Grottesongen

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Svensk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Grottesongen


[Hengje-kjeft han
heitte bonden
som kverni Grotte
til kong Frode gav:
"som mylnar mæler,
so mel ho kverni."
Men i Danmark ingen
kann draga Grotte.]

1.
No er komne
til kongs-garden ned
framvise tvo,
Fenja og Menja.
Men hjå Frode,
Fridleivs sonen,
til trælar tekne,
var trauste møyar.

2.
Åt kvern-benken inn
vart kvendi leidde,
skulde grjotstein gråe
hava i gang.
Dei korkje fred
eller fagnad unntest,
fyrr ljomande mål
av møyar lyddest.

3.
Kvinande kvernsong
kvendi då song:
"Lat oss leggje til stokkar
og lette på stein."
Bad han møyane
mala endeleg.

4.
Dei sungo og slungo
snurrande stein,
med Frode sine folk
dei fleste sovna.
Då kvad det Menja,
mól ho gjorde:

5.
"Me gull mèl åt Frode,
gull og sæle,
ovlàg av alt,
på ynskje-kverni;
sitje han på gull,
sove han på dun,
vakne han fegen,
vel er mali.

6.
Her aldri skal folk
einannan skade,
vondt verke
og valde daude.
Sverdet skal kyrt
i slira kvile,
um sin broderbane
ein bunden finn."

7.
[Stana kverni,
kvendi trøytna].
Men då kongen
kvad straks dette:
"Sov 'kje lenger
enn sal-gauken gjer,
eller ein song
syngje eg kann."

[FENJA:]

[8.
"Du var 'kje Frode,
full-klok den gong
då målsnild konge
møyar kaupte.
Etter styrken
du såg og ålìt,
men um ættskap
du ikkje spurde.

9.
Hard var Rungne
og hans fader,
men endå Tjasse
elvde nok meir.
Ide og Orne,
er ættfolk våre,
dei bergrise-brødrar,
der vart me borne.

10.
Ikkje var Grotte
or gråberg runni,
eller harde kringla
komi or jord,
og ikkje mól soleis
jutul-møyar,
kjende 'kje me til
koss kverni var laga.

11.
Voks me vå-ar
i vettrar nie
og ungar leika
djupt i jord nede.
Etter storverk
stod han hugen;
sjølve me skiva
av stad førde.

12.
Me velte grjotsteinar
langs jutul-gardar,
so skreda fjukande
fór ned etter.
Stein-kringla ho
slengde me ut,
heiv hardgrjotet
ned i manna-heimen.

13.
Men me sidan
i Svitjod-landet
framvise tvo
i fylking skreid,
sneidde brynjur
og braut skjoldar,
gjekk beint gjenom
gråserk-herar.

14.
Me heldt oss i leiken
heile året,
verki våre
vidgjetne er;
spjoti spillte
straumar av blod,
det rann av sårom
raudt på sverdi.

15.
Me støytte den eine
og studde den andre,
Gotorm den gode
gav me hjelp.
Ikkje kyrre me sat,
fyrr Knue stupa.

16.
No er me komne
til kongen i hus,
men ingen trøystar
træle-møyar;
saur ét solen,
kaldvind susar.
D'er dauvlegt hjå Frode,
freds-kverni draga.

17.
No handi kvile,
no kverni stadne!
Eg hev mali ifrå meg
mitt verk er gjort."

[MENJA:]

["Det ikkje høver
handi å kvile,
fyrr full-mali
Frode tykkjer:

18.
Mal kjempe-hender,
harde hjelmar
blodute våpen!
Vakne no, Frode!
vakne no, Frode!
um lyde du vil
på songane våre
og forne sogur.

19.
Eld ser eg brenne
austan um borg,
d'er baunen som brenn,
og bodstikka renn.
Herane kjem
i hast setjande,
eld dei kveikjer
i konge-borgi.

20.
Ikkje lenger du eig
Leidre-stolen,
raude ringar
og rikdoms-kverni.
Tak i stongi,
syster, traustare!
d'er 'kje varmt endå
av blod frå valen.

21.
Dotter til far min,
der mól du hardt,
med du så flokkar
av kjempur falle.
Der sprang dei store
stolpane undan,
jarn-gjurdi brast,
enn lat oss mala."

[FENJA:]

[22.
"Enn lat oss mala:
Yrsa sin son
skal Halvdans dråp
hemne på Frode.
Han mun heite
sonen hennar
og broren attåt
båe me veit det."

23.
So mól då møyane
og makti brukte,
unge åtte dei
jotun-hugen.
Det skalv i stokkar,
og stenger knaka,
sprang harde steinen
i stykke tvo.

24.
Og jutul-møyi
eit ord då sa'e:
"Meire meld du
mun ikkje trenge;
full-lenge sat me,
Frode, ved kverni."