Soga um Harald Haarfagre

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Dansk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Harald Haarfagre
[860-933]


1. Harald tok kongedøme etter far sin, daa han var 10 vetrar gamal. Han var større og sterkare enn andre menn, og utifraa væn og ein klok mann og framgjengd. Gutorm, morbror hans, vart fyristandar for hirdi og heile landsstyringi og var hovding for heren med. Daa Halvdan Svarte hadde slokna, var de mange hovdingar, som tok paa de rike, som han lét etter seg. Fyrstemannen var kong Gandalv, og brørane Hogne og Frode, sønir til kong Øystein fraa Heidmarki. Hogne Kaareson fór vidt umkring paa Ringerike. Daa gav Hake Gandalvsson seg paa vegen utetter til Vestfold med 300 mann og fór den øvre vegen um nokre dalar, og tenkte han skulde koma uventande paa kong Harald; men kong Gandalv sat heime med sin her, og var meint paa aa setja yvi fjorden med heren sin til Vestfold. Men daa herføraren Gutorm spør de, samlar han ein her og fer med kong Harald upp i lande og snur seg mot Hake, og dei raaka paa kvarandre i ein dal; der vart de eit slag, og kong Harald vann. Der fall kong Hake og ein stor lut av heren hans. Der kallar dei no Hakadal[1]. Dermed snur kong Harald og herføraren Gutorm attende; daa var kong Gandalv komin til Vestfold, og no fór dei mot kvarandre, og daa dei møttest, vart de eit hardt slag. Der flydde Gandalv og miste mesteparten av heren sin, og soleis kom han seg attende til rike sitt. Og daa sønine til kong Øystein paa Heidmarki spurde desse hendingane, venta dei seg ufred radt og sende bod til Hogne Kaareson og Gudbrand herse og sette stemnelag med deim paa Ringsaker[2] paa Heidmarki.


2. Etter desse slag fór kong Harald og herføraren Gutorm og alt de folk dei kunde faa, og tok vegen til Upplandi og fór mest skogleides. Dei spurde, kor upplendings-kongane hadde sett stemnelag, og kom der midt paa natti, og vakti vart ikkje var deim, fyrr heren var komin utanfor den stogo, som Hogne Kaareson var inne i, og likeins den som Gudbrand sov i, og kveikte eld paa baae tvo. Sønine hans Øystein kom seg ut med sitt folk og slost ei stund, og der fall baade Hogne og Frode. Daa desse fire hovdingane var fallne, fekk kong Harald, ved Gutorms, frenden sins, framferd, Ringerike og Heidmarki, Gudbrandsdalen og Hadaland, Toten og Raumarike og heile nørdste luten av Vingulmark. Etter dette hadde kong Harald og herføraren Gutorm ufred og fleire slag med kong Gandalv, og enden vart, at kong Gandalv fall i de siste slage, men kong Harald eigna til seg rike alt sør til Raumelvi.


3. Kong Harald sende nokre av mennane sine etter ei gjente, som heitte Gyda, dotter til kong Eirik fraa Hordaland[3]; ho vart fostra i Valdres hjaa ein storbonde. Kongen vilde hava ho til frille, for di ho var ei ovende væn gjente og heller storlynd. Daa sendemennane kom dit, so sagde dei ærendi si til gjenta. Ho svara soleis, at ho vilde ikkje spilla møydomen sin til aa faa ein konge til mann, som ikkje hadde større rike enn berre nokre fylke aa raada for. «Men de tykkjer eg er underlegt,» segjer ho, «at de ikkje finst ein konge som vil taka heile Norig og vera einvaldskonge yvi, sameleis som kong Gorm i Danmark og kong Eirik i Uppsalir.» Sendemennane totte at ho svara fælt so kaut, og spurde kva ho meinte med dette svare; dei sagde at Harald var so megtug konge, at ho fulla kunde berga seg med honom. Men endaa ho svara annarleis paa ærendi deira enn dei lika, so saag dei seg ikkje syn til aa faa ho burt denne gongen, naar ho ikkje vilde sjølv, og dei laga seg daa til aa fara. Men daa dei var ferdige, vart dei fylgde ut. Daa sagde Gyda til sendemennane og bad deim bera desse ordi hennar fram til kong Harald, at ho vilde ikkje samtykkja aa verta kona hans paa annan maate, enn at han for hennar skuld fyrst lagde under seg heile Norig og raadde likso fritt for de rike, som kong Eirik for Sviavelde eller kong Gorm for Danmark, «for di at daa fyrste, tykkjer eg, kan han heita tjod-konge,» segjer ho.


4. Sendemennane fór attende til kong Harald og fortalde han kva gjenta hadde sagt, og sagde at ho var overlag djerv og uvitug, og totte de var maata, at kongen sende mykje folk etter ho og tok æra fraa ho. Daa sagde kong Harald, at de var ikkje ille sagt av denne gjenta, og ho hadde ikkje gjort noko som de var verdt aa hemna seg for, og bad ho hava stor takk for ordi sine: «ho hev mint meg um de, som eg tykkjer de er underlegt at eg ikkje fyrr hev komi til aa tenkja paa.» Og han sagde attaat: «de lovar eg, og eg tek Gud til vitne, som hev skapt meg, og som raar for alle ting, at aldri skal eg skjera eller kjemba haare mitt, fyrr eg hev eigna til meg heile Norig med skatt og skyld og velde, eller so vil eg døy.» Desse ordi takka herføraren Gutorni han mykje for, og sagde at de var kongelegt verk aa halda sine ord.


5. Dermed samla frendane Harald og Gutorm ein stor her og fór fyrst til Upplandi og so nord um Dalane og derfraa nord yvi Dovrefjell. Daa han kom ned i bygdi[4], lét han drepa alle menn og brenna bygdi. Men daa folke vart var dette, hadde dei seg undan, alle dei som kunde, sume ned til Orkedalen og sume til Gauldalen, og sume til skogs. Sume bad um fred, og de fekk alle dei som kom til kongen og vart mennane hans. De var ingin som sette seg imot, fyrr dei som kom til Orkedalen; der hadde de samla seg folk, og der heldt dei de fyrste slage, med ein konge som heitte Gryting. Kong Harald vann, og Gryting vart fanga, og mange av folke hans vart drepne, men han sjølv gjekk kong Harald til hande og svor truskaps-eid. Etter dette gjekk alt folke i Orkdølafylke under kong Harald og vart mennane hans.


6. Kong Harald sette den retten i alle dei riki som han vann under seg, at han eigna til seg all odelen[5], og lét alle bøndane svara seg landskyld, baade rike og fatige. Han sette ein jarl i kvart fylke, som skulde døma lov og landsrett og krevja inn bøtar og landskyld, og jarlen skulde hava tridje-parten av skattane og skyldi til kosthald og utgiftir. Kvar jarl skulde hava under seg 4 hersar eller fleire, og kvar av deim skulde hava kongsgardar paa 20 mark landskyld. Kvar jarl skulde gjeva kongen i ufred 60 hermenn, og kvar herse 20 mann. Men so mykje hadde kong Harald auka paalegg og landskyld, at jarlane hans hadde meir magt enn kongane hadde fyrr. Men daa dette spurdest umkring i Trondheim[6] so søkte mange stormenn til kong Harald og vart mennane hans.


7. De er fortalt, at jarlen Haakon Grjotgardsson kom til kong Harald utantil Yrjar[7] og hadde mykje folk med seg til aa hjelpa kong Harald. Etter dette fór kong Harald inn i Gauldalen og heldt eit slag der og fellte tvo kongar og eigna til seg rike deira, og de var Gauldølafylke og Strindafylke. Daa sette han Haakon jarl til aa styra Strindafylke. Dermed fór kong Harald inn i Stjoradal og heldt der de tridje slage og vann og eigna til seg dette fylke. Etter dette samla inn-trøndine seg ihop, og fire kongar kom saman med heren sin; den eine raadde for Verdalen, den andre raadde for Skogn, og den tridje for Sparbyggjafylke, og den fjorde var fraa Innerøyi og raadde for Øynafylke. Desse fire kongane fór med heren sin mot kong Harald, men han heldt slag med deim og vann, og sume av desse kongane fall, og sume flydde. Kong Harald heldt i de heile 8 slag eller fleire i Trondheim, og daa han hadde fellt 8 kongar, lagde han heile Trondheim under seg.


8. Nord i Naumudal[8] var tvo brørar kongar, Herlaug og Rollaug; dei hadde vori tri sumrar um aa gjera ein haug, som var bygd av stein og kalk og timbra med stokkar. Men daa haugen var heilt-upp ferdig, so fekk brørane tidend um at kong Harald fór imot deim med ein her. Daa lét kong Herlaug køyra mykje mat og drikke inn i haugen. Dermed gjekk kong Herlaug inn i haugen sjølv tolvte, og lét deim sidan kasta haugen til. Kong Rollaug gjekk upp paa haugen, som kongane var vande til aa sitja paa, og lét deim stella til kongshøgsæte og sette seg i de; og so lét han leggja dynur paa fotbenken, som jarlane var vande til aa sitja paa, og velte seg ut or høgsæte og ned i jarls-sæte og gav seg sjølv jarls-namn. Etter dette fór Rollaug til møtes med kong Harald og gav han heile rike sitt og baud seg til aa verta mannen hans, og sagde korleis han hadde fari aat. Daa tok kong Harald eit sverd og feste i belte hans og feste ein skjold um halsen hans og gjorde han til jarlen sin, og leidde han i høgsæte og gav han Naumdølafylke og sette han til jarl yvi.


