Soga um Håvard Isfjording

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif
Dansk.gif


Islandske ættesagaer


Soga um Håvard Isfjording


Fraa gamalnorsk
ved Matias Skard


Andre utgåva


Det Norske Samlaget

Oslo 1930


Innleiding.

Soga um Håvard Isfjording er truleg sett upp umlag år 1300. Dei handskriftene me no hev, er heller seine (frå det 17de hundradåret og seinare); teksti er noko ugreid, serleg versi.

Hovudpersonen i soga er Håvard den halte frå Isafjord. Me kjenner til mannen elles òg, og veit han var skald ; i Snorre-Edda vert det hermt ein vers-stubb etter honom. Nokor heilsleg skildring av livet hans gjev soga likevel ikkje, — då ho byrjar, er Håvard alt ein gamal mann; fortelnaden samlar seg um ein einskild episode: korleis Olav, son hans, vert drepen og korleis faren freistar få hemn på banemannen. Hendingane gjeng fyre seg umlag år 1000.

Dei plar ikkje rekna Håvards-soga millom dei retteleg «klassiske» sogone, i strengare tyding. Ho er ikkje fri for eventyrlege drag, som forteljingi um skrymtet i kap. 2—3; det vert fortalt um folk som kann byta ham (Tormod, kap. 1), eller seider (Bjargøy, fyrst i kap. 8); fleire stader finn ein reine segnmotiv og: Torbjørn misser 60 verar tri år på rad, tri gonger ligg Håvard til sengs i 12 månader, Bjargøy hev tri brør, som alle bur på gardar som er kalla etter deim, osb. Og jamvel um sjølve gangen i hendingane er sann, so er det langt frå at ein karm lita på alle einskilde drag. Jamfører ein med andre sogor, finn ein at bokskrivaren hev blanda ihop fleire stader, både når det gjeld namn og tilburder; serleg hev han liten kjennskap til dei stadene det vert fortalt um. Det er greidt å skyna grunnen : På slutten vert det fortalt at Håvard fer frå Isafjord (på Nordvestlandet) og slær seg ned i Svarvadardal (på Nordlandet); der er det nok soga hev fenge form slik ho no er, og han som skreiv (truleg ein prest), hev ikkje sjølv vore kjend i Isafjord, der hendingane gjekk fyre seg; attpå hadde soga då lenge levt på folkemunn.

Men det som her er nemnt, er alt saman lyte som ein knapt skal hefta seg større ved. Og Håvards-soga hev andre drag, som gjer henne sers gild nett for notids-lesaren. Ho er lett og klårt fortald, ofte sterkt dramatisk; ho er tolleg fri for umstendelege ætte-listor og anna slikt som me no lite finn mun i; framfor alt er ho uvanleg fastbygd, kring den retteleg einfelde hendings-rekkja ho fortel um. Fleire av personane er teikna overlag levande, t. d. Bjargøy, kona åt Håvard; fin og vår er skildringi av tilhøvet millom Olav og Sigrid. Når det gjeld Atle, syner forteljaren ein kosteleg humor; djupt sympatisk er hovudpersonen teikna, og samstundes slik at me knapt hev grunn til å tvila på at skildringi er psykologisk sann.

Fyrste utgåva av denne boki kom i 1907, som tilleggsbok til «Høgskulebladet»; men umsetjingi vart gjord alt i 1874, — Ivar Aasen såg gjenom manuskriptet. I denne andre utgåva hev me nyskrive innleidingi (mest etter boksoga åt Finnur Jónsson), og sett til ei namneliste. Me hev gjort nokre smårettingar i teksti etter utgåva åt Bjørn Þórólfsson (København 1923); versi hev me late vera mest som dei var.

Oktober 1930.
Eiliv Skard.


1.

Denne soga tek til med ein mann som heitte Torbjørn Tjodreksson. Han var gòde i Isafjorden og budde på den garden som heiter Laugabol; han var ein storætta mann og ein gild hovding; men han var slik ei sjølvsøkje, at ingen der i Isafjord trudde seg til å leggja imot honom. Han tok døtter eller frenkor frå folk og hadde deim hjå seg ei tid, og sende deim so heim att. Frå sume tok han gods, eller dreiv deim frå gardane. Til å styra huset for seg hadde Torbjørn teke ei kvinne som heitte Sigrid; det var ei ung gjente av gjæv ætt. Ho hadde stor midel, og han skulde stå urørd medan ho var hjå Torbjørn.

Håvard heitte ein mann som budde på Blåmyr. Han var ættstor, og var noko uppi åri komen då; men i sine yngre dagar hadde han vore ein stor viking og ei slåstkjempe. I ein bardage hadde han vorte hardt særd og fenge eit sår under kneskjeli, so han halta all sin dag sidan. Håvard var gift med ei som heitte Bjargøy; ho var av god ætt og var mykje radfør. Dei hadde ein son heitte Olav, og han var ung den gongen, framifrå dugeleg og stor på vokster og ven å sjå. Dei heldt mykje av Olav, og han var lydug mot deim, og snild.

Tormod heitte ein mann som budde på Bakke i Isafjord; kona hans heitte Torgjerd. Tormod var noko til års komen den tidi. Han var ikkje slik han gjorde folk til lags; det var sagt at han kunde byta ham; og alle tykte at han ikkje var god å eigast med.

Ljot heitte ei stor kjempe som budde på Måneberg i Isafjorden. Han var bror hans Torbjørn, og liktest mest honom i alle måtar.

Torkjell heitte ein som budde på Ædøy. Han var ein klok mann og var komen av god ætt; men han var lite til kar og mindre djerv enn anna folk. Han var lagmann i Isafjord.

So er det nemnt tvo til: ein som heitte Brand, og ein som heitte Vak; dei var i huset hjå Torbjørn på Laugabol. Brand var stor på vokster og ovleg sterk. Uni sumaren hadde han det å gjera, at han fór umkring etter slikt som trongst til huset; men um vetteren gjætte han gamal sau. Han var vensæl og fredeleg. Vak var systerson hans Torbjørn; det var ein liten, ulikleg og rang og illordig kar, og han fekk jamt eggja upp Torbjørn, frenden sin, til det som vondt var; difor vart han mislika, og folk unnte honom ordet etter som han var til. Han vann ikkje anna enn berre hekk i hælane på Torbjørn ut og inn, eller gjekk ærender for honom, når han vilde ha noko ustykke gjort.

Tordis heitte ei kone som budde på Kvåle i Isafjorden; ho var syster hans Torbjørn, og mor hans Vak. Ho hadde ein son til, og han heitte Skarv; han var både stor og sterk, og var med mor si og såg til på garden heime.

Toralv heitte ein som budde på Lonsøyre; han var vensæl, men var ikkje noko vidare til kar. Han var nær skyld med Sigrid, rådskona hans Torbjørn, og hadde bode seg til å taka henne åt seg og setja ut pengane hennar. Men Torbjørn synte ranglæta si og vilde ikkje høyra eit ord um dette.


2.

No fær me taka til med det, at Olav veks upp heime på Blåmyr. Det var ein emneleg gut. Folk fortel at Olav Håvardsson hev havt bjørn-ølen i seg; for aldri var det slik frost eller kulde at han tok på seg meir klæde enn ei brok, og ei skjorte som gjekk ned i broki; annarleis klædd var han aldri, um han gjekk burt heller. Torhall heitte ein ung og rask mann som var frenden åt Håvard; han var der på garden og hadde å syta for det som skulde rådast til åt huset.

So var det ein haust isfjordingane gjekk upp i sambeitet etter sauen, men fann få; for Torbjørn på Laugabol vanta det 60 gjeldvêrar. Det leid yver vetternætene; men dei fanst ikkje. Ei stund etter dreg Olav Håvardsson av stad, og fer yver sambeiti og alle heiar, og finn ei heil mengd med sau, både åt Torbjørn og åt seg og far sin og åt andre, driv so flokken heim, og lèt kvar mann få att sine. For dette vart han umtykt, so alle vilde honom vel. Tidleg ein morgon driv Olav vêrane hans Torbjørn ned til Laugabol. Han kom medan dei sat ved bordet, so det var ingen ute. Olav pikka på døri, og Sigrid, rådskona hans Torbjørn, kom og helsa venleg; ho spurde kva han vilde. Olav svara: «Eg kjem med dei vêrane som vart burte for Torbjørn i haust.» Då Torbjørn høyrde at einkvan pikka på døri, bad han Vak sjå etter kva det var. Han so gjorde og gjekk ut i utdøri, og såg at Sigrid og Olav talast ved. So sprang han upp på eit tverr-tre, og stod der medan dei rødde. Då sa Olav: «No treng ikkje eg gå lenger; du, Sigrid, kann fortelja um vêrane.» Ho sa at det skulde ho, og baud honom velfar. Vak fór ropande inn i stova. Torbjørn spør kvi han ber seg soleis, eller kva som var hendt. Jau — sa han — «det var visst denne kópen frå Blåmyr, han Olav, som kom; han hev drive hit dei vêrane dine som vart burte i haust.» «Det var vel gjort,» segjer Torbjørn. «Eg tenkjer det var like mykje noko anna som låg under,» segjer Vak; «for han og Sigrid hev talast ved heile morgonen; og eg såg ho lika ovleg godt å leggja armane um halsen hans.» Då sa Torbjørn: «Endå Olav er ein gild kar, so er det då skamdjervt av honom å koma åt oss med illråd.» Olav fer heim. Det året leid, og det vert fortalt at Olav jamt var på Laugabol og fann Sigrid, og at det vart hævt med deim. Straks vart det sett ut det ordet, at han forlokka henne.

Hausten etter gjekk folk atter upp i sambeitet, og fann få sauer; for Torbjørn vanta det flest no òg. Då det var slutt med leitingi, dreg Olav heimantil åleine og leitar igjenom beiti vida um fjell og heiar; han finn mykje sau, og driv deim til bygdi og lèt kvar mann få att sine. Han vart no so vellika i bygdi, at alle vilde honom berre vel — utan Torbjørn; han berre argast på alt saman: at folk rosa Olav, og at han høyrde det gjekk ord i bygdi um det, at han fór der etter Sigrid. Vak sparer no ikkje på å leggja vondt for deim hjå Torbjørn.

No horvdest det so til på nytt lag, at Olav kjem til Laugabol med likso mange vêrar som fyrr, og då han kom, var det ikkje folk ute. So gjeng han inn i stova. Der var Torbjørn bonde og Vak, frenden hans, og mange andre av husfolket. Olav gjeng langt fram, mesta til høgsætet; so set han øks-skaftet mot golvet og styd seg på det; men ingen helsar åt honom; alle tegjer. Og då han ser at ingen svarar, kved han denne visa:

«No må eg fyrst få fretta
fåmælt folk um detta:
kvifor tegjer de gilde
kjempor alle stille?
Drengen som mållaus sit’e,
av vyrdnad fær han lite.
Stade hev eg her lenge,
ingi helsingar fenge».

Då mælte Olav: «Det er ærendi mi her, Torbjørn bonde, at eg hev drive hit vêrane dine.» Då sa Vak: «Ja, folk veit det no, at du Olav hev vorte saudrivar i Isafjorden. Me veit ærendi di òg: at du vil få noko av sauene for bryet ditt. Det er tiggarvis; og berre rett er det òg å skyna på honom, um det er med aldri so lite.» Olav svara: «Ikkje er det mi ærend, og ikkje skal eg driva sau hit tridje gongen.» Han snur seg og gjeng ut. Men Vak spring upp og ropar etter honom. Olav lest ikkje høyra det, og gjekk heim att. Og so leid året.

Um hausten fann dei sauene sine, alle so nær som Torbjørn; for honom vanta det 60, og dei fanst ikkje. Frendane fekk då sett ut det ordet, at Olav visst vilde henta deim for løni skuld, eller stela deim kanskje. So var det ein kveld far og son sat til bords, og på bordet framfor deim låg det eit saulår. Olav tok det og sa: «Det var då eit furdeleg stort og tjukt lår.» Håvard mælte: «Men det tenkjer eg då, son min, at det er av våre eigne sauer og ikkje av hans Torbjørn. Det er hardt å tola slik urett.» Olav legg låret på bordet og vert raud med det same, og dei som sat der, tykte han klemde det mot bordet; då gjekk beinet av, so kvast at stubben fór burt i veggen og vart sitjande fast. Håvard såg upp, men sa ingenting, berre smålo. Med det same kom det inn ei kone; det var Torgjerd frå Bakke. Håvard fagna henne vel og spurde um nytt. Ho fortalde at Tormod, mannen hennar, var avliden; «men me er ille ute; for han gjestar sengi si kvar natt. No vilde eg beda deg, bonde, um du vilde hjelpa meg; for gardsfolket tykte han var leid nok medan han levde, dessmeir, og no er det kome so langt, at dei vil reisa alle ihop.» Håvard svara : «Eg er ikkje den eg hev vore, no lenger, so eg er ikkje før til slik ferd. Men kvifor gjeng du ikkje til Laugabol? Det kann ein venta av hovdingar, at dei straks vil hjelpa i slike bygdesaker.» Ho svara: «Inkje godt ventar eg meg der ; eg skal takka til, berre han ikkje gjer meg noko vondt.» Då sa Håvard: «Det er mi råd, at du bed Olav son min; det er noko for unge gutar, det, å røyna seg soleis på manns verk; fyrr hadde eg tykt gaman i slikt.» Ho gjorde som han sa. Olav lova å koma, og bad henne vera der um natti.

