Soga um Finnboge den ramme

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif


Islandske ættesagaer


Soga um Finnboge den Ramme


Umsett fraa gamalnorsk ved
Aslak Tonna


Norsk Barneblad

1920


Asbjørn Gunnbjørnson heitte ein mann. Han vart helst kalla Dettiaas, og var ein stor og sterk og ven mann. Han budde i Flatøyardal paa ein gard som heitte Øyr. Kona hans heitte Torgerd, og var syster til Torgeir Ljosvetningsgode som var ein mektig mann. Asbjørn var av norsk ætt og ein namngjeten mann. Han, som mange andre gilde menn, hadde flutt ut til Island av di han totte han var friare der. Han var no gode, hovding, over heile Flatøyardal og uppover til mots med Torgeir, maagen sin. Bretting heitte ein mann. Han budde paa Brettingsstad i Flatøyardal. Kona hans heitte Tora og dei hadde tri søner. Torstein, Grim og Sigurd. Ein mann heitte Inge og budde paa Jøkulsaa. Kona hans heitte Sigrid og sønene Tore og Grim. Alle desse var evnelege menn og rauste karar. Baade Asbjørn og desse andre var landnaamsmenn. Asbjørn hadde ei dotter som heitte Torny. Ein nordmann som heitte Skida fridde til ho, men Asbjørn vilde ikkje lata han faa ho. Men daa Asbjørn var reist til tings um sumaren, rømde Skida av med Torny, og mor hennar visste um det. Dei reiste til Norig og gifte seg der. Skida var ein rik og gjæv mann. Daa Asbjørn kom heim og høyrde at dotter hans var burte, vart han svært vond baade paa kona si og nordmannen.

No leid det nokre aar. So ein gong Asbjørn skulde rida til tings med mennene sine, sa han til Torgerd: «Eg veit at du no snart skal ha barn. No skal ikkje dette barnet alast upp, anten det so er gut eller gjenta, men det skal setjast ut.» Ho bad at han ikkje maatte finna paa slikt — «som er ei skam um so ein fatig mann gjer det, og du er daa baade vitug og rik.» Asbjørn segjer: «Den gongen du hjelpte Skida nordmann til aa faa Torny, dotter vaar, utan eg visste det, lova eg meg sjølv at eg skulde ikkje ala upp fleire born som du kunde gjeva burt utan min vilje. Og gjer du no ikkje som eg segjer, skal du nok faa trega det, og andre med, um dei brigder mine bod.» So reid han til tings.

Ei tid etter fødde Torgerd eit gutebarn. Det var baade stort og trivleg og vent, so alle som saag det maatte kyta av det. Men endaa Torgerd tykte barnet var fagert og elska det mykje, so vilde ho likevel at det skulde setjast ut. Ho kjende huglyndet til mannen sin, og visste det nytta ikkje setja seg mot han. So fekk ho daa menn til aa bera ut barnet, og stella det slik som skikken var. Dei tok barnet og sette det ned millom tvo store steinar, la ei stor hella over og flesk i munnen paa det. Ein mann heitte Gjest. Han budde paa Tufte og kona hans heitte Syrpa. Syrpa hadde passa Torgerd med ho var barn, og Torgerd var so glad i ho at ho tok ho med seg daa ho gifte seg og flutte til Øyr. Syrpa var dugande til alt ho skulde gjera, men ljotare enn alle andre, og Asbjørn lika ikkje sjaa ho stella um Torgerd. Difor let Torgerd ho gifta seg med Gjest. Dei var fatige, og Gjest var ein liten tusul som Syrpa styrde med som ho vilde. So er det sagt at same dagen som Torgerd fødde dette gutebarnet, hadde Syrpa sendt Gjest ut i marki aa leita etter plantor til aa farga klæde med. Med han for i urd og myr og leita, høyrde han braatt som barnegraat. Han fer so og snusar til han finn barnet. Han tek det upp, og daa han synest det er fagert, so tullar han det inn i trøya si og spring heim til Syrpa so fort han kann. Ho spør kvifor han fer slik, og han svarar at han hev funne eit nyfødt barn — «og hev eg aldri set noko so vent.» Syrpa bad han syna det, og daa ho fekk sjaa det, tyktest ho med ein gong vita kva ætt det var av. So bad ho Gjest taka skinnfelden deira og stella til sengi — «for no vil eg leggja meg som i barnseng, og so gjev me dette barnet ut for vaart eige.» «Det vil ingen tru,» meinte han, «at me kann hava slikt eit vent og trivleg barn.» Ho bad han tegja og aldri vaaga aa segja anna enn det ho vilde. So bad ho han springa burt til Øyr og beda Torgerd senda det ho trong. Han so gjorde. Gjest kom farande til Øyr og sa at no hadde Syrpa fengi eit barn, og at dei aalle ikkje korkje mat eller kviluklæde. Torgerd undrar seg svært over dette, daa ho veit Syrpa er so gamal at det er utruleg ho kann faa barn. Men ho segjer ingen ting, berre sender med Gjest slikt som kann trengast. Syrpa heldt seg utruleg frisk, og vilde ikkje taka mot hjelp av andre kjerringar. Ho tok sjølv og klædde av barnet, for det, det hadde paa var mykje gildare enn til høvde. So tok ho trifslor og tulla det inn i. No spurdest det at barnet aat Asbjørn og Torgerd var sett ut, og folk tykte det var reint ulikleg av so rik og gjæv ein mann. Det spurdest og at Syrpa hadde fenge barn, og det totte folk var utruleg. Asbjørn kom heim av tinget, og daa Torgerd fortalde han kva ho hadde gjort, let han vel over det, og det vart godt millom dei.

Gjest og Syrpa ol upp guten. Han voks so fort at det var reint utruleg, og vart so ven og velvaksen at alle meinte han aldri kunde vera son til Gjest og Syrpa. So spør Gjest eingong kva guten skulde heita. Ho sa det høvde best aa kalla han Urdkatt, av di han var funnen i ei urd. Urdkatt vart han so heitande, og voks gjorde han, so dei saag dagsmunen. Syrpa gjorde uvande vadmaalsbuksor og hettekufta aat han. Ein krokstav hadde han i hendene. Han var ute um dagane og hjelpte til, best han kunde, og Gjest og Syrpa vart svært glade i han. Daa han var tri aar gamal, var han jamstor med seks-aaringar. Urdkatt sprang ofte ned til strandi og heldt seg med fiskarane. Dei hadde moro av han og var snilde, so det var ofte han fekk med noko heim av dei. Ofte var han paa Øyr. Der var han svært til uven med tenestgjentone. Han krøkte føtene unda dei med staven sin, og dei brukte seg paa han og klaga til Torgerd. Ho gav seg lite av med han, sa som oftast berre han skulde halda seg til Syrpa og vera snild med ho. Asbjørn lest aldri sjaa han, og sa aldri eit ord til han; men alle andre undra seg over at slike olmosor som Gjest og Syrpa kunde ha so stor og ven og velbygd son. Ofte bad Syrpa at han ikkje skulde fara so ofte til Øyr— «av di det berst fyre meg at det kjem noko vondt utav det.» Urdkatt svara stødt at det kunde vel ikkje vera so speleg. Soleis gjekk tidi til han var seks aar, og daa var han stor som ein tolvaaring, og sterk etter maaten.

Ein dag sprang Urdkatt ned i fjøra til fiskarane som han ofte gjorde. Dei fleste var komne til lands og sume rodde inn fjorden. Dei hadde fanga ein fisk som var fire alner lang. Den velte dei upp i flodmaalet og ropa: «Urdkatt! tak og drag upp den fisken.» Han svara: «Vil de gjeva meg fisken, um eg orkar draga han upp?» Det lova dei alle. Urdkatt tek eit sterkt snøre han hadde, spring ut og knyter den eine enden i fisken og stertar og dreg. Stundom fær han fisken fram eit tak, og stundom stend han fast, og fiskarane høystar og lær og ropar. Men han bryr seg aldri um nokon ting, berre sterter og dreg til han fær upp fisken, endaa det var bratt der han for. Daa sprang dei til og tok av han fisken og vilde ikkje staa ved lovnaden sin. Dette lika Urdkatt ille og sprang og sa det til Brettings-sønene, og bad dei hjelpa seg. Dei fylgde han burt til fiskarane og bad dei halda lovnaden, og sa at Urdkatt var vel verd fisken, slikt eit karsstykke han hadde gjort. Det vert daa slik at han skal faa fisken, og so strævar han av garde paa nytt, og gjev seg ikkje fyrr han er heime i tunet. Dette spørst no vidt um i bygdene, so Urdkatt vart reint gjetordskar, og alle kanna han utor ætt med Gjest og Syrpa. So gjeng det endaa nokre aar.

Det var stødt god venskap millom Asbjørn Dettiaas og Torgeir Ljosvetningsgode, maagen hans. Dei gjorde gjestebod for einannan og gav kvarandre gaavor. Ein haust bar det til at Asbjørn gjorde gjestebod og Torgeir kom med mange menn. Asbjørn tok godt imot han og det vart eit gildt gjestebod. Urdkatt for enno til Øyr kvar dag, og so gjorde han medan gjestebodet var og. Han braakar som fyrr og er leid med tenestgjentone. Dei flaug paa han fire stykke og det vart eit svært basketak. Til slutt drog han dei inn i stova og kasta dei over ende alle fire, medan folk lo og hadde moro. Daa leiken var slutt, stod han paa golvet i den vanlege bunaden sin: fillebuksa, skinnkufta, og krokstav i handi. Torgeir gode saag paa han ei lang stund, og spurde so Asbjørn: «Kva er det for ein gut?» «Det er visst son til Gjest og Syrpa fraa Tufte,» svara Asbjørn. Torgeir mælte: «Han er so ulik dei, han kann ikkje vera son deira.» So ropte han paa Urdkatt, og han gjekk burt og sette seg paa ein stokk framanfor han. «Kva er du for ein skinnkuftekar»? segjer Torgeir. Han svarar: «Urdkatt heiter eg, og er son deira Gjest og Syrpa her burt paa Tufte.» «Kor gamal er du Urdkatt?» segjer Torgeir. «Tolv aar,» svarar Urdkatt. «Du er stor og sterk etter alderen,» segjer Torgeir; «og aldri hev eg set hovdingson eg vil rekna jamgod med deg.» Daa segjer Asbjørn: «Det vil du finna, maag, naar du ser Gjest og Syrpa, at det er liklege hovdingar, av di aldri hev nokon set større svin enn dei er. Og det undrar meg at du vil tala so mykje med denne Urdkatt’n endaa um han er baade ven og velskapt.» Torgeir raudna mykje og sa: «Eg trur nok det trengst at eg talar um dette, og eg trur at du hev ikkje mindre med aa tala um det.» Og so segjer han til Urdkatt: «Vil du fara og henta Gjest og Syrpa? seg eg vil finna dei.» Han svarar han hev ikkje hug til det. «Det lydest som du vil faa meg onnor mor eller far, og det vil dei ikkje takka deg for, og ikkje veit eg um onnor mor eller far er betre enn dei, um det enn kunde verta meir til vyrdnad.» So sende dei ein mann etter Gjest og Syrpa, men dei vilde ikkje koma. «No gjeng det som eg fælte,» sa Syrpa, at noko vondt vilde koma av denne renningi hans Urdkatt burt til Øyr kvar dag.» No fær Torgeir vita at dei ikkje vil koma. Han segjer til Urdkatt: «Gjer no som eg bed deg, og faa dei hit.» «Daa skal du lova meg det,» segjer Urdkatt, «at dei ikkje skal fara sorgfullare fraa deg enn til deg.» Torgeir lova det. So gjekk Urdkatt heim og bad dei fylgja seg. «Eg skal lova dykk det, at de skal ikkje vanta noko, so lenge eg lever; um so er eg fær eigedom aa raada over daa.» Syrpa segjer: «Det hjelper vel ikkje aa spenna mot. Det lyt fram koma som best er, um det enn er oss imot. Me skal fylgja deg til Øyr.» Daa dei kom dit, sette dei seg framfor Torgeir med Urdkatt imillom seg. Daa mælte Torgeir: «Eg trur ikkje, Syrpa, at Urdkatt er son din. Seg no fort kva du vil: Anten segja sant, og faa takk og min venskap attpaa; eller tola hard medferd, og verta nøydd til aa segja sanningi.» Syrpa svarar: «So mykje er upp kome, at no er det vel best aa segja kor til er bore.» So fortel dei alt saman, og ein kann vita at alle som inne var, lydde vel etter. «Dette trur eg er sant,» segjer Torgeir. So spør han Torgerd, syster si, kor lenge det er sidan ho fødde barnet sitt. Ho fortel det er tolv aar sidan. «Var det so at du sette det ut?» segjer han. «Det var so.» «Kvi gjorde du det?» Ho svara at ho torde ikkje anna for Asbjørn, mannen sin. «Eg var so glad i guten at eg vilde gjerne fødd han upp,» segjer ho. Torgeir mæler til Asbjørn: «Vil du maag, kjennast ved denne guten, og taka han til deg som son, og halda han som deg sjølv?» Asbjørn svarar: «Eg veit ikkje kven han er, men eg kann alltid gjeva han mat i lag med andre menn, um det er det du meiner.» Torgeir segjer: «Er du ikkje som far aat han, og let han faa det han skal, so er det slutt med vaar venskap. Ikkje skynar eg ættarbragd, um ikkje han snøgt vil syna at han er skyld mine frendar og dine. Syrpa og Gjest skal hava fe for tolv hundrad for at dei hev fostra upp Urdkatt. Halvparten skal du betala og resten eg.» So for Gjest og Syrpa heim og tykte reisi hadde gjenge godt. Urdkatt vart verande paa Øyr. Dei fjelga han og gav han gode klæde, og daa var det ingen som hadde set venare og meir velskapt kar. Alle tykte at Torgeir hadde gjeve dei baade sømd og vyrdnad, og han og Asbjørn skildest gode vener.

