: «De kunde vri henda, at dette vart banen din.» Sidan skildest dei; kongen fór nord til Viki, men dronningi aust til Sviavelde.


62. Kong Olav fór til Tunsberg og heldt ting der att, og sagde paa tinge, at alle dei som dei fekk visse paa fór med galdr og trolling og alle seidmenn skulde fara ut or lande. Sidan lét kongen leita etter slike folk i bygdine rundt umkring, og lét deim koma til seg alle ihop. Daa dei kom dit, var de ein mann utav deim som heitte Øyvind Kjelda, som var soneson hans Rognvald Rettilbeine, son hans Harald Haarfagre. Øyvind var seidmann og ein stor trollmann. Kong Olav lét føra alle desse mennane til ei stor stogu og stelte godt for deim og gjorde eit gjestebod og gav deim sterkt drikke. Daa dei var drukne, lét kongen setja eld paa stogo, og den brann med alle deim som inne var, so nær som Øyvind Kjelda, som slapp ut igjenom ljoren og kom seg undan. Daa han var komin eit godt stykke undan, raaka han nokre paa vegen, som etla seg til kongen, og bad dei skulde segja kongen de, at Øyvind Kjelda var komin undan elden, og at kong Olav aldri meir skulde faa i han, og at han skulde halda paa og seida sameleis som fyrr i alle maatar. Daa desse kom til kong Olav, fortalde dei um Øyvind de som han bad deim um, og kongen lét ille for di Øyvind ikkje var daud.


63. Daa vaaren kom, fór kong Olav ut etter Viki og var i gjestebod paa storgardane sine, og sende bod yvi heile Viki, at han vilde samla ein her um sumaren og fara nord i lande. Sidan fór han nord til Agdir, og daa de leid ut i langefasta[113], drog han nord til Rogaland og kom til Ogvaldsnes paa Kormt um paaskekvelden; der hadde dei stelt til eit paaske-gjestebod aat han, og han hadde innpaa 300 mann. Same natti kom Øyvind Kjelda der til øyi med eit langskip og fullt mannskap, og alle ihop var dei seidmenn og andre trollmenn. Øyvind gjekk i land med fylgje sitt og tok til aa trolla. Øyvind sette huldre-hatten paa deim og gjorde slik myrk skodde, at kongen og folke hans ikkje skulde faa sjaa deim. Men daa dei kom tett til garden paa Ogvaldsnes, vart de ljose dagen, og daa gjekk de annarleis enn Øyvind hadde tenkt; for de myrkre som han hadde gjort med trolldomen sin kom yvi honom og fylgje hans, slik at dei saag ikkje meir med augo enn med nakken, og for heile tidi i ring og i kring. Vakti til kongen saag kor dei fór, og visste ikkje kva de var for folk. De vart fortalt til kongen, og han stod upp med alle sine menn og klædde paa seg. Daa kongen saag Øyvind og mennane hans, som fór umkring, bad han sine menn væpna seg og ganga stad og sjaa kva de var for folk. Men daa kongsmennane kjende Øyvind, fanga dei han og alle hine og leidde deim til kongen. Øyvind fortalde daa alt de som hadde hendt han paa ferdi. Sidan lét kongen taka deim alle ihop og sette deim ut paa ei flu[114] og batt deim der. Soleis lét Øyvind og alle hine live sitt, og denne flui kalla dei sidan Skrattaskjer[115].


64. De er fortalt, at ein kveld, som kong Olav var i gjestebod paa Ogvaldsnes, kom de ein gamal og overlag klokmælt mann, som hadde ein sid hatt og var einøygd; denne mannen kunde fortelja um alle land. Han kom i svall med kongen, og kongen totte de var stor moro i de han fortalde, og han spurde han um mange ting, og framandkaren gav god greide paa alt de han spurde um, og kongen sat lengi uppe um kvelden. Kongen spurde han og, um han visste kven Ogvald hadde vori, som garden og nese hadde fengi namn etter. Framandkaren segjer at Ogvald var ein konge og ein stor hermann, og han dyrka mest ei ku, som han hadde med seg kor han fór, og han totte de var helsebot i mjølki hennar, naar han drakk jamt av ho. «Kong Ogvald slost med ein konge som heitte Varin. I dette slage fall kong Ogvald, og han vart hauglagd der ikkje langt fraa garden, og daa sette dei upp dei bautasteinane som stend der endaa. Men paa ein annan stad ikkje langt derifraa vart kui hauglagd.» Slikt og mykje anna fortalde han um kongar og um ting som hadde hendt fyrr i tidi. Men daa dei hadde seti lengi uppe um natti, minte bispen kongen um at de var paa tid aa leggja seg, og dette gjorde kongen. Men daa han hadde klædt av seg og hadde lagt seg, sette framandkaren seg paa seng-stige og svalla lengi med kongen daa og; for han var ikkje fyrr ferdig med ei forteljing, fyrr kongen vilde høyra meir. Daa sagde bispen til kongen at no var de paa tid aa sova, og dette gjorde kongen, men framandkaren gjekk ut. Lite etter vakna kongen og spurde etter framandkaren og bad deim kalla han inn til seg; men daa kunde dei ikkje finna han. Morgonen etter lét kongen kalla paa kokken og skjenkjarsveinen, og spurde um de var komin ein mann til deim, som ingin kjende. Dei sagde, at daa dei skulde stella til maten, kom de ein mann og sagde at de var fælt laakt kjøt, de dei koka til borde aat kongen, og dermed gav han deim tvo digre og feite nautesidur, og desse koka dei med de andre kjøte. Daa sagde kongen at dei skulde slaa ut all den maten, og sagde at dette hadde visst ikkje vori nokon mann, men at de visst var Odin, som heidningane lengi hadde trutt paa, og sagde at Odin skulde ikkje koma nokon veg med aa svika deim.


65. Kong Olav i drog ihop ein stor her austantil lande um sumaren, og med denne heren siglde han nord til Trondheim, og lagde fyrst inn til Nidarosen. Sidan lét han tingbod ganga yvi heile fjorden og stemnde folk til tings paa Frosta fraa 8 fylke. Men bøndane gjorde tingbode til her-pil[116], og stemnde ihop frie og ufrie yvi heile Trondheim. Daa kongen kom til tings, var bondeflokken komin der fullt væpna. Daa tinge var sett, tala kongen til folke og baud deim taka ved kristindomen. Men daa han hadde tala ei liti stund, ropte bøndane og bad han tegja still, og sagde at elles vilde dei setja paa han og jaga han av. «Soleis gjorde me,» sagde dei, «med Haakon Adalsteinsfostre, daa han baud oss slikt, og me vyrder ikkje deg meir enn honom.» Men daa kong Olav saag kor arge bøndane vart, og at dei hadde so stor her, at han kunde ikkje standa imot deim, lempa han tala si soleis, at han lést halda med bøndane, og sagde de: «Eg vil at me skal vera forlikte, liksom me hev vori fyrr. Eg skal koma dit som De hev de største blote dykkar, og sjaa paa skikkane dykkar der, og daa kan me avgjera kva for skikkar me vil hava, og daa skal me alle samtykkja dette.» Men daa kongen tala blidsleg til bøndane, mjukna dei, og sidan gjekk samtala deira godt og fredleg; og sistpaa vart de avtala, at de skulde vera blot inn paa Mæren ved midsumars-leite, og der skulde alle hovdingar og megtuge bøndar koma, som skikk var, og kong Olav skulde og koma dit.


66. De var ein megtug bonde, som heitte Skjegge, som dei kalla Jamskjegge, og som budde paa Upphaug paa Yrjar. Skjegge var den som fyrst tala mot kong Olav paa tinge og mest var formannen for bøndane til aa tala mot kristindomen. Paa denne maaten enda tinge; bøndane drog heim, og kongen fór til Lade.


67. Kong Olav laag med skipi sine i Nid[117] og hadde 30 skip og ein stor og vakker her, men kongen sjølv var tidt paa Lade med hirdi si. Men daa de leid nær til den tidi daa blote skulde vera inn-paa Mæren, gjorde kong Olav eit stort gjestebod inn-paa Lade, og sende bod inn til Strindi og upp i Gauldalen og ut i Orkedalen og baud til seg hovdingane og andre storbøndar. Daa gjestebode var tilstelt og gjestine var komne, so var de den fyrste kvelden eit drustelegt lag og ovfagning[118], og dei vart dugeleg drukne. Natti etter sov alle mann i ro der. Morgonen etter, daa kongen hadde klædt paa seg, lét han syngja messe aat seg, og daa messa var slutt, lét kongen blaasa til hus-ting. Daa gjekk alle mennane hans i land og til tings. Daa tinge var sett, stod kongen upp og tala og sagde: «Me heldt ting inn-paa Frosta, og daa baud eg bøndane at dei skulde lata døypa seg, men dei baud meg at eg skulde blota med deim, liksom kong Haakon Adalsteinsfostre hadde gjort. De vart avtala imillom oss, at me skulde finnast inn-paa Mæren og gjera eit stort blot der. Men soframt eg skal blota med dykk, so vil eg lata gjera de største blote som brukelegt er, og blota folk. Og til dette vil eg ikkje velja trælar eller skarvar, men eg skal velja dei gjævaste mennane og gjeva til gudane, og til dette nemner eg Orm Lygra fraa Medalhus, Styrkaar fraa Gimsar, Kaar fraa Gryting, Aasbjørn Torbergsson fraa Varnes, Orm fraa Ljoksa og Halldor fraa Skjerdingsstedja.» Han nemnde 5 til av dei gjævaste mennane, og segjer at desse vil han blota til godt aar og fred, og lét strakst taka paa deim. Men daa bøndane saag at dei hadde ikkje folk nok til aa slaast med kongen, bad dei um fred, og lét kongen raada som han vilde i denne saki. Dei vart forlikte soleis, at alle dei bøndane, som var komne dit, lét døypa seg og gjorde kongen eiden sin paa at dei skulde halda seg til den rette trui og leggja ned all blot-skapen. Kongen hadde daa alle desse mennane i gjestebode sitt, alt til dess dei gav sønine eller brørane sine eller andre nærskyldingar som gislar til kongen.


68. Kong Olav fór med heile heren sin til Inntrøndelag, og daa han kom inn til Mæren, var alle dei hovdingane for trøndine komne dit, som mest stod imot kristindomen, og hadde med seg alle storbøndane, som fyrr hadde røkta blotingi paa dette stelle. De var soleis mykje folk, som vanleg, og etter maaten som de hadde vori fyrr paa Frostatinge. Kongen lét daa kalla folke til tings, og paa baae sidur gjekk dei fullt væpna til tings. Daa tinge var sett, tala kongen og baud deim kristindomen. Jarnskjegge svara kongen for bøndane og sagde, at bøndane vilde no som fyrr, at kongen ikkje skulde brjota lovi deira. „Me vil,» segjer han, «at du, konge, skal blota, liksom hine kongane her hev gjort fyri deg.» Bøndane gjorde eit stort staak til tala hans, og sagde at dei vilde at alt skulde vera som Skjegge sagde. Daa svara kongen og sagde at han vilde ganga til hove med deim og sjaa paa skikkane deira, naar dei blota. Dette lika bøndane godt, Dg alle ihop gjekk til hove.


69. Daa gjekk kong Olav inn i hove med nokre faa av mennane sine og nokre faa bøndar. Daa kongen kom der som gudane var, so sat Tor der og var mest æra alle gudane, og var prydd med gull og sylv. Kong Olav lyfte ein gull-slegin øksestav[119], som han hadde i handi, og slo Tor so han datt ned av stallen. Sidan flaug kongsmennane til og slo ned alle gudane fraa stallane. Medan kongen var inne i hove, vart Jarnskjegge drepin utanfor hovs-døri, og de var kongsmennane som gjorde de. Daa kongen kom ut til mennane sine, baud han bøndane tvo vilkaar; anten at dei skulde taka ved kristindomen alle ihop, eller so halda slag med han. Men daa Skjegge var drepin, var de ingin formann i bondeheren til aa reisa merke mot kong Olav. Dei tok difor de andre vilkaare og gav seg under kongen og gjorde de han bad um. Daa lét kong Olav døypa alt de folke som var der, og tok gislar av bøndane paa at dei skulde halda kristindomen sin. Sidan lét kong Olav mennane sine fara umkring i alle fylke i Trondheim, og ingin mann tala daa mot kristindomen, og alt folke vart døypt i Trøndelag.