Dagen etter fylgde Olav med Torgjerd heim. Alle der var sturne. Um kvelden gjekk dei og la seg. Olav låg i ei seng ytst ved døri; det brann ljos i stova, so det var ljost uppe og dimt nede. Olav la seg i skjorte og brok — for han hadde aldri meir klæde; men han kasta yver seg ein skinnfeld. Utpå kvelden kom Tormod inn i stova og rugga på hovudet. Han såg at det var i bruk ei seng som ikkje pla vera det, og han var ikkje sers gjestmild: han snur seg dit og grip i felden. Olav vil ikkje sleppa, og held fast til dei klyv feiden imillom seg. Og då Tormod kjenner at det er makt i honom som han hev fyre seg, spring han upp i benken ved sengi. Olav spratt upp og greip etter øksi og vilde hogga til honom; men Tormod var for snar og sette innpå honom. Olav tok då imot, og det vart eit hardt basketak. Tormod var hard i takom, so kjøtet skvatt undan der han tok i. Og det meste som kom atti vegen for deirn, det rauk sund. Samstundes slokna ljoset, og Olav tykte ikkje at dette gjorde det betre. Tormod sette då hardt på, og tilsist bar det ut med deim. På tunet låg det ein stor rekvedstokk, og det gjekk soleis at Tormod kom imot stokken med båe hælane og rauk bakyver. Olav tok då og knefór honom so lenge, til han kunde stella med Tormod som han sjølv syntest. Alle tagde då Olav kom inn att. Men straks dei høyrde honom, var dei uppe, og ljoset kveikt med det same. Dei gnika honom yver heile kroppen; allstad var han sår etter takom hans Tormod. Dei takka honom, alle som mæla kunde, og han sa han tenkte Tormod ikkje skulde gjera deim noko mein meir. Olav drygde der nokre næter, og tok so heim til Blåmyr. For dette verket vart han namnspurd rundt Isafjorden og heile landet. Men Torbjørn vart berre meir hatig på honom for alt dette.


3.

So er det å fortelja at det kom ein kval inn i Isafjorden. Torbjørn og Håvard hadde strandretten på båe sidom; og folk sa straks at Håvard måtte eiga kvalen; det var ein ovgild røyrkval. Båe tvo drog dit, og lagmannen skulde gjera saki av. Det kom mykje folk saman, og alle tykte det var greidt at Håvard måtte eiga kvalen. Torkjell lagmann kom ; dei spurde han kven som hadde retten. Torkjell svara, men heller lågt: «Dei eig visst kvalen,» sa han. Torbjørn drog då sverdet og gjekk imot honom og sa: «Kven av oss då, din stakkar?» Torkjell lutte hovudet og svara fort: «De, de visst,» segjer han. Torbjørn brydde seg då ikkje um retten, men tok heile kvalen. Håvard drog heim og og lika ille på leiken. Alle tykte Torbjørn på nytt lag hadde synt skilleg kor urettvis og reint skamlaus han var.

Det var ein dag Olav gjekk åt sauhusom sine; for vêret var hardt um vetteren, so folk jamt måtte fylgja småfenaden på fot. Det hadde vore uvêr den natti. Då han skulde gå, ser han det kjem ein mann til gards; det var Brand den sterke som kom. Olav tok vel imot honom, og Brand svara venleg på helsingi. Olav spurde, kvi han var ute og gjekk so seint. Han svara: «Det er mest ikkje til å fortelja: eg gjekk åt sauen min tidleg i dag; men dei hadde reke ned i fjøra. Ein kann driva deim upp tvo stader; men der eg freista, stod det alltid ein mann og møtte imot, so dei sette beint attende mot meg, og soleis hev det gjenge all dagen, i eitt til no. No vilde eg gjerne, me skulde gå dit saman båe tvo.» Olav svara: «Det gjer eg gjerne, når du bed um det.» So gjeng dei ned i fjøra i lag. Men so snart dei vil jaga sauen upp, ser dei at Tormod, han som Olav hadde slegest med, er der framanfor deim og møter imot fenaden, so han set beint attende mot deim. Då segjer Olav: «Kva vil du helst, Brand, anten driva sauen eller gjeva deg i kast med Tormod?» Brand svara: «Det lettaste vil eg velja: å driva sauen.» Olav gjeng då dit der Tormod stend beint ovanfor. Der var det ein stor snøskavl i bakken. Olav sprang straks upp bakken mot Tormod; men han gav honom rom. Og då Olav kjem upp, set Tormod på honom med eitt; og Olav tek imot av all makt. Dei driv på ei lang stund, og Olav tykkjer ikkje Tormod hev vorte betre sidan sist dei tokst. Då ber det i koll med deim båe tvo ytst på bakken, og so velter dei kvarandre, til dei rullar nedyver fonni båe. Dei er under skiftomtil, heilt til dei kjem ned i fjøra; bar det so til, at Tormod vart liggjande under; då nytta Olav høvet og braut av ryggen på honom, og stelte med honom som han sjølv syntest. So la han ut på sjøen med honom, langt frå land, og søkkte honom ned i djupet. Sidan tykkjer folk det er utrygt å sigla der. Olav la til lands. Brand hadde då fenge all sauen upp, og han tok venleg mot Olav; so gjekk dei heim båe.

Då Brand kom heim, leid det langt på natt. Torbjørn spurde kva han hadde heft seg burt med. Brand fortel som det var til, og korleis Olav hadde hjelpt honom. Då sa Vak: «Redd hev du vorte, sidan du rosar den kópen. Det er visst hans største ære det, å dragast med daudingar.» Brand svara: «Reddare hadde visst du vore; for du hev det mest i målet, liksom reven i hòlet. Du er ikkje jamningen hans Olav i noko stykke.» Dei tala til dei vart harme båe tvo. Torbjørn bad Brand å ikkje leggja seg so i for Olav; «det skal ikkje nytta korkje for deg eller nokon annan å setja Olav yver meg eller mine frendar.»

So lid vetteren. Då det leid på våren, talast Håvard og Olav ved. Håvard mælte: «No er det kome so langt, frende, at eg hev ikkje hug til å bu so nær Torbjørn lenger; for me hev ikkje makt til å greida oss mot honom.» Olav svarar: «Lite er eg um, at me skal reisa æra vår soleis, at me flyr for Torbjørn; men du skal då rå. Men kvar vil du so flytja av?» Håvard svara: «Utmed fjorden på andre sida er det store tufter og vidt land, som ingen eig; der vil eg at me skal byggja oss bustad, og der er me då nær frendane og venene våre.» Dei tek då den rådi, og flutte dit heile fenaden og alt dei åtte, og gjorde seg ein god bustad der. Garden vart heitande Håvardsstad. Dette var dei einaste landnåmsmenn i Isafjorden den tidi.


4.

Torbjørn Tjodreksson reid til tings med mennene sine kvar sumar; han var ein mektig hovding, ættstor og hadde mykje skyldfolk. Den tid budde Gjest Oddleivsson på Hage på Bardastrand; han var ein klok og kunnig mann, vitug og vensæl, og meir framsynt enn anna folk, og hadde stor mannstyrke. Den sumaren då Håvard og Olav flutte buet sitt, reid Torbjørn til tings og fridde og bad um syster hans Gjest Oddleivsson. Gjest tok dette noko traudt, og sa at han brydde seg lite um Torbjørn, so uvyrde som han fór fram med urett og vald. Men då mange la seg i for Torbjørn, gav Gjest sitt samtykke at han skulde få framgang med saki si på dei vilkår: Torbjørn skulde lova med handslag å slutta med urettvisa og ranglæta si, og gjera kvar mann rett og skil, og halda lov og rett; men dersom han ikkje vilde halda seg etter det vilkåret, skulde Gjest vera laus frå avtalen og få skilsmål millom deim. Til dette gjev Torbjørn sitt jaminne, og soleis vart saki avgjord. Då reid Torbjørn med Gjest frå tinget og heim til Bardastrand; og der vart brudlaupet halde um sumaren; det var eit gildt gjestebod.

Då desse tidendene spurdest i Isafjord, tek Sigrid og Toralv frenden hennar den rådi, at dei lèt nokre bønder koma og sjå etter, kva ho åtte på Laugabol, og verdsetja det; og so reiste ho til Toralv på Lonsøyre. Då Torbjørn kom heim til Laugabol, vart han storleg vreid fordi Sigrid var reist; og han lova bøndene uviljen sin og hard medferd, fordi dei hadde verdsett godset. Han gjorde seg retteleg strid no, og tykte han hadde vakse ved den mågskapen.

Sauen hans Håvard bonde var mykje uroleg um sumaren; og tidleg ein morgon kom gjætaren heim. Olav spør korleis det gjekk. «Det gjeng so,» segjer han, «at det vantar ei mengd med sau: eg vinst ikkje både å leita etter deim som vantar, og gjæta deim som eg hev.» Olav svarar: «Syt ikkje, gut! Du kann gjæta deim som er her; so skal eg leita etter deim som vantar.» Olav hadde no vorte ein mykje emneleg mann, sers ven å sjå, og stor og sterk. Han var attan vetrar gamal. No tek han ei øks i handi og gjeng utmed fjorden, radt til han kjem til Lonsøyre. Han ser, at alle sauene er komne dit der dei hadde vorte sette i land. Olav gjeng upp på garden; det var tidleg um morgonen; han pikkar på døri. Då gjekk Sigrid og tok vel imot honom; og han svara venleg på helsingi. Då dei hadde rødt ei stund, sa Sigrid: «Der kjem det ein båt hit yver fjorden, og eg ser skilleg at der er Torbjørn Tjodreksson og Vak frenden hans, og eg ser at våpni deira ligg frami stamnen; der er Gunnloge òg, sverdet hans Torbjørn, og eitt av tvo er det: anten hev han gjort noko vondt, eller han tenkjer seg til å gjera det; og eg vil ikkje at du Olav skal finna Torbjørn. Det hev ikkje vore godt imillom dykk på lenge; og eg tenkjer ikkje det hev vorte betre no, med di de verdsette godset åt meg på Laugabol.» Olav mælte: «Ikkje er eg redd Torbjørn, so lenge eg ikkje hev forbrote meg mot honom; og ikkje rømer eg langt for honom åleine.» Ho svara: «Dette er karsleg tala: at du som er berre attan år, ikkje vil vika undan for ei kjempe som er jamgod med kven det so skal vera. Han hev det sverdet òg, som aldri hevlar i hogget. Og det tenkjer eg, at um dei vil finna deg, soleis som det berst meg fyre, so vil ikkje det illmennet Vak sitja still, dersom de slæst.» Olav svarar: «Eg hev ikkje nokor ærend til Torbjørn og vil ikkje søkja honom; men møtest me, skal du få spurt manndomsferd, um det trengst.» Sigrid svara og sa at ho ikkje vilde spyrja etter. Olav spratt brått upp og bad henne leva vel, og ho baud honom velfar.