Urdkatt treivst godt paa Øyr. Han dreiv mykje med idrott og øvde seg i alt som samar ein mann. Asbjørn gav seg lite av med han, men var snild, og mor hans visste ikkje det beste ho kunde gjera mot han. Vaaren etter reid Asbjørn til tings som vanleg. Den tid hadde dei paa Øyr ein stut som var tri aar gamal og fælt vond, so kvendi var redde kvar gong dei mjølka. Ein morgon kom dei inn skrikande og sa at no hadde stuten teke paa dei og slege ned mjølki — «og du er so redd Urdkatt, at her er ikkje kar i huset, endaa du er her.» Og so fann dei aat Urdkatt og brukte seg. Urdkatt meinte det var passeleg aat dei — «og ikkje vert vel stuten snildare um de skjeller paa meg.» So krulla dei seg kring han: «Aa, kjære Urdkatt hjelp oss med stuten daa,» — og so kytte dei av han og hølte. «Ja, dette var mykje likare,» meinte han, «no skal eg hjelpa.» So gjekk han ut og burt til buskapen. So snart stuten saag han, kom han farande og vilde taka han paa horni. Men Urdkatt tok stuten i horni, og so vart det basketak baade langt og hardt. Til slutt gjer Urdkatt eit tverrkast, so stuten vert liggjande paa ryggen med avbrote nakkebein. Daa Asbjørn kom heim av tinget, so var soga um Urdkatt og stuten det fyrste han fekk høyra, for alle tykte det var eit svært karsstykke av ein tolvaaring. Asbjørn sa ikkje stort, men gav seg etter kvart meir av med Urdkatt, daa det var for augo synt, han vilde verta ein ovkar i alle maatar.

Ein haust hende det at Urdkatt gjekk ut kvar kveld og kom ikkje inn att fyrr langt paa natt. Ingen visste kva han gjorde. Ein gong han kom inn att, var alle gjengne til sengs. Han gjekk burt til sengi aat far sin og spurde: «Søv du far?» «Nei, kva vil du?» «Eg hev no vore ute sju kveldar paa rad, og kvar kveld set det same; men eg skynar ikkje kva det er. No lyt du vera med og sjaa.» Asbjørn stod upp og fylgde ut. Urdkatt segjer: «Eg ser liksom noko lysa langt til sjøs, eg trur det maa vera eld.» «Kva trur du det kann koma av?» spør Asbjørn. «Eg skynar det ikkje,» segjer Urdkatt, «men eg hev tenkt meg det kann vera folk i havsnaud. Eg hev høyrt gjete dei daa brukar tendra varme for aa faa hjelp.» Asbjørn segjer: «Eg trur du hev gjete rett, og kva vil du no gjera?» «No vil eg faa laana baaten og nokre karar og prøva faa greida paa dette.» Det fekk han lov til. So bar Urdkatt ut i baaten slikt han trudde han fekk bruk for og rodde av garde med tri drenger. Dei rodde og Urdkatt styrde. Um ei rid sa han: «No kann de styra og eg ro. Det vore moro aa sjaa um baaten vilde ganga daa.» Dei so gjorde. Ein styrde, og Urdkatt rodde aaleine, og baaten gjekk daa mykje fortare enn fyrr. Han rodde ei lang rid, og bad so dei andre ro att. Karane fær til aa trøytna og murra um at dei sleit til ingen nytte. Men um ei tid saag dei noko svart langt ute, og daa dei kom nærare, saag dei det var eit handelsskip som laag svært djupt paa sjøen. Dei rodde til stamnen og feste baaten. So gjeng dei upp paa skipet. Dei kunde sjaa der hadde vore gjort upp varme, og dei saag mange merke paa at skipet hadde vore ute i hard storm. Dei saag fleire mann, um bord, men alle var daude. Urdkatt saag eit silketelt midt paa skipet. Der inni laag ein mann i ei velbudd seng. Han synest skyna at denne mannen ikkje var daud, og han ruskar i han og segjer: «Lever du mann?» Han raar or og svarar. Urdkatt segjer: «Eg ser de hev havt lang og vond reis. Kva heiter du? og kvar er du ifraa?» Han svarar: «Eg heiter Finnboge, far min heiter Baard og er vikværing. Men kven er du?» «Eg heiter Urdkatt.» «Det er eit underleg namn,» segjer Finnboge. «Trur du det er fleire i live paa skipet enn du?» spør Urdkatt. Finnboge svarar at daa han sovna var det ni mann i live. Urdkatt spør korleis dei hev kome i slikt uføre. «Mange ting,» segjer Finnboge, «fyrst hard storm, og so vatsløysa og matløysa. Me miste roret, og skipet er fullt av vatn.» No leitar dei vel paa skipet og finn ni mann i live. Dei ber alle saman ned i baaten og gjev dei mjølk og annan høveleg mat. Det var som Urdkatt hadde visst kva som helst trongst. So segjer Urdkatt: «No skal du Finnboge lata meg faa lyklane til kistone dykkar, so me kann faa med oss dei beste eignalutene.» Han fekk lyklane og skunda seg og bar i baaten alt han kunde taka. Sidan rodde dei fraa skipet og hadde godver alt til dei kom inn til Øyr. Asbjørn tok vel imot dei, og dei framande vart hjelpte so godt som raad var. Alle tykte at Urdkatt hadde gjort ei god reis.

Finnboge og tvo av mennene hans fekk hus paa Øyr. Urdkatt vakta over dei dag og natt. Det gjekk so at alle dei framande døydde, nær som Finnboge, han friskna til. Finnboge var ein ven mann, stor og sterk og hadde svært gode vaapen. Han hadde vore styresmann paa skipet, og ervde no alt det felagane hans hadde aatt. Finnboge vart verande paa Øyr um vinteren og han og Urdkatt van i lag stødt. Dei selde varone som var berga rundt i Flatøyardal.

Um vaaren drog Finnboge og Urdkatt av garde for aa krevja betaling for varone. Med dei var ein som heitte Vesle-Ramn, han var fælt spræk, og reid aldri, men sprang fyre stødt. Han var skyld Urdkatt. Um kvelden kom dei til Ljosvatn, og Torgeir tok godt imot dei, og baud dei vera so lenge dei vilde. Dei sat der i godt lag um kvelden. Andre dagen var dei seint ute og Torgeir fylgde dei paa veg. Um kvelden kom dei til Fjell. Der budde Draume-Finn, son til Torgeir og eit finnekvende som het Leikny. Han var framvis og ein klok kar. Um morgonen var Finnboge tidleg ute og skunda paa: «Naar me kjem attende, vil me hefta her lenger,» sa han, «av di Finn er ein klok mann og forvitneleg aa røda med.» «Liten kostnad var det med deg no,» segjer Finn, «og mindre vert det naar du kjem attende » Dei reid av garde, men var ikkje komne langt, fyrr Finnboge segjer: «Eg kjenner meg so underleg.» Urdkatt saag paa han: «Du er fælt bleik. Stig av hesten, so kanskje det dreg av deg.» Dei steig av hestane og kvilde seg. Um ei stund sa Finnboge at no var han mykje betre, og vilde dei skulde rida vidare. Dei reid burt over fjellet til dei kom til ein stor stein. Daa segjer Finnboge: «Her lyt me stogga. Det kann henda her vil spyrjast noko fraa reisi vaar.» Dei steig av, tok teltet og la fraa steinen og fram. Urdkatt sette seg ned, og Finnboge la hovudet i fanget hans. Daa mælte Finnboge: «Det ser ut til eg skal fara same vegen som felagane mine. Det var nok ingen av oss som skulde sjaa Norig meir. Du Urdkatt hev gjort vel baade mot meg og dei andre. No kann eg ikkje løna deg som eg vilde: men det eg kann, skal eg gjera. Her er vaapni mine, som far min gav meg. Eg vonar, at um du kjem til Norig, eller andre land, so finn du ikkje betre vaapen. Eg gjev dei til deg, dei og alt du berga av skipet, baade det eg aatte, og det eg tok i arv etter dei andre. Eg gjev deg og namnet mitt: Finnboge. Eg er ingen spaamann, men eg trur at ditt namn vil minnast so lenge verdi stend. Eg er lite liv lage. Maa det daa verta til sømd for meg og frendane mine, at so namngjeten mann, som eg trur du vert, tek namn etter meg.» Urdkatt takka mykje for gaavone, og like etter døydde Finnboge. — Finnboge sende Vesle-Ramn til Fjell og Finn kjem attende med han, og dei grev liket ned under steinen, som seinare vert kalla Finnboge-steinen. Sidan for dei heim til Fjell. Finn sa det hadde gjenge som han tenkte — «mannen var baade ven og dugande, men eg saag han var feig.» Sidan reid dei til Ljosvatn, og Finnboge fortel Torgeir, frenden sin, kva som hev hendt, og kva sømd han hev fenge. Torgeir vert svært fegen. Han minner um at han for lenge sidan hev spaatt at det vil verta ovkar av han. Sidan sender Torgeir folk til aa krevja inn det Finnboge hadde til gode i heradet, og so rid dei i lag til Øyr. Asbjørn og Torgerd, foreldri til Finnboge, vart glade daa dei høyrde kva sømd han hadde fenge, og saag kor han vart mætt av alle.

Same sumaren kom eit skip av havet som la inn til Knarraøyr. Styresmannen heitte Baard og var vikværing. Han for til Ljosvatn og fekk hus hjaa Torgeir gode, og var der um vinteren. Finnboge var og jamleg paa Ljosvatn um vinteren. Um vaaren sa Finnboge til Torgeir at han hadde hug til aa fylgja Baard utanlands um sumaren. Torgeir mælte: «Endaa eg tykkjer det er hugnadsamt aa hava deg her, frende, so vil eg ikkje telja fraa dette, daa eg trur det er so laga. Eg trur og at kvar du kjem, vil du verta rekna millom dei frægaste. Og difor vil du vel, som frendane dine, verta utsett for aagang og ovund.» Sidan reid dei til Øyr og bar dette upp for Asbjørn. Han sa at han helst vilde Finnboge var heime — «men daa han vel helst vil raada seg sjølv, vil ikkje eg setja meg imot.» So rødde dei med Baard og gjorde det av so at han og Finnboge skulde vera styresmenn i lag.

Daa dei hadde siglt nokre dagar, fekk dei stilla og sidan myrker og kov, so dei visste ikkje kvar dei for. Dei kjem til slutt mot land ein kveld, men kann ikkje finna hamn, og daa det er svær storm, forliser dei, og alle mann druknar, so nær som Finnboge. Han kom seg paa land med vaapni og klædi sine. Det var berre fjell og ulende der han kom i land, og han kleiv under fjellet til han kom til ei elv som kom fyssande ned eit fælt djuv. Der maatte han freista aa koma upp, og daa han var so spræk ein kar, lukkast det og. Men daa han kom uppaa var det alt myrkt, og det snøa og bles so klædi fraus paa kroppen. Han kasta sekken sin paa ryggen og vassa av garde i snøen. Til slutt kjende han røyklukt og litt etter kom han til ein stor og røsleg gard. Han høyrer det er folk inne og bankar paa døri, men ingen kom og let upp. Han bankar endaa ein gong og mykje hardare. Daa høyrer han ein inne segjer at trolli gjerne kann staa og banka heile natti. So slo han i døri so dei skvatt der inne, og han høyrer ein, som han skynar er bonden sjølv, segja: «Umenneske er de som ikkje vil lata upp for folk i slikt ver.» So kom bonden sjølv til døri med ei øks i handi og spurde kven det var. «Finnboge Asbjørnson fraa Island.» «Naar kom du til lands?» «No i kveld.» «Daa hev du havt hard landkoma,» segjer bonden. «Skip og gods tyntest, og alle drukna, nær som eg. Kva er dette for eit land?» segjer Finnboge. «Haalogaland i Norig, og garden heiter Grønmo.» «Og kva heiter du?» spør Finnboge. «Eg heiter Baard,» segjer bonden. «Er du hovding her paa Haalogaland?» spør Finnboge. «Det er eg,» segjer Baard. So spør Baard: «Kor gamal er du, Finnboge?» «Femtan aar.» «Ovstor er du daa etter alderen,» segjer Baard, «er han islendsk far din?» «Nei han er ætta her fraa Haalogaland,» segjer Finnboge. «Er du son til Asbjørn Gunnbjørnson Dettiaas, kanskje?» «Det er eg.» «Eg venta faa sjaa ulven, daa eg saag øyro,» segjer Baard; «men no er det best du gjeng inn og vert her i natt.» Finnboge so gjorde, og dei fann turre klæde aat han og stelte paa det beste. Um morgonen var Baard tidleg uppe og vekte Finnboge — «eg er viss paa at mykje av det som var paa skipet er reke i land i natt.» Dei gjekk ned til sjøen og fann rett nok, at mykje av godset hadde reke i land. Baard førde det heim alt saman og vyrdsla og stelte som det skulde vore hans eige. Baard baud Finnboge vera der so lenge han vilde, og han vart der um vinteren. Han var gavmild og raust, og han hadde no mykje gods, daa han tok alt som vart berga etter felagane sine, so som lovi daa var.

