Voluspå

Fra heimskringla.no
Gå til: navigasjon, søk
Heimskringla takker alle som har støttet prosjektet i 2014. Vi ønsker dere alle en god jul og godt nytt år! Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif Faeroysk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif
Dansk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Voluspå


1.
Um ljod bed eg alle
helga lydar,
store og småe
søner åt Heimdall.
Det vil du, Valfader,
at vel eg fortel
frå fyrndeheim
det som fyrst eg minnest.

2.
Jotnar eg minnest
i upphav borne,
dei som fordom
meg fostra hadde.
Nie heimar,
nie innvere,
heilagt stortre,
fyrr det spratt or mold.

3.
Årle i old
var det Yme bygde;
Korkje sand eller sjø
eller svale bylgjur;
jord var ikkje,
upphimmel ikkje;
var Ginnunga-gap,
men gras var ikkje,

4.
Fyrr Burs søner baud
bøar seg lyfte,
dei som Midgard
mætan skapte.
Sol skein sunnan
på steinar i sal,
då grodde grunnen
med grønan lauk.

5.
Sol kom sunnan,
syster åt månen,
slo høgre handi
um himmelhestar.
Sol ikkje visste
kvar salar ho åtte,
Måne ei visste
kvar makt han åtte,
(stjernur ei visste,
kvar stader dei åtte).

6.
Tivar alle
på tingstolar gjekk,
dei høgheilage
heldo rådlag:
natt og near
namn dei gåvo,
morgon likeins
og middags-leite,
undorn og aftan,
til år å rekne.

7.
Hittast æser
på Idavollen,
og horg og hov
høgt dei timbra.
Dei avlar lagde
og eigner smidde,
dei tenger laga
og tòlar gjorde.

8.
Med tavl på tunet
dei trøydde seg glade
- var deim visst ikkje
vant på gull -
til tri der kom
tusse-møyar
med avle og age
frå Jotunheimen.

9.
Tivar alle
på tingstolar gjekk,
dei høgheilage
heldo rådlag:
kven skal drosen
av dvergar skapa
or Brime sitt blod
og hans blåe leggjer.

10.
Vart Modsogne skapt,
mætast var han
av dvergar alle,
men Durin dernest.
Dei manna-skjepnur
mange gjorde,
dvergan', or jordi,
som Durin det sagde.

11.
Nye, Nide,
Nordre, Sudre,
Austre, Vestre,
Altjov, Dvalin,
Nå og Nåin,
Nipung, Dåin,
Bivur, Bavur,
Bombur, Nore,
Ån og Ånar,
O-in, Mjødvitne.

12.
Vegg og Gandålv,
Vindålv, Torin,
Trå og Tråin,
Tekk, Lit og Vit,
Ny og Nyråd,
no hev eg dvergar -
Regin og Rådsvinn -
retteleg nemnt.

13.
File, Kile,
Fundin, Nåle,
Hepte, Vile,
Hanar, Sviur,
Billing, Brune,
Bild og Bure,
Frå, Hornbore,
Fræg og Lone,
Aurvang, Jare,
Eikinskjalde.

14.
D'er tid til dvergar
i Dvalins fylgje
for manna-lyden
til Lovar å telja.
Frå Sals steinar
ut dei sette
millom Aurvang-stader
og Joruvollar.

15.
Der var Draupne
og Dolgtrase,
Hå, Haugspore,
Levang, Gloin,
Dore, Ore,
Duv, Andvare,
Skirve, Virve,
Skavid, Åe.

16.
Ålv og Yngve,
Eikinskjalde,
Fjalar og Froste,
Finn og Ginnar;
kjent skal vera,
med folk er i verdi,
langfedrar alle
i Lovars ætti.

17.
Til tri der kom
av tjodi denne
høge og hæve
æser til husar.
Fann dei på land
lite maktande
Ask og Embla
utan lagnad.

18.
Dei åtte 'kje ande
eller åthug hadde,
korkje let eller lag
eller livsens varme.
Ande gav Odin,
åthug Høne,
let fager Lodur
og livsens varme.

19.
Ask veit eg stande,
heiter Yggdrasil,
høgt tre, vatna
med kvitande våg.
Derfrå kjem dogg
som i dalane fell.
Stend alltid han grøn
yver Urdar-brunnen.

20.
Derfrå kjem møyar
mangt vitande
tri frå den sal,
under treet stend.
Urd het den eine,
den andre Verdande,
dei runeskidur skar,
Skuld den tridje.
Dei lov lagde,
dei liv kåra,
for manna-lyden
dei lagnad segjer.