9. Daa fór kong Harald att-ende til Trondheim og var der um vetteren, og dette sagde han stødt sidan var rette heimen hans. Der bygde han den største garden sin, som heiter Lade[9]. Den vetteren vart han gift med Aasa, dotter til jarlen Haakon Grjotgardsson, og Haakon stod daa i den største æra hjaa kongen. Um vaaren raadde kong Harald seg til skip. Han hadde lati gjera um vetteren ein stor og drusteleg tilbudd drake; paa den sette han hirdi og berserkane sine. Stamnbuane var mest utvalde, av di at dei hadde kongs-merke. Fraa stamnen og atter-ut til ause-rome kalla dei rausn; der fekk berserkane sin plass. Ikkje andre menn fekk vera med i hirdi til kong Harald, enn dei som var ovkarar baade i styrke og mod og allslag hævleike; berre slike menn tok han um bord paa sitt skip, for no hadde han mange til aa velja hirdmenn av fraa kvart einaste fylke. Han hadde ein stor her og mange storskip, og mange megtuge menn fylgde han. Dette fortél Hornklove i Glymdraapa, at kong Harald hadde slegist med orkedøline paa Uppdalsskogen[10], fyrr han hadde denne leidingsheren ute.


10. Kong Harald heldt ut or Trondheim med heren sin og søretter til Møre. Huntjov heitte ein konge, som raadde for Mørafylke[11], og Solve Klove heitte son hans; dei var store hermenn. Den kongen som raadde for Raumsdal heitte Nokkve og var morfar hans Solve. Desse hovdingane drog ihop ein stor her, daa dei spurde til kong Harald, og fór imot han, og dei raakast ved Solskjel[12]. Der vart de eit slag, og kong Harald vann. Soleis segjer Hornklove:

Soleis de høva skulde,
at skjold-beraren[13] førde
nordantil her-skip og heldt til
hoggstrid med tvo kongar.
Hovdingar tri hugheilt
helsa daa kvarandre
utan ord, men ed skjoldljom
og oddgny drjugt lengi.

Baae kongane fall, men Solve flydde og kom seg undan. Kong Harald lagde under seg desse tvo fylki og var lengi der um sumaren og skipa lov og rett for folke. Men um hausten gjorde han seg i stand til aa fara nord til Trondheim. Rognvald Mørejarl, son hans Øystein Glumra, hadde daa vorti mannen til kong Harald um sumaren. Kong Harald sette han til hovding yvi desse tvo fylki, Nordmøre og Raumsdal, og gav han hjelp baade av stormenn og bøndar, og attaat skip til aa verja lande for ufred. Han vart kalla Rognvald den megtuge eller den raadvise, og folk segjer at baae namni høvde aat han. Vetteren etter var kong Harald i Trondheim.


11. Vaaren etter budde kong Harald til ein stor her fraa Trondheim, og sagde at han vilde stemna til Sunnmøre med denne heren. Solve Klove hadde um vetteren legi ute paa herskip og herja paa Nordmøre og drepi der mange av mennane til kong Harald, men sume hadde han røva fraa. Men stundom um vetteren hadde han vori paa Sunnmøre hjaa kong Arnvid, frenden sin. Daa dei spurde til kong Harald, samla dei ein her og vart mangmente, av di mange totte dei hadde noko aa hemna paa kong Harald. Solve Klove fór sør i Fjordane[14] til kong Audbjørn, som styrde der, og bad um hjelp, og at han skulde koma med heren sin og hjelpa honom og kong Arnvid, og segjer so: «De er greidt aa sjaa, at me ikkje hev annan utveg enn at me alle ihop reiser oss mot kong Harald; daa tenkjer eg me hev magt nok, og daa fær lagnaden raada for sigeren. Men i anna fall maa me verta trælane hans, og de er ikkje ein utveg som høver aat slike menn, som hev likso stort heidersnamn som Harald. Far min totte at de kaare var betre, aa falla i slage som konge, enn aa verta undermannen til kong Harald.» Solve tala for han so, at Audbjørn lova aa fara og drog ihop ein her og fór nordetter til kong Arnvid, og daa hadde dei ein ovende stor her. Dei spurde daa, at kong Harald var komin nordantil, og dei møttest innanfor Solskjel. Den tid var de skikk, naar dei slost til skips, at dei batt skipi ihop og slost framme ved stamnane. So gjorde dei no og. Kong Harald lagde skipe sitt mot skipe til kong Arnvid; dette slage vart styggeleg kvast, og de fall mykje folk paa baae sidur. Sistpaa vart kong Harald so vill og galin, at han gjekk fram i rausni paa skipe sitt, og stridde daa so kvast, at alle frambyggine paa skipe hans Arnvid drog seg atter-ut til masti, og sume fall. Kong Harald gjekk upp paa skipe; daa gav mennane til kong Arnvid seg paa flugti, men han sjølv fall paa skipe sitt. Der fall kong Audbjørn med, men Solve flydde. Soleis segjer Hornklove:

Gramen vekkte eitspjot-vér,
med gny av ljomande sverdslag,
piline regnde fraa lufti,
og raudt or saari saud blode.
Haugar av stridsmenn lagdest
Livlause framme i rausni,
men kongen hugdjerv vann siger,
med' hoggi skrall mot skjoldar.

Av heren til kong Harald fall Aasgaut og Aasbjørn, jarlane hans, og Grjotgard og Herlaug, verbrørane hans, sønine hans Haakon Ladejarl. Solve var sidan ein stor viking i lang tid og gjorde tidt stor skade paa rike til kong Harald.


12. Etter dette lagde kong Harald under seg Sunnmøre. Vemund, bror til kong Audbjørn, slepte ikkje fraa seg Firda-fylke og gjorde seg til konge yvi de. Dette var seint paa hausten, og dei talde kong Harald fraa aa fara sør um Stad seinhaustes. Daa sette kong Harald Rognvald jarl yvi Nordmøre og Sunnmøre og Raumsdal, og daa hadde han mykje folk umkring seg. Dermed fór kong Harald til Trondheim. Same vetteren fór Rognvald jarl den indre vegen um Eid[15] og so sør um Fjordane. Han hadde fengi spurlag paa kong Vemund, og kom um natti til ein stad som heiter Naustdal[16]; der var kong Vemund i gjestebod. Rognvald jarl kringsette huse og brende kongen inne med 90 mann. Etter dette kom Berdla-Kaare[17] til Rognvald jarl med eit langskip, som var heilt-upp tilbutt, og dei fór baae tvo nord til Møre. Rognvald jarl tok dei skipi, som kong Vemund hadde aatt, og all den lausøyren som han fekk i. Berdla-Kaare fór nord til kong Harald og vart mannen hans. Han var ein stor berserk. Um vaaren etter fór kong Harald sør langsmed lande og lagde under seg Firdafylke; sidan siglde han aust langsmed lande og kom alt aust i Viki. Han sette jarlen Haakon Grjotgardsson etter og gav han styringi i Firdafylke. Daa sende Haakon jarl bod til Atle jarl den mjove, at han skulde fara burt fraa Sogn og vera jarl paa Gaular, som han hadde vori fyrr, og sagde at kong Harald hadde gjevi Sygnafylke til honom. Atle jarl sende bod att og sagde at han vilde hava baade Sygnafylke og likeins Gaular, til dess han raaka kong Harald. Jarlane trætta so lengi um dette, til dess dei samla ein her baae tvo. Dei møttest i Stavenes-vaag[18] i Fjalir[19] og heldt eit stort slag der. Der fall Haakon jarl, men Atle jarl fekk ulivs-saar, og mennane hans fór til Atløy[20] med han, og der døydde han. Soleis segjer Øyvind Skaldespillar:

Vennen til Hlid[21],
Haakon, fekk
daude-saar,
daa djervt han stridde,
og sin alder
i odde-leiken
Frøys ætting
paa Fjalir enda.
Og vaagen vart
vidt ikring
blanda raud
med blod av menn,
dei gjæve som stupte
um Grjotgards-sonen
i store strids-gny
ved Stavanes.


13. Kong Harald kom med heren sin aust til Viki og lagde inn til Tunsberg; der var de kaupstad daa. Daa hadde han vori 4 yetrar i Trondheim og var ikkje komin til Viki i heile denne tidi. Der spurde han den tidendi, at sviakongen Eirik Øymundsson hadde lagt under seg Vermeland og tok skattar der av alle skogbygdine, og kalla de for Vester-Gautland alt nord til Svinesund; desse landi og lande i vest og vestetter langs-med have[22] alt dek alla sviakongen sitt rike og tok skattar av. Han hadde sett ein jarl yvi de, som heitte Rane Gautske; han hadde sitt rike millom Svinesund og Gautelvi og var ein megtug jarl. De vart fortalt kong Harald, kva sviakongen hadde sagt, at han skulde ikkje gjeva seg, fyrr han hadde likso stort rike i Viki som Sigurd Ring eller Ragnar Lodbrok, son hans, fyrr hadde havt, og de var Raumarike og Vestfold alt ut til Grenmar, og likeins Vingulmark og alt de som laag sunnanfor der. I alle desse fylki var de mange hovdingar og mange andre menn som hadde gjevi seg under sviakongen. Dette mislika kong Harald storleg og stemnde strakst bøndane til tings der paa Foldi og klaga deim for lands-svik. Sume bøndar negta, sume gav pengar, og sume vart refste. Soleis fór han um sumaren umkring i dette fylke. Um hausten fór han upp paa Raumarike, og de gjekk sameleis der. Daa spurde han fyrst paa vetteren, at sviakongen Eirik reid umkring i Vermeland paa gjestebod med hirdi si.