Den vaaren var det ein skabjørn paa Haalogaland som slo ned mykje fe, og mest paa Grønmo. Til slutt stemnde Baard saman eit ting og lyste bjørnen fredlaus og lova premi til den som drap han. Det var mange som gjekk etter bjørnen, men han kom undan og drap baade folk og fe. Baard hadde ei sæter langt fraa garden, og hadde der mykje avdraatt som han let henta heim etter kvart; men no var det ingen som torde reisa dit, av di bjørnen heldt seg der ofte. Ein kveld segjer Baard til mennene sine at næste dag skal alle saman ut etter bjørnen. Dei stelte daa vaapni sine og stelle seg til so godt dei kunde. Men um natti daa alle sov, stilte Finnboge seg upp og tok vaapni sine, og gjekk ut so ingen merka det. Han tok sætervegen og løynde fari sine. Daa han kom til sætri, saag han bjørnen laag og saug blodet av ein nydrepen sau. «Statt upp bersi!» segjer Finnboge, «og slaast med meg.» Bjørnen sette seg upp og saag paa han, men la seg ned att. «Synest du eg er for godt væpna, so er det raad med det,» segjer Finnboge og legg fraa seg hjelm og skjold. «Kom no um du torer.» Bjørnen sette seg upp og skok hovudet og la seg att. «Eg skynar du vil me skal vera jamvæpna,» segjer Finnboge og kastar sverdet fraa seg. «Kom no, elles er du redd som ein hjase.» Daa ris bjørnen og yrner og byster seg fælt og gjeng so paa bakføtene mot Finnboge. Finnboge spring imot og tek ryggtak. Dei drogst lenge og so hardt at stein og jord spruta undan føtene. Sistpaa bryt Finnboge bjørnen over ein stein so ryggen gjeng av, og so tek han og legg han over sauen som fyrr. Finnboge er fælt lemster og stiv etterpaa, men han tek vaapni og skundar seg til Grønmo og kjem seg i seng utan at nokon gaar han, og lest som han søv. Litt elter er dei andre uppe og Baard tek i foten hans og spør um han vil vera med etter bjørnen. Finnboge segjer han vil gjerne vera med. Daa dei kom til sætri, laag bjørnen der over sauen. Baard sa til mennene sine at no fekk dei ganga fram og vinna premien han hadde sett upp, men ingen av dei torde. «Eg skynar ikkje kva slag bjørn dette er, som ikkje reddast nokon ting,» sa Baard, «men daa eg hev lyst han fredlaus, fær eg vel ganga mot han.» Og so gjeng han djervt paa. Men so ser han at bjørnen alt er daud, og daa vaagar dei andre seg fram, kann de vita. Baard finn ikkje saar paa bjørnen, men daa han leitar etter, ser han at ryggen er avbroten. Baard mælte: «Dette er eit uhøyrt ovverk, og dette hev ingen haaløyg gjort. Det er vel du Finnboge som hev vore ute her?» Finnboge segjer, han kann tru det, um han vil. «Eg er viss paa det er du,» segjer Baard, «men korleis for du aat?» «Det skil ingen,» segjer Finnboge; «ikkje kann du gjera det, og ikkje son din.» «Nei, det er ikkje kvar manns verk,» segjer Baard, «og premien eg hev sett upp, skal du faa.» So flaadde dei bjørnen og for heim. Baard vyrde Finnboge meir enn nokon annan etter dette.

Utpaa vaaren for mange skip forbi Haalogaland, baade nordan og sunnan. Finnboge sat kvar dag i fjellet nede ved sjøen og saag paa siglingi. Han tykte det var slik moro aa sjaa fagre skip av ymse slag. Ein dag saag han ein mann koma roande sunnanfraa i ein stor baat. Det var ein stor mann og morsk aa sjaa til, og staseleg klædd. Han rodde so fort at baaten tyktest fljuga under han. Finnboge ropar til han og mannen ror til lands. «Kva heiter du, og kvar er du fraa?» spurde Finnboge. «Eg heiter Alv, og raader over ei øy som heiter Sandøy. Haakon Jarl er maagen min, eg er gift med systerdotter hans. Men kven er du, som er so spurvis?» Finnboge sa kven han var. «Hev du drepe slagbjørnen aat haaløygane?» spør Alv, «og korleis for du aat med det?» «Det skil deg ikkje,» segjer Finnboge, «av di ikkje kunde du gjort det.» «Er du son til Asbjørn Dettiaas?» spør Alv. Finnboge jattar det. «Daa er det ikkje rart du er stor i ordi,» segjer Alv. «Kvar skal du av?» spør Finnboge. Alv segjer han skal nord til Mørk og henta skatt. «Naar kjem du att?» segjer Finnboge. Alv segjer um ein halv maanad eller so. Finnboge spør um Alv vil taka han med seg naar han fer sør att. «Du ser ut som du orkar ro,» sa Alv, «so eg kann godt taka deg med; men kva vil du sør i landet?» «Eg vil til Haakon Jarl, difor reiste eg fraa Island.» Alv svarar: «Daa vil du ha lukka med deg; for du ser ut til aa vera ein stor idrottsmann som frendene dine.» So baud dei farvel og Alv rodde av stad. Daa Baard fekk høyra kva avtale Finnboge hadde gjort, lika han det ille. «Alv er en vond og svikfull mann,» sa han; «og daa han er maag til jarlen og hirdmannen hans, maa folk tola mykje urett av han.» Finnboge meinte han skulde nok greida seg, og bad um Baard vilde styra med godset hans.

Paa den tid Alv var ventande, gjorde Finnboge seg ferdig. Han tok med seg berre vaapni sine og reiseklædi og nokre eigneluter han tenkte han kunde trenga. Han hadde ikkje bia lenge fyrr Alv kom roande. Han hadde tungladd baat. Finnboge gjekk um bord, og Alv tykte visst baaten vart tyngre og sa: «Det ser eg paa sekken din at ikkje kjem du sylvlaus til Haakon Jarl.» So bad Finnboge og Baard farvel med mange gode ord, og Alv rodde av garde. Um ei tid bad han Finnboge ro, og han rodde so Alv tykte at baaten ikkje laag still. Dei rødde um mangt um dagen, for Finnboge hadde mykje aa spyrja um. Utpaa kvelden kom dei til ei liti øy og Alv sa: «Her skal me vera i natt, so kjem me heim til dugurds i morgon. Her er ein stor heller som me kann vera i. No skal me taka det lettvint og ikkje lossa baaten; me tek han i kvar sin ende og ber han upp i helleren. Dei so gjorde. Sidan skulde Finnboge gjera upp varme medan Alv fann vatn. Medan Finnboge laag og bles i varmen, høyrde han braatt det kvein over hovudet hans. Han slengde seg over varmen. Daa var Alv komen og hadde tenkt aa drepa Finnboge. Finnboge sprang paa Alv som var fælt sterk. Dei drogst lenge, so varmen fekk tid til aa loga upp so det lyste over heile helleren. Finnboge saag daa ein stein som stod inne i helleren og var kvass som ei egg. Han skynar at Alv vil leggja han over steinen, og hev ikkje større hug paa det. Daa dei so kjem til steinen, hoppar han over, og rykkjer til med all si makt, so bringebeinet brotnar paa Alv. Der let daa han livet sitt, som han fortente.

Sidan matstelte Finnboge seg og laag i helleren um natti. Um morgonen tidleg drog han baaten paa sjøen og rodde av garde. Han kom til Sandøy tidlig dags. Der kom straks menn imot han, av di dei kjende baaten, og spurde han kvar Alv var. Han svara at det skulde han fortelja Ingebjørg, kona hans. Ho var i kvendestova, og daa han kom inn, helsa ho og spurde kven han var. Han nemnde seg. Ho spurde um det var han som hadde drepe bjørnen paa Haalogaland. Han sa det var so. «Korleis gjorde du det?» «Det skil deg ikkje, ikkje kann din son gjera det same.» Ingebjørg spurde: «Er Asbjørn Dettiaas far din?» «Ja,» segjer han. «Daa er det ikkje rart, um du og er medgjeten. Men korleis kom du hit?» «Eg for nordanfraa i lag med Alv, mannen din.» «Kvar skildest de?» «Her nord,» segjer han, «paa ei øy han er van aa vera naar han fer den vegen. Han vilde ikkje bry seg hit, men fara beint derifraa til Haakon Jarl. Han sende meg etter Ragnhild, dotter Dykkar, og det med til jarteikn, at ho hev ofte bede, men aldri fyrr fenge lov til aa vera med til jarlen. Men no skal ho fara.» Ho svara: «Dette er rett nok, men eg synest det er rart han sender ein ukjend mann i slikt ærend. No fær du faa deg mat, og sidan skal du faa svar. Ho gjekk so og rødde med dotter si og spurde um ho vilde fylgja denne mannen. Ho bad mor si raada. Sidan budde ho henne som best ho kunde, med gull og sylv og all den stas ho aatte, og fylgde dei ned til baaten. Finnboge tok Ragnhild paa armen, og bar ho ut i baaten og sette seg til aarane. Daa mælte Ingebjørg. «Hev du, Finnboge, fare med svik og lygn, so vara deg at du ikkje gjer dotter mi noko vondt, elles skal du faa ein braa daude.» Han rodde av garde. Daa spurde Ragnhild: «Er det sant, det du hev fortalt, Finnboge? Eller korleis skildest du og far min.» «Me skildest so at han er daud,» sa Finnboge. «Eg treng ikkje vita meir,» segjer ho, «ro meg til lands att med ein gong.» «Du skal vera med meg,» svarar Finnboge. Ho tok til aa graata. «Ikkje graat,» segjer han, «eg skal aldri gjera deg noko vondt, kva eg so elles kjem til aa gjera.» So ror han søretter. Kvar kveld legg han til lands og leiger folk til aa hjelpa seg, og vyrdslar um Ragnhild so godt han kann. Han held fram med ferdi til dei kjem til Lade, der jarlen var. Der fylgde han ho upp til systerdøttene aat jarlen, Ulvhild og Ingebjørg. Dei tok mot ho med baae hender, og spurde kven han var. Finnboge sa fraa um det. Dei sa: «Vel maa Alv tru deg, endaa um du er medgjeten kar, sidan han let dotter si gjera denne reisi, berre i lag med deg.» Han svarar: «Gjer no de so vel mot møyi, som han hev trutt meg vel.» So bad han farvel og gjekk sin veg. Finnboge leigde seg hus og hadde eignelutene sine der, og heldt mange mann i tenesta.

Ein dag gjekk Finnboge fram for jarlen og helsa høvisk paa han. Jarlen helsa att og spurde kven han var. «Finnboge heiter eg, og er son til Asbjørn Dettiaas som mange her i landet kjenner. Morsætti mi er islendsk, Torgeir Ljosvetningjagode er morbror min.» Jarlen mælte: «Fullgod er ætti. Eg kjenner frendane dine, det er ikkje kvar mann som er deira like. Var du paa Haalogaland i vinter?» Han jattar det. «Drap du bjørnen?» Ja, han gjorde det. «Korleis greidde du det, vaapenlaus?» spør jarlen. «Det nyttar ikkje segja Dykk det. Ikkje kann De drepa ein bjørn paa den visi.» Jarlen spurde: «Kven fylgde du nordanfraa?» «Alv fraa Sandøy, maagen Dykkar.» «Kvar skildest de?» «Han vart etter paa ei øy.» «Kvifor det?» «Eg drap han,» segjer Finnboge. Jarlen vart raud som blod og sa: «Kvi var du so vaagal aa fara i mitt vald etter slik daad. Visste du ikkje, at ingen mann i landet heldt eg meir av enn Alv, maagen og hirdmannen min?» Finnboge svara: «Eg drap han av di eg var nøydd til det, for han vilde drepa meg, og av di eg visste her fanst ikkje verre mann i Norig enn han. Og eg for i Dykkar vald for aa gjeva meg i Dykkar tenesta i staden for Alv. Dei nidingsverk han gjorde, vil ikkje eg gjera, men elles held eg meg jamgod med dei fleste av mennene Dykkar!» Haakon jarl mælte: «Folk vil tykkja eg er lite til kar um du slepp snikkelaus fraa dette. Og du skal vita at det var faa menn i landet eg lika betre enn Alv, endaa folk kalla han eit illmenne.» Finnboge sa: «Eg maa og melda Dykk at eg hev teke Ragnhild, frenden Dykkar burt fraa Sandøy og ført ho hit i Dykkar vald.» Jarlen svara: «Eg hev aldri set nokon so djerv som deg. Anten maa du vera ein tosk, eller so maa du hava hjelperaader me ikkje veit um. No synest eg det er for godt aat deg aa faa døy fort. Me skal hava moro med deg og røyna deg smaatt um senn. Gakk no, og kom ikkje for mine augo fyrr eg sender bod etter deg.» Finnboge gjekk til herbyrget sitt, let setja fram drikke og heldt seg glad med sine menn.

So ein dag bles jarlen til husting, og let setja stolen sin midt paa vollen. Sidan sende han bod etter Finnboge og sa: «Sjaa her, Finnboge, er ein liten gut du skal taka tak med. Du treng ikkje fara fint med han, for ikkje skal han fara fint med deg.» Finnboge saag at ved stolen stod ein neger, og tyktest aldri hava set uhuglegare kar. So tok dei tak, og tokst baade hardt og lenge. Sistpaa fekk Finnboge kasta blaamannen mot ein stein, so ryggen gjekk av. Jarlen mælte: «Du etlar deg visst til aa gjera meg mykje mannaskade, du Finnboge.» «Eg trur, herre, at fleire heller vil kalla dette troll enn mann,» svarar Finnboge. Jarlen bad han gaa og ikkje koma for augo hans fyrr han vart send bod etter. Finnboge gjekk, og heldt seg vel og stormannsleg; han hadde aldri mindre enn tolv mann med seg. Han gav gode gaavor til dei fleste av jarlens hirdmenn, og fekk seg ved det mange vener. Han bar og fram skatten Alv hadde ført med nordanfraa, og det vart sagt til jarlen at det denne gongen var baade meir og betre enn vanleg. Jarlen gjekk til tals med Ragnhild, og spurde ho korleis Finnboge hadde vore mot ho. Ho sa at han hadde fare so fint og vyrdsleg han kunde. Baade Ragnhild og Ingebjørg bad jarlen gjeva Finnboge grid og fred, men han var so vond at det var uraad aa tala med han. So leid nokre vikor. Ein dag sende jarlen bod etter Finnboge og sa til han: «Ikkje skal du drepa fleire menn for meg. I dag skal du kappsymja med isbjørnen min, og eg vonar han vil drepa deg. Men um so utenkt skulde henda at du vinn over bjørnen, daa maa du vera meir lage enn andre menn.» Bjørnen var baade stor og sterk, og kunde mannemaal. So for dei ned til sjøen, og heile hirdi fylgde med. Finnboge sprang paa sjøen, og jarlen bad bjørnen setja etter. Men bjørnen la seg ned for føtene hans og vilde ikkje. Jarlen eggja bjørnen og bad han ikkje spara Finnboge. So sprang bjørnen paa sjøen og tok paa Finnboge, og det vart baade hard og lang leik. Finnboge skyna han kunde ikkje halda seg so lenge under vatn som bjørnen. Han hadde ein tolekniv i eit band um halsen. Han hadde fenge den av mor si, og ho hadde bede han gøyma han vel, det var lukka med den kniven. So ein gong bjørnen hadde drege han under, tok han med den eine handi under bogen paa bjørnen og drog skinnet so langt bak han kunde. So køyrde han kniven inn framanfraa og slepte skinnet framover att. Bjørnen blødde daa inn og armast fort, og leiken enda med at Finnboge drap bjørnen. Daa folk saag at Finnboge hadde vunne paa bjørnen, vart det stort rop og alle var glade. Finnboge gjekk paa land og fram for jarlen. Jarlen spurde: «Hev du drepe bjørnen?» «Det hev eg,» segjer han. Jarlen mælte: «Du er mykje til kar, og ulik alle dei som hev kome fraa Island i mine dagar. No skal det vera kunnigt for alle, at alt det du hev gjort i Norig, baade mot meg og andre, det skal vera tilgjeve. Kom no og ver mannen min i staden for Alv, og ver holl og tru, som du hev lova!» Finnboge takka jarlen for dette bodet, og alle vart glade for at det enda so vel. Finnboge gjekk no saman med hirdi til halli, og ved joletid vart han hirdmann, og jarlen vyrde han mykje.

