Soga um Magnus Erlingsson

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Magnus Erlingsson

[1161—1177]

1. Etter at Erling hadde vorti vis med kva Haakon og mennane hans hadde raadlagt um, sende han bod til alle hovdingane som han visste hadde vori trufaste venir til kong Inge, og til hirdflokken og dei handgjengne mennane hans som var komne undan, og til drengine hans Gregorius, og sette stemnelag med deim. Daa dei møttest og tala med kvarandre, raadde dei av radt, at dei skulde halda flokken samla, og dette gjorde dei ei fast avtale um. Sidan tala dei um kven dei skulde taka til konge. Daa tala Erling Skakke og spurde um hovdingane og andre stormenn vilde at dei skulde taka til konge son hans Simon Skaalp og dotterson hans Harald Gille, og at Jon Hallkjelsson skulde binda seg til aa vera formann for flokken. Daa Jon drog seg undan, spurde dei Nikolas Skjaldvorson, systerson til kong Magnus Berrføtt, um han vilde vera hovding for flokken. Han svara soleis, at de var hans raad aa taka den til konge som av kongsætt var komin, og taka den til aa raada for flokken som ein kunde venta forstand av; daa vart de lettare for aa faa folk. Daa spurde dei Arne Kongsmaag, um han vilde lata ein av sønine sine, brørane til kong Inge, taka til konge. Men han svara so, at son hennar Kristin, dotterson til kong Sigurd Jorsalafar, var mest ættborin til kongedøme i Norig; «og der er de og ein mann,» sagde han, «til aa hjelpa han med styringi, som er skyldig til aa hava umsut med honom og rike, og de er Erling far hans, som er ein klok og streng mann og mykje røynd i slag og ein god landsstyrar; de vil ikkje skorta honom paa framferd til aa gjera dette, berre lukka er med.» Mange studde denne raadi. Erling svara: «So høyrest de ut for meg, liksom dei fleste som me prøver med heller vil bera seg undan enn taka paa seg denne vanskelege saki. No synest de meg so, at de er reint uvisst, soframt me vil setja dette i verk, um den som tek paa seg hovdingskapen fær kongedøme, eller um de gjeng so, som de no alt hev gjengi so mange som hev teki paa med so stort eit tiltak, at dei for den sak hev mist all sin eigedom og live attpaa. Men fær no dette framgang, daa kan de nok henda, at de var nokre som gjerne hadde teki mot dette tilbode. Den som no tek vaagnaden paa seg, han kan difor trenga sterke trygderaadir, so han ikkje skal møta motstand og fiendskap av deim som no er med paa denne avtala.» Alle samtykte dei i de, at dei skulde gjera dette samlage med full truskap. Daa sagde Erling: «Eg for min part kan segja de, at eg tykkjer mest de er visse dauden for meg aa tena Haakon; og endaa eg tykkjer at dette tiltake vaart er so faarlegt som de kan vera, so vil eg likevel heller vaaga paa aa lata dykk raada soleis at eg tek paa meg styringi yvi flokken, soframt De alle ihop er samstelte og huga paa de, og soframt De alle vil binda dykk til de og gjera eiden paa de.» Alle samtykte dei dette, og paa dette møte vart de vedteki, at dei skulde taka Magnus Erlingsson til konge. Sidan heldt dei ting i byen, og paa de tinge tok dei Magnus til konge yvi heile lande. Daa var han 5 vetrar gamal. Sidan gjekk dei i tenesta hans alle dei som der var, og som hadde vori handgjengne menn til kong Inge, og kvar fekk hava den namnbot[1] som han fyrr hadde havt under kong Inge.


2. Erling Skakke gav seg paa vegen og raadde seg til skip, og hadde med seg kong Magnus og alle dei handgjengne mennane som der var. Paa denne ferdi hadde han med seg Arne Kongsmaag og Ingerid, mor til kong Inge, og dei tvo sønine hennar, og Jon Kutitsa, son hans Sigurd Stork, og drengine hans Erling og deim som hadde vori drengine hans Gregorius, og dei hadde 10 skip i alt. Dei fór sør til Danmark til kong Valdemar og Burits Heinreksson, bror til kong Inge. Kong Valdemar var nærskyld til kong Magnus, daa Ingebjørg, mor til kong Valdemar, og Malmfrid, mor hennar Kristin, som var mor til kong Magnus, var systrar og døtrar til kong Harald aust i Gardarike, som var son hans Valdemar Jarisleivsson.[2] Kong Valdemar tok godt imot deim, og han og Erling hadde møte og raadleggjingar lange stundir, og so mykje kom ut av samtala deira, at kong Valdemar skulde gjeva kong Magnus all den hjelp av rike sitt som han trong um, so han kunde vinna Norig og forsvara de. Men Valdemar skulde hava de rike i Norig som dei gamle frendane hans hadde havt, Harald Gormsson og Svein Tjugeskjegg, og de var heile Viki nord til Rygjarbit[3]. Dette gjorde dei ei fast avtale um, og gjorde eiden sin paa de. Sidan laga Erling og Magnus seg til aa fara fraa Danmark og siglde ut fraa Vendilskage[4].


3. Kong Haakon fór strakst um vaaren etter paaske[5] nord til Trondheim, og daa hadde han alle dei skipi som kong Inge hadde aatt. Kong Haakon heldt ting i kaupangen og vart tekin til konge yvi heile lande. Daa gav han Sigurd fraa Røyr jarlsnamn, og han vart tekin til jarl der. Sidan fór han og Haakon sør-paa att og alt aust til Viki, og kongen fór til Tunsberg, men sende Sigurd jarl aust til Konghelle til aa verja lande der med ein lut av heren, um Erling kom sunnantil. Men Erling og hans styrke kom til Agdir og heldt strakst nord til Bjørgvin, og der drap dei Arne Brigdarskalle, syslemannen til kong Haakon, og so fór dei derfraa austetter mot kong Haakon. Men Sigurd jarl hadde ikkje merka noko til at Erling var komin sunnantil, og daa var han endaa aust ved Elvi, og kong Haakon var i Tunsberg aaleine. Erling lagde aat ved Rossanes[6] og laag der nokre nætar, men Haakon laga seg til i byen. Erling lagde inn til byen, og han tok eit handelsskip og ladde med ved og halm og kveikte eld paa, og daa vinden bar inn til byen, dreiv skipe mot byen. Han lét bera tvo kabbel-tog um bord paa handelsskipe, og gjorde deim fast i tvo skutur, og lét deim ro etter, etter kvart som handelsskipe dreiv fyri. Daa elden var komin tett inn imot byen, tok dei som var paa skutune tak i kabbel-togi og heldt fast, so byen ikkje skulde brenna, men røyken lagde seg so tett yvi byen, at dei inginting kunde sjaa fraa bryggjune, der som fylkingi til kongen stod. Sidan lagde Erling med heile floten innetter i høgd for elden,[7] og skaut upp paa deim. Men daa bymennane saag at elden nærma seg husi deira, og mange vart saara av skoti, so heldt dei raad og sende presten Roald Langtala ut til Erling, til aa faa grid for seg og byen av Erling, og daa Roald sagde deim at dei hadde fengi grid, gjekk dei ut or kongens fylking. Men daa mannskape fraa byen var burte, og mannskape tynntest paa bryggjune, var de endaa nokre av mennane hans Haakon som eggja til motstand, men Onund Simonsson, som daa hadde mest aa segja yvi heren, sagde: «Eg vil ikkje slaast, so Sigurd jarl kan faa magti, naar han ikkje er her sjølv.» Dermed flydde Onund og so heile mannskape med kongen og fór upp i lande, og der fall de mange av mannskape hans Haakon. De var ein som kvad ei vise um at Onund ikkje vilde slaast fyrr Sigurd jarl kom sunnantil med drengine, og at dei gjæve kjempune hans Magnus fór upp i gatune, men haukane hans Haakon skunda seg hardt undan. Torbjørn Skakkeskald fortél og um dette. Kong Haakon fór landvegen nord til Trondheim, og daa Sigurd jarl spurde dette, fór han, med alle dei skipi han kunde faa, sjøvegen nordetter til kong Haakon.


4. Erling Skakke tok alle dei skipi i Tunsberg som kong Haakon aatte, og der fekk han Bøkesudi og, som kong Inge hadde aatt. Sidan fór Erling og lagde heile Viki under Magnus, og alt lande nordetter, kor han kom, og sat um vetteren i Bjørgvin. Daa lét Erling drepa Ingebjørn Sipil, som var lendmannen til kong Haakon nord i Fjordane. Kong Haakon [1162] sat i Trondheim um vetteren, men vaaren etter baud han ut leiding og laga seg til aa fara sør mot Erling. Han hadde med seg Sigurd jarl, Jon Sveinsson, Eindride Unge, Onund Simonsson, Filippus Petersson, Filippus Gyrdsson, Rognvald Kunta, Sigurd Kaapa, Sigurd Hjupa, Frirek Kjøna, Aaskjel paa Forland, Torbjørn, son hans Gunnar gjaldkere, og Stad-Bjarne.