14. Kong Harald fór aust yvi Eidskogen og kom fram i Vermeland og lét stella til gjestebod for seg. De var ein mann som heitte Aake; han var den megtugaste bonden i Vermeland, grunnrik og paa den tidi til aars komin. Han sende bod til kong Harald og baud han til gjestebod. Kongen lova han skulde koma paa den dagen som var sett. Aake baud kong Eirik og til gjestebod, og sette den same stemnedagen med honom. Aake hadde ei stor gjestebods-stogu, som var gomol. Daa lét han gjera ei ny stogu til, som var likso stor, og budde ho til paa de beste. Heile den stogo lét han tjelda med ny bunad, og den gamle med gamal bunad. Daa kongane kom til gjestebode, daa vart kong Eirik og hans hird sessa i den gamle stogo, men Harald og hans folk i den nye. Soleis hadde dei stelt de med heile bordbunaden, at kong Eirik og hans menn hadde gamle koppar og horn, men gyllte og fine var dei, men kong Harald og hans menn hadde berre nye koppar og horn, og alle var dei budde med gull og utskorne og blanke; men drikke var framifraa baae stelle. Aake bonde hadde fyrr vori mannen hans Halvdan Svarte. Daa den dagen kom, daa de var slutt paa gjestebode, gjorde kongane seg reiduge til aa fara. Hestane var alt ferdige. Daa gjekk Aake framfor kong Harald, og leidde med seg son sin, som var 12 vetrar gamal og heitte Ubbe. Aake sagde: «Soframt De tykkjer, herre, at eg er verd venskap av Dykk for den godviljen som eg hev synt Dykk i gjestebode mitt, so løn son min for de; eg gjev han aat deg til aa vera i di teneste.» Kongen takka han med mange fine ord for de han hadde teki godt imot han, og lova honom att aa vera hans hjartans ven. Sidan tok Aake fram store gaavur, som han gav kongen. Etter dette gjekk Aake til sviakongen. Daa var kong Eirik klædd og buin til aa fara; men han var heller stuss. Aake tok daa gode ting og gav han. Kongen svara lite paa de, og steig paa hesten. Aake fylgde han paa vegen og tala med han. De laag ein skog tett attmed garden, og der gjekk vegen igjenom. Men daa Aake kom til skogen, so spurde kongen han: «Kvifor gjorde du slik skilnad paa oss, naar du tok imot meg og kong Harald, at han skulde hava de beste av alle slag, endaa du veit at du er min mann?» «Eg tenkte,» sagde Aake, «at de skorta korkje Dykk, konge, eller mennane Dykkar paa god fagning i nokon maate i dette gjestebode. Men at de var gamal bunad, der som De drakk, de kjem seg av di, at De no er gamal, men kong Harald er no i alders-blomen sin, og difor gav eg honom ny bunad. Men naar du minner meg um, at eg skulde vera din mann, so veit eg likso visst de, at du er min mann.» Daa drog kongen sverde og gav han banehogg, og so reid han burt. Men daa kong Harald var buin til aa stiga paa hesten, bad han dei skulde ropa paa Aake bonde; men daa dei leita etter han, so flaug sume dit som kong Eirik hadde ridi, og der fann dei Aake daud. Daa gjekk dei attende og sagde de til kongen. Men daa han spurde dette, ropte han til mennane sine, at dei skulde hemna Aake bonde. Kongen reid dit som kong Eirik hadde ridi, til dess dei vart vare kvarandre. Daa reid dei baae tvo de meste dei kunde, til dess kong Eirik kom til den skogen som skil Gautland fraa Vermeland. Daa snudde kong Harald attende til Vermeland og lagde dette lande under seg og drap mennane til kong Eirik, kor han raaka deim. Um vetteren fór kong Harald attende til Raumarike.


15. Kong Harald fór um vetteren ut til Tunsberg til skipi sine og budde deim til og heldt aust-yvi fjorden og lagde so under seg heile Vingulmark. Han var ute paa herskip heile vetteren og herja paa Raanrike. So segjer Torbjørn Hornklove:

Kongen etlar seg
til ute jol aa drikka,
hovdingen den hæve
hastar til leiken hans Frøy[23].
Den unge vart leid av eldstad
og inne-setu,
av den varme stogo
og vottar dunute.

Gautane hadde samla seg yvi heile lande til forsvar.


16. Um vaaren i isløysingi stakk gautane paalar i Gautelvi, so kong Harald ikkje skulde leggja upp i lande med skipi sine. Kong Harald heldt upp i elvi med skipi sine og lagde seg ved paalane og herja paa baae sidur og brende bygdi. So segjer Hornklove:

Braatt ylvingen[24] lagde
under seg lande og folke
sunnanfor have; hovdingen
hardleikin var i striden,
og den hugstore konge,
herda til ulreds-live,
tjora sin olme drake
trygt til paalar ved strandi.

Sidan reid gautane ned med ein stor her og heldt slag med kong Harald, og der vart de eit stort mannefall, og kong Harald vann. Soleis segjer Hornklove:

Om[25] var av økseslagi,
ulande spjoti svirra,
megtuge tjodkonungs mennar
fekk myrk-eggja sverd til aa bita, -
den gongen han tokst med gautom,
den gjæve sigervinnar,
og songen av vaapni sjoga[26]
slagdjerve menn um nakken.


17. Kong Harald fór rundt umkring i Gautland med herskjold og heldt mange slag der paa baae sidune aat elvi, og han fekk oftast siger. I eit av desse slag fall Rane Gautske. Sidan lagde kong Harald heile lande under seg nordanfor Elvi og vestanfor Venern, og heile Vermeland. Daa han reiste av derfraa, sette han herføraren Gutorm etter, og mykje folk med honom, til aa verja lande, og kongen tok daa vegen til Upplandi og gav seg til der ei tid; sidan fór han nord yvi Dovrefjell til Trondheim og var der ei lang stund den gongen og. Kong Harald tok daa til aa faa born. Han og Aasa hadde desse sønine: Gutorm, som var eldst, Halvdan Svarte og Halvdan Kvite, som var tvillingar, og den fjorde heitte Sigfrød; alle vart dei uppfødde i Trondheim med stor ære.


18. Dei tidendir spurdest sunnantil lande, at hordar og rygir og egdir og telir samla seg og baud ut baade skip og vaapn og folk. Upphavsmennane til dette var: Eirik, kongen i Hordaland, kong Sulke fraa Rogaland og Sote jarl, bror hans, Kjøtve den rike, konge i Agdir, og Tore Haklang, son hans, og fraa Telemarki tvo brørar, Roald Rygg og Hadd den harde. Men daa kong Harald fekk vissa paa desse tidendir, so drog han ihop ein her og skuva skipi paa sjøen, og budde seg sidan med heren og fór sør-etter langs med lande og fekk mykje folk av kvart fylke. Daa han kom sør um Stad[27], fær kong Eirik spurt de; han hadde og samla den styrken han kunde venta, og no fór han sør-etter, til møtes med den heren som han visste skulde koma han til hjelp austantil. Heile heren møttest nordanfor Jaren[28] og lagde inn i Havrsfjorden[29]. Der laag kong Harald fyri med heren sin. Der byrja de strakst eit stort slag, som var baade langt og hardt; men enden vart den, at kong Harald vann, og der fall kong Eirik og kong Sulke og Sote jarl, bror hans. Tore Haklang hadde lagt skipe sitt imot skipe til kong Harald, og Tore var ein stor berserk; der gjekk dei hardt paa, fyrr Tore Haklang fall; dei rudde heile, skipe hans, og kong Kjøtve flydde til ein holme, der de var eit godt stelle til aa verja seg paa, og sidan flydde heile heren deira, sume paa skipi, og sume flaug upp paa land og so landvegen sør-etter Jaren. So segjer Hornklove:

Høyrde du, kor hardt dei
i Havrsfjord slogost,
kongen av kjempe-ætt
med Kjøtve den rike?
Skip kom austantil,
stundande paa ufred,
med gapande hovud[30]
og gravne platur[31].
Med stridsmenn var dei
Ladde og skjoldar blanke,
med vesterlands-spjot[32]
og valske sverd[33].
Berserkar bura,
paa bragdir tenkte,
ulvhednar[34] ula,
jarnvaapn glumde[35].
Dei freista den framdjerve,
han som flugt deim lærde,
herren yvi austmenn,
som bur paa Utstein[36].
Ut med skipi han lagde,
daa strid han venta,
hogg mot skjoldar hamra,
fyrr Haklang stupte.
Daa leiddest han mot Luva[37]
lande sitt aa verja,
den halsdigre herren[38],
holmen til skjold har bruka.
Dei seig under sessane[39],
dei som saara vaaro[40].
Upp lét dei sterten standa,
stakk i kjølen hovud.
Bak lét dei blenkja
blanke skjoldar,
steinar regnde
yvi rædde fiendar.
Kaksane vart fælne,
flaug yvi Jaren
heim or Havrsfjord,
huga paa mjød-drykk.


19. Etter dette slage fekk ikkje kong Harald meir motstand i Norig; daa var dei fallne alle dei største uvenine hans; men sume flydde or lande, og de var ei heil mengd, for daa bygde dei store øydeland; daa bygde dei Jamteland og Helsingland, men desse var alt i fyrivegen noko bygde av nordmenn. I den ufreden, som kong Harald hadde, fyrr han fekk heile Norig, fann dei og bygde nokre utland, Færøyane og Island; de var mange som fór til Hjaltland[41] og, og mange megtuge menn fraa Norig flydde fredlause for kong Harald og fór i vesterviking. Dei var paa Orknøyane og Sudrøyane um vetrane, men um sumrane herja dei i Norig og gjorde stor skade paa lande i der. Men de var i mange megtuge menn og, som gjekk kong Harald til hande og vart mennane hans og bygde lande med han.


20. Kong Harald hadde no vorti einvaldsherre yvi heile Norig. Daa mintest han de som den storlaatne møyi hadde sagt til han, og han sende folk etter ho og lét føra ho til seg. Dei hadde desse borni: den eldste heitte Aalov, so kom Rørek og so Sigtrygg, Frode og Torgils.


21. Kong Harald hadde mange konur og mange born. Han fekk ei kone som heitte Ragnhild, dotter til kong Eirik i Jylland; henne kalla dei Ragnhild den megtuge. Deira son var Eirik Blodøks. Han var gift med Svanhild og, dotter til kong Øystein; dei hadde desse sønine: Olav Geirstada-Alv, Bjørn og Ragnar Rykkil. Kong Harald var gift med Aashild og, dotter til Ring Dagsson ovantil Ringerike. Deira born var: Dag og Ring, Gudrød Skirja og Ingegjerd. Dei fortèl de, at daa kong Harald fekk Ragnhild den megtuge, sende han 9 konur fraa seg. Dette fortèl Hornklove:

Holmrygske[42] møyar,
Hordalands gjentur
og alle fraa Heidmark
og av Holge-ætti[43]
kongen sende fraa seg,
tok kona fraa Danmark.