Han gjekk då ned på øyri; for der låg sauen. Torbjørn og Vak var då komne til lands der beint utanfor. So gjekk han ned til båten og tok imot og drog båten på land med karane i. Torbjørn helsa då blidt på Olav; og Olav svara på helsingi, og spurde kvar han etla seg av. Han sa at han vilde gjesta Tordis syster si, «og no kann me slå fylgje, alle.» Olav svara: «Det er ikkje høveleg; for eg skal driva heim sauen min; og då vart det eit sant ord, at dei er høgsette, saudrivarane i Isafjord, dersom du braut deg so små.» — «Det gjev eg ein god dag,» segjer Torbjørn. Det låg eit stort vedlag på øyri, og uppå der ein diger fork som var avbroten i endom. Olav tek denne forken, og so driv han fenaden fyre seg. Dei gjeng i lag alle. Torbjørn røder med Olav og er full av skjemt. Olav la merke til, at dei jamt vilde gå baketter honom; men det tok han seg i vare for, so dei gjekk jamsides, til dei kom framum ein haug; der skildest vegane. Då snudde Torbjørn seg og sa: «No Vak, frenden min, treng me ikkje venta lenger med det me hev tenkt oss til.» Olav ser då, kva det var dei vilde; han snur seg og spring upp i brekka; men dei set på nedan ifrå. Olav vèr seg med forken; men Torbjørn høgg hardt og tidt med sverdet Gunnloge, og skivar upp forken som kvannjol; men dei fekk då drjuge slag av forken, so lenge han rakk. Og då han var sundhoggen, tok Olav øksi si og varde seg so vel, at det syntest deim uvisst korleis det vilde gå med deim. Alle vart såra. Tordis, syster hans Torbjørn, gjekk ut denne morgonen då dei slost, og høyrde det, men kunde inkje sjå. Ho sende skosveinen sin til å sjå etter. Han so gjorde, og fortalde Tordis at dei slost, Torbjørn, bror hennar, og Vak, son hennar, og Olav Håvardsson. Då gjeng ho inn og finn Skarv, son sin, og fortel honom det, og bed honom gå og hjelpa frendom sine. Han mælte: «Eg er meir huga på å hjelpa Olav og slåst mot deim; eg synest det er skam at tri skal gå mot ein mann; for desse er visst likso gode som fire andre; eg vil ingenstad gå.» Tordis svara: «Eg tenkte eg hadde tvo heilhuga søner; men det er sant som det er sagt, at mangt vert lenge løynt; no veit eg at du heller er dotter enn son, med di du ikkje torer verja frendane dine; men no skal eg syna, at eg er djervare dotter enn du er son.» So gjekk ho; men han vart styggeleg harm og spratt upp og treiv øksi. Han sprang ut og nedyver brekka og dit som dei slost. Torbjørn såg honom, og gjekk hardt på; men Olav såg honom ikkje. So snart Skarv kom i hoggmål med Olav, hogg han honom tvihendes millom akslene, so øksi sat djupt inni. Olav hadde nett vilja hogga til Torbjørn; men då han sjølv fekk hogget, bråsnudde han seg; Skarv slepte øksi; men Olav hadde si øks lyft og hogg Skarv i hovudet so ho stod i heilen, og med det same var Torbjørn komen innpå Olav og hogg honom i bringa. Dette var fullt banesår, og dei fall både Skarv og Olav. Torbjørn gjeng då burt til Olav og høgg honom tvert yver andletet, so både framtennene og jakslane datt ut. Vak spurde: «Kvifor gjer du dette med ein daud mann?» Han sa at det kunde koma vel med sidan. So tok Torbjørn eit turklæde og knytte inn tennene og gøymde deim. Eitter dette gjekk dei upp på garden, og fortalde Tordis det som var hendt. Dei var stygt såra båe tvo. No vart ho mykje sorgfull ved denne tidendi, og tykte det var ille at ho hadde eggja son sin so hardt; men ho hjelpte deim då og stelte godt med deim like vel.

No spørst desse tidendene rundt heile Isafjorden, og alle tykte det var stor skade med Olav, då dei høyrde kor vel han hadde várt seg. Torbjørn òg bar seg so som rett var, med di han fortalde beint fram korleis det hadde gjenge til, so Olav kunde vera tent med det. Dei reiste heim, so snart dei var so utkvilde og styrkte at dei trudde seg til det. Torbjørn kom til Lonsøyre og spurde etter Sigrid. Det vart fortalt honom, at ho ikkje hadde vore sédd sidan ho fylgde Olav den morgonen. Dei leita etter henne vida ikring; men so er sagt, at ho aldri vart funni. Torbjørn reiste då heim og slo seg til ro på garden sin.


5.

No er det å fortelja um, då Håvard og Bjargøy fekk spurt denne tidendi: at Olav son deira var fallen. Gamle Håvard stunde tungt, og gjekk til sengs. Og so er sagt, at dei næste tolv månadene låg han i sengi og var aldri uppe. Men Bjargøy tok den rådi, at ho rodde på sjøen kvar dag med Torhall, og um natti gjorde ho det husstellet som trongst. Soleis gjekk det året, og alt var stilt. Det vart ikkje gjort krav på bøter for Olav, og folk tykte ikkje det var likt til at frendane hans skulde få nokor uppreising, med di Håvard ikkje syntest duga til nokon ting meir, og hadde slike storbausar å takast med. Liti von var det um å få rett, og året leid.

So var det ein morgon at Bjargøy gjekk burtåt gamle Håvard og spurde um han var vaken; ja, han var det, sa han, og spurde kva ho vilde. «Det vil eg,» segjer ho, «at du skal stå upp og reisa til Laugabol og finna Torbjørn og krevja bot for Olav son din. Det sømer seg for ein mann, når han er ufør til djervare rådbøter, at han då ikkje sparer tunga, men segjer det som kunde verta til gagn. Og ikkje vil du vera urimeleg, dersom han berre syner seg viljug.» Han svara: «Ikkje ventar eg meg noko godt av dette; men du skal då få rå.» So gjer gamle Håvard seg ferdig og stryk til Laugabol. Torbjørn fagna honom vel, og Håvard helsa blidt. Sidan mælte gamle Håvard: «Soleis stend det no, Torbjørn, at eg er komen og vil krevja bøter for Olav son min, som du drap saklaus.» Torbjørn svara: «Kunnigt er det, Håvard, at eg hev drepe mang ein mann, endå folk hev kalla honom saklaus, og eg hev ingi bot lagt. Men med di du hadde so gjæv ein son og tek det so tungt, so tenkjer eg det var ikkje av vegen å lata deg få ein grand, um det er aldri so lite: her ovan garden hev eg ein hest som gutane kallar Dott; han er grå på let, utgamal og sår på ryggen og hev jamnan lege i åvelta fyrr; men no hev han fenge høymod nokre dagar, so eg tenkjer han hev besna noko. Tak med deg hesten heim, du, um du vil ha honom.» Håvard vart raud og kunde ikkje svara. Han fór burt straks og var storleg vreid; men Vak ropa etter honom, då han gjekk nedyver til båten sin, reint bøygd. Der venta Torhall på honom. So rodde dei heim.

Håvard gjekk straks til sengi si og la seg, og i dei næste tolv månadene var han aldri uppe. Dette spurdest no, og folk tykte at Torbjørn endå meir hadde synt urettvisa og ilska si med desse svari. So lid det året.


6.

Men um sumaren rid Torbjørn til tings med mennene sine frå Isafjorden. Ein dag vil Bjargøy tala med Håvard. Han spurde kva ho vilde. Ho svara: «No tykkjer eg du skulde rida til tings og sjå åt, um det skulde laga seg noko med saki di.» Han svara: «Dette byd meg mykje imot; eller tykkjer du at Torbjørn, banemannen til son min, hev krenkt meg for lite, endå han visst ikkje kunde gjera det verre der som alle hovdingar kjem saman.» — «Ikkje vil det gå soleis,» segjer ho; «eg tenkjer nokon vil hjelpa deg med saki, og det vil visst Gjest Oddleivsson gjera; og tek det den vegen som eg trur, at han fær semje millom dykk, og Torbjørn må leggja store bøter, so tenkjer eg Gjest lèt det vera mykje folk med, so det vert ein ring umkring dykk, og de må vera inne i ringen medan Torbjørn greider ut boti. Og ber det soleis til, fyrr enn han hev greidt for seg, at han gjer noko vondt mot deg, so skal du skunda deg burt det snaraste du vinn; og vert det då lettare åt deg, enn du kunde venta, so skal du ikkje gjera semje på dei vilkåri; for då er det von du skal få hemn for Olav son vår, endå det ikkje ser rimeleg ut. Men letnar det ikkje for deg, skal du ikkje fara frå tinget med noko ubytt dykk imillom; for då vert det visst ingen hemn å få.» Han sa at han visste ikkje kva dette skulde vera til: «men visste eg at eg kunde få hemn etter Olav son min, då vyrde eg aldri kva det skulde kosta.»


7.

Etter dette gjer Håvard seg ferdig og rid av stad; han var gamal og noko lut. So kjem han til tinget. Då var buene tjelda, og alle folk komne. Han reid til ei stor bu, som Steintor på Øyre åtte, ein mektug mann og stor hovding, mykje djerv og modig. Han stig av hesten og gjeng inn i bui. Der sat Steintor og mennene hans med honom. Håvard gjekk fram for honom og helsa honom vyrdsleg. Steintor tok helsingi vel, og spurde kven han var. Håvard sa namnet sitt. Steintor mælte: «Er det du som hadde den fræge sonen som Torbjørn drap, og som er so namnspurd for di han varde seg so vel?» Han segjer at det er so; «og no vilde eg det, bonde, at du skulde gjeva meg lov til å vera i bui di på tinget.» Han svara: «Det gjev eg deg lov til; men ver du tagal og haldt deg attende; for gutane driv ofte drjug skjemt, og du er mykje sorgfull og sår i hugen, og gamal, og evler lite.» Det er sagt at gamle Håvard finn seg rom einstad i bui og legg seg og aldri gjeng av flekken. Aldri nemner han saki si åt nokon, og det lid langt ut i tinget.

So er det ein morgon at Steintor gjeng til Håvard og segjer: «Kvifor kom du hit, når du berre ligg her som ein stakkars ufør krok?» Håvard svara: «Eg hadde tenkt å søkja bøter for Olav son min; men eg er lite fus i mangt no; og Torbjørn er ikkje spar på vondord og nidingskap.» Steintor mælte: «Dette er mi råd: gakk til Torbjørn og ber fram ærendi di. Dersom Gjest hjelper deg, ventar eg at du vil få retten din hjå Torbjørn.» Då stod Håvard upp og gjekk ut, mykje bøygd. So gjekk han til bui åt Gjest og Torbjørn, og inn. Torbjørn var der, men ikkje Gjest. Torbjørn helsa Håvard, og spurde kva han var komen der etter. Han svara: «Dråpet på Olav son min er so minnesamt, at det er som det var nytt; og det er mi ærend å krevja deg etter bøter for dråpet.» Torbjørn svara: «Her veit eg ei god råd: kom til meg heime i heradet, so skal eg hugga deg med noko; men her hev eg mykje å gjera, og vil ikkje vita av nokor mukking no.» Håvard svarar: «Gjer du ingen utveg med det no, so hev eg røynt fyrr, at du ikkje gjer det heime i heradet heller. Eg hadde tenkt at nokon kunde vilja stydja uppunder med meg.» Da så Torbjørn: «Skulde du ha høyrt på maken! han tenkjer å eggja upp folk imot meg! Burt med deg! og nemn ikkje på den saki åt meg meir, dersom du vil sleppa heilskinna frå det.» Håvard vart ovleg harm og strauk ut or bui og mælte: «Me hev vorte for gamle no; det var ei tid då eg vilde ha funne det lite rimeleg at eg skulde tola slik urett.» Då han gjeng, møter han folk; det er Gjest Oddleivsson og fylgjet hans. Håvard var so harm, at han knapt hådde kvar han gjekk; folk vilde han ikkje råka, og gjekk heim til bui. Gjest såg etter mannen dei møtte. Håvard gjekk til romet sitt og la seg, og stunde; men Steintor spurde korleis det hadde gjenge, og Håvard fortalde det soleis som det var. Steintor svara: «Slik uvyrdi åtferd skulde ein aldri høyra, og det er von det vil verta honom til stor skam fyrr det er slutt.»

Då Gjest kom inn i bui, tok Torbjørn vel imot honom. Då mælte Gjest: «Kven var det som gjekk ut or bui no nyst?» Torbjørn svara: «Kvifor spør du so underleg, vitug mann som du er? Her gjeng det altfor mange ut og inn, til at me skulde halda greide på deim.» Gjest svara: «Denne mannen var ulik andre; han var stor på vokster og noko til års og liksom skaut seg fram; men han var karsleg å sjå, og han syntest vera full av harme og misnøgje og reint uppøst; og so vreid var han, at han ikkje gådde kvar han fór. Og so såg han ut til å kunna ha lukka med seg, so han ikkje vil vera lett å greida for kvar mann.» Torbjørn svara: «Det hev visst vore gamle Håvard, tingmannen min.» Gjest spurde: «Var det ikkje son hans du drap saklaus?» — «Jau, det tenkjer eg visst,» sa hin. Gjest mælte: «Korleis tykkjest du ha halde det du lova meg, då eg gav deg syster mi til kone?»