5. Erling var i Bjørgvin og hadde eit stort mannskap, og han tok den raadi, at han lagde farbann[8] for alle handelsskipi som vilde fara nord til kaupangen, for di han tenkte at Haakon altfor snart vilde faa nysn um han, naar skipi fór imillom; men han sagde at grunnen var den, at de var betre, at Bjørgvinsmennane fekk dei varune som var paa skipi, um so eigarane laut selja deim billegare enn dei totte var rimelegt, heller enn at dei skulde koma i hendane paa fiendane og uvenine deira, so dei fekk gagn av deim. Daa samla de seg skip til byen, daa de kom mange kvar dag, men ingi fór burt. Daa lét Erling setja paa land dei lettaste skipi sine, og sette ut de orde, at han vilde bida der og gjera motstand med hjelpi som han fekk av venine og frendane sine. Men ein dag lét Erling blaasa alle styremennane paa handelsskipi til stemne, og daa gav han alle styremennane lov til aa fara, kor dei vilde. Daa dei no hadde fengi lov av Erling Skakke til aa sigla, dei som raadde for handelsskipi, og alt laag seglbudde med all farmen sin, nokre paa handel og nokre i andre ærendir, og de var god vind til aa sigla nordetter med lande, so hadde dei siglt fyri non[9] alle dei som var reiduge, og di raskare skip dei hadde, di hardare dreiv dei paa, og kappsiglde med kvarandre. Daa no denne floten kom i ein flokk nord til Møre, daa var heren til kong Haakon der, og han sjølv heldt paa og samla folk og budde seg til og stemnde til seg lendmenn og leidingsfolk, og daa hadde han ikkje høyrt tidendir fraa Bjørgvin paa ei lang stund. Men no høyrde dei sameleis av alle dei skipi som kom sunnantil, at Erling Skakke hadde sett skipi sine paa land i Bjørgvin, og der fekk dei no leita han upp, men dei sagde at han hadde mykje folk. Derfraa siglde Haakon til Veøy[10], men sende nokre av mennane sine, Sigurd jarl og Onund Simonsson, inn i Raumsdal til aa samla folk og skip, og han sende menn baade til Nordmøre og Sunnmøre. Daa kong Haakon hadde vori nokre faa dagar i byen, siglde han burt og noko lenger sør-paa, og tenkte at daa kunde dei so mykje fyrr taka paa med ferdi si, og mannskape vilde koma snarare til han. Erling Skakke hadde gjevi handelsskipi lov til aa sigla fraa Bjørgvin um sundagen, men tysdagen, daa morgonmessa var slutta, lét han blaasa i kongsluren og stemnde til seg mannskape og bymennane og skuva paa vatne dei skipi som han fyrr hadde sett paa land. Daa heldt Erling hus-ting med mannskape sitt og leidingsfolke og sagde deim kva han etla seg til, og nemnde ut skipsførarar og lét lesa upp namni paa deim som skulde vera paa kongsskipe. Tinge slutta med de, at Erling bad kvar laga seg til i sitt rom, der han skulde vera, og sagde at den skulde missa liv eller lemir, som vart etter i byen, naar han lagde ut med Bøkesudi. Orm Kongsbror lagde strakst ut med sitt skip um kvelden, og de same gjorde dei fleste av dei skipi som hadde legi paa vatne.


6. Onsdagen, fyrr messa vart sungi i byen, siglde Erling burt fraa byen med heile floten. Dei hadde 21 skip, og de blés ein strjukande bør nordetter langs med lande. Erling hadde med seg kong Magnus, son sin, og der var mange lendmenn, og dei hadde utifraa vakkert mannskap. Daa Erling siglde nord um Fjordane, sende han ei skute inn fraa skipsleidi til garden hans Jon Hallkjelsson, og lét taka Nikolas, son hans Simon Skaalp og hennar Maria, dotter hans Harald Gille, og dei hadde han med seg ut til floten, og han kom um bord paa kongsskipe. Fredagen, strakst i otta, siglde dei til Steinavaag[11]. Daa laag kong Haakon i ei hamn[12] og hadde 14 skip. Han sjølv og mennane hans var uppe paa øyi og leika seg, men lendmennane hans sat paa ein haug. Daa saag dei ein baat kom roande sunnantil imot øyi; de var tvo mann i baaten, og dei rodde so kvast, at dei lagde nakken i kjølen og tøygde seg likso mykje fram-yvi, og daa dei kom til land, feste dei ikkje baaten, men sette paa sprange baae tvo. Daa stormennane saag dette, rødde dei seg imillom um at desse mennane visst hadde tidendir aa segja, og dei stod upp og gjekk imot deim. Strakst dei møttest, spurde Onund Simonsson: «Kan De segja noko um Erling Skakke, med di De fer so heitt?» Daa svara den som fyrst kunde faa upp maale for trøyttleike: «Her sigler Erling sunnantil imot dykk med 20 skip eller so ved lag, og mange av deim er dugeleg store, og no kan De snart sjaa segli deira.» Daa svara Eindride Unge: «For nær nosi, sagde kallen, vart skotin i auga.» Dei skunda seg strakst dit som dei leika seg, og strakst etter lét luren og blés til slag og kalla heile heren til skipi so fort som mogelegt, og dette var ved de leite daa dei var mest ferdige med mat-lagingi. Daa stemnde alt mannskape til skipi, og kvar sprang ut paa de skipe som var næmast, og skipi vart ujamt manna. Nokre tok til aarane, og nokre reiste mastine og snudde skipi nordetter og stemnde til Veøy; for der venta dei seg mykje hjelp av bymennane.


7. Strakst etter saag dei segli paa floten hans Erling, og so fekk dei auga paa kvarandre. Eindride Unge hadde eit skip som heitte Draglaun, eit stort busse-langskip, og dette hadde for lite mannskap, daa dei som fyrr hadde vori um bord der hadde sprungi yvi paa andre skip, og de var de etterste av skipi hans Haakon. Daa Eindride kom rett ut for øyi Sekken, daa kom Bøkesudi, som Erling Skakke styrde, etter deim og haka seg fast. Daa var skipe hans Haakon mest komi inn til Veøy, daa dei høyrde at lurane gjekk; for dei skipi som var næmast snudde att og vilde hjelpa Eindride, og no lagde dei til slag fraa baae sidur, som dei best kunde koma til. Paa mange skip kom segle ned tverskips, og dei batt ikkje ihop skipi, og dei lagde seg side um side. Slage varde ikkje lengi, fyrr mannskape spreiddest paa skipe til kong Haakon; sume fall, og sume sprang yvi bord. Haakon slengde yvi seg ei graa kappe og sprang um bord paa eit anna skip, men han hadde ikkje vori der lengi, fyrr han tottest merka at han var komin millom uvenir, og daa han no saag seg um, saag han ingin av mennane eller skipi sine nære ved. Daa gjekk han um bord paa Bøkesudi og fram til mannskape i stamnen og bad um grid, og stamnbuane tok han til seg og gav han grid. I denne slaastingi hadde de vori stort mannfall, men mest av mennane hans Haakon. Paa Bøkesudi var Nikolas, son hans Simon Skaalp, fallin, og dei gav Erlings-mennane sjølve skuldi for dette draape. Dermed vart de eit stans i slage, og skipi skildest fraa kvarandre. Daa vart de fortalt Erling, at kong Haakon var der um bord, og at stamnbuane hans hadde teki Haakon til seg og truga med at dei vilde verja han. Erling sende ein mann fram i skipe og bad han segja stamnbuane de, at dei skulde vakta paa Haakon so at han ikkje kom burt, men sagde at han skulde ikkje segja imot at kongen fekk grid, um stormennane raadde til de, og Haakons-mennane so prøvde paa aa faa forlik. Stamnbuane sagde at han skulde hava takk og ære for dette. Daa lét Erling blaasa kvast i luren og bad mennane sine at dei skulde leggja imot dei skipi som ikkje var rudde endaa, og sagde at dei kunde ikkje faa betre aaføre til aa hemna kong Inge. Daa sette alle i herrop og eggja kvarandre upp og rodde fram. I dette staake fekk kong Haakon banesaar. Men daa han var fallin, og mennane hans merka de, rodde dei kvast fram og kasta skjoldane og hogg med baae hendane og vyrde ikkje live. Men de at dei var so uvyrdne vart deim snart til stor skade, for di at daa fann mennane hans Erling berre hoggstadir paa deim, og ei heil mengd fall av mannskape til kong Haakon, og de kom seg mest av di, at folkemunen var stor og mennane hans Haakon ikkje livde seg vidare, men ingin turvte nemna grid av Haakonsmennane, so nær som berre dei som stormennane tok i si varetekt og lova løysepengar for. Av heren til kong Haakon fall: Sigurd Kaapa, Sigurd Hjupa og Rognvald Kunta. Men nokre skip kom seg undan og rodde inn i fjordane, og soleis berga dei live. Like til kong Haakon førde dei inn i Raumsdal og jorda de der; men kong Sverre, bror hans, førde sidan like til kong Haakon nord til kaupangen, og lét deim leggja de i steinveggen i Kristkyrkja paa sudsida i koren.


8. Sigurd og Eindride Unge, Onund Simonsson, Frirek Kjøna og endaa fleire hovdingar heldt flokken samla og lét skipi etter seg i Raumsdal, og sidan fór dei til Upplandi. Erling Skakke og kong Magnus med sin her fór nord til Nidaros og lagde heile lande under seg, kor dei kom. Sidan lét Erling stemna ihop Øyreting, og der vart Magnus tekin til konge yvi heile lande. Erling gav seg ikkje til der lengi, daa han totte at han og son hans ikkje kunde lita paa trøndine. No vart Magnus daa kalla konge yvi heile lande. Kong Haakon var ein væn mann, velvaksin og høg og smal, men ovende herdebreid, og difor kalla hermennane han for Haakon Herdebreid. Daa han var ung av alder, hadde andre hovdingar styringi. Han var gladværug og smaalaatin naar han tala, vilde gjerne leika og var barnsleg, og aalmugen heldt av han.