Borni til kong Harald vart uppfødde der som dei hadde ætti si paa morsida. Herføraren Gutorm hadde aust vatn paa den eldste sonen til kong Harald og gav han namne sitt. Han kne-sette guten og fostra han og hadde han med seg aust i Viki; der vart han uppfødd hjaa herføraren Gutorm. Gutorm hadde all lands-styringi i Viki og paa Upplandi, naar kong Harald ikkje var til staes.


22. Kong Harald spurde at umkring paa midlande[44] laag de vikingar og herja, som var vestanfor have um vetrane. Daa hadde han leiding ute kvar sumar og saag etter paa øyar og utskjer. Men kor-helst vikingane vart vare heren hans, so flydde alle ihop, og dei fleste ut til havs. Men daa kongen vart leid av dette, so var de ein sumar, at kong Harald siglde med heren sin vest yvi have; han kom fyrst til Hjaltland og drap der alle vikingar som ikkje hadde seg undan. Sidan siglde han sør til Orknøyane og reinska alt for vikingar. Etter dette for han alt til Sudrøyane og herja der; han drap her mange vikingar, som fyrr hadde havt hermenn under seg. Han heldt mange slag der og hadde jamt yvitake. So herja han paa Skotland og heldt slag der. Men daa han kom vest til Man, hadde dei alt spurt, kor hardt kong Harald hadde herja der i lande fyrr; alt folk flydde inn til Skotland, og de vart reint audt for folk der; alt godse hadde dei og havt burt, som dei kunde faa med seg, og daa kong Harald og mennane hans gjekk i land, so fekk dei ikkje herfang. Dette nemner Hornklove:

Herskips-føraren, han som
Hoggstriden vann paa strandi,
inn i bygdi ved sjøen
sende drengir mange.
Fyriaat alt folke
flytt hadde lande
for honom som med herskjold
hadde Skotland gjesta.

I desse slag fall Ivar, son hans Rognvald Møre jarl. Men daa kong Harald siglde austetter, gav han Rognvald jarl i bot Orknøyane og Hjaltland, men Rognvald gav strakst baae landi aat Sigurd, bror sin, og han vart etter der vest. Daa kongen siglde heim, gjorde han Sigurd til jarl. Daa kom Torstein Raude, son til Olav Kvite[45] og Aud den grunnrike, og slo lag med han; dei herja paa Skotland og tok Katanes[46] og Sudrland[47] alt til Ekkjalsbakke. Sigurd jarl drap Melbrigde Tonn, ein skotsk jarl, og batt hovude hans til sal-reimi si; men tjukkleggen hans kom mot tonni, som stakk ut or hovude, og beine trutna upp, og de vart banen hans, og han er hauglagd paa Ekkjalsbakke. Daa raadde Gutorm, son hans, for landi eit aar og døydde barnlaus. Sidan sette de seg mange vikingar i landi, baade danir og nordmenn.


23. Kong Harald var i gjestebod paa Møre hjaa Rognvald jarl, og daa hadde han teki heile lande. Daa gjekk kong Harald i laug og lét greida haare sitt, og daa skar Rognvald jarl haare hans. Daa hadde de vori uskori og ukjembt i 10 aar. Fyrr vart han kalla Luva, men sidan gav Rognvald jarl han kjennings-namn og kalla han Harald Haarfagre. Og de sagde alle som saag han, at inkje namn kunde vera høvelegare, av di at han hadde baade stort og fagert haar.


24. Rognvald Mørejarl var den kjæraste venen aat kong Harald, og kongen æra han mykje. Rognvald jarl var gift med Hild, dotter hans Rolv Nevja; sønine deira var Rolv og Tore. Rognvald jarl hadde tri frillesønir og, den eine heitte Hallad, den andre Einar, og den tridje Rollaug. Dei var vaksne, daa dei ægte brørane deira var born. Rolv var ein stor viking; han var so stor paa vokstren, at ingin hest kunde bera han, og han gjekk alltid, naar han var paa ferdir, og difor vart han kalla Gange-Rolv. Han herja mykje i Austerveg. Ein sumar, daa han kom austantil fraa vikingferd til Viki, hogg han strandhogg der. Kong Harald var i Viki. Han vart storleg harm, daa han høyrde dette, for di han hadde strengt forbodi aa røva innenlands. Kongen lyste paa tinge, at han gjorde Rolv fredlaus i Norig. Men daa Hild , mor hans, spurde de, fór ho til kongen og bad um fred for Rolv. Kongen var so harm, at de nytta ho ikkje aa beda. Daa kvad Hild dette:

Jag ikkje namnen hans Nevjal[48]!
No vil du gjævingen driva
or heimen, den hæve bonde;
kvi er du so hard, du konge?
Vondt for deg vil de vera
slik varg aa bitast med.
Rømer han til skogs, daa røvar
han radt av kongens kyr.

Gange-Rolv fór sidan vest yvi have til Sudrøyane, og derfraa fór han vest til Valland[49] og herja der og fekk eit stort jarlerike der, og byrgde de mykje med nordmenn, og de heiter no Normandi. Av Rolvs ætt er jarlane i Normandi komne. Son hans Gange-Rolv heitte Vilhjalm, som var far hans Rikard, som og hadde ein son som heitte Rikard, som var far hans Robert Langspade, far til Vilhjalm Bastard, som vart konge i England. Fraa honom er sidan alle dei engelske kongane komne. Dronning Ragnhild den megtuge livde tri vetrar, etter ho kom til Norig. Men daa ho var slokna, sende dei Eirik, son til henne og kong Harald, til fostring til hersen Tore Roaldsson i Fjordane, og der vart han uppfødd.


25. Kong Harald fór ein vetter paa gjestebod paa Upplandi og lét stella til eit jolegjestebod aat seg paa Tofte[50]. Jol-eftan kom Svaase til døri, daa kongen sat til bords. Han sende bod til kongen, at han skulde koma ut til han, men kongen vart vond for dette sendebode, og den same mannen bar kongens harm ut, som hadde bori bode inn til han. Men Svaase bad like radt, at dei skulde føra fram ærendi ein gong til, og sagde at han var den finnen som kongen hadde gjevi lov til aa setja gamma si der paa den andre sida aat bakken. Kongen gjekk ut og lova at han skulde ganga heim med han, og gjekk yvi bakken til gamma hans, og sume av mennane hans eggja han til, endaa sume talde ifraa. Der stod Snæfrid upp, dotter hans Svaase, ei nau-væn gjente, og skjenkte kongen ein bolle full med mjød, men kongen tok alt ihop, bollen og handi hennar, og strakst var de som de kom ein elds-hite i kroppen hans, og han vilde liggja utmed ho paa flekken same natti. Men Svaase sagde at de skulde ikkje vera med hans gode vilje, utan kongen feste ho og fekk ho etter lovi. Daa feste kongen Snæfrid og fekk ho, og elska ho so reint i ørska, at han brydde seg ikkje um rike sitt og alt de som høver aat ein konge. Dei hadde 4 sønir, Sigurd Rise, Halvdan Haalegg, Gudrød Ljome og Rognvald Rettilbeine. Sidan døydde Snæfrid, men ho skifte ikkje lit de minste grande; ho var likso raudleitt som daa ho livde. Kongen sat stødt yvi ho, og tenkte at ho skulde livna uppatt. Soleis gjekk de tri vetrar, at han syrgde for de, at ho var daud, men heile landslyden syrgde for di han var komin paa villstig. Men til aa gjera han god att kom Torleiv Spake og lækte han, og de gjorde han med vit, soleis at han fyrst jatta med: «De er ikkje underlegt, konge, at du minnest so vakker og ættstor kone, og ærar ho paa dun og silke, som ho bad deg. Men di ære er mykje mindre enn høvelegt er, og likeins hennar ære, naar ho ligg for lengi i same klædi, og de er mykje rimelegare, at ho vert flutt, og at dei skifter klæde under ho.» Men strakst dei flutte ho ut or sengi, so slo de ein stygg og fæl utev og allslag vond lukt ut av kroppen paa ho. Dei skunda seg daa aa faa laga eit baal og brende ho; men fyrst blaana heile kroppen, og de valt ut ormar og fjorføslur og froskar og paddur og allslag styggedom. Soleis seig ho i oska, men kongen steig til vit og gløymde av all daarskapen, og styrde sidan rike sitt, og han fekk styrke og glede av folke, og folke av honom, men rike av baae tvo.


26. Etter dette, daa kong Harald hadde prøvt sviki til finngjenta, vart han so harm, at han jaga av sønine sine, som han hadde med finngjenta, og vilde ikkje sjaa deim. Men Gudrød Ljome fór til Tjodolv fraa Kvine, fosterfar sin, og bad han fara med seg til kongen, av di at Tjodolv var ein kjær ven aat kong Harald; daa var kongen paa Upplandi. Dei fór, daa dei var ferdige, og kom seint paa kvelden til kongen, og sette seg ned langt ute paa benken og tedde seg ikkje. Kongen gjekk paa golve og saag paa benkine; han heldt nett eit gjestebod, men mjøden var uppblanda; daa gjekk han og mulla for seg sjølv:

Graahærde mennar gamle
paa gaarden eg ser i mengd.
Kjempur mjød-huga kjem.
Kvi er De altfor mange?

Daa svara Tjodolv:

I hovude me hadde
hogg i sverde-leiken,
mennar aat milde kongen;
for mange me var ikkje daa.