70. Kong Olav fór med heren sin ut til Nidaros og lét setja upp hus paa bakken attmed Nid, og sette fyri at de skulde vera kaupstad der, og gav folk tuftir der til aa byggja seg hus paa, og han lét byggja ein kongsgard uppfor Skipskroken[120], og dit lét han flytja um hausten alt de som trengdest til upphelde um vetteren, og hadde mykje folk.


71. Kong Olav sette stemnelag med skyldfolke hans Jarnskjegge og baud deim bot, og de var mange gjæve menn der til aa svara kongen. Jarnskjegge hadde ei dotter, som heitte Gudrun, og sistpaa vart dei forlikte soleis, at kong Olav skulde gifta seg med Gudrun. Men fyrste natti dei laag ihop, drog ho ein kniv, strakst kongen var sovna, og vilde stinga han. Men daa kongen merka dette, tok han kniven fraa ho og stod upp or sengi og gjekk til mennane sine og fortalde de som hadde hendt. Gudrun tok klædi sine, ho med, og fór sin veg med alle dei mennane som hadde fylgt ho dit, og Gudrun kom ikkje meir i seng med kong Olav.


72. Same hausten lét kong Olav reisa eit stort langskip paa øyri ved Nid. De var ei snekkje[121], og han hadde mange timbremenn; fyrst paa vetteren, daa skipe var ferdigt, var de paa 30 rom[122] og høg-stamna, men ikkje stort i seg sjølv. Dette skipe kalla kongen Trana. Daa Jarnskjegge var drepin, vart like hans ført ut til Yrjar, og der ligg han i Skjeggehaugen paa Austraatt[123].


73. Daa kong Olav Trygveson hadde vori konge i Norig i tvo aar, var de ein saksisk prest med han, som heitte Tangbrand. Han var ein stor villstyring og draapsmann, men ein god klerk og ein hugheil kar; men for di han var so agelaus, vilde ikkje kongen hava han med seg, og gav han den ærendi, at han skulde fara ut til Island og kristna lande. Han gav han eit handelsskip, og um ferdi hans kan me fortelja, at han kom til Austfjordane paa Island, til den søre Aalptafjorden, og var vetteren etter hjaa Hall paa Sida[124]. Tangbrand preika kristindomen paa Island, og etter hans ord lét Hall og heile huslyden hans døypa seg, og mange andre hovdingar; men de var mange fleire som tala imot. Torvald Veile og Vetrlide skald dikta nidvisur um Tangbrand, men han drap deim baae tvo. Tangbrand var 2 vetrar paa Island og vart 3 manns bane, fyrr han reiste av.


74. De var ein mann som heitte Sigurd, og ein som heitte Hauk, som var fraa Haalogaland og tidt fór paa handel. Ein sumar hadde dei fari vest til England, og daa dei kom att til Norig, siglde dei nordetter langs med lande. Paa Nordmøre molte dei mennane til kong Olav. Men daa de vart fortalt kongen, at der var komne nokre menn som var fraa Haalogaland og var heidningar, so lét han kalla styremennane til seg. Han spurde deim um dei vilde lata seg døypa, men dei sagde nei. Sidan tala kongen for deim paa mange maatar, men de hjelpte ikkje. Daa truga han med aa drepa eller skamfara deim, dei brydde seg ikkje um de. Daa lét han setja deim i jarn og hadde deim med seg ei tid og heldt deim i lekkjur. Kongen tala tidt for deim, men de muna ingin ting. Og ei kom dei burt, so ingin fekk spurlag paa deim eller visste korleis dei kom seg ut. Men um hausten kom dei nord til Haarek paa Tjotta, som tok godt imot deim, og der var dei vetteren hjaa honom, og hadde de godt.


75. De var ein godvêrsdag um vaaren, at Haarek var heime og de var faa folk paa garden, og han totte de var dauvlegt. Sigurd spurde han um han vilde vera med ut og ro og moroa seg, og dette lika Haarek. Sidan gjekk dei til strandi og drog fram ein seksæring, og Sigurd tok segl og greidur som høyrde baaten til, ut or nauste, daa dei tidt hadde seg med seg, naar dei var ute og moroa seg. Haarek gjekk um bord og lagde styre i lag. Brørane Sigurd og Hauk var fallt væpna, soleis som dei jamt var vande til aa ganga heime hjaa bonden, og baae tvo var ovsterke karar. Men fyrr dei gjekk um bord, kasta dei ned-i nokre smørlaupar og ei kiste med brød, og bar imillom seg ei ølbytte ut paa skipe, og dermed rodde dei fraa land. Daa dei var komne eit lite stykke fraa øyi, drog baae brørane upp segle, og Haarek styrde, og de bar radt burt fraa øyi. Daa gjekk brørane atter-ut, der som Haarek sat, og Sigurd sagde: «No skal du velja her eit av desse vilkaari; de fyrste er, at du læt meg og bror min raada for ferdi og styringi, de andre er, at du læt oss binda deg, og de tridje, at me vil drepa deg.» Haarek saag daa korleis han var stelt; han kunde ikkje greida seg mot meir enn den eine av brørane, naar dei var like godt væpna, og difor valde han de som han totte var noko likare og lét deim raada for ferdi, og dette gjorde han eiden sin paa og gav deim orde sitt paa de. Daa gjekk Sigurd til styre og stemnde sør-etter langs med lande. Brørane agta seg, so dei ikkje skulde raaka paa folk, og hadde god vind. Dei heldt paa og siglde til dess dei kom sør til Trondheim og inn til Nidaros, og der fann dei kong Olav. Sidan lét kongen kalla Haarek til seg og vilde tala ved han og bad han lata seg døypa, men Haarek lagde imot. Dette tala Haarek og kongen um i mange dagar, sume tidir so mange høyrde paa, og sume paa tvomanns-hand, men dei vart ikkje sam-einte. Sistpaa sagde kongen til Haarek: «No skal du fara heim, og eg vil ikkje gjera deg mein denne gongen, baade for di me er nær-skylde, og for di du ikkje skal segja at eg hev fengi deg med svik. Men de kan du vera viss paa, at i sumar etlar eg meg nordetter og skal lyda inn til dykk haaløygine, og daa skal De sjaa, um eg kan refsa deim som ikkje vil taka imot kristindomen.» Haarek var vel nøgd med aa koma burt so snart de kunde lata seg gjera. Kong Olav gav Haarek ei god skute, som 10 eller 12 mann paa kvar side rodde, og lét bu skipe paa de beste med alt de som trengdest. Kongen gav Haarek 30 mann og, som var spræke karar og godt budde.


76. Haarek fraa Tjotta fór strakst burt fraa byen, de fyrste han kunde, men Hauk og Sigurd var med kongen og lét døypa seg baae tvo. Haarek fór sin veg, til han kom heim til Tjotta. Han sende bod paa Øyvind Kinnriva, venen sin, og bad deim segja han de, at Haarek fraa Tjotta hadde vori hjaa kong Olav og hadde ikkje lati seg tvinga til aa taka ved kristindomen; og han bad dei skulde segja han de med, at kong Olav etla seg til aa fara mot deim med ein her til sumaren. Haarek sagde at dei laut agta seg godt, og bad Øyvind koma til seg de fyrste han kunde. Daa dette bod kom til Øyvind, saag han at de var naud paa aa finna paa ei raad, so kongen ikkje fekk tak i deim. Øyvind fór, de snaraste han kunde, med nokre faa mann paa ei lett skute. Daa han kom til Tjotta, tok Haarek godt imot han, og strakst paa flekken gjekk Haarek og Øyvind burt fraa garden paa den andre sida og tala med kvarandre. Men daa dei hadde talast ved ei liti stund, kom mennane til kong Olav, som hadde fylgt Haarek nordetter, og fanga Øyvind og leidde han um bord med seg, og sidan fór dei av med Øyvind. Dei stogga ikkje fyrr dei kom til Trondheim og fann kong Olav i Nidaros. Dei førde Øyvind til kongen, som vilde tala ved han og bad han lata seg døypa, som andre folk, men Øyvind svara nei. Kongen bad han fint um aa taka ved kristindomen, og baade han og bispen kom med grunnar, men Øyvind stod fast. Daa baud kongen han gaavur og store veitslur, men Øyvind vilde ikkje hava noko. Daa truga kongen med at han skulde skamfara eller drepa han, men Øyvind stod like fast. Daa lét kongen bera inn ein tvaattekopp full av glødar og setja paa magen hans Øyvind, og trakst sprakk magen. Daa sagde Øyvind: «Tak av meg tvaattekoppen; eg vil segja nokre ord, fyrr eg døyr,» og de gjorde dei. Daa spurde kongen: «Vil du no, Øyvind, tru paa Krist?» «Nei,» sagde han, «eg kan ingin daap faa. Eg er ei aand, som er mana inn i manns kropp ved finne-trolldom; for far og mor kunde ikkje faa born fyrr.» Dermed døydde Øyvind, og han hadde vori ein stor trollmann.


77. Vaaren etter lét kong Olav bu skipi sine og heren, og sjølv styrde han Trana, og daa hadde kongen ein stor og vakker her. Daa han var ferdig, heldt han ut etter fjorden med heren, og so nord um Byrda og nord til Haalogaland. Kor han kom i land, heldt han ting og baud alle folk taka daapen og den rette trui. De var ingin som trudde seg til aa tala imot, og heile lande vart kristna der som han fór. Kong Olav var i gjestebod paa Tjotta hjaa Haarek, og daa vart han døypt med alt folke sitt. Daa dei skildest, gav Haarek kongen gode gaavur og vart mannen hans og fekk veitslur og lendmanns rett av kongen.


78. De var ein bonde som heitte Raud den ramme[125], som budde paa Godøy i den fjorden som heiter Saalpte[126]. Raud var grunnrik og hadde mange husfolk, og han var ein megtug mann og hadde mange finnar i fylgje sitt, naar han trong um de. Raud var blotmann og ovkar til aa trolla, og han var gode venir med Tore Hjort, som er nemnd fyrr, og baae tvo var store hovdingar. Daa dei spurde at kong Olav fór med ein stor herstyrke nordetter um Haalogaland, samla dei ein her og baud ut skip og fekk mykje folk. Raud hadde ein stor drake med gyllt hovud paa. Dette skipe var paa 30 rom og stort etter maaten. Tore Hjort hadde og eit stort skip. Med denne heren heldt dei sør-etter imot kong Olav. Daa dei møttest, lagde dei til strid mot kong Olav, og de vart eit stort slag, og de vart snøgt mannfall, men mest i heren til haaløygine, og skipi deira vart rudde, og daa tok dei fæle[127] og flydde. Raud rodde ut til havs med draken sin og drog upp segle. Raud hadde stødt bør, kvart han vilde sigla, og de kom av trollskapen hans. Um ferdi hans skal me ikkje fortelja anna, enn at han siglde heim til Godøy. Tore Hjort flydde inn til land, og der sprang dei i land fraa skipi. Kong Olav fylgde etter og sprang i land med sine menn og jaga deim og drap deim. Kongen var daa i fyienden, som han alltid var, naar de var slikt aa trøyta. Kongen saag kor Tore Hjort flaug. Tore var overlag snarføtt, og kongen sette etter han, og Vige, hunden hans, fylgde. Daa sagde kongen: «Vige, tak hjorten.» Vige flaug etter han og fór radt paa han. Tore stana, og kongen skaut eit spjot etter han. Tore hogg til hunden med sverde og gav han eit stort saar, men i de same flaug spjote til kongen inn under armen paa Tore, so de gjekk igjenom han og stod ut paa den andre lida. Der lét Tore live sitt, men Vige, som var saara, bar dei um bord. Kong Olav gav alle deim liv og fred som bad um de og vilde taka mot kristindomen.


79. Kong Olav heldt nordetter med heren sin langs med lande og kristna alle folk, kor han kom. Daa han kom nord til Saalptefjorden, var han meint paa aa fara inn i fjorden og leita etter Raud, men de stod eit skræmelegt stygge-vêr og ein overhendig storm ut etter fjorden. Kongen laag ei heil viku der, men same stygge-vêre heldt seg ut etter fjorden, men utan-for var de blaasande bør til aa sigla nordetter attmed lande. Kongen siglde daa alt nord til Omd, og der gav alle folk seg under kristindomen. Sidan vende kongen um og fór sør-etter; men daa han kom sør til Saalptefjorden, stod de stygge-vêr og sjødriv ut etter fjorden att. Kongen laag nokre dagar der, men de var same vêre. Daa tala kongen ved bispen Sigurd og spurde um han visst nokor hjelperaad. Bispen sagde at han skulde freista paa, am Gud vilde leggja si magt til, so han kunde raa med denne djevels-magti.