9. De var ein upplending som heitte Markus paa Skog[13], som var skyld til Sigurd jarl. Markus fostra son til kong Sigurd Haraldsson, som og heitte Sigurd. Sidan tok upplendingane Sigurd til konge, etter samraad med Sigurd jarl og andre hovdingar som hadde fylgt kong Haakon, og daa hadde dei ein heil styrke paa nytt lag, og flokken fór for de meste i tvo hopar, daa kongen og Markus ikkje vaaga seg so mykje, men Sigurd jarl og hine hovdingane med sitt fylgje var meir i faaren. Dei fór mest umkring paa Upplandi med denne flokken, men stundom ned i Viki. Erling Skakke hadde jamnan Magnus, son sin, med seg, og han hadde heile floten og landverjo og. Han var i Bjørgvin ei stund um hausten, og derfraa fór han aust til Viki og sette seg til i Tunsberg og vetterstelte seg der, og kravde inn all den skatt og skyld der i Viki som kongen hadde rett til, og han hadde stort og vakkert mannskap. Daa Sigurd jarl berre hadde ein litin lut av lande, men mykje folk umkring seg, kom han snart i penge-naud, og der som ikkje hovdingane sjølve var med, der samla dei inn pengar, reint mot lov og rett, snart med grove klagemaal, og snart reint ut med ran.


10. Paa den tid var Norigs rike i stor velmagt; bondefolke var rikt og megtugt og ikkje vant til hardstyre og ufred av flokkar som fór umkring, og de vart snart mykje snakk og forteljingar, naar de vart røva. Vikverjane var heilt-upp venir til kong Magnus og Erling, og de kom mest av di, at kong Inge Haraldsson hadde vori so elska; for vikverjane hadde alltid med sin styrke tent under hans skjold. Erling lét halda vakt i byen, og 12 mann vakte kvar natt. Erling heldt jamleg ting med bøndane, og daa tala dei tidt um alle ugjerningane av mennane hans Sigurd. Og Erling og hine hermennane tala so lengi for bøndane, at bøndane gjorde staak og vel-læte til de, at de vilde vera eit fagna verk, um dei stelte de so, at den flokken aldri kom til aa trivast. Arne Kongsmaag tala lengi um dette, og paa slutten med harde ord; han bad alle mann som var paa tinge, baade hermenn og bøndar og bymenn, at dei med vaapntak etter lovi skulde døma Sigurd jarl og heile flokken deira til fanden baade livande og daude. Og so harm og ustyrleg var aalmugen, at alle samtykte dette, og denne uhøyrde domen vart avsagd og vedtekin paa den maaten som de stod i lovi at ein skulde døma paa tinge. Presten Roald Langtala, som var ein ordhag mann, tala og um denne saki, og hans tale gjekk mest ut paa de same som de dei andre hadde sagt. Erling heldt gjestebod i joli i Tunsberg, og reidde ut løningi til hermennane ved kyndilsmess.


11. Sigurd jarl fór med de beste mannskape han hadde umkring i Viki, og mykje folk gjekk under han for de han hadde yvimagti, og mange gav pengar. Soleis fór han mange stadir uppe i lande og kom fram her og der. De var sume i flokken hans som løynleg bad Erling um grid, og dei fekk de svare igjen, at alle som bad um grid skulde faa hava live, men berre dei skulde faa vera i lande som ikkje hadde forbroti seg grovt imot Erling. Men daa mennane som var i flokken høyrde de, at dei ikkje skulde faa vera i lande, so gjorde dette mykje til aa halda ihop flokken; for de var mange av deim som visste de med seg sjølve, at Erling med god grunn meinte dei hadde forbroti seg mykje mot han. Filippus Gyrdsson tok imot forlik av Erling, og fekk att eigedomane sine og fór attende til garden sin; men strakst etter kom mennane hans Sigurd og drap han. Mykje skade gjorde dei kvarandre med yvifall og manndraap, men de er ikkje uppskrivi anna enn de som hovdingane sjølve var med i.


12. I fyrstningi av fasta[14] kom de nysn til Erling um [1163] at Sigurd jarl vilde fara imot han; dei spurde til han her og kvar, stundom næmare og stundom lenger burte. Erling sende ut spæjarar, so han kunde faa nysn um de, kor so Sigurd kom fram. Kvar kveld lét han blaasa heile heren upp fraa byen og, og dei laag samla um nætane, og heile heren var skift i fylkingar. Daa fekk Erling nysn um at Sigurd jarl og flokken hans ikkje var langt derifraa uppe paa Re[15], og daa gav Erling seg paa vegen fraa byen og hadde med seg alle deim som var stridsføre og væpna av bymennane, og sameleis kaupmennane, so nær som 12 mann, som var etter og heldt vakt i byen. Han fór fraa byen tysdagen i den andre viko i langefasta etter non, og kvar hadde med seg mat til tvo dagar. Dei kom ikkje i veg fyrr um natti, og de gjekk seint med aa faa folke ut or byen. De var tvo mann um ein hest og ein skjold. Daa dei heldt manntal, var de innpaa 1300 mann. Daa dei møtte spæjarane sine, høyrde dei at Sigurd jarl var paa Re, paa ein gard som heiter Ravnnes[16], med 500 mann. Daa lét Erling kalla ihop folke og sagde den tidendi han hadde spurt, og alle mana paa at dei skulde skunda seg og kringsetja husi og slaast strakst um natti. Men Erling sagde so: «De er ventelegt, at me og Sigurd jarl snart møtest, og i flokken deira er de mange andre menn og, som hev gjort slike gjerningar at me ikkje gløymer deim, daa dei hogg ned kong Inge og mange andre av venine vaare, som de vilde vera seint aa faa tal paa. Desse ugjerningane gjorde dei med fandens hjelp og trolldom, og attaat nidingskap; for de stend i vaar lov og landsrett, at ingin mann hev forbroti seg so mykje, at de ikkje er nidingsverk og mord naar folk drep kvarandre um natti. Men denne flokken hev freista paa aa faa lukka med seg paa den maaten, at dei slæst um natti og ikkje under soli, etter som trollmenn raadde deim til, og ved slik framferd hev dei vunni so stor siger, at dei kunde stiga yvi hovude paa so gjæv ein hovding, som dei hev slegi til jordi. No hev me tidt sagt og synt kor skamleg me synest at deira skikk er, at dei hev gjevi seg i slag um natti, og me vil difor heller taka visi etter dei hovdingane som me kjenner betre, og som meir fortener at me likjest deim, og slaast ljose dagen og i fylking, heller enn aa stela oss paa sovande menn um natti. Me hev folk nok imot deim, ikkje større heren enn dei hev. Me skal bida paa dagen og lysingi og halda oss i fylking, um dei vil taka paa oss.» Dermed sette alt mannskape seg ned. Sume tok sund nokre høystakkar og gjorde seg legu av, og sume sat paa skjoldane sine og bida soleis paa lysingi. De var kaldt vér og valleslette[17].


13. Sigurd jarl hadde ikkje fengi nysn um mannskape hans Erling, fyrr de var komi tett innpaa deim. Mennane hans stod upp og væpna seg; men dei visste ikkje rett kor stort mannskap Erling hadde, og sume vilde fly, men dei fleste vilde bida. Sigurd jarl var ein klok mann og god til aa tala for seg, men han gjekk ikkje for aa vera vidare modig, og no hadde han mest hug paa aa fly og, og for dette fekk han høyra mykje vondt av hermennane sine. Daa de tok til aa lysa, gav dei seg til aa fylkja mannskape paa baae sidur. Sigurd jarl fylkte uppe paa ei brekke ovanfor brui, millom den og garden Ravnnes; ei liti aa[18] renn der; men Erling fylkte paa hi sida av aai. Bak fylkingi hans var de menn til hest, godt væpna, som hadde kongen imillom seg. Daa saag jarlsmennane at de vart nok stor folkemun, og tala paa at de var de beste no aa setja til skogs; men daa svara jarlen: «De segjer de, at de skortar meg paa mod, men de skal me no prøva; no lyt kvar agta seg, at han ikkje flyr eller gjev seg fyrr eg. Me hev eit godt slag-stelle, lat so deim ganga yvi brui; men naar merke kjem yvi brui, daa skal me støyta oss yvi deim utfor brekka, og daa lyt ingin fly fraa dei andre.» Sigurd jarl hadde ein brun-lita kjole og ei raud kappe med upp-bundne flak, og hudsko paa føtane,[19] og han hadde skjold og eit sverd som dei kalla Bastard. «Gud er mitt vitne,» sagde jarlen, «at eg heller vilde naa Erling Skakke med eit einaste hogg av Bastard enn aa faa mykje gull.»


Erik Werenskiold: Erling og mennane hans gjeng yvi aai.


14. Heren hans Erling Skakke vilde ganga fram til brui, men Erling bad deim snu upp langs aai. «Denne aai er liti,» sagde han, «og de er minst fyri aa koma yvi, daa de er flatt paa sidune.» Dei so gjorde. Fylkingi til jarlen fór upp etter brekka beint imot deim, men daa de var slutt med brekka og de var godt og slett yvi aai, sagde Erling at mennane hans skulde syngja Pater noster[20] og beda at dei maatte vinna som hadde retten paa si side. Daa song alle høgt Kyrial[21], og alle slo med vaapni paa skjoldane sine. Ved dette staake var de 300 mann av heren hans Erling som rømde og flydde. Daa Erling og mannskape hans gjekk yvi aai, sette jarls-mennane i her-rop, men de vart ikkje noko av med aa setja ned yvi bakken imot fylkingi hans Erling, og slage tok til fremst paa brekka. Fyrst slost dei med spjot, men strakst vart de strid med hoggvaapn, og merke til jarlen seig tilbake, so Erling og mennane hans kom upp paa brekka. Daa vart de ikkje noko langt slag, fyrr mannskape til jarlen flydde til skogen, som dei hadde bak seg. Dette vart fortalt Sigurd jarl, og dei bad han fly, men han svara: «Fram no, so lengi me kan!» og dermed gjekk dei djerveleg fram og hogg til baae sidune. I denne slaastingi fall Sigurd jarl og Jon Sveinsson og innpaa 60 mann. Erling miste lite folk og jaga deim som flydde, til skogen; der stansa han mannskape og snudde. Han kom dit som Sigurd jarl laag, og daa heldt trælane til kongen paa og vilde draga klædi av han, og daa var han ikkje reint slokna endaa, men han visste ikkje til seg. Han hadde stungi sverde i sliri, og de laag utmed han; Erling tok de upp og slo trælane med de og sagde dei skulde hava seg undan. Dermed snudde Erling att med mannskape sitt og sette seg til i Tunsberg. Sjau dagar etter jarlen var fallin tok mennane hans Erling Eindride Unge og drap han.