Tjodolv tok hatten av, og daa kjende kongen han og tok vel imot han. Daa bad Tjodolv at kongen ikkje skulde van-vyrda sønine sine: «dei hadde havt god hug paa betre ætt paa morsida, um du hadde gjevi deim de.» Kongen sagde, de kunde so vera, og bad han hava Gudrød heim med seg, som han fyrr hadde vori, men Sigurd og Halvdan bad han fara til Ringerike, men Rogn vald til Hadaland. Dei gjorde som kongen baud, og alle vart dei spræke karar og hæve i alle itrottar. Kong Harald sat daa i ro heime i lande, og de var fred og gode aaringar.


27. Rognvald jarl paa Møre spurde, at Sigurd, bror hans, var fallin, og at de no sat vikingar i landi. Daa sende han Hallad, son sin, vest, og han tok jarlsnamn og hadde mykje folk med seg. Men daa han kom til Orknøyane, so gav han seg til i landi; men baade um hausten og um vetteren og um vaaren for de vikingar umkring paa øyane og herja ute paa nesi og hogg strandhogg. Daa vart Hallad jarl leid av aa sitja paa øyane, og gav fraa seg jarledøme og gjekk inn i bondestande og fór sidan aust til Norig. Men daa Rognvald jarl spurde dette, lét han ille yvi ferdi hans Hallad, og sagde at sønine hans vart ikkje like foreldri sine. Daa svara Einar: «Liti ære fær eg av deg, og litin kjærleike hev eg aa skiljast ved; eg vil fara vest til øyane, um du vil gjeva meg noko hjelp. Eg skal lova deg de, som du vil tykkja gildt um, tenkjer eg, at eg aldri skal koma attende til Norig.» Rognvald sagde at de lika han godt, at han ikkje kom attende; «for di at de er lite von um at frendane dine vil faa ære av deg, daa heile morsætti di er trælbori.» Rognvald gav Einar eit langskip og gjorde i stand aat han. Um hausten siglde Einar vest yvi have, og daa han kom til Orknøyane, so laag de vikingar fyri der med tvo skip, Tore Treskjegg og Kalv Skurva. Einar lagde strakst til slag med deim og vann, og dei fall baae tvo. Daa kvad folk dette:

Treskjegg han sende til trolli,
Torv-Einar drap Skurva.

Dei kalla han Torv-Einar, for di at han lét skjera torv og hadde til ved, av di de var skoglaust paa Orknøyane. Sidan vart Einar jarl yvi øyane og var ein megtug mann. Han var ljot og einøygd, men meir gløggsynt enn andre folk.


28. Herføraren Gutorm sat oftast i Tunsberg og hadde lands-styringi i heile Viki, naar kongen ikkje var til staes, og varde lande der; de var mykje ute for vikingar, og ufred var de i Gautland og, so lengi kong Eirik Øymundsson livde. Han døydde daa Harald Haarfagre hadde vori konge i Norig i 10 vetrar.


29. Etter kong Eirik var Bjørn, son hans, konge i Svitjod i 50 aar. Han var far til Eirik den sigersæle og Olav, som var far hans Styrbjørn. Herføraren Gutorm sottdøydde i Tunsberg. Daa gav kong Harald styringi yvi heile dette rike aat Gutorm, son sin, og sette han til hovding der.


30. Daa kong Harald var i fyrtiaars-alderen, var mange av sønine hans alt retteleg store, og alle var dei braa-vaksne. De vart daa til de, at dei var ille nøgde med at kongen ikkje gav deim rike, men sette ein jarl i kvart fylke, og dei totte at jarlane ikkje var so høgborne som dei var sjølve. Daa var de ein vaar, at Halvdan Haalegg og Gudrød Ljome fór med eit stort fylgje av folk og kom uventande paa Rognvald Møre-jarl og kringsette huse og brende han inne med 60 mann. Daa tok Halvdan tri langskip og budde til, og sidan siglde han vest yvi have, men Gudrød sette seg til der i lande, som Rognvald Mørejarl fyrr hadde havt. Men daa kong Harald spurde dette, fór han strakst med ein stor her mot Gudrød, og Gudrød saag ikkje onnor berging enn aa gjeva seg kong Harald i vald, og kong Harald sende han aust til Agdir, men sette daa yvi Møre Tore, son hans Rognvald jarl, og gifte han med Aalov, dotter si, som dei kalla Aarbot[51]. Tore jarl Tegjande hadde daa likso stort rike som Rognvald jarl, far hans, hadde havt.


31. Halvdan Haalegg kom vest til Orknøyane, og reint uventande, og Einar jarl flydde strakst fraa øyane, men kom attende same hausten, og kom daa uventande paa Halvdan. Dei møttest, og de vart eit stutt slag, og Halvdan flydde; de var nett ved avdags leite, og Einar og hans folk laag utan tjeld um natti. Men um morgonen, daa de tok til aa lysa, leita dei etter deim som hadde flytt, rundt um paa øyane, og drap deim, kor dei fann deim. Daa sagde Einar jarl: «Ikkje veit eg,» sagde han, «kva eg ser ut paa Rinansøy[52], um de er ein mann eller ein fugl; takom-til lyfter de seg upp, og takom-til legg de seg ned.» Daa fór dei dit og fann der Halvdan Haalegg og fanga han. Einar jarl kvad denne visa um kvelden, fyrr han lagde til slag:

Eg ser 'kje fraa rauste Rolv
eller fraa Rollaug[53] fljuga
spjot mot fiende-flokken
endaa far vaar me lyt hemna.
Men i kveld, naar kvast
kjempur gjeng i slage,
tegjande mjøden tappar
Tore jarl paa Møre.

Daa gjekk Einar jarl til Halvdan og riste ørn paa ryggen hans, soleis at han stakk sverde inn i live ved ryggen og skar ut alle sidebeini, alt ned til lendane, og drog ut lunga; de vart banen hans Halvdan. Daa kvad Einar:

Min fjordepart eg fekk
far min, Rognvald, hemna.[54]
No er drottnen drepin,
for dette nornir[55] raadde.
Hiv no, hæve gutar,
paa Høgleggen[56] Steinar,
hard skatt eg honom sender,
sigeren er vaar.

Sidan fekk Einar jarl under seg Orknøyane, som han hadde havt fyrr. Men daa desse hendingane spurdest i Norig, so lika brørane hans Halvdan dette fælt ille, og sagde at de var verdt, at dei skulde hemna de, og mange andre heldt med deim i de. Men daa Einar jarl spurde dette, so kvad han:

Etter meg er mange
mennar fraa alle kantar,
høgborne, hatige,
hev hemn yvi mangt aa taka.
Men ikkje veit dei visst,
fyrr dei vinn aa drepa meg,
kven under ørne-kloi
endar fyrst sitt liv.


32. Kong Harald baud ut folk og drog i hop ein stor her og fór vest til Orknøyane. Men daa Einar jarl spurde at kong Harald var komin austantil, fór han yvi til Nes[57] og kvad ei vise:

Fagnfolk fredlause or lande
flyr, naar ein sau dei hev slagta,
men eg den unge kongsson
paa øyane drap i hel.
Paa meg vil hugstore hovding
hemna seg, vert de fortalt;
stygt skard eg i skjolden hans hogg,
skjelva eg gjer ikkje endaa.

Daa gjekk de menn og ordsendingar millom kongen og jarlen, og de kom til de, at dei sette stemnelag med kvarandre, og dei møttest sjølve, og jarlen lét kongen døma i saki. Kong Harald dømde Einar jarl og alle orknøyingane til aa bøta 60 merkar gull. Bøndane totte boti var for stor; daa baud jarlen deim, at han skulde betala aaleine mot aa faa all odelen paa øyane. Dette gjekk dei inn paa, mest for di at dei fatige hadde smaa jore, men dei rike tenkte, at dei kunde løysa att odelen sin, fyrst dei vilde. Jarlen reidde ut heile boti til kongen, og daa fór kongen aust att um hausten. De var lengi soleis paa Orknøyane sidan, at jarlane aatte all odelen, alt til dess Sigurd Lodveson gav att odelen.


33. Gutorm, son til kong Harald, varde lande i Viki og fór utanskjers med herskip. Men daa han laag i Elvekvisline[58], kom Solve Klove der og lagde til slag med han; der fall Gutorm. Halvdan Svarte og Halvdan Kvite laag i viking og herja i Austerveg. Dei heldt eit stort slag i Estland, og der fall Halvdan Kvite. Eirik vart uppfostra hjaa hersen Tora Roaldsson i Fjordane; honom elska kong Harald mest av sønine sine og vyrde han mest. Daa Eirik var 12 vetrar gamal, gav kong Harald han 5 langskip, og med deim fór han i viking; fyrst i Austerveg, og so sør um Danmark og Frisland[59] og Saksland, og var ute i 4 vetrar paa den ferdi. Etter dette siglde han vestetter og herja i Skotland og Bretland[60], Irland og Valland, og var der i 4 vetrar til. So for han nord i Finnmarki[61] og alt til Bjarmeland[62], og heldt eit stort slag der og vann. Daa han kom att til Finnmarki, so fann mennane hans i ei gamme ei gjente, so vakker at dei aldri hadde set maken. Ho sagde at ho heitte Gunnhild, og at far hennar budde paa Haalogaland, og han heitte Ossur Tote. «Eg hev vori her,» segjer ho, «og skulde læra aa trolla av tvo finnar, som er dei visaste her i Finnmarki; no er dei gjengne paa veiding, men baae tvo vil hava meg, og baae tvo er so vise, at dei rekkjer vegen som hundar baade paa berre marki og paa skaren; og paa ski gjeng dei so godt, at ingin-ting kan koma seg undan, korkje folk eller fe, og alt de som dei skyt paa, de raakar dei. Soleis hev dei gjort ende paa alle folk som hev komi her umkring, og naar dei vert sinna, so snur jordi seg um for augo deira, og kjem de noko livande fyri augo deira, so dett de daudt ned. No maa De ikkje for alt i verdi koma paa vegen deira, men eg skal gøyma dykk her i gamma, og so skal De freista, um me fær drepi deim.» Dei tok imot dette. og ho gøymde deim. Ho tok ein linsekk, som dei trudde de var oske i; ho tok ned i med handi og saadde de umkring baade inne i gamma og utanfor. Lite etter kom finnane heim. Dei spurde, kva som var komi der. Ho segjer at de var ikkje komi noko slag. Finnane totte dette var underlegt, daa dei hadde rakt vegen alt til gamma, og so ingin-ting fann. Daa gjorde dei upp ein eld og matstelte seg, og daa dei var mette, reider Gunnhild upp sengi si. Men so hadde de gjengi dei siste tri nætane, at Gunnhild hadde sovi, men den eine av finnane hadde vakt yvi den andre, av aabryskap. Daa sagde ho til finnane: «kom no hit og ligg kvar paa si side aat meg.» Dei vart glade for dette og gjorde de. Ho heldt ein arm um halsen paa kvar av deim. Dei sovna strakst; ho vekte deim, men dei braa-sovna att so hardt, at ho knapt kunde vekkja deim. Og dei sovna ein gong til, og daa kan ho slett ikkje faa deim vakne. Daa sét ho deim upp, og dei søv like radt. Ho tek daa tvo store sel-belgir og kastar yvi hovude paa deim og bind hardt til nedanfor armane. Daa vittar ho aat kongs-mennane; dei flyg fram og ber vaapn paa finnane og fær gjort av med deim og dreg deim so ut or gamma. Etterpaa um natti slo tora so øgjeleg, at dei ingin-stad kunde koma. Men um morgonen fór dei til skipe og hadde Gunnhild med seg og førde ho til Eirik. Dermed fór Eirik og mennane hans sør til Haalogaland. Han lét henta Ossur Tote til seg. Eirik segjer at han vil hava dotter hans. Ossur segjer ja til dette; og so fekk daa Eirik Gunnhild og hadde ho med seg sør i lande.