Torgils heitte ein mann; han vart nemnd etter mor si og vart kalla Hallason; han var ein framifrå fræg kar, og djerv. Han var då hjå Gjest, frenden sin, og var i sin beste uppgang den tid. Gjest bad Torgils gå etter Håvard og beda honom koma dit. Torgils gjekk til bui hans Håvard og sa at Gjest vilde finna honom. Håvard svara: «Naudleg vil eg gå og vera nøydd til å tola urett og krenkjande ord av Torbjørn.» Torgils bad honom koma like vel: «Gjest vil hjelpa deg med saki di.» Han gjekk då, men var traud til det. So kjem dei til Gjest. Han reiste seg for Håvard og helsa honom vel, og sessa honom attmed seg. Då mælte Gjest: «No, Håvard, skal du taka til frå upphavet og fortelja millomværet millom deg og Torbjørn.» Han so gjorde; og etterpå spurde Gjest Torbjørn um det var so. Torbjørn sa, at det var ikkje lygn. Gjest mælte: «Hev nokon høyrt slik urimeleg åtferd! Her er no eitt av tvo: anten at det vert utum inkje med vår avtale; eller du skal lata meg åleine gjera det av og døma i saki dykkar.» Det sa Torbjørn ja til. So gjekk dei ut or bui. Gjest samla mykje folk, og dei stod i ein krins; men inni ringen stod det nokre menn og dryfte saki. Då sa Gjest: «Du Torbjørn, eg kann ikkje leggja deg i so store bøter som rett var; for du eig ikkje so mykje. For dråpet på Olav skal du leggja tri mannsbøter; men for det uskil du hev gjort Håvard på andre måtar, kann du, Håvard, koma til meg haust og vår, so skal eg gjeva deg heiderlege gåvor, og det lovar eg deg, at eg aldri skal draga meg undan, so lenge me båe lever.» Då mælte Torbjørn: «Dette gjeng eg med på, og skal gjerne grei da det, når eg berre kjem heimatt.» Gjest svara: «Nei, no skal du leggja heile boti her på tinget, og gjera rett og skil for deg; so skal eg leggja til ei mannsbot;» og den la han straks, i god mynt. Håvard sette seg då og hadde pengane ned i fanget, på kåpa si. Torbjørn kom med lite um senn, til det var ei mannsbot. Men då sa han at han ikkje hadde meir. Gjest bad honom då å ikkje håla seg undan. Då tek Torbjørn fram eit knyte og løyser det upp og segjer: «Han vil visst tykkja han hev fenge fullt ut, når han fær dette attåt;» dermed legg han til Håvard i andletet so blodet renn, og segjer: «Der hev du framtennene og jakslane utor Olav son din.» Håvard ser då at dei rys ned i fanget hans, og vert ovleg harm; han sprett upp so pengane berre driv. Han hev stav i handi og spring like mot manngarden, og set staven for bringa på ein mann, so han ryk bakyver og vert liggjande i uvìt lenge. Håvard sprett yver manngarden, so han ikkje snert nær, og kjem ned att langt bakanfor, og so heim til bui som det var ein ungdom. Og då han kom heim i bui, kunde han ikkje røda med nokon, men kasta seg ned, og låg som han var sjuk.

Etter dette mælte Gjest til Torbjørn: «Du er då eit verre illmenne enn anna folk! Og ikkje skynar eg meg på folk, dersom ikkje du eller frendane dine kjem til å angra på dette nokon gong.» Gjest var då so ovende vreid, at han rid frå tinget straks, og til Isafjord, og gjer det utum inkje millom Torbjørn og Torgjerd. Torbjørn og alle frendane hans tykte det var ei stor skam; men det var ingi råd med det. Gjest sa, at på slik måte laut han venta verre skam, og det var han ærleg verd. Gjest reid til Bardastrand med frenka si og mykje gods.

So er sagt, at etter tinget laga gamle Håvard seg på heimferd, og då var han reint styrd. Då mælte Steintor: «Treng du lite hjelp, Håvard, so kom til meg.» Håvard takka. So reid han heim og la seg til sengs, og låg no tolv månader tridje gongen. Då var han reint styrd og stiv. Bjargøy heldt ved på same måten som fyrr, og rodde på sjøen med Torhall kvar dag.


8.

Det var ein dag um sumaren, dei var på sjøen; då såg dei eit skip kom inn etter fjorden; og dei såg at det var Torbjørn og hans menn som kom der. Då mælte Bjargøy: «No skal me taka upp snøri våre og ro til møtes med Torbjørn; eg vil finna honom. Du skal ro burtåt skipssida framantil; og eg skal segja noko til Torbjørn; men medan skal du ro kringum skuta.» Soleis gjer dei og ror burtåt skuta. No talar Bjargøy til Torbjørn, helsar og spør kvar han etlar seg av. Han sa at han skulde vest til Vadil; «Sturla bror min og Tjodrek son hans er komne dit frå Noreg, og eg skal taka deim med heim til meg.» So spurde ho: «Kor lenge skal du vera burte, bonde?» — «Innpå ei vike,» segjer han. Då hadde Torhall rott rundt skuta. Bjargøy hadde ein pose i handi, og svinga han rundt mot skuta; og då ho hadde gjort slik ho vilde, tek dei i og ror burt det hardaste dei vinn. Då mælte Torbjørn: «Tvi vere det kvinnfolket! Men no skal me setja etter deim straks, og drepa honom, men skamfara henne.» Då svara Brand: «No sannar du endå betre det som er sagt um deg, at du sparer ikkje på å gjera mest mogleg vondt; men eg skal hjelpa deim alt eg kann, og då skal det verta meir enn nok for deg.» Med di Brand sa dette, og dei var komne langt undan, gav Torbjørn seg og heldt fram på ferdi.

Då mælte Bjargøy: «Ikkje er det rimeleg; men eg hev no den tanken like vel eg, at me skal få hemn for Olav son min. Me skal ikkje heim.» — «Kvar vil du av då?» segjer Torhall. — «No skal me fara og finna Valbrand bror min,» segjer ho. Han budde på Valbrandsstad, og var mykje gamal; men han hadde vore ein namnspurd mann. Han hadde tvo emnelege søner, ein heitte Torve, og ein heitte Øyolv. Dei var unge menn den gongen. Bjargøy og Torhall stana ikkje fyrr dei kom dit. Valbrand var ute på vollen, og mange menn med honom. Han gjekk då imot syster si, og tok godt imot henne og bad henne vera der. Men ho sa at det ikkje var lagleg for henne: «eg må heim att i kveld.» Han spurde: «Kva vil du då, syster?» — «Eg vilde du skulde låna meg nøtene dine.» Han svara: «Her er tri nøter; den eine er mykje gamal, og er ikkje å lita på no; men ho hev vore god; dei tvo andre er nye og uprøvde. Du kann taka etter som du vil: tvo eller tri.» Ho svara: «Dei nye vil eg ha; men eg vil ikkje taka på meg den vågnaden å ha den gamle. La dei tvo vera ferdige når eg sender bod etter deim.» Han sa, at det skulde dei vera. So reiste dei der ifrå. Då mælte Torhall: «Kvart skal me no fara?» Ho svara: «No skal me fara og finna Torbrand bror min.» Han budde på Torbrandsstad, og var mykje gamal då. Han hadde tvo unge søner, ein som heitte Odd, og ein som heitte Tore; det var emnelege menn. Og då dei kom dit, fagna Torbrand deim vel og bad deim vera der. Ho sa at ho ikkje kunde det. «Kva vil du då, syster?» segjer han. — «Eg vilde beda deg låna meg nøtene dine,» segjer ho. Han svara: «Eg hev tri, og den eine er mykje gamal; men dei tvo er nye og hev ikkje vore kasta. Du kann taka som du vil: tvo eller tri.» Ho sa at ho vilde ha dei nye; og med det skildest dei, og dei reiste der ifrå. Torhall spurde: «Kvart skal me no fara?» — «No skal me finna gamle Åsbrand bror min,» segjer ho. Han budde på Åsbrandsstad; han var den eldste av dei brørne, og var gift med syster hans gamle Håvard. Han hadde ein son som heitte Hallgrim; han var ung, men både stor og sterk; han var ikkje ven å sjå, men var mykje karsleg. Då Bjargøy kjem dit, fagnar Åsbrand henne vel, og bad henne vera der. Ho sa at ho skulde heim att um kvelden. Han spurde: «Kva vil du då? du kjem då so sjeldan til frendane dine.» — «Mi ærend er ikkje stor,» segjer ho; «me er so umkomne for noko å skjera torv med, og so vilde eg gjerne at du skulde låna meg torvøksi di.» Han smålo og svara: «Her er det tvo, ei gamal som er mykje rusta og skardut, og ei stor ny ei, som ikkje hev vore i bruk.» Men ho svara at ho vilde ha den nye, «når eg sender bod,» sa ho. Og so reiste dei heim att til Håvardsstad um kvelden.


9.

So leid det nokre dagar, til ho tenkte Torbjørn var ventande vestantil. Ein dag gjekk ho burt til sengi hans Håvard og spurde um han sov. Han sette seg upp og kvad ei vise:

«Ikkje eg hev på augo
ærleg svevnen fenge;
stendigt harmen driv til
striden styresmannen,
sidan kjempone valda
vonde våpenleiken,
der min eigen Olav
skuldlaus måtte andast.»

Då segjer Bjargøy: «Det er visst at dette er ei stor lygn, at du ikkje hev sove på tri år. Men no må du stå upp like vel og bera deg åt som ein kar, i fall du vil hemna Olav son din; for ikkje fær du hemn for honom so lenge du lever, dersom det ikkje vert no i natt.» Men då han høyrde det, spratt han upp or sengi og fram på golvet og kvad ei vise:

«Lett fell meg ikkje livet;
men enn må de lyda:
runene rame gamlen
vil til kvæde rada,
når eg var lagen sjå den
djerve lata livet.
Stydja for min styrke
var den staute sonen.»

Då var Håvard reint sprek, og leid ikkje vondt for å gå. Han gjekk til ei stor kiste som var full med våpen, og lét henne upp og tok hjelm på hovudet, og hadde på seg ei sterk brynje. Han såg upp, og vart var ein måse flaug framum gluggen. Då kvad han ei vise:

«Sjøfugl av haglet slegen
skrik imot sårflodbylgja:
med glede den mødde måsen
søkjer si morgonføde.
Gol òg helheims-gauken
gamalt so i treet,
når fyrst herferd-haukar
stunda etter hildings-mjøden.»

Han væpna seg snøgt og vel, og budde Torhall òg med gode våpen. Og då dei var ferdige, vende han seg til Bjargøy og kysste henne, og sa at det var uvisst når dei skulde møtast att. Ho bad honom leva vel: «eg treng ikkje å eggja deg til hemn etter Olav son vår; for eg veit det fylgjer både dug og hug, der du fer.» Etter det skildest dei.

Håvard og Torhall gjekk ned åt sjøen, sette ut ein seksæring og tok til årane. Dei stana ikkje fyrr dei var utanfor garden åt Valbrand. Der var det ei lang øyr som gjekk ut i sjøen, og der la dei i land. Håvard bad Torhall sjå etter båten; men sjølv gjekk han upp til garden. I handi hadde han eit spjot, som var eit grepa våpen. Og då han kom upp på vollen, var far og søner der. Brørne hadde lagt av seg ytreplaggi og raka høy; skorne òg hadde dei teke av seg og sett på vollen der; det var høgskor. Valbrand gjekk imot Håvard og fagna honom vel, og bad honom vera. Han svara at han ikkje kunde; «eg er no komen og vil henta nøtene dine, som du lånte syster di.» Han gjekk til sønene sine og sa: «No er Håvard mågen dykkar komen her, og han er budd som han skulde tenkja seg til noko storverk.» Då dei høyrde det, kasta dei rivone og sprang etter klædi sine. Men då dei skulde taka skorne, hadde dei vorte skrokne i solskinet. Dei steig ned i deim so fort at hudi gjekk av på hælom, og då dei kom heim, stod skorne fulle med blod. Valbrand let sønene få gode våpen, og mælte: «Gjev Håvard god studnad, og tenk meir på hemn, enn på det som kann koma baketter.»

So drog dei til Torbrandsstad; der òg var dei snart ferdige, Odd og Tore. Då drog dei til Åsbrandsstad. Der bad Håvard um torvøksi, og Hallgrim frenden hans budde seg til å fylgja honom. Ån heitte ein mann, som var hus-kar hjå Åsbrand. Han var fosterfar til Hallgrim, og laga seg til å fylgja deim. Og då dei var ferdige, gjeng dei dit som båten ligg. Torhall tok vel imot deim. Då var dei åtte mann i lag, og den eine meir røseleg å sjå til enn den andre. Då så Hallgrim til Håvard frenden sin: «Kvifor fór du heiman soleis, at du korkje hev sverd eller øks?» Han svara: «Er det so vel me finn Torbjørn Tjodreksson, skal du segja anna etter møtet vårt; for åt meg hev eg etla sverdet Gunnloge, som er det beste våpen.» Dei ynskte honom at det ordet måtte verta sannrøynt: «Det er no mykje um å gjera for oss, at me gjer verk på kara vis.» Det var seint på dagen. Då set dei ut båten og stig umbord og tek til årane. Dei såg at der flaug ein stor flokk ramnar fyre deim og yver øyr-tangen. Då kvad Håvard ei vise:

«Visst det er eit varsel
(veidn eg Odin hev lova),
at no sverdflods-fuglen
svang yver neset sviver.
Vel eg no veit at lukka
ikkje vil vika frå oss.
Ljomen av sverde-leik meg
lirlande sviv for øyro.»