15. Markus fraa Skog og Sigurd, fosterson hans, drog ned i Viki, daa vaaren kom, og fekk seg skip der. Daa Erling spurde de, fór han aust etter deim, og dei møttest i Konghelle. Markus og Sigurd flydde ut paa øyi Hisingen, og der kom Hising-buane ned og stelte seg i fylking med mennane hans Markus. Erling og mennane hans rodde mot land, men mennane hans Markus skaut paa deim. Daa sagde Erling til mennane sine: «Lat oss taka skipi deira og ikkje ganga upp og slaast med landsfolke; Hising-buane er ikkje gode aa setja paa, de er harde og uvituge karar; men dei skal ikkje lengi hava denne flokken med seg, for Hisingen er eit lite land.» Dei so gjorde og tok skipi og hadde yvi til Konghelle. Markus og hans mannskap fór upp til Markir[22] og etla seg til aa falla inn derfraa, og daa hadde dei nysn um kvarandre. Erling hadde mykje mannskap med seg, som han baud ut fraa bygdine, og no gjorde dei yvifall paa kvarandre.


16. Øystein, son hans Erlend Himalde, vart vald til [1161] erkebisp, daa erkebisp Jon var slokna, og vart vigd same aare som kong Inge fall. Daa erkebisp Øystein kom paa bispestolen, vart han godt lika av heile landsfolke; han var ein manndoms-mann og storætta. Trøndine tok godt imot han, daa dei fleste stormennane i Trondheim og erkebispen var ihop-bundne ved frendskap eller giftarmaal, og alle var heiltupp venine hans. Daa tok erkebispen til aa tinga med bøndane, og tala fyrst um at de skorta bispestolen paa pengar, og kor stor framhjelp de skulde til for bispestolen, um han skulde haldast so mykje sømelegare enn fyrr, som han no var høgre i ære enn fyrr, no daa han var gjord til erkebispestol. Han bad bøndane um de, at dei skulde betala pengebøtar til han med sylv-verd, men fyrr betalte dei han mynta øyre, liksom naar dei betalte pengebøtar til kongen, og skilnaden er so stor at ein mynta øyre er berre helvti av den som han vilde hava, ein øyre sylv-verd.[23] Frendane og venine til erkebispen og hans eigi framferd gjorde daa so mykje at dette gjekk igjenom, og dette vart dømt aa vera lov i heile Trondheim og i dei fylke som høyrde til hans erkebispedøme.


17. Daa Sigurd og Markus hadde mist skipi sine i Elvi, og saag at dei ikkje fekk tak paa Erling, snudde dei til Upplandi og fór landvegen nord til Trondheim. Der tok dei godt imot deim, og dei tok Sigurd til konge der paa Øyreting. Mange sønir til gjæve menn gjekk inn i flokken deira, og dei fekk seg skip og skunda seg og laga seg til, og daa sumaren kom, fór dei sør til Møre og tok alle dei kongelege innkomune, kor dei kom. De var fleire lendmenn i Bjørgvin til aa verja byen, Nikolas Sigurdsson, Nokkve[24] Paalsson og endaa fleire herførarar, Torolv Dryll og Torbjørn gjaldkere og mange andre. Markus og Sigurd siglde søretter, men daa dei spurde at Erlings-mennane var mannsterke i Bjørgvin, siglde dei utanskjers framum byen. De var eit aalment ord, at den sumaren hadde Markus-mennane bør, kor dei vilde sigla.


18. Strakst Erling Skakke spurde at Markus og Sigurd var farne nord til Trondheim, drog han nord i Viki og samla folk og vart snart mannsterk, og hadde mange store skip. Men daa han siglde ut i Viki, fekk han motvind og laag lengi her og kvar i hamnine heile den sumaren. Daa no Markus og Sigurd kom aust til Lista, og dei spurde at Erling hadde ein uhorveleg stor her i Viki, snudde dei nordetter att. Daa dei kom til Hordaland, etla dei seg til Bjørgvin, men daa dei kom utanfor byen, rodde Nikolas og hine ut imot deim, og hadde mykje meir folk og større skip. Daa saag Markus og Sigurd ingin annan utveg for seg enn aa ro undan søretter, og sume sette ut til havs, og sume sør i sundi og sume inn i fjordane. Markus og nokre andre sprang upp paa ei øy som heiter Skarpa[25]. Nikolas og hine tok skipi deira og gav Jon Hallkjelsson og nokre andre menn live, men drap dei fleste som dei naadde i. Nokre dagar etter fann Eindride Heidafylja Sigurd og Markus og tok deim med til Bjørgvin. Sigurd vart halshoggin ut-for Gravdal[26], og Markus og ein til vart hengd paa Kvarvsnes[27]. Dette var ved mikjelsmess[28], og dermed dreiv den flokken som hadde fylgt deim fraa kvarandre.


19. Frirek Kjøna og Bjarne Ille, Onund Simonsson og Ørnolv Skorpa hadde rott ut til havs med nokre skip, og siglde utanskjers austetter langs med lande, og kor dei kom til land, røva dei og drap venine hans Erling. Daa Erling spurde at Markus og Sigurd var drepne, gav han lendmennane og leidingsfolke heimlov, men han sjølv med sitt mannskap siglde aust yvi Foldi; for der fekk han spurlag paa Markus-mennane. Erling fór til Konghelle og gav seg til der um hausten. Fyrste viko av vetteren[29] fór Erling ut til øyi Hisingen med mykje folk og kravde ting der, og Hising-buane kom ned og heldt ting. Erling reiste klagemaal imot deim, for di dei hadde slegi lag med flokken til Markus-mennane og hadde stelt upp mannskap imot han. Der var ein mann som heitte Ossur, som var den megtugaste av bøndane, og han tala paa deira vegne. Tinge varde lengi, men sistpaa vedtok bøndane at Erling skulde døma i saki, og han sette stemnelag med deim, at dei skulde koma til byen um ei viku, og nemnde 15 mann av bøndane, som skulde koma der. Daa dei kom, dømde Erling deim til aa bøta 300 naut. Dermed fór bøndane heim og lika ille paa leiken. Strakst etter lagde de seg is paa elvi, og skipi hans Erling fraus inne. Daa heldt bøndane boti att og laag i ein flok ei stund. Erling stelte til eit jolelag, men Hising-buane hadde fønningslag og heldt seg i flokk i joli. Natti etter femte dag jol fór Erling ut til øyi og kringsette huse hans Ossur og brende han inne, og han drap 100 mann i alt og brende tri gardar, og so fór han attende til Konghelle. Sidan kom bøndane til han og greidde boti.


20. Erling Skakke laga seg til strakst um vaaren, de fyrste han kunde faa skipi sine paa flot for isen, og siglde ut [1164] fraa Konghelle, daa han spurde at dei som fyrr hadde vori mennane hans Markus herja nord i Viki. Erling spæja ut, kor dei var, og fór stad og leita etter deim og fann deim i ei hamn som dei laag i. Onund Simonsson og Ørnolv Skorpa kom seg undan, men Frirek Kjøna og Bjarne Ille vart fanga, og mange av flokken deira vart drepne. Erling lét binda Frirek til eit anker og kasta han yvi bord; men for dette verke lagde dei fælt illtykkje til han i Trondheim, for der hadde Frirek ei utifraa god ætt. Bjarne lét Erling hengja, og han gav dei verste fant-ordi fraa seg, slik som hans vis var, fyrr han vart hengd. Dette fortèl Torbjørn Skakkeskald. Onund og Ørnolv og den flokken som var undan-komin flydde til Danmark, men var stundom i Gautland eller Viki.