Vaaren etter tala jarlen med Finnboge og spurde kva han hadde tenkt seg til um sumaren. «No vil du vel fara ut til Island med ein gong. So gjer dei fleste; naar dei hev kome seg inn med hovdingar, og vunne seg fe og frægd, so fer dei burt.» Finnboge svara at han hadde ikkje tenkt aa skiljast ved jarlen so braatt. Jarlen segjer: «Sidan du hev tenkt deg til aa vera hjaa oss lenger, so hev eg ei sendeferd til deg. Det er ein mann som heiter Bersi, ætta her fraa Norig. Han var hirdmannen min og ein stor kjøpmann. Men so bar det til at han miste all si eiga, og bad daa meg um aa laana seg noko. Eg laante han tolv merker brent gull. Etter det for Bersi hin Kvite burt, og hev no vore burte i sju aar. Det er sagt meg, at han no er i Grekland og er hirdmann i stor vyrdnad hjaa Jon, kongen i Grekland, ein medgjeten hovding. No vil eg senda deg og krevja han, og no vil eg hava tolv gonger til so mykje, eller og hovudet hans. No, endaa eg er ein rik og mektig hovding, so er eg ikkje vel likt av andre hovdingar. Dei tykkjer visst eg er hosta hardraadug og svikfull. Difor veit eg ikkje korleis kong Jon vil taka mot deg. No kann du taka med deg dei du vil av hirdmennene, og elles taka alt du treng til reisi, skip og gods.» Finnboge so gjorde. Han valde eit godt skip, og budde det paa det beste, og bledde ut dei av hirdi, han tykte var best fallne til ferdi. Daa han var ferdig, gjekk han for jarlen og sa: «Ein ting vil eg beda Dykk um.» «Kva er so det?» «Det er berre, at De vil lata Ragnhild, frenden Dykkar, vera her hjaa Dykk, og ikkje senda ho til Sandøy, og ikkje gifta ho burt so lenge eg er i live.» Jarlen lova det — «kann henda du tenkte paa dette, alt daa du tok ho burt fraa Sandøy?» Til avskil gav jarlen han ein gullring som vog ei mork, og ei gild kaapa — gaavor ein fyrste kunde kjennast ved.

So la Finnboge til havs. Ferdi gjekk vel, og dei kom til Grekland. Finnboge fer varleg fram, og fær seg herbyrge nær kongsborgi. Grekland var daa kristna. Finnboge spør at Bersi er hjaa kongen og er vel vyrd. Ein dag vel Finnboge ut tolv av mennene sine til aa vera med til kongen. Sjølv var han budd paa det beste, og han helsa kongen finsleg. Kongen tok vel imot helsingi og spurde kven han var. Finnboge sa namnet sitt og kvar han var ifraa. Kongen sa: «Du er ein stormannsleg kar, og er visst mykje til mann i ditt land, men kven trur du paa?» «Eg trur paa meg sjølv,» segjer Finnboge. «Kor gamal er du?» spør kongen. «Attan aar.» «Ja, mange trur paa mindre, enn naar dei trur paa seg sjølv,» segjer kongen; «men kva er ærendi di hit?» «Haakon Jarl som er styrar i Norig sende meg hit. Eg er hirdmannen hans, og han hev pengar til gode av Bersi, hirdmannen Dykkar.» Og so fortel han kongen um saki millom Bersi og jarlen. Kongen mælte: «Eg hev høyrt gjete Haakon Jarl, men lite av det som godt er. Rart og at han kann tenkja aa naa den manns hovud som eg vil varda. Men sidan du Finnboge hev reist so lang veg, skal du hava fred i vaart rike og lov til aa handla her. Kann og vera at eg for di skuld skal finna ein utveg paa saki di, som du kann vera tent med.» Finnboge takka kongen for ordi hans, og for til herbyrget og var der um vinteren, vel halden.

Um vaaren gjekk Finnboge for kongen og bad um svar paa ærendi si. Kongen sa at so skulde vera. So stemnde kongen til tings, og dit kom Bersi og mykje folk. Kongen spurde Bersi um han var skuldig jarlen noko. Han sa han var skuldig tolv merker gull — «og eg hev aldri tenkt aa betala det.» «No skal du betala Finnboge i staden,» segjer kongen. So maa Bersi greida ut alt saman, og kongen gjev attaat seks merker. So segjer kongen: «Det skal du og alle vila, Finnboge, at dette er gjort for di skuld og ikkje for Haakon Jarls. Men no vil eg beda at du vil syna oss styrken din; og so vil eg beda deg taka ved kristendomen.» Finnboge svara: «Det skal eg lova Dykk herre, at um dette bodskapet kjem nord i landi, skal faa taka ved trui skjotare enn eg, og eg skal og telja til at andre tek ho.» Kongen sat paa ein benk og tolv mann med han, seks paa kvar sida. Finnboge gjekk burt og tok benken upp paa oksli og bar dei ut av mannringen og burt paa vollen. Alle maatte undra seg over kor sterk han var. Kongen gav Finnboge ein gild gullring, og sverd og skjold so gilde dei kunde vera. «Med dette,» segjer kongen, «vil eg lengja namnet ditt og kalla deg Finnboge den Ramme. Og eg trur ditt namn vil haldast uppe so lenge verdi stend. Du skal og vera venen vaar, anten me no skal finnast meir eller ikkje.» So gjorde Finnboge den Ramme og hans felagar seg reiseferdige og tok avskil med kongen. So reiste dei og kom vel fram til Norig.

Jarlen tok vel imot Finnboge og sa han hadde gjort ei gjæv ferd og fenge mykje gods og frægd hjaa Grekar-kongen. Jarlen bad han vera hjaa seg og han vyrde ingen mann meir enn Finnboge. Og no kallar alle han Finnboge den Ramme. Han er um sumaren hjaa jarlen i stor æra.

Ein dag gjekk Finnboge til tals med jarlen og bad han vera med til Sandøy og forlika han og Ingebjørg — «og eg vonar daa med Dykkar hjelp at eg fær Ragnhild, dotter hennar, til kona. Eg skal gjerne gjeva ho ei sømeleg bot for draapet paa Alv, mannen hennar.» Jarlen lova dette, og sende menn til Sandøy og bad Ingebjørg laga til gjestebod. Ho sende bod attende og bad at Finnboge ikkje maatte vera med — «daa eg ikkje toler sjaa den mannen for augo mine.» So budde jarlen og Finnboge seg og for til Sandøy med mange menn. Der var skipa til gjestebod og mykje folk fyre. Daa jarlen raaka Ingebjørg, vilde han raada aaleine, anten ho lika det vel eller ille. Finnboge sende bod paa Baard fraa Grønmo og han kom med mykje gods som høyrde Finnboge til. Jarlen sette ei stor bot for Alv, og so feste han Ragnhild til Finnboge og sa at boti skulde vera hennar heimanfylgja. Ingebjørg let seg lita med detfe, daa Finnboge var slik gjæv kar, og ho skyna attaat kva jarlen vilde. So vart Ragnhild førd til sæte millom mange andre kvinnor, og alle var glade og kaate.

Etter brudlaupet gav Finnboge gode gaavor baade til jarlen og Baard fraa Grønmo, og alle rike og gjæve menn som hadde vore i brudlaupet, fekk gaavor av han. So for jarlen burt med sine menn, og Finnboge vart buande paa Sandøy. Dei var mykje glade i kvarandre, Ragnhild og Finnboge. Fyre jol for dei til jarlen og var hjaa han i joli. Etter jol laga Finnboge seg til heimferd og jarlen fylgde han ned til strandi. Daa sa Finnboge: «Herre, eg hev tenkt meg ut til Island i sumar, og vitja skyldfolket mitt.» Jarlen svara: «Du skal hava mitt lov til aa reisa kvar du vil. Aldri hev eg set din make korkje i styrke, dugleik eller høvisk framferd.» So gav jarlen Finnboge eit vent skip, fullrusta med raa og reide, og sa han skulde ikkje leiga seg skipsrom til Island. Finnboge takka jarlen mykje for all den sømd han hadde fenge. So skildest dei med stor venskap, og alle skyna at jarlen vyrde Finnboge meir enn nokon annan. No for Finnboge heim til Sandøy og var der resten av vinteren.

Um vaaren for Finnboge og Ragnhild til Island. Daa skorta det ikkje paa rikdom og stas av noko slag. Dei hadde god reis og tok land paa Arnøyr. Det spurdest braatt at Finnboge var komen, og at han hadde vunne fe og frægd og ættstor kona i Norig. Asbjørn far hans, og Torgeir Ljosvetningjagode reid til skips, og det vart eit fagna møte. Sidan for dei heim til Øyr, og dit flutte Finnboge eigedomen sin. Um hausten gjorde Torgeir eit svært gjestebod og baud til seg Asbjørn og Finnboge og mange andre. Etterpaa gav Torgeir gjestene sine stormannslege gaavor. Finnboge fekk fem utifraa vene ljosblakke hestar; ordet gjekk at det var dei beste i den fjordungen av landet. Ragnhild fekk ein gild gullring og kaapa og belte. Finnboge let setja hestane sine av upp-paa Flatøyardalsheidi. Der uppe budde ein mann som heitte Uxi paa Heidhus, ein liten stakkar til kar. Han var gift med dotter av Bretting. Dei hadde mange born og var blaafatige. Uxi var klent lika av alle.

Finnboge budde no paa Øyr. Det er fortalt at mange var ovundsjuke paa han og klandra han. Verst var Brettingssønene og deira vener. Dei tykte Finnboge fekk so reint for mykje vyrdnad etter utanlandsreisi si, at det var som det ikkje fanst andre folk. Finnboge var svært glad i hestane han hadde fenge, og gjekk ofte og saag etter dei. Uxi paa Heidhus tykle hestane gjorde skade paa eigedomen hans. Han krak ikring og var baade høgmælt og illmælt; men Finnboge lest aldri sjaa han. Asbjørn paa Øyr hadde mykje høy paa heidi som skulde køyrast heim um vinteren. Ein gong for dei paa heidi med mykje folk for aa køyra høy. Uxi kom daa farande att, og var fælt stor i ordi mot Finnboge og meinte paa at gjætte han ikkje hestane sine, so skulde han trega det. Etter kvart som lassi vart ferdige, køyrde karane av garde, Vesle Ramn for med siste lasset. Finnboge vart att aaleine, og kjælte hestane sine og klypte maani deira, fyrr han gjekk paa heimvegen. Daa han for forbi Heidhus, kom Uxi farande med øksi i baae hendene og hogg etter han. Finnboge snur seg mot han, og Uxi raakar ikkje, men høgg i klaken og dett framover. Han sprett upp att og høgg etter Finnboge alt i eitt. Tilsist vert Finnboge leid braaket hans, og tek kappa si og snarar um føtene paa Uxi, so han dett og slær hovudet mot ein stein og fær bane. Finnboge gjekk inn til kona hans og sa korleis til hadde gjenge, og gav ho ein gullring og sa ho fekk berga seg med den for det fyrste. So for Finnboge heim og sa far sin tidendi. Asbjørn sa at dette var ille — «for um mannen var ein stakkar, so hev han gode skyldfolk, og mange vil taka denne saki upp av ovund mot deg.»

Um morgonen for kona til Uxi og fortalde brørne um draapet. Brettingssønene vart fælt sinna og gjorde seg ferdige og for til Øyr med ein gong og lyste draapet paa Finnboge og søkte han etter bot. Han svara at dei fekk ikkje bot, for Uxi hadde livlyst han og var fallen paa sine gjerningar. Dei stemnde daa Finnboge til tings for draapet. So for dei til Øyfjord til Øyulv Valgerdson, som daa var største hovdingen i Øyfjord. Han var skyld Brettingssønene og lova dei hjelp paa tinget mot Finnboge og frendane hans. Sidan for dei heim og var store i ordi og snakka vondt um Finnboge, men han lest som han aldri høyrde. Finnboge fortalde kva som var hendt til Torgeir, morbror sin. Torgeir meinte det hadde vore betre han hadde bøtt noko, ein vann ingen vyrdnad i slike smaasaker.