80. Bispen Sigurd tok messe-hakilen sin og gjekk fram i stamnen paa kongsskipe og lét kveikja i ljos og bar røykielse, sette krusifikse[128] upp i stamnen og las evangelium og mange andre bønir, og skvette vigt vatn yvi heile skipe. Daa bad han deim taka ned tjeldi og ro inn i fjorden. Kongen ropte til hine skipi, at dei alle ihop skulde ro inn i fjorden etter han. Daa dei tok til aa ro paa Trana, gjekk ho inn i fjorden, og dei kjende ingin vind paa seg, som rodde paa dette skipe, og de var eit rom etter deim i kjølfare, som de var lognt, men paa baae sidur stod sjø-roke so tjukt, at dei kunde ikkje sjaa fjelli for de nokon stad. Soleis rodde de eine skipe etter de andre i lygna, og soleis fór dei heile dagen og natti etter, og lite fyri dag kom dei til Godøyane. Daa dei kom til garden hans Raud, laag den store draken hans ved land. Kong Olav gjekk strakst upp til garden med mennane sine og tok paa de lofte som Raud sov i, og braut upp. Dei flaug inn der, og Raud vart fanga og bundin, og hine som var inne vart drepne og sume fanga. Daa gjekk dei til stogo som drengine hans Raud sov i, og sume av deim vart drepne og sume bundne, og sume dengde dei. Daa lét kongen leida Raud framfor seg, og bad han skulde lata seg døypa. «Daa skal eg ikkje taka eigedomen din fraa deg,» segjer kongen, «men heller vera venen din, soframt du kan stella deg slik.» Raud skreik imot og sagde at han aldri vilde tru paa Krist, og spotta Gud fælt. Daa vart kongen harm og sagde at Raud skulde faa den verste dauden. Daa lét kongen taka han og binda han vid-opin paa ein bjelke og lét setja ein pinne millom tennane paa han og fekk upp munnen; so lét kongen taka ein lyngorm og hava i munnen paa han, men ormen vilde ikkje inn i munnen, og vreid seg ifraa, av di Raud bles imot han. Daa lét kongen taka ein kvann-stut[129] og setja i munnen paa Raud, men sume segjer at kongen lét setja luren sin i munnen paa han, og hadde ormen inn der, og heldt eit gloande jarn attfor. Daa kraup ormen inn i munnen paa Raud og ned i halsen og skar seg ut igjenom sida. Der lét Raude live sitt. Kong Olav tok der ovende mykje med gods i gull og sylv og annan lausøyre, og vaapn og mange-slag eignalutir. Alle dei som hadde fylgt Raud lét kongen døypa, men dei som ikkje vilde lét han drepa eller pina. Daa tok kong Olav den draken og, som Raud hadde havt, og styrde han sjølv, av di dette skipe var mykje større og finare enn Trana; framme var de eit drakehovud, og paa atterenden var de ein bøyg med ein spord liksom, og baae nakkane[130] og heile stamnen var gullslegin. Dette skipe kalla han Ormen, for di naar segle var uppe, skulde de liksom vera vengjune paa draken, og dette var de vænaste skipe i heile Norig. Dei øyane Raud budde paa heiter Gylling og Hæring, og alle ihop heiter Godøyane, og straumen nordanfor millom øyane og lande heiter Godøystraumen. Kong Olav kristna heile denne fjorden, og sidan fór han sin veg sør-etter langs med lande. Og paa denne ferdi hende mangt som dei hev gjort segnir um, at troll og vonde vette apa seg inn paa mennane hans, og sume tidir paa han sjølv, men me vil heller skriva um korleis de gjekk til, daa kong Olav kristna Norig og hine landi som han fekk innført kristindomen i. Same hausten kom kong Olav med heren sin til Trondheim og styrde inn til Nidaros og laga seg til aa vera der um vetteren. De som eg no vil lata skriva um, skal vera um islendingane.


81. Same hausten kom Kjartan Olavsson utantil Island til Nidaros; han var son hans Olav Hoskuldsson og dotterson hans Egil Skallagrimsson, og dei heldt han for aa vera de beste manns-emne som hev vori født paa Island. Der var Halldor og, son hans Gudmund paa Modruvellir[131], og Kolbein, son hans Tord Frøysgode og bror hans Brenne-Flose[132], og den fjorde var Sverting, son hans Runolvgode. Alle desse var heidningar, og umfram desse var de mange andre, sume storfolk og sume smaafolk. Daa kom de gjæve menn fraa Island og, som Tangbrand hadde kristna; den eine var Gissur Kvite, son hans Teit Kjetilbjørnsson, og mor hans var Aalov, dotter hans Bodvar herse, som var son hans Vikinge-Kaare. Bror hans Bodvar var Sigurd, far hans Eirik Bjodaskalle, som var far hennar Aastrid, mor til kong Olav. De var ein islending som heitte Hjalte Skjeggeson; han var gift med Vilborg, dotter hans Gissur Kvite. Hjalte var og kristin, og kong Olav tok glad imot Gissur og Hjalte, maagen hans, og dei var hjaa han. Men dei islendingane som raadde for skipi og var heidningar, freista paa aa sigla burt, strakst kongen kom til byen, for di de var sagt deim, at kongen nøydde kristindomen paa alle. Men vinden slo seg rang aat deim og dreiv deim attende under Nidarholmen. Dei som raadde for desse skipi var Torarin Nevjolvsson, skalden Hallfred Ottarsson, Brand Orve[133] og Torleik Brandsson. De vart fortalt kong Olav, at de var nokre islendingar der med nokre skip, og at dei var heidningar alle ihop og vilde hava seg undan og ikkje finnast med kongen. Daa sende kongen bod til deim og sagde at dei fekk ikkje lov til aa fara, og bad deim leggja inn til byen, og de gjorde dei, men lossa ikkje.


82. Daa mikilsmess[134] kom, heldt kongen dagen heilag og lét syngja høgtidleg messe. Islendingane gjekk dit og lydde paa den fagre songen og klokkeklangen. Daa dei kom um bord, sagde alle fraa um korleis dei hadde lika aatferdi til dei kristne. Kjartan lét vel, men dei fleste andre lasta de. Men de er sant, som dei segjer, at kongen hev mange øyro, og dette vart fortalt til kongen. Strakst same dagen sende han bod paa Kjartan og bad han koma til seg. Kjartan gjekk til kongen med nokre andre, og kongen tok godt imot han. Kjartan var ein stor og fager mann og tala godt for seg. Daa han og kongen hadde tala lite med kvarandre, baud kongen Kjartan taka imot kristindomen. Kjartan sagde at han vilde ikkje segja nei til de, um kongen daa vilde vera venen hans. Kongen lova han venskap i alle maatar, og dette vart avtala millom honom og kongen. Dagen etter vart Kjartan døypt, og Bolle Torlaksson, frenden hans, og heile fylgje deira. Kjartan og Bolle var til gjest hjaa kongen, so lengi dei var i dei kvite døype-klædi[135], og kongen var oversleg kjærleg med deim.


83. Ein dag, som kong Olav gjekk ute paa gata[136], møtte han nokre menn, og den som gjekk fremst helsa paa kongen. Kongen spurde denne mannen kva han heitte, og han kalla seg Hallfred. Daa sagde kongen: «Er de du som er skalden?» Han svara: «Ja, eg kan dikta.» Daa sagde kongen: «Du vil visst taka mot kristindomen og ganga i mi teneste?» Han sagde: «Skal eg lata meg døypa, skal de vera paa de vilkaare, at du konge sjølv stend fadder til meg; eg vil ikkje hava nokon annan mann til de.» Kongen svara at de skulde han gjera. Daa vart Hallfred døypt, og kongen heldt han under daapen. Sidan spurde kongen Hallfred: «Vil du no ganga i mi teneste?» Hallfred svara: «Fyrr var eg hirdmannen hans Haakon jarl. No vil eg ikkje ganga i tenesta di, og ikkje tena hjaa nokon annan hovding heller, utan du lovar meg de, at de aldri skal henda noko so-vori, at du for den skuld jagar meg av.» «Eg hev ikkje høyrt anna um deg, Hallfred,» segjer kongen, «enn at du ikkje er so klok og vitug, at eg kan vera hugheil paa at du ikkje vil gjera slikt som eg aldri kan finna meg i paa nokon maate.» «Drep meg daa,» segjer Hallfred. Kongen sagde: «Du er ein vandræda-skald[137], men min mann skal du no vera.» Daa sagde Hallfred: Kva gjev du meg i namnefeste, konge, um eg skal heita Vandrædaskald?» Kongen gav han eit sverd, men de var ikkje slir med. Kongen sagde: «Dikt no ei vise um sverde, og lat orde sverd vera i kvar line.» Hallfred kvad:

Eit sverd av alle sverd
mest sverde-rik meg gjer.
Mannen, som sverd skal svinga,
um sverd no treng ikkje tinga.
Sverdlaus eg ikkje er,
tri sverd er eg verd,
berre fint farga slir til ære
eg fekk til dette sverde.

Daa gav kongen han ei slir og sagde: «De er ikkje sverd kvar line.» «Men de er tri i ei,» svara Hallfred. «De er sant,» sagde kongen. Av de som Hallfred i sine kvæde hev fortalt, hev me fengi vitnemaal og vissmun paa de som der er fortalt um kong Olav.


84. Same hausten kom presten Tangbrand att fraa Island til kong Olav og fortalde at de hadde ikkje laga seg vidare for han paa ferdi, og at islendingane hadde gjort nidvisur um han, og at sume vilde drepa han, og de var ikkje von um at dette lande kunde verta kristna. Kong Olav vart so vond og galin, at lan lét blaasa ihop med luren alle islendingane som var der i byen, og sagde at ein skulde drepa deim alle ihop. Men Kjartan og Gissur og Hjalte, og hine som hadde teki mot kristindomen, gjekk til han og sagde: «Du vil visst ikkje, konge, ganga attpaa dine ord; for du segjer de, at ingin mann skal hava gjort deg so mykje imot, at du ikkje vil tilgjeva deim som «vil lata seg døypa og halda upp med heidinskapen. No vil alle desse islendingane, som er her no, lata døypa seg, og me skal nok finna paa ei raad, slik at kristindomen kan faa framgang paa Island. Her er mange stormanns-sønir fraa Island, og fedrane deira kan hjelpa fram denne saki godt. Men Tangbrand fór aat der som her hjaa Dykk med ageløyse og manndraap, og folk tolde ikkje slikt der.» Kongen tok daa til aa lyda paa de dei sagde, og alle islendingane som var der daai vart døypte.


85. Kong Olav var i alle maatar den største itrottsmannen i Norig av alle deim som de gjeng segnir um, og han var sterkare og fimare[138] enn alle andre menn, og mange fraasegnir er uppskrivne um de. Den eine er den, at han gjekk upp paa Smalsarhorn[139] og feste skjolden sin paa toppen av berge; og dess-forutan hjelpte han ein hirdmann, som hadde klivi i berge slik at han korkje kunde koma upp eller ned; men kongen, gjekk burt til han og bar han under armen ned paa sletti. Kong Olav gjekk paa aarane utanbords, naar mennane hans rodde paa Ormen; og han leika med tri smaasverd, so de eine stødt var i vêre, og tok deim alltid i handtake. Han hogg like godt med baae hendane og skaut med tvo spjot i senn. Kong Olav var framifraa gladværug og lika godt moro, og var blid og umgjengeleg; han var hard til aa driva fort paa med allting, raust paa handi var han og staseleg i bunad, og i strid var han den djervaste av alle. Han var hardhjarta, naar han var harma, og var strid til aa pina uvenine sine; sume brende han i elden, og sume lét han vonde hundar riva i sund, sume lét han skamslaa eller kasta ut-for høge berg. Difor var venine hans overlag glade i han, men uvenine hans var rædde han. Difor kom han seg vel fram og, av di sume gjorde han til lags av kjærleike og venskap, og sume for di dei var rædde.


86. Leiv, son hans Eirik Raude, som fyrst bygde Grønland, var denne sumaren komin fraa Grønland til Norig. Han fór til kong Olav og tok imot kristindomen og var um vetteren hjaa kong Olav.