21. Erling Skakke fór sidan til Tunsberg og gav seg til lengi der um vaaren. Men daa sumaren kom, heldt han nord til Bjørgvin, og der var de mykje folk komi ihop den gongen. Der var legaten[30] Stefanus fraa Rom og erkebisp Øystein og dei andre innanlands bispane. Der var bispen Brand og, som daa var vigd til bisp paa Island,[31] og Jon Loftsson, som var dotterson til kong Magnus Berrføtt, og daa hadde kong Magnus og hine frendane hans godkjent at han var frenden deira. Erkebisp Øystein og Erling Skakke samsnakka tidt og jamt i einmæle, og ein gong høvde de so, at Erling spurde: «Er de sant, herre, som dei segjer, at De hev rekna øyren større, i dei bøtane De skal hava, for bøndane nord i lande?» «De er visst og sant,» svara erkebispen, «at bøndane hev gjengi inn paa aa rekna øyren større i dei bøtane eg skal hava; men de var berre sjølvviljen deira, og eg hev ikkje tvinga deim, og dermed hev dei auka Guds ære og vaar bispestols rikdom.» Daa sagde Erling: «Stend de so, herre, i lovi til den heilage kong Olav, eller hev De drivi noko hardare paa i denne saki enn so som stend skrivi i lovboki?» Daa svara erkebispen: «So hev den heilage kong Olav skrivi lovi, soleis som han fekk ja-minne og samtykkje av aalmugen til; men de finst ikkje i hans lov, at han forbyd aa auka Guds rett.» Erling sagde: «Vil De auka retten Dykkar, so vil De vel styrkja oss, so me kan auka kongens rett likso mykje?» Erkebispen svara: «Du hev alt auka son dins namn og rike nok, og er de ulovlegt, at eg hev teki ein øyre av større verd av trøndine, so tenkjer eg at de lov-brote er større, at den er konge yvi lande som ikkje er kongsson; slikt korkje stend i lovi, og ikkje hev me set døme paa slikt heller her i lande.» Erling sagde: «Daa Magnus vart tekin til konge yvi Norigs rike, so visste baade du og hine bispane her i lande um de og raadde til de.» Daa svara erkebispen: «De lova du daa Erling, at um me samtykte med deg i at Magnus vart tekin til konge, so skulde du styrkja Guds rett i alle maatar av all di magt» «De segjer eg ja til,» svara Erling, «at eg hev lova aa halda Guds lov og landsretten, so mykje eg og kongen orkar. Men no veit eg noko som er betre enn at den eine lastar den andre; lat oss heller halda heile avtala vaar; De skal styrkja kong Magnus i rike, so som De hev lova, og eg skal styrkja Dykkar magt i alt de som er til bate for Dykk.» No gjekk heile samtala venleg millom deim, og Erling sagde: «Um so er at Magnus ikkje er tekin til konge so som gamal skikk er her i lande, so kan De av Dykkar magt gjeva han kruna, soleis som Guds lov er, at ein skal salva kongen til kongedøme. Men endaa eg ikkje er konge eller komin av kongeleg ætt, so hev likevel dei fleste kongane i vaar tid ikkje kjent so godt til lov og landsrett som eg, og mor til kong Magnus er attaat ægtefødd dotter til ein konge og ei dronning, og Magnus er son til ei dronning og ægtevigd kone. Vil no De gjeva han kongs-vigsle, so kan ingin sidan taka kongedøme fraa han med rette. Vilhjalm Bastard var ikkje kongsson, og endaa vart han vigd og krynt til konge yvi England, og sidan hev kongedøme haldi seg i hans ætt i England, og alle hev dei vori krynte. Svein Ulvsson i Danmark var ikkje kongsson han heller, og endaa vart han krynt til konge der, og sidan sønine og etterkomarane hans den eine etter den andre, som alle hev vori krynte kongar[32]. No er de her i lande ein erkestol, og de er ei stor ære og pryde for lande vaart; lat oss no auka den med fleire gode ting, og lat oss hava ein krynt konge likso godt som engelsmennane eller danine.» Sidan tala erkebispen og Erling tidt og jamt um dette, og alt gjekk venskapleg. Sidan bar erkebispen upp dette maalemne for legaten, og fekk lett honom til aa samtykkja. Deretter hadde erkebispen stemne med bispane sine og andre prestar og bar upp dette maalemne for deim, og alle svara sameleis og sagde at dei vilde just de same som erkebispen, og alle talde til, at vigsla skulde koma i verk, strakst dei merka at de var dette erkebispen vilde, og soleis gjorde daa alle denne saki av.


22. Erling Skakke lét stella til eit stort gjestebod i kongsgarden, og den store halli vart klædd med pell og veggtjeld og prydd med stor kostnad. Der fagna han hirdi og alle handgjengne menn; der var mykje gjestebods-folk og mange hovdingar. Daa fekk Magnus kongs-vigsle av erkebisp Øystein, og 5 andre bispar og legaten og ei heil mengd med prestar var med ved vigsla. Erling Skakke og 12 lendmenn med honom svor eiden etter lovi med kongen. Den dagen daa vigsla var, hadde kongen og Erling erkebispen og legaten og alle bispane til gjestir; de var eit drustelegt gjestebod, og Magnus og Erling gav mange og store gaavur. Daa var kong Magnus 8 vetrar gamal, og daa hadde han vori konge i tri vetrar.


23. Daa danakongen Valdemar hadde høyrt tidend fraa Norig um at Magnus no var konge aaleine, og at alle hine flokkane der i lande no var tynte, so sende han menn med brev til kong Magnus og Erling, og minte deim um den avtala som Erling hadde gjort med kong Valdemar, som fyrr er fortalt um, at kong Valdemar skulde faa Viki austantil og radt til Rygjarbit, um Magnus vart einvaldskonge i Norig. Daa sendemennane kom fram og synte Erling breve fraa danakongen, og han skyna kva krav danakongen gjorde paa Norig, so bar Erling dette fram for dei andre mennane som han samraadde seg med. Men de var same munn-kalle paa alle, at dei aldri skulde gjeva danine noko av Norig, for di folk sagde at aldri hadde de vori verre tid i lande enn daa danine hadde magti i Norig. Sendemennane til danakongen dreiv paa si sak for Erling og bad han um ei avgjerd, og Erling bad deim fara med seg aust til Viki um hausten, og sagde at han skulde gjera dette av, naar han hadde funni dei klokaste mennane der.


Erik Werenskiold: Kongen tek hyllest av lendmennane etter vigsla.


24. Erling Skakke fór um hausten aust i Viki og gav seg til i Tunsberg og sende menn yvi til Borg og lét stemna ihop ting fraa 4 fylke i Borg, og sidan fór Erling dit med mannskape sitt. Daa tinge var sett, tala Erling og fortalde um kva avtale han og danakongen hadde stadfest seg imillom, daa Erling og Magnus fyrst hadde samla flokken sin. «Eg vil,» sagde han, «halda alle dei avtalune og, som me gjorde daa, soframt De, bøndane, vil og samtykkjer i heller aa tena danakongen enn den kongen som er vigd og krynt til konge her i lande.» Bøndane svara Erling og sagde so: «Me vil ikkje for alt i verdi verta mennane til danakongen, so lengi de er ein i live av oss vikverjane.» Og no fór heile aalmugen upp med skrik og rop og bad Erling halda eiden sin, som han hadde svori heile landsfolke, at han skulde verja son sins land; «og me skal alle fylgja deg,» sagde dei. Dermed enda dette tinge. Sidan fór sendemennane til danakongen sør til Danmark, og sagde enden paa ærendi deira, slikt som de var. Danine klaga mykje paa Erling og alle nordmennane og sagde at dei hadde aldri røynt anna enn berre vondt av deim, og de orde gjekk, at vaaren etter vilde danakongen hava heren sin ute og herja i Norig. Erling fór um hausten nord til Bjørgvin og sat der um vetteren og reidde ut løningar til hirdmennane.


25. Den vetteren fór de nokre danske menn landvegen nordetter og sagde at dei, som tidt hender, skulde fara til den heilage kong Olav og vaka og beda. Men daa dei kom til Trondheim, raaka dei der mange stormenn og sagde deim ærendi si, at danakongen hadde sendt deim til aa beda trøndine um venskap og at dei skulde taka imot han, um han kom til lande, og at han lova aa gjeva deim baade magt og pengar. Med denne ordsendingi fylgde de brev og innsegl fraa danakongen, og de med, at trøndine skulde senda sine brev og innsegl igjen. Dei gjorde so, og dei fleste tok godt imot denne ordsendingi fraa danakongen. Sendemennane fór attende søretter, daa de [1165] leid ut i langefasta[33]. Erling sat i Bjørgvin; men daa vaaren kom, fortalde venine hans Erling til han um ein nyss dei hadde høyrt av mannskape paa nokre skutur som var komne nordantil Trondheim, at trøndine viste han endefram fiendskap og at dei lyste paa tingi sine, at um Erling kom til Trondheim, skulde han aldri koma ut um Agdenes med live. Erling sagde at slikt var laussnakk og fjas, og lyste at han vilde fara sør til Unarheim[34] til gangdage-tinge[35], og lét bu ei snekkje paa 20 toftur og ei skute paa 15 og eit mat-skip. Men daa skipi var seglbudde, blés de upp med ein kvass sunnanvind. Tysdagen i gangdagane[36] lét Erling blaasa mannskape sitt um bord, men dei var traude til aa fara ut or byen og totte de var ille aa ro mot vinden. Erling lagde inn nord i Biskopshamn[37] og daa sagde han: «De murrar ille og vil ikkje ro mot vinden; tak no og reis mastine og drag so upp segli og lat skipi ganga nordetter.» Dei so gjorde og siglde nordetter heile dagen og natti. Onsdagen um kvelden siglde dei inn um Agdenes, og der fann dei fyri seg ein heil flote av handelsskip og roskip og skutur med folk som skulde inn til byen til helgi[38]; nokre var fyri deim og nokre etter, og difor gav ikkje bymennane gaum etter at de kom langskip siglande.


26. Erling Skakke kom til byen just som dei song ottesong uppe i Krist kyrkja. Erling og mennane hans sprang upp i byen, og der høyrde dei at lendmannen Alv Rode, son hans Ottar Birting, sat endaa og drakk med fylgje sitt. Erling sette paa deim, og Alv vart drepin og mest heile fylgje hans. Av andre menn fall de ikkje mange, daa dei fleste var gjengne i kyrkja. Dette var natti fyri helgetorsdag. Strakst um morgonen lét Erling blaasa alt folke til tings ut-paa øyri, og paa tinge klaga Erling trøndine og skulda deim for lands-svik imot kongen og seg, og nemnde Baard Standale og Paal Andresson og Rassa-Baard, som den gong hadde sysle i byen, og mange andre. Dei svara og drog seg undan klagemaale. Daa stod kapellanen hans Erling upp og heldt upp mange brev og innsegl og spurde um dei kjende innsegli sine, som dei um vaaren hadde sendt danakongen; daa vart brevi upplesne og. Der var dei same danske mennane og, som hadde fari med brevi um vetteren, og de var Erling som hadde sett deim til aa gjera de. No sagde dei for heile aalmugen kva kvar av deim hadde sagt. «Soleis sagde du, Rassa-Baard,» sagde dei, «og slo deg for brjoste: Or dette brjoste kom fraa fyrsten alle desse raadine». Daa svara Baard: «Ør var eg daa, herre min, daa eg sagde slikt.» No var de ikkje onnor raad enn aa lata Erling døma i heile denne saki, og han tok radt svære bøtar av mange menn, og lét alle deim liggja ugilde[39] som var drepne. Sidan fór Erling attende sør til Bjørgvin.