Dei fór yver sundet, og det bles kvast på fjorden, so dei fekk inn mykje vatn frami; men dei rodde som karar, og stâna ikkje fyrr dei kom til Laugabol. Der var det godt å leggja til; for Torbjørn hadde laga ei god båtstø; han hadde rudt og reinska upp radt innåt landet; det var tverr-djupt, so der kunde det fljota skutor eller større skip, um ein vilde. I staden for lunnar var det grave ned kvalbein, og endane leste med stein. Ingen trong til å verta våt der, når han gjekk av eller på skipet, anten det so var større eller mindre. Men ovanfor var det ein høg sandmel, og bak melen stod det eit naust, med dører og alt i godt stand. På andre sida der bak melen var det ei stor lón. Frå naustet såg ein ikkje ned i fjøra; men frå melen såg ein både til naustet og til fjøra. Då dei kjem til lands, spring dei ut or båten. Då mælte Håvard: «No skal me bera båten yver melen og upp i lóni, og me sjølve òg skal vera ovanfor melen, so dei ikkje skal sjå oss straks. La oss ikkje vera for fuse etter fengdi heller; ingen må renna på, fyrr eg segjer til.» Det hadde vorte mykje skumt då.


10.

No er det å fortelja at Torbjørn og fylgjet hans kom vestantil på skuta, ti mann i lag. Millom dei var Sturla og Tjodrek son hans, Torbjørn og Vak, Brand den sterke og tvo huskarar; skuta var tungt ladd. Same kvelden kom dei til Laugabol, fyrr det vart myrkt. Då sa Torbjørn: «Me skal taka det med ro; me let skuta liggja her i natt, og ber ikkje upp anna enn våpni og klædi våre; no er vêret turt og godt. Du, Vak, kann bera upp våpni våre.» Han tok fyrst sverdi deira og bar dei upp til naustet. Då sa Torve: «La oss fyrst taka sverdi, og honom som kjem med deim.» «Nei, la oss venta enno,» segjer Håvard, og bed Hallgrim henta sverdet Gunnloge åt honom. Og då Vak gjekk nedyver att, sprang Hallgrim og tok sverdet og gav Håvard det, og Håvard svinga sverdet og riste handtaket. Vak gjekk upp andre venda, med skjoldar på ryggen og stålhuvor på armen; på hovudet hadde han hjelm. Og då han var komen upp åt loni, sprang dei upp og vilde taka honom. Men då han høyrde det, tyktest han vita at det måtte vera ufred, og vilde skunda seg til dei andre med våpni. Men då han bråsnur kvast, glett føtene undan honom ved loni, so han fer hovudstups. Vatnet var grunt, men mykje blautt var det der, og mannen var tung med alle våpni; han vinn ikkje å koma seg upp att, og ingen vilde hjelpa honom, og slik ende tok det med Vak, at han døyr der. Og då dei såg det, spring dei ned på melen; og straks Torbjørn ser det, legg han til sums ut frå land. Det ser gamle Håvard fyrst, og skundar seg og legg til sums etter Torbjørn. So er sagt um Brand den sterke, at han spring stad og riv upp ein lunn, eit stort kvalbein, og legg i hovudet på Ån, fosterfar hans Hallgrim. Då var Hallgrim komen ned av melen, og såg Ån fall; han sprang til med øksi i vêret, og hogg Brand i hovudet og klauv honom ned i akslene. I same stundi var det Torbjørn og Håvard kasta seg i vatnet; og då Hallgrim ser det, legg han etter deim straks. Torve Valbrandsson gjeng imot Sturla; han var både stor og sterk, og meir stridsfør enn anna folk, og so var han fullt væpna. Dei slost både djervt og lenge.


11.

No vert det å fortelja um Torbjørn og Håvard. Dei legg frå land, og sym langt; so kjem Torbjørn til eit skjer, som ligg uti der. Og då han kom upp på skjeret, då kom Håvard òg burtåt det. Og då Torbjørn ser det og stend der våpenlaus, tek han ein stor stein og vil setja i hovudet på honom. Men då Håvard vart var det, kom han i hug at han hadde høyrt frå utlandi, at der vart det preika ei onnor tru enn nord i landom; og kunde nokon fortelja honom at den trui var betre og venare, so skulde han taka ved den trui, dersom han vann på Torbjørn. Og so sette han med all si makt mot skjeret. No vilde Torbjørn kasta steinen; men berget var hålt, og føtene glatt undan honom so han datt bakyver på ryggen, og steinen kom yver bringa på honom, so han var halvt ifrå seg; og med det same kom Håvard upp på skjeret, og sette straks sverdet Gunnloge igjenom han. Hallgrim var då komen upp på skjeret. Då hogg Håvard Torbjørn tvert yver andletet og mest igjenom hovudet, so framtenner og jakslar datt ut. Hallgrim spurde kvifor han gjorde det med ein daud mann. Håvard svara: «Eg kom i hug den gongen då Torbjørn slo meg i andletet med knytet, so det berre druste med tenner som han hadde hogge utor Olav son min nett med det same sverdet.» Sidan la dei til lands. Når det kom på tale, syntest folk at Håvard hadde vore djerv då han la utpå fjorden, og ikkje visste at der fanst noko skjer; det var eit langt stykke å symja.

Då dei kom på land, var der heilt stilt. Men då dei kom upp på melen, sprang det ein mann imot deim med øksi i vêret; han hadde blå kufte som gjekk ned i broki. Dei vender seg imot honom, og då dei møtest, ser dei at det er Torve Valbrandsson, og fagnar honom vel. Torve spurde um Torbjørn var fallen, og då kvad Håvard ei vise:

«Hausen på hæve kjempa
heilt til tennene klauv eg.
Sverd-doggi såg eg stod i
augo på den sterke.
Ramt seg ringmerkte sverdet
røynde då eg fekk sjå, den
hardføre hermann måtte
brått på helferdi taka.»

Håvard spurde kva dei hadde fenge gjort. Torve svara at Sturla var fallen, og huskarane med, «men so er Ån òg daud.» Håvard kvad ei vise:

«Fire mann brått me felte —
blodut ferd for deim som
byrge valda Bjargøy
såre barnetapet.
Støytt ihel av store
stokken, segjer Hallgrim,
let ogso ein av våre,
Ån, sitt liv i leiken.»

So gjeng dei upp til naustet; der var dei andre fyrr, og tok vel imot deim. Då spør Øyolv Valbrandsson um dei ikkje skal drepa trælane. Håvard sa at det var ikkje større hemn for Olav son hans i det um dei drap deim; «la deim vera her i natt og sjå etter, so ingen stel av det som driv i land.» Då spurde Hallgrim kva dei so skulde taka seg fyre. Håvard svara: «Me skal taka skuta, og alt det som me ser oss noko gagn i, og fara til Måneberg og finna kjempa Ljot; det var meir til hemn i ein slik mann, um det vilde laga seg so.» No tek dei skuta og mange eigneluter som frendane hadde ått, og ror ut etter fjorden til Måneberg. Då mælte Håvard: «No er det best me fer varleg; Ljot er var um seg; for han ligg jamt i uvenskap. Han set vakt um seg kvar natt, og søv i eit sengrom som alltid er attlæst. Ifrå sengi gjeng det ein løyngang i jordi, og kjem ut bak husi. Mykje folk hev han hjå seg òg.» Då mælte Torve Valbrandsson: «Det er mi råd, at me set eld på garden og brenner inne kvart eit mannsbarn.» Håvard svara, at det skulde dei ikkje. «Du og Hallgrim frenden min skal vera uppe ved husi og gjæta på opningi av jordgangen; eg trur dykk best til det. Og so er her tvo dører ut på denne sida og tvo dører på stova. No skal eg og du, Øyolv, gå inn den eine døri, men brørne Odd og Tore den andre, og på same måten inn i stova. Men du, Torhall, skal vera her og vakta skuta, og verja henne som ein kar um det trengst.» Og då han hev skipa alt soleis som han vil, gjeng dei upp til garden.

Det stod eit stort bur i tunet; attved veggen sat ein mann i våpen. Då dei kjem tett innåt, ser han mennene, og sprett upp og spring og vil varsla. Hallgrim gjekk fremst i flokken; han skaut spjotet etter mannen og sette det igjenom honom der ved veggen; han døydde straks med spjotet i seg. Etter dette gjeng dei dit dei hadde etla seg, og Torve og Hallgrim dit som utgangen frå garden var.


12.

So er sagt, at Håvard skunda seg inn i stova. Der brann ljos, so det var ljost uppe, men dimt nede. Han gjekk burtåt sengromet. No høvde det soleis, at kona ikkje hadde lagt seg enno; ho og nokre andre kvinnor var i stova; og sengi var ikkje læst. Håvard slær med flate sverdet på døri. Ljot vaknar, og spør kven som dundrar so. Gamle Håvard namngjev seg. Då mælte Ljot: «Kvifor er du her, gamle Håvard? Fyrre dagen vart det fortalt oss at du låg og drogst med dauden.» Håvard svara: «Anna daudord skal du fyrst få spyrja: eg kann fortelja deg at Torbjørn og Sturla, brørne dine, er drepne.» Då Ljot høyrer dette, spring han upp i sengi og grip sverdet som hekk yver honom, og bed mennene i stova stå upp og taka våpni. Håvard sprang då upp i romet og hogg Ljot yver vinstre oksli; men Ljot gjorde ein tverr rykk og sverdet gleid av oksli, flengde nedetter armen og skar handi av i olbogen. Ljot spring fram or romet med sverdet i vêret og vil hogga til Håvard. Då var Øyolv komen, og hogg av honom høgre handi i oksli, og der felte dei Ljot. Då var det stort stim i stova. Huskarane hans Ljot vilde upp og taka til våpen. Torbrandssønene var då komne inn, og det fall nokre få hogg og skråmor. Då mælte Håvard og bad folk vera stille og ikkje prøva å gjera vondt; «elles drep me kvart mannsbarn, den eine på den andre.» Då fann dei det likast å liggja kurende stille. Få av deim syrgde på Ljot, endå dei hadde vore med honom. Etter dette gjekk dei ut; Håvard vilde ikkje gjera meir der. Då kjem Torve og Hallgrim; dei hadde etla seg inn i huset; dei spurde kva som var hendt. Då kvad Håvard ei vise:

«Snarfør Geirdis-sonen
rauste kjempa søkte;
såg eg den velduge gripa
våpnet godt til verje.
Og i manne-møtet
Øyolv ogso mintest
høveleg hemn å taka
etter fræge hermann.»

Sidan gjekk dei ned til skuta, og Torhall helsa deim vel. Då spurde Torve Valbrandsson kva dei no skulde. Håvard mælte: «No må me søkja nokor hjelp; for endå um hemni ikkje er so stor som eg vilde, so vinn me då ikkje å greida oss etter dette verket berre med eigi makt. Av frendane hans Torbjørn er det enno att mange som er mektige menn. Det syntest meg likast å finna Steintor på Øyre; for han hev helst drege meg von på det, um eg trong til nokon studnad.» Alle bad dei honom rå, og sa at dei skulde gjera som han vilde, og ikkje skiljast fyrr enn han fann det rådeleg. Etter dette legg dei ut på fjorden; dei andre tek til årane; men Håvard sit ved styret. Då mælte Hallgrim og bad Håvard kveda ei vise. Då kvad Håvard:

«Hallgrim! for store hatet
høveleg er den hemn me
tok på Tjodreks søner;
trega det tarv eg aldri.
Torbjørn si dåd hev drege
dauden yver dei djerve.
Manne-øydarar storleg
stundar etter striden.»


13.