21.
I aust sat gamle
jarn-gygri
og fødde der
Fenres ungar.
Ein vert umfram
av alle desse
solar-tjuven
i trolle-ham.

22.
Matar seg mett
på manna-lik,
um gude-gardar
gøyser han blod.
Svart vert solskin
sumrane etter,
vèret vålyndt.
Vita de enn eller kva?

23.
Ho folkstrid i heimen
den fyrste minnest,
då dei Gullveig
med geirom støytte,
og i Hårs hall
dei henne brende.
Dei tri gong brende
den tri gong borne.
(ofte, ei sjeldan,
då enn ho lever).

24.
Dei Heid ho kalla,
der til husar ho kom,
spåvise volva.
Vakte ho gandar,
med seid fór ho stødt,
seida med ihug,
uneleg alltid
for illkyndt kvende.

25.
Tivar alle
på tingstolar gjekk,
dei høgheilage
heldo rådlag:
kvåre skal æser
av-låt gjeva
eller offer alle
gudar eige?

26.
Spjut heiv Odin
og skaut i flokken,
det var folkstrid
den fyrste i heimen.
Broten vart bordvegg
i Åsa-borgi,
vaner på opne
vollar sprungo.

27.
Tivar alle
på tingstolar gjekk,
dei høgheilage
heldo rådlag:
kven hadde lufti
med løynsvik blanda
eller jotun-ætti
Ods møy gjevi?

28.
Einast Tor der tok i,
tròten av harm;
han sjeldan sit
når slikt han fretter.
Upp gjekk eidar,
ord og lovnad,
sætter alle
som sannfeste var.

29.
Veit ho Odins
auga er løynt
i den mæte
Mimes brunnen.
Mjød drikk Mime
morgon kvar ein
av Valfaders pant.
Vita de enn eller kva?

30.
Veit ho løynd er
Heimdalls ljod
under heilage
heidra treet.
Yver vert sprøytt
stride fossar
av Valfaders pant.
Vita de enn eller kva?

31.
Ho einsam sat ute
då Ygg der kom,
åsa-gubben,
og i augo henne såg:
«Kva mun du meg frega,
kvi freistar du meg?
Alt veit eg, Odin,
kvar du auga løynde.»

32.
Gav henne Herfader
haugar av gull,
ringar, fé[-muner,
at ho frøde segje]
og løyndomar
i ljoset bere.
Såg ho høgt og lågt
i heimar alle.

33.
Såg ho valkyrjur
vidan komne,
greidde te ride
åt gude-tjodi.
Skuld ho heldt skjold,
Skogul var med.
Gunn, Hild, Gondul
og Geirskogul.

34.
Eg såg for Balder,
bjarte guden,
Odins sonen,
orloga løynd.
Var han vaksen
høgt yver voll,
mjuke, fagre
mistel-teinen.

35.
Vart av teinen,
som tottest so grann,
skadeskot stygt,
Hòd han skaut.
Men Frigg ho grét
i Fensalom
yver våden i Valhall.
Vita de enn eller kva?

36.
Då mun Våle
vå-bandi snu,
heller hardgjort
var hapt av tarmar.

37.
Såg ho bunden kulten
i kjelde-lunden,
sviplik sviklyndte
Loke-sellen.
Sit der Sigyn;
men storleg glede
ho visst ikkje hev.
Vita de enn eller kva?

38 (H. 31).
Garm han gøyr
fyre Gnipa-heller,
festet slitnar,
og Freke han renn.
Fram ser eg lenger,
fulla kann eg tala
um ragnarok,
ramt for sigtivar.

39 (H. 32).
Sat der på haugen
og slo på harpa
gygre-hyrding,
glade Egde.
Gol um honom
i gagle-skogen
fager raud hane,
som Fjalar heiter.

40 (H. 33).
Gól yver æser
Gullinkambe,
som hjå Herfader
heren vekkjer.
Ein annan gjel
i jordi nede,
sótraud hane,
i salom åt Hel.

41 (H. 34).
Sal ser ho stande
frå soli vend
på Nå-strandi,
mot nord snur døri.
Fell eiter-dropar
inn um ljoren,
kring salen slengjer seg
orme-spordar.

42.
Å fell austan
um eiterdalar,
full av saks og sverd,
Slid heiter ho.

(H. 35).
Ser ho der vada
i straumar tunge
menn meinsvorne
og mordvargar
og den som maktstel
annars møy.
Der saug Nidhogg
nåekroppar,
varg sleit i lik.
Vita de enn eller kva?

43 (R. 37).
Stod det i nord
på Nidavollar
ein sal av gull
for Sindre-ætti.
Ein annan stod
på Ukolne,
jotuns bjorsal,
han som Brime heiter.
Garm gøyr høgt
fyre Gnipa-heller,
festet slitnar,
og Freke han renn.