Paa tinget møtte baae partar mannsterke. Brettingssønene søkte Finnboge for draapet; men daa alle visste korleis det hadde gjenge for seg at Uxi vart drepen, so øydela Torgeir søksmaalet for dei, so dei fekk ingen ting ut av det. Dei lika seg stor-ille. Etter tinget for Finnboge og Ragnhild til Ljosvatn. Torgeir baud dei vera der, daa han meinte at budde dei for nær Brettingssønene, vart det berre meir ufred. Finnboge og Ragnhild hadde no tvo søner, Alv og Gunnbjørn, emnelege gutar.

Fyrst paa vinteren skulde Finnboge og Vesle-Ramn ein gong reisa fraa Ljosvatn til Øyr. Torgeir sa det var uvarleg aa reisa so einsleg, so mange uvener som han hadde. Finnboge meinte det hadde ingi naud. So gjekk dei. Finnboge var fullvæpna, hadde hjelm paa, og skjold ved sida, spjot i handi og sverd. Daa dei kom i utenden av heidi, sa Vesle-Ramn: «Ser du noko til tidende, Finnboge?» Finnboge sa han saag ingen ting som kunde tyda noko — «ser du noko?» «Eg ser,» sa Ramn, «at fram under brekka der stikk upp femtan spjotoddar og eg tenkjer det er deg dei sit etter. No vil me snu attende.» «Nei,» svarar Finnboge, «det kann godt henda dette er paafunn av nokon som vil skræma oss.» «Skal eg daa springa heim til Øyr og varsla far din?» spurde Ramn. «Nei,» segjer Finnboge, «av di enno veit du ikkje kva du skal segja.» So sprang Finnboge fram paa ein fjellkamb som var høg og lett aa verja, daa det var berre ei sida aa koma upp paa. Der løyste han upp nokre steinar og la ferdige. Daa kom Brettingssønene og Ingessønene fraa Jøkulsaa og attaat ti mann, alle sterke og stridshuga. Finnboge helsa blidsleg paa dei, og spurde kvar dei skulde av. Torstein Brettingsson svara at han trong ikkje spyrja — «no skal det røynast um du er slik kar som du held deg for.» Finnboge bad at dei fem Brettings- og Ingessøner vilde koma og røyna seg, men dei vilde ikkje. So bad han dei gjera kva dei vilde. Torstein sprang fram og la til Finnboge med spjotet, men Vesle-Ramn hogg sund spjotskaftet for han. Torstein svinga sverdet og hogg til Finnboge, og kløyvde skjolden mest til handtaket, so Finnboge fekk eit saar i handleden. Finnboge la til Torstein med ein stein so han uvita og hogg so hovudet av han. I det same la Sigurd Brettingsson til Finnboge og gav han eit svært saar i laaret. Finnboge stikk spjotet gjenom baade skjolden og mannen og nester Sigurd fast i klaken. Grim Brettingsson spring fram med ei stor øks og vil hogga i hovudet paa Finnboge, men han tek mot øksi med skjoldbrotet og slær til Grim paa oksli med sverdet og kløyver ho. So søkte dei fram Ingessønene, Tore og Grim, og eggja dei andre og til aa gaa djervt paa. Daa sa Finnboge til Vesle-Ramn; «No kann du springa heim til far, no veit du kva du skal segja.» Ramn for av garde alt det føtene orka bera han. Dei andre søkte aat Finnboge, og han varde seg vel og karsleg. Daa fall baae Ingessønene. Dei ti som var att, gjekk paa han, men han slo ifraa seg so dei kom ingen veg. Medan var Ramn komen til Øyr og fortalde Asbjørn korleis til stod, og Asbjørn for av garde med seks mann. Daa dei kom fram, sat Finnboge paa fjellkamben og varde seg med sverdet. Tri mann var att av uvenene og dei var mykje særde. Daa dei saag Asbjørn, rømde dei. Finnboge var mykje nedaatkomen baade av saari og trøyttleik. Han hadde daa drepe tolv mann, og dei tri som kom undan, var saara. Finnbogekamben vart sidan denne fjellkamben kalla. Asbjørn førde Finnboge heim og grødde saari hans. Daa denne tidendi spurdest, tykte folk det var reint utruleg at ein mann kunde verja seg mot so mange, og det var aalmenn tale at desse menn burde vera uhelga, og Finnboge saklaus daa han berre hadde drepe i sjølvverja.

Um sumaren var det mykje røda paa tinget um dette maalet. Øyolv fraa Mødruvoll og mange med han tok upp søksmaalet for Bretting og Inge, og Torgeir gode og alle frendane til Finnboge imot. Og av di Finnboge hadde slik studnad av frendane sine og av di folk visste han vilde faa hjelp hjaa Haakon Jarl, fekk ikkje Øyolv fram søksmaalet som han vilde. Men daa folk var redd at Finnboge vilde verta heller hardhendt mot uvenene sine, og drepa dei han naadde, um han vart buande i grannelag med dei, vart det til slutt gjort semja slik at Finnboge ikkje skulde ha lov til aa vera i den fjordungen av landet, utan han var paa gjesting hjaa skyldfolket sitt.

Finnboge reidd aa fraa tinget og til Vidudal og kjøpte Borg som var ein gild gard i alle maatar. So reid han heim og flutte buet sitt til Borg, men Ragnhild lika seg ille, endaa det skorta inkjevetta. Folk i heradet tok vel imot Finnboge og visste ikkje det beste dei vilde gjera han, so han lika seg godt. Paa Hov i Vatnsdal budde Ingemund og var ein stor hovding. Sønene hans heitte Tore, Torstein og Jøkul. Dei var storfelde karar og svære kjem por. Dei vart ikkje godvener med Finnboge, av di dei ikkje tolde at han vart halden for betre kar enn alle andre,

Ein mann heitte Torvald og vart kalla for Bøsiskjegg. Han budde paa Gardshorn, tett ved Borg. Han var gamal og uvensæl og ille lika. Folk meinte han kunde trolla og. Finnboge lika han ikkje, og tenkte av og til paa aa jaga han av, men kvidde seg med det, daa Torvald var leid aa hava med aa gjera. So gjekk det, til sønene til Finnboge var 5 og 3 aar. Alv var braakande og ikkje god aa halda styr paa, men Gunnbjørn var roleg og snild. Desse ungane hadde til moro aa fara upp i Gardshorn og terga Torvald. Dei gjorde han mange spikk, og han vart ofte sinna og lova aa banka dei. Ragnhild, mor deira, nekta dei ofte aa gaa dit upp, men dei var ikkje gode aa styra. So ein dag sprang dei upp i Gardshorn att. Døri var stengd, men Torvald var inne. Alv ropa høgt: «Er Bøs-iskjegg inne? Lat upp!» «Nei, de slepp ikkje inn,» svara han. «Du gjer vel noko stygt no daa,» sa Alv. «Det er sant som folk segjer at du er ein skarv og kann trolla. Troll er du, endaa du ser ut som eit menneske.» Dette tolde ikkje Torvald, men for ut og tok ein i kvar hand og slo dei mot ein stein so dei døydde. Daa kom Finnboge farande, og dei tvo rauk i hop. Det vart ei fæl ota, og Finnboge tykte Torvald var den verste han hadde dregest med, so han var ei stund uviss um korleis det vilde ganga. Det vart no likevel so at Torvald kom under. Men daa var Finnboge so uppgjeven at han orka ikkje faa tak i sverdet sitt, endaa det laag tett ved. Han visste daa ingi onnor raad enn aa leggja seg ned og bita barken av paa han. So gjekk han heim og sa Ragnhild tidendi. Ho sa at ho hadde kjent det paa seg at det vart liti lukka ved aa flytja fraa Ljosvatn. So vart ho sjuk og laag til sengs heile vinteren, og døydde av dette. Finnboge treivst ille etter dette. Han reiste nord til Ljosvatn til Torgeir og var der framover. Den sumaren kom eit skip med tidend fraa Norig, um at kong Olav var komen til landet og baud folk ei ny tru, og at Haakon Jarl var teken av dage. Daa Finnboge høyrde dette, fekk han hug til aa fara utanlands. Han tenkte han best kunde døyva sorgi um han kom ut. Torgeir raadde han ifraa aa reisa, og talde han heller til aa gifta seg att og slaa seg til ro — «no vilde eg at du skulde fri til Hallfrid, dotter av Gudmund den mektuge paa Mødruvoll, so vart det god venskap millom dykk og.» Finnboge bad han raada. So samlast dei, frendane, og reid til Mødruvoll og bad Gudmund um aa faa dotter hans til kona aat Finnboge, Og av di Gudmund visste at Finnboge var ein ovkar og hadde vunne seg æra i andre land, so tok han vel imot frieriet. Til fastsett tid vart brudlaupet halde og var baade gjævt og gildt. Etterpaa reiste Finnboge med kona si vest til Borg. Dei treivst godt saman, Hallfrid var utifraa ven og ei gjæv kvinna. Eitt aar etter brudlaupet fekk dei ein son, Gunnbjørn, som tidleg vart baade stor og ven. Finnboge levde paa hovdingvis og hadde aldri mindre enn tolv stridsføre mann heime hjaa seg.

Ein mann heitte Torgrim og budde i Bolstadlid. Kona hans heitte Sigrid, og dotter deira Tora. Ho var ei ven og dugande gjenta. Torgrim var rik. Det var rødor um at Jøkul Ingemundsson ofte reid til Bolstadlid og tala med Tora, so mange trudde det vilde verta parfolk av dei. Ein annan mann heitte Sigurd. Han budde paa Gnup i Vatnsdal. Kona hans heitte Vefrid og var nærskyld kona hans Finnboge. Son deira heitte Torkjel. Han var ein ven kar aa sjaa til, men so sein av seg at sume kalla han toskut. Han var ofte paa Borg, og Finnboge gjorde mykje av han for Hallfrids skuld. Ein dag gjekk Torkjel til tals med Finnboge og sa at far hans vilde han skulde gifta seg — «og det med at han vilde du skulde vera med i raadet.» Finnboge lova det. Paa tinget tala han med frendane sine og bad dei vera med i friarferd til Tora i Bolstadlid. Dei vart med, endaa Torgeir Ljosvatn meinte dette vilde føra til uvenskap med Ingemundssønene. Torgrim i Bolstadlid drog paa det, daa dei fridde til dotter hans for Torkjel i Gnup. Han tykte karen var heller klen; men daa han var rik og av gjæve folk, vart det likevel so at han samtykte. Tora vart og spurd, og ho svara at far hennar skulde raada. Brudlaupet skulde vera paa Borg naar det leid tvo maanader paa sumaren. Jøkul i Vatnsdalen vart sinna daa han høyrde um dette giftarmaalet. Han reid til Bolstadlid og spurde Tora um det var sant ho skulde gifta seg med Torkjel. Ho svara det var so. Han sa: «Vil du fara heim med meg til Hov? Eg skal lova deg du skal ikkje hava mindre eigedom naar me skilst, enn dei no hev etla deg til mots med Torkjel.» Ho svara: «Du treng ikkje spyrja um det som ikkje var tenkjande paa fyrr giftarmaalet var umrødt eingong.» Jøkul svarar: «Daa vil eg lova deg at um eg fær raada, so skal du ikkje lenge njota den tomsingen, endaa so godt du likar han.» So reid Jøkul av garde.

Ei tid fyre brudlaupet reid Finnboge og Torkjel til Gnup og skulde henta ymse ting til laget. Vesle-Ramn var med og sprang fyre. Sauegjætaren paa Hov var ute tidleg den dagen og saag ferdi deira. Han for heim til Hov og fortalde det, og meinte at Finnboge var ikkje var um seg naar han for der berre med «Torkjel dragloken med seg». Jøkul kvarv burt, og ein mann med han, daa han høyrde dette. Daa Finnboge og Torkjel var ferdige, reid dei heimetter. Vesle-Ramn gjekk fyre og dreiv klyvhestane. Daa dei kom ovanfor Hov stakk Ramn paa foten, Finnboge spurde kva det var. «Her fram under brekka ser eg ti spjotoddar koma upp, og eg synest tru det er menn med.» «Det er ofte du undrast naar du ser menn,» sa Finnboge; «eg tykkjer det er moro sjaa gutar leika seg.» Daa dei kom framum brekka spratt Jøkul upp og ti mann med han. Finnboge helsa og spurde kva han vilde. Jøkul svara: «Eg hev ikkje noko ærend til deg, men kanskje eg kann faa. Men Torkjel hev eg ærend til. Han skal vita det er ovmod av han aa gaa i vegen for meg og mine frendar.» I det same vil han køyra spjotet i Torkjel; men Finnboge braade sverdet og hogg spjotskaftet sundt millom hendene hans. Finnboge sprang av hesten og sa: «No skal du fyrst finna meg, Jøkul. De er visst forvitne i Vatnsdalen etter aa røyna kva eg duger til.» Jøkul triv eit spjot og legg til han, men det kom i skjolden og skaftet rauk. I det same kom brørne til Jøkul, Tore og Torstein, springande og skilde dei. Dei hadde skyna kva Jøkul tenkte seg til, daa han kvarv burt. Jøkul hadde fenge med seg menn fraa grannegarden.

Ein dag noko etter reid Finnboge til Hov og baud Tore og Torstein til brudlaupet. Dei takka for bodet og sa dei vilde gjerne vera godvener med han — «men Jøkul er strid og stiv, og me vil anten vera alle eller ingen.» Ein dag seinare kom dei til Borg, Tore og Torstein og sa dei ikkje kunde koma til brudlaupet. «Sømeleg fer de fram,» sa Finnboge. Han gav Torstein eit ovgildt sverd, og Tore ein gild gullring, som Haakon Jarl hadde gjeve han. Dei takka for gaavone og reid heim. Jøkul spotta brørne sine mykje for dette. Brudlaupet paa Borg vart halde baade vel og sømeleg, og i god ro. Finnboge baud Torkjel og Tora aa vera vinteren over paa Borg. Dei tok imot bodet.