87. Gudrød, son til Eirik Blodøks og Gunnhild, hadde paa herferd i vesterlandi sidan han rømde or lande for Hakon jarl. Men denne sumaren, som me no hev fortalt um, daa kong Olav Trygveson hadde styrt Norig i 4 aar, kom Gudrød til Norig med mange herskip. Han hadde siglt ut fraa England, og daa han tenkte at han var komin nær under land i Norig, heldt han sør-etter langs med lande, dit som han trudde de var minst likt til at han skulde raaka paa kong Olav, og siglde til Viki. Strakst han kom til lands, tok han jtil aa herja, og tvinga landsfolke til aa ganga under seg, og bad at dei skulde taka han til konge. Men daa landsfolke saag at de var komin ein stor her paa deim, so bad dei um fred og forlik og baud kongen at dei skulde senda ting-bod umkring i lande, og vilde heller taka han til konge enn tola heren hans, og dei vilde hava dag medan ting-bode gjekk. Kongen kravde daa kosthald, so lengi denne ventingi skulde vara; men bøndane gjekk heller inn paa aa stella til gjestebod aat kongen, so lengi han turvte de, og de tok kongen imot, at han skulde fara umkring i lande paa gjestebod med nokre av mennane sine, medan hine vakta paa skipi hans. Men daa brørane Hyrning og Torgeir, verbrørane til kong Olav, spurde dette, samla dei folk og raadde seg til skip, og so fór dei nord i Viki og kom ei natt med heren sin der som kong Gudrød var i gjestebod, og gjekk paa der med eld og vaapn. Der fall kong Gudrød og dei fleste av mannskape hans, og av deim som hadde vori um bord paa skipi vart sume drepne, og sume kom seg undan og rømde vidt umkring til alle kantar. Daa var dei daude alle sønine til Eirik og Gunnhild.


88. Vetteren etter kong Olav var komin fraa Haalogaland lét han reisa eit stort skip inn-under Ladhamrane[140], og dette var mykje større enn dei andre skipi som daa var i lande, og endaa kan ein skilleg sjaa bakkestokkane. De var ein mann som heitte Torberg Skavhogg, som var byggmeister paa skipe; men de var mange andre med og arbeidde; sume skulde fella timber og sume telgja, sume slaa saum og sume køyra fram timbere. Alt byggjefange var godt utvalt; skipe var baade langt og breidt og høgborda og stortimbra. Men daa dei planka sidune paa skipe, so vart Torberg nøydd til aa fara heim til garden sin i ei ærend, og var lengi der, og daa han kom att, var skipe full-planka. Kongen gjekk strakst um kvelden dit, og Torberg var med han og skulde sjaa paa skipe, korleis de saag ut, og daa sagde alle folk at dei aldri hadde set so stort og vakkert langskip. Etter dette fór kongen attende til byen. Tidleg um morgonen etter gjekk kongen og Torberg til skipe att, og daa var arbeidsmennane alt komne, men dei stod og tok seg ikkje til noko. Kongen spurde kvifor dei bar seg slik. Dei sagde at skipe var utskjemt, og at de maatte vera einkvar som hadde gjengi fraa framstamnen til lyftingi og hoggi paa snei ned i skipsborde de eine hogge etter de andre. Kongen gjekk daa til og saag at de var sant, og sagde strakst og svor paa de, at den mannen skulde døy, som hadde skjemt ut skipe av ovund, um han fekk vita kven de var; «men den som kan segja meg de,» sagde han, «skal eg løna godt.» Daa sagde Torberg: «Eg kan nok segja Dykk, konge, kven som hev gjort dette.» «Eg vonar at de ikkje finst nokon,» sagde kongen, som kunde hava betre lukke enn du til aa faa greide paa dette og fortelja de til meg.» «Eg skal segja deg, konge,» sagde han, «kven som hev gjort de; de er eg som hev gjort de.» Daa svara kongen: «Daa skal du bøta de slik at de vert like so godt som de var fyrr; de gjeld her um live ditt.» Sidan gjekk Torberg stad og telgde av kanten, so alle hoggi gjekk ut. Kongen og alle hine sagde daa at skipe var mykje vænare paa den sida som Torberg hadde hoggi, og kongen bad han gjera likeins paa baae sidur, og sagde at han skulde hava takk for de. Daa vart Torberg den øvste byggmeisteren paa skipe, til dess de vart ferdigt. De var ein drake, og bygt paa same visi som Ormen, som kongen hadde havt med seg fraa Haalogaland, men dette skipe var mykje større og i alle maatar meir for-seg-gjort. Dette kalla han «Ormen lange», og de andre «Ormen skamme»[141]. Paa Ormen lange var de 34 rom. Hovude og bøygen var gyllt heile vegen, og skipsbordi so høge som paa havskip. Dette er de beste og dyraste skipe som er bygt i Norig.


89. Jarlen Eirik Haakonsson og brørane hans og mange andre gjæve menn av skyldfolke deira fór av fraa lande, daa Haakon jarl var fallin. Eirik jarl fór aust til Svitjod til Olav sviakonge, og der vart dei vel fagna. Kong Olav gav jarlen fredland der og store veitshir, so han godt kunde halda seg og mennane sine. Dette nemner Tord Kolbeinsson:

Jarl, du som vargar veider,[142]
venda mangt kan lagnaden!
Snart etter mennane sende
med svik Haakon i dauden.
Men rike, som den raadsterke
raust seg hadde vunni,
tenkjer eg Trygve-sonen
tok, daa han kom vestan.
Meir i hug aa hysa
hadde Eirik mot kongen
enn me upp vil hava;
anna var ikkje aa venta.
I sinne jarlen søkte
hjaa svenske kongen raadir;
vægja[143] vilde ingin,
vrange seg trøndine skapte.

Mange menn, som laut røma ut or lande for Olav Trygveson, drog fraa Norig til Eirik jarl, og han tok daa fyrst til og raadde seg til skip og fór paa herferd og vilde samla gods aat seg og mannskape sitt. Fyrst siglde han til Gotland og laag lengi der um sumaren og laag paa lur etter handelsskip som siglde til lande, eller vikingar; sume tidir gjekk han upp i lande og herja rundt umkring i sjøbygdine. Um dette stend de i Bandadraapa:

Mange fleire malm-vêr
manneleg jarlen vann sidan,
atter orde oss naadde, –
Eirik vinn lande[144]
den gongen daa gramen
yvi Gotlands strendar
vidt um vanka og herja.
vaapndjerv, og strid døyver.[145]

Sidan siglde Eirik jarl sør til Vindland, og fann der utanfor Stauren[146] nokre vikingskip og lagde til slag med deim. Der vann Eirik jarl og drap vikingane. Um dette stend de i Bandadraapa:

Ved Staur lét raadsløg styrar
aat stamn-hesten[147] liggja
etter avhovda kroppar;
Od-fjaag[148] jarl sidan[149]
saar-maasar[150] sleit svorden[151],
ved sverd-møte de harde,
av vikingar paa øyri.
yvi lande raader[152]


90. Um hausten siglde Eirik jarl attende til Svitjod og der den andre vetteren, men um vaaren budde Eirik herskipi sine og siglde ut i Øystresjøen. Daa han kom inn i rike til kong Valdemar, tok han til aa herja og drepa folk og brenna, kor han fór, og øydde lande. Han kom til Aldeigjuborgh[153] og kringsette ho, til dess han fekk borgi, og drap mykje folk der og braut ned heile borgi og brende ho upp, og fór han rundt umkring i Gardarike med herskjold. Dette er fortalt i Bandadraapa:

Den ærerike fór til aa øyda
med eld og sverd sidan
vidt landi aat Valdemar;
daa voks de paa med sverd-vêr.
Aldeigja braut du, Øgjar[154],
daa aust du kom i Gardar,
– røynd[155] hev me rikleg for dette;
rambeitt mennane striddest.

Paa denne herferd var Eirik jarl 5 sumrar i alt. Daa han kom fraa Gardarike, fór han med herskjold yvi heile Adalsysla og Øysysla og tok 4 vikingskip fra danine der og drap heile mannskape. Dette er sagt soleis i Bandadraapa:

Hær-kjempa, eg høyrde,
hardleikin strid kveikte
atter i øya-sunde.
Eirik vinn lande,[156]
Flushendt[157] folkeførar
fire langskip rudde
og vann fraa danske vikingar.
vaapndjerv, og strid døyver.[158]
Der byrge[159] bøndar rende
til byen, der du fræge
med gautar aatte odd-strid.
Od-fjaag jarl sidan[160]
Freds-øydar fór med herskjold
fram yvi alle syslur;
ende de vart paa unen[161].
yvi lande raader.[162]

Daa Eirik jarl hadde vori ein vetter i Sviavelde, fór han til danakongen Svein Tjugeskjegg og fridde til Gyda, dotter hans, og dei vart forlikte um de. Soleis fekk Eirik jarl Gyda, og aare etter fekk dei ein son, som heitte Haakon. Um vetteren var Eirik jarl i Danmark, og sume tidir i Sviavelde, men um sumaren var han paa herferd.


91. Danakongen Svein Tjugeskjegg var gift med Gunnhild, dotter til vindekongen Burislav. Paa den tid, som me no hev fortalt um, hende de seg, at dronning Gunnhild vart og døydde.[163] Men ei stund etter vart kong Svein gift med Sigrid Storraade, dotter hans Skoglartoste og mor til sviakongen Olav Svenske, og av denne maagskapen vart de venskap millom kongane og jarlen Eirik Haakonsson.


92. Vindekongen Burislav[164] kjærde seg for Sigvalde jarl, maagen sin, for di dei hadde broti forlike, som Sigvalde hadde gjort millom kong Svein og kong Burislav, soleis at kong Burislav skulde faa Tyre Haraldsdotter, syster til kong Svein. Men dette giftarmaale hadde de ikkje vorti noko av med, for di Tyre sagde beint fram nei, at ho vilde ikkje gifta seg med ein heidin og gamal konge. Daa sagde kong Burislav at han vilde dei skulde gjera etter avtala, og bad jarlen fara til Danmark og hava dronning Tyre med seg til han. Sigvalde jarl sette ikkje dette i gløymeboki, og fór til danakongen Svein og kom fram med ærendi si til han, og jarlen talde so lengi fyri han, at kong Svein gav han Tyre syster si, med. Nokre kvende fylgde med ho, og fosterfar hennar, som heitte Ossur Ageson, ein megtug mann, og nokre andre menn. De vart avgjort millom kongen og jarlen, at den eigedomen som dronning Gunnhild hadde havt i Vindland skulde Tyre faa, og dess-forutan andre store ting i heimanfylgje. Tyre grét saart og var traud for aa fara. Daa ho og jarlen kom til Vindland, heldt kong Burislav brudlaup og vart gift med dronning Tyre. Men so lengi ho var hjaa heidningane, vilde ho korkje taka mot mat eller drikke av deim, og soleis gjekk de 7 dagar. Men so var de ei natt, at dronning Tyre og Ossur smette seg av nattemyrkre og tok til skogs. Um ferdi deira vil me ikkje fortelja anna, enn at dei kom til Danmark; men der torde Tyre slett ikkje vera, daa ho visste, at soframt kong Svein, bror hennar, fekk spurlag paa ho, vilde han radt senda ho attende til Vinland. Dei fór i skugg og skjol, alt til dess dei kom til Norig, og Tyre stana ikkje fyrr dei kom til kong Olav Trygveson. Han tok godt imot deim, og dei var der og vart godt fagna. Tyre fortalde kongen um den naud ho var i, og bad han um hjelperaad og um fred i hans rike. Tyre var ei ordhag kvinne, og kongen lika godt naar ho tala, og han saag at de var ei væn kvinne; de skaut i han, at de kunde vera eit høvelegt gifte, og han slo frampaa um dette og spurde om ho vilde gifta seg med han. Men ho var so ille komi, at ho visste ikkje korleis ho skulde greida seg, og paa den andre sida saag ho kor framifraa godt dette giftarmaale var, aa verta gift med slik ein hæv konge, og ho bad han raada for henne og framtidi hennar. Og dette vart daa avtala so, at kong Olav vart gift med dronning Tyre. Brudlaupe deira stod um hausten, daa han var komin nordantil Haalogaland. Kong Olav og dronning Tyre var i Nidaros um vetteren. Men vaaren etter klaga dronning Tyre seg tidt for kong Olav og grét saart, for di ho aatte so mykje i Vindland, men der i lande hadde ho ikkje ein grand soleis som de høvde seg ei dronning. Sume tidir bad ho kongen fint, at han skulde faa i eigedomen hennar til ho, og sagde at kong Burislav var so god ven til Olav, at fyrst dei møttest, vilde han gjeva kong Olav alt de som han bad um. Men daa venine aat kongen fekk vita um dette, som ho rødde um, talde dei alle ihop kongen ifraa aa fara. De er fortalt, at de var ein dag tidleg um vaaren, at kongen gjekk paa gata, og paa torge møtte han ein mann med mange kvannir, som var urimeleg store, til aa vera saa tidleg paa vaaren. Kongen tok ein stor kvann-jol i handi og gjekk heim der som dronning Tyre budde. Tyre sat inne i stogo og grét, daa kongen kom inn. Kongen sagde: «Sjaa her er ein stor kvann-jol, som eg vil gjeva deg.» Ho slo han ifraa seg med handi og sagde: «Større gaavur gav Harald Gormsson; men han var ikkje so rædd for aa fara ut or lande og faa i eigedomen sin, som du no er; og de synte seg, daa han fór hit til Norig og øydde de meste av dette lande og lagde under seg alt med skatt og skyld, men du torer ikkje fara igjenom Danavelde for kong Svein, bror min.» Daa ho sagde dette, sprang kong Olav; upp og sagde høgt og svor: «Aldri skal eg fara rædd for kong Svein, bror din, og fyrst me finst, skall han undan vika.»