No er det ingenting å fortelja um ferdi deira, fyrr enn dei kjem til Øyre; det var det leitet på dagen då Steintor sat til bords med mennom sine. Dei gjeng inn i stova, fire i fylgje, og alle væpna. Håvard gjekk fram for Steintor og helsa. Steintor svara på helsingi, og spurde kven han var. Han sa at han heitte Håvard. «Var du i vår tingbu i fjor sumar?» spør Steintor. Håvard sa at han hadde vore det. Steintor mælte: «Gutar, hev de set nokon som var meir ulik seg sjølv, enn han er no, mot slik han var den gongen? Då såg han knapt ut til å kunna gå stavlaus bu-millom, og syntest oss liklegast til å bera på sott, so nedbroten som han var av sorg; men no synest han meg den duglegaste mann i våpen. Men hev de noko nytt å fortelja?» Håvard svara: «Me kann fortelja at Torbjørn Tjodreksson er drepen, og Ljot og Sturla, brørne hans, og Brand den sterke òg — sju i alt.» Steintor svara: «Dette er store tidender. Men kven hev gjort det, og drepe slike velduge kjempor og bausar?» Håvard mælte og sa at han og frendane hans hadde gjort det. Steintor mælte og spurde kvar Håvard tenkte å søkja hjelp etter det storverket. Han svara: «Det hev eg tenkt, som no er gjort, å tyda meg åt deg; eg syntest du sa det på tinget fyrre sumaren, at um eg trong til lite hjelp, kunde eg koma til deg like so tidleg som til andre hovdingar.» Då svara Steintor: «Ikkje veit eg når du skal synast trenga til mykje hjelp, dersom du no treng til lite. Men det kann du skyna, at heldt eg meg undan no, so kunde du ikkje venta deg stort av meg um du trong til mindre heller. Men so skal det ikkje vera: det tilbyd eg deg, Håvard, at du kann vera her med mennom dine, til desse sakene vert greidde; og det skal eg lova, å føra saki dykkar til ein god endskap; for eg synest sjå det på dykk, at den som tek under med dykk, er godt stelt; og det er ikkje visst å finna maken til rauste kjempor. Men dette hev gjenge meir etter dykkar gode sak enn etter det som ventande var.» Då kvad Håvard ei vise:

«No for storingar stundi
er å stiga fram,
vilja dei heidra deim som
herde er i herferd.
Isfjordings-avlen segjest
ævleg lagd i øyde.
Skuldlause handi vår skal ha
hogge fredlaust hogg.»

Dei takka Steintor for det stormannslege tilbodet hans. Han lét folk taka imot klædi og våpni deira og gjeva deim turre klæde. Og då Håvard tok av seg hjelmen og brynja, då kvad han:

«Ulvflods-venene øgne
all-kåte stod og lo, då
gjæve son min dei sågo
seig med vald for sverdet.
Men då feggane fræge
ned til Hel laut fara,
låtten i ulvelægret
fekk eit anna læte.»

Steintor bad Håvard gå stad og setja seg på benken beint imot honom sjølv, og sessa mennene sine hjå seg. Håvard so gjorde: sette Hallgrim frenden sin næst, og so Tore og Odd Torbrandssøner innetter; og utetter sat Torve og Øyolv Valbrandssøner, so Torhall, og gardsfolket som var der fyrr. Og då dei sette seg, kvad Håvard ei vise:

«Her vil me vera, Hallgrim;
hatige er meg fleire;
aldri me striden neittar:
odd og egg oss ventar.
Men dette manndråp vil eg
meta som var det ugjort.
Aldri for dette blodet
skal eg bjoda bøter.»

Då mælte Steintor: «Det er greidt å skyna at du fær viljen din for det meste; og allvisst er det so dersom det ikkje vert reist noko ettermål, so gjæve og mektige menn som alle dei frendane var, og slike gilde ettermålsmenn som det er der.» Håvard sa at han ikkje brydde seg ein grand um ettermålet; no var den tid slutt då han bar sorg eller harm i hjarta; no tykte han det var vel, berre saki fekk ein endskap. Og so møtte han kvar mann so livleg glad som ein ungdom.

Desse tidendene spørst no vida, og folk tykte det var mest utruleg. So sit dei no på Øyre hjå Steintor bonde, og ikkje skorta det på mykje folk og stor fagnad. Der var ikkje mindre enn seksti våpenføre menn. Men no fær me lata deim sitja der på Øyre hjå Steintor bonde i gaman og flus fagning.


14.

Ljot heitte ein mann som budde på Raudasand. Han vart kalla Holmgangs-Ljot. Han var både stor og sterk, og ein stor holmgangsmann. Han var bror åt Torbjørn Tjodreksson. So er sagt at Ljot var den verste sjølvsøkje, og bruka øksi på kvar mann som ikkje vilde lata honom få alt det han vilde; so ingen bar hovudet fritt for honom der umkring Raudasand og vidare utyver.

Torbjørn heitte ein mann som budde på Øyre. Han var ein riking, og mykje til års den gongen; men det var lite ved honom. Han hadde tvo søner, den eine heitte Grim og den andre Torstein. Det vert fortalt at Ljot og Torbjørn åtte i hop ei gild eng, med veitor til vatning. Avtalen var at dei skulde ha avlingi kvar sin sumar. Bekken dei vatna med um våren, gjekk nedanfor garden hans Ljot, og det var godt stelt med demningar i bekken. Men når Torbjørn skulde ha engi, vart det jamnan soleis at han ikkje fekk bruka bekken; og til sist gjekk det so, at Ljot lét Torbjørn høyra at han ikkje åtte engi, og meinte på at han kunde freista dersom han torde. Og då Torbjørn høyrde det, tyktest han vita at Ljot vilde gjera alvor av trugsmålet.

Det var ikkje langt millom gardane deira, og ein dag møttest dei. Torbjørn spurde um Ljot tenkte å taka frå honom engi. Ljot svara og bad honom ikkje gjeta eit ord meir um det: «det skal ikkje nytta deg meir enn andre, å klaga yver det som eg vil skal vera so; eitt av tvo fær du velja: anten finn du deg i det eg vil gjera, eller eg driv deg burt frå garden, so du korkje skal ha engi eller noko anna.» Og då Torbjørn var ein rik mann, og visste kor urettvis Ljot var, kjøpte han engi for den prisen Ljot sette, og greidde ut tjuge hundrad med det same, og på det skildest dei. Då sønene hans Torbjørn fekk høyra dette, vart dei ovleg harme, og sa at det var det verste arveran, å kjøpa det han åtte fyrr. Dette spørst no vida umkring, og folk tykte det var stor urett.

Brørne gjætte sauen åt far sin; Torstein var tolv vetrar og Grim ti. So var det ein dag fyrst på vetteren, at dei gjekk åt saufjøset; det hadde vore styggver, og dei vilde sjå um all sauen var heimkomen. Det høvde soleis at Ljot hadde gjenge ned på strandi same morgonen og såg etter rak; for han hadde stor umsut med alt på garden. Då gutane kom burt til saufjøset, såg dei at Ljot kom uppetter frå sjøen. Då mælte Torstein til Grim bror sin: «Ser du Holmgangs-Ljot, der han kjem nedantil frå sjøen?» — «Kvifor skulde eg ikkje sjå honom?» segjer Grim. Då mælte Torstein: «Mykje vondt gjer denne Ljot både oss og andre; og hug hev eg på å taka hemn, berre eg kunde.» Grim mælte: «Dette er uvitug tale, at du skulde kunna gjera Ljot noko forfang, slik kjempe som han er, sterkare enn fire—fem andre, endå um dei er vaksne; han er ikkje å fåst med for born.» Torstein svara: «Ikkje fær du talt meg ifrå; eg vil taka på honom like fullt; men du vil vel likjast far din, du, og lata honom rana frå deg liksom frå mange andre.» Grim svara: «Når du etlar deg til dette, frende, vil du vel ikkje ha stort gagn av meg; men som saki stend, skal eg no hjelpa deg so godt eg kann.» — «Det gjer du rett i,» segjer Torstein; «og det kann henda endskapen vert etter som saki er.» Dei hadde små, kvasse handøksar. No stend dei og biar, til Ljot kjem upp åt huset. Han gjeng fort framum deim. Ljot hadde ei hoggøks i handi; han gjeng sin gang og læst ikkje sjå gutane. Og då han gjeng framum, høgg Torstein honom i oksli. Øksi beit ikkje; men det var då so mykje til hogg like vel, at armen gjekk utor leden i oksli. Men då Ljot såg at gutane vilde knatta på honom, snudde han seg og lyfte øksi og vilde slå til Torstein; men med det same han lyfter øksi, spring Grim på og høgg av Ljot handi ovanfor uvleden, so handi med øksi dett ned. Då lét dei det ikkje vera langt millom hoggom, og det er ikkje likare å segja enn det var: dei feller Holmgangs-Ljot utan å verta såra sjølve. Dei grev honom ned i snøfonni og gjeng der ifrå.

Då dei kom heim, møtte faren deim i døri, og spurde kvifor dei hadde vorte so lenge, og kvifor dei var blodute på klædom. Dei fortel at Ljot var drepen. Han spør um det var dei som hadde gjort det, og dei segjer at det var so. Då mælte han: «Burt med dykk, syrgjelege ulukke-ting de er! No hev de gjort det verste ugagnsverk og drepe den største hovding og vår formann. No hev de alltid gjort so mykje at eg vert driven burt frå garden og alt eg eig, og de vert drepne; og det er til høves åt dykk!» Torbjørn sprang då av stad og burt frå garden. Grim mælte: «La oss aldri bry oss um den tullen som kraunar seg so ille; det er då ingen måte på so ynkeleg han ber seg!» Torstein svara: «La oss finna honom; for eg hev ein mistanke um at han ikkje er so vreid inni seg, som han bar seg til.» So gjeng dei og finn honom. Då tala Torbjørn blidt til deim og bad deim bia på honom der. Han gjekk då heim og var burte ei liti stund; so kom han att med tvo hestar i fullt ridstell. Då sa Torbjørn at dei skulde stiga til hest: «Eg vil senda dykk til Steintor på Øyre, venen min; bed honom taka imot dykk. Her er ein kostesam eignelut, ein gullring, som de skal gjeva honom. Han hev ofte ynskt seg den ringen, men aldri fenge honom; men no skal han losna lel, no de treng det.» So kysste han sønene sine, og ynskte at dei måtte fara vel og koma lukkeleg heim att.

Um ferdi deira er inkje fortalt, fyrr enn dei kom til Øyre. Det var tidleg dags. Dei gjekk inn i stova; ho var tjelda allstad, og folk var sessa på båe benkom, og det skorta korkje på gaman eller glede. Dei gjeng fram for Steintor og helsar honom vel. Han tek venleg imot deim, og spør kva dei var for karar. Dei namngav seg og far sin. Då mælte Torstein: «Her er ein ring som far sender deg med si helsing, og bøn um du vil gjeva oss upphelde her i vetter, eller endå lenger um me skulde turva det.» Steintor tok imot ringen og mælte: «Hev de nokor tidend å fortelja?» Dei fortel då at Ljot var drepen, og at det var dei som hadde drepe honom. Steintor svara: «Dette er då underleg, at tvo smågutar hev kunna rå på ei slik kjempe som Ljot var; men kvifor gjorde de det?» Dei fortalde soleis som dei visste det var. Steintor mælte: «Det er mi råd at de gjeng til Håvard, han gråhæringen som sit beint imot meg, og spør honom um han vil taka imot dykk i fylgjet sitt eller ei.» Dei so gjer, og gjeng fram for Håvard. Hau fagnar deim vel og spør um tidender, og læst som han inkje hadde høyrt; og dei fortalde honom nøgje alt saman. Og då dei er ferdige, sprett Håvard upp framfor deim og kved ei vise:

«Takk er de verde for verket,
meg det var til viljes;
elsk eg hev åt gutom,
som er ille ute.
Dråpet på Ljot det lyt eg
kalla største lukka.
Høyra la no dei hausar
vestpå mine harmord.»

Håvard sessar brørne attmed seg, nærre døri, og der sat dei glade og kåte. Desse hendingane spurdest no rundt heile Raudasand og vida andre stader.

Folk finn Ljot daud der attmed veggen; so for dei til Torbjørn, og han vart utspurd. Han gjekk ikkje ifrå det, at det var sønene hans som hadde drepe honom. Men Ljot var ille umtykt i Raudasand, og Torbjørn sa han hadde vorte ille ved og jaga sønene, og det sanna husfolket hans; difor vart det ikkje noko av med ettermål den gongen. Torbjørn sit i fred på garden sin.


15.

No må me taka atti der dei sit på Øyre i velgang alle saman. Det vart noko dyrt for Steintor, so mykje folk som der var; det vart stor kostnad, so flust som han heldt deim.

Atle heitte ein mann som budde i Otradal og var gift med syster hans Steintor på Øyre; ho heitte Tordis. Atle var ein ørliten stakkar; og so er sagt, at huglaget hans var deretter, so han var ein rein tufs; men han var av stort folk, og so rik at han knapt visste tal på det. Tordis hadde han fenge for di han var rik. Det er sagt at garden Otradal låg avleides frå ålmannvegen, hi sida fjorden, beint yver frå Øyre. Atle timdest ikkje å halda arbeidsfolk; han streva sjølv alt han vann, både natt og dag; og so einvis var han, at han ikkje vilde ha med anna folk å gjera, korkje godt eller vondt. Men han var ein dugande gardbrukar. Han hadde eit stort stabbur, og der hadde han alt som godt var; der låg det store kornhaugar, og allslags kjøt og skrei og ost, og alt som ein kunde til turva. Der hadde han sengi si òg, so der låg dei kvar natt sjølve.