Ein dag um hausten spurde Torkjel Tora naar dei skulde fara og vitja foreldri hennar. Ho sa ho hadde nok hug, men det var likevel best dei heldt seg i ro. «Det segjer du for Jøkuls skuld,» sa Torkjel; «men du skal vita, eg er fælt lite redd han.» Finnboge raadde og ifraa; men Torkjel var strid paa at dei skulde reisa. Dei reiste daa tvoeine med berre ein mann til fylgje. I Bolstadlid vart dei svært godt mottekne, som ventande var. Paa denne tid var Jøkul paa Veamyr i Skagafjord. Der budde ein mann som heitte Torarin, storkar og godordsmann, men eit illmenne. Han var skyld paa Hov og godven med Jøkul, men alle andre lika han ille. Jøkul fekk no høyra av farande folk at Torkjel og Tora var i Bolstadlid. Daa skipa han seg til heimreis med ein gong, endaa Torarin var strid paa han skulde vera der lenger, Jøkul hadde tvo mann med seg. Han la vegen um Bolstadlid og kom dit imot kvelden. Ei kona var ute og helsa venleg paa Jøkul, av di ho hadde set han ofte. Han spurde um Torkjel var der. Ho sa han var so. «Daa skal du beda han aa ganga ut, seg at eg vil finna han.» Ho gjekk og sa fraa. Torgrim og Torkjel sat inne; men elles var ikkje fleire menn enn ein tenestgut som heitte Svart, heime. Svart var baade stor og sterk. Torgrim bad Torkjel fara varleg, og vilde vera med ut, endaa so gamal han var. Dei tok vaapni sine og gjekk ut og helsa paa Jøkul. Jøkul sa: «Her skal du faa den helsingi eg vil gjeva deg.» Og so la han til og vilde køyra spjotet i bringa paa Torkjel. Men Svart hadde fylgt med ut. Han hadde ei svær gamal staalhuva og ein stor skjold, men ikkje anna vaapen enn mykreka si paa oksli. Med det same Jøkul vil stinga Torkjel, slær Svart til spjotskaftet med reka, so det gjekk sundt millom hendene hans. Jøkul bad han verta den armaste av alle trælar. Svart svara: «Rid du ikkje fort av garde, skal eg leggja mykreka kring øyro paa deg.» Torkjel la daa til Jøkul med spjotet. Det kom i skjoldsporden, og gjekk gjenom og upp i handleden, so det vart eit stort saar. Jøkul sprang bak paa Torgrim og hogg til han i hovudet, men sverdet beit ikkje meir i hjelmen enn um han hadde hogge med slira. Det tykte Jøkul var rart. Han hadde aldri set at det sverdet ikkje hadde bite fyrr. I det same la Torkjel spjotet gjenom ein av mennene hans. Daa sa Torgrim: «Det er best du rid heim no, Jøkul. Du hentar deg ingi sømd her, denne gongen.» Jøkul saag at dette var rimelig nok, han møddest av blodtapet, og so stod Svart ferdig med reka og vilde slaa til han, og det tykte han var den verste svivyrding som kunde henda. Han steig difor paa hesten og reid burt med den mannen han hadde att. Men han lika seg storille.

So er aa melda at det kom eit skip fraa havet og la til ved Bordøy i Rutafjord. Styremannen heitte Berg, og vart kalla Hund. Han var ein svært dugande og ven kar. Kona hans var med. Ho heitte Dalla, ven og ættstor og framifraa i alle maatar. Berg Hund var systerson til Finnboge. Mor hans var Torny, som Skida hadde rømt av med, som fyrr er fortalt. Finnboge reid til skips og tok vel imot dei, og bad dei vera hjaa han paa Borg. Dei gjorde so. Hallfrid gav seg heller lite av med dei; men Finnboge lika dei vel og bad dei vera der lenge. Dei sende daa skipet sitt ut paa ferd, og vart verande paa Borg.

Det skulde vera brudlaup paa Hov. Grim fraa Torvestad skulde giftast med systerdotter til Hovs-karane. Grim var skyld baade paa Gnup og Mødruvoll, og bad Finnboge og dei paa Borg i brudlaupet. Tore og Torstein fraa Hov bad og Finnboge koma. Han svara at Grim alt hadde bede han, men dei skulde hava takk for vyrdnaden dei synte han. Fyre brudlaupet vart det uver, flaum og kaldt, so det snaudt var framkomande. Fraa Borg kunde difor berre Finnboge og Berg koma av garde. Finnboge gjekk fyre til dei kom til Vatnsdøla. Den hadde krava seg upp med is og snøgraut, so det saag ikkje ut til aa vera komande over. Berg sa ingen ting, men tykte dette bar ulikleg til. Dei hadde fotside kaapor baae tvo. Finnboge bad Berg halda seg i beltet hans, og so la dei paa elvi. Straum og iskrave valt imot dei, men Finnboge var so sterk og kring at dei kom over likevel. Daa dei kom til Hov, var ingen ute, og dei gjekk inn i halli. Der brann store eldar paa golvet, og menn sat etter langbenkene. Hovsbrørne var alle inne. Koll husbondskaren, ein stor, sterk og braasinna kar, gjekk paa golvet og stelte med eldane. Finnboge gjekk fyre og Berg etter inn over golvet. Daa dei kom ditt Jøkul sat, støytte han til Berg med neven, so han tumla mot Koll. Koll vart sinna og meinte han trong ikkje flyga paa han, og skuva til Berg so han heldt paa fara inn i varmen. Delte ser Finnboge og triv med ei hand i kaapekragen paa Berg og rettar han upp, medan han med den andre handi styd seg paa oksli til Jøkul og hoppar over han med heile sin bunad, og kjem standande ned, so alle maatte undra seg over krævleiken hans. Daa spratt Tore og Torstein upp og helsa vyrdsleg og tok imot vaapni og dei vaate klædi, og fann turre klæde. Sidan gjekk dei og helsa paa brudgomen, og Finnboge sat ved sida hans i brudlaupet som gjekk vel og sømeleg av seg. Daa gjestene skulde reisa, vart dei utleidde med gaavor. Tore gav Finnboge ein sto-hest so gild som han fanst i Vatnsdal, og Torstein gav han hjelm og spjot, gilde eigneluter. Men Berg Hund hadde ikkje gløymt medferdi daa han kom. Fyrr han reiste, gjekk han burt til Koll og slo til han med øksehamaren so han datt i uvit. Daa tok dei til vaapni nokon kvar, men mange gjekk imillom, so dei skildest med dette denne gongen.

Sumaren etter baud Jøkul Finnboge og Torstein Berg Hund til holmgang. Dei tok imot bodet, og tid og stad vart avtala. Dalla lika ikkje at dei skulde ganga paa holm. Ho sa ho trudde ikkje det vilde ganga vel — «og eg skal gjera slikt ver at korkje de eller Hovs-karane kann koma fram.» Finnboge bad ho ikkje gjera det. Det vilde verta skam og vanæra for dei, um dei braut lovnaden, og folk vilde kalla dei redde. Dalla meinte det var betre enn at ho skulde missa mannen sin. Og Dalla heldt det ho lova. Det vart slikt ver at ingen hadde set maken. Finnboge gjekk og gremja seg, men tenkte at dei andre og heldt seg heime i slikt ver. Uveret varde tri døger, men daa det letna, tyktest folk ikkje kunna sjaa merke, korkje etter stormen eller snøen. Det spurdest snart at Hovs-karane hadde kome til holmgangen, og det med at Jøkul hadde reist ei fælt svivyrdsleg nidstong mot Finnboge. Folk tykte at dette var stor skam for Finnboge, og vyrdnaden hans minka mykje. Sjølv tykte han dette var det verste som hadde hendt han nokon gong, og han var so vond paa Dalla at han tolde mest ikkje sjaa ho. Slik lid vinteren. Finnboge hadde no tri søner: Gunnbjørn, Tore og Øyolv, alle emnelege gutar.

Skipet til Berg var kome att um hausten, og denne sumaren budde han seg til aa fara med det sjølv. Finnboge hjelpte han med aa flytja føringi til skips. Torkjel og Tora var enno paa Borg. Daa Berg var ferdig, reid Finnboge og Torkjel med han til skips. Vesle-Ramn var og med og dreiv klyvhestane. Han for fyre; men daa dei kom vest um Rutafjordshalsen, hadde Ramn stana og bia paa dei. Finnboge spurde kvi han bia — «ser du noko til tidend?» «Her under brekka ovanfor oss kom det fram tvo sala hestar, og tvo væpna menn som tok dei og leidde dei upp under brekka att,» sa Ramn. «Eg synest tru at her ligg uvener paa lur etter dykk, og mitt raad er at de tek ei onnor leid.» Finnboge svara: «Det kann henda at dei ikkje er fusare etter aa raaka meg enn eg dei. Det fer ganga som det kann, men nidingsord skal me ikkje bera denne gongen.» So reid dei, til dei saag dei andre. Der var komne Jøkul Ingemundsson og Torarin fraa Veamyr og Vilmund, son hans, og Koll — i alt var dei tolv, og alle gode karar. Finnboge og dei bia i eit grjothol og Finnboge løyse upp nokre steinar til dei kom. Jøkul mælte: «No er det raad Koll, aa minnast det øksehamarslaget.» Daa sprang Koll fram og la til Berg med spjotet. Han bar av seg med skjolden, og i det same la Jøkul til med sitt spjot og sikta etter halsgropi. Dette saag Finnboge og hogg sundt spjotskaftet. Torarin og tvo andre sette paa Torkjel. Han varde seg djervt og karsleg, og fall der med æra. Berg la til Koll gjenom skjolden og mot brjostet, so han datt baklengs, og Finnboge la til han med ein stein so hovudet klovna. Vilmund og tvo andre sette paa Berg. Berg la til ein av dei med spjotet, so det stod igjenom han. Ein annan kom bak paa Berg, men han kasta seg rundt og hogg til han med sverdet so han gjekk mest av i midja. I det same kom Vilmund og stakk sverdet gjenom Berg fyrr Finnboge rakk hjelpa. Berg saag paa saaret, smilte og sa: «Mindre hjelp fær du av meg, Finnboge frende, enn eg vilde, so vel som du hev halde meg i aar.» So sveipte han klædi um seg og sette seg ned. Finnboge sprang paa Vilmund og kløyvde han ned i herdane. Jøkul stakk daa etter Finnboge med spjotet og med andre handi hogg han hovudet av Berg med sverdet. Finnboge hogg til Jøkul so det vart saar alt aat beinet. Vesle-Ramn var mykje saara, og hadde drepe ein av mennene til Torarin. Daa sette fem mann paa Finnboge. Han hogg med baae hender og varde seg djervt. Torarin gjekk hardast paa daa, han var ein modig kar og svært sterk. Finnboge kasta ein stein i tunnvangen paa han, so han stupte, og so hogg han til han med sverdet so han fekk bana. Daa dei hadde slegest endaa ei rid, saag dei ti mann koma ridande alt hestane orka springa. Det var Tore og Torstein fraa Hov som kom og gjekk imillom og skilde. Jøkul var daa ufør og mykje saara. Av dei andre stod fem paa føtene, men var alle saara. Finnboge var fælt trøytt, men ikkje saara. Tore mælte: «Her hev vorte stor tidend og uturvande.» Finnboge svara: «Hendt hev det som eg helst vilde skulde henda, og no hadde eg etla at Jøkul og eg ikkje trong møtast oftare; men no fær vel du raada.» Tore meinte det fekk greida seg med det som gjort var no. Sidan stelte dei med dei som var livs-von i og hjelpte dei heim. Finnboge førde Berg heim og haugla han paa Borg. Haugen syner enno. Denne tidendi spørst no vide um, og folk tykte det hadde gjenge heller hardt til. Men alle sa at Finnboge hadde synt at han enno var framum alle andre i styrke og mod.

Dalla syrgde mykje paa mannen sin. Ho bad Finnboge um aa faa Gunnbjørn, sonen hans, til fosterson, daa ho tykte det vilde vera slik hugnad aa hava ein hjaa seg som var skyld til Berg. Og av di Finnboge visste at ho var svært rik, og at ho no hadde stor sorg, so gjorde han ho til viljes i dette, og let ho faa Gunnbjørn, son sin, som daa var seks eller sju aar. Daa ho reiste fraa landet, sende han med ho store gaavor til Baard paa Grønmo. Dalla for fyrst til garden sin. Ho hadde ein stor gard i Norig. Der let ho gjera staselege klæde til Gunnbjørn. Sidan for dei nord til Grønmo til Baard og førde med til han gaavor og helsingar fraa Finnboge. Baard tykte svært godt um Gunnbjørn. Ein dag spurde han um han vilde taka tak med ein annan gut. Gunnbjørn svara at det vilde han, dersom han fekk lov av Dalla. So heldst dei tri otor, og Baard tykte dei var jamgode og bad dei halda upp. Men Gunnbjørn meinte dei var ikkje ferdige enno, og so sprang han inn paa den andre og lyfte han upp og og kasta han ned so det brotna tri sidebein. Baard sa: «Ein kann sjaa du er son til far din,» og gav han ein gild gullring. Han sa at Gunnbjørn vilde verta ein kjempekar som far sin. Den andre guten var femtan aar og Gunnbjørn aatte.

Gunnbjørn var no hjaa Dalla til han var tolv aar. Daa var han so stor og sterk at han tyktest betre kar enn dei fleste andre. Det var ein viking som heitte Raud, som fridde til Dalla. Gunnbjørn sette seg imot, og Raud for burt med harm. Same aaret fær Gunnbjørn skip av Dalla og fer i viking. Han synte seg som ein djerv kar, og slost med andre vikingar kvar han fann dei. Fram paa sumaren raaka han Raud, og dei la til slag med ein gong. Raud hadde eit svært drakeskip og var ikkje god aa hava med aa gjera. Det fall mange for dei baae. Daa ropte Gunnbjørn: «Vil du taka tak med meg, Raud?» «Kor gamal er du?» spurde Raud. «Tolv aar.» «Daa er det vel snautt bryet verdt aa dragast med deg; men du skal faa det som du vil.» So rauk dei i hop og drogst lenge. Gunnbjørn var veikare og sparde paa kreftene. Raud gjekk paa so hardt han kunde, og arma seg ut etter kvart. Daa gjekk Gunnbjørn paa det han makta, og Raud fall. Gunnbjørn drap han og tok skipet og alt godset hans, men mennene hans fekk fara i fred med det dei aatte. Um hausten for han heim til fostermor si, og sat der um vinteren i stor fagnad.