93. Strakst etter lyste kong Olav til eit ting i byen. Han kunngjorde daa for heile aalmugen, at han um sumaren vilde hava leiding ute av lande, og at han vilde bjoda ut baade skip og folk fraa kvart fylke, og sagde kor mange skip han vilde hava der fraa fjorden. Sidan sende han bod baade nord og sør i lande, baade langs sjøen og inn i lande, og baud ut folk. Kong Olav lét daa skuva paa vatne Ormen lange og alle hine skipi sine, baade store og smaa. Sjølv styrde han Ormen lange. Daa dei skulde taka ut mannskap, var dei so gløgge til aa velja ut, at de skulde ikkje vera nokon mann paa Ormen lange som var eldre enn 60 aar eller yngre enn 20, og dei tok berre dei sterkaste og modigaste. Fyrst tok dei hirdmennane til kongen, av di desse var utbladde av alle dei sterkaste og djervaste menanne som beid, baade utanlands og innanlands.


94. De var ein mann som heitte Ulv Raude, som bar merke til kong Olav og var framme i stamnen paa Ormen, vog der var Kolbjørn stallar med, og Torstein Uksefot og Vikar fraa Tiundaland, bror hans Arnljot Gjelline[165]. I rausni[166] tett ved stamnen var Vak Raumeson fraa Alvheim og Berse den Sterke, Aan Skyte fraa Jamteland, Trond Ramme og Utyrme, bror hans, fraa Telemarki. Og fraa Haalogaland Trond Skjalge, Ogmund Sande, Lodve Lange fraa Saltvik[167] og Haarek Kvasse; av inntrøndine var de Kjetil den høge, Torfinn Eisle og Haavard og brørane hans fraa Orkedalen. I fyri-rome var: Bjørn fraa Studla[168], Bork fraa Fjordane, Torgrim Tjodolvsson fraa Kvine, Aasbjørn og Orm, Tord fraa Njardarlog[169], Torstein Kvite fraa Oprostad, Arnor fraa Møre, Hallstein og Hauk fraa fjordane, Øivind Snaak, Bergtor Bestil, Hallkjel fraa Fjalir, Olav Dreng, Arnfinn fraa Sogn, Sigurd Bild, Einar fraa Hordaland og Finn og Kjetil fraa Rogaland og Grjotgard den raske. I krappe-rome var: Einar Tambeskjelvar, som dei andre ikkje rekna for full kar, for di han berre var 18 vetrar, Hallstein Livarson, Torolv, Ivar Smetta og Orm Skogarnev. De var mange andre gjæve karar paa Ormen og, endaa me ikkje kan nemna deim. De var 8 mann i kvart halvrom paa Ormen, og utbladde var dei ein for ein, og i fyri-rome var de 30 mann. De ord gjekk, at mannskape paa Ormen var so utvalt, at dei i vænleike og styrke og mod var likso mykje betre enn andre folk som Ormen var betre enn andre skip. Torkjel Nevja, bror til kongen, styrde Ormen skamme; Torkjel Dyrdil og Jostein, morbrørane til kongen, hadde Trana, og dei var ovende godt in mente[170] paa baae desse skipi. Kong Olav hadde 11 storskip fraa Trondheim, umfram tjugetofta[171] skip og smaaskip.


95. Daa kong Olav var paa de næmaste buin til aa sigla ut fraa Nidaros med heren, sette han folk til syslemenn[172] og aarmenn[173] umkring i heile Trøndelag. Til Island sende han Gissur Kvite og Hjalte Skjeggeson til aa forkynna kristindomen paa Island, og sende med deim ein prest, som heitte Tormod, og fleire vigde menn; men han hadde med seg som gislar 4 av dei islendingane som han totte var dei gjævaste, Kjartan Olavsson, Halldor Gudmundsson, Kolbein Tordsson og Sverting Runolvsson. Um korleis de gjekk Gissur og Hjalte paa ferdi kan me fortelja, at dei kom til Island fyri Altinge, og at dei fór til tinge; og paa dette tinge vart kristindomen lov-tekin paa Island, og denne sumaren vart heile landsfolke døypt.


96. Same vaaren sende kong Olav Leiv Eiriksson til Grønland til aa forkynna kristindomen der, og um sumaren fór han til Grønland. Han berga i have eit skipsmannskap, som laag hjelpelaust og dreiv paa eit rak. Daa fann han Vinland de gode[174] og, og kom um hausten til Grønland og hadde med seg dit ein prest og lærarar, og fór til Brattalid og budde der hjaa Eirik, far sin. Folk kalla han sidan for Leiv den heppne, men Eirik, far hans, sagde at de kunde vega jamt, at Leiv hadde berga eit skipsmannskap, og de at han hadde havt med seg til Grønland denne «skade-mannen», og de var presten.


97. Kong Olav fór med heren sin sør-etter langs-med lande. Daa var de mange av venine hans og megtuge menn som kom til han og hadde laga seg til aa vera med paa ferdi. Fyrste mannen der var Erling Skjalgsson, verbror hans, og han hadde de store langskipe sitt; de var paa 30 toftur og godt manna. Daa kom verbrørane hans og, Hyrning og Torgeir, til han, og kvar av deim styrde eit stort skip, og mange andre stormenn fylgde og med. Han hadde 60 langskip, daa han fór ut or lande, og siglde sør um Danmark gjenom Øresund til Vindland. Han sette stemnelag med kong Burislav, og daa kongane møttest, tala dei um den eigedomen som kong Olav kravde, og alle samtalune gjekk fredleg, daa Burislav gjorde god greide for de som kong Olav totte han hadde rett til aa krevja. Kong Olav var lengi der um sumaren, og raaka der paa mange av venine sine.


98. Paa denne tid var kong Svein Tjugeskjegg gift med Sigrid Storraade, som fyrr er fortalt. Sigrid var fælt hatig paa kong Olav Trygveson, og grunnen var de, at han hadde broti avtala millom deim og slegi ho i andlite, som fyrr er fortalt. Ho mana mykje paa kong Svein, at han skulde halda slag med kong Olav Trygveson, og sagde at han hadde god grunn til de, for di kong Olav hadde gift seg uløyves med Tyre, syster hans, og i gamle dagar vilde ikkje skyldfolke hans tolt slikt. Soleis heldt dronning Sigrid jamt paa og øste han upp, og ho talde so lengi fyri han, til dess kong Svein var fullhuga paa aa gjera som ho raadde til. Og tidleg paa vaaren sende kong Svein bod til aust til Svitjod til sviakongen Olav, stykson sin, og til Eirik jarl, og lét segja deim at den norske kongen Olav hadde leiding ute og etla seg til Vindland um sumaren. Med dette fylgde bod fraa danakongen, at sviakongen og Eirik jarl skulde hava ein her ute og møta kong Svein, og so skulde dei alle ihop leggja seg i slag med kong Olav Trygveson. Sviakongen Olav og Eirik jarl var strakst reiduge til aa vera med, og dei samla ein stor flote fraa Sviavelde, og med denne siglde dei sør til Danmark, og kom der nettupp som kong Olav Trygveson hadde siglt aust-etter. Dette nemner Halldor Ukristne i eit dikt um Eirik jarl:

Odd-ram yvigangs-hovding[175]
ut baud fraa Svitjod
med seg eit fjølment[176] fylgje,
fór so sør-paa til herstrid.
Saar-fuglar paa sjøen
suvl seg venta, fegne[177];
ynskte daa kvar ov-kar[178]
Eirik til strid aa fylgja.

Sviakongen og Eirik jarl stemnde til møte med danakongen, og daa hadde dei alle ihop ein usturteleg stor her.


99. Daa kong Svein sende bod til Svitjod etter heren, sende han med same Sigvalde jarl til Vindland, til aa spæja etter korleis kong Olav Trygveson fór, og gildra soleis aat han at han kunde raaka paa kong Svein og deim som var i lag med han. Sigvalde jarl fór i veg og kom til Vindland. Fyrst fór han til Jomsborg, og sidan til kong Olav Trygveson. Dei tala ovende venskapleg med kvarandre, og jarlen kom seg godt inn med kong Olav. Aastrid, kona til jarlen og dotter til kong Burislav, var ein god ven aat kong Olav Trygveson, og de kom seg mest av di, at han hadde vori systermannen hennar, daa han hadde vori gift med Geira, syster hennar. Sigvalde jarl var ein klok og raadug mann, og daa han fekk laga de so, at kong Olav samraadde seg med han, fekk han heft han lengi, so han ikkje kom til aa sigla vestetter, og fann paa mange grunnar. Men heren til kong Olav lét ille for dette, og mennane hans var heimhuga, daa dei laag der seglbudde, og de saag ut til god vind. Sigvalde jarl fekk løynleg bod fraa Danmark, at heren til sviakongen var komin austantil, og at Eirik jarl hadde sin her reidug, og at alle desse hovdingane vilde koma aust under Vindland, og hadde avtala at dei vilde bida paa kong Olav ved ei øy som heiter Svolder[179], og at jarlen skulde stella de so, at dei kunde raaka paa kong Olav der.


100. De kom ei laus-tidend til Vindland um at danakongen Svein hadde ein her ute, og strakst gjekk de orde, at danakongen Svein vilde nok hava eit møte med kong Olav. Men Sigvalde jarl sagde til kongen: «Kong Svein tenkjer ikkje paa aa leggja til slag mot deg med danaheren berre, so stor her som De hev. Men hev De nokon mistanke um at ufred er ventande, so skal eg fylgja Dykk med min her; og fyrr totte dei de var mun i de, naar jomsvikingane fylgde ein hovding; eg skal gjeva deg 11 skip i fullt stand.» Kongen tok imot dette. De var lite vind, men fraa den rette leidi, og daa lét kongen løysa floten og blaasa til avferd. Dei drog upp segli, og alle smaaskipi, som gjekk forare, siglde undan ut paa have. Men jarlen siglde tett ved kongsskipe, og ropte yvi til deim og bad kongen sigla etter seg. «Eg er best kjend med,» segjer han, «kor de er djupast i sundi millom øyane, og de kan De nok trenga um med desse store skipi.» Daa siglde jarlen fyri med sine 11 skip, og kongen siglde etter honom med sine storskip, og han hadde og 11 skip, men heile den andre heren siglde ut til sjøs. Daa Sigvalde jarl siglde inn til Svolder, kom de ei skute roande imot han og fortalde jarlen at heren til danakongen laag der i hamni fyri deim. Daa lét jarlen strika paa segle[180] og rodde inn under øyi. Um dette segjer Halldor Ukristne:

Med skip eit og sjautti
sunnantil fór den gjæve
kongen yvi øynir[181],
i oddleiken sverdi han farga, –
daa jarlen mot honom hadde
herskip kravt fraa Skaane
til bardage[182]; braatt daa freden
vart brotin millom mennar.

Her er de sagt, at kong Olav og Sigvalde jarl hadde 70 skip og eit til, daa dei siglde sunnantil.