44 (H. 37-38).
Hardt er i heimen,
hordom kaldleg,
øks-old, sverd-old,
skjoldar klovna,
vind-old, varg-old,
fyrr verdi stuper,
grunnen gjallar,
gygrar fljugande.

45 (H. 37-38).
Brødrar kvarandre
banesår gjev,
systrungar dei
skyldskap spiller.
(Frendskaps-bandi
er brostne alle.)
Mun ingen mann
sin målsven spara.

46 (H. 39).
Mims søner spelar seg,
men øgjes-slåtten
gjeng på giddande
gjallar-hornet.
Høgt blæs Heimdall,
set horn til vêrs.
Mæler Odin
med Mims hovud.

47 (H. 40).
Skjelv Yggdrasils
ask standande,
ym aldrugt tre.
Men jotun losnar.
Hustrar alle
på hel-vegjer,
fyrr enn Surts
skylding det gløyper.

48.
Koss er med åsom,
koss er med alvom?
Gnyr Jotunheim all,
æser er på tinge;
dvergane styn
fyre steindørom,
veggbergs vise menn.
Vita de enn eller kva?
Garm gøyr høgt
fyre Gnipa-heller,
festet slitnar,
og Freke han renn.

49 (H. 43).
Rym èk austan
med upplyft skjold,
Jormun-gand snur seg
i jotun-sinne.
Orm skjek kvirvlar,
men ørni klikkar,
slit i nå-ar;
Naglfar losnar.

50 (H. 44).
Skip fer austan,
skrida mun Muspells
lydar på hav,
men Loke styrer.
Heile fylgjet
etter Freke sleng.
Med deim er bror
til Byleist i lag.

51 (H. 45).
Surt fer sunnan
med svidande eld,
det skin av sverdet
so soli bleiknar.
Grjotbergi gnett,
gygrane skvett,
menn på helveg hastar,
himmelen klovnar.

52 (H. 46).
Atter sorgi
sår fær Lin
då Odin fer av
skal ulv vega
- og Beles bjarte
bane mot Surt;
der mun Friggs ven,
den kjære falle.

53 (H. 47).
Garm gøyr høgt
fyre Gnipa-heller,
festet slitnar,
og Freke han renn.

54.
Då kjem den store
Sigfaders son,
Vidar vega
skal valdyret.
I Kvedrungs sonen
sverdet han høgg
heilt til hjarta,
og hemnd er faren.

55.
Kjem den storfræge
son åt Lodyn,
Odins sonen,
vil ormen vega.
Han legg til med makt,
Midgards verjar.
Og frå heimane
folki rømer.

56.
Det gøyser eitr
og gneistar sprutar
or gapande munnen
på Midgards-ormen.
Gjeng fet nie
Fjorgyn-sonen,
gruv, frå globeitte
glyme-beistet.

57.
Sol mun svartne,
sig jord i hav,
av himmelen kverv
klåre stjernur.
Eimen gøyser,
og elden sleikjer.
Logar leikar
lukt til himmels.

58.
Garm gøyr høgt
fyre Gnipa-heller,
festet slitnar,
og Freke han renn.

59.
Ser ho upp koma
andre gongen
jord or havet
atter grønklædd.
Fossane fell,
flyg ørn yver,
ho som på fjell
fisken veider.

60.
Hittast æser
på Idavollen,
um leide lindorm
dei lenge talar,
legg seg på minne
lagnads-burdar
og Fimbul-tys
forne runer.

61.
Då mun atter
undersame
tavlur av gull
i graset finnast,
som dei åtte
i upphavs-tidi.

62.
Då mun åkrar
usådde vekse.
Ilt mun batne,
Balder han kjem.
Hòd og Balder
bur på tufti
i valtiva-ve.
Vita de enn eller kva?

63.
Tun-tre Høne
trygg kann velja,
og brødre-søner
byggje saman
i Vindheim vidan.
Vita de enn eller kva?

64.
Sal ser ho stande
fagrar' enn sol,
med gull er han takt,
på Gim-lé.
Trivst der tyde
trugne lydar,
mun i alder og æve
ynde njote.

65.
Då den store
stig på domstolen,
han frå det høge,
som heimen styrer.
Han saker sætter
og domar sèt,
sèt vé som alltid
vara skal.

66.
Kjem den dimme
draken fljugande,
fråne-orm, nedan
frå Nida-fjelli.
Ber lik i fjørom,
flyg yver voll
Nidhogg nåbleik.
No mun ho søkke.


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.