Paa denne tidi kom kristendomen til Island. Og Finnboge den Ramme og Torgeir morbror hans var dei fyrste til aa taka mot han, og var alltid sidan med dei gjævaste til aa styrkja og stydja trui. Etter at Berg Hund var fallen, fødde Hallfrid ein son som Finnboge let kalla Berg, etter frenden sin, og han vart den som Finnboge heldt mest av, av borni sine.

Bjørn heitte ein kar som budde paa Kvam i Vatnsdal. Han var skyld Hovsbrørne, og dei hadde hjelpt han til godt gifte og eigedom. Bjørn eggja ofte Hovskarane til motgang med Finnboge. Ein gong Finnboge hadde vore til Gnup og tala med Sigurd, reid han um Kvam og ropte Bjørn ut: «Eg hev høyrt, Bjørn, at du hev det svært annvint med aa øsa frendane dine upp mot meg. Og endaa du er lite aa bry seg um, skal eg ein gong finna deg, so du aldri skal trivast.» Bjørn svara: «Eg hev ikkje gjort stort enno; men det skal du vita, at ingen skal vera meir imot deg enn eg.» «Du er ikkje verd aa bruka vaapn paa,» sa Finnboge, og reid paa han og slo han under øyra so han datt i uvit.

Paa denne tid døydde Asbjørn Dettiaas, far til Finnboge. Fyrr han døydde, gav han Finnboge Øyr og alt han aatte, og bad han njota det med heilom. Finnboge bad mor si, Torgerd, at ho vilde bu paa Øyr til sin døyande dag. Torgeir, bror hennar, skulde hjelpa ho aa styra garden. Ei tid etter fekk Hallfrid ein gut som Finnboge let kalla Asbjørn etter far sin. Daa han var nokre aar gamal, sende dei han nord til Øyr til farmor hans, og der voks han upp og vart ein raust kar. Finnboge og Hallfrid hadde og ein son som heitte Torgeir, etter Torgeir Ljosvetningjagode. I alt hadde dei sju søner som alle vart gjæve menn.

Ein sumar kom eit skip til Rutafjord. Ein mann som heitte Lodin aatte halvparten, og Gunnbjørn Finnbogeson halvparten. Gunnbjørn for med ein gong heim til Borg, og far og mor hans var storleg fegne. Lodin for til Hov og fekk hus hjaa Jøkul, han og ein av mennene hans. Gunnbjørn var større enn andre menn, og venare og svært lik far sin. Han var no femtan aar gamal. Det aaret var det ofte leikstemnor paa Kvam, som fyrr er gjete, og ofte paa Hov. Gunnbjørn reid jamleg til Kvam og oftast aaleine. Far hans sa til han at anten fekk han taka fleire mann med seg, eller og halda seg heime. Bjørn paa Kvam var sinna og gav vondt fraa seg naar Gunnbjørn kom der. Ein dag reid Gunnbjørn til Kvam og hadde fire karar med. Det var kome mange folk til leikstemna. Jøkul og hans menn var der og. Det vart tala mykje um dragsmaal. Jøkul spurde um Gunnbjørn vilde dragast med han — «du er vel sterk, du som far din.» Gunnbjørn sa han orka ikkje stort, han var for ung enno. Bjørn sa: «Det høver godt at Gunnbjørn dregst med Jøkul. Han maa vel vera sterk nok, han, son til Viudalsgoden som ingen torer haldast med. Det merkjest Ingemund er død, sønene hans toler skamleg framferd baade mot seg sjølv og frendane sine.» Daa leiken byrja, vart Gunnbjørn sett imot Jøkul. Dei helst lenge, og til slutt datt Jøkul paa kne. Daa sa sume at no kunde dei slutta og kallast jamgode. Det vilde ikkje Jøkul. Dei heldst ei ota att, og no maatte Gunnbjørn paa kne. Daa ropa mange at no laut dei slutta. Men Jøkul meinte dei var ikkje ferdige enno, og tridje ota tek til. Daa løyser Gunnbjørn tak, og tek so Jøkul og lyfter han upp paa bringa si og kastar han ned. Jøkul og Bjørn tok til vaapni, men vart haldne. Med dette lyktar leiken, og Hovskarane reid heim, og Bjørn med dei. Ei kvinna paa Kvam vara Gunnbjørn og bad han rida ein annan veg heim enn han var van, — «no hev dei visst lagt seg paa lur etter deg,» sa ho. Han svara at han vilde halda seg paa vegen, baade i Vatnsdal og Viudal, anten han no vart lenge eller stutt paa Island. So reid han med mennene sine. Daa dei kom til vegskilet til Viudal var Jøkul der med ni mann. Han bad Gunnbjørn stiga av hesten, — «no vil eg sjaa, um du er likso vaapnfør som du er god til aa dragast.» Gunnbjørn sa han hadde liten hug til det eine som det andre, men han steig av hesten med sine menn. Jøkul la til han, men han tok imot med skjolden og naua inkje. Gunnbjørn svinga sverdet og hogg til Jøkul, so skjolden hans klovna til handtaket, men Jøkul vart ikkje særd. No er aa segja um Finnboge at han var heime um dagen. Hallfrid spurde kvar Gunnbjørn var. Han sa han hadde reist til Kvam til leiken der. Ho sa det var rart han let son sin fara godtsom eismal i hendene paa uvenene sine. Finnboge svara det kunde so vera, og sende Vesle-Ramn av etter ein hest, og reid av garde. Daa han kom fram, la nett Gunnbjørn til Bjørn igjenom skjolden og inn i laaret, so det vart eit stort saar. Jøkul køyrde til Gunnbjørn med spjotet, men skjolden var so hard at det gleid av og kom i kragebeinet. I det same kom Finnboge og hogg til Jøkul, so det vart beinsaar. «Kom no Bjørn,» sa Finnboge, «og gjev meg att for kinnhesten.» Og so hogg han til Bjørn, so hardt at hovudet fauk av og slog ein mann millom herdane so han stupte i uvit. Daa var Finnboge so vreid at han hogg med baae hender, og stansa ikkje fyrr han hadde drepe fem mann, og saara Jøkul so han laag. Daa mælte Gunnbjørn: «Lat dei no vera, no er dei heilt overkomne. Og no kann du gleda deg med at Jøkul jamleg hev fare mot deg med mange mann, men aldri kome fraa det utan manneskade og store saar. Og det vil menn segja baade i Norig og andre stader der du er kjend for storverki dine, at det er liti æra for deg aa hoggast med Vatnsdølane og drepa dei i ovsinne.» Finnboge gjorde som Gunnbjørn bad han, og let Jøkul og fire mann til leva; men alle var mykje saara. Felagane til Gunnbjørn vart so sinna daa dei høyrde Jøkul hadde lege paa lur etter Gunnbjørn at dei reiste fraa Hov og budde paa Gnup resten av vinteren. Paa tinget um sumaren var det mykje rødor um striden millom Finnboge og Jøkul. Det var aalmenn tale at det visst ikkje vart endskap paa det fyrr Finnboge hadde drepe alle sine uvener. Dei freista faa til forlik; men Jøkul svor paa han ikkje vilde forlikast, og Finnboge sa han var ikkje trengd um noko forlik. Torgeir Ljosvetningsgode var død no, og Hovskarane hadde mange frendar paa tinget. Hovdingane tok daa det raad at dei dømde Finnboge til aa flytja fraa Viudal, av di dei meinte at striden maatte verta slutt, naar dei kom langt fraa einannan. Gunnbjørn bad far sin aa fara utanlands med seg — han vilde verta mykje vyrd kvar han kom. Finnboge vilde ikkje. «Eg vil vera hjaa sønene mine, hjelpa dei og sjaa dei mannast,» sa han. So selde han Borg og for vest i Trekyllsvik og bygde seg ein gild gard der. Same sumaren reiste Gunnbjørn til Norig att. Dalla var død og han tok arv etter ho. Han gifte seg og vart ein gjæv mann. Finnboge likte seg godt der vest. Han vart snart hovding og so vyrd at alle vilde sitja og standa som han vilde. Han hadde sju søner som alle fekk gode gifte, av di far deira var rikare og gjævare enn andre menn. Etter kvart busette dei seg fleire og fleire i Trekyllsvik og Finnboge vart hovding for alle. Han kalla garden sin Finnbogestad. Der let han byggja ei kyrkja og sette inn prest som han lønte vel og sømeleg.

Ein vaar kom ein stor og velvaksen kar til Finnboge og helsa han vel. Finnboge spurde kven han var. Han sa han heitte Torgrim og var fraa Vatndal, og var lyst utlæg paa tinget. «Kven søkte deg?» sa Finnboge. «Hovskarane,» sa han «og no vil eg beda deg um aa faa trygd her. Eg hev vore hjaa mange hovdingar; men ingen vil taka mot meg. «Det er vaagalt aa taka mot fredlause folk,» sa Finnboge. «Og eg hev ofte fenge strid med Hovskarane for mindre ting enn aa hjelpa fredlausingen deira. Er du noko til kar?» Han så han var lite til kar — «det einaste synest vera at eg er ikkje klenare til aa setja upp steingjerde enn andre. Eg hev lagt upp mange, og ingen hev falle ned, men heller sett seg etter kvart.» Finnboge sa: «Daa er det bruk for deg, her er aagjengt og ingen gard kring tunet.» Torgrim vart daa verande og tok til aa leggja upp steingard, og det synte seg snart han ikkje hadde sagt for mykje. Daa han var ferdig med garden kring tunet, spurde han etter meir arbeid. Han var greid aa hava med aa gjera og faatalande, so Finnboge sa han hadde eit utjorde som han kunde faa gjerda inn. Det vilde han.

Daa det leid paa sumaren gjekk Finnboge ein dag og skulde sjaa paa arbeidet. Torgrim var mest ferdig med gjerdet, so Finnboge maatte undra seg over skjotleiken og hagleiken hans. Det var svært varmt um dagen og Finnboge sa: «Eg vert so tung og svevnug so eg trur eg vil leggja meg og sova.» Torgrim bad han reisa heim og sova. Finnboge sa han dugde ikkje til aa gaa so langt og kasta seg ned og drog kappa si over hovudet. Han sovna fast og raut hardt. Torgrim hosta og harka noko, men Finnboge vakna ikkje. Daa sprang Torgrim etter eit sverd han hadde gøymt og hogg til Finnboge alt han orka. Men Finnboge hadde ikkje sove so hardt som han raut til, og spratt upp og slengde kappa si mot sverdet og snara det or nevane paa Torgrim. Torgrim flaug paa Finnboge, men endaa han var sterk, hadde han no funne den som var sterkare, og Finnboge hadde han snart under seg. Finnboge spurde kven hadde fenge han til dette. Han svara at Jøkul hadde fenge han til det — «han tykkjest hava havt mykje motgang av deg.» «Ja, hev du gjenge slik ærend for Jøkul, so er det best du fær løni di av meg,» sa Finnboge, og hogg hovudet av han.

Eit aars tid etter kom det ein kar paa gjesting til Finnbogestad att, han var stor og sterkbygd, svart og helst illskleg aa sjaa til. Han gjekk fram til Finnboge og helsa. Finnboge spurde kven han var. Han sa han heitte Torbjørn og hadde ingen stad heime — «men mange kjenner ved-namnet mitt; og eg kallast Sleggjufall.» Finnboge spurde kvar han skulde av. Han visste ikkje so vel — «eg er lyst utlæg og leitar etter ein hovding som vil hava meg.» Finnboge spurde kven hadde søkt han. Han svara at det var Vatnsdølane, og no vilde han beda Finnboge um hjelp. «Du er ein mistenkjeleg kar,» sa Finnboge: «ingen kann vita anten du lyg eller talar sant. Og eg hev havt mykje vanske av raadene til Vatnsdølane og vil ikkje taka mot deg.» «Det er som du segjer,» sa Torbjørn; «ingen hev kalla meg toskut, og eg kann ikkje med aa bøygja meg. Mange hev funne at det løner seg klent aa haldast med meg. Men eg veit kven du er Finnboge, og kann ikkje tru du er redd aa taka mot meg.» «Kann du noko arbeid?» spurde Finnboge. «Eg er so god slaattekar som tri andre,» sa Torbjørn. «Daa kann du faa vera her i slaatten,» sa Finnboge. Torbjørn var svær til aa slaa. Det varde ikkje lenge fyrr heimejordet var avslege. Han spurde kvar han skulde slaa no, og Finnboge sa han fekk taka utjordet. So ein dag gjekk Finnboge upp og skulde sjaa korleis det gjekk med slaatten. Torbjørn fagna han vel, jordet var mest avslege, og dei sette seg og rødde ei stund. So sa Finnboge: «No gjeng det som ein gong fyrr; eg vert svevnug so eg orkar ikkje risa upp eingong. Dette spøkjer for noko, eg maa sova.» «Gakk heim bonde, og sov der,» sa Torbjørn. Finnboge la seg i skaaren og drog kappa over seg og sovna og raut hardt. Torbjørn tok ljaaen sin, brynte og slo ei stund. Han skjegla burt paa Finnboge og tottest vera sikker paa at han sov. Han hosta og harka og brynte og slo att. Men Finnboge sov. Endaa ein gong bryner han ljaaen som var baade stor og kvass. So fer han paa Finnboge og vil hogga ljaaen i bringa hans. Daa sprett Finnboge upp og triv i orvet og tenkjer taka ljaaen fraa han. Men det gjekk ikkje. Dei braut orvet av millom seg. So ryk dei i hop og det vert eit fælt basketak. Finnboge skynar snart han maa bruka all si makt, skal han greida denne karen. Det lykta so at Torbjørn kom under. So spurde Finnboge kven sitt raad dette var. Han sa Jøkul hadde sendt han, og lova han godt giftarmaal og mykje gods um han fekk livet av Finnboge — «og no vil eg beda deg um grid, og lova at eg ikkje skal svika deg oftare.» «Det ser ikkje ut til at svikraadene skal slutta, so det er best du fer same vegen som dei andre,» sa Finnboge. «Eg skal ikkje beda lenge,» sa Torbjørn, «ingen veit kven raar for griden enno.» Dermed spente han i og vilde kasta Finnboge av seg. Finnboge fælte mest han skulde sleppa upp. Ikkje hadde han vaapn, og so visste han ikkje onnor raad enn aa leggja kappa over halsen hans og bita i barken til han dovna. Sidan fekk han tak i kniven sin og gjorde av med han. Men det sa Finnboge sidan at eit leite tykte han tvisynt korleis dette vilde enda. Folk sa at Finnboge maatte hava lukka med seg naar han paa sine gamle dagar kunde greida slik illgjerningsmann og ovkar som Torbjørn Sleggjufall. Men Jøkul lika seg ille og tykte han fekk større og større skam for kvar meinraad han la upp mot Finnboge — som folk og sa.

