Stednavne og førkristne kultsteder (anmeldelse)

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Kva stadnamna fortel oss
Ei magisk bok om magiske stader

Bokomtale av Knut Rage

Stednavne og kultsteder cover.jpg






Stednavne og førkristne kultsteder
Carsten Lyngdrup Madsen
Saxo Publish 2018
ISBN 9-788740-946536
372 sider
Terningkast seks! Tern6.gif


Det er kanskje ikkje vanleg å ta til med konklusjonen først, men i dette tilfellet gjer eg glatt eit unntak frå regelen. Etter å ha lese gjennom Carsten Lyngdrup Madsen si nye bok «Stednavne og førkristne kultsteder» er det ingen tvil om at boka er eit særs viktig bidrag til forståinga av korleis stadnamn kan hjelpa oss til å kartleggja det som her vert omtala som førkristen religion, dvs. det ein gjerne kallar norrøn mytologi. Og ikkje berre det, men det blir gjort på ein måte som riv lesaren med gjennom dei totalt 372 dobbeltspalta sidene. Dette er ei bok til å bli klok av, og som også etter lesinga vil fungera som eit nyttig referanseverk som ei kartlegging av norrøn religion.

Carsten Lyngdrup Madsen er eit kjend namn for mange som medredaktør for den omfattande nettstaden Heimskringla.no. I 2014 gav han ut boka «Nordboernes gamle religion» som hausta god kritikk. «Stednavne og førkristne kultsteder» er på mange vis ein oppfølgjar til denne, også i den nydelege utforminga av boka, som er gjennomillustrert med Carsten Lyngdrup Madsen sine eigne teikningar.


Kjelder til kunnskap om fortida

Troldkirken (langdysse).jpg
Bokas utgangspunkt er altså tolking av stadnamn som kjelde til viten om førkristen religion og kultstader. I forordet til boka gjer Madsen greie for dei kjeldene ein har, og korleis ein skal nærma seg desse. Det er dei skriftlege kjeldene, arkeologiske funn, folketru og stadnamn. Ingen av desse kjeldetypane kan isolert sett seia noko sikkert om kva folk tenkte og trudde, og kvar og korleis dei dyrka sine gudar. Ein må sjå dei i samanheng og tolka materialet med stor varsemd. Også for arkeologiske funn gjeld denne regelen, dei må som alt anna tolkast, som regel ut frå skriftlege kjelder, men også ut frå folketru og stadnamn.

Kva er det så med stadnamn som gjer at dei, trass i all usikkerheit, likevel gjev oss såpass sikker viten som dei gjer? Her er det mange innfallsvinklar. Som alt anna må ein vera varsam med korleis ein tolkar namn på stader, dei kan like gjerne ha fått sitt namn etter geografien eller historiske personar, såleis kan ein fort gå i ei felle når det gjeld mannsnamnet Tor. Av særleg interesse i denne samanheng er kultstader og stadnamn som kan peika ut slike lokalitetar – ve (vi), horg (hørg) og hov. Eit anna stikkord er det sakrale landskapet, eller snarare det magiske landskapet, eit tredje omgrep som kjem klårare fram etter kvart som heile dette breie lerretet vert rulla opp, er såkalla sentralplassar i det sakrale landskapet.

Boka spennar over eit vidt tidsrom, ikkje berre vikingtida, men femnar også om yngre jarnalder og viser at religion og kult ikkje er statiske storleikar, men endrar seg over tid. Ein skulle med alle desse atterhald tru at det til sjuande og sist vil vera svært vanskeleg å seia noko sikkert om stadnamn som historiske kjelder. Forfattaren går då også nøye inn på denne diskusjonen, ikkje minst med tilvising til ei lang rekkje referansar innan eldre og moderne forsking. Ve-, horg- og hov-namna