So er sagt, at Steintor var uppe tidleg ein morgon, og gjekk åt sengi hans Håvard og drog i føtene hans og bad honom stå upp. Håvard spratt brått upp og fram på golvet. Og då han stod upp, reis dei alle mennene hans òg; for dei hadde det for vis, at dei gjekk alle, når ein skulde gå nokon stad. Og då dei var ferdige alle, gjekk dei ut i tunet. Der var alt Steintor med nokre menn. Då mælte Håvard: «Me er budde, bonde, til å fara, kvart du vil; me vil gjerne fylgja deg anten det er likt eller ulikt; men eg finn det ikkje høveleg å vera med på ei ferd, når eg ikkje veit kvar det skal bera av.» Steintor mælte: «Eg er tenkt å fara til Atle, mågen min, og eg vil at de skal vera meg til hjelp.» So gjeng dei ned til sjøen, og der låg den skuta dei hadde teke frå Torbjørn. Dei sette då skuta ut, og tok til årane og rodde yver fjorden. Steintor tykte dei karane tok gasta tak.

Den morgonen reis Atle tidleg og gjekk utor sengi. Han var soleis klædd, at han hadde ei stutt, trong trøye på seg; han var styrd i føtene, og både vesal og stygg å sjå, fleinskalla og holøygd. Han gjekk ut og skulde sjå på vêret; det var kaldt vêr med hard frost. Då såg han eit skip, var kome langt hityver fjorden; der kjende han Steintor bonde, mågen sin, og vart ille ved. I ein utkant av tunet var det ei inngjerding, og so var det ihopbore mykje høy og stod ein høystakk. Då tok Atle den rådi, at han sprang inn der og velte høysåta yver seg, og under der låg han.

No er det å fortelja um Steintor og fylgjet hans, at dei kjem i land og gjeng upp til gards; og då dei kom til utburet, spratt Tordis upp og fagna vel bror sin og dei andre, og sa at han var ikkje jamt å sjå der. Steintor spør kvar Atle mågen hans var, og ho sa at han gjekk ut lite sidan. Steintor bad deim leita etter honom, og dei leita garden rundt, men fann honom ikkje, og fortel då Steintor det. Då sa Tordis: «Kva ærend hev du, bror?» Han svara: «Eg hadde tenkt at Atle skulde gjeva eller selja meg noko matvaror.» Ho svara: «Ikkje tenkjer eg at eg rår mindre enn Atle; eg vil du skal få so mykje du synest.» Han sa at det vilde han gjerne. So rudde dei ut av buret og bar ned på skuta, til ho var ladd med varor av alle slag. Då mælte Steintor: «No skal de fara heim med skuta; men eg vil vera att her hjå syster mi. Eg hev hug til å sjå korleis Atle måg tek ved seg når han kjem att.» Ho svara: «Eg tenkjer ikkje det er umaken verdt, frende; du vil visst ikkje tykkja noko gaman i å høyra på honom; men du kann gjera som du sjølv vil. Men det skal du lova meg, at du vil vera like god ven med Atle kva han so segjer eller gjer.» Det lova han. Ho lét honom løyna seg bak eit fyreheng, der ingen kunde sjå honom. Hine for heim med skuta. Dei hadde hardt vêr på fjorden, so skipet tok inn mykje sjø fyrr dei kom i land.


16.

No må me taka til att der Atle ligg under høysåta. Då han ser dei er komne ut frå land, smyg han fram utor høyet; og han er so styrd og frosen at han knapt kann stå på føtene; sidan dreg han seg heim til buret, og då han kjem inn, skjelv han so tennene berre skranglar i munnen på honom. Han vant reint glåmøygd då han såg at buret var rudt. Han mælte då: «Kva er det for ransmenn som hev vore her?» Tordis svara: «Ingen hev rana her; men Steintor bror min kom hit med mennom sine, og eg gav honom det som du segjer er rana.» Atle svara: «Det tregar meg mest, at eg fekk deg; du er ikkje havande. Og ikkje veit eg verre menneske enn Steintor bror din, eller større ransmenn enn dei som er med honom. No hev dei teke ifrå meg og stole og rana alt her, so me snart kjem til å gå gard-imillom.» Då mælte Tordis: «Aldri tryt det for oss. Kom og legg deg att no, so eg kann få verma deg lite; du synest vera fælt kalen.» Og det vert so han kryp innunder klædi hjå henne. Steintor tykte ikkje mågen hans såg mykje livfør ut: han hadde ingenting på føtene, og ovantil hadde han ei trøye som ikkje nådde langt nedyver. Atle smyg då inn under sengklædi hjå kona si, men er rang, skjeller jamt på Steintor og kallar honom ransmann. So tagnar han ei rid. Og då han fekk ølen i seg att, sa han: «Det må eg då segja, at i deg hev eg ein stor rikdom; og sant å segja so finst det vel ikkje so raust og romus ein mann heller, som Steintor mågen min; og vel fer det han hev fenge; det er som eg hadde det under mine eigne hender.» Soleis held han på ei lang stund og rosar Steintor. So gjekk Steintor fram til sengi, og då Atle ser honom, stend han upp og tek vel imot honom. Då mælte Steintor: «No, Atle måg, kva tykkjer du um det at me hev rudt buret ditt?» Atle svara: «Sanningi er, at eg tykkjer det hev fare vel, det du hev fenge; det med vil eg bjoda deg, at du kann taka alt du vil av mitt gods; for eg hev nøgdi av det. Hovdingferd var det då du tok åt deg dei mennene som hev teke hemn for urett; det er von du vil føra saki til endes som ein mann òg.» Då sa Steintor: «Det vil eg beda deg um, måg, at du ikkje gjer deg so stakkarsleg som du hev gjort fyrr; tak deg upp og ha arbeidskarar, og ver umgjengeleg med folk; eg veit du er ikkje slikt eit småmenne, endå det er etter ditt huglynde å låst soleis.» No lova Atle det. Steintor fer heim um dagen. Mågane skildest som dei beste vener; Steintor kjem heim til Øyre, og tykkjer han hev gjort ei god ferd. So sat dei heime på Øyre um vetteren; dei hadde mykje gaman, dreiv skinnleik og slo ball.


17.

Svart heitte ein mann som var træl der på Øyre; han var stor og sterk, so han hadde fire manns styrke; han var god å ha på garden, for han kunde få mykje gjort. So var det ein dag Steintor sende bod etter trælen og sa til honom: «Dei vil du skal vera med oss i leiken i dag; det vantar ein mann.» Svart svara: «Det er ikkje verdt beda meg um det, for eg hev mykje å gjera; og eg tenkjer ikkje at kjempone dine vil gjera arbeidet for meg; men eg skal då vera med, dersom du vil.» Det vert fortalt at Hallgrim skulde stå imot Svart; og det er snarast å segja, at kvar gong dei ber ihop, dett Svart so skorne driv av honom, og han treglar lenge med å få bunde deim på seg att. Soleis gjeng det til langt utpå dagen, og dei hadde mykje lått og løgje med det. Men Håvard kvad ei vise:

«Valbrands søner, som styrer
ville vikinghesten,
feste seg ikkje fåfengt
sko på fot, den gong dei
hemnde min hæve sonen
— minnast skal det, Hildmøy! —
Blåmyri bolnande gjekk i
bylgjor sumardagen.»

Leiken gjekk på det beste. Hallgrim var 18 år den gongen, og såg ut til å verta framifrå mykje til mann når han vart fullvaksen. Det vert fortalt at vetteren gjekk utan noko større hende, heilt til dei skulde til tings. Steintor sa at han ikkje visste kva han skulde finna på til råd for desse felagom; han vilde ikkje ha deim med seg på tinget, men tykte ikkje det var godt å ha deim heime heller, medan tinget var. Nokre få dagar fyre tinget møttest han og Atle. Då spurde Atle korleis han vilde syta for gjestom sine i tingdagane. Steintor sa at han ikkje visste kvar han skulde gjera av deim, soleis at han kunde vera ottelaus for deim: «dersom ikkje du vil taka deim.» Atle mælte: «Lova vil eg å taka imot desse mennene.» — «Då gjer du rett,» sa Steintor. Atle mælte: «So langt eg rekk, skal eg gjeva den hjelpi du ynskjer.» Steintor mælte: «Eg lit fullt og fast på deg i so måte.»


18.

Etter dette fer Håvard og felagane hans burt i lag med Atle, og kjem til Otradal, og Atle tek imot Håvard med båe hender. Det skorta ikkje på det dei trong til, og han gjorde eit gildt gjestebod. Dei var ti våpenføre menn. Atle rudde bui, og stelte til senger åt deim og hengde upp våpni deira, og budde alt på det beste der. Men Steintor bodsender folk, so det skorta ikkje på vener eller frendar; hovdingar òg var han i mågskap med. Han reid til tings med tri hundrad mann, alt saman folk i hans tinglag, vener, frendar og mågar.


19.

Torarin heitte ein mann som var gode vest i Dyrafjorden, ein stor hovding og noko til års; han var bror åt Tjodreks-sønene, men mykje meir tenkt og klok enn hine. Han hadde spurt dråpet på brørne og frendane sine og tykte det var hogge nær innåt han, og han meinte ikkje han kunde halda seg utanfor i denne saki, der ettermålet låg mest på honom. Og fyrr folk rid til tings, stemner han til seg menn rundt i Dyrafjorden, og der han hadde vener og frendar.

Dyre heitte ein mann, som var næst største hovdingen der; dei var mykje gode vener, han og Torarin gode. Son hans heitte Torgrim, og han var fullvaksen mann då dette var. So er sagt um honom, at han var stor og sterk, trollkunnig og mangvis, og fór mykje med galder.

Torarin bar no upp denne saki for venom sine, og dei stemnde alle eitt i det, at Torarin og Dyre skal rida til tings med tvo hundrad mann; men Torgrim Dyreson baud seg til å drepa Håvard og alle dei frendane og felagane. Han sa han hadde spurt at Steintor på Øyre hadde halde deim um vetteren, og lova deim rett på dei som reiste ettermål mot dei frendane. Torgrim sa seg å vita at Steintor hadde ride heimantil med stort fylgje, men at frendane og felagane var komne til Otradal til Atle vesling, mågen hans Steintor; «og inkje skal vera i vegen for å drepa deim alle saman, mann for mann.» Dei tek då den rådi, at Torgrim rid heimantil med attan mann. Det vert ingenting fortalt um ferdi deira, fyrr dei kjem til garden hans Atle i Otradal. Det var tidleg um morgonen, og dei rid nede i ein liten dal, so ingen kunde sjå deim frå garden. Torgrim bad deim stiga av hestane; han vart so svevnug, sa han, so han slett ikkje kunde sitja på hesten. Dei gjer då so: lèt hestane beita. Men Torgrim breidde ein feld yver hovudet på seg og sovna, og bar seg ille i svevnen.


20.

No er det å fortelja um kva dei tek seg til heime på Otradal. Dei søv i utburet um natti, soleis som dei pla. Um morgonen vakna dei med di Atle bar seg fælt i svevnen, so ingen av deim kunde få sova; for han kasta seg rundt, og blés, og slo og spente i sengi både med hender og føter, til Torve Valbrandsson sprang upp og vekte honom, og sa at ingen kunde få sova, slikt ulæte som han gjorde. Atle reiste seg i sæte og strauk seg yver skallen. Håvard spør um han hadde havt noko draumsyn. Han sa det var ikkje fritt for det: «Eg tykte at eg gjekk ut or buret og såg syttan vargar i fylgje sprang sunnantil på vollen; men fyre vargom sprang der ei revtik; det var so sløgt eit kvikende at eg aldri slikt hev sét; ho var øgjeleg og ilskleg og glirte rundt ikring og hadde augo burti alt; og alle dyri såg hækne ut. Men då dei var komne heim til garden, vekte Torve meg; men eg veit visst, at dette er manne-fylgjor; la oss stå upp straks.» Atle gjorde som hans vis var, sprett upp og riv på seg trøya, og ut so snøgg som ei pil. Men dei andre tek våpni og klædi sine og budde seg som best. Og då dei var vel ferdige, kom Atle inn att, og då hadde han fenge sterk brynje på, og hadde eit nake sverd i handi. Då mælte Atle: «Det er likt til at dette skal gå soleis som mange hev tymta på: at det ikkje dugde for Steintor måg å lata dykk koma her ned. No bed eg um det, at de lét meg skipa det heile for oss. Mi fyrste råd er då, at me gjeng ut under husveggen og ikkje lét oss stinga her inne, og det med må de koma i hug, at de ikkje flyr, kor det so gjeng.» Dei segjer at so skal det vera.


21.

