Det store kvadet om Sigurd
Hopp til navigering
Hopp til søk
Den eldre Edda
Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |
---|---|---|---|---|---|---|
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► | ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
||
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|||
![]() |
![]() |
![]() |
||||
![]() |
![]() |
|||||
![]() |
![]() |
|||||
![]() |
![]() |
På nynorsk ved
Jackson Crawford
© 2016
Hogne sa:
- 1. "Har Sigurd svikta deg så,
- at den djarve krigaren
- lyt betala
- med sitt liv?"
Gunnar sa:
- 2. "Sigurd svor
- eidar til meg,
- dei var alle
- forfalska;
- han braut dei
- då han burde ha
- halde dei best;
- æra hans er tom."
Hogne sa:
- 3. "Det er Brynhild,
- den hatefulle kvinna,
- som eggja deg til drapet,
- til å valda harm.
- Ho hatar at Gudrun
- er gift med Sigurd,
- og ho elskar ikkje
- deg sjølv fullgodt."
- 4. Dei steikte ulvekjøt,
- dei hogg opp ormekjøt,
- dei gav Gottorm
- ulvekjøt å eta.
- På denne måten
- fekk dei han til å
- tyrsta etter blod;
- til å våga drepa Sigurd.
- 5. Gudrun, dotter
- hans Gjuke, stod ute;
- dei fyrste orda ho sa,
- då ho såg dei, var:
- "Kvar er Sigurd?
- Kvar er kongen min,
- som reid ut framfor dykk,
- mine brør?"
- 6. Det var Hogne åleine
- som våga svara henne:
- "Me hogg Sigurd ned;
- den gråe hesten hans
- står enno og hengjer
- hovudet over liket."
- 7. Då sa Brynhild,
- dotter hans Budle:
- "No skal ingen røva
- våpena dykkar eller rika.
- Sigurd ville teke
- alt for seg sjølv,
- om de hadde tillate
- han å leva lenger.
- 8. "De var ikkje kloke,
- om de tillét han å leva
- og halda arven etter Gjuke
- eller rå gotiske menn.
- For Gjuke er faren
- til fem søner sjølv,
- striddjerve menn
- som vil arva."
- 9. Brynhild lo —
- ein gong,
- med heile hjarta —
- alle veggene skalv.
- "De brør vil no nyta
- liva dykkar og landa
- lenge, no som Sigurd
- er hoggen ned."
- 10. Men Gudrun,
- dotter hans Gjuke, sa:
- "Du seier for mange
- hatefulle ord, Brynhild.
- Ulukke ventar på
- drapsmannen, Gunnar —
- Sigurd sitt djerve hjarta
- skal verta hemnt."
- 11. Sigurd fall
- sør for Rhinen,
- ein ramn sat i trea
- og ropa med høg røyst:
- "Sverda hans Attila
- skal raudna i blodet dykkar,
- og dei eidane de braut
- skal bryta sjølve krafta dykkar."
- 12. Seint på kvelden,
- alle hadde drukke,
- og folk hadde snakka
- om kvar hending.
- Dei la seg på senger,
- og alle sov.
- 13. Gunnar åleine
- blei andvaken.
- Foten rørde seg rolaust,
- hugen vandra vonlaust,
- denne krigaren
- hugsa det som fuglane,
- ein ramn og ein ørn,
- sa der dei sat i treet,
- då Gunnar og Hogne
- reid heim frå drapet.
- 14. Brynhild,
- dotter hans Budle,
- vakna tidleg
- førr en sola kom, og sa:
- "Angrar eg meg?
- Gleder eg meg?
- Det verste er fullført,
- eg får tala eller teia."
- 15. Alle var tagale
- då dei høyrde henne,
- men det var fåe
- som fekk høyra
- då hø gret og sa meir
- om det ho baud Gunnar
- og brørne hans gjera
- medan ho lo:
- 16. "Gunnar, høyr:
- eg fekk mareri om natta.
- Det var svalt i salen
- og senga mi var kald,
- og du, krigar, var trist
- og du reid — du vart
- bunden med reip —
- til uvenene dine.
- De trulause brør
- av Nivlungeætt,
- altså skal de mista
- all dykkar kraft.
- 17. "Hugsar du ikkje,
- Gunnar, då du og Hogne
- både blanda blodet dykkar
- i eit spor med Sigurd?
- De har halde ilt
- det som de svor,
- då han gladde seg
- å lata deg vera fyrsten.
- 18. "Eg stadfesta
- godlynnet hans
- då den djerve krigaren
- kom til å be om meg for deg.
- Eg veit korleis
- den unge kongen
- helt det løftet
- som han gav deg.
- 19. "Storarta Sigurd
- sette sverdet sitt,
- det gylne våpenet,
- mellom han og meg.
- Dei kvasse eggene
- var herde i eld,
- og gift var smurd
- på det vidkjende stålet.
Om døden hans Sigurd.
Dette kvadet fortel at Sigurd vart myrda, og her seier det at dei drap han utandørs. Men andre seier at dei drap han i senga, og tyske menn seier at dei drap han i skogen, og i Den andre Gudrun-kvadet seier det at Sigurd hadde ride til eit folketing med Gjuke sine søner då dei drap han. Men alle er samde i at Gjuke sine søner sveik han, og at Sigurd vart myrda saklaus og utan åtvaring.