34. Daa kong Harald var 50 aar gamal, var mange av sønine hans vaksne og sume daude. Mange av deim var reint agelause innanlands og var uforlikte sjølve og; dei jaga jarlane til kongen av fraa eigedomen sin, og sume drap dei. Kong Harald lyste daa til eit stort ting sør i lande og baud dit upp lendingane. Daa gav han sønine sine kongsnamn og sette de i lovi, at alle etterkomarane hans skulde taka kongedøme etter far sin, men jarledøme dei som kom av ætti hans paa kvinnesida. Han skifte lande millom deim soleis: Vingulmark, Raumarike, Vestfold og Telemarki gav han aat Olav, Bjørn, Sigtrygg, Frode og Torgils. Men Heidmarki og Gudbrandsdalen gav han aat Dag og Ragnar. Sønine hennar Snæfrid gav han Ringerike, Hadaland og Toten, og de som høyrer til desse. Gutorm hadde han gjevi styringi yvi Raanrike fraa Elvi til Svinesund, og hadde sett han til aa verja lande aust ved landsenden, som fyrr er fortalt. Kong Harald sjølv var oftast i midlande. Rørek og Gudrød var mest i hirdi hjaa kongen og hadde store veitslur[63] i Hordaland og Sogn. Eirik var hjaa kong Harald, far sin; honom gav han Haalogaland og Nordmøre og Raumsdal. Nord i Trondheim gav han styringi til Halvdan Svarte og Halvdan Kvite og Sigrød. I kvart av desse fylki gav han sønine sine helvti av innkomune med seg og lov til aa sitja i høgsæte, eit stig høgre enn jarlane, men eit stig laagare enn han sjølv. Men kongs-sæte etla kvar av sønine hans aat seg sjølv etter han, men han sjølv etla de aat Eirik, men trøndine etla de aat Halvdan Svarte, men vikverjane og upplendingane unte rike best aat deim som styrde deim. Av dette vart de fæl uvenskap paa nytt lag millom brørane. Men av di dei totte dei hadde lite rike, fór dei i viking. Som de fyrr er fortalt, fall Gutorm i Elvekvisline for Solve Klove. Etter dette tok Olav de rike som han hadde havt. Halvdan Kvite fall i Estland; Halvdan Haalegg fall paa Orknøyane. Torgils og Frode gav kong Harald herskip, og dei fór i vesterviking og herja i Skotland og Bretland og Irland. Dei var dei fyrste nordmenn som tok Dublin. Dei fortèl at dei gav Frode banedrykk, men Torgils var lengi konge yvi Dublin og vart svikin av irane og fall der.[64]


35. Eirik Blodøks etla seg til aa vera yvikonge yvi alle brørane sine, og soleis vilde kong Harald og de skulde vera. Dei tvo var lengi ihop. Rognvald Rettilbeine hadde Hadaland; han lærde aa trolla og vart seidmann. Kong Harald lika ikkje seidmenn. I Hordaland var de ein seidmann som heitte Vitgeir; kongen sende bod til han og bad han halda upp med aa seida. Han svara og kvad:

De er 'kje mykje aa undrast,
at me seider,
born av bøndar
og bondekonur,
naar Rognvald seider,
Rettilbeine,
Haralds heiders-son
paa Hadaland.

Men daa kong Harald høyrde dette, so fór etter hans raad Eirik til Upplandi og kom til Hadaland og brende inne Rognvald, bror sin, med 80 seidmenn, og de verke vart mykje rosa. Gudrød Ljome var um vetteren paa vitjing hjaa Tjodolv i Kvine, fosterfar sin, og hadde ei skute med fullt mannskap og vilde fara nord til Rogaland. Daa sette de i med store stormar, men Gudrød hadde braahast med aa fara, og han lét ille um at han vart heft. Daa kvad Tjodolv:

Far 'kje fraa her, fyrr den flate
farveg[65] aat skipi jamnast.
Den store sjøen steinar
upp paa strandi, Gudrød, slengjer.
Dryg, vidgjetne konge,
til vere seg betre lagar.
Bi her til dess me fær bør;
no er brim og brot um Jaren.

Gudrød fór som han var meint paa, kva so Tjodolv sagde. Men daa dei kom ut for Jaren, sokk skipe under deim, og dei gjekk fyri de alle ihop.


36. Bjørn, son til kong Harald, raadde daa for Vestfold og sat oftast i Tunsberg og var ikkje mykje paa viking. Til Tunsberg søkte mange kaupskip, baade rundt umkring fraa Viki og nordantil lande og sunnantil fraa Danmark og Saksland. Kong Bjørn hadde kaupskip i fart paa andre land, og fekk seg ved dette eignalutir og andre ting som han totta han hadde bruk for. Brørane hans kalla han Bjørn farmann[66] eller kaupmann. Bjørn var ein klok og stillfærleg mann, og dei heldt han for aa vera godt laga til aa vera hovding. Han fekk eit godt og høvelegt gifte, og fekk ein son, som heitte Gudrød. Eirik Blodøks kom fraa Austerveg med herskip og mykje folk. Han bad Bjørn, bror sin, um at han maatte faa den skatt og skyld som kong Harald hadde rett til paa Vestfold; men fyrr hadde de vori skikk, at Bjørn sjølv førde skatten til kongen eller sende folk med han; soleis vilde han de skulde vera no og, og vilde ikkje ut med han. Men Eirik totte han turvte kost og tjeld og drikke. Brørane trætta og hadde eit stridt ordkast um dette; men Eirik fekk ingin-ting likevel, og fór ut or byen. Bjørn fór og ut or byen um kvelden og upp til Sæheim[67]. Eirik snudde attende og fór upp um natti til Sæheim etter Bjørn, og kom der nett daa dei sat i drykkjelag. Eirik kringsette huse, og Bjørn og mennane hans gjekk ut og slost; der fall Bjørn og mykje folk med han; Eirik tok mykje herfang der, og sidan fór han nord i lande. Dette verke lika vikverjane fælt ille, og dei var hatige paa Eirik der; de orde gjekk, at kong Olav vilde hemna Bjørn, bror sin, um de kunde laga seg so vel. Kong Bjørn ligg i Farmannshaugen[68] paa Sæheim.


37. Kong Eirik fór um vetteren nord til Møre og var i gjestebod i Selven[69] innanfor Agdenes. Men daa Halvdan Svarte spurde dette, so fór han til med ein her og kringsette huse. Eirik sov i ei stogu som laag for seg sjølv, og kom seg til skogs sjølv femte. Men Halvdan og mennane hans brende garden og alt folke som var inne. Eirik kom til kong Harald med denne tidendi. Kongen vart ovende harm for dette og samla ein her og fór imot trøndine. Men daa Halvdan Svarte spør de, byd han ut folk og skip, og fær ein oversleg stor her og lagde ut til Stad innanfor Torsbjørg. Kong Harald laag daa med heren sin ut-ved Reinsletta[70]; daa fór de sendebod millom deim. De var ein gjæv mann, som heitte Gutorm Sindre; han var i heren med Halvdan Svarte, men hadde fyrr vori med kong Harald, og han var ein kjær ven aat deim baai tvo. Gutorm var ein stor skald; han hadde dikta eit kvæde um kvar av deim. Dei hadde bodi han løn for de; men han vilde ikkje hava, men bad at dei skulde gjera ein ting som han bad um, og de hadde dei lova. Daa fór han til kong Harald og talde deim til godes og bad kvar av deim um de, at dei skulde gjera forlik. Kongane æra han so mykje, at dei forliktest, for de han bad um de. Mange andre gjæve menn hjelpte til med dette, og dei vart forlikte soleis, at Halvdan skulde faa hava heile de rike som han hadde havt fyrr, og so skulde han lata Eirik, bror sin, vera i fred. Etter denne segni dikta Jorunn Skaldmøy nokre vers i «Sendebit»:

Frett[71] hev eg, Halvdan fekk høyra
um Harald Haarfagre, far sin,
kor tregin[72] han var, og han totte
de teikna svart for han sjølv.