101. Danakongen Svein og sviakongen Olav og Eirik jarl var daa med heile heren sin der; de var fagert vêr og blankt solskin. Daa gjekk alle hovdingane upp paa holmen med eit stort fylgje og saag paa skipi, som siglde ut paa have, mange i ein hop. Og daa saag dei at de siglde eit stort og staselegt skip; daa sagde baae kongane: «Dette er eit stort og utifraa fagert skip; dette er visst Ormen lange.» Eirik jarl svarar og segjer: «Dette er ikkje Ormen lange.» Og de var som han sagde; for de var Eindride fraa Gimsar som aatte dette skipe. Lite etter saag dei eit anna skip kom siglande, mykje større enn de andre. Daa sagde kong Svein: «No er Olav Trygveson rædd; han torer ikkje sigla med hovude paa skipe sitt.» Daa segjer Eirik jarl: «Dette er ikkje kongsskipe; eg kjenner baade skipe og segle, for di segle er striput; de er Erling Skjalgsson som eig dette. Lat deim sigla; de er betre at dette skipe ikkje finst i floten til kong Olav, so godt i stand som de er.» Men ei stund etter saag dei og kjende skipi hans Sigvalde jarl, og dei svinga inn under holmen. Daa saag dei at de kom siglande 3 skip, og de eine var stort. Daa sagde kong Svein at dei skulde ganga um bord, og sagde at der siglde Ormen lange. Daa sagde Eirik jarl: «Dei hev mange andre store og staselege skip enn Ormen lange; lat oss bida ei stund til.» Daa var de mange som sagde: «Eirik jarl vil ikkje slaast i dag og hemna far sin; dette er ei stor skam, og de vil spyrjast i alle land um me ligg her med so mykje folk, og kong Olav sigler ut til havs beint fyri nasa paa oss.» Men daa dei hadde tala um dette ei stund, saag dei 4 skip kom siglande, og eit av deim var ein ovleg stor drake og gullprydt. Daa stod kong Svein upp og sagde høgt: «I kveld skal Ormen bera meg, honom skal eg styra.» Daa sagde mange at Ormen var eit ovleg stort og fint skip, og at de laut vera ein storlynd mann som bygde slikt skip. Daa sagde Eirik jarl, so høgt at fleire høyrde de: «Endaa um kong Olav ikkje hadde større skip enn dette, so skulde kong Svein aldri faa de fraa han med danaheren berre.» Daa styrmde dei ned til skipi og tok ned tjeldi og vilde bu seg fort til slag. Men daa hovdingane tala um dette seg imillom, som me no hev fortalt um, saag dei tri ovstore skip kom siglande, og sist kom de fjorde, og de var Ormen lange. Men dei store skipi, som hadde siglt fyri, og som dei trudde var Ormen, av deim var de fyrste Trana og den andre Ormen skamme. Men daa dei saag Ormen lange, kjende alle han, og ingin sagde imot, at de var Olav Trygveson som siglde der; daa gjekk dei um bord og laga seg til aa leggja aat. De var ei avtale millom hovdingane, kong Svein, kong Olav og Eirik jarl, at dei skulde taka kvar sin tridjepart av Norge, soframt dei fellte kong Olav Trygveson; men den av hovdingane som fyrst gjekk um bord paa Ormen skulde hava alt herfange som han fekk der, og kvar av deim skulde hava dei skipi som han rudde sjølv. Eirik jarl hadde eit uhorveleg stort herskip, som han jamt hadde med seg i viking. De var ein jarnkamb øvst uppe paa stamnen framme og atter, og nedan-for var de ei diger jarnspong, som var like breid som stamnen og gjekk alt ned i vatsskorpa.


102. Daa Sigvalde jarl rodde inn under holmen med floten sin, fekk Torkjel Dyrdil fraa Trana, og dei andre skipsførarane som siglde med han, sjaa dette, at jarlen svinga inn under holmen med skipi sine; daa strika dei og paa segle, og rodde etter han ropte yvi til han og spurde kvi han gjorde so. Jarlen sagde at han vilde bida paa kong Olav; «de er ikkje fritt, at me kan ventil ufred,» sagde han. Daa lét dei skipi driva, til dess Torkjel Nevja kom med Ormen skamme og dei 3 skipi som fylgde honom. Daa dei fortalde de same til deim, strika dei og paa segle og lét skipi driva, og bida paa kong Olav. Men daa kongen kom siglande til holmen, rodde heile heren ut paa sunde fyri deim. Daa dei saag de, bad dei kongen sigla sin veg og ikkje leggja til slag so stor ein her. Kongen svara høgt og stod upp-i lyftingi: «Ned med segle! Ikkje skal mine menn tenkja paa flugt; eg hev aldri flytt i strid. Lat Gud raada for live mitt, men aldri vil eg fly.» Dei gjorde som kongen sagde. So segjer Hallfred:

Eg ynskjer aa minnast dei ordi
som Olavs hermenn segjer
at daadsterke drottnen mælte
til drengine fyri striden:
Kongen bad sine kvate[183]
karar ikkje aa tenkja
paa flugt; dei fyndige ordi
aat folkekjær hovding liver.


103. Kong Olav lét blaasa alle skipi sine til samlag. Kongsskipe laag midt i floten, og paa den eine sida laag Ormen skamme, og paa den andre Trana. Men daa kongen saag at dei tok til aa binda ihop stamnane paa Ormen lange og Ormen skamme, ropte han høgt og bad deim leggja betre fram de store skipe, so de ikkje kom til aa vera etterst av alle skipi i heren. Daa svarar Ulv den raude: «Skal me leggja Ormen so mykje lenger fram som han er lenger enn andre skip, so vert de nok aavint[184] framme ved stamnen i dag.» Kongen segjer: «Eg visste ikkje at eg hadde ein stamnbue som var baade raud og rædd.» Ulv sagde: «Forsvar ikkje meir lyftingi med baken, du, enn eg stamnen.» Kongen hadde ein boge i handi og lagde ei pil paa strengen og sigta paa Ulv. Daa sagde Ulv: «Skjot ein annan veg, konge, dit som de trengst betre; mitt arbeid er di vinning.»


104. Kong Olav stod i lyftingi paa Ormen, mykje høgre enn dei andre. Han hadde gyllt skjold og gullslegin hjelm, og var lett aa kjenna fraa andre menn, og hadde ei stutt raud trøye utanpaa brynjo. Daa kong Olav saag at flotane lagde seg i fleire hopar, og merki vart uppsette for hovdingane, so spurde han: «Kven er hovding for den heren som er gjegnt imot oss?» Dei fortalde han at de var kong Svein Tjugeskjegg med danaheren. Kongen svara: «Me ræddast ikkje for dei sælingane; de er ikkje noko mod i danine. Men kva er de for hovding som fylgjer dei merki som er paa den høgre sida av deim?» Dei fortalde han at de var kong Olav med sviaheren. Kong Olav segjer: «De var betre for sviane aa sitja heime og sleikja blotbollane sine enn aa ganga upp paa Ormen under vaapni dykkar. Men kven eig desse store skipi som ligg paa bakbord-sida aat danine?» «De er jarlen Eirik Haakonsson,» sagde dei. Daa svara kong Olav: «Han kan tykkjast hava skilleg grunn til aa møta oss, og av den heren kan me venta oss eit kvast tak; dei er nordmenn som me er.»


105. No rodde kongane til strid. Kong Svein lagde sitt skip imot Ormen lange, men kong Olav Svenske lagde seg utanfor og stakk stamnane paa sine skip mot de ytste skipe til kong Olav Trygveson, og paa den andre sida laag Eirik jarl. Daa var de ein hard strid. Sigvalde jarl skota med sine skip og lagde ikkje til slag. So segjer Skule Torsteinsson, som var med Eirik jarl:

Fienden aat frisar fekk eg
fylgja i sverdeleiken
og Sigvalde, – ung eg ære
avla, men no eg gamlast, –
daa me vaare motmenn møtte
paa malm-ting med blodute eggjar,
sør ved Svolder-mynne,
og med slag paa glymjande hjelmar.

Og Hallfred med segjer um desse tidendir her:

Visst trur eg verst han sakna
vaapngagn av trøndske drengir,
den førar som striden framde;
paa flugti de bar med mange.
Den daadsterke drottnen aaleine
drogst med tvo kongar,
og jarlen den tridje; gjævt er
aa gjeta slikt sidan.


106. Dette slage var ofseleg kvast, og mange fall. Stamnbuane paa Ormen lange og Ormen skamme og Trana kasta anker og stamnljaa-ar um bord i skipi til kong Svein, og dei hadde ovanmun, so dei skaut ned paa deim som dei hadde under føtane sine. Soleis rudde dei alle dei skipi som dei kunde halda fast. Men kong Svein og dei som kom seg undan hadde seg um bord paa hine skipi og lagde ut or skotmaal. Og soleis gjekk de med denne heren som kong Olav Trygveson hadde spatt. Daa lagde sviakongen Olav til i staden. Men strakst dei kom nær storskipi, gjekk de sameleis med deim som med hine, at dei miste mykje folk og sume av skipi sine, og dermed laut dei leggja ifraa. Men Eirik jarl lagde Barden[185] side um side med de ytste skipe til kong Olav og hogg ned mannskape og kappa toge og lét de driva, og so lagde han til de næste og slost, til dess han rudde de for folk. Daa tok mannskape til aa fljuga fraa smaaskipi og upp paa dei store, og jarlen kappa dei lause, so fort han hadde rudt deim. Men danine og sviane lagde seg i skotmaal rundt umkring skipi til kong Olav, og Eirik jarl laag alltid side um side med skipi og slost med hoggvaapn, og so fort de fall folk paa hans skip, gjekk de andre upp i staden, baade sviar og danir. So segjer Halldor:

Sus av sverdi kvasse
sjoga kring Ormen lange,
der spjoti gyllte druste;
drengine stridde lengi.
Fram med fraane[186] eggjar
fylgde ein stridsher jarlen
sør-paa der, dei segjer,
av svenske menn og danske.

Daa vart slage illherveleg kvast, og de fall mykje folk, og paa slutten var dei rudde alle skipi til kong Olav Trygveson, so nær som Ormen lange; der hadde dei gjengi um bord, alle dei som var vaapnføre av mannskape hans. Daa lagde Eirik jarl Barden side um side med Ormen lange, og der slost dei med hoggvaapn. So segjer Halldor:

I heller hard snerre
horvde Ormen lange[187]
saman sverdi høvdest,
sund vart skjoldar kløyvde, –
daa den bordhøge Barden
brynju-klædd hovding lagde
jamsides Ormen; jarlen
hjelm-ridi vann ved holmen.


107. Eirik jarl var i fyri-rome paa skipe sitt, og der hadde dei stelt upp ei skjoldborg. Daa slost dei med hoggvaapn og stakk med spjot og kasta med alt de som vaapn var, og sume skaut med boge, og sume med handi. Daa stod de so tjukt med vaapn paa Ormen, at dei knapt fekk livt seg med skjoldane; so tett flaug spjot og pilir, for di at de laag herskip rundt umkring Ormen paa alle kantar. Daa vart mennane til kong Olav so ville, at dei flaug upp paa skipsborde, til aa naa fiendane med sverde og drepa deim; men de var mange som ikkje lagde seg so nær under Ormen at dei kunde slaast med hoggvaapn. Soleis gjekk dei fleste av mennane hans Olav yvi bord, og sansa ikkje anna enn at dei slost paa slette vollen, og sokk ned med vaapni sine. So segjer Hallfred:

Ned sokk i sjøen
saara hermenn fraa Ormen;
dei vilde ikkje vægja,
men varde seg til de siste.
Alt um Ormen styrde
enno dyre kongen,
saknast paa sessane skulde
slike drengir lengi.


108. Einar Tambeskjelvar var i krappe-rome paa Ormen og skaut med boge, og han skaut kvassare enn alle andre menn. Einar skaut paa Eirik jarl og raaka styreknappen ovanfor hovude til jarlen, so pili gjekk inn radt til pilebande[188]. Jarlen saag dit, og spurde um dei visste kven som skaut. Men i de same kom de ei onnor pil so nær jarlen, at ho flaug imillom sida og armen paa han og bak i hovudfjøli[189], so odden stod langt igjenom. Daa sagde jarlen til ein mann, som sume kallar Finn, men sume segjer at han var finsk, og som var ein dugande bogeskyttar: «Skjot den store mannen i krappe-rome, du.» Finn skaut, og pili kom midt paa bogen hans Einar, nett som han spente bogen sin tridje gongen, og bogen gjekk i tvo stykke. Daa sagde kong Olav: «Kva brast der so høgt?» Einar svarar: «Norig er hendane dine, konge.» «So stor bresten var de visst ikkje,» segjer kongen, «tak min boge og skjot med,» og kasta bogen til han. Einar tok bogen og drog han strakst fram yvi odden paa pili og sagde: «For veik, for veik er kongens boge,» og kasta bogen attende og tok skjolden sin og sverde og slost med.


