Soga um Olav Kyrre

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif
Original.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Olav Kyrre
[1069−1093]


1. Olav var konge aaleine yvi Norig, etter kong Magnus, bror hans, hadde andast av. Olav var ein storvaksin mann og velvaksin; alle folk segjer at ingin hev set ein fagrare eller drustelegare mann. Han hadde gult haar som silke, som stod han ovende godt, han var ljosdæmd og hadde utifraa vakre augo og var godt lema; han var faamælt for de meste og ingin talar paa tingi, men glad naar han var i drikkelag, og drakk gjerne, og daa var han pratsam og blidsleg, og fredsam var han, so lengi han styrde rike. Dette nemner Stein Herdisson.


2. Det var gamal skikk i Norig at høgsæte til kongen var midt paa langpallen, og at dei bar øle umkring elden. Men kong Olav var den fyrste som lét gjera høgsæte sitt paa høgpallen som gjekk tvert yvi stogo, og han var den fyrste som lét gjera stogur med omnar[1] i og straadde golve baade vetter og sumar. Medan kong Olav livde, kom byane i Norig seg mykje, og nokre kom upp fraa nyom. Han grunnlagde ein kaupstad i Bjørgvin[2], og der var de snart mange rikmenn som busette seg, og kaupmenn fraa andre land fór mykje dit. Han lagde grunnvollen til den store Kristkyrkja[3], som var ei steinkyrkje, men dei bygde ikkje stort paa ho i hans tid, men han bygde ferdig den gamle Kristkyrkja[4], som var av tre. Kong Olav skipa Mikla-gilde[5] i Nidaros, og mange andre gilde i dei andre kaupstadine, men fyrr bruka dei kvirvingsdrykkjur[6] der. I den tid var den store Bøjarbot[7] kvirvingsklokke i Nidaros, og kvirvings-brørane hadde sett upp Margrete-kyrkja[8] av stein der. Medan kong Olav livde, tok dei til med drikkelag og fønningslag[9] i kaupstadine, og daa tok dei paa med staselege motar. Daa bruka dei fotside kjolar med snorir paa sidune, og ermar som var fem alnir lange, og so tronge at dei laut draga deim paa med eit band og leggja deim i rukkur alt upp til oksli. Dei hadde høge sko, som alle ihop var utsauma med silke og stundom prydde med gull. Mykje annan stas hadde dei og den tidi.


3. Kong Olav hadde dei hirdskikkane, at han lét skutilsveinar[10] standa for borde sitt og skjenkja i bikarar for seg og for alle dei fyrstelege mennane som sat ved borde hans. Han hadde kjertesveinar og, som heldt kjerteljos ved borde, og likso mange som de sat fyrstelege menn. Der var ein stallarstol og, utanfor skjenkjarborde, og der sat stallarar og andre stormenn, med andlite inn mot høgsæte. Kong Harald og andre kongar fyri honom bruka aa drikka av dyrehorn og bera øle fraa høgsæte umkring elden og drikka skaalir med den som dei syntest. Dette nemner Stuv skald.


4. Kong Olav hadde 100[11] hirdmenn og 60 gjestir og 60 huskarlar, som skulde føra til kongsgarden de som trengdest, og gjera andre ting som kongen vilde. Daa bøndane spurde kongen, kvifor han hadde meir folk enn de stod i lovi og dei fyrre kongane hadde havt, naar han fór umkring i dei gjestebod som bøndane gjorde for han, svara kongen soleis: "Eg fær ikkje styrt rike betre enn far min, og de stend ikkje meir age av meg enn av honom, endaa eg hev dubbelt so mykje folk som han hadde; men eg gjer ikkje dette til aa trælka dykk eller gjera de tyngre for dykk."


5. Kong Svein Ulvsson var sjuk og døydde, to vetrar etter baae Haraldane var fallne. Etter honom var Harald Hein, son hans, konge i Danmark i 4 aar, og so Knut den heilage, son hans Svein, i 8 vetrar[12]; so var de Olav, tridje sonen hans Svein, i 8 vetrar[13], og so Eirik den gode, fjorde sonen hans Svein, likeins i 8 vetrar. Den norske kongen Olav vart gift med Ingerid, dotter til danakongen Svein; men danakongen Olav, son hans Svein, var gift med Ingegjerd, dotter til kong Harald og syster til den norske kongen Olav. Olav Haraldsson, som sume kalla Olav Kyrre[14], men mange Olav Bonde, fekk ein son med Tora Joansdotter, som heitte Magnus; de var den vænaste guten ein kunde sjaa, og han var overlag emneleg, og voks upp i hirdi til kongen.