38. Ladejarlen Haakon Grjotgardsson hadde all styring i Trondheim, naar kong Harald var andre stadir i lande, og Haakon vart mest æra i Trøndelag av kongen. Etter Haakon var fallin, tok Sigurd, son hans, rike og vart jarl i Trondheim. Han hadde bustaden sin paa Lade. Hjaa honom vart tvo av sønine til kong Harald uppfødde, Halvdan Svarte og Sigrød, som fyrr hadde vori hjaa Haakon, far hans. Dei var mest jamgamle, Sigurd og sønine hans Harald. Sigurd jarl var gift med Bergljot, dotter til jarlen Tore Tegjande. Mor hennni var Aalov Aarbot, dotter til kong Harald Haarfagre. Sigurd jarl var den klokaste mannen som fanst. Daa kong Harald tok til aa eldast, so sat han tidt paa dei store gardane som han aatte i Hordaland paa Aalreksstad[73] eller paa Sæheim[74], paa Fitjar[75], eller paa Utstein[76] og paa Ogvaldsnes[77] paa Kormt. Daa kong Harald var innpaa 70 aar, fekk han ein son med ei gjente som heitte Tora Mosterstong, som var ætta fraa Moster[78]. Ho var av gode folk og var skyld med Horda-Kaare. De var ei storvaksi gjente og overlag vakker. Dei kalla ho for tenestgjenta aat kongen, av di at den gong var de mange, som laut tena kongen, som var av god ætt, baade karar og kvende. Den tid var de skikk med born til gjæve menn aa taka dei beste mennane til aa ausa vatn paa deim og gjeva deim namn. Daa de leid so langt, at Tora venta seg snart, vilde ho fara til kong Harald. Han var daa nord paa Sæheim, men ho var paa Moster. Ho fór daa nord-etter paa skipe hans Sigurd jarl. Dei laag ved land um natti; der fødde Tora eit barn uppe paa hella[79] ved bryggjesporden, og de var ein gut. Sigurd jarl auste vatn paa guten og kalla han Haakon etter far sin, Haakon Ladejarl. Guten vart tidleg vakker og stor paa vokster og lik far sin. Kong Harald lét guten fylgja mor si, og dei var paa kongsgardane, medan guten var ung.


39. Adalstein[80] heitte kongen i England paa den tid, og han hadde nyleg teki kongedøme; han vart kalla den sigersæle og den trufaste[81]. Han sende folk til Norig til kong Harald i ei sovori ærend, at sendemannen gjekk framfor kongen og flidde han eit sverd, med gullslegi hjalt[82] og handtak, og heile sliri var gullslegi og sylvslegi og innlagd med dyre steinar. Sendemannen heldt hjalte paa sverde imot kongen og sagde: «Her er eit sverd, som kong Adalstein sender deg og sagde at du skulde taka mot.» Kongen tok i handtake, og strakst sagde sendemannen: «No tok du mot de so som vaar konge vilde, og no skal du vera hans undermann, daa du tok mot sverde hans.» Kong Harald skyna daa, at dette var gjort paa spott, men han vilde ikkje vera undermann for nokon. Men likevel kom han i hug de, som han hadde for skikk, at kvar gong braa-sinne eller harm kom yvi han, so styrde han seg fyrst, og lét sinne ganga av seg, og tenkte paa tingen naar han vart god att. Han gjorde so no og, og bar dette fram for venine sine, og alle ihop. totte de var best, at dei for de fyrste skulde lata sendemennane fara heim i fred.


40. Sumaren etter sende kong Harald eit skip vest til England og fekk til styresmann Hauk Haabrok. Han var ei stor kjempe, og kongen var glad i han. Han gav han son sin, Haakon, med. Hauk fór vest til England til kong Adalstein og fann han i London; der var de lag og eit drustelegt gjestebod. Hauk segjer til mennane sine, daa dei kom til halli, korleis dei skal stella seg, naar dei gjeng inn, og segjer at den skal ganga sist ut, som fyrst gjeng inn, og alle skal standa jamt framanfor borde, og kvar av deim hava sverd ved den vinstre sida og festa kappa so, at dei ikkje ser sverde. Sidan gjeng dei inn i halli; dei var 30 mann. Hauk gjekk framfor kongen og helsa paa han. Kongen ynskjer han velkomin til. Daa tok Hauk guten og sette paa knee til kong Adalstein. Kongen ser paa guten og spør Hauk, kvi han fer soleis aat. Hauk svarar: «Kong Harald bad deg fostra barne til tenest-gjenta hans.» Kongen vart vond og tok til sverde, som var hjaa han, og drog de, nett som han vilde drepa guten. Hauk sagde: «Kne-sett hev du han no, og du kan slaa i hel honom, um du vil; men ikkje tyner du alle sønine til kong Harald med de.» Sidan gjekk Hauk ut, og alle mennane hans, og dei fór sin veg til skipe og sette til havs, daa dei var segl-budde, og kom att til Norig til kong Harald, og daa var han vel nøgd, for di folk segjer, at den er mindre mann, som fostrar annan manns barn. I slikt, som kongane hadde millom seg, kunde ein merka at kvar av deim vilde vera større enn hin, men likevel vart de ikkje gjort nokon skilnad paa æra deira for de. Kvar var yvikonge i sitt rike til sin døyande-dag.


41. Kong Adalstein lét døypa Haakon og læra han den rette trui og gode sedir og høveleg aatferd. Kong Adalstein elska honom meir enn alle frendane sine, og dess-forutan elska alle dei han, som kjende han. Han vart sidan kalla Haakon Adalsteinsfostre; han var ein stor itrottsmann og større og sterkare og vænare enn andre menn; han var klok og ordhittin og ein god kristin. Kong Adalstein gav Haakon eit sverd, som hjalte og handtake var av gull paa, men blade var endaa betre; med de hogg Haakon ein kvernstein radt til auga, og sidan vart de kalla Kvernbit. De er de beste sverde som er komi til Norig, og Haakon aatte de til sin døyande-dag.


42. Daa kong Harald var 80 aar gamal, vart han so tungfør, at han totte ikkje han kunde fara umkring i lande eller stella med kongelege sakir. Daa leidde han Eirik, son sin, til høgsæte sitt, og gav han magti yvi heile lande. Men daa hine sønine til kong Harald spurde dette, sette Halvdan Svarte seg i de kongelege høgsæte og tok heile Trondheim og raadde for. I dette tiltake fekk han medhelde av alle trøndine. Daa kong Bjørn farmann var fallin, tok Olav, bror hans, magti yvi Vestfold, og tok Gudrød, son hans Bjørn, til fostring. Son hans Olav heitte Trygve, og han og Gudrød var fosterbrørar og mest jamgamle, og baae tvo emnelege og hæve gutar. Trygve var større og sterkare enn alle andre. Men daa vikverjane spurde at hordane hadde teki Eirik til yvikonge, tok dei Olav til yvikonge i Viki, og de rike fekk han hava. Dette mislika Eirik storleg. Tvo aar etter braa-døydde Halvdan Svarte inn-i Trondheim i eit gjestebod, og folk sagde de, at Gunnhild kongemor hadde kaupt ei trollkjering til aa gjeva han banedrykk. Etter dette tok trøndine Sigrød til konge.


43. Kong Harald livde 3 aar etter han hadde gjevi Eirik einvald yvi rike sitt; han var daa i Rogaland eller i Hordaland, paa dei storgardane som han aatte. Eirik og Gunnhild hadde ein son, som kong Harald auste vatn paa og gav namne sitt, og han sagde de, at han skulde vera konge etter Eirik, far sin. Kong Harald gifte dei fleste av døtrane sine innanlands med jarlane sine, og fraa deim hev de komi store ættir. Kong Harald sottdøydde i Rogaland, og han er hauglagd paa Haugar ved Karmtsund. Ved Haugesunde stend de ei kyrkje[83] og ved sjølve kyrkjegarden i nordvest er haugen til kong Harald Haarfagre. Men vestan kyrkja ligg gravsteinen til kong Harald, som laag yvi gravi hans i haugen. Steinen er halvfjortande fot lang og innpaa 2 alnir breid. Midt i haugen var gravi aat kong Harald; der var de sett ein stein ved hovude hans og ein ved føtane, og hella vart lagd ovanpaa der, men utankring og under paa baae sidur var de fyllt paa med stein. Desse steinane, som daa var i haugen, og som de no er fortalt um, stend no der paa kyrkjegarden. De segjer lærde menn, at Harald Haarfagre hev vori den vænaste mannen nokon kunde sjaa, og den største og sterkaste, og raust paa handi og oversleg elska av mennane sine. Han var ein stor hermann i fyrstningi, og folk legg de soleis ut no, at de store tree, som mor hans drøymde ho saag, fyrr han vart fødd, og som nedste luten var blodende raud paa, men leggen uppetter fager og grøn, at de var eit fyribod paa de blømande rike hans; men at tree ovantil var kvitt, de var eit merke paa at han skulde verta gamal og graa. Kvistine og greinine paa tree varsla um avkjøme hans, som breidde seg ut yvi heile lande, og av hans ætt hev kongane i Norig vori fødde sidan.


44. Kong Eirik tok alle dei innkomune, som kongen hadde i midlande, den næste vetteren etter kong Harald hadde slokna, men Olav aust i Viki, og Sigrød, bror deira, hadde alt i Trøndelag. Eirik var ille nøgd med dette, og de orde gjekk, at han vilde freista paa med de vonde med brørane sine, um han kunde faa einvald yvi heile lande, so som far hans hadde gjevi han. Men daa Olav og Sigrød spurde dette, fór de sendemenn millom deim, og so sette dei stemnelag med kvarandre, og um vaaren fór Sigrød aust til Viki, og han og Olav møttest i Tunsberg og var der ei stund. Same vaaren baud Eirik ut ein stor her og skip og styrde aust til Viki. Kong Eirik fekk so strjukande bør, at han siglde dag og natt, og de gjekk ikkje nokor tidend fyri han. Daa han kom til Tunsberg, gjekk Olav og Sigrød med heren sin aust ut or byen paa bakken[84] og fylkte der. Eirik hadde mykje meir folk og vann. Men Olav og Sigrød fall baae tvo, og haugane deira er der paa bakken, der dei laag fallne. Dermed fór kong Eirik umkring i Viki og lagde under seg og gav seg lengi til der um sumaren. Trygve og Gudrød flydde daa til Upplandi. Eirik var ein stor og væn mann, sterk og manneleg, ein stor hermann og sigersæl, men braalynd, hardhjarta, morsk og faamælt. Gunnhild, kona hans, var ei utifraa fager kvinne, klok og kunnug i mangt og mykje, og gladmælt, men innful og hardhjarta. Borni til Eirik og Gunnhild heitte: Gamle, som var eldst, Gutorm, Harald, Ragnfrød, Ragnhild, Erling, Gudrød og Sigurd Sleva. Alle borni hans Eirik var væne og emnelege.