109. Kong Olav Trygveson stod i lyftingi paa Ormen og skaut for de meste um dagen, stundom med boge og stundom med kastespjot, og jamt tvo i senn. Han saag fram i skipe, saag at mennane hans svinga sverdi og hogg tidt og jamt, men at de beit lite. Daa sagde han høgt: «Høgg De so laust, daa eg ser at de ikkje bit for dykk?» De var ein mann som svara «Sverdi vaare er sløe og egg-brotne». Daa gjekk kongen ned i fyri-rome og lét upp høgsætes-kista og tok upp mange kvasse sverd og gav mennane sine. Men daa han tok ned i med høgre armen, saag folk at blode rann ned under brynju-ermi; men ingin visste kor han var saara.


110. Paa Ormen var forsvare best og mannefalle av fiendane størst der som stamnbuane slost og i fyri-rome; for der var mannskape mest utvalt og skipsbordi høgst, men midt paa skipe fall mannskape fyrst. Og daa de berre var faa folk som stod uppe umkring masti, tok Eirik jarl til aa ganga upp og kom upp paa Ormen sjølv femtande. Daa kom Hyrning, verbror til kong Olav, imot han med ein heil flokk, og der vart de ein hard strid, og enden vart, at jarlen hopa undan og ned att paa Barden; men av deim som hadde fylgt han var de sume som fall, og sume vart saara. Dette nemner Tord Kolbeinsson:

Gjetord vænt han vann seg
som varde sin konge med sverde;
fyrr Hyrning vert gløymd, lat den høge
hall yvi fjellom bresta.[190]

Daa vart slage kvast att, og de fall mange paa Ormen. Men daa mannskape tynntest paa Ormen og de var faa folk til aa verja, tok Eirik jarl til aa ganga upp andre gongen paa Ormen, og de var hard motstand denne gongen og. Men daa stamnbuane paa Ormen saag dette, gjekk dei atter-ut paa skipe og snudde seg mot jarlen og tok hardt imot han. Men for di de var fallne so mange menn paa Ormen, at skipssidune mange stadir var aude for folk, so tok mennane til jarlen til aa ganga upp paa mange kantar. Men alt de mannskape som endaa stod uppe til forsvar paa Ormen søkte atter-ut paa skipe til kongen. So segjer Halldor Ukristne um at Eirik jarl daa eggja mennane sine fram:

Att-etter yvi toftune
med Olav hans menn laut hòpa[191],
der hugheil hovding eggja
til hogg-storm kvate drengir, –
daa stridsmenn sterke hadde
stengt ikring rauste kongen
vaagen med skip, og vaapngny
kring Vindlands herjar glumde.


111. Kolbjørn stallar gjekk upp i lyftingi til kongen. Han og kongen hadde mest like klæde og vaapn, og Kolbjørn var ein utifraa stor og væn mann. Daa vart de ein kvass strid i fyri-rome att. Men for di de var komi so mykje folk av mannskape til jarlen upp paa Ormen som skipe kunde røma, og skipi hans lagde til rundt umkring Ormen, og de var faa folk til aa verja seg mot so stor ein her, so fall dei fleste paa ei liti stund, endaa dei var baade sterke og urædde. Men kong Olav sjølv og Kolbjørn sprang yvi bord baae tvo, kvar paa si side. Mennane til jarlen hadde lagt smaaskutur utankring Ormen og drap deim som sprang i sjøen. Daa kongen sjølv hadde sprungi i sjøen, vilde dei taka han og føra han til Eirik jarl. Men kong Olav kasta skjolden yvi seg og dukka under; men Kolbjørn stallar skaut skjolden under seg, og soleis berga han seg for dei spjoti som dei stakk med fraa skipi som laag under; men daa han datt i sjøen, kom skjolden under han, og difor fekk han ikkje dukka under so fort. Soleis fanga dei han og drog han upp i skuta, og trudde at de var kongen. Dei leidde han fram til jarlen; men daa han merka at de var Kolbjørn, og ikkje kong Olav, gav han han liv og fred. Men samstundes sprang alle mennane til kong Olav, dei som endaa var i live, yvi bord fraa Ormen, og Hallfred segjer de, at Torkjel Nevja, bror til kongen, var den siste av alle mann som sprang yvi bord:

Trauste, stor-tøke[192] Torkjel
Trana saag og baae
Ormane aude fljota,
– han eggjar i blod hadde roda[193], –
fyrr framdjerve kongsbror,
fast i vaapen-glamren,
symjevand seg sende
i sjøen og heldt undan.


112. De er alt fortalt, at Sigvalde jarl gav seg i lag med kong Olav i Vindland og hadde 10 skip, og paa de ellevte var mennane til kongsdotteri Aastrid, kona til jarlen. Daa kong Olav hadde sprungi yvi bord, so sette heile heren i eit siger-rop: og daa slo Sigvalde jarl og mennane hans aarane i sjøen og rodde til slage. Dette nemner Halldor Ukristne. Men den vindesnekkja, som mennane hennar Aastrid var paa, rodde burt og attende under Vindland, og strakst var de mange som sagde at kong Olav hadde kasta av seg brynjo under vatne, og hadde sumt under vatne undan langskip i, og so hadde han gjengi um bord paa vindesnekkja, og mennane hennar Aastrid hadde ført han til lands. Og sidan er de nokre som hev gjort mange segnir um kor de vart av kong Olav. Hallfred segjer i ei vise, at han ikkje veit visst, um Olav er fallin, men at de er visst, at han vart saara. Men kor som er kom kong Olav Trygveson aldri meir til aa styra i Norig. I ei onnor vise segjer Hallfred at han no hadde høyrt visst, at kongen var fallin, og han brydde seg ikkje um laust snakk.


113. Jarlen Eirik Haakonsson fekk ved denne sigeren Ormen lange og mykje herfang. So segjer Halldor:

Sør til de store sverd-ting
saag dei Ormen lange
bera hjelmklædd gjæving
og gildt skipi prydde;
men i Gonduls[194] gnyen
glad tok jarlen ved draken,
der eggjar i blod han bada,
bror ættgod aat Heming.

Svein, son hans Haakon jarl, var den gong trulova med Holmfrid, dotter til sviakongen Olav. Daa danakongen og sviakongen og Eirik jarl skifte Norigs rike imillom seg, fekk sviakongen Olav 4 fylke i Trondheim, og Nordmøre og Sunnmøre og Raumsdal, og aust i lande Raanrike fraa Gautelvi og til Svinesund. Dette rike gav kong Olav til Svein jarl, paa same vilkaar som skattekongane eller jarlane hadde havt fyrr av yvikongane. Men Eirik jarl fekk 4 fylke i Trondheim, og Haalogaland, Naumudal, Fjordane og Fjalir, Sogn og Hordaland og Rogaland og Nordagdir alt til Lidandesnes. Dette talar Tord Kolbeinsson um. Danakongen Svein hadde Viki daa og, sameleis som han hadde havt fyrr, og gav Eirik jarl styringi yvi Raumarikeog Heidmarki. Olav Svenske gjorde Svein Haakonsson til jarl; han var den vænaste mannen som nokon hev set. Eirik jarl og Svein jarl lét døypa seg baae tvo og tok rette trui, men so lengi dei raadde for Norig, lét dei kvar gjera som han vilde med aa halda kristindomen, men dei gamle lovine og landsens skikk heldt dei ved lag og var vensæle menn og gode styrarar; men Eirik jarl var den fyrste av brørane i all styringi.


Notar:

  1. Dette er namne paa ein gard paa Jaren, Obrestad, i Haa herad; men Snorre hev tenkt seg at garden laag ein stad paa Upplandi.
  2. Snorre hev tenkt seg anten Skaun paa Heidmarki (no Stange herad) eller Skaun paa Romerike (no Sørum herad).
  3. Dette gardsnamne er ikkje kjent.
  4. Vladimir den store i Russland (980 - 1015) vart storfyrste i Novgorod (Holmgard) i 970.
  5. D.s.s. «utlændighed».
  6. Hals er ved innlaupe til Limfjorden, paa nordsida.
  7. Hals er ved innlaupe til Limfjorden, paa nordsida.
  8. Av bu, stella til, «udruste».
  9. Den som ikkje møtte fram, eller ikkje til rett tid og paa rette staden, til leidingsferd, laut leggja leidings-bøtar.
  10. Snorre hev visst mistydt Are og rekna den tidi Harald var konge i Norig 6 aar for lang; etter den tidsrekningi Sæmund Frode gjev, hev Harald havt herredøme berre i 9 aar, og er daa fallin i 970 (ikkje 976).
  11. Liðandisnes er Lindesnes, som skilde millom Austagdir og Nordagdir (d. e. Vestagdir).
  12. Land eller jord-eigedom som høyrde til eit hov eller gudetempel.
  13. Eignalutir, «formue».
  14. D. s. s. skuta eller skota (ro attlengjes).
  15. Byrða er Børøyi i Roan herad, nær grensa millom Naumdølafylke og Nordmøre.
  16. Naakald v.s. kald som eit lik (naae).
  17. No Dingenes i Gulen herad ytst ved Sognefjorden, paa sudsida. Grensa millom Sogn og Hordaland er ikkje der no, sidan Gulen i 1773 vart lagd til Sogn.
  18. d. v. s. «store hundrad» (kvart hundrad = 120).
  19. Av hækin, sluk, graadig.
  20. Sæl («heldig») til aa vinna feng eller fengd (fangst).
  21. Fylje.
  22. I kap. 15 er de sagt, at Harald Grenske hadde fengi Vingulmark; men truleg er ikkje dette rett, daa Harald i kap. 43 er nemnd berre som konge i Vestfold.
  23. Dette halv-verse er de ikkje funni rett greide i, so de læt seg ikkje setja um heilt.
  24. Gjæve stormenn.
  25. Borgundarholm er Bornholm.
  26. Nordtyskland, fraa aust i Holstein til Aust-Preussen.
  27. Med «Burislav» (Boleslaw) er ikkje her meint Boleslaw I av Polen (992-1025), men hans far Miesco eller Mieczyslaw (964-992).
  28. Keisar Otta er Otto II (973-983). Den herferd han gjorde var ikkje, som Snorre reknar, i 988, men seinhaustes 974; fyrimaale var heller ikkje aa umvenda Harald (for han hadde teki ved kristindomen ikr. 960), men aa gjera Danmark lydskyldigt under keisaren.
  29. Grim eller vond mot hòvi (dei heidne gudehusi).
  30. Frankland (Frakkland) er Franken i Tyskland.
  31. De er urett, de som er sagt um at Boleslaw (eller Miesco) var med keisaren til Danevirke; heller ikkje kunde Olav Trygveson vera med der, i 974, daa han ikkje var vaksin endaa.
  32. Holtsetaland, no Holstein, høyrde med til Saksland.
  33. Rædsle-hjelm (øgja, skræma, fæla).
  34. Danevirke gjekk fraa botnen av fjorden Sle i aust, men vestetter gjekk de ikkje lenger enn til elvi Træaa, ei side-elv til Eideren, ikkje til have.
  35. Laglegt, maklegt.
  36. Slé, no Slien fjord ved Slesvik (Slés-vík).
  37. Mársey er Mors, ei stor øy i de breidaste av Limfjorden, millom Salling og Tyland.
  38. Um Poppo og hans undergjerning og verknaden av den, aa umvenda Harald til kristindomen, hev alt Vidukind av Corvey fortalt i sin krønik fraa aar 968. Tidi, daa dette hev hendt, kan ein setja til ikr. 960.
  39. Lærde menn vil segja upplærde til aa tena i kyrkja, som klerkar, munkar o. a.
  40. Gautasker er skjeri og øyane utanfor Øystre-Gautland.
  41. Frett (av fretta, spyrja) raadspyrjing med blot-spon.
  42. Tekil, tak; «malmklædd tekil» vil daa segja: hjelm.
  43. D. v. s. hermenn.
  44. Byen Slesvik.
  45. Flæmingjaland er Flandern.
  46. Ljot, stygg, uhugleg.
  47. Øyi Walchern i Holland.
  48. Kumraland er Cumberland i England.
  49. D. e. Scilly-øyane.
  50. Frøkin, djerv, «tapper».
  51. Lysta paa ære (frægd, «berømmelse»).
  52. Av berja, slaa.
  53. Menn fraa Kumraland.
  54. Gyda var dotter aat Olav Kvaran (ikkje syster); Olav Kvaran døydde i høg alder aare 980.
  55. Sólundir er Sulendøyane utanfor Sognefjorden.
  56. «Vrak», noko som rek paa vatne.
  57. Hestenamn.
  58. Veik, «ussel».
  59. Vápnafjörðr aust i Island; Eyafjörðr paa nordlande; Breiðafjörðr vest i lande; Reykjanes, land-odde lengst sudvest paa Island; Vikarsskeið (Skeið), flat sand-øyr utfor Ölfus-á austanfor Reykjanes.
  60. D.e. med kløyvt skjegg.
  61. Jomsborg eller Jóm (Jumne) var ein festnings-bygd by paa austsida aat øyi Wollin i Oder-mynne.
  62. «Voldgiftsmand».
  63. Edelred, konge i England 978 - 1016.
  64. Etter St. Mikjaal (Michael) heiter 29de sept. mikjelsmess.
  65. Knarr eller knorr, stort skip, helst handelsskip.
  66. Mannseide paa Stadslande.
  67. Vand til herstrid.
  68. Lóm, handtak paa ei aar.
  69. Øyar vest for Hareidland.
  70. Höð er Hareid-land(Haðar-eið).
  71. Hjörundarfjorðr er Hjørundfjorden aust for Hareidland.
  72. Hallkelsvik i Volda-fjorden, sud for Hareidland.
  73. Hjörungavágr heiter no Liavaag, innanfor Hjøringnes, den nordøystre odde av Hareidland. Hjørungavaag hadde namn etter Hjørungane, nokre skjer ved innlaupe til Hjørungavaagen.
  74. Gimsar er Gimsan i Melhus herad i Gauldalen («Guldalen»).
  75. Upphaugr er Upphaug paa Ørlande (Yrjar).
  76. Ein øyre er i vegt 26.7 gram.
  77. Atterskansen.
  78. D.s.s. torn eller spenne-naal.
  79. Sverd (som bit skjolden).
  80. Av evla, orka, vinnast med.
  81. Eit slag dyrt klæde, mest brukt til tjeld (teppe) og slikt.
  82. Olav den heilage, «St. Olav», som var son til Harald og Aasta.
  83. De russiske namn Wsevolod.
  84. Sjaa merknaden (53) um Olav Kvaran. Etter de som er fortalt i engelske skriftir, laag elles Olav um vetteren 994 - 95 med floten sin ved Southampton, der han fekk undervisning i kristindomen av engelske bispar og vart konfirmera vaaren 995, daa kong Edelred stod fadder aat han. Tidleg paa sumaren 995 drog han fraa Southampton heim til sitt fødeland.
  85. Ordhag, god til aa tala for seg, «veltalende».
  86. Aasmundarvaag no Osmondwall paa de stykke av øyi Hoy som vor kalla Vaagar, no Walls.
  87. Rögnvaldsey, no South-Ronaldsey, lengst sudaust av Orknøyane, her misteki for den sudvestre Haaøy, no Hoy.
  88. Petlandsfjörðr er Pentlandsfjorden millom Skotland og Orknøyane; at den ikkje var «farande», kom vel av malstraumen.
  89. Mostr er ei øy synst i Sunnhordaland; Agðanes (Nes) paa sudsida aat Trondheimsfjorden; Meðalhús Melhus, i Melhus herad i Gauldal (Gaulardalr, «Guldalen»).
  90. Vigg er Viggen i Børsen ved Orkedalsfjorden; heiter no Viggj’a (Vijja).
  91. Rettare Búnes, i Støren herad i Gauldalen.
  92. Lundar er Lunde i Horg herad i Gauldalen.
  93. Rimul er Romul i Gauldalen, paa vestsida av elvi beint imot Medalhus (Melhus).
  94. Skerðingssteðja er Skjerdingstad, sunnanfor Melhus.
  95. No Gaul’a, «Gulelven».
  96. Niðarhólmr er Munkholmen, utfor der Nea gjeng ut i fjorden, nord fraa Trondhjem.
  97. Niðarhólmr er Munkholmen, utfor der Nea gjeng ut i fjorden, nord fraa Trondhjem.
  98. D. v. s. avøyder og jagar røvarar, vikingar (her tenkt paa jomsvikingane).
  99. Vika, gjeva etter.
  100. Namni er ikkje sette til i teksti, vel for di Snorre heldt deim for umogelege; men i Jomsvikingasaga, som dette er teki fraa, er dei kalla Urguþrjótr og Brimiskjarr.
  101. D. e. vest (vestanfor; soleis brukt «nord» og «sør» der de heller skulde vera vest og aust, liksom i mange bygdir no til dags).
  102. I Haalands herad paa Jaren (no «Kirke-Sole»).
  103. Fitja-skalle, d. e. bonden paa Fitjar (Fitjar er Fitje paa øyi Stord i Sunnhordland).
  104. Tjukk i maale.
  105. Sognsjøen (Sognsær) ved innlaupe til Sognefjorden. Lande millom der og Liðandisnes (Lindesnes) er daa Hordaland, Rogaland og paa lag helvti av Vestagdir.
  106. Dragseid er de ytre eid paa Stadslande, millom Drage (s.) og Leikvang (n.).
  107. Bjarnaurar, no Bjørnør paa Fosni; høyrde daa til Nordmørafylke.
  108. Þjótta, no Tjøtta (Tjotta) paa Helgeland, sunnanfor Alstahaug (65° 50').
  109. Vågar, no Vaagan paa Vaagøy i Lofoten (68° 13').
  110. Gøtaelvi.
  111. Dette er ikkje i samsvar med de som er fortalt i eldre skriftir, at Olav den heilage vart døypt i vaksin alder i Normandi. Sjaa merknaden til soga um Olav den heilage, kap. 20.
  112. Konungahella, no Kastelgaarden ved den nørdste armen av Gøtaelvi.
  113. Langefasta er dei 7 vikune fyri paaske.
  114. Eit skjer som sjøen flør yvi naar de er flo sjø.
  115. Trollmannskjere.
  116. Her-pili (her-ör) hadde eit reip eller vidju-band hangande i den eine enden og kalla alle mann til tinge væpna.
  117. «Nidelven» (Nea).
  118. Glup traktering.
  119. Ein stav med øks i den eine enden og ein pigg i den andre.
  120. Skipakrókr var ei liti vik paa vestsida aat Nid, ved enden av Strandgata no er i Trondhjem.
  121. Eit slags langskip.
  122. De hadde 30 toftur eller ror-benkir.
  123. Austrátt «Østeraad» paa Ørlande. Av Skjeggehaugen, sunnanfor garden Austraatt, som dei hev utgravi, er de ikkje stort att.
  124. Sida er ved Skaptá i den sudvestre luten av austlande, men Hall budde ved Tváttá i søre Aalptafjord.
  125. Den sterke.
  126. Sálpti er Saltenfjorden.
  127. Taka fæle er de same som aa verta rædd.
  128. Ein kross, med Kristus nagla paa.
  129. Stylken av ein kvann-jol.
  130. Kva «nakkane» (svirar) var, er ikkje visst; dei maa ha vori i framstamnen.
  131. Mösðruvellir ligg høgt uppe ved Eyafjarðará i Eyafjörðr paa nordlande.
  132. Flose paa Svinafell, som sidan brende inne Njaal og sønine hans.
  133. Den romhendte, gjevmilde.
  134. 29de sept.
  135. Dei gjekk ei viku etter i dei kvite klædi som dei hadde paa seg daa dei vart døypte.
  136. D. e. Langgata, langs elvi; ein leivning etter den er no «Krambodgade».
  137. Ein skald som set folk i knipe, som gjer de flokut og rangt.
  138. Snøgg, hendt.
  139. Smalsarhorn er «horne» paa Hornelen paa Bremangerlande i Nordfjord.
  140. La-hamaren, utanfor garden Lade.
  141. Av skammr, stutt.
  142. D. v. s. avøyder og jagar røvarar, vikingar (her tenkt paa jomsvikingane).
  143. Vika, gjeva etter.
  144. Dei sermerkte linune høyrer saman og kjem att gjenom fleire vers som eit slag umkvæde eller stev.
  145. Dei sermerkte linune høyrer saman og kjem att gjenom fleire vers som eit slag umkvæde eller stev.
  146. Staur held dei fyri er den sudøystre odden av Femern, no Staver, noko sør for Staberdorp.
  147. Skipe.
  148. Stridsglad (ód, rid, hard-vêr).
  149. Dei sermerkte linune høyrer saman og kjem att gjenom fleire vers som eit slag umkvæde eller stev.
  150. Ramnar.
  151. Hudi.
  152. Dei sermerkte linune høyrer saman og kjem att gjenom fleire vers som eit slag umkvæde eller stev.
  153. Aldeigjuborg er byen Aldagen eller Ladoga; laag den tid ved elvi Volkhov, som renn ut i Ladoga-sjøen.
  154. Av øgja, setja age, rædsle folk.
  155. «Erfaring», vissmun.
  156. Dei sermerkte linune høyrer saman og kjem att gjenom fleire vers som eit slag umkvæde eller stev.
  157. Romhendt, gjevmild.
  158. Dei sermerkte linune høyrer saman og kjem att gjenom fleire vers som eit slag umkvæde eller stev.
  159. Velberga, sjølvgod, stolt.
  160. Dei sermerkte linune høyrer saman og kjem att gjenom fleire vers som eit slag umkvæde eller stev.
  161. Hyggje.
  162. Dei sermerkte linune høyrer saman og kjem att gjenom fleire vers som eit slag umkvæde eller stev.
  163. Dette er eit mistak. Svein skilde seg med Gunnhild og sende henne heim til Vindland, der sønine hennar, etter at Svein var daiin i 1014, henta henne til seg til Danmark att.
  164. J Boleslaw i. Polen (992-1025); sjaa (26).
  165. Um honom vert fortalt i soga um Olav den heilage kap. 141, 215, 226.
  166. Fraa stamnen og til ause-rome kalladet rausn. Krappe-rome var eit trongt rom attved masti. Lenger atter-ut var fyri-rome, og lengst atter-lyftingi eller skansen.
  167. Paa sudsida av Ofot-fjorden i Nordland.
  168. No Støle, i Etne herad i Sunnhordland.
  169. Njardarlög er Tysnesøyi i Sunnhordland.
  170. Hadde mykje og godt mannskap.
  171. Med 20 toftur til 40 mann.
  172. Umbodsmenn som skulde styra paa kongens vegne og krevja skatt og hjelpa kvar mann til sin rett (amtmenn).
  173. Umbodsmenn som dreiv kongsgardane og kravde inn innkomune til kongen og saag etter at alt gjekk som kongen vilde (lensmenn).
  174. Vinland hit góða, i Nord-amerika, truleg Nova Scotia.
  175. Ein som gjeng framum, raar paa andre hovdingar.
  176. Mannsterkt.
  177. Fegin, velnøgd, glad.
  178. Framifraa kar.
  179. Svolder er ikkje ei øy, som Snorre meinte, men ei vik og hamn (elve-os) noko vestanfor Rügen.
  180. Taka ned segle.
  181. Menn fraa Øynafylke; skal her segja d. s. s. nordmenn.
  182. Slag, strid (av berja, slaa).
  183. Rask, spræk.
  184. Annsamt, «travelt».
  185. Barden eller Jarnbarden er namne paa skipe hans Eirik jarl.
  186. Glimande (med sterk, glimtande glans).
  187. O. l. kom i ei hard trengsle, klemme.
  188. Eit band som var linda um odden og skafte og heldt deim ihop.
  189. Ei fjøl som var til aa kvila hovude paa for den som sat ved styre.
  190. Höll hára fjalla, «høgfjells-halli», er himilen.
  191. Draga seg attende.
  192. Romhendt, raust.
  193. Ròda eller rjoda, aa farga eller smyrja paa blod og slikt.
  194. Namne paa ei av valkyrjune.

HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.