6. Kong Olav lét byggja ei domkyrkje av stein i Nidaros, og sette ho der som dei fyrst hadde jorda like til kong Olav, og altare sette dei beint yvi der som gravi til kongen hadde vori[15]; dei vigde denne kyrkja til Kristkyrkje, og dei flutte dit skrine til kong Olav og, og sette de yvi altare, og daa vart de strakst mange jartegnir. Sumaren etter, aarsdagen etter kyrkja var vigd, var de mykje folk der[16], og daa hende de olsok-eftan, at ein blind mann fekk syne sitt der. Men sjølve messedagen, daa dei bar ut skrine og heilagdomane og dei sette skrine ned paa kyrkjegarden, som skikk var, var de ein mann, som lengi hadde vori maallaus, som fekk att maale sitt, og han song til ære for Gud og den heilage kong Olav med lett tunge-lag. Den tridje var ei kone, som var komi dit austantil Svitjod og hadde lidi mykje vondt paa denne ferdi, for di ho var blind; men ho sette si lit til Guds miskunn og kom farande dit til denne høgtid. Dei leidde ho blindt inn i kyrkja til aa lyda messa den dagen; men fyrr gudstenesta var ferdig, saag ho med baae augo, og daa var ho gløgg og klaarøygd, men fyrr hadde ho vori blind i 14 aar. Ho drog derifraa med høgtidleg glede.


7. De hende seg i Nidaros, daa dei bar skrine til kong Olav gjenom gata[17], at de var so tungt at folk ikkje kunde faa de av flekken. Daa sette dei skrine ned og braut upp gata, og dei saag etter, kva som var under der, og daa fann dei like til eit barn, som dei hadde myrdt og gøymt der. Dei bar burt like og gjorde i stand gaata, som ho var fyrr, og so bar dei skrine liksom elles.


8. Kong Olav sat tidt i bygdine paa storgardane sine som han aatte, men ein gong, daa han var aust i Raanrike paa garden sin Haukbø[18], fekk han ein sjukdom, som vart dauden hans. Daa hadde han vori konge i Norig i 26 aar, og han vart tekin til konge eit aar etter kong Harald var fallin. Dei flutte like til kong Olav nord til Nidaros og jorda de i Kristkyrkja, som han sjølv hadde bygt. Han var den vensælaste kongen, og Norig hadde stigi mykje i rikdom og glans under hans styring.


Notar:

  1. Omnar av stein, røyk-omnar.
  2. Bergen.
  3. Den store Kristkyrkja ytst paa Holmen (seinare Bergenhus) vart ikkje ferdig-bygd fyrr ved 1160.
  4. Den litle Kristkyrkja, som var domkyrkje so lengi til den store vart ferdig.
  5. Stor-gilde.
  6. Drikkelag paa umgang.
  7. Bægjarbót (klokka til bot, gagn eller frelse for byen) soleis kalla for di ho var brukt til storm-klokke; hekk i taarne paa Margretekyrkja.
  8. Ut-paa øyrane, eit stykke nord for byen.
  9. Samanskots-lag (av forna, føra gaavur).
  10. Bordsveinar (av lat. scatula, fat eller lite bord); hadde fraa denne tid høgste rangen i hirdi.
  11. D. e. 120.
  12. Rettare: 6 (1080−86).
  13. Rettare: 9 (1080−95).
  14. Kyrr (lyder kjyrr) v. s. roleg (kurr,kvar)
  15. Sjaa s. 533.
  16. Snorre hev misrekna seg med aa leggja desse jartegnine, som er nemnde i dette kapitel, til den tid Olav Kyrre var konge; etter ei eldre legende høyrer dei til aare 1153.
  17. D. e. Langstræte (de nedre), i den tid vel den einaste lang-gata i Nidaros.
  18. No Haakeby i Tanum herad, nørdst i Baahuslen.