So er det å fortelja um, då Torgrim vaknar; han hadde vorte varm. «No hev eg vore framme på garden ei stund,» sa han, «og det gjeng so reint i tunn for meg at eg hev ikkje greide på meg; men like vel skal me gå fram på garden. Eg tenkjer me skal brenna deim inne; det synest meg kunna vera snarast frå seg gjort.» Dei tek no våpni sine og gjeng fram på vollen. Og då Atle og hans fylgje såg deim, sa han: «Det er min tanke, at der kjem dyrfjordingar, og i brodden for deim Torgrim Dyreson, som er den verste og mest trollkunnige mann i heile Dyrafjorden. Dei er beste vener med Torarin, som hev ettermålet etter brørne sine. Eg etlar meg mot Torgrim, endå det ser urimeleg ut; men deg, Håvard, etlar eg å gå imot tvo; du er røynd og ei dugeleg kjempe; Hallgrim frenden etlar eg tvo av dei likaste; Torve og Øyolv Valbrandssøner etlar eg fire, og Odd og Tore Torbrandssøner like eins fire; Grim og Torstein Torbjørnssøner etlar eg tri; men Torhall og hus-karen min etlar eg kvar sin.» Då Atle hadde skipa alt til som han vilde, kjem Torgrim og fylgjet hans sunnantil fram mot husi. Dei ser no, at der er det annarleis fyrebutt enn dei venta; der stend det menn med våpen, ferdige til å taka imot deim. Då mælte Torgrim: «Kven veit um ikkje Atle, den kraken, er klokare enn me tenkte; men like vel skal me gå imot deim med eitt.» Mennene set no på, soleis som det var avgjort. Fyrste åtaket var at Atle den vesle renner på Torgrim og høgg til honom tvihendes med sverdet; men det beit ikkje. Dei hogst ei stund; men det beit ikkje på Torgrim. Då mælte Atle: «Du er meir lik til troll enn til mann, med di jarn ikkje bit på deg!» Torgrim svara: «Kor kann du gjera deg so djerv å tala um slikt? for i stad hadde eg då so godt drag på deg og hogg til; men det beit ikkje på den stygge skolten din.» Atle ser no at det ikkje vert noko av på denne måten; so kastar han sverdet og spring inn på Torgrim og legg honom i bakken. No hev han ikkje sverdet hjå seg, men han veit at hine er mange fleire; då kjem han på det, at han bøygjer seg nedåt Torgrim og bit sund barken på honom; og etterpå dreg han honom dit som sverdet hans ligg, og skjer av honom hovudet. Då ser han upp, og vert var at Håvard hev felt den eine av deim han hadde imot seg. Atle spring fyrst dit, og dei skifter ikkje hogg lenge, fyrr den andre fell. Hallgrim hadde drepe båe deim som han hadde mot seg, og Torve like eins; Øyolv hadde drepe den eine av deim han hadde mot seg; Tore og Odd hadde drepe tri, men ein var att; Torstein og Grim hadde felt tvo, men ein var att; Torhall hadde drepe sin motmann; men huskaren hadde ikkje drepe sin. Håvard bed deim stana. Då mælte Torstein Torbjørnsson: «Ikkje skal far min få spyrja det vest på Raudasand, at me brør ikkje vinn med vårt lage som andre menn»; han spring imot ein av deim med øksi i vêret og set henne i hovudet på honom, so han fekk bane med det same. Atle spurde no kvifor han ikkje skulde drepa deim alle saman. Håvard sa at det ikkje vilde vera til noko gagn. Atle sette seg og bad deim leida karane fram åt honom. Han raka av deim alt håret og smurde deim inn med tjøre; so tok han kniven sin or slira og skar øyro av deim alle og sa. at soleis merkte kunde dei fara til Dyre og Torarin; han la det attåt, at no vilde dei kanskje minnast at dei hadde funne Atle den vesle. So fer dei der ifrå, tri i talet; men då dei kom, var dei attan i lag, og alle frøkne og vel budde. Då kvad Håvard ei vise:

«Raust gav me ramnen mette.
Rådleg no i vest og
auster til Isafjords hæve
kjempor ordet gjeng um
hermenn som fór yver fjord til
fræge våpenleik. Men
Valbrands søner i vissa
ikkje slikt vil vyrda.»

Etter dette gjeng dei stad og jordar deim som er falne; sidan tok dei seg den ro og kvild dei trong.


22.

No må me taka til med det, at folk kjem til tings; det vart folksamt der. Der var mange og velvyrde hovdingar; soleis var Gjest Oddleivsson der, Steintor på Øyre, og Dyre og Torarin. Dei tala då um heile saki. Steintor var målsmann for Håvard og hans vener. Han baud semje for deim og skaut saki inn under Gjest Oddleivsson; han kjende best til det heile, sa han. Og med di dei andre visste kva dei hadde fyrebutt, gjekk dei gjerne med på det. Då mælte Gjest: «Sidan dei vil det båe partar, at eg skal hjelpa til, so skal eg ikkje drygja med det. Fyrst skal eg då taka det som me tala um fyrre sumaren: dråpet på Olav Håvardsson, og det set eg til tri mannsbøter; det kann gå upp i upp med dråpet på Sturla og Tjodrek og Ljot, som var drepne saklause å kalla; men Torbjørn Tjodreksson skal liggja ubøtt for si urettvise skuld, og for mange uhøyrde tiltak som han hev gjort både mot Håvard og mot mange andre. Like eins skal brørne Vak og Skarv liggja ubøtte; men dråpet på Brand den sterke skal gå upp i upp med dråpet på Ån, fosterfar hans Hallgrim. For fylgjesmannen til Ljot på Måneberg, som Håvard og hans folk drap, skal dei leggja ei mannsbot. So er det dråpet på Ljot: for det kann eg ikkje setja nokor bot; det er audsynt for alle kor urettvis Ljot hev vore mot Torbjørn og alle andre som han hev kunna koma til med. Det gjekk etter det som rett var, når tvo born kunde drepa ei slik kjempe som Ljot. Torbjørn skal ha til full eige heile den engi som dei tvo åtte ihop. Men til trøyst for Torarin skal desse mennene fara ut or landet: Hallgrim Åsbrandsson, Torve og Øyolv Valbrandssøner, Tore og Odd Torbrandssøner og Torstein og Grim Torbjørnssøner; og med di du er gamal, Torarin, skal dei ikkje koma hit ut att fyrr dei fær spurt at du er avliden. Men Håvard skal flytja sin bustad og ikkje vera i denne fjordungen av landet, og Torhall frenden hans like eins. Eg vil de skal gjera full semje, og det skal vera utan svik på nokor av sidom.» Etter dette gjekk Steintor fram og tok ved semja for Håvard og alle hans felagar på dei skilordi som Gjest hadde fyresett; og so la han det hundradet i sylv, som skulde ut. Torarin og Dyre gjeng viljugt inn på alt, og lést vera velnøgde med avgjersla.

Men då saki var avgjord, kjem øyrelausingane på tinget, og fortel so alle høyrde, det som var hendt på ferdi deira. Alle tykte dette var store tidender, men vel til høves like vel. Folk tykte Torgrim hadde synt stor fiendskap, men fenge lika for det. Då mælte Gjest: «Det er då sannast å segja, at de frendar er framum anna folk i vondskap og skarveferd; eller korleis kunde du finna på dette, Torarin, å låst vilja semjast, men fara med so løynske råder? Sidan eg alt fyrr hev avgjort saki so lempeleg for deg, so lèt eg det no verta ståande med det som er gjort og sagt, endå de Torarin og Dyre var vel verde at avtalen vart gjord utum inkje for dykk, so uærleg de hev fare. Men det skal de ha att for dette, at aldri skal eg stydja dykk i nokor sak meir. Men du, Steintor, fær slå deg til tols med dette; for heretter skal eg hjelpa deg, kven du so hev sak med; du hev i dette bore deg so du hev ære av det.» Steintor sa at Gjest fekk rå mest i so måte; «eg tykkjer no hine er verst farne, dei som hev mist mange menn, og æra attpå.»

Etter det sluttar dei tinget. Gjest og Steintor skilst i stor venskap; men Torarin og Dyre var ovleg misnøgde. Då Steintor kom heim til Øyre, sende han bod etter deim som var i Otradal. Og då dei møtest, fortel dei kvarandre kva som hadde hendt deim. Dei tykte alt hadde vendt seg til det beste. Dei takka Steintor for fyregangen, og sa at Atle mågen hans hadde vore ein god mann for deim, og fortalde kor mannsleg han hadde gjenge fram, og sa at han var ei ovdjerv kjempe. Det var då stor venskap millom mågom. Og sidan vart Atle halden for ein framifrå gjæv og djerv mann, kvart han kom.


23.

So fer Håvard og alle hans fylgjesmenn heim til Isafjord; og det var med stor fagnad at Bjargøy tok imot honom, og federne tok imot sønene; dei tyktest ha vorte unge andre gongen.

No tek Håvard den rådi, at han lagar til og gjer eit stort gjestebod. Han hadde store og gilde hus, og det skorta ikkje på noko slag. Han bed då Steintor på Øyre og Atle, mågen hans, og Gjest Oddleivsson og alle sine mågar og frendar. Det vart ei heil mengd med folk og eit grust lag; dei vert der ei vike alle saman, i glede og gaman. Håvard var grunnrik på allslags eige; og då laget slutta, gjev han Steintor tretti gjeldvêrar og fem uksar, og skjold og sverd, og ein gullring som var ein gild eignelut. Gjest Oddleivsson fekk tvo gullringar og ni uksar. Atle bonde òg fekk gode gåvor; like eins gav han Valbrandssønene, Torbrandssønene og Torbjørnssønene og alle dei andre gåvor av beste slaget, sume gav han våpen og sume gav han andre gode ting. Hallgrim frenden hans fekk sverdet Gunnloge og heil herbunad, mykje god. Han takka deim alle for godt fylgje og mannsleg framgang. Gode gåvor gav han alle deim han hadde bede dit; for det vanta korkje gull eller sylv.

Og etter dette gjestebodet rid Steintor heim til Øyre, og Gjest til Bardastrand og Atle til Otradal. Dei skildest no alle i den største kjærleik. Men dei som skulde fara ut or landet, fer vest til Vadil, og tek ut der ifrå um sumaren. Det gjeng deim vel, og dei kjem til Noreg. Der rådde Håkon Jarl den tidi. Dei var der um vetteren; men um våren fær dei seg skip, fer i viking og vart mykje vidspurde. Dette dreiv dei med i nokre år. Men so var Torarin avliden, og dei fór ut til Island att. Dei vart namngjetne menn; og det er lange sogor um deim her i landet og vida andre stader. Men her skal me ikkje fortelja meir um deim.


24.

So er sagt um Håvard, at han selde eignene sine, flutte til Svarvadardal og upp i ein dal som heiter Uksedal; der sette han bu og vart der nokre år; den garden kalla han Håvardsstad.

Og nokre år seinare fekk Håvard spurt den tidendi at Håkon Jarl var avliden, men at kong Olav Tryggveson var komen der til landet og hadde vorte einvaldskonge yver Noreg, og at han forkynte ei ny og sann tru. Og då Håvard høyrer dette, løyser han upp heimen sin og reiser frå landet med Bjargøy og Torhall frenden sin. Dei kjem og finn kong Olav, og han tek godt imot deim. Då vart Håvard døypt med heile fylgjet sitt, og dei var der um vetteren og hadde god umgang med kong Olav.

Den vetteren døydde Bjargøy; men Håvard og Torhall frenden hans fór ut til Island um sumaren. Håvard hadde med seg ut mykje kyrkjetimber. Han sette bu nedst i Torhallsdal, og bur ikkje lenge der fyrr han vert sjuk. Då kalla han åt seg Torhall frenden sin og mælte: «No er det kome til det med meg, at eg hev fenge sott som vil verta helsotti mi. Det er min vilje, at du skal taka arven etter meg; det unner eg deg godt; du hev tent meg trutt og vore meg til stor hjelp. Du skal flytja upp i øvre Torhallsdalen og byggja ei kyrkje der; og attved henne vil eg verta gravlagd.» Og då han hadde sagt alt fyre soleis som han vilde, døydde han lite seinare.

Torhall drygde ikkje, men gjorde seg ferdig og flutte upp i dalen og bygde der ein drusteleg gard, som han kalla Torhallsstad. Han fekk ei god gifte, og det er mange ætta ned frå honom. Her budde han til sin alderdom. So er sagt, at då kristendomen kom til Island, lét Torhall byggja ei kyrkje på garden sin, av det timberet som Håvard førde med seg; det var eit prydeleg hus, og Håvard vart gravlagd der ved kyrkja. Det tykte folk, at han hadde vore ein framifrå hæv mann.

Og med det endar me denne soga.