Notar:

  1. Hakadalr, Hakedalen, sokn i Nittedalen herad (Nedalen) paa nedre Romerike.
  2. Ringsaker herad paa nørdre Heidmarki.
  3. Hörðaland er Nordhordland og Sunnhordland i Bergens stift.
  4. Bygdi er Uppdal paa nordsida av Dovrefjell.
  5. Odel (odal) vilde segja heil og fri (avgiftsfri) eigedomsrett til jordi.
  6. þrándheimr er dei 8 fylke: 1) Eynafylki (Innerøyi og Beitstaden), 2) Sparbyggjafylki (Sparbu, Sto og Snaasi), 3) Verdœlafylki (Verdalen), 4) Skeynafylki (Skogn, Ytterøyi og Mosviki), 5) Stjórdœlafylki (Stjørdalen og Meraak, Selbu, Tydalen og Klæbu), 6) Strindafylki (Strindi, Frosta, Aasen, Leksviki), 7) Gauldœlafylki (Melhus, Høylande, Støren, Holtaalen), 8) Orkdœlafylki (Orkedalen, Meldalen, Uppdal, Bynese, Børsen). Dei som budde i dei fire fyrste fylki, vart kalla inn-trøndir, dei andre ut-trøndir.
  7. Yrjar er Ørlande attved Trondheimsfjorden ytst ute, paa Fosni, som fyrr var rekna til Nordmøre.
  8. Naumudalr er Namdalen, som ikkje vart rekna med til de gamle Trondheim.
  9. Garden Lade (gmln. Laðir eller Hlaðir) ligg paa landodden nordaust for byen Trondhjem; mest kjend av Lade-jarlane, som budde der sidan.
  10. Uppdalsskogen er aasryggen millom Uppdal og Rennebu øvst i Orkedalen.
  11. Nordmøre.
  12. Sólskjel er ei liti øy i den ytre Trondheims-leidi, innanfor Smølen (Smøl’a) og Edøy.
  13. Skjoldberar og slike umskrivingar er ofte brukt i skaldekvadi til aa segja de same som stridsmann, hovding eller konge. Her kong Harald.
  14. Fjordane eller Firdafylke er de same som Sunnfjord og Nordfjord (millom Sogn og Sunnmøre).
  15. Eið er eide innanfor Stad, anten Mannseide eller Birkedalseide lenger inne.
  16. Naustdal her visstnok Naustdal i Eids prestegjeld i Nordfjord, ikkje N. i Fyrde (Sunnfjord).
  17. Berð1a, som Berdla-Kaare var fraa, heiter no Berle, paa Bremangerlande i Nordfjord.
  18. Stavenes-vaag, no Stongfjord, sunnanfor Stavenes, de ytste nese paa sudsida av Fyrdefjorden.
  19. Fjalir er den sudvestre luten av Firdafylke, ikring Dalsfjorden og Gaular.
  20. Atløy eller Atleøyi ligg sudvest for Stavenes i Askvoll prestegjeld.
  21. Hild er ei av valkyrjune.
  22. D.e. Raanrike millom Svinesund og Gøtaelvi (Baahuslen).
  23. Leiken hans Frøy er strid.
  24. Ylving, her-hovding og slikt (vil upphavleg segja: ein av ulve-ætt).
  25. Klang, sus.
  26. Susa, surra.
  27. Staðr, Staden, Stadslande, er den ytste landskagen paa grensa millom Nordfjord og Sunnmøre.
  28. Jaðarr, «Jæderen» lyder no Jæren; orde tyder d. s. s. kant, rand.
  29. Hafrsfjörðr, no Havfjorden paa nordvest-sida av Jaren.
  30. Drakehovud, eller slikt, paa stamnen.
  31. Gravne platur er utskorne platur (tingl) innlagde med sylv, som dei sette framme paa skipe til stas.
  32. Spjot fraa England, Skotland og Irland og øyane umkring der (vestrlönd).
  33. Sverd fraa Valland, den nørdre luten av Frankrike.
  34. Ulvhednar er kjempur i ulvefeld, liksom berserkar er kjempur i bjørnefeld.
  35. Av glymja, klinga, ljoma.
  36. Ein gard som Harald aatte paa øyi Utstein i Ryfylke.
  37. «Tjukt haar», namne paa Harald den tid han gjekk med uklipt og ukjembt haar.
  38. Kong Kjøtve, som flydde ut paa ein holme.
  39. Sæti, toftune.
  40. For var (fleirtals-form), liksom slogost for slost.
  41. Hjaltland er Shetlandsøyane, Suðreyar er «Hebriderne», vestenfor Skotland.
  42. Holmrygske er dei som bur paa øyane i Rogaland, i Stavangerfjorden.
  43. =: fraa Haalogaland, av di Haalogaland skulde ha fengi namn etter den fyrste kongen der, Holge eller Haaloge.
  44. Med midlande er her og seinare meint lande vestanfjells, de som sidan var Gulatings-lag.
  45. Olav Kvite var ein norsk konge i Dublin fraa 853 til 871. Etter irske skriftir heitte son hans Øystein (ikkje Torstein) og vann seg eit rike i Skotland 874, men vart drepin 875.
  46. Katanes (skotsk Caithness) er nørdste luten av Skotland.
  47. Suðrland (Sutherland) i vest og sud for Katanes. (Namne er gamalnorsk og tyder «sudlande»). Ekkjalsbakki er elvebakken ved ei aa som no heiter Oikill, som skil millom Sutherland og Ross.
  48. Gange-Rolv (etter Rolv Nevja).
  49. Valland er Frankrike, helst nørdre luten.
  50. Garden Tofte i Dovre sokn i Gudbrandsdalen.
  51. Den som gjer aaringen god.
  52. Rinansøy, no North-Ronaldsey, lengst nordaust av Orknøyane.
  53. Rolv og Rollaug er brørane hans, som ikkje var med i slage.
  54. Daa Rognvald hadde 4 sønir, hadde dei ein fjordepart aa hemna kvar av deim.
  55. Nornine er gudinnur som raader for lagnaden.
  56. Halvdan Haalegg (=: høglegg).
  57. Katanes, nørdst i Skotland.
  58. Elfarkvislir kalla dei elve-gape til Gøtaelvi, som kløyver seg i fleire greinir eller kvislir.
  59. Frisland laag langs sjøen fraa Flandern (Flæmingjaland) til Jylland; sume tidir vart ikkje Holland rekna med.
  60. Bretland er Wales og vestre England, der dei gamle britar (bretar) budde.
  61. Finnmörk var mykje større i den tidi enn no. Eit stort stykke av de nordvestre Sverige høyrde med, og dei norske kongane hadde rett til aa krevja skatt alt til Kvitehave (Gandvik).
  62. Bjarmaland var landi ikring Kvitehave, mest paa vestsida, der aust-karelane budde, og ved Dvina-osen.
  63. Veitsle tyder her: lén.
  64. Torgils, som Snorre, med urett, gjer til son aat kong Harald, var ein norsk konge, som ikring 832 lagde under seg ein stor lut av Irland, ogso Dublin, og vart drepin med svik 845. Nokon bror aat honom, med namn Frode, er ikkje nemnd i irske skriftir.
  65. Sjøen.
  66. Farmann v. s. sjømann eller skippar.
  67. Garden Sæheim, seinare Sem, no Jarlsberg.
  68. Farmannshaugen ligg paa sletta ei 400 meter sud for Jarlsberg, ned mot Tunsbergfjorden.
  69. Sölvi, Selven, paa Ørlande, 5 kilometer innanfor Agðanes (Nes) paa sudsida aat Trondheimsfjorden.
  70. Reinsletta (i Rissa, «Rissen»), Stad (i Stadsbygdi) og Torsbjørg (no Torhaug, i Stadsbygdi) paa nordsida aat Trondheimsfjorden, alle paa Fosni (fyrr rekna til Nordmøre).
  71. Av fretta, spyrja, faa vita.
  72. Full av trege, harm.
  73. Álreksstaðir, Aarstad, tett ved Bergen, innved fjelle Ulrikken.
  74. Sæheimr er Seim i Nordhordland, Alversund herad, paa nordsida aat Osterfjorden.
  75. Fitjar er Fitje paa øyi Stord i Sunnhordland.
  76. Utstein paa øyi av same namn i Mosterøy herad, Ryfylke.
  77. Ogvaldsnes er Avaldsnes paa nordaust-sida av Kormt, «Karmøen».
  78. Mostr er ei øy synst i Sunnhordland.
  79. No Helleren ved Vatlestraumen sudvest for Bergen.
  80. Adalstein (gmleng. Eðelstán) var konge i England fraa 924 til 940.
  81. D. e. fast i trui (den kristne).
  82. Parérplata framan-til handtake paa sverde; stundom ogso um knappen attantil.
  83. Kyrkja paa kongsgarden Haugar eller Gar («garden»), som den fraa-skilde luten av Haugar heiter, var nedlagd i 16de hundradaare, men tufti er der Haraldsstytta stend no (reist 1872), og der er no «hella» innlagd. De uppgjevne maale paa den er 3.54 m. lengd og 1.25 m. breidd.
  84. Bakken, no Møllebakken i øystre luten av Tunsberg.