27. Den vaaren hadde kong Valdemar ute ein stor her i Danmark og styrde med den nord til Viki. Strakst han kom i rike til den norske kongen, samla bøndane seg og hadde ein heil hop. Kongen fór fredsamt og roleg, men kor dei kom nær sjølve lande, der skaut nordmennane paa deim, um de so var berre ein eller tvo, og dette totte danine viste full illvilje mot deim av landsfolke. Daa dei kom til Tunsberg, stemnde kong Valdemar Haugating[40] der, men de kom ingin fraa bygdine. Daa tala kong Valdemar og sagde: «De er greidt aa sjaa paa dette landsfolke, at alle stend oss imot. No er de tvo vilkaar for handi; de eine aa fara med herskjold yvi lande og ikkje spara noko, korkje folk eller fe, og de andre er aa fara sør att slik som de er, og de er meir etter mitt lynde aa fara i Austerveg til heidne land, som de finst nok av, og ikkje drepa kristne folk, endaa dei heilt-upp hadde fortent de.» Alle hine var huga paa aa herja, men kongen fekk sin vilje fram, og dei fór sør att; men de vart røva mange stadir paa utøyane og alle stadir der som ikkje kongen var med sjølv. Dermed fór dei sør til Danmark.


28. Daa Erling Skakke spurde at Valdemar var komin til Viki, baud han ut full leiding av folk og skip yvi heile lande, og de vart ei stor her-samling, og med denne heren siglde han aust langs med lande. Men daa han kom til Lidandesnes, spurde han at danaheren var farin sør att til Danmark, og at dei hadde røva vidt og breidt i Viki. Daa gav Erling alt leidingsfolke heimlov, men han sjølv og nokre lendmenn siglde med mange skip sør etter danine til Jylland. Daa dei kom til ein stad som heiter Dyrsaa[41], laag de danir der, som var komne fraa leidingen, med mange skip. Erling lagde imot deim og slost med deim, og danine flydde radt og miste mykje folk, men Erling herja paa skipi og i kaupstaden[42] og fekk mykje herfang, og dermed fór han attende til Norig. No var de ufred ei tid millom Norig og Danmark.


29. Kristin kongsdotter fór um hausten sør til Danmark til kong Valdemar, frenden sin, som var systrungen hennar. Kongen tok overlag godt imot ho og gav ho veitslur der hjaa seg, so ho kunde halda mennane sine godt der. Ho var tidt [1166] i samtale med kongen, og han var ovende blid til ho. Vaaren etter sende Kristin menn til Erling og bad han koma til danakongen og forlika seg med han. Sumaren etter var Erling i Viki, og budde eit langskip og manna de med de vakraste mannskape han hadde, og dermed siglde han yvi til Jylland[43]. Daa Erling spurde at kong Valdemar var i Randaros[44], siglde han dit og kom til byen ved de leite som dei fleste sat til bords. Daa dei hadde tjelda og gjort fast skipe, gjekk Erling upp sjølv tolvte, og alle hadde brynjur og hattar yvi hjelmane og sverd under kappune, og gjekk til kongens herbyrge. Rettine vart borne inn, og døri var opi. Erling og hine gjekk radt innar for høgsæte, og Erling sagde: «Grid vil me hava, konge, baade her og til heimferdi.» Kongen saag paa han og sagde: «Er du der, Erling?» «Her er Erling,» svara han, «og seg oss fort, um me skal hava grid.» Der inne var de 80 kongsmenn, og alle var vaapnlause. Daa svara kongen: «Grid skal De hava, Erling, som du bed um; eg gjer ikkje skarveverk mot nokon som kjem til meg.» Daa kysste Erling kongen paa handi, og so gjekk han ut og ned til skipe sitt. Han vart verande ei stund der hjaa kongen, og dei tala um forlik millom seg og landi, og dei vart forlikte um at Erling skulde verta att som gisl hjaa danakongen, men Aasbjørn Snara, bror til erkebisp Absalon[45], fór som gisl til Norig.


30. Ein gong, som kong Valdemar og Erling talast ved, sagde Erling: «Herre, eg tykkjer at forlike lettast kan koma i stand paa den maaten, at De fær alt de av Norig som var lova Dykk i avtala vaar; men i so fall, kva for ein hovding vil De so setja yvi de? ein dansk, skal tru?» «Nei,» sagde kongen. «Ingi dana-hovdingar vil fara til Norig og der faast med eit hardt og ulydigt folk,» sagde Erling, «so fullkomeleg godt som dei hev de her hjaa Dykk. Eg kom nettupp hit, for di eg vil ikkje missa venskapen Dykkar for alt i verdi; hit til Danmark hev de fyrr fari menn fraa Norig, Haakon Ivarsson og Finn Arneson, og kong Svein, frenden Dykkar, gjorde baae tvo til jarlane sine. Eg hev ikkje no mindre magt i Norig enn dei hadde daa, og likevel gav kongen deim styringi yvi Halland, de rike som han sjølv hadde fyrr. No tykkjer eg, herre, at De godt kan unna meg Viki til len, naar eg gjeng i tenesta Dykkar, so eg styrer dette rike paa Dykkar vegne, og ikkje vil Magnus, son min, helder negta meg de, og daa vil eg vera bundin og skyldig til all den tenesta som høyrer ein jarl til.» Dette og meir slikt sagde Erling, og sistpaa vart de til de, at Erling gjekk kong Valdemar til hande, og kongen leidde Erling til jarls-sæte og gav han jarlsnamn og Viki til len og styring. Dermed fór Erling heim til Norig, og sidan var han jarl, so lengi han livde, og forlike millom honom og danakongen heldt seg heile tidi sidan. Erling hadde fire frille-sønir; den eine heitte Reidar og den andre Ogmund, og dei tvo hadde kvar si mor; den tridje heitte Finn og den fjorde Sigurd, og dei var yngre; mor til deim heitte Aasa den ljose. Kristin kongsdotter og Erling hadde ei dotter som heitte Ragnhild og vart gift med Jon Torbergsson fraa Randaberg[46]. Kristin fór ut or lande med ein mann som dei kalla Grim Rusle, og dei fór ut til Miklegard og var der eit bil og hadde nokre born ihop.


31. Olav, son hans Gudbrand Skavhoggsson og hennar Maria, som var dotter til kong Øystein Magnusson, var til uppfostring hjaa Sigurd Agnhatt paa Upplandi. Daa Erling var i Danmark, samla Sigurd og Olav, fosterson hans, ein flokk, og mange upplendingar slo lag med deim, og dei tok Olav til konge. Dei fór med flokken umkring paa Upplandi og takom-til ned i Viki og takom-til aust til Markir, men kom aldri paa sjøen. Daa Erling jarl høyrde um denne flokken, fór han med mannskape sitt til Viki, og var um sumaren paa skipi sine og um hausten i Oslo, og heldt gjestebod der i joli. Han heldt spæjarar uppe i lande etter flokken, og fór sjølv upp i lande og leita etter deim, og Orm Kongsbror var med han, og daa dei kom til eit vatn[47], tok dei alle dei skipi som var ved vatne.


32. Den presten som heldt gudsteneste paa Rydjøkul[48] utmed vatne, baud jarlen og fylgje hans til gjestebod, og bad deim koma til kyndilsmess[49]. Jarlen lova at han skulde koma, og han totte de høvde godt aa lyda messe der, og dei rodde yvi vatne kvelden fyri messedagen. Men denne presten tenkte paa noko anna; for han sende bod til Olav og hine og gav deim nysn um at Erling kom der. Han gav Erling og hine sterk drykk um kvelden og skjenkte deim dugeleg. Daa jarlen skulde leggja seg, var de reidt upp til deim i gjestebods-stogo. Men dei hadde ikkje sovi lengi, fyrr jarlen vakna og spurde um de var ottesongs-tid. Presten sagde at de var ikkje langt lidi av natti endaa, og bad deim sova i ro. «Eg drøymer mykje i natt,» svara jarlen, «og ille søv eg.» Sidan sovna han att, men vakna andre gongen og bad presten standa upp og syngja messe. Presten bad jarlen sova og sagde at no var de midnatt. Jarlen lagde seg ned og sov ei liti stund, men daa spratt han upp og bad mennane sine klæ paa seg. Dei so gjorde og tok vaapni sine og gjekk til kyrkja og lagde vaapni ute, medan presten song ottesongen.


33. Olav fekk bod um kvelden, og dei gjekk 6 mil[50] um natti, og dette totte folk var ovleg langt gjengi. Dei kom til Rydjøkul medan presten song ottesong, og de var stumende myrkt. Olav og hine gjekk til stogo og sette i her-rop og drap nokre menn der inne, som ikkje hadde gjengi til ottesong. Daa Erling og mennane hans høyrde rope, sprang dei til vaapni sine og tok vegen ned til skipi. Olav og hans menn møtte deim ved ein ski-gard, og de vart eit slag der. Erling og hine drog seg undan nedetter langs garden, og garden livde deim; dei hadde mykje mindre folk, og de fall mange av deim, og mange vart saara. De hjelpte deim mest, at Olav og hine ikkje kjende deim, so myrkt var de; men mennane hans Erling berre heldt paa heile tidi og søkte ned til skipi. Der fall Are Torgeirsson, far til bispen Gudmund[51], og mange andre av hirdmennane hans Erling. Erling vart saara i vinstre sida, og nokre segjer at han saara seg sjølv, daa han drog sverde. Orm vart og mykje saara, og de var med naud dei slapp um bord paa skipi, og dei lagde strakst fraa land. Folk lét so, at de laga seg fælt so meinslegt for Olav i dette møte med Erling, daa Erling hadde vori reint seld, soframt Olav og hine hadde fari klokare aat. Sidan kalla dei han Olav Ugjæva[52], og sume kalla honom og flokken hans for hettesveinar. Dei heldt paa og fór umkring med denne flokken uppe i lande; men Erling jarl fór ut i Viki til skipi sine og var sumaren etter i Viki, men Olav og hine var paa Upplandi og stundom aust i Markir, og hadde flokken samla andre vetteren.