Boka er delt inn på ein særs fornuftig måte. Den første delen omhandlar Danmark, Noreg og Sverige, og samanliknar forekomsten av ve-, horg- og hov-namn mellom landa, samt gudenamn elles. Ei slik samanlikning syner både likskap og ulikskap på ein klargjerande måte. T.d ser ein ganske klårt at Tor- og Tyr-samansetningar er populære i danske stadnamn, medan Ull-namn er spesielt for Noreg, og også namn med opphav i diser. Av materialet går det også tydeleg fram at Sverige har fleire sakrale namn enn Danmark og Noreg til saman. Madsen ser også nærare på kontinuiteten mellom sakrale stader i heidensk tid og kyrkjestader i kristen tid. Også dette er eit noko tvetydig felt der det i mange høve snarare kan vera «både óg». Madsen går også inn på skilnaden mellom horg og hov som i utgangspunktet høvesvis ein open stad i landskapet og ein bygning, men viser at det ikkje alltid er slik. Han ser også desse stadene i samanheng med den tredje «hovudtypen» av kultstader, ve- eller vi-stader, som gjerne vert brukt om noko meir utflytande områder. Ein ser også av materialet at nokre kultstader peikar seg ut: Tissø i Danmark, Ranheim i Noreg og Uppåkra i Sverige.

Kapitlane er bygd opp svært systematisk og pedagogisk med parallellar for kvart av dei nordiske landa, forsynt med eit samandrag som ei avslutning for kvart kapittel. Dette er eit særs godt grep på stoffet, som gjer boka til eit veleigna referanseverk i bokhylla.


Island – landet utan namn

Island utgjer om lag halvparten av innhaldet i boka, og blir behandla for seg i bokas andre del. Det er ganske logisk, ettersom Island er det einaste reindyrka norrøne samfunnet i Norden (utanom Færøyane), der stadnamn og kultur har sitt direkte opphav i vikingtida (sett bort frå at stadnamna dei første landåmsmennene tok med seg kan ha sitt opphav i eldre namn). Slik sett utgjer Island eit unikt utgangspunkt for ei meir reindyrka kartlegging av emnet for denne boka.

Denne delen vert innleia med eit eige kapittel om forskingshistorie, noko som for så vidt også er teke med i den første delen, men som kanskje (?) skulle vore vigd ei like god plass som i delen om Island.

Ein skilnad er fråveret av Odin-namn på Island, medan Tor-namn er svært utbreidd, noko som kan peika tilbake på at dei første landåmsmennene kom frå Vestlandet i Noreg. Også her finn me det mytiske landskapet, ja, meir på Island enn i dei andre nordiske landa. Det islandske landskapet er lada med magi og mystikk.

Mange kjenner nok historia om stokkane og gudebiletet frå det medbrakte hovet som Þórolfr Mostrarskegg frå Vestlandet i Noreg kasta i sjøen då han nærma seg kysten av Island - der stolpane rak i land skulle han rydda sin gard. «At helga sér land» fortel om ein kultur der det var viktig gjennom ritualer å heilaggjera eigarskap til det land som vart teke. Og det er nettopp hov det handlar om i mesteparten av den delen av boka som er vigd Island, der Tor ser ut til å ha vore den mest sentrale guden. Ekspertane er noko usamde om det eksakte talet, men hof-namn går att i ei lang rekkje samansetningar over heile landet. Også på Island finn ein den same kultplasskontinuiteten som i Noreg, der seksten hof-stader går over til å bli kyrkjestader etter innføringa av kristendommen.

Såleis går Madsen i detalj inn på alle hof-stader og diskuterer moglege 1:1-namn som relativt sikkert kan peika tilbake på eit hov, og diskuterer også om eit hov har vore å sjå på som separate kultstader eller høvdingebygninger der det har vore halde kultiske festar. Særleg interessant er det å lesa om Hofstaðir i Laxárdal ved Myvatn i Nordisland, som er grundig undersøkt og kartlagt av arkeologar og andre forskarar dei siste hundre åra. Staden er vigd eit eige kapittel.


Avslutning

Boka er elles forsynt med ei rekkje kart og ein fyldig index, samt eit omfattande kjelderegister.

Det kunne vore freistande å gå endå meir i djupna i boka, men det overlatar eg heller til lesaren – og dei håper eg det blir mange av! Carsten Lyngdrup Madsen maktar med «Stednavne og førkristne kultsteder» å bringa orden i eit relativt innfløkt stoff som for mange kan fortona seg som uoversiktleg, og ikkje minst har han tent ei leseglede som har fornya denne anmeldaren si fascinasjon for dette spennande stoffet.

Som eg skreiv innleiingsvis, så starta eg denne anmeldinga med ein konklusjon, men la meg like godt føya til ein endeleg konklusjon no på tampen: Eg finn berre positivt å seia om boka, som for meg er bortimot den mest ultimate framstilling av emnet eg nokon gong har lese. Terningkast seks!


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.