So ein gong, som so ofte, kom det ein mann til Finnbogestad att. Han sa seg aa heita Vermund. Han var ikkje stor, men kvik og kring aa sjaa til. Han bad Finnboge taka seg av han, daa han var utlæg. Brand Vermundson — den Rauste — hadde søkt han. Finnboge sa han lika ikkje rekarfantar og var brend av lygnene deira — «endaa eg høyrde gjete dette i sumar. Men Brand er ein gjæv kar og vensæl og vil kanskje lika ille at du fær hjelp.» Vermund gav seg ikkje, mange hadde raadt han til aa søkja Finnboge, sa han, og han visste seg ingi onnor raad. Finnboge totte det var smaasaart aa nekta hjelp. Mannen saag ut til aa vera ein bra kar, og Brand var vel alltid nøgd med ei pengebot um han tok mot han. So sa han, han kunde faa vera. Vermund vart glad og gjorde Finnboge til viljes i alt han sette han til. Utpaa vinteren fekk Brand vita at Vermund var komen til Finnboge. Han sende menn av garde og bad Finnboge gjeva han fraa seg med det gode, so skulde han ikkje reisa noko søksmaal. Finnboge svara at han nente ikkje senda mannen fraa seg midt paa vinteren. Han skulde gjeva Brand so stor bot han kravde, dei kunde forlikast um dette naar dei raakast. So for sendemennene med det. Men Brand vart fælt vond og meinte paa at Finnboge skulde ikkje vara den mannen, som han vilde søkja. Finnboge skulde koma til aa angra dette naar dei raakast, meinte han. Brand var braa og gav seg aldri, naar han tykte noko gjekk han imot. Finnboge lest som han aldri visste um trugsmaalet til Brand, og var ikkje sers var um seg. Han hadde mange folk, men sende dei rundt eigedomen paa arbeid, og ofte ut paa fjorden og fiska.

Ein dag um hausten høvde det so at Finnboge og Vermund var aaleine heime. «Eg hev slik tunge i dag, som jamnan er naar det spøkjer for noko; eg maa visst sova,» segjer Finnboge. «Det berst fyre meg,» sa Vermund, «at Brand vil halda ordet sitt. Og han minnest nok kvar eg er. Det vilde vera skade, um du kom i nokor uheppa for mi skuld.» Finnboge meinte det var ikkje so speleg, og so la han seg til aa sova. Det var ikkje svært langt millom fjell og fjøra paa Finnbogestad. Uppetter fraa husi var det tri setar, og millom dei var vegen so trong at berre ein kunde rida i breiddi. Vermund gjekk ut og saag seg um. Paa øvste seten saag han noko som anten var kvervelvind eller mange ridarar. Han gjekk daa inn og glama so Finnboge vakna og spurde kva det var. Han sa det han hadde set. Finnboge bad han sjaa betre etter, og sovna att. Vermund gjekk daa ut og inn og saag, og vart snart viss um at det var menn. Dei var no komne paa millomste seten. Han gjekk inn og sa dette til Finnboge. «Det kann vel vera,» sa Finnboge, «her kjem ofte mykje folk um hausten og vil kjøpa skrei, og no er tidi dei er ventande. Men lat meg no faa sova.» Vermund gjekk og var ute ei stund. Daa kom han inn att og sa at no var dei komne paa nedste seten — «og eg kjenner Brand den Rauste, og han hev med seg halvtridje tjug, vel væpna menn. No hev du hjelpt meg som det sømar seg ein hovding, Gud løne deg for det. Men eg vil ikkje vera skuld i ufred millom deg og Brand. Daa vil eg heller gjeva meg i Brands vald. Han er ein gjæv mann, og for det meste god aa koma utav det med; men han gjev seg aldri naar nokon trassar han.» «Det hastar ikkje so med aa gjeva seg til Brand,» meinte Finnboge. «Me kann no fyrst røda med han. Kanskje han tek imot sømeleg forlik. Vil han ikkje det, fær me tenkja paa det andre. Men no er eg fullsvævd og skal staa upp.» Dei tok vaapni sine og gjekk upp i brekka ovan husi. Der var eit stort gil og ein fjellkamb som laag so til at berre ein i senn kunde koma upp. Dei gjekk uppaa den kamben. Dei andre saag dette, og tottest vita at dette maatte vera Finnboge, og vikte av etter dei. Brand meinte at dette maatte verta lettvint siger. Men Hallfrid hadde høyrt røda millom Finnboge og Vermund. Ho sende ein gut av til grannegarden etter hjelp, og bad han ropa ut til baatane og. Finnboge løyste upp nokre steinar paa kamben. Daa Brand kom fram, helsa Finnboge vyrdsleg paa han. Brand helsa att. Finnboge spurde kva han for etter. Brand svara at det visste Finnboge vel. Han kom og vilde taka Vermund som var utlæg, og som Finnboge hadde hjelpt utan lov. No vilde han taka han med makt. «Men av di du er en gjæv kar Finnboge, vil eg bjoda deg no som fyrr, at gjev du mannen i mitt vald, skal eg ikkje gjera deg noko, men jamvel lova deg venskap og hjelp, um du treng det.» «Dette er eit godt bod, som ventande var fraa deg,» sa Finnboge. «Men naar eg ikkje gav mannen upp daa du sende bod um det, so gjer eg det ikkje no heller. Eg vil bjoda no som daa aa leggja bot for mannen, og du kann sjølv setja storleiken paa boti. Det sømer seg ikkje for meg aa skiljast ved han paa annan maate, og det er ikkje nokor vinning for deg aa drepa han heller.» Brand svara at mannen var ikkje so mykje aa bry seg um — «men sidan me hev reist alt hit i det ærend, og mannen no godtsom er i vaart vald, so fæler eg, Finnboge, at du kjem til aa lata livet ditt um du vil meinka oss. Og daa kann ingen segja me hev havt liti ærend hit, naar du hev falle.» Finnboge sa han var ikkje so redd endaa — «og no er det mitt raad, Brand, at du ikkje gjeng fyrst sjølv imot meg. Lat heller mennene dine prøva aa ganga mot huskarane mine.» «Huskarar?» sa Brand. «Eg ser ikkje fleire enn dykk tvo.» «Her er no likevel seks huskarar,» sa Finnboge, «og slett ikkje klene karar. Dei er samnemnde, dei heiter steinar alle.» Brand meinte han maatte ikkje tru han skræmde dei med stein. So sprang ein av mennene til Brand uppover og tenkte aa leggja til Finnboge med spjotet. Finnboge tok ein stein. Mannen var sterk og tenkte verja seg med skjolden; men huskaren til Finnboge var tung og for fort og tok mannen med seg, so han tumla ned i gilet. Finnboge spurde korleis det gjekk. Brand svara at mannen hans hadde fare verre. Det vert sagt at Finnboge sende i veg alle seks huskarane sine, og kvar tok ein mann med seg i gilet. So spurde Finnboge Brand korleis han totte det gjekk no, og Brand svara han kunde ikkje klaga. Finnboge sa han skulde staa ved bodet um aa gjeva bot enno; men Brand sa han trong ikkje vera redd, han skulde faa røyna seg denne gongen. Brand bad folki sine aa gaa paa fleire med ein gong, og meinte det var skam at so mange skulde heftast lenge med tvo. Finnboge tok daa sverdet sitt og varde seg, og det synte seg, han var ikkje greid aa hava med aa gjera. Um ei rid sa Finnboge: «No ser eg menn koma upp fraa strandi, og ikkje faa. Godt væpna er dei, og fer fort; eg trur dei vil hjelpa meg.» Brand meinte han var ikkje redd fiskekrokane hans, um dei var aldri so mange. «Der innmed rid og ein flokk,» sa Finnboge, «det er visst og mine menn. No er det mi bøn Brand at du tek imot bodet mitt, og dømer sjølv i denne saki. Eg er redd det vil gaa verre, er me ikkje forlikte fyrr desse kjem fram.» Brand saag seg um, og saag at det dreiv folk til fraa alle kantar, ridande og springande, alt dei orka. «Eg vyrder ikkje sjødyri dine, kor mange dei er. Men me kann gjerne forlikast utan hjelp. Det er ei æra for meg aa taka mot sjølvdøme av ein slik mann som du er.» Finnboge sa han skulde hava takk for det, og gjekk imot han, og dei handtokst og forliktest med dei menn til vitne som var der. Dei var ikkje fyrr forlikte, fyrr dei kom farande, sønene til Finnboge og frendar og vener, og so uppøste at dei vilde fara paa Brand og hans folk og drepa dei med ein gong. Finnboge gjekk imillom og sa at no var dei forlikte han og Brand, og no maatte ingen skipla semja. Finnboge bad Brand og hans menn vera med heim, og dei gjorde det. Dei var der mest ei vika, og det vart eit drusteleg lag. Daa Brand skulde reisa, spurde Finnboge Vermund um han vilde vera med Brand eller vera hjaa han. Vermund sa han lengta heim — «og Brand er so gjæv ein mann at eg er vel faren i hans fylgje; men Gud løne deg for alt det gode du hev gjort meg.» Finnboge spurde daa Brand: «Naar vil du segja upp domen millom oss?» «Det vil eg gjera paa tinget i sumar, det er det mest æra med.» Finnboge bad han raada, og dei skildest gode vener. So reid Brand heim til Austfjorden og Vermund med han.

Um sumaren kom det svært mykje folk paa tinget. Der var Vatnsdølane, Jøkul og Torstein og dei andre Ingemundssønene. Der kom Brand den Rauste og Finnboge den Ramme og Øyolv Holte, maagen hans, og mange andre storfolk. So var det ein dag Brand og Finnboge raakast og helsa blidleg paa einannan. Brand spurde korleis det var med saki millom han og Vatnsdølane. Finnboge sa at alt var roleg no. Brand baud seg til aa prøva forlika dei um Finnboge vilde. Finnboge vilde gjerne det. So ein dag gjekk Brand og Finnboge og Øyolv med stort fylgje burt til tingbudi aat Vatnsdølane. Torstein tok vel imot dei og bad dei til sætes. Brand tok upp saki og bad Torstein aa forlikast med Finnboge, og sa at Jøkul hadde ikkje fare med maate. Brand tala lenge og vel og sa han vilde vera ven med dei som vilde forlik og imot dei som var imot, og baud seg til aa døma millom dei. Jøkul var traud til forlik; men av di Brand var venen hans, og brørne hans talde til, so lykta det med at dei forliktest. Men det grov Jøkul at han hadde fare verre i striden — ovmodig og trassig som han var. Brand dømde Vatnsdølane til aa betala ei bot til Finnboge, og den vart greidd vel og vyrdsleg. Det er sagt at dei var vener sidan, og Finnboge og Jøkul gav einannen gaavor. Finnboge bad Brand segja upp domen millom dei og sa at han skulde ikkje draga seg undan. Brand sa: «Endaa du er ein sers vitug kar, Finnboge, so tykkjest no eg sjaa sumt, der du ser alt. Eg var ikkje so nauten eg ikkje skyna at eg var fanga med alle mine menn, daa dine menn sette paa oss som hadde nok med deg aaleine. Det var trass og ovmod av meg, men ikkje so at eg ikkje skyna korleis det vilde ganga. Ikkje heller skal det vera so stor skilnad paa oss, at eg tek bot av deg for at du gav meg og mennene mine livet. Eg held meg og mennene mine meir verd enn ein smaamann som Vermund, endaa um eg for vyrdnadens skuld vilde hava æra av ferdi. No vil eg løna deg livgaava med aa lova deg venskap og hjelp i alle saker, deg og sønene dine, og ingen ting skal skipla venskapen vaar, med me lever baae. Finnboge takka han vel og sømeleg. Han gav Brand dei eignelutene han hadde fenge av Jon, grekarkongen. Det var ring, skjold og sverd. Ingemundssønene bad Finnboge flytja fraa Trekyllsvik og kjøpa att Borg. Men Finnboge vilde ikkje. Han lika seg godt der han var, og reid heim til Finnbogestad og sat i ro. Vyrdnaden hans hadde auka mykje ved desse sakene.

Finnboge vart ein gamal mann, og tykkjest hava vore framum andre baade i styrke og vokster og sedugskap. Han er nemnd i mange sogor og hev gjort mange fleire karsstykke enn her er fortalt. Han døydde paa sotteseng, og han og Hallfrid, kona hans, kviler ved den kyrkja han hadde bygt. Sønene hans vart alle medgjetne menn som siglde millom landi, og det er mange fraasegner um kvar av dei.

Her ender soga um Finnboge.