34. Vaaren etter fór Olav ut i Viki og kravde inn [1168] kongens skatt og gav seg til ei lang stund der um sumaren. Daa Erling jarl spurde de, fór han med mannskape sitt austetter imot deim, og dei møttest austan fjorden, ein stad som heiter Stangir[53], og der vart de eit stort slag, og Erling vann. Der fall Sigurd Agnhatt og mange av Olavsmennane, men Olav gav seg paa flugt, og sidan fór han sør [1169] til Danmark, og vetteren etter var han i Jylland i Aalborg. Men vaaren etter vart Olav sjuk og døydde, og han er jorda der i Mariakyrkja[54], og danine kallar han for heilag.


35. Nikolas Kuvung, som var son hans Paal Skofteson og lendmann aat kong Magnus, fanga ein som heitte Harald, som dei sagde var son til kong Sigurd Haraldsson og Kristin kongsdotter og sammødre-bror til kong Magnus. Nikolas førde Harald til Bjørgvin og lét Erling jarl faa han. Erling hadde for skikk, naar uvenine hans kom for han, at han sagde lite eller inginting til deim, men heilt-upp rolegt de han sagde, naar han var meint paa aa drepa deim, men skjemde paa deim de meste han kunde, naar han vilde gjeva deim live. Erling sagde ikkje stort til Harald, og folk tok til aa tvila for kva han vilde gjera. Dei bad kong Magnus at han skulde beda jarlen um fred for Harald, og kongen so gjorde, men jarlen svara: «Slikt raader venine dine deg til; men du fær ikkje lengi raada fritt for rike, um du vil fara aat berre med mildskap». Sidan lét Erling føra Harald yvi til Nordnes, og der vart han halshoggin.


36. De var ein mann som heitte Øystein, som dei sagde var son til kong Øystein Haraldsson; han var ein ung mann og ikkje fullvaksin endaa. De er fortalt, at han kom fram aust i Sviavelde ein sumar og fór til Birge Brosa, som [1174] var gift med Brigida, dotter hans Harald Gille og faster hans Øystein. Øystein sagde ærendi si til deim og bad um hjelp. Jarlen og kona hans tok dette med godvilje og lova han stydning, og han gav seg til der ei stund. Birge jarl gav Øystein noko folkehjelp og gav han mange pengar til aa halda seg med, og var raust med han daa han fór, og baae tvo lova han venskap. Daa fór Øystein nord til Norig og kom ned i Viki, og strakst dreiv de folk til han, og flokken vart større, og dei tok Øystein til konge og fór med flokken umkring i Viki um vetteren. Men daa de skorta deim paa pengar, røva dei vidt og breidt, og lendmennane og bøndane sende mannskap imot deim; men naar dei vart yvistigne, flydde dei burt i skogane og laag lange stundir i øydemarkine. Daa gjekk klædi av deim, so dei spente nævr um leggine sine, og daa kalla bøndane deim birkebeinar. Dei sette tidt ned i bygdi og kom fram her og kvar, og gjekk radt paa, naar dei ikkje fann for mykje folk fyri seg. Birkebeinane heldt nokre slag som mannskape var retteleg fylkt i, og vann i alle deim. Paa Krokaskogen[55] hadde dei nær fari ille; ein bondehop, ein heil flokk, kom imot deim. Birkebeinane fellte brote[56] for deim, og so sette dei til skogs. Birkebeinane var tvo vetrar i Viki, og kom ikkje nord i lande daa.


37. Kong Magnus hadde vori konge i 13 aar, daa birkebeinane reiste seg. Den tridje vetteren raadde dei seg til skip og siglde langs med lande og fekk seg folk og pengar. Dei var fyrst i Viki, men daa de leid ut paa sumaren, stemnde dei [1176] nord i lande, og skunda seg slik at de gjekk ikkje noko nysn fyri deim, fyrr dei kom til Trondheim. Birkebeinane hadde i flokken sin mest markemenn og elvegrimar[57], og dei hadde mange fraa Telemarki og, og daa var dei godt væpna. Øystein, kongen deira, var ein væn mann, med eit lite, men vakkert andlit, og han var ikkje stor, og de var mange som kalla han Øystein Møyla[58]. Kong Magnus og Erling jarl sat i Bjørgvin daa birkebeinane siglde nord um deim, og merka de ikkje. Erling var ein megtug og klok mann, ein stor hermann, naar de var ufred, ein god og trottug styrar, men han gjekk for aa vera heller hard og streng; men dette kom mest av di, at han lét faa av uvenine sine faa so mykje som lov til aa vera i lande, endaa dei bad han um de, og difor var de mange som slo seg til flokkane, naar dei reiste seg imot han. Erling var ein høg og sterkvaksin mann; aksline stod noko upp paa han; han hadde langt og skarpt andlit og var ljosleitt og vart svært graahærd. Han bar hovude noko skakt; han var roleg og hadde fine læte. Han hadde gamaldagsleg klæde-bunad, lange yvistykke og lange ermar paa kjolen og skjorta, valsk[59] kappe og sko som naadde langt upp. Slik bunad lét han kongen og bera, so lengi han var ung, men daa han raadde seg sjølv, klædde han seg staseleg. Kong Magnus var lettliva og skjemtsam og kjær etter moro og kvendekjær.


38. Nikolas, son hans Sigurd Raneson, hadde til mor Skjaldvor, dotter hans Brynjolv Ulvalde og syster til Halldor Brynjolvsson paa farssida, og til kong Magnus Berrføtt paa morsida. Nikolas var ein stor hovding; han aatte gard paa Haalogaland paa Ongul[60], ein stad som heiter Steig. Nikolas hadde ein gard i Nidaros ovanfor Jonskyrkja[61] (den som Torgeir kapellan hadde sidan). Nikolas var tidt i kaupangen og hadde all styringi yvi bymennane paa den tid. Dotter hans, Skjaldvor, var gift med Eirik Arneson, som og var lendmann.


39. Mariemesse øvre[62], daa folk gjekk fraa ottesong i byen, gjekk Eirik til Nikolas og sagde: «Verfar, nokre fiskarar, som er komne inn til byen, segjer at de kjem langskip siglande inn etter fjorden, og dei gissar paa at de er birkebeinane, og de er best, verfar, aa blaasa alt byfolke væpna ut paa øyri.» Daa svara Nikolas: «Eg fer ikkje etter laussnakk av fiskarar, maagen min; eg skal senda spæjarar ut paa fjorden, og me vil halda ting i dag.» Eirik gjekk heim, men daa de ringde til høgmesse og Nikolas gjekk til kyrkja, kom Eirik til han og sagde: «Eg trur visst, verfar, at de var ei sann tidend; no er dei mennane her, som segjer dei hev set segli. Eg trur de er best me rid ut or byen og samlar folk; for eg tykkjer her er lite folk i byen.» Nikolas svara: «Du impar stødt paa de same, maagen min; lat oss fyrst lyda messe og sidan finna paa ei raad.» Dermed gjekk Nikolas til kyrkja; men daa messa var sungi, gjekk Eirik til Nikolas og sagde; «No, verfar, stend hestane mine reiduge; eg vil rida burt.» Nikolas svara: «Far vel daa, maagen min; me vil halda ting paa øyri og sjaa etter kva mannskap de er i byen.» Dermed reid Eirik av, men Nikolas gjekk til garden sin og sette seg til bords.


40. Nettupp som maten var sett fram, kom de ein mann inn og sagde Nikolas at no rodde birkebeinane inn i aai. Daa ropte Nikolas at mennane hans skulde væpna seg. Daa dei var væpna, bad Nikolas deim ganga upp paa lofte; men dette var de uvitugaste dei kunde gjera; for hadde dei forsvara seg nede i garden, hadde byfolke komi deim til hjelp, men no fyllte birkebeinane heile garden og kringsette lofte. Dei ropte til kvarandre; birkebeinane baud Nikolas live, men han sagde nei. Sidan slost dei; Nikolas og hine hadde bogar og spjot og omnsteinar aa verja seg med, men birkebeinane hogg ned huse og skaut skot i skot. Nikolas hadde raud skjold med gyllte naglar i og ei rand av stjernur utankring. Birkebeinane skaut so hardt, at piline stod i radt til pilebande. Daa sagde Nikolas: «No svik skjolden meg.» Der fall Nikolas og ei heil mengd av mannskape hans, og dei syrgde mykje paa han. Birkebeinane gav alle bymennane liv og fred.


41. Sidan vart Øystein tekin til konge der, og alt folke gjekk under han. Han gav seg til ei stund i byen, og sidan fór han inn i Trondheim, og der kom de mykje folk til han, og der kom Torfinn Svarte fraa Snaasi[63] og med ein flokk. Fyrst paa vetteren fór dei ut til byen, og daa kom Jon Kjetling og Sigurd og Vilhjalm, sønine hennar Gudrun fraa Saltnes[64], til deim. Dermed fór dei upp fraa Nidaros til Orkedalen, og daa dei talde mannskape, var de innpaa 20 hundrad mann. Derfraa fór dei til Upplandi, og so um Totn og Hadaland til Ringerike.


42. Kong Magnus fór aust til Viki um hausten med ein lut av heren, og Orm Kongsbror var med han. Erling jarl var etter i Bjørgvin og hadde mykje folk og skulde møta birkebeinane, um dei kom sjøvegen. Kong Magnus og Orm sette seg til i Tunsberg, og kongen heldt gjestebod der i joli. Daa spurde kong Magnus at birkebeinane var uppe paa Re[65], og daa fór han og Orm fraa byen med heren sin [1177] og kom til Re. De laag mykje snø, og de var furdeleg kaldt. Daa dei kom til garden[66], gjekk dei ut or tune ut paa vegen og fylkte utanfor ved skigarden og trakka seg ein gald[67]. Dei hadde ikkje fullt 1500 mann. Birkebeinane var paa den andre garden, og nokre var spreidde her og kvar umkring i husi. Daa dei vart vare heren til kong Magnus, drog dei seg ihop og stelte seg i fylking, og daa dei saag mannskape til kong Magnus, totte dei, som sant var, at dei hadde meir folk, og tok radt paa med slage. Men daa dei gjekk frametter vegen, kunde de berre koma fram nokre faa i senn, og dei som sprang ut or vegen kom ut i so djup snø at dei knapt kunde sterta fram, og daa rauk fylkingi deira, og dei som gjekk fyrst fram paa vegen fall. Merke deira vart nedhoggi, og dei som var næmast drog seg attende, og sume gav seg til aa fly. Mennane til kong Magnus fylgde etter deim og drap den eine etter den andre, so mange dei naadde i. Birkebeinane kunde ikkje faa stelt upp fylkingi si, og soleis kom dei i berrhogge, og mange fall, og mange flydde. Daa gjekk de som de tidt kan henda, um de er aldri so modige og vaapndjerve menn, at naar dei lid eit stort tap og kjem paa ras, er dei fleste traae til aa snu. No tok storhopen av birkebeinane til aa fly, og mange fall; for mennane til kong Magnus drap alt som dei kunde drepa, og gav ikkje grid til nokon som dei naadde i, og dei som flydde spreiddest til alle kantar. Kong Øystein flydde og sprang inn i eit hus og bad um grid og um at bonden vilde gøyma han, men bonden drap han og fór sidan til kong Magnus og fann han paa Ravnnes. Kongen var inne i stogo og baka seg ved elden, og der var mange inne. Sidan kom de menn som hadde med seg like og bar de inn i stogo, og kongen bad folk ganga burt aat like og sjaa um dei kunde kjenna de. De sat ein mann paa pallen i kroken; de var ein birkebein, og ingin hadde lagt merke til han; men daa han saag like til hovdingen sin og bar kjensl paa de, stod han upp fort og hardt; han hadde øks i handi og sprang skjott inn paa golve og hogg til kong Magnus paa halsen ved herdane. De var ein som saag at han svinga øksi, og skuva han fraa, so øksi gleid ned mot herdane, men de vart eit stort saar likevel. Daa svinga han øksi andre gongen og hogg etter Orm Kongsbror, som laag paa pallen, og hogge stemnde mot baae leggine hans. Men daa Orm saag at mannen vilde drepa han, var han snar og slengde føtane yvi hovude paa seg, og øksi kom i pallstokken og vart sitjande fast; men de stod so tjukt med vaapn paa birkebeinen, at de var snaudt han kunde falla. Daa saag dei at han hadde dregi innvolen etter seg yvi golve, og denne mannen hev fengi mykje ros for de han var so modig. Mennane til kong Magnus jaga lengi deim som flydde, og drap so mange dei kunde. Der fall Torfinn fraa Snaasi og mange andre trøndir.


Erik Werenskiold: Slage paa Re.


43. Denne flokken, som dei kalla birkebeinar, og som hadde samla seg til ein mannsterk hop, var eit hardt folk og vaapndjerve menn, men var heller villstyrne og fór rasande og vyrdlaust fram, fyrst dei totte dei hadde stor styrke. Dei hadde faa menn i flokken som var gode til aa leggja upp raad eller var vande til landsstyring og lov eller til aa føra ein her, og endaa nokre kunde meir enn hine, so vilde endaa heile flokken de skulde vera som dei sjølve syntest; dei totte dei var trygge, for di dei var so mannsterke og modige. Av deim som kom seg undan var mange saara og hadde mist baade vaapn og klæde, og alle var pengelause. Nokre fór aust til Markir, og dei fleste av deim som var ætta fraa Telemarki fór dit, og nokre fór alt aust til Sviavelde. Alle hadde dei seg undan, daa dei totte de var lite von um liv og fred av kong Magnus eller Erling jarl.


44. Sidan fór kong Magnus ut att til Tunsberg og vart namngjetin av denne sigeren, for di at fyrr sagde alle at Erling jarl var eit brjost og ei verju for baade seg og son sin, men daa kong Magnus hadde vunni paa ein flokk som var so stor og mannsterk, endaa han hadde mindre mannskap, totte alle folk de, at han no gjekk yvi alle, og at han kom til aa verta so mykje større herførar enn jarlen, som han var yngre enn han.


Slutvignet Magnus Erlingsøns saga.jpg


Notar:

  1. Titel, namn og stilling.
  2. Her er Wladimir († 1052), son aat Jaroslaw, forbytt med soneson hans, Wladimir Monomach († 1125), son aat Wsevolod (nemnd s. 335) merknad 2); denne Wladimir var far til Mstislaw eller Harald (sjaa s. 678).
  3. Sjaa merknaden s. 48—49.
  4. Sjaa s. 591.
  5. 16de april (1161).
  6. Nørdste odden av Nøterøyi utanfor Ramberge (sjaa korte s. 785).
  7. Soleis at vinden bar fraa honom ned paa elden («til luvart»).
  8. «Embargo» (forbaud deim aa sigla).
  9. Sjaa s. 524.
  10. Kaupstad i Romsdalen paa øyi av same namn, austanfor øyi Sekken.
  11. Sjaa s. 474.
  12. Alle handskriftine hev her opi rom til namne. De hev vori paa ei av øyane ytst i Romsdalsfjorden.
  13. Garden Skog i Brøttum sokn i Ringsaker paa Heidmarki.
  14. Fasta gjekk inn med 10de februar (1163).
  15. Ré, no Ramnes herad, nordvest fraa Tunsberg.
  16. No Ramnes, nord for kyrkja i Ramnes prestegjeld og herad.
  17. Slatter, slufs.
  18. Den bekken som gjeng ut i Auli-elvi eit stykke nedanfor garden Ramnes.
  19. Venteleg til ikkje aa glida paa svollen.
  20. Fadervaar.
  21. Salmen Kyrie eleison («Herre, ver miskunnsam»).
  22. Skogane ved land-skile.
  23. I tidi fraa Harald Hardraade hadde mynten vorti so mykje ringare, so at mynta sylv i bøtar til kongen eller bispen hadde berre halvt verde mot de reine, vegne sylv.
  24. Nokkve er truleg same namne som Nikolas, so at Nokkve Paalsson er den same som i kap. 35 er kalla Nikolas Paalsson eller Kuvung.
  25. Skorpa, paa sudsida av Korsfjorden i Bergens-leidi.
  26. Ei vik innanfor Kvarven (sjaa korte s 701).
  27. Kvarven, i sudvest for Bergen.
  28. 29de september 1163.
  29. D. e. viko etter 14de oktober (vetternætane).
  30. Sendemann fraa paven.
  31. Brand Sæmundsson vart vigd til bisp i Skaalholt 8de sept. 1163.
  32. Dette er ikkje alt rett. Ikkje Svein Ulvsson og heller ikkje nokon av hans ettermenn i Danmark vart krynt fyri Valdemar den 1ste (1157).
  33. Langefaste var i 1165 fraa 24de febr. til 4de april (paaske).
  34. No Onarheim paa Tysnesøyi paa Sunnhordland.
  35. Sjaa s. 724.
  36. 11te mai.
  37. Ved Byfjorden nord for Bergen (sjaa korte s. 701.)
  38. Helgetorsdag («himmelfartsdagen») 13de mai.
  39. Sjaa s. 364.
  40. Sjaa s. 694.
  41. Lengst aust i Jylland (sjaa korte s. 553).
  42. Byen heitte Grindhøg, no Grenaa.
  43. Erlings ferd til Jylland og forlik med kong Valdemar er aa setja til aar 1170 (ikkje 1166).
  44. Randers.
  45. Absalon var ikkje vortin erkebisp endaa den gong (fraa 1178); han var daa bisp i Roskilde (1158—91).
  46. Ytst paa Jaren (sjaa korte s. 77).
  47. Namne vantar i handskriftine.
  48. Garden heitte Rjodaakul og laag i Sørum herad paa Romerike; «vatne» er Glaama.
  49. 2dre februar (1167). Etter Sturlungasaga var de helgemessdag (1ste nov. 1166), og de er nok rettare.
  50. Ei gamalnorsk mil (röst) var ikr. 6 kilometer.
  51. Den namnkjende Gudmund «den heilage», bisp i Hole († 1237).
  52. Vanlukke.
  53. No Stange i Vaaler herad i Smaaleni.
  54. Sjaa s. 730.
  55. Sjaa s. 718.
  56. Hogga ned tre-i og paa den maaten stengja vegen.
  57. Folk fraa Markir og Elvi (Gøtaelvi).
  58. Ei liti møy, gjentunge.
  59. D. e. fransk.
  60. No Engeløy i Steigen herad i Nordland.
  61. Sjaa korte s. 528, nr. 3.
  62. 8de september.
  63. Herad i nørdre Trondhjems amt.
  64. Gard i Buviki nær Gaul-osen.
  65. Sjaa s. 786.
  66. D. e. Ramnes (sjaa s. 786).
  67. Gald er ein stad der jordi eller snøen er